Prop. 108 L

(2019–2020)
Proposisjon til Stortinget (forslag til lovvedtak)

Lov om språk (språklova)

Tilråding frå Kulturdepartementet 12. mai 2020, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I denne proposisjonen legg Kulturdepartementet fram forslag til lov om språk. Framlegget skal erstatte den gjeldande mållova (lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste) og inneheld også framlegg til nye føresegner om språk i Noreg.

Med denne proposisjonen vil regjeringa leggje grunnlaget for ein offensiv språkpolitikk som omfattar dei språka den norske staten har ansvar for. Eit hovudmål med språkpolitikken er å sikre norsk som hovudspråket i Noreg, som samfunnsberande språk for heile landet, og som forvaltningsspråk i alle sektorar. Regjeringa skal bidra til å verne og fremje samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

Analysen som ligg til grunn for proposisjonen, er at engelsk utgjer eit press mot det norske språket på fleire sentrale samfunnsområde. Derfor er det nødvendig med ei lovfesting av norsk språk og å klargjere statusen for dei andre språka den norske staten har ansvar for.

Proposisjonen er bygd opp i to hovuddelar, ein meldingsdel (punkt 2–10) og ein lovdel (punkt 11–19).

I meldingsdelen gjer regjeringa greie for nasjonale mål for språkpolitikken og grunngjev kvifor språkpolitikken er sektorovergripande. Det blir gjort greie for korleis det å tilføre ein språkdimensjon til ulik sektorpolitikk i mange tilfelle vil bidra til at politikkutforminga blir meir treffsikker og får ei breiare legitimering.

Denne delen av proposisjonen tek for seg felt som er strategisk viktige for at norsk også i framtida skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk. Meldingsdelen gjev ikkje eit komplett oversyn over den språkpolitiske statusen og aktuelle problemstillingar på alle samfunnsområde, men områda som blir behandla, er tverrgåande og relevante for samfunnet som heilskap. Dette omfattar det offentlege sitt ansvar for språk, språkdimensjonen i IKT-politikken, å sikre eit norskspråkleg kultur- og medietilbod, verdien av god norskopplæring og utvikling av norsk fagspråk. Behovet for ein sektorovergripande språkpolitikk for norsk teiknspråk blir understreka.

Med proposisjonen ønskjer regjeringa å stadfeste og styrkje det sektorovergripande prinsippet i språkpolitikken. Tyngda ligg på å få til strukturelle tiltak for å verne og fremje språka. Det viktigaste tiltaket er eit framlegg til ei ny, heilskapleg språklov.

I lovdelen er føremålet å lovfeste statusen til norsk språk og å definere statusen til samiske språk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk (kvensk, romani, romanes), dvs. dei språka som staten etter internasjonale avtalar har eit ansvar for. Føremålet er også å slå fast det ansvaret det offentlege har for dei nemnde språka. Kulturdepartementet føreslår å vidareføre dei fleste av reglane i mållova. Nokre reglar blir etter forslaget til ny lov justerte, andre blir presiserte.

Lovforslaget femner om viktige element i ein heilskapleg språkpolitikk, der både ulike språklege fleirtal og mindretal blir tekne omsyn til. Framlegget til språklov er eit uttrykk for at språk treng konkret og symbolsk institusjonell støtte for å ha gode levevilkår. Det gjeld majoritetsskriftspråket bokmål, det gjeld nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket, og det gjeld samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Fellesspråket norsk treng vern, og det norske mindretalsskriftspråket nynorsk og dei andre språka Noreg har ansvar for, treng mindretalsvern. Framlegget til språklov er eit formelt uttrykk for at den norske staten er fleirspråkleg i dag og bør vere det i framtida.

Framlegget til språklov er meint som eit kulturpolitisk instrument. Lova skal bidra til å sikre god og systematisk forvaltning og bruk av det fremste kulturuttrykket vårt – språket – i alle sektorar. Framlegget til språklov er av offentlegrettsleg karakter, og legg ansvar for språkbruk på det offentlege, som del av tenestytinga mellom det offentlege og borgarane. Dei delane av lova som sikrar bruk av nynorsk og bokmål, utgjer ei særlovgjeving, som samtidig sikrar konkrete individuelle språkrettar.

Lovforslaget som heilskap er meint å sikre oppfølging av språkpolitikken som sektorovergripande. Tiltaka i meldingsdelen (punkt 2–10) og framlegg til reglar i språklova som gjeld samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, er ein del av dette sektorovergripande ansvaret for språk, som med framlegget til språklov blir lovfesta.

Departementet meiner at lovforslaget samla sett balanserer omsynet til forenkling, effektivitet og smidigheit i arbeidet hos statsorgana og fylkeskommunane med omsynet til å fremje jamstilling av dei to skriftspråka bokmål og nynorsk, og å styrkje nynorsk som det minst bruka skriftspråket.

Proposisjonen inneheld òg eit lovforslag for å rette opp ein inkurie i lov av 16. juni 2017 nr. 50 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda § 10 fjerde ledd.

2 Språket – kulturberar, identitet og infrastruktur

2.1 Innleiing

Regjeringa vil føre ein offensiv språkpolitikk for å utvikle og tryggje språk som kulturberar, samfunnsinfrastruktur og uttrykk for identitet.

