Prop. 67 L

(2020–2021)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)

Endringar i vallova (assistanse ved stemming)

Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 18. desember 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)

1 Hovudinnholdet i proposisjonen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om visse endringar i lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkestinget og kommunestyrer (valgloven).

Departementet foreslår ei endring i føresegna om plikta til å stå på liste ved stortingsval. Forslaget inneber at dersom ein person ikkje ønsker å stå på ei valliste, er det tilstrekkeleg for fritak at personen gir ei skriftleg erklæring om dette. Forslaget bringer føresegna i vallova i samsvar med ei endring gjort i Grunnlova. Vidare foreslår departementet ei endring i vallova som gjer at veljarar med psykiske eller fysiske funksjonsnedsettingar som treng hjelp til å stemme, sjølv kan peike ut ein hjelpar. Forslaget inneber at kravet om at ein valfunksjonær også skal vere med inn i valavlukket, blir oppheva. Proposisjonen inneheld også eit forslag om at kommunane ikkje lenger treng å sende alle valkorta frå førehandsstemminga til fylkesvalstyret.

2 Bakgrunn

Regjeringa sette ned eit lovutval i juni 2017 som skulle utarbeide forslag til ei ny vallov og vurdere endringar i valordninga. Utvalet skulle sjå på alle sider av valgjennomføringa. Utvalet leverte utgreiinga si, NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg – Ny valglov, 27. mai 2020. Utgreiinga er sendt på ei brei høyring med frist ut året. På bakgrunn av forslag frå utvalet og innspel i høyringa vil departementet fremje forslag om ei ny vallov til Stortinget. Den nye vallova vil tidlegast gjelde frå stortingsvalet i 2025.

Departementet ser likevel eit behov for å foreslå enkelte endringar som kan tre i kraft før stortingsvalet i 2021. Forslaget om plikta til å stå på liste ved stortingsval i kapittel 4 i proposisjonen bringer vallova i samsvar med Grunnlova. Endringa bør vedtakast før fylkesvalstyra startar prosessen med behandling av listeforslag våren 2021. Forslaget i kapittel 5 om rett til assistanse ved stemming er eit prinsipielt viktig forslag, og departementet meiner det er for seint å vente til den nye vallova trer i kraft.

3 Høyringa

Departementet sende 29. juni 2020 forslag til endringar i vallova, valforskrifta og forskrift om val til Sametinget på høyring. Høyringsfristen var 30. september 2020. Forslaget blei sendt til desse høyringsinstansane:

Det kom inn totalt 51 høyringssvar. Høyringssvara er nærmare omtalt i kapitla nedanfor. Desse instansane har hatt merknader til høyringsnotatet:

Desse instansane har ikkje hatt merknader til høyringsnotatet:

4 Plikt til å stå på liste ved stortingsval (ombodsplikt)

4.1 Gjeldande rett

Sentrale element ved stortingsvalordninga er regulerte i Grunnlova. Ombodsplikta ved stortingsval følger av Grunnlova § 63. Hovudregelen etter føresegna er at vedkommande som blir valt til representant, plikter å ta imot valet. Føresegna gjer unntak frå hovudregelen i tilfelle kor vedkommande er vald utanfor det valdistriktet vedkommande har stemmerett i, og i tilfelle kor vedkommande har møtt som representant på alle storting etter det førre valet, jf. føresegna første ledd bokstavane a og b.

Stortinget vedtok einstemmig den 7. januar 2020 å endre Grunnlova § 63 første ledd (fritak frå ombodsplikta), jf. Dok. 12:30 (2015–2016) og Innst. 129 S (2019–2020). Stortinget vedtok da ei ny føresegn i Grunnlova § 63 første ledd bokstav c, der det blir slått fast at det er tilstrekkeleg for fritak at personen gir ei skriftleg erklæring om at vedkommande ikkje ønsker å stå på ei valliste. Føresegna opnar berre for å få fritak frå ei bestemt valliste vedkommande er ført opp på, og gir ikkje generelt fritak frå plikta til å stå på liste. Føresegna vil bli nytta for første gong ved stortingsvalet i 2021. Bokstav d i føresegna om at ein kan få fritak frå ombodsplikta dersom ein er medlem av eit politisk parti og er vald på ei valliste frå eit anna parti, blei samtidig oppheva.

Ein generell fritaksregel for kommunestyre- og fylkestingsval blei vedtatt i 2011 og brukt første gong ved valet i 2015, jf. vallova § 3-4 første ledd. Ved kommunestyre- og fylkestingsval er det tilstrekkeleg for fritak at ein person gir ei skriftleg erklæring om at vedkommande ikkje ønsker å stille til val på den aktuelle vallista.

4.2 Forslaget til vallovutvalet

Utvalet viser til at departementet i Prop. 64 L (2010–2011) la til grunn at plikta til å stå på liste kan vere i strid med organisasjonsfridommen som kjem fram i FN sin konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) artikkel 22 og Den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) artikkel 11. Det er etter utvalet si oppfatning problematisk at uvillige kandidatar må melde seg inn i eit anna politisk parti for å kunne bli fritatt. Den enkelte sin rett til organisasjonsfridom taler derfor for å utvide åtgangen til fritak. At ein person som ikkje er interessert i eller ikkje vil bli assosiert med det aktuelle partiet, plikter å stå på lista, vil også villeie veljarane. Vallovutvalet støtter på denne bakgrunnen den vedtekne endringa i Grunnlova § 63 om rett til fritak frå å stå på ei valliste. Utvalet er derfor einig i at det bør vere tilstrekkeleg for å få fritak at ein person leverer ei skriftleg erklæring til valstyresmaktene om at vedkommande ikkje ønsker å stå på ei valliste. Utvalet meiner at dei andre fritaksgrunnane i Grunnlova § 63 dermed blir overflødige, og foreslår å oppheve desse. Desse fritaksgrunnane blei ikkje endra av Stortinget i behandlinga av den nye fritaksgrunnen.

4.3 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å endre føresegna i vallova § 3-2 første ledd bokstav c for å bringe føresegna i samsvar med Grunnlova § 63 første ledd bokstav c. Departementet streka under at endringa bør vedtakast før fylkesvalstyra startar prosessen med behandling av listeforslag for stortingsvalet i 2021. Fritaksgrunnane i Grunnlova § 63 første ledd bokstav a og b går fram av vallova § 3-2 første ledd, og departementet la til grunn at det ikkje er behov for å endre dei.

4.4 Høyringsinstansane sitt syn

Alle høyringsinstansane støtter forslaget eller har ikkje nokon merknad til forslaget. Berre Bergen kommune har uttalt seg konkret om forslaget, og viser til at søknad om fritak blir enklare for veljarane og at behandlinga i valadministrasjonen blir lik ved alle val.

4.5 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet foreslår å endre føresegna i vallova § 3-2 første ledd bokstav c for å bringe føresegna i samsvar med Grunnlova § 63 første ledd bokstav c. Føresegna innfører ein generell rett til å krevje seg fritatt frå å stå på ei valliste uavhengig av årsak. Personar som har gitt ei skriftleg erklæring om at dei ikkje ønsker å stå på ei valliste, har ikkje plikt til å ta imot valet. Føresegna gir ikkje eit generelt fritak frå plikta til å stå på liste, men opnar berre for å få fritak frå ei bestemt valliste vedkommande er ført opp på. Kandidatar som er ført opp på ei valliste, må søke om fritak innan den fristen fylkesvalstyret setter, jf. vallova § 3-2 andre ledd. Elles går retten til ikkje å stå på vallista tapt. Føresegna svarar til føresegna i vallova § 3-4 første ledd om rett til å krevje fritak frå fylkestingsval og kommunestyreval.

