Spelemidlane 2024: 7,1 milliardar ut til idrett, kultur og frivilligheit

Regjeringa har prioritert midlar til idrettsanlegg og auka deltaking i idrett, kultur og frivilligheit i årets fordeling av spelemidlar, overskotet frå Norsk Tipping. Totalt er overskotet på 7,1 milliardar, det er 505 millionar kroner meir enn i 2023.

– Barn og unge skal ha like mogelegheiter til å delta, uansett kven dei er, kor dei bur eller kva foreldra deira tener. Derfor prioriterer vi tiltak for å auke deltaking for barn og unge over heile landet i tildelinga av spelemidlar til idrettsformål og kulturformål i år, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

– Einerettsmodellen, som gjer Norsk Tipping til den sentrale, lovlege tilbydaren av pengespel, er avgjerande for at vi har eit overskot å fordele – i tillegg til at den først og fremst er viktig for å beskytte mot speleproblem, seier Jaffery.

Nær 4 milliardar til idretten

Det blir fordelt heile 3,7 milliardar kroner til idrettsformål i år, ein auke på 288 millionar kroner frå i fjor. Regjeringa har fordelt pengane med mål om at fleire skal kunne bli med i fellesskapa – uavhengig av kor god råd foreldra har.

Over 1 milliard til kultur og frivilligheit

Det blir fordelt 1 047 millionar kroner til kulturformål i år, ein auke på 81 millionar kroner frå i fjor. I fordelinga blir det satsa på tilskot for barn og unge.

2,3 milliardar til andre formål

I tillegg til midlane til idrettsformål og til kulturformål, blir resten av overskotet frå Norsk Tipping fordelt slik:

  • 1 047 millionar kroner til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar (auke på 81 millionar frå 2023). Fordelinga blir kunngjort seinare.
  • 794 millionar kroner til frivillige organisasjonar frå grasrotandelen (auke på 24 millionar frå 2023).
  • 398 millionar kroner til helse- og rehabiliteringsformål (auke på 31 millionar frå 2023).
  • 42,3 millionar kroner i overskot frå bingo (2,5 millionar mindre enn i 2023).
  • 35,4 millionar kroner til tiltak mot speleproblem (auke på 2,5 millionar frå 2023)