Kvart einaste språk er ein kulturell rikdom. Kulturmeldinga, Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida, slår fast at språket er den fremste beraren og formidlaren av kultur, historie og identitet. Kultur og språk er knytte uløyseleg saman. Noreg har eit særskilt ansvar for norsk, både bokmål og nynorsk, norsk teiknspråk, samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka. Desse språka er ein grunnleggjande del av kulturen og identiteten til den enkelte språkbrukaren, både dei som har eitt av desse språka som morsmål og førstespråk, og dei som er to- eller fleirspråklege. Norsk er den identitetsmarkøren som i sterkast grad knyter alle som bur i landet, saman. Språk skapar samhald og fellesskap. Språk ber kulturarven vår, gjev oss identitet og ei kjensle av å høyre til.

Språk er den viktigaste fellesmarkøren vi har. Vi er historia vår, og vi er samtida vår, og det å forstå både historia og samtida gjer oss i stand til å forme ei felles framtid. Ikkje for at vi alltid skal vere einige om alt, men nettopp fordi språket er ein fellesnemnar, og eit utgangspunkt, for diskusjonar og samtalar som utviklar samfunnet vidare.

Norsk er fellesspråket i Noreg. Det er dette språket som i hovudsak blir nytta i forvaltninga, i offentleg tenesteyting, i utdanningssystemet, i arbeidslivet og i det sivile samfunnet. Alle som bur i Noreg, vil på eitt eller anna tidspunkt ha behov for å bruke norsk. Med framlegget til språklov vil regjeringa formalisere og lovfeste statusen til norsk som eit fellesspråk som skal kunne brukast på alle samfunnsområde og i alle samanhengar. Norsk språk har til no ikkje hatt ein slik formell status. Lovfestinga er viktig for å sikre norsk språk ein sterk posisjon i framtida. Samstundes slår ho fast og vørder den kulturelle rikdommen norsk språk utgjer for Noreg og for verdssamfunnet.

Gjennom å meistre fellesspråket får innbyggjarane tilgang til store og små fellesskap, demokratiske prosessar, barnehage, skule, utdanning og arbeidsliv, helse- og omsorgstenester osb. Å sikre kvar enkelt tilgang til eit fellesspråk handlar såleis om myndiggjering, deltaking og demokrati. Det handlar òg om den retten individet har til å kunne ta informerte val og forvalte rettar og plikter for seg og sine. Når det politiske ordskiftet og den offentlege debatten skjer på eit språk folk flest meistrar, opnar det for brei deltaking og hindrar at viktige debattar som vedkjem alle, berre går føre seg i lukka krinsar. Klarer vi ikkje å skape opne og tilgjengelege samtalar og møteplassar, vil dette svekkje demokratiet. Norsk språk som ytringsfellesskap er såleis ein del av ein demokratisk infrastruktur, jf. «infrastrukturkravet» i Grunnlova § 100 sjette ledd: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.» Det vil seie at staten aktivt skal medverke til at det faktisk blir mogleg for individ og grupper å ytre seg, og at det er eit statleg ansvar å byggje opp eit offentleg rom med kanalar og institusjonar som fremjar ein open og offentleg samtale.

Det er naudsynt at det norske fellesskapsspråket blir halde i hevd, slik at språket kan vere i bruk på alle samfunnsområde. Det stiller krav til at vi har ein språkpolitikk som er verksam i alle samfunnssektorar. Språklege omsyn skal vere med i politikkutforminga på ei lang rekkje område, som i utdanningssektoren, mediesektoren, helsesektoren, IKT-politikken og rettsstellet. Språklege omsyn må òg ha forrang framfor kortsiktige økonomiske og praktiske omsyn der det er naudsynt.

Fleirspråklegheit er eit gode både for den enkelte og for samfunnet. Det er eit breitt kulturelt og språkleg mangfald i Noreg i dag. Det vitnar om eit ope samfunn og eit sterkt demokrati, som ikkje berre tolererer, men òg stimulerer til mangfald. Det levande språklege mangfaldet i Noreg heng saman med høg grad av ytringsfridom og toleranse i samfunnet. Språkleg fridom inneber at enkeltmenneske får høve til å uttrykkje seg på førstespråket sitt og på fellesspråket norsk.

Eit rikt språkleg mangfald og eit sterkt fellesspråk er ikkje motsetnader. Det er heilt nødvendig å meistre norsk språk for å klare seg godt i det norske samfunnet. Samstundes er det viktig for kvar enkelt å kunne hegne om og utvikle sin eigen språklege identitet og ta del i dei språklege fellesskapane ein høyrer til. Det språklege mangfaldet utviklar og øver oss i toleranse, som er ein viktig stolpe i det demokratiske samfunnet. Eit sterkt fellesspråk bidreg til demokratiet ved å gjere det mogleg å møtast på tvers av individuelle ulikskapar. Fellesspråket er ein føresetnad for ein offentleg samtale der innbyggjarane står på like fot, og det fungerer som eit lim i samfunnet og motverkar fragmentering og polarisering.

Dialektvariasjonen er ein del av det språklege mangfaldet i Noreg, og det er høg aksept for bruk av dialekt. Dialektmangfaldet er uttrykk for språkleg toleranse og demokrati. Noreg er eitt av få land i Europa med ein så liberal språkkultur. Denne verdien skal vi ta vare på.

Norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk er språk med lang tilknyting til Noreg. Å ta vare på desse språka er ein del av Noregs bidrag til å verne om det kulturelle og språklege mangfaldet i verdssamfunnet. Grunnlova § 108 pålegg staten å leggje forholda til rette slik at samane kan verne og utvikle språket sitt, kulturen og samfunnslivet. I samelova er det fastsett at norsk og samisk er likeverdige språk, og dei er jamstilte språk etter kapittel 3 i samelova. Gjennom å ratifisere den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta) anerkjente Noreg samiske språk, kvensk, romanes og romani som «et uttrykk for kulturell rikdom» (artikkel 7, paragraf 1a). I framlegg til språklov er statusen til samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk definert. Det offentlege ansvaret for desse språka er slått fast.

Med nyare innvandring har det språklege mangfaldet i samfunnet vorte rikare. Opplæring i framandspråk i skulen og i høgare utdanning bidreg også til dette. Kunnskapar i fleire språk er nøkkelen til kommunikasjon med og forståing av andre kulturar. Både privat og offentleg sektor treng tilsette med gode språkkunnskapar og god kulturforståing for å kunne konkurrere og verke internasjonalt. Omsetjing frå andre språk sikrar at det norske samfunnet får impulsar utanfrå og bidreg til bruk og utvikling av språka i Noreg, samtidig som vi deltek i den globale kulturen og kunnskapsutviklinga. Fleirspråkleg kompetanse har med andre ord stor verdi, både for den enkelte og for samfunnet. Det er likevel ikkje tema for denne proposisjonen å utvikle politikk for andre språk enn dei staten Noreg har ansvar for.

Makttilhøva mellom språk er ikkje like. Små språk er utsette i møte med større språk. Sjølv om norsk er eit vitalt og relativt stort språk i verdssamanheng, er det på nokre område utsett for press frå verdsspråket engelsk. Dersom eit stort verdsspråk som engelsk tek fullstendig over nokre bruksområde frå eit lite, nasjonalt språk, vil det innebere mindre fleirspråklegheit og eit kulturelt tap. Sjølv om skriftspråka bokmål og nynorsk heilt sidan jamstillingsvedtaket i 1885 har vore formelt jamstilte, er mindretalsspråket nynorsk stadig utsett for press frå bokmål. Samiske språk og dei nasjonale minoritetsspråka er i storsamfunnet utsette for press frå norsk, og det same gjeld norsk teiknspråk. Ein av kjerneverdiane i eit liberalt samfunn som det norske er at fleirtalet tek omsyn til mindretalsinteressene. Dette inneber at Noreg treng ein målretta, ambisiøs og offensiv språkpolitikk som styrkjer norsk i møte med engelsk, samstundes som han styrkjer det språklege mangfaldet og dei språka vi har eit nasjonalt ansvar for.

Tillit, samhald og fellesskap er særtrekk ved dei nordiske samfunna. Den nordiske språkfellesskapen fremjar tillit og mobilitet og legg eit viktig grunnlag for utdanningsfellesskap og felles arbeidsmarknad. I tillegg vil den nordiske språk- og kulturfellesskapen gjere oss i stand til å løyse mange felles samfunnsutfordringar. For regjeringa er den nordiske språkforståinga ein umisteleg verdi.

Med språket kan vi diskutere og argumentere, men òg samlast og byggje verdifellesskap. Fellesskap om grunnleggjande rettar som ytringsfridom, likestilling og mangfald. Språket samlar oss, uavhengig av kven vi er, kor vi kjem frå, eller kor vi bur. Derfor legg regjeringa fram ei språklov for framtida.

2.2 Språkpolitiske mål

Regjeringa legg desse måla til grunn for språkpolitikken i åra som kjem:

Norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. I dette ligg det at norsk er eit rikt og levande språk som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Det offentlege skal ta eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk.

Bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk. Språkpolitikken skal fremje reell jamstilling mellom dei to skriftspråka. Det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka språket. Dette inneber at situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk blir vurdert særskilt, til dømes i politikkutvikling eller regelverksarbeid som gjeld norsk språk.

Noreg er eit samfunn som set fleirspråklegheit og dialektmangfald høgt. Det offentlege skal verne og fremje samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Språkpolitikken er eit sektorovergripande politikkområde og handlar om språk og språkbruk innanfor alle sektorar. Alle departement skal ta språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører eigen sektorpolitikk.

Retten til språk, også minoritetsspråk, er eit grunnvilkår i demokratiet. Innbyggjarane i Noreg skal ha tilgang til språk. Norsk språk er ein av stolpane i infrastrukturen som skal sikre innbyggjarane ytringsfridom.

Det norske språket skal vere eit godt bruks- og kulturspråk som utviklar seg i takt med samfunnet og kunnskapsutviklinga elles. Språkpolitikken skal bidra til at språkbrukarane kan meistre og vere stolte av språket sitt.

2.3 Bakgrunn

Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga) vart lagd fram i 2018. Hovudbodskapen i meldinga er at kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft, og at eit rikt og variert kulturliv er ein føresetnad for ytringsfridom og eit velfungerande demokrati. Kulturmeldinga slår altså fast at kultur er ytringar. Det statlege ansvaret for kulturpolitikken er forankra i infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd.

Kulturmeldinga peikar på kulturpolitiske utfordringar i lys av sentrale utviklingstrekk i samfunnet, som teknologisk utvikling, globalisering, demografiske endringar og utviklinga i samfunnsøkonomien. Ho skisserer den overordna politiske retninga for kulturpolitikken framover og slår fast at eit viktig mål for kulturpolitikken er å styrkje norsk som samfunnsberande språk.

Kulturmeldinga varslar at Kulturdepartementet vil

«[l]eggje fram ei språklov og språkmelding som grunnlag for å sikre at norsk språk held på posisjonen som eit fullverdig samfunnsberande språk i Noreg, og definere ansvaret for å verne og styrkje samisk, dei nasjonale minoritetsspråka og teiknspråk.»

I Innst. 258 S (2018–2019) til kulturmeldinga uttala fleirtalet i familie- og kulturkomiteen på Stortinget:

«Flertallet er positive til at meldingen anerkjenner rikdommen Norge har med to norske skriftkulturer og skriftspråk – nynorsk og bokmål. Flertallet mener at i arbeidet med den kommende språkloven og språkmeldingen er det viktig med målrettede tiltak som bedrer situasjonen for nynorsk og nynorskbrukerne, som er i mindretall.»

Granavollerklæringa, Politisk plattform for en regjering utgått av Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, slår fast:

«Språk er grunnlaget for tenking og samhandling, ein viktig del av kulturarven og ein føresetnad for deltaking i demokratiet. Regjeringa vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei offisielle språka i Noreg og dei to jamstilte målformene i norsk.»

Vidare står det i erklæringa at regjeringa vil

«[f]remje forslag om ei ny heilskapleg språklov som fører vidare prinsippa i lovverket i dag knytt til jamstilte målformer, teiknspråk og minoritetsspråk, og vurdere tiltak for å styrkje hovud- og sidemålsopplæringa for tidlege alderstrinn, og dessutan opne for lokale prøveordningar.»

I 2009 vart St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk behandla av Stortinget med grundige drøftingar av den norske språksituasjonen. Analysane og kunnskapsgrunnlaget i meldinga er framleis aktuelle. Men verda har endra seg sidan 2009, og strategien og tiltaka må justerast. Mål og meining gjorde til dømes greie for det nasjonale infrastrukturtiltaket som etablering av ein nasjonal språkbank ville vere. Og sjølv om språkbanken vart etablert i 2010, såg ein på den tida berre konturane av korleis språkteknologiske produkt ville få fotfeste i arbeidslivet og skulesektoren ti år seinare. Det var heller ikkje lett å spå for ti år sidan at teknologigigantar som Facebook, Google, Amazon og Microsoft skulle leggje så store føringar på medieutviklinga. Og sjølv om Mål og meining peika på høgare utdanning og forsking som den strategisk viktigaste samfunnssektoren når det gjeld å sikre stillinga til norsk språk som komplett og samfunnsberande, er den enkle oppsummeringa i dag at norsk i stadig mindre grad er bruka i høgare utdanning.

Ei overordna språklov vart først varsla i Mål og meining. Ein samla familie-, kultur- og administrasjonskomité slutta seg til at det er behov for ei klar lovforankring av språk i Noreg, jf. Innst. S. nr. 184 (2008–2009).

2.3.1 Innspel og underlag

I 2017 sette Språkrådet ned eit utval som fekk i oppdrag å peike ut område der det trengst ein særskild innsats for å sikre at norsk språk er i bruk på alle samfunnsområde i framtida. Utvalet skulle også gje innspel om kva som skal til for å sikre tilgang til og bruk av norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes. Utvalet har mellom anna jamført dagens situasjon med det biletet som vart teikna i Mål og meining. Departementet har bruka utvalet sin rapport Språk i Norge – kultur og infrastruktur i arbeidet med denne meldinga.

Språkrådets femte språkpolitiske statusrapport Språkstatus 2017 inneheld ein gjennomgang av status for dei språkpolitiske måla.

Departementet har motteke over 50 skriftlege innspel til meldingsarbeidet. Saman med høyringssvara til framlegg til ny språklov utgjer innspela eit viktig kunnskapsgrunnlag for meldinga. Innspela og høyringssvara vitnar om eit stort engasjement for språk og språkpolitikk. Så godt som alle innspela og høyringssvara er positive til språklova og ser behovet for å styrkje språkpolitikken med nye tiltak.

2.3.2 Konsultasjon med Sametinget

Departementet har konsultert Sametinget om tiltak i proposisjonen som kan påverke samane direkte, jf. Prosedyrer for konsultasjoner mellom statlige myndigheter og Sametinget. Sametinget har i tillegg fått høve til å gje innspel til arbeidet med proposisjonen. I konsultasjonane er det konstatert semje om omtalen av gjeldande politikk, gjeldande rett for samiske språk og framlegget til føresegner i språklova som gjeld samiske språk.

2.4 Tematiske avgrensingar

2.4.1 Samiske språk

Regjeringa vart våren 2018 samd med Sametinget om å samle dei fleste av løyvingane til Sametinget under eitt budsjettkapittel og éin budsjettpost i statsbudsjettet. Som ein del av denne semja har regjeringa også etablert ei ordning der det kvar vårsesjon skal leggjast fram ei melding til Stortinget om samepolitikken framover. Meldinga skal omtale utviklingstrekk for samiske språk, samisk kultur og samfunnsliv og tenestetilbodet til samiske innbyggjarar. I Meld. St. 31 (2018–2019) Samisk språk, kultur og samfunnsliv var språk eit viktig overordna tema.

Tilhøva for samiske språk vart grundig utgreidde i NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk. Utvalet fekk i oppgåve å gå gjennom lovverk, tiltak og ordningar for sør-, lule- og nordsamisk språk i Noreg. Målet med gjennomgangen var å vurdere og føreslå tiltak for å sikre funksjonelle og likeverdige offentlege tenester på samiske språk. Utvalet gav tilrådingar på fleire samfunnsområde, mellom anna forvaltning, opplæring, helse, språk og kultur. Kommunal- og moderniseringsdepartementet koordinerer arbeidet med ei heilskapleg oppfølging av rapporten frå utvalet.

På bakgrunn av dette vil ikkje meldingsdelen her (punkt 2–10) behandle spørsmål om samiske saker i like stor grad som norsk språk. Men samisk har ein sjølvsagt plass i ein heilskapleg språkpolitikk, og i lovdelen (punkt 11–19) blir det greidd ut om samiske tilhøve i samband med framlegg til føresegner som omfattar samiske språk og tilhøve.

2.4.2 Nasjonale minoritetsspråk

Kommunal- og moderniseringsdepartementet leiar arbeidet med ei eiga stortingsmelding om nasjonale minoritetar. Føremålet med meldinga er å beskrive politikkutviklinga dei siste 20 åra og politikken overfor dei nasjonale minoritetane i dag. Meldinga skal dessutan sjå på korleis regjeringa vil leggje til rette for å styrkje dei nasjonale minoritetsspråka, og kulturen og situasjonen til dei nasjonale minoritetane i det norske samfunnet i åra framover. Dette gjev høve til å sjå språk i eit sektorovergripande perspektiv, i samanheng med den samla politikken overfor nasjonale minoritetar elles. Derfor vil ikkje denne proposisjonen innehalde ein fullstendig gjennomgang av språksituasjonen for nasjonale minoritetsspråk.

Ut over rettar som følgjer av internasjonale konvensjonar og avtalar som Noreg har slutta seg til, har nasjonale minoritetar hatt få språklege rettar etter norsk lov. I framlegget til språklov (punkt 11–19) får nasjonale minoritetsspråk lovfesta status.

2.4.3 Nyare minoritetsspråk i Noreg

Noreg har alltid vore eit fleirspråkleg samfunn. Norsk, samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk har ei lang historie i landet. Denne proposisjonen er avgrensa til desse språka, som staten Noreg har eit ansvar for. Hovudvekta blir lagd på norsk som samfunnsberande språk og fellesspråk i Noreg. Med nyare innvandring er det kulturelle og språklege mangfaldet i Noreg større enn før. Alle språka som blir bruka i Noreg, har den same verdien som kulturuttrykk, kulturberar og uttrykk for identitet. Mange av språka i det nye språklege mangfaldet i Noreg utgår frå eigne nasjonalstatar, og mange av dei er språk med fleire brukarar enn norsk har. Det er ikkje innanfor rammene av denne meldinga å føreslå tiltak for å verne og fremje desse språka. Samtidig må det understrekast at framandspråka vi lærer i skulen, og den språkkompetansen som innvandrarar og etterkomarar etter innvandrarar har, er av stor verdi for den enkelte og for samfunnet.

2.5 Samandrag

Punkt 3 gjev innsikt i korleis språksituasjonen i Noreg kan skildrast ut frå omgrep som domenetap og språkskifte m.m. Det å ta omsyn til mindretalet blir peika på som ein del av dei verkemidla det liberale demokratiet har for å sikre mindre bruka språk.

Punkt 4 gjer greie for korleis regjeringa vil styrkje den sektorovergripande språkpolitikken. I framlegget til språklov blir offentlege organ pålagde ansvar for norsk språk, samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Ei slik lovfesting av språkpolitikken som sektorovergripande må følgjast opp med verkemiddel for å sikre at lova blir etterlevd. Punktet gjer greie for korleis det språkpolitiske ansvaret skal følgjast opp. Hovudtiltaket for oppfølging av lova er å lovfeste Språkrådets tilsyn med og rettleiing om språklova. Det skal utarbeidast ein rettleiar for oppfølging av språkpolitisk sektoransvar. Rettleiaren skal vere til hjelp for departement og relevante statlege verksemder med å lage planar og rutinar for korleis reglane i språklova skal etterlevast.

Punkt 5 dreier seg om språkdimensjonen i kultur- og mediepolitikken og gjer det klart at politikken på desse områda må utviklast vidare med ein revitalisert språkdimensjon. Nokre kulturpolitiske tiltak er eksplisitt språkpolitiske, som tilskot til språkorganisasjonar og ordbokarbeid. Mange andre kulturpolitiske tiltak har også ein vesentleg språkpolitisk dimensjon, til dømes litteratur, arkiv, scenekunst, bibliotek og presse- og mediestøtte.