5 Rett til assistanse ved stemminga

5.1 Gjeldande rett

Veljarar som har behov for det, kan be ein stemmemottakar eller stemmestyret om nødvendig hjelp ved stemminga, jf. vallova §§ 8-4 åttande ledd og 9-5 femte ledd. Føresegnene gjer unntak frå utgangspunktet om at valhandlinga skal skje i einerom og usett. Dette omfattar for eksempel veljarar som har behov for bistand på grunn av manglande norskkunnskapar.

Veljarar med alvorleg psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting kan i tillegg sjølve peike ut ein ekstra hjelpar blant dei personane som er til stades i vallokalet. Ein person som assisterer ein veljar ved stemminga og får kjennskap til korleis vedkommande har stemt, har teieplikt om dette, jf. vallova § 15-4 andre ledd. Hjelparen skal gjerast merksam på denne teieplikta. Det følger av føresegna at veljaren sjølv må ta initiativ til å få hjelp.

5.2 Internasjonale forpliktingar

I 2013 ratifiserte Noreg FN sin konvensjon 13. desember om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). Noreg er etter artikkel 29 bokstav a forplikta til «å sikre at mennesker med nedsatt funksjonsevne kan delta fullt ut og på en effektiv måte i det politiske og offentlige liv på lik linje med andre […], herunder ved at mennesker med nedsatt funksjonsevne har rett og mulighet til å avgi stemme […]». For å oppnå slik deltaking nemner artikkelen enkelte tiltak:

  • «i) å sikre at framgangsmåter, lokaler, utstyr og materiell som benyttes i forbindelse med valg, er hensiktsmessige, tilgjengelige og lette å forstå og bruke,

  • ii) å verne om den rett mennesker med nedsatt funksjonsevne har til hemmelig stemmegivning uten trusler ved valg og folkeavstemning […] og legge til rette for bruk av ny teknologi og tekniske hjelpemidler når det er hensiktsmessig,

  • iii) å garantere at mennesker med nedsatt funksjonsevne fritt får gi uttrykk for sin vilje som velgere, og for dette formål, når det er nødvendig og de ber om det, tillate at en person de selv velger, hjelper dem med å stemme.»

CRPD-komiteen har i sine avsluttande merknader 7. mai 2019 uttrykt bekymring for at stemmeprosedyrar, stemmefasilitetar og materialar ikkje er tilgjengelege for personar med nedsett funksjonsevne og gitt følgjande anbefaling til Noreg:

The Committee recommends that the State party, in consultation with organizations of persons with disabilities:
(a) Ensure that electoral procedures, facilities and materials are inclusive of and accessible to all persons with disabilities, including by providing materials in sign language, Braille and Easy Read formats and considering the introduction of accessible electronic voting;

5.3 Forslaget til vallovutvalet

5.3.1 Innleiing

Utvalet har vurdert tre spørsmål i samband med retten til assistanse. For det første har utvalet vurdert om det er behov for å endre reglane om kven som skal ha rett til assistanse. For det andre har utvalet vurdert om retten til assistanse bør innehalde større valfridom for veljarane. For det tredje har utvalet vurdert kven som skal avgjere om ein veljar har rett til assistanse.

5.3.2 Kven som skal ha rett til assistanse

Utvalet foreslår å ikkje vidareføre den generelle føresegna om rett til assistanse i vallova §§ 8-4 åttande ledd første punktum og 9-5 femte ledd første punktum. Utvalet viser til at den generelle retten til bistand frå ein valfunksjonær inne i valavlukket meir enn nødvendig undergrev utgangspunktet om at valet skal skje i einerom og usett. Alle veljarar vil ha krav på rettleiing frå ein valmedarbeidar. Valmedarbeidaren kan gi slik rettleiing ved å vise veljaren framgangsmåten for stemminga og deretter forlate valavlukket, slik at veljaren kan gjere valet i einerom. Utvalet framhevar at det er viktig at veljarar med avgrensa norskkunnskapar får slik rettleiing.

Utvalet har kome til at det er behov for å forenkle og presisere reglane om kven som har rett til assistanse i valavlukket, og foreslår at veljarar som på grunn av fysisk eller psykisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, får rett til assistanse frå ein hjelpar dei har valt sjølve. Kravet om at funksjonsnedsettinga må vere alvorleg, blir ikkje foreslått vidareført.

5.3.3 Kven som kan assistere veljaren

Utvalet viser til at Noregs Blindeforbund har tatt opp at retten til assistanse bør innehalde større valfridom for veljarane, og at veljarane bør kunne assisterast av ein sjølvvald hjelpar aleine. Bakgrunnen for spørsmålet om ein representant frå valmyndigheita må vere med inn i stemmeavlukket i tillegg til ein sjølvvald hjelpar, er ei avveging mellom omsynet til valfridom og verdigheit for veljaren på den eine sida og omsynet til å motverke utilbørleg påverknad av veljaren på den andre. Omsynet til å sikre ei verdig stemming for alle må, slik utvalet vurderer det, vege tungt. Retten til assistanse må innordnast på ein måte som er i tråd med ønska til gruppa som skal få assistanse. Fridom til å velje kven ein skal få assistanse frå, kan vere avgjerande for om veljaren fritt stemmer slik vedkommande ønsker. Kravet om at det i tillegg må vere med ein person frå valmyndigheitene inn i stemmeavlukket, blir derfor ikkje foreslått vidareført.

5.3.4 Kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse

Utvalet har vurdert kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse. Ved førehandsstemminga meiner utvalet at spørsmålet skal avgjerast av ein av stemmemottakarane. På valdagen meiner utvalet at avgjerda prinsipielt sett bør takast av stemmestyret. Utvalet meiner likevel at ei slik ordning vil vere for byråkratisk. Ein valfunksjonær eller eit stemmestyremedlem bør kunne innvilge slik hjelp i tilfelle der det ikkje er tvil om at vilkåra for å få assistanse er til stades. Stemmestyret skal avgjere spørsmålet i tilfelle der ein valfunksjonær eller eit stemmestyremedlem meiner at vilkåra for rett til assistanse ikkje er oppfylte. Ein eventuell tvil om vilkåra er oppfylte bør, slik utvalet oppfattar det, kome veljaren til gode.

5.4 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet at det ikkje lenger skal vere ein generell rett til å få assistanse ved stemminga for alle veljarar som har behov for det, jf. vallova § 8-4 åttande ledd første punktum og § 9-5 femte ledd første punktum. Veljarane vil framleis ha rett på rettleiing frå ein valmedarbeidar om korleis dei stemmer, men valmedarbeidaren må forlate stemmeavlukket når veljaren gjer sine val.

Vidare foreslo departementet ei endring i vallova som inneber at ein veljar som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, sjølv kan peike ut ein hjelpar som skal assistere vedkommande utan at ein valfunksjonær er til stades i valavlukket. Desse veljarane kan få assistanse frå ein valfunksjonær dersom vedkommande ønsker det.

I tillegg foreslo departementet ei ny føresegn om at stemmestyret skal avgjere spørsmålet i tilfelle der ein valfunksjonær eller eit stemmestyremedlem meiner at vilkåra for rett til assistanse på valtinget ikkje er oppfylte.

