3 Luftfarten si rolle...

3 Luftfarten si rolle i norsk samferdsel

3.1 Trafikkutvikling og prognosar

Persontransporten har vore i sterk vekst i Noreg etter krigen. Forholda mellom dei ulike transportmidla har likevel utvikla seg forskjellig. Veg- og lufttransport har hatt ein sterk auke i marknadsdelar samanlikna med sjø og bane. På dei lange reisene er luftfarten det viktigaste kollektive transportmidlet. Luftfarten sin fordel i høve til andre former for transport er at den kan tilby rask transport over lange avstandar. Noreg har i dag eit godt utbygd flyplassnett, høg reisefrekvens og ein stor del innanlandstrafikk.

Tabell 3.1 viser at flytransport vinn marknad i persontransportsektoren. Frå 1991 og fram til 1995 har persontrafikk med fly (målt i personkilometer) hatt ein høgare vekst enn den totale persontrafikken. Marknadsdelane har auka frå 5,1 til 6,5 pst. Dette utgjer ein årleg auke i perioden 1991 - 95 på 7,2 pst., mens den totale årlege veksten i marknaden for same periode var på 1,2 pst.

Mange av dei viktigaste faktorane som fører til auka etterspurnad etter flyreiser, er venta å utvikle seg positivt i perioden. Viktige faktorar i denne samanhengen er framleis vekst i bruttonasjonalprodukt (BNP) og disponibel inntekt, auka krav til mobilitet, flytting, stabile oljeprisar samt prisutviklinga for flytransporten og dei konkurrerande transportmidla. Sentralt i berekninga av prognosene er BNP og inntektsutviklinga som dei viktigaste drivkreftene for utviklinga i flytrafikken. I prognosen er det også teke omsyn til realisert trafikk for 1996. Det er i utarbeidinga av prognosar nytta makroøkonomiske indikatorar frå Regjeringas gjeldande langtidsprogram for økonomisk vekst, m.a. for BNP-utviklinga. Ei vidare utvikling av norsk luftfart basert på dei rammevilkåra som gjeld i dag tilseier at passasjerar komne og reiste i Noreg totalt, vil auke frå 23,7 mill. (estimert) i 1996 til om lag 36,8 mill. i år 2007. Dette tilsvarar ein trafikkvekst for heile planperioden (1998 - 2007) på om lag 51 pst.

Faktorar som kan svekkje utviklinga av flytrafikken er t.d. lågare økonomisk vekst, høgare skattar/avgifter for luftfarten, miljørestriksjonar samt politisk ustabilitet internasjonalt og mangel på flyplasskapasitet.

Når det gjeld dei einskilde flyplassane, er det stor variasjon i passasjerveksten. I 1995 hadde dei fem største flyplassane i Sør-Noreg 20,2 mill. passasjerar, dvs. at desse plassane stod for heile 73 pst. av passasjerar komne og reiste i perioden 1985 - 95. I 1995 reiste i alt om lag 1,2 mill. passasjerar til eller frå dei regionale flyplassane. Det utgjer 6 pst. av totaltrafikken. I 10-årsperioden var veksten i passasjerar på desse lufthamnene om lag 300 000. Totalt for stamruteplassane viser prognosane ein årleg vekst på 4,1 pst., og for dei regionale flyplassane 2,5 pst. i planperioden 1998 - 2007.

Tabell 3.1 Fordeling av innanlands persontransportarbeid (personkm.) iperioden 1991-1995


ProsentdelÅrleg vekst i personkm. i pst.
199119921993199419951991-95

Luftfart

5,15,666,26,57,2

Jernbane

3,94,14,14,34,23

Personbil, MC, drosje, ferje

82,081,581,280,980,70,8

Sporveg, forstadsbane

0,80,70,70,70,7-2,4

Sjø (ekskl. ferje)

0,60,60,60,70,74

Rutebil

7,57,57,37,37,20,1

I alt

99,910099,9100,11001,2

Kjelde: Transportytingar på norsk område 1946-95 (TØI 1996)

3.2 Sysselsetjing og verdiskaping i luftfarten

Samferdselssektoren medverkar til produktivitets- og produksjonsvekst i samfunnet i form av den produksjonen som blir skapt i og i tilknytning til samferdselssektoren, og ved at høg standard på samferdselsnettet er med på å skape velfungerande arbeidsmarknader og næringsliv i heile landet. Eit godt utbygd transport- og kommunikasjonssystem er viktig for å oppretthalde busetnad og næringsliv i tråd med Regjeringa sine overordna mål. Utviklinga av infrastrukturen vil vere viktig for å imøtekome behov som den einskilde og næringslivet har til eit effektivt transportsystem. Samferdselssektoren generelt utgjer om lag 10 pst. av den totale verdiskapinga (BNP) i Noreg, mens luftfartssekstoren spesielt, dvs. flyselskapa og Luftfartsverket, direkte utgjer om lag 1 pst. av Noregs BNP. I absolutte tal skapar luftfartssektoren direkte vel 13 000 arbeidsplassar, der om lag 11 000 er i flyselskapa og om lag 2 200 i Luftfartsverket. Tar ein utgangspunkt i data for produktinnsatsen i flyselskapa, kan samla sysselsetjing i flyselskapa og i tilknytta verksemder reknast til vel 23 000 personar, mens det for Luftfartsverkets del kan reknast til om lag 3 500.