Punkt 6 til 9 omtalar fire strategisk viktige domene for å sikre norsk språk som samfunnsberande: teknologien, grunnopplæringa, forsking og høgare utdanning og språkvitskapen. Det er viktig for regjeringa at ønskt bruk av språkteknologiske produkt ikkje medfører overgang til engelsk. Det er vidare viktig at politikken på opplæringsfeltet tek eksplisitte språkpolitiske omsyn og dermed sikrar tilgang til språk. Det lovpålagde ansvaret universitets- og høgskulesektoren har for å vedlikehalde og vidareutvikle norsk fagspråk, er viktig for språkutviklinga både i sektoren og i samfunnet elles. For at norsk språk skal vere den infrastrukturen som demokratiet har behov for, må norsk fagspråk haldast ved like og utviklast i alle sektorar.

Punkt 10 omtalar situasjonen for norsk teiknspråk som prekær. Språket har ei brukargruppe med eit spesielt utgangspunkt og er under press. Regjeringa føreslår å setje ned eit offentleg utval som skal greie ut vilkåra for bruk av teiknspråk i samfunnet i dag.

Punkt 11 gjer greie for korleis framlegget til språklov er å forstå som fundament i ein aktiv språkpolitikk. Punktet slår fast at lovframlegget er inspirert av internasjonal språkrett, der språkvern er eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Retten til å ytre seg på sitt eige språk og aksept for språket som ein integrert del av nasjonal kultur og tradisjon heng saman med ei plikt for staten til å halde språket i hevd og å gjere språket tilgjengeleg i samfunnet. Vidare orienterer dette punktet om høyringa av lovframlegget som departementet gjennomførte hausten 2019. Hovudsynspunkt frå høyringa er refererte, men elles er synspunkta frå høyringsinstansane omtala i dei aktuelle punkta i dokumentet.

Punkt 12 slår fast at føremålet med lova er å styrkje norsk språk og å sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Dei skal også bruke, utvikle og styrkje samiske språk slik det går fram av samelova. I tillegg skal offentlege organ verne og fremje nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Departementet føreslår å delvis innlemme fylkeskommunane inn i dei pliktreglane i mållova som i dag berre gjeld for statsorgan. Det er elles lagt opp til at språklova skal ha tilsvarande verkeområde som offentleglova.

Punkt 13.1 drøftar forslaget om å lovfeste statusen til norsk språk slik at det blir nasjonalt hovudspråk. Forslaget vidarefører jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Punkt 13.2 drøftar forslaget om å slå fast status for samiske språk som urfolksspråk i Noreg.

Punkt 13.3 drøftar forslaget om å slå fast status for kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk.

Punkt 13.4 drøftar forslaget om å slå fast status for norsk teiknspråk som nasjonalt teiknspråk.

Punkt 13.5 drøftar forslaget om å lovfeste ein rett til å få bruke svensk og dansk i skriv til norske styresmakter. Forslaget inneber samtidig at norske styresmakter skal kunne svare på norsk.

Punkt 14.1 drøftar forslaget om krav til bruk av klart språk i det offentlege. God språkleg kvalitet må til for å sikre den statusen norsk skal ha som forvaltningsspråk, samfunnsberande språk og nasjonalt hovudspråk. Kravet om bruk av klart språk i det offentlege gjeld også samiske språk.

Punkt 14.2 gjer greie for forslaget om å slå fast ei plikt for offentlege organ til å bruke offisiell rettskriving.

Punkt 15 drøftar paragrafar som i hovudsak er ei vidareføring av gjeldande mållov. I punkt 15.1 gjer departementet greie for forslaget om å vidareføre reglane i mållova som seier at fylkeskommunar og kommunar kan krevje at statsorgan brukar eit visst skriftspråk i brev til fylkeskommunen eller kommunen.

Punkt 15.2 gjer greie for forslaget om å forenkle reglane for utrekning av fleirtalsspråk innanfor tenesteområdet til eit regionalt statsorgan. Regelen i forslaget seier at det skal eit absolutt fleirtal av bokmåls- eller nynorskkommunar til for at eit regionalt statsorgan skal ha plikt til å bruke berre det eine skriftspråket i til dømes allment tilgjengelege dokument.

Punkt 15.3 gjer greie for reglane for veksling mellom bokmål og nynorsk i regionale statsorgan. Forslaget er å skjerpe reglane, slik at det til dømes blir kvotefesta at også regionale statsorgan må bruke minst 25 prosent av det eine skriftspråket i allment tilgjengelege dokument. Denne regelen har til no berre sentrale statsorgan hatt plikt til å følgje. Fylkeskommunen blir etter forslaget omfatta av krava om å veksle mellom bokmål og nynorsk dersom dei sjølve har definert seg som nøytrale fylke utan eit spesielt skriftspråk som sitt språklege identitetsmerke.

Punkt 15.4 gjer greie for forslaget om å vidareføre reglar i mållova om krav til at statsorgan lagar visse dokument til enkeltadressatar på bokmål og nynorsk samtidig. Forslaget er også at lova pålegg statsorgan å lage dokument som er meinte for skulebruk, på begge skriftspråk – av omsyn til nynorskelevar som møter lita støtte for skriftspråket sitt i samfunnet.