5.5 Høyringsinstansane sitt syn

Få høyringsinstansar har gitt konkrete kommentarar til at departementet foreslår å ikkje vidareføre den generelle føresegna om rett til assistanse. Drammen kommune uttaler at kommunen ser positivt på forslaget. Det er kommunen si vurdering at med unntak for veljarar med nedsett funksjonsevne, bør rettleiing skje utanfor stemmeavlukket. Også Asker kommune støtter forslaget.

Forslaget om å gi veljarar med nedsett funksjonsevne ein rett til å velje sjølv kven som skal assistere dem ved val, utan at ein valfunksjonær er med inn i valavlukket, får støtte frå eit stort fleirtal av høyringsinstansane som har uttalt seg om dette. Desse høyringsinstansane er mellom anna Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Drammen kommune, Funksjonshemmas fellesorganisasjon (FFO), Hammerfest kommune, Hå kommune, KS, Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), Lillestrøm kommune, Noregs Blindeforbund, Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), Norsk forbund for utviklingshemma (NFU), Oslo kommune v/valstyret, Rogaland fylkeskommune, Samarbeidsforumet av funksjonshemmas organisasjonar (SAFO), Sarpsborg kommune, Troms og Finnmark fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Unge funksjonshemmede, Valdirektoratet og Viken fylkeskommune.

FFO og Unge funksjonshemmede er positive til at departementet veljar å foreslå endringa allereie no, slik at regelverket kan vere på plass før stortingsvalet i 2021. Dei gir også, saman med NFU og Bærum kommune, si støtte til forslaget om å avvikle kravet om at funksjonsnedsettinga må vere alvorleg. Organisasjonane strekar under at utfordringa ikkje berre ligg i lovverket, men òg i praktiseringa, og dei påpeiker saman med fleire andre høyringsinstansar behovet for ei grundig opplæring av valfunksjonærar. FFO hevder dei får mange tilbakemeldingar på at valmedarbeidarar ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om lovverket, og meiner at opplæringa valfunksjonærane får om lovverket, må bli betre. Stiftelsen Stopp diskrimineringen utdjupar at dei mellom anna har fått meldingar om valfunksjonærar som ikkje viser tilstrekkeleg diskresjon i vallokalet, og at veljarar har blitt forsøkt nekta å stemme.

Kommunane Asker, Moss og Trondheim meiner det er viktig at departementet gir rettleiing om korleis stemmemottakarane skal avgjere kva som ligg i omgrepa nedsett fysisk eller psykisk funksjonsevne. Kommunane Asker og Trondheim påpeiker også at verken vallovutvalet eller departementet tek opp problemstillinga med veljarar som har så omfattande nedsett funksjonsevne at dei har problem med å formidle eit ønske om assistanse. Departementet bør etter kommunane si oppfatning gi råd om korleis slike tilfelle skal handterast. Asker kommune påpeiker også at det kan oppstå situasjonar der det er uklart om det er veljaren som ønsker at nokon skal vere med inn i valavlukket eller om det er hjelparen som ønsker å få vere med inn. Det vil også etter kommunen si vurdering vere ei utfordring å sikre at veljaren ikkje blir utsett for utilbørleg påverknad.

FO stiller spørsmål ved at eit stemmestyremedlem skal vurdere om ein veljar har behov for assistanse. NFU og SAFO meiner det ikkje er behov for å presisere kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse. Det avgjerande bør etter deira meining vere om veljaren sjølv har vurdert at han eller ho har behov for assistanse. I tillegg stiller dei spørsmål om kva som ligg i at dersom det er tvil om vilkåra for assistanse er oppfylte, skal dette kome veljaren til gode. LDO er skeptisk til forslaget om at stemmestyret skal avgjere om vilkåra for å ha med en hjelper er oppfylte. LDO viser til at det ikkje er drøfta korleis ein veljar med eit behov for hjelp skal kunne bevise at han eller ho har nedsett funksjonsevne, at stemmestyret ikkje har kompetanse til å vurdere spørsmålet og at det er vanskeleg å sjå for seg at nokon vil misbruke ordninga. Av omsyn til veljaren si verdigheit bør utgangspunktet etter LDO si oppfatning vere at ein person bør bli trudd når han eller ho hevdar å ha nedsett funksjonsevne. Også Noregs institusjon for menneskerettar saknar ei vurdering av kva kompetanse stemmestyret har til å gjere ei vurdering av ein veljar med funksjonsnedsetting sitt behov for assistanse. KS meiner på den andre sida at det er viktig at stemmestyret skal kunne avgjere om vilkåra for assistanse er oppfylte, og viser til at bakgrunnen for at ein valfunksjonær skulle vere med inn i stemmeavlukket var at det nokre gonger kan vere vanskeleg å vurdere om veljaren faktisk ønsker assistanse.

Datatilsynet påpeiker at stemmestyret si behandling av spørsmålet om rett til assistanse må gjennomførast på ein måte som sikrar veljaren sine rettar etter personvernregelverket.

Fylkeskommunalt råd for personar med funksjonsnedsettingar i Troms og Finnmark påpeiker at det bør vere mogleg for veljarar med nedsett funksjonsevne som har behov for det, å få tilsendt heile utvalet av stemmesetlar før valet, slik at den det gjeld kan gjere endringar på stemmesetelen heime. På den måten vil behovet for assistanse bli redusert.

Eit fåtal av høyringsinstansane støtter ikkje departementet sitt forslag til endringar i føresegnene om assistanse. Bærum kommune støtter ikkje forslaget, men anbefaler i staden at departementet utgreier problemstillinga nærmare. Kommunen viser til at det er ei rekkje problemstillingar knytt til dette punktet. Mellom anna er det vanskeleg å sjå for seg korleis valfunksjonærane skal kunne forsikre seg om at veljaren ikkje blir utsett for utilbørleg påverknad frå eigen hjelpar når dei ikkje kan vere med inn i avlukket. Det er fleire veljarar som ikkje sjølv kan gi uttrykk for at dei har behov for assistanse og det vil oppstå tilfelle kor det er hjelparen som grunngir behovet for hjelp. I slike tilfelle er det vanskeleg for ein valfunksjonær å slå fast om veljaren trenger og ønsker hjelpa. Med gjeldande regelverk vil alle veljarar kunne få assistanse enten frå valfunksjonær eller eigen hjelpar. Kommunen strekar under at veljaren sjølv må avgjere behovet for hjelp. Hol kommune viser til at forslaget vil gi økt verdigheit, men at den beste løysinga for veljargruppa vil vere å utvikle ei sikker løysing for elektronisk stemming i vallokalet. Vefsn kommune anbefaler at departementet lagar ein plan for at veljargruppa får moglegheit til å stemme ved eigen pc. Vestfold og Telemark fylkeskommune foreslår at ein valfunksjonær framleis skal vere med inn i avlukket som observatør i tillegg til ein eigen hjelpar.

5.6 Vurderingar og forslag frå departementet

5.6.1 Kven som skal ha krav på assistanse

Departementet foreslår i tråd med vallovutvalet si utgreiing å ikkje vidareføre den generelle retten til assistanse frå ein valmedarbeidar ved sjølve stemminga for alle veljarar som har behov for hjelp. Utgangspunktet er at alle veljarar skal gjere sine val usett i einerom. Unntak frå dette utgangspunktet skal ikkje gå lenger enn det som er naudsynt for at veljarane får stemt. Departementet meiner det er riktig at retten til å få hjelp med sjølve valhandlinga berre blir gitt til dei veljarane som ikkje kan stemme aleine på grunn av nedsett funksjonsevne. Andre veljarar med behov for bistand bør få rettleiing utan at dette inneber at ein stemmemottakar eller valfunksjonær er til stades i stemmeavlukket medan veljaren gjer sine val. Departementet påpeiker at det er viktig at mellom anna veljarar som ikkje snakkar norsk, får tilstrekkeleg rettleiing til at dei får stemt. Ein valmedarbeidar kan rettleie veljaren om korleis han eller ho kan stemme inne i valavlukket før vedkommande går ut av avlukket og lar veljaren gjere sine val aleine.

Personar med alvorleg nedsett funksjonsevne har i dag, i tillegg til denne generelle retten til assistanse frå ein valmedarbeidar omtalt ovanfor, rett til å peike ut ein eigen hjelpar. Departementet foreslår i tråd med utvalet sitt forslag å oppheve kravet om at den nedsette funksjonsevna må vere alvorleg. Det inneber at alle grader av nedsett funksjonsevne kan gi rett til assistanse. Det avgjerande for å innvilge hjelp bør etter departementet si vurdering vere om den nedsette funksjonsevna inneber at veljaren ikkje kan stemme aleine, og ikkje kor alvorleg den må reknast som.

5.6.2 Kven som skal assistere veljaren

Spørsmålet om ein representant frå valmyndigheita må vere med inn i stemmeavlukket i tillegg til ein sjølvvald hjelpar, avheng som vallovutvalet påpeiker av ei avveging av omsynet til veljarens valfridom og verdigheit på den eine sida, og omsynet til å motvirke utilbørleg påverknad på den andre. At veljarar ikkje skal utsettast for utilbørleg påverknad, er eit grunnleggande prinsipp som går fram av formålet til vallova om å legge til rette for frie val, jf. § 1-1. Det er viktig å legge til rette for at utilbørleg påverknad ikkje skal skje, av omsyn til at val skal vere frie og hemmelege, og prinsippet om éin veljar – éi stemme.

Departementet har i vurderinga lagt stor vekt på at retten blir innordna på ein måte som er i tråd med gruppa som treng assistanse sine ønsker. Departementet er einig med utvalet i at høvet til å velje kven ein skal få assistanse frå, kan vere avgjerande for at veljaren stemmer i tråd med eigne ønsker. Det kan også vere avgjerande for om ein ønsker å bruke stemmeretten. Noregs Blindeforbund har vist til at fleire av deira medlemmar ikkje ønsker at ein valmedarabeidar skal vite kva dei stemmer. Dette kan opplevast som særleg problematisk i små kommunar kor veljaren veit kven valmedarbeidaren er.

Departementet foreslår med dette som bakgrunn at ein veljar som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, sjølv skal kunne peike ut ein hjelpar som skal assistere vedkommande, utan at ein valfunksjonær er med inn i valavlukket. Ein veljar kan framleis få assistanse frå ein valmedarbeidar viss han eller ho ønsker det. Forslaget er i tråd med forslaget i høyringsnotatet og har fått brei støtte i høyringa.

Det vil framleis vere slik at det er veljaren sjølv som må be om hjelp til å stemme. Nokre høyringsinstansar har peikt på at det i nokre tilfelle er vanskeleg å avgjere om det er veljaren sjølv som ber om hjelp, eller om det er pårørande som ber om å få hjelpe veljaren. Departementet forstår at det kan vere vanskelege vurderingar i enkelte tilfelle, men strekar under at kravet om at det er veljaren sjølv som skal ta initiativ til å ta imot hjelp, reduserer risikoen for at han eller ho blir utsett for utilbørleg påverknad.

Departementet legg til grunn at forslaget vil bidra til at veljarar med nedsett funksjonsevne fritt får uttrykt sin vilje, slik CRPD artikkel 29 bokstav a stiller krav om. Forslaget gjer etter departementet sitt syn valet meir inkluderande for veljarar med nedsett funksjonsevne og er i tråd med organisasjonane sitt syn, og må dermed anses å vere i tråd med CRPD-komiteen sin anbefaling til Noreg.

5.6.3 Kven som skal avgjere om veljaren har krav på assistanse

Departementet foreslår i tråd med utvalet sitt forslag å presisere i lova kven som skal avgjere om ein veljar oppfyller vilkåra for å få rett til assistanse. Også etter gjeldande reglar vil stemmemottakar og stemmestyret måtte ta stilling til om vilkåra for assistanse er oppfylte for den enkelte veljaren.

Departementet er einig med utvalet i at stemmestyret ikkje treng å ta alle avgjerder om veljaren har krav på assistanse ved stemming på valtinget. Når det ikkje er tvil om at vilkåra for assistanse er oppfylte, bør stemmestyremedlemmet eller valfunksjonæren veljaren tar kontakt med, kunne innvilge slik hjelp. Viss stemmestyremedlemmet eller valfunksjonæren derimot meiner at veljaren ikkje oppfyller vilkåra for assistanse, bør veljaren kunne få ei ny vurdering frå stemmestyret. Fleire høyringsinstansar stiller spørsmål ved behovet for å presisere i lova kven som skal avgjere om veljaren oppfyller vilkåra for å få rett til assistanse. Nokre høyringsinstansar etterlyser også ei drøfting av kva for kompetanse stemmestyret har til å avgjere eit slikt spørsmål. Departementet viser til at etter gjeldande regel om assistanse vil stemmestyret måtte avgjere om vilkåra er oppfylte. Etter forslaget vil eit stemmestyremedlem eller ein valfunksjonær kunne innvilge slik hjelp viss det ikkje er tvil om vilkåra er oppfylte. Det er slik departementet ser det naudsynt av omsyn til å unngå misbruk av ordninga at nokon tar stilling til om vilkåra er oppfylte. Det gir økt føreseielegheit å presisere i lova kven som skal avgjere om vilkåra er oppfylte. Utgangspunktet vil likevel vere at ein person som hevdar han eller ho har nedsett funksjonsevne, skal bli trudd. Det er heller ikkje krav til at veljaren skal vise nokon form for dokumentasjon på at han eller ho har nedsett funksjonsevne. Ein eventuell tvil om vedkommande oppfyller vilkåra skal etter gjeldande reglar kome veljaren til gode. Departementet meiner framleis det vil vere meir uheldig å nekte slik hjelp til ein veljar som treng det, enn å innvilge slik hjelp til ein som ikkje treng det. Av desse grunnane kan ikkje departementet sjå at det er behov for å gjere ei nærmare vurdering av stemmestyret eller stemmemottakar sin kompetanse til å vurdere veljaren sitt behov for assistanse.

Eit stemmestyre administrerer stemminga på kvar stemmestad i kommunen på valtinget. Det er ikkje eit stemmestyre eller eit tilsvarande organ som administrerer førehandsstemminga. Frå 10. august er det krav om at det skal vere minst to stemmemottakarar til stades ved førehandsstemminga. Det kan vere situasjonar der stemmemottakarane ikkje er einige om veljaren oppfyller krava til å ta imot assistanse. Ved førehandsstemminga bør det etter departementet sitt syn vere tilstrekkeleg at ein av stemmemottakarane meiner at veljaren oppfyller vilkåra for å få assistanse. Det er ikkje naudsynt at begge stemmemottakarane meiner at veljaren har krav på assistanse. Ei slik løysing er etter departementet si oppfatning i tråd med at ein eventuell tvil om vilkåra for rett til assistanse er oppfylte, skal kome veljaren til gode.

Praktiseringa av føresegnene om assistanse vil bli grundig evaluert i etterkant av stortingsvalet i 2021. Departementet vil vurdere å foreslå endringar i regelverket på bakgrunn av funna i evalueringa.

5.6.4 Utgreiing av tekniske hjelpemidlar

Nokre høyringsinstansar har påpeikt at ei betre løysing for veljarar med nedsett funksjonsevne vil vere å legge til rette for elektronisk stemming, enten i vallokalet eller heime. Vallovutvalet meiner valstyresmaktene må greie ut kva for tekniske hjelpemidlar som kan gjere stemminga enklare for blinde og svaksynte veljarar, mellom anna må elektronisk stemming i vallokalet bli vurdert. Når det gjelder moglegheit for å stemme heime, peiker fleirtalet i utvalet på at dette fører med seg store utfordringar knytt til hemmeleg stemming.

Departementet vil sørge for ytterlegare utgreiingar i regelverket ved oppfølginga av NOU 2020: 6 Frie og hemmelige valg – Ny valglov, for å undersøke moglegheiter for å legge til rette for at flest mogleg kan gi både partistemme og personstemme usett i einerom. Departementet meiner oppfølginga er i tråd med CRPD-komiteen sine anbefalingar til Noreg om å sørge for at stemmeprosedyrar er tilgjengelege for alle personar med nedsett funksjonsevne og vurdere elektronisk stemming.

6 Oversending av materiell frå kommunen til fylkeskommunen

6.1 Gjeldande rett

Fylkesvalstyret skal ved stortingsval og fylkestingsval kontrollere gjennomføringa av valet i kommunane med grunnlag i materiell som kommunane oversender. Kva for materiell som skal oversendast, er fastsett i vallova § 10-8 første ledd. Blant materiellet som skal oversendast, er alle valkorta frå førehandsstemminga, jf. bokstav c.

6.2 Forslaget til vallovutvalet

Utvalet foreslår ikkje å vidareføre føresegna om at alle valkort frå førehandsstemminga skal oversendast ved stortingsval og fylkestingsval, jf. utvalet sitt forslag til ny vallov § 10-11.

6.3 Forslaget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet foreslo departementet å oppheve føresegna i vallova § 10-8 første ledd bokstav c. Departementet viste til at valkorta ikkje har nokon funksjon i kontrollen som fylkesvalstyret skal gjennomføre. I tillegg viste departementet til at det har kjennskap til at fylkesvalstyret ikkje ser behov for å få valkorta oversende, fordi dei ikkje bruker dei til nokon kontroll.

6.4 Høyringsinstansane sitt syn

Alle høyringsinstansane enten støtter forslaget eller har ikkje nokon merknad til forslaget. Blant desse er Sarpsborg kommune som påpeiker at det ikkje er eit krav til veljaren å ha med valkort.

6.5 Vurderingar og forslag frå departementet

Departementet viser til at forslaget har fått brei tilslutning i høyringsrunda, og foreslår å oppheve føresegna i vallova § 10-8 første ledd bokstav c. Ettersom valkorta ikkje har nokon funksjon i fylkesvalstyra sin kontroll, bør valstyra ikkje lenger oversende dei til fylkesvalstyra. Departementet vedtok endringar i valforskrifta 20. november 2020 som inneber at valkort skal sendast elektronisk til alle stemmeføre innanriks. Stemmeføre som står oppførte som reservert i kontakt- og reservasjonsregisteret, skal framleis få valkort tilsendt per post. Også stemmeføre som ikkje har lagra eller oppdatert kontaktinformasjon i registeret dei siste 18 månadane, skal få valkort tilsendt per post. Dette inneber at ein stor del av dei stemmeføre vil få valkort elektronisk, og papirvalkorta vil ikkje kunne spille ei rolle i ein kontroll.

7 Stortings- og sametingsvalet i 2021

7.1 Innleiing

Neste stortings- og sametingsval skal haldast 13. september 2021. I dette kapittelet vil departementet først gjere greie for arbeidet som er sett i gong på valområdet som ei konsekvens av utbrotet av covid-19. Departementet omtalar også to sentrale endringar i valforskrifta som er vedtekne i forkant av valet.

7.2 Utbrotet av covid-19

Ein pågåande pandemi vil påverke korleis valet kan gjennomførast. Utfordringane knyter seg mellom anna til korleis ein kan sikre at også veljarar i karantene og isolasjon skal få stemt, korleis ein kan unngå lange køar og forhindre at det kan opplevast som risikofylt for veljarar å møte fram for å stemme. Vidare vil det stille større krav til kommunane si organisering av arbeidet i forkant og under valgjennomføringa og kapasitet og bemanning hos andre involverte aktørar. Grunnlova slår fast at valet må vere avslutta seinast i september månad, og vallova har tidsfristar for fleire andre fasar i valet.

Departementet identifiserte våren 2020 at dei generelle anbefalingane knyta til smittevern ville kunne gjere det utfordrande for parti og grupper å samle inn underskrifter på listeforslag fysisk. Departementet fremja derfor eit forslag om ei midlertidig endring i vallova som gjer det mogleg for politiske parti som ikkje fekk tilstrekkeleg oppslutning ved førre stortingsval og uregistrerte grupper å samle inn underskrifter på listeforslag elektronisk. Stortinget vedtok forslaget den 22. juni 2020. Valdirektoratet fekk i oppdrag å utvikle ei digital løysing for innsamling av underskrifter. Løysinga vart teken i bruk 9. oktober 2020.

Departementet har nedsett ei arbeidsgruppe med ansvar for å forberede moglege smitteverntiltak knyta til gjennomføringa av stortings- og sametingsvalet i 2021 med tanke på den pågåande pandemien. Gruppa har medlemmer frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Utanriksdepartementet, Oslo kommune, Viken fylkeskommune, Valdirektoratet, og Folkehelseinstituttet. Gruppa skal levere sine anbefalingar innan 31. desember 2020. Dersom arbeidsgruppa finn eit behov for midlertidige lovendringar for å kunne gjennomføre valet på ein forsvarleg måte, vil det kunne bli aktuelt å fremje ein proposisjon om dette i januar 2021.

7.3 Sending av førehandsstemmer

Den 1. januar 2018 blei A- og B-post slått saman til éin felles brevstraum, jf. Meld. St. 31 (2015–2016) Postsektoren i endring. Omlegginga til éin brevstraum ville ha medført at svært mange førehandsstemmer som var gitt siste fredag før valdagen i 2019, ikkje kom fram innan fristen dersom dei blei sende med vanleg innanlands brevpost, på grunn av kravet til framsendingstid. Departementet fastsette i forkant av valet i 2019 på bakgrunn av omlegginga endringar i valforskrifta § 27, slik at førehandsstemmer ikkje skal sendast som brevpost torsdagen, fredagen eller laurdagen før valdagen.

På bakgrunn av forskriftsendringa gjekk Valdirektoratet til anskaffing av ei forsendingsavtale som alle kommunar kunne nytte seg av. Posten Noreg AS leverte det einaste tilbodet, og direktoratet inngjekk avtale med tilbydaren. Avtalen innebar at alle kommunar kunne få henta førehandsstemmer fredag og laurdag før valdagen, som blei sende med bedriftspakke over natta eller ekspresspost. Desse pakkene har ei framsendingstid på to dagar, noko som skulle sikre at stemmene kom fram til valstyret i heimkommunen til veljaren innan kl. 17 dagen etter valdagen. Kommunane var ikkje forplikta etter valforskrifta til å nytte seg av forsendingsavtalen. Avtalen blei evaluert, og både Valdirektoratet og kommunane var fornøgde med ordninga.

