Justis- og beredskapsminister Mehl inviterer til pressetreff i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2024

I dag legg regjeringa fram forslag til Revidert nasjonalbudsjett. Justis- og beredskapsministeren presenterer justissatsinga på eit pressetreff på Grønland. Politidirektør Benedicte Bjørnland og stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap) vil også vere til stades.

Tid: Tysdag 14. mai klokka 12:00

Stad: Olafiagangen under Nylandsbrua (rett ved postkontoret, som har adresse Olafiagangen 5)

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren: Kommunikasjonsrådgjever Andreas Bjørklund, mobil 412 86 911, e-post andreas.bjorklund@jd.dep.no  

Pressekontakt for politidirektøren: Pressesjef Jeanette Solheim, mobil 948 33 901, e-post jeanette.solheim@politiet.no