Revidert nasjonalbudsjett

Vil ha færre fordrivne frå Ukraina

Regjeringa tar grep for at færre fordrivne frå Ukraina skal velje Noreg. Kjem det færre, minskar presset på kommunane.

– Vi skal framleis ha kontroll på innvandring og integrering i Noreg. Det samla nivået på tenester og stønader bidreg til at Noreg er eit attraktivt land for fordrivne frå Ukraina. For at tilstrøyminga til Noreg skal bli meir på nivå med dei nordiske naboane våre, foreslår vi å stramme til, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Det siste året har det kome fleire ukrainarar til Noreg enn til nabolanda våre. Derfor har regjeringa tatt grep.

– Samanlikna med tal frå våren 2023 er talet på fordrivne nærast halvert. Det tyder på at tidlegare innstrammingar fungerer, seier Brenna.

Det er svært usikkert kor mange som vil kome i tida framover. No vil regjeringa stramme endå meir til. Regjeringa legg fram eit lovframlegg om endringar i integreringslova, folketrygdlova og tannhelsetenestelova saman med revidert nasjonalbudsjett.

– Når det kjem færre, går presset på kommunane ned. Det gjer blant anna at kommunane betre kan legge til rette for å få fordrivne ut i jobb. Dei som kjem til Noreg skal kunne leve trygge og gode liv ved å forsørge seg sjølv, seier arbeids- og inkluderingsministeren.

Regjeringa kjem til å følgje med på kor mange som kjem til Noreg framover og ser ikkje bort ifrå fleire endringar dersom utviklinga held fram.

Regjeringa foreslår konkret:

  • å redusere introduksjonsstønaden til par utan barn med 1/6 når båe mottek introduksjonsstønad. Dette svarar til om lag reduksjonen som er lagt til grunn for sambuarar i dei rettleiande satsane for økonomisk sosialhjelp.
  • å innføre krav om butid i tolv månader før ein har rett til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon.
  • å innføre krav om butid i fem år for å få rett til tannhelsetenester med redusert eigenbetaling for personar i alderen 19 til 24 år.

Regjeringa vurderer at desse innstramingane samla sett vil gjera at færre ukrainarar vil kome til Noreg.