Stortinget vedtok i 2019 endringar i kravet til tal på omdelingsdager frå fem dagar i veka til annankvar dag i ein to vekers syklus, det vil seie tre dagar den eine veka og to dagar den andre, jf. Prop. 102 L (2018–2019). Sjølv om Samferdselsdepartementet i proposisjonen viste til at endringa i talet på omdelingsdager i liten grad kjem til å påverke framsending av førehandsstemmer, meiner departementet det er større risiko for feil og forseinkingar dersom førehandsstemmene som er mottatt måndag til onsdag den siste veka før valdagen, blir sende med ordinær postgang.

På bakgrunn av erfaringane frå valet i 2019 og endringane i postlova før stortings- og sametingsvalet i 2021 anbefalte Valdirektoratet å utvide talet på dagar med ekspress-sending frå torsdag og fredag før valdagen til heile den siste veka i førehandsstemmeperioden. Det inneber at ingen førehandsstemmer skal sendast med ordinær brevpost i perioden måndag til fredag den siste veka før valdagen. Departementet støtta anbefalinga frå Valdirektoratet, og foreslo i høyringsnotatet at perioden for ekspress-sending vert utvida.

Alle høyringsinstansane som uttalte seg, støtta forslaget til departementet. Fleire kommunar viste til at dei hadde gode erfaringar med bruk av avtalen ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Kommunane streka under at dei forutset at Valdirektoratet dekker dei ekstra kostnadane.

Vallovutvalet har diskutert problemstillinga, og meiner samla sett at ein eigen distribusjonsavtale vil vere det mest formålstenlege tiltaket for å unngå at førehandsstemmer kjem for seint fram.

På bakgrunn av den breie tilslutninga og anbefalingane frå Valdirektoratet og vallovutvalet, fastsette departementet endringar i valforskrifta 20. november 2020. Valdirektoratet vil få i oppdrag å inngå ei ny avtale om ekspress-sending i forkant av stortings- og sametingsvalet i 2021.

7.4 Elektronisk utsending av valkort

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 blei det gjort forsøk med elektronisk utsending av valkort i nokre utvalde kommunar. Totalt 18 kommunar deltok i forsøket: Bergen, Bodø, Fredrikstad, Færder, Gjøvik, Gloppen, Grimstad, Hamar, Hå, Lillesand, Skaun, Skien, Stjørdal, Tromsø, Ulstein, Vadsø, Vanylven og Vågan.

Alle med stemmerett som var innførte i manntalet i dei utvalde kommunane, og som ikkje stod oppførte som reserverte i registeret over digital kontaktinformasjon og reservasjon, fekk tilgang til valkortet elektronisk. Unntaket var dei som ikkje hadde oppdatert opplysningar om seg sjølve eller stadfesta at opplysningane i registeret over digital kontaktinformasjon og reservasjon var korrekte dei siste 18 månadane. Desse fekk tilsendt valkortet på papir, saman med dei som hadde reservert seg.

Valkortet blei tilgjengeleg for dei med stemmerett ved innlogging på internettsida til Valdirektoratet. Valkortet blei sende elektronisk til den digitale postkassa for dei med stemmerett som hadde oppretta slik postkasse. Veljarane blei varsla med SMS om at dei hadde fått valkortet.

Valdirektoratet har fått gjennomført ei evaluering av forsøket med elektronisk utsending av valkort. Tre av fire spurde veljarar ønsker å få valkortet tilsendt elektronisk ved neste val. Av alle kommunane som svarte på departementet si valgjennomføringsundersøking etter valet, svarte fleirtalet at dei er positive eller svært positive til ordninga med digitale valkort. Fleirtalet av kommunane som deltok i forsøket, oppgav at veljarar hadde behov for rettleiing og informasjon om det digitale valkortet i vallokalet. Dei opplevde òg stor pågang frå veljarar som hadde spørsmål om det digitale valkortet før valgjennomføringa.

Vallovutvalet ser positivt på å innføre elektronisk utsending av valkort, og viser til at elektronisk utsending vil vere i tråd med forvaltningslova § 15 a, som fastslår at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen.

Departementet ser mange fordelar ved ordninga. Det digitale valkortet kan nå fleire veljarar, reduserer kostnadene til produksjon og utsending, og har miljømessige konsekvensar i form av redusert bruk av papir og distribusjon. Valkortet vil i større grad vere tilgjengeleg for veljarar med nedsett funksjonsevne i tråd med CRPD artikkel 29 bokstav a og CRPD-komiteen sine anbefalingar til Noreg om at alt materiell som nyttast ved val er tilgjengeleg. Ei elektronisk utsending er òg i tråd med digitaliseringsrundskrivet, som stiller krav om bruk av digital postkasse for utsending av post til innbyggarar som har valt digital postkasse, og som ikkje har reservert seg. Departementet foreslo derfor i høyringsnotatet at valkort blir sende elektronisk til alle med stemmerett som er innførte i manntalet, og som er busette innanriks, med unntak av Svalbard og Jan Mayen. Fleirtalet av høyringsinstansane støtta forslaget eller hadde ikkje nokon merknader til forslaget. Einskilde kommunar og KS meinte ein burde vere forsiktig med å innføre noko som krev så mykje rettleiing og informasjon på noverande tidspunkt. Dei viste til usikkerheita rundt den pågåande pandemien, og frykta at digitale valkort vil ta mykje tid og ressursar både i perioden fram mot valet og i sjølve vallokalet. Fleire instansar streka òg under viktigheita av at Valdirektoratet sørger for god informasjon til veljarane og kommunane.

Departementet vedtok 20. november 2020 ei ny føresegn i valforskrifta som fastslår at valkort blir sende elektronisk til alle med stemmerett som er innførte i manntalet og som er busette innanriks, med unntak av Svalbard og Jan Mayen. Personar med stemmerett som er busette utanriks, på Svalbard eller på Jan Mayen, får ikkje tilsendt valkort elektronisk. Føresegna vil gjelde frå stortingsvalet i 2021. Departementet vidarefører unntaka frå forsøket, slik at enkelte veljarar framleis vil få valkortet tilsendt på papir.

Valdirektoratet er ansvarleg for at kommunar og veljarar får tilstrekkeleg opplæring og informasjon i samband med innføringa av digitale valkort. Kommunane må rekne med at dei får fleire spørsmål om valkort frå veljarar enn normalt, både i forkant av valet og i vallokalet.

7.5 Endringar i forskrift om val til Sametinget

Departementet har vedtatt endringar i valforskrifta som inneber at førehandsstemmer skal sendast på ein raskare måte enn med vanleg brevpost den siste veka i førehandsstemmeperioden. Dette sikrar at så mange førehandsstemmer som mogleg kjem fram til kommunane innan fristen for godkjenning. I høyringsnotatet foreslo departementet ei tilsvarande endring i forskrift om valg til Sametinget § 43 åttande og niande ledd.

I høyringsnotatet foreslo departementet også at utgiftene til oppteljingsvalstyra som blir dekte av statskassa, bør aukast i samsvar med konsumprisindeksen.

Departementet meiner at dei same reglane for assistanse for veljarar som på grunn av psykisk og fysisk funksjonsnedsetting ikkje kan stemme aleine, bør gjelde ved sametingsval som ved stortingsval og lokalval, og foreslo i høyringsnotat ei tilsvarande endring i forskrift om valg til Sametinget § 50 fjerde ledd.