Lufthamner er ein viktig del av infrastrukturen i samfunnet, kjenneteikna av lang levetid og av at det kontinuerleg vert gjennomført gradvis utbygging og forbetring. Det kan vere vanskeleg å påvise konsekvensar av utbetringar på kort sikt, men på lengre sikt vil ein kunne sjå resultat. Flyrutetilboda medverkar til å betre det totale transportsambandet for næringslivet, og fører til at regionale og nasjonale senter samt knutepunkt i utlandet blir meir tilgjengelege. God tilgang til ei lufthamn og eit godt flyrutetilbod verkar positivt for befolknings- og næringsutviklinga i influensområdet. Dette legg til rette for m.a. bedriftsetableringar som ikkje ville ha funne stad utan det marknadsgrunnlaget som luftfartssektoren er med på å skape. Luftfartssektoren medverkar gjennom dette til å skape arbeidsplassar i andre sektorar, og er dermed ein viktig parameter også gjennom indirekte sysselsetjing i Noreg og i utlandet.

Verdiskaping pr. tilsett i flyselskapa ligg på om lag ein halv million kroner, noko som er høgt samanlikna med metall- og fiskeindustrien, der tilsvarande tal er om lag 360 000 og 280 000 kroner. Luftfartssektoren si totale verdiskaping i pst. av BNP er om lag dobbelt så stor som verdiskapinga i jernbane- og bussnæringa til saman.

Luftfarten medverkar også til å oppfylle sentrale mål innanfor område som busettingsstruktur, utdanningstilbod og helsetilbod. Luftfarten har dessutan ei sterkt veksande rolle når det gjeld ferie, fritid, kultur og idrett.

Figur 3.1 Flyplassar til allmen bruk i Noreg

[Kart - Flyplassar til allmen bruk i Noreg]

3.3 Verdien av kort reisetid

Forbetra infrastruktur har to effektar som kan verke inn på næringsliv, sysselsetjing og busetnad. Direkte innsparingar følgjer av redusert tidsforbruk samt reduserte køyretøy- og ferjekostnader. Luftfarten sitt store fortrinn er kort reisetid på lange avstandar. Ved auka verdi av spart tid vil også omfanget av luftfart auke.

Normalt blir dei reisande delte inn i tre ulike kategoriar som kvar for seg blir verdsett ulikt ut frå timepris. Timeprisen viser kor mykje den reisande vil betale for tidsreduksjonar. Fordelinga på dei tre hovudkategoriane av reisande er ifølgje Reisevaneundersøkinga for fly i 1992 at om lag 53 pst. av passasjerane på stamruteflya er på forretnings-/tenestereise, 9 pst. reiser til/frå arbeid og 38 pst. er på private reiser.

Tabell 3.2Den reisande si betalingsvilje for tidsreduksjonar

Forretningsreiser135 kroner
Reiser til/fra arbeid50 kroner
Privatreiser40 kroner

Kjelde: Kjørekostnadshandboka (timeprisar frå 1991)

På bakgrunn av desse føresetnadene har ECON Analyse rekna verdien av tidsreduksjonen ved at flyreisene hos SAS og Braathens SAFE (juli 1993 - juni 1994) vart samanlikna med den raskaste av dei alternative reisemåtane. Dette gjeld dei seks strekningane mellom Oslo og høvesvis Bergen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim, Bodø og Tromsø.

Det går fram av tabell 3.3 nedanfor at tidsreduksjonen for samtlege flyreiser mellom t.d. Oslo og Trondheim kan verdsetjast til 460 mill. kr pr. år. Ifølgje ECON sine berekningar utgjer desse reisene om lag 5 pst. av alle reiser innanlands med rutefly i løpet av eitt år. Dersom denne effekten vert multiplisert opp, vil det gi ein indikasjon på det samla omfanget av verdien av kort reisetid for flytrafikk innanlands. Eit grovt estimat viser at verdien av spart tid ved flyreiser i Noreg ligg på om lag 9 mrd. 1995-kroner. Ein stor del av reisene går føre seg på strekningar som er lengre enn Oslo-Trondheim og der geografiske tilhøve medfører at landbasert transport kjem dårlegare ut enn mellom desse to byane.

Tabell 3.3 Sparte tidskostnader ved val av fly i mill. kr pr. år omrekna til1995-kroner etter konsumprisindeksen

StrekningForretnings- ogtenestereiseReise til/fråarbeidPrivatreiseSum
Oslo-Bergen3892483496
Oslo-Kristiansand80517102
Oslo-Stavanger3952584503
Oslo-Trondheim3602376460
Oslo-Bodø4222689538
Oslo-Tromsø53234113677
Lagt inn 18 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen