Historisk arkiv

Sylfest Lomheim direktør ved nytt kompetansesenter for norsk språk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Bondevik II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Kultur- og kyrkjedepartementet har tilsett Sylfest Lomheim som direktør for ein ny institusjon som skal avløysa Norsk språkråd. Institusjonen er førebels omtala som eit kompetansesenter for norsk språk. (21.08.03)

Pressemelding

Nr.: 64/03
Dato: 21.08.03
Ekspedisjonssjef Kjell Myhren, tlf. 22 24 80 00

Sylfest Lomheim direktør ved nytt kompetansesenter for norsk språk

Kultur- og kyrkjedepartementet har tilsett Sylfest Lomheim som direktør for ein ny institusjon som skal avløysa Norsk språkråd. Institusjonen er førebels omtala som eit kompetansesenter for norsk språk.

Sylfest Lomheim er fødd i 1945. Han er utdanna filolog ved Universitetet i Oslo med norsk som hovudfag. Han er tilsett ved Høgskolen i Agder, der han har omsetjingsteori og omsetjingsutdanning som spesialområde.

Dei siste tjue åra har han hatt fleire fagleg-administrative og politiske verv, mellom anna som rektor ved distriktshøgskolen i Kristiansand frå 1987 til 1992.

Sylfest Lomheim har i mange år vore knytt til NRK, både som språkkonsulent og programmedarbeidar, og er mellom anna kjend frå programmet Språkteigen. Han har publisert fleire bøker og artiklar om språklege og språkpolitiske spørsmål.

Den nye institusjonen som Lomheim blir leiar for, skal etablerast gjennom omdanning av Norsk språkråd. Lomheim byrjar i stillinga 1. januar 2004, men vil alt frå i haust delta i det vidare arbeidet med å greia ut korleis den nye institusjonen skal innrettast. Departementet vil koma tilbake til Stortinget med dette i løpet av 2004. Inntil den nye institusjonen er formelt etablert, vil direktøren vera leiar for sekretariatet i Norsk språkråd.