Departementet tar sikte på å vedta desse endringane i forskrifta etter at Stortinget har behandla forslaga til endringar i vallova.

8 Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019

8.1 Innleiing

Departementet gjennomfører evalueringar av valgjennomføringa etter kvart val. I kapittelet omtalast evalueringane som blei gjennomført ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Departementet gjer også greie for regjeringa si arbeidsgruppe for å styrke motstandsdyktigheita mot påverknad ved val, som starta opp i forkant av valet 2019.

8.2 Evaluering av valgjennomføringa

8.2.1 Om evalueringa

På oppdrag frå departementet har Oslo Economics gjennomført ei evaluering av Valdirektoratets tenester til kommunar og fylkeskommunar ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019. Formålet med evalueringa er å belyse om Valdirektoratet har løyst oppgåvene sine på ein formålstenleg måte, og å få kartlagt korleis kommunane vurderer tenestene direktoratet leverer til dei. Evalueringa gjeld bruken av valadministrasjonssystemet EVA, opplæring av valansvarlege, brukarstøtte til kommunar og fylkeskommunar og informasjonsarbeidet til Valdirektoratet. Oslo Economics har samtidig gjennomført ei undersøking som samlar inn informasjon og statistikk om den praktiske gjennomføringa i kommunane og fylkeskommunane (valgjennomføringsundersøkinga). Formålet med denne undersøkinga er mellom anna å få tidsseriedata om korleis kommunane gjennomfører valet. Funna blir også brukte som innspel til eventuelle forslag til endringar i regelverket på valområdet. Rapportane frå begge undersøkingane finst på nettsidene til departementet.

8.2.2 Stor tilfredsheit med tenestene til Valdirektoratet

Evalueringa viser at over 90 prosent av kommunane er fornøgde eller svært fornøgde med tenestene Valdirektoratet har levert før og under gjennomføringa av valet. Den samla tilfredsheitsscoren for alle tenestene og løysingane er 4,3 på ein skala frå 1 til 5.

EVA Admin, som er ein del av valadministrasjonssystemet EVA, får særleg høg score. Systemet blir brukt til ei rekke oppgåver i den administrative gjennomføringa av valet (grunnlagsdata, listeforslag, manntal, mottak av førehandsstemmer, elektronisk avkryssing på valdagen, valoppgjer etc.). Respondentane i undersøkinga gir EVA Admin ein score på 5,4 på ein skala frå 1 til 6.

Eit stort fleirtal av respondentane har oppgitt at kvaliteten på tenestene til Valdirektoratet har blitt betre sidan det førre valet. Kommunane gir mellom anna ein høgare score for opplæringa i 2019 enn ved evalueringa av stortingsvalet i 2017.

Evalueringa viser at tilfredsheita når det gjeld EVA Skanning, har gått noko ned samanlikna med evalueringa i 2017. EVA Skanning er programvara som blir brukt til gjennomføring av maskinell oppteljing. Fleire kommunar gav tilbakemelding om at dei meiner tolkingsmotoren i løysinga bør forbetrast. Kommunane opplevde at fleire stemmesetlar enn forventa måtte tolkast manuelt av ein valmedarbeidar i staden for at tolkingsmotoren gjorde dette. Mange kommunar gav også tilbakemelding om at programvara ikkje var tilstrekkeleg testa og kvalitetssikra i direktoratet.

8.2.3 Funn frå valgjennomføringsundersøkinga

Valgjennomføringsundersøkinga gir departementet nyttige data om korleis kommunane gjennomfører valet lokalt. Spørsmåla i denne undersøkinga er ikkje knytte til tenestene til Valdirektoratet, men dreier seg om lokal organisering av valet og andre praktiske spørsmål.

I 2019 blei kommunane stilt spørsmål mellom anna om avtalen med sending av førehandsstemmer, digitale valkort, kommunesamanslåing og manuell oppteljing av stemmesetlar. Erfaringa med bruk av digitale valkort er omtalt i kapittel 7.4.

Sending av førehandsstemmer

Nesten alle kommunane var fornøgde med bruken av avtalen Valdirektoratet inngjekk med Bring om ekspress-sending av førehandsstemmer.

Kommunesamanslåing

Kommunane blei i undersøkinga spurde om samarbeidet om valgjennomføringa mellom kommunar som skal slå seg saman, fungerte bra. Det var berre tre kommunar som svarte at samarbeidet var dårleg eller svært dårleg. Det var derimot elleve kommunar som svarte at samanslåinga skapte store eller svært store utfordringar. Dei peikte da på at valorganisasjonane hadde ulik kultur og ulike rutinar, og at det var store avstandar og mange vallokale.

Manuell foreløpig oppteljing av stemmesetlar

24 prosent av kommunane som svarte på undersøkinga, har oppgitt at manuell oppteljing har vore utfordrande å innfri. Fleire store kommunar er representerte i denne kategorien. Dei trekker fram at det krev betydelege menneskelege ressursar, tid og plass. Enkelte kommunar meiner i tillegg at manuell teljing bidrar til mistillit til valsystemet, fordi det alltid vil vere til dels betydelege avvik mellom manuell og maskinell teljing. Samtidig svarer 74 prosent av kommunane at dette kravet ikkje var utfordrande å innfri.

8.2.4 Oppfølging av evalueringane

Departementet gav Valdirektoratet i tildelingsbrevet for 2020 i oppdrag å følge opp evalueringa av gjennomføringa av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 og sametingsvalet i 2017 innanfor alle tenesteområda til direktoratet. Forslag til oppfølging av evalueringane blei sende til departementet i februar 2020. Direktoratet har gått igjennom alle evalueringane og vurdert funna opp mot dei aktuelle tenestene. Direktoratet opplyser om at dei vil prioritere å forbetre programvara for skanning av stemmesetlar, større sikkerheit i dataløysingane og vidareutvikling av informasjonstiltak.

8.3 Tiltaksplan for å styrke motstandsdyktigheita mot utanlandsk påverknad

Regjeringa oppretta i forkant av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 ei breitt samansett arbeidsgruppe med mandat til å utarbeide ein tiltaksplan for å styrke motstandsdyktigheita mot påverknadskampanjar og hybride truslar mot valgjennomføringa. Arbeidsgruppa blei leia av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hadde representantar frå Forsvarsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Utanriksdepartementet, Valdirektoratet, Politiets sikkerheitsteneste (PST), Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM), Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB), Etterretningstenesta (E-tenesta) og Medietilsynet.

Regjeringa lanserte i juni 2019 ein tiltaksplan med ti tiltak som skulle styrke motstandsdyktigheita mot slike truslar i valgjennomføringa. Planen blei utarbeidd med utgangspunkt i det gjeldande trusselbiletet. Blant tiltaka var utlysinga av eit forskingsoppdrag om kartlegging av utanlandsk informasjonspåverknad under valet. Kommunal- og moderniseringsdepartementet inngjekk kontrakt med SINTEF, som leverte rapporten i november 2019. SINTEF baserte undersøkingane sine på opne kjelder og gjennomførte ein systematisk analyse av nokre utvalde digitale plattformer. Rapporten viser at dei ikkje fann nokon klare teikn til utanlandsk påverknad ved kommunestyre- og fylkestingsvalet på dei utvalde plattformene. Eit anna tiltak som ble gjennomført, var ein kampanje frå Medietilsynet om korleis befolkninga kan avdekke falske nyheiter, og ein kvalitativ studie av politisk påverknad av førstegongsveljarar på sosiale medium. I tillegg blei det sendt ut ein brosjyre til alle listekandidatar ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i juli 2019. Brosjyren gav konkrete tips for å unngå påverknad og hindre at informasjon kjem på avvegar. Brosjyren blei utarbeidd av NSM, Etterretningstenesta og PST, og var ein revidert versjon av brosjyren som blei send ut ved stortingsvalet i 2017.

Arbeidet med å ivareta og styrke sikkerheita i valgjennomføringa blir vidareført fram mot stortings- og sametingsvalet i 2021. Deltakarane i arbeidsgruppa har meldt at den tverrdepartementale dialogen er styrkt, og at dei no er betre rusta til å kunne bidra til ein meir koordinert respons dersom uønskte hendingar skulle inntreffe. Arbeidsgruppa er vidareført med eit revidert mandat, og vil jobbe vidare for å styrke motstandsdyktigheita mot påverknad fram mot stortingsvalet i 2021. Gruppa vil foreslå nye tiltak dersom det er behov for det.

9 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om endring av føresegna om plikta til å stå på liste ved stortingsval inneber ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar av vesentleg grad.

Forslaget om endringar i føresegnene om assistanse ved stemming for veljarar med alvorleg psykisk eller fysisk funksjonsnedsetting vil krevje grundig opplæring frå både Valdirektoratet og kommunane. Det vil og krevje oppdatering av rettleiingsmateriell. Opplæring og informasjon er ei fast oppgåve for Valdirektoratet, som gjennom sitt ordinære opplærings- og informasjonsarbeid må sørge for at veljarane og kommunane har kunnskap om retten til assistanse for denne veljargruppa. Kommunane har og ei plikt til å sørge for at alle stemmestyra får informasjon og opplæring om vallova. Departementet reknar derfor med at forslaget vil ha små økonomiske konsekvensar.

Departementet foreslår å oppheve føresegna om at valkort frå førehandsstemminga skal sendast frå kommunane til fylkeskommunane. Forslaget inneber ei forenkling for kommunane, men etter departementet si vurdering vil forslaget føre til små økonomiske og administrative innsparingar for kommunane.

10 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 3-2 første ledd bokstav c

Føresegna er ny og gir ein generell rett til å krevje fritak frå å stå på ei valliste ved stortingsval uavhengig av årsak. Personar som har gitt ei skriftleg erklæring om at vedkommande ikkje ønsker å stå på ei valliste, skal strykast frå lista. Føresegna svarar til vallova § 3-4 første ledd om rett til å krevje fritak frå å stå på ei valliste til fylkestingsval og kommunestyreval.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 4.5.

Til § 8-4 åttande ledd

Føresegna gjer endringar i retten til assistanse ved førehandsstemminga. For å ha rett til assistanse etter føresegna, må den stemmeføre ha psykisk eller fysisk nedsett funksjonsevne. Personar som ikkje er omfatta av retten til assistanse etter føresegna her, vil likevel ha krav på rettleiing frå ein valmedarbeidar om korleis ein stemmer. Rettleiinga vil ikkje omfatte bistand til sjølve valhandlinga inne i valavlukket. Valmedarbeidaren kan gi rettleiinga om framgangsmåten for å stemme inne i valavlukket, for deretter å forlate avlukket slik at den som skal stemme kan gjere sine val i einerom.

Føresegna vidarefører kravet om at den som har rett på assistanse, sjølv skal peike ut hjelparen. At veljaren sjølv må ta initiativ til å få hjelp, reduserer risikoen for situasjonar der veljaren kan bli utsett for utilbørleg påverknad.

Veljaren kan etter føresegna velje om vedkommande vil få hjelp av ein stemmemottakar eller ein annan person som han eller ho sjølv veljar. Dette er ei endring i gjeldande rett.

Kravet om at stemmemottakar pliktar å opplyse hjelparen om at han eller ho har teieplikt om kva veljaren som mottar assistanse stemmer, blir vidareført.

Føresegna presiserer kven som skal avgjere om den stemmeføre har rett til assistanse. Det kan oppstå situasjonar der stemmemottakarane er ueinige om veljaren oppfyller vilkåra for å ta imot hjelp. Det er etter føresegna nok at ein av stemmemottakarane meiner vilkåra for å få rett til assistanse er oppfylte.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 5.6.

Til § 9-5 femte ledd

Føresegna gjer endringar i retten til assistanse på valtinget og svarar til endringane i vallova § 8-4 åttande ledd. Sjå merknadane til denne føresegna.

Føresegna slår vidare fast at stemmestyret avgjer om ein person har krav på assistanse i tilfelle der eit medlem av stemmestyret eller ein valfunksjonær på valtinget meiner at ein veljar ikkje oppfyller krava til å få assistanse. Ved avgjerd om den stemmeføre oppfyller krava til assistanse, skal ein eventuell tvil kome vedkommande til gode. Det vil vere meir uheldig å nekte slik hjelp til ein veljar som har behov for ein eigen hjelpar enn å tillate at ein veljar som ikkje treng særskilt hjelp, får det.

Sjå elles dei alminnelege motiva i punkt 5.6.

Til § 10-8 bokstav c

Føresegna blir oppheva. Det inneber at valstyret ikkje lenger skal oversende alle valkort frå førehandsstemminga til fylkesvalstyret.

Til ikraftsetjing

Dei endra reglane vil bli anvende for første gong ved stortingsvalet i 2021. Av omsyn til føreseielegheit om kva for reglar som gjeld ved valet og opplæringa av valansvarlege og valmedarbeidarar i kommunane og fylkeskommunane, foreslår departementet at lovendringane trer i kraft straks.

Tilråding

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i vallova (assistanse ved stemming).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak til lov om endringar i vallova (assistanse ved stemming) i samsvar med eit vedlagt forslag.

Forslag
til lov om endringar i vallova (assistanse ved stemming)

I

I lov 28. juni 2002 nr. 57 om valg til Stortinget, fylkesting og kommunestyrer blir det gjort følgjande endringar:

§ 3-2 første ledd bokstav c skal lyde:

  • c) den som har avgitt skriftlig erklæring om at vedkommende ikke ønsker å stå på den aktuelle valglisten.

§ 8-4 åttande ledd skal lyde:

(8) En velger som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsettelse ikke kan stemme alene, kan etter eget ønske få hjelp av en stemmemottaker eller en annen person som velgeren selv peker ut. En stemmemottaker skal gjøre hjelperen oppmerksom på at vedkommende har taushetsplikt. En stemmemottaker avgjør om velgeren oppfyller kravene til å motta hjelp.

§ 9-5 femte ledd skal lyde:

(5) En velger som på grunn av psykisk eller fysisk funksjonsnedsettelse ikke kan stemme alene, kan etter eget ønske få hjelp av en stemmemottaker eller en annen person som velgeren selv peker ut. En stemmemottaker skal gjøre hjelperen oppmerksom på at vedkommende har taushetsplikt. Hvis et stemmestyremedlem eller en valgfunksjonær på valgtinget mener at velgeren ikke oppfyller kravene til å motta hjelp, avgjør stemmestyret om velgeren oppfyller kravene.

§ 10-8 første ledd bokstav c blir oppheva. Noverande første ledd bokstav d til f blir første ledd bokstav c til e.

II

Lova tek til å gjelde straks.