Nye skatteavtaler med Irland og Argentina frå 1. januar 2002
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Bondevik II
Utgjevar: Finansdepartementet
114/2001
Pressemelding | Dato: 05.12.2001 | Sist oppdatert: 23.10.2006
Pressemelding
Nr.: 114/2001
Dato: 05.12.01
Kontaktperson: Anne-Sissel Skånvik, telefon 22 24 41 09,
mobil 913 22 811
Nye skatteavtaler med Irland og Argentina frå 1. januar 2002
To nye skatteavtaler, med Irland og Argentina, får verknad frå 1. januar
Irland
Den nye avtalen kjem i staden for skatteavtalen av 21. oktober 1969. Det er i ein overgangsregel slått fast at 1969-avtalen skal halde fram å gjelde for utbytte som delas ut i 2002 dersom denne avtalen gjev betre vilkår. Verknadstidspunktet for Irland er endra, slik, at den også der får verknad frå 1. januar. Avtaleteksten med merknader er teke inn i St.prp. nr. 33 (2000-2001).
Argentina
Avtalen vart sett i kraft 30. november 2001 og får såleis verknad fyrste gong 1. januar 2002. Avtaleteksten med merknader er teke inn i St. prp. nr. 31 (1997-98).
Dei nemnde proposisjonane finnest her. Den spanske teksten til avtalen med Argentina kan om ynskjeleg fåast ved å vende seg til Finansdepartementet.