Punkt 15.5 grunngjev forslaget om å vidareføre reglane i mållova om at statsorgan skal skrive til enkeltpersonar og enkeltkommunar på det skriftspråket personen eller kommunen har valt. Etter forslaget skal også regelen gjelde for fylkeskommunar, som ikkje har hatt ei slik plikt før.

Punkt 15.6 formulerer på nytt og moderniserer reglane i mållova om at det er ei personleg tenesteplikt å bruke bokmål og nynorsk i skriftleg arbeid. Reglane blir justerte og gjorde gjeldande også for fylkeskommunane. Organet skal kunne krevje at dei tilsette brukar bokmål og nynorsk når føremålet er at organet skal etterleve reglar om bruk av bokmål og nynorsk. Organet skal syte for å ha den nødvendige skrivekompetansen som skal til. Det går fram av reglane at organet kan frita medarbeidarar frå krava til å bruke bokmål og nynorsk dersom dei ikkje har gjennomført sidemålsopplæring. Reglane blir gjort gjeldande også for fylkeskommunen.

Punkt 15.7 drøftar kva klageretten etter språklova inneber. Departementet etablerer ein tydeleg klagerett i språklova for dei tilfella statsorgan bryt reglar om å utferde dokument som til dømes førarkort, skattekort, vitnemål, statsborgarbrev og liknande. Departementet føreslår å presisere kva effekten av klage etter lova er. Departementet føreslår ei eiga føresegn, som gjev språkorganisasjonar rett til å påpeike brot på reglane overfor eit statsorgan, sjølv om saka ikkje vedkjem dei sjølve.

Punkt 16 og 16.1 inneheld framlegget om å lovfeste Språkrådets oppgåver. Språkrådet blir med dette sett på som eit verkemiddel for at lova blir etterlevd, og får heimel til å føre tilsyn og å rettleie. Dette sikrar at Språkrådets arbeid blir forankra i lov, og at Språkrådet får eit mandat for arbeidet som er tydeleg for Stortinget, forvaltninga og samfunnet.

Punkt 16.2 gjer greie for ein heilt ny regel i språkregelverket, nemleg at Språkrådet kan be om opplysningar frå tilsyns- og rettleiingsobjekt. Dette er ei viktig kontrollføresegn som effektiviserer til dømes tilsynsarbeidet.

Punkt 17 inneheld dei reglane som er føreslåtte for iverksetjing og oppheving, og overgangsreglar.

Punkt 18 inneheld ei utgreiing av dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovframlegget.

Punkt 19 inneheld merknader til dei enkelte paragrafane.

3 Språksituasjonen

3.1 Innleiing

Korleis ein stat behandlar det kulturelle og språklege mangfaldet innanfor grensene sine, seier mykje om kor liberalt og demokratisk samfunnet er. Autoritære statar har vore kjende for å undertrykkje dei som brukar eit anna språk enn majoritetsspråket, men også her i Noreg har minoritetar vore utsette for sterk urett. Fornorskingspolitikken hadde som mål å gjere minoritetane norske og å fjerne den språklege og kulturelle eigenarten deira. Resultatet var undertrykking og diskriminering av minoritetane.

Medan mangfald tidlegare vart sett på som eit trugsmål mot nasjonsbygginga, er respekten for mangfald i dag ein viktig føresetnad for eit moderne og liberalt demokrati. Eit liberalt demokrati tek ikkje omsyn berre til fleirtalet, men sørgjer for at ulike minoritetar og mindretalsgrupper har grunnleggjande rettar. Å avdekkje og motverke maktstrukturar som fører til systematisk diskriminering, er særleg viktig for å sikre reell fridom for mindretala.

Den norske skriftkulturen har vore delt sidan 1800-talet. Det har bidrege til at språkleg variasjon har vore norma, og ikkje unntaket, i den norske offentlegheita. Dei siste femti åra har det òg vore ei jamn utvikling mot meir bruk av dialekt på stadig fleire område i samfunnet. Å akseptere norske talemål i alle situasjonar har gjort det mogleg å ha mektige posisjonar i samfunnet utan å endre eigen dialekt og tilpasse seg eit framandt språkideal.

Samstundes har toleransen og respekten for dei tradisjonelle minoritetsspråka våre vakse, etter mange år med diskriminering og undertrykking. Det vitnar om eit samfunn som har vorte opnare og meir tolerant overfor mangfald i ulike variantar. Den auka toleransen er eit resultat av politiske kampar på ulike frontar og folkeleg mobilisering. Dette mangfaldet må vi halde høgt. I mange land er premissen om at mangfald er ein verdi i seg sjølv, under sterkt press og utsett for åtak, også frå styresmaktene si side.

Dei demokratiske prinsippa som har lege til grunn for denne utviklinga, må også gjere seg gjeldande i møte med dei nye språklege minoritetane i Noreg. Ei grunnleggjande forståing for verdien av språkleg mangfald kan gjere oss i stand til å handsame også dei nye språklege realitetane og det nye mangfaldet i Noreg på ein god måte.

