Kraftig auke i løyvinga til nasjonale kulturbygg
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet
Pressemelding | Nr: 150/07 | Dato: 05.10.2007
I statsbudsjettet for 2008 gjer Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om 69,7 millionar kroner til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 15,2 millionar kroner samanlikna med løyvinga for 2007.
I statsbudsjettet for 2008 gjer Kultur- og kyrkjedepartementet framlegg om 69,7 millionar kroner til nasjonale kulturbygg. Dette er ein auke på 15,2 millionar kroner samanlikna med løyvinga for 2007.
Dette er ein kraftig auke sidan 2006. I det siste budsjettframlegget frå regjeringa Bondevik var det berre sett av 4,3 millionar kroner til nasjonale kulturbygg.
Løyvinga gjeld følgjande prosjekt:
Institusjon |
Prosjekt/tiltak |
Tilskot i mill. kroner i 2008 |
Østsamisk museum |
nytt museumsbygg |
9,7 |
Bergen Kunstmuseum |
ombygging til museumslokale |
10,0 |
Norsk Industriarbeidermuseum |
utviding av museet |
8,0 |
Ája Samisk Senter |
lokale for museum og bibliotek |
3,0 |
Nasjonalt senter for pop og rock |
virtuelt innhald, og utstillingar, utstyr, attraksjonar i senteret |
35,0 |
Den Nationale Scene |
rehabilitering av taket |
2,0 |
Teater- og konserthus for Sørlandet |
nytt teater- og konserthus |
2,0 |
Sum |
|
69,7 |
I tillegg gjer Regjeringa framlegg om tilsegn om 715 millionar kroner i tilskot til prosjekt i seinare år. Tilsegna gjeld mellom anna Teater- og konserthus for Sørlandet (406 millionar kroner), nytt konserthus i Stavanger (250 millionar kroner) og Hamsunsenteret (31 millionar kroner).