Historisk arkiv

Noreg aukar støtta til minerydding i Irak og Syria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Utenriksdepartementet

– Minerydding er avgjerande for å hindre at sivile liv går tapt, for at nødhjelp skal komme fram, og for å sikre at fleire hundre tusen internt fordrivne kan vende trygt heim. Dette er bakgrunnen for at vi no aukar mineryddingsinnsatsen i Irak og Syria, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Isil la ut enorme mengder miner og eksplosiv i områda dei tidlegare kontrollerte. Desse eksplosiva utgjer ein stor risiko for sivilbefolkninga. Dette er bakgrunnen for at Noreg aukar støtta til minerydding i Irak og Syria frå 110 millionar kroner i 2017 til 154 millionar kroner i 2018.

I fjor sommar blei Mosul i Irak frigjort frå terrorgruppa Isil, og i fjor haust frigjorde anti-Isil-koalisjonen byen Raqqa, det tidlegare hovudsetet til Isil i Syria. Ifølgje FN er omfanget av etterlatne miner og eksplosiv i Irak og Syria eksepsjonelt. Berre i Raqqa by blir mellom 50 og 70 personar skadde eller drepne kvar veke.

– Det må setjast ein stoppar for dei menneskelege lidingane som minene forårsakar. Situasjonen er spesielt alvorleg i Raqqa og Mosul. Derfor går ein vesentleg del av den nye norske støtta til minerydding i desse to byane, seier utanriksministeren.

Noreg er eitt av dei fem landa som bidreg mest til den globale innsatsen for å rydde landminer. I 2017 gav Noreg totalt 312 millionar kroner til minerydding. Innsatsen omfattar både kartlegging av omfanget miner og eksplosiv, opplæring i risikohandtering for lokalbefolkninga og rydding av miner og eksplosiv slik at jord og bygningar igjen kan takast i bruk.