3.2 Språka som Noreg har ansvar for

UNESCO fører eit atlas over truga språk («Atlas of the World’s Languages in Danger»), der organisasjonen vurderer kva for utsikter språk har til å overleve på lang sikt. Etter visse kriterium kan språka i verda bli klassifiserte i seks kategoriar, frå sikre til utrydda. I atlaset er norsk eitt av i alt 40 europeiske språk som er plasserte i den minst utsette kategorien, som ikkje truga språk («not endangered languages»). Det norske språket er fellesspråk i Noreg og står i ei særstilling i det norske samfunnet. Dei to likestilte skriftspråka nynorsk og bokmål er i vid bruk på ulike område av samfunnet, og begge er berarar av ein rik og variert skriftkultur. Med somme unntak skal alle som går gjennom norsk skule, lære å meistre både bokmål og nynorsk, og språkbrukarane sine rettar knytte til bruken av nynorsk og bokmål er fastsette fleire stader i lovverket.

Noreg har frå gamalt av vore fleirspråkleg. Noreg har ratifisert Europeisk pakt om regions- eller minoritetsspråk, som forpliktar den norske staten til å verne og fremje seks språk: nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kvensk, romani og romanes. Desse språka har ei lang historie i Noreg, og staten har derfor eit særskilt ansvar for å verne og fremje dei. Dei samiske språka er urfolksspråk, medan kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk.

Samiske språk blir snakka i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Det finst ti forskjellige samiske dialektar eller språk, og språkgrensene går på tvers av riksgrensene. Det blir ikkje ført statistikk om etnisitet i Noreg, så det er vanskeleg å seie nøyaktig kor mange brukarar desse språka har. Av dei samiske språka som blir og har vorte bruka i Noreg, er nordsamisk klassifisert som eit klart truga språk («definitely endangered language») i UNESCOs atlas over statusen til språka i verda. Lulesamisk og sørsamisk er alvorleg truga språk, medan austsamisk, pitesamisk og umesamisk er klassifiserte som utdøydde i Noreg.

Dei nasjonale minoritetane kvener, romar, romanifolk/taterar, jødar og skogfinnar er minoritetar med historisk tilhøyrsel i Noreg. Dei nasjonale minoritetsspråka er følgjeleg språka til desse gruppene, med nokre unntak: Skogfinnane har mista språket sitt, som ein følgje av det norske storsamfunnets fornorskingspolitikk og krav om tilpassing. Den siste som snakka skogfinsk, døydde i midten av det førre hundreåret, men framleis kan vi finne spor av dette språket på Finnskogen, ikkje minst i ei stor mengd stadnamn. Jiddisk, språket til jødane (ved sida av hebraisk), var ein viktig og levande del av det jødisk-norske kulturlivet fram til andre verdskrigen og holocaust. Det finst i dag berre nokre få eldre talarar av jiddisk i Noreg, men interessa for jiddisk er aukande i det jødiske miljøet. Sjølv om jiddisk og skogfinsk ikkje har vern gjennom minoritetsspråkpakta i Noreg, betyr ikkje dette at desse minoritetane er «språklause», eller at det ikkje kan vere behov for språklege tiltak.

Målrettet plan 2017–2021 – videre innsats for kvensk språk plasserer årsaka til at kvensk språk er truga:

«En følge av fornorskingspolitikken var at kvensk språk og kultur etter hvert forsvant helt eller delvis fra mange lokalsamfunn og tradisjonelle kvenske områder. En annen følge av fornorskingspolitikken var at språkskiftet fra kvensk til norsk skjedde svært raskt, også innad i familier.»

Språkskifteprosessen etter fornorskingstida har kome til ein siste fase, slik at det no nesten ikkje skjer naturleg overlevering av kvensk frå foreldre til barn. Den språkpolitiske strategien er revitalisering, og den nemnde målretta planen for kvensk er starten på den innsatsen regjeringa gjer for å styrkje kvensk språk.

Også romanifolket/taterane har vorte utsette for ein hard fornorskingsprosess, som har ført til ei marginalisering av språket deira, romani. I dag er norsk førstespråket til denne gruppa.

Samanlikna med dei andre minoritetsspråka står språket til folkegruppa rom (sigøynarar), romanes, sterkt hos minoriteten sjølv. Til dømes er det mange romske barn som kan snakke romanes, men ikkje norsk, når dei tek til på skulen. Det finst lite dokumentert kunnskap om romanes, og språket er først og fremst i bruk som talespråk.

Norsk teiknspråk er ikkje omfatta av dei internasjonale konvensjonane som Noreg har slutta seg til, men brukarane av norsk teiknspråk har rettar som er sikra av staten. Språket har lange tradisjonar i Noreg og får i framlegget til språklov rettsleg vern, til liks med norsk, urfolksspråka og dei nasjonale minoritetsspråka.

I tillegg til desse språka, som Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på, finst det ei lang rekkje nye innvandrarspråk i Noreg. Ut frå Statistisk sentralbyrås statistikk over innvandring til Noreg (frå 2019), er det grunn til å tru at polsk, litauisk, svensk, arabisk og somali er blant dei største innvandrarspråka i Noreg i dag.

3.2.1 Domenetap og språkskifte

For norsk språk generelt er det fagleg grunnlag for å seie at den reelle trusselen er domenetap, ikkje språkdød. Omgrepet domenetap blir nytta om situasjonar der