Prop. 125 S

(2020–2021)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Endringar i kostnadsrammer for samlokaliseringsprosjektet ved Campus Ås

Tilråding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet 26. mars 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)

1 Innleiing

Kommunal- og moderniseringsdepartementet gjer i denne proposisjonen framlegg om auka kostnadsrammer for byggjeprosjektet og brukarutstyrsprosjektet ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Veterinærinstituttet.

2 Framlegg til endringar

2.1 Kostnadsramma for byggjeprosjektet

Stortinget vedtok nybygg for det nye universitetet på Ås og Veterinærinstituttet i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013, jf. Prop. 149 S (2012–2013) og Innst. 470 S (2012–2013). Ved handsaminga av Prop. 20 S (2018–2019) Endringer av statsbudsjettet 2018 for Kommunal- og moderniseringsdepartementet, jf. Innst. 118 S (2018–2019) vart indeksjustert kostnadsramme auka med 150 mill. kroner til 7 203,8 mill. kroner i prisnivå per 1. juli 2018. Prosjektet var då planlagt ferdig 1. halvår 2020. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2019–2020), jf. Innst. 16 S (2019–2020), vart kostnadsramma auka med 681,7 mill. kroner til 8 015 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2020. Ved handsaminga av Prop. 1 S (2020–2021), jf. Innst. 16 S (2020–2021) vart kostnadsramma auka med 335 mill. kroner til 8 350 mill. kroner i prisnivå per 1. juli 2021.

Pandemien gjer at framdrifta i prosjektet er forseinka. Reglar som avgrensar innreise og krav om auka avstand på byggjeplass seinkar framdrifta, testinga og dei avsluttande arbeida på byggjeprosjektet. Dette gjer at prosjektet får auka kostnadar. Innflyttinga tok til i desember 2020 og vert avslutta i 2. kvartal 2021. Regjeringa gjer framlegg om å auke kostnadsramma for prosjektet med 150 mill. kroner til 8 500 mill. kroner i prisnivå pr 1. juli 2021 for å ha naudsynte midlar til å gjere prosjektet ferdig. Regjeringa kjem attende til Stortinget med framlegg til finansiering av dei auka kostnadane i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2021.

2.2 Kostnadsramma for brukarutstyrsprosjektet

Ved handsaminga av statsbudsjettet for 2015 vedtok Stortinget ei kostnadsramme på 1 080 mill. kroner for brukarutstyr til det nye universitetet på Ås og til Veterinærinstituttet, jf. Prop. 1 S og Innst. 16 S (2014–2015). Indeksjustert kostnadsramme er no 1 220 mill. kroner. Pandemien og reglar som avgrensar innreise gjer leveringa av brukarutstyr forseinka. Montering, testing og klargjering av brukarutstyret er forseinka. Regjeringa gjer difor framlegg om å auke kostnadsramma med 25 mill. kroner til 1 245 mill. kroner. Regjeringa kjem attende til Stortinget med framlegg til finansiering av dei auka kostnadane i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2021.

Tilråding

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om endringar i kostnadsrammer for samlokaliseringsprosjektet ved Campus Ås.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bedt om å gjere vedtak om endringar i kostnadsrammer for samlokaliseringsprosjektet ved Campus Ås i samsvar med eit vedlagt forslag.

Forslag
til vedtak om endringar i kostnadsrammer for samlokaliseringsprosjektet ved Campus Ås

I

Kostnadsramma for byggjeprosjektet ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Veterinærinstituttet

Stortinget samtykkjer i at kostnadsramma for byggjeprosjektet ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Veterinærinstituttet vert auka til 8 500 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2021.

II

Kostnadsramma for brukarutstyr til byggjeprosjekt ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Veterinærinstituttet

Stortinget samtykkjer i at kostnadsramma for brukarutstyr for Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Veterinærinstituttet vert auka til 1 245 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2021.