Den norske arbeidsmarknaden
Artikkel | Sist oppdatert: 13.11.2023 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeidskraft er den viktigaste ressursen vår, og den må vi forvalte godt. På mange måtar har vi lukkast godt i Noreg. Sysselsetjinga er høg, arbeidsløysa er låg og inntektene er høge. Men samstundes har vi mange med nedsett arbeidsevne utanfor arbeidslivet.
Mål: Høg sysselsetjing
Høg sysselsetjing er eit av dei høgast prioriterte måla for regjeringa. Det er viktig både for den enkelte, for verdiskapinga i samfunnet og for velferdsstatens berekraft:
- Deltaking i arbeidslivet er viktig for inntekta og velferda til kvar og ein. Inntekta frå arbeid vil for dei fleste vere langt høgare enn ei alternativ trygdeyting. Arbeid motverkar fattigdom og utjamnar økonomiske og sosiale forskjellar. Dei fleste opplever arbeidsplassen som ein stad der ein kan få brukt kvalifikasjonane og ressursane sine. For dei fleste er arbeid ein meiningsfull og nyttig aktivitet. Arbeidsplassen er òg ein viktig sosial arena.
- Høy sysselsetjing er avgjerande for verdiskapinga i samfunnet. Arbeidskraft er den viktigaste innsatsfaktoren i samfunnsøkonomien. For at vi skal oppnå høgast mogeleg verdiskaping må sysselsetjinga vere høg og arbeidskrafta må finne vegen til dei delane av arbeidsmarknaden der ho gjer mest nytte. Som følgje av skattar og avgifter er verdien av det arbeidet kvar enkelt utfører høgare for samfunnet enn for den enkelte sysselsette.
- Høg sysselsetjing er og ein føresetnad for velferdsstaten og offentlege budsjett. Sysselsetjinga i samfunnet må være høg for å sikre ressursar til velferdsstaten - både i form av trygder og offentleg tenesteproduksjon.
Kor mange jobbar i Noreg?
Noreg har tradisjonelt hatt ein høg del av befolkninga sysselsett. I 2022 var vel 80 prosent av 20 – 64-åringene i Noreg i arbeid. I EU gjeld det til samanlikning i underkant av 75 prosent. Samanlikna med gjennomsnittet i EU er sysselsetjinga høgare blant yngre, eldre, og blant kvinner, mens blant menn midt i arbeidskarrieren (25 – 54 år) er sysselsetjinga i Noreg på same nivå som i EU.
Korleis har utviklinga vore?
Talet på sysselsette i Noreg har vakse frå 1,6 millionar i 1970 til 2,9 millionar i 2022. Gjennom siste halvdel av 1970-åra og fram til slutten av 1980-åra bidrog særleg inntoget til kvinnene i arbeidsmarknaden til vekst i sysselsetjinga. Etter EU-utvidinga i 2004 har den høge arbeidsinnvandringa bidrege mest til vekst i sysselsetjinga. Samanlikna med mange andre europeiske land har sysselsetjinga i Noreg utvikla seg noko svakare etter årtusenskiftet. Det må ses i samanheng med at sysselsetjinga i Noreg allereie på slutten av 1990-talet var komme opp på et høgt nivå.
Sysselsetjinga i Noreg har falt under ulike kriser, til dømes finanskrisa i 2008, oljekrisa i 2014 og koronakrisa i 2020, men har tatt seg raskt opp igjen. På same måte har arbeidsløysa kome raskt ned att etter ein konjunkturnedgang. I 2023 er andelen av befolkninga som er sysselsatt den høgste siden 2009. Samstundes er arbeidsløysa lågare enn normalt.
Høg innvandring
Noreg hadde høg innvandring etter EØS vart utvida i 2004 og fram til 2012. Seinare har innvandringa avtatt noko. Fleirtalet av desse har vore arbeidsinnvandrare. Men det er og mange innvandrarar som kjem på grunn av familiesameining eller vernebehov. Eit mindretal kjem for å studere. Høg tilstrøyming av asylsøkjarar, i 2015 og fordrevne frå Ukraina i 2022 og 2023, inneber at fleire innvandrarar skal finna sin plass i arbeidsmarknaden.
Mange jobbar i tenesteyrke
Noreg har ein utvikla økonomi, og inntektsnivået er høgt. Etterspurnaden etter tenester veks raskare enn etterspørselen etter mat og industriprodukt. Derfor har andelen av dei sysselsette som jobbar med å yte tenester auka. Mellom anna har det blitt mange fleire helse- og omsorgsarbeidarar. Nedbygginga av vareprodusernde sektor har vi sett sidan midt i 1970-åra. Det er grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram også i åra som kjem. Ikkje minst fordi behova for arbeidskraft vil auke mykje i helse- og omsorgssektoren dei komande tiåra.
Arbeidsløysa i Noreg
Korleis måler vi arbeidsløyse?
Det er to offisielle mål på arbeidsløyse i Noreg: Arbeids- og velferdsetatens (NAVs) mål og Statistisk sentralbyrås mål (AKU).
- NAV-kontora registrerer kvar månad talet på arbeidssøkjarar. Det dannar grunnlaget for arbeidsløyseprosenten som nav omtaler. Denne måten å måle på blir ofte kalla den registrerte arbeidsløysa. Sjå hovudtal om arbeidsmarknaden på nav.no
- Statistisk sentralbyrå (SSB) publiserer kvar månad ei spørjeundersøking av arbeidsmarknadstilknytinga til befolkninga. Arbeidskraftundersøkinga (AKU) er tilpassa ein standard frå ILO og statistikkontoret i EU og kan difor samanliknast med situasjonen i andre land. Talet på arbeidslause i AKU er overlappande med Navs tal, men ikkje samanfallande.
Kva med dei som ikkje er i jobb?
Sjølv om Noreg har høg sysselsetjing samanlikna med mange andre europeiske land, har vi òg ein høgare del del av befolkninga på trygd. Nær èin av fem av alle vaksne i Noreg mottek ei helserelatert yting frå folketrygda. Fyrst og fremst mottek mange
Dei fleste i Noreg som ikkje kan jobbe, mottek ei helserelaterte trygdeyting. Dermed er det få som opplever reell fattigdom, og som er nøydde til å ty til sosialhjelp, privat forsørging og tigging. Noregs nokså sjenerøse trygdeytingar sikrar kjøpekraft og velferd også for dei som ikkje kan jobbe, og det gir mindre økonomiske forskjellar.
Eit høgt inntektsnivå
Noreg har gjennom fleire tiår opplevt høg økonomisk vekst, og inntektsnivået per innbyggjar er blant det høgaste i verda. Veksten i oljesektoren har vore ei viktig forklaring til dette. Men òg høg produktivitetsvekst gjennom mange år har bidratt. Samstundes er verdiskapinga jamnare fordelt enn i dei fleste andre land.
Les meir om inntektspolitikk og lønnsoppgjer.