Revidert nasjonalbudsjett

Regjeringa vil sikre pilotutdanninga i Bardufoss

Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å auke løyvinga til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) med 7,5 millionar kroner. Dette skal sikre at UiT kan halde fram med å tilby pilotutdanning med base i Bardufoss.

– Flytrafikken bind Noreg saman, og for å nå målet om eit styrka kortbanenett treng vi dyktige pilotar. I Bardufoss får pilotane trening i særeigne arktiske forhold. No reddar vi den einaste offentleg finansierte, sivile pilotutdanninga i Noreg. Dette sikrar tilgang på flygarutdanning og kompetanse i nord – og viktige arbeidsplassar i Bardufoss, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Forslaget vil sikre at UiT kan ta opp studentar hausten 2024. UiT tek kvart semester opp 12 studentar til ei treprig bachelorutdanning i luftfartsfag, som har ei varigheit på tre år. Førsteåret er i Tromsø med teoretiske fag, medan dei to siste åra går føre seg i Bardufoss.

Arbeidsplassar i nord og samarbeid med Widerøe og Forsvaret

Pilotutdanninga gir positive ringverknader lokalt i Bardufoss, mellom anna gjennom ein fast stab knytt til utdanninga og avtale om lokalt vedlikehald. Utdanninga er òg særleg tilpassa nærings- og samfunnsliv i nord gjennom samarbeid med Widerøe. Eit samarbeid med Forsvaret er òg på trappene. 

– Regjeringa har nettopp lagt fram ein ny langtidsplan for Forsvaret. I tida framover blir det stadig viktigare med sivilt-militært samarbeid. Vi må tenke på tvers. UiT på Bardufoss er allereie i dialog med Forsvaret om eit mogleg samarbeid, og samarbeidet med Widerøe kan bidra til ei viktig styrking av flytilbodet på kortbanenettet, seier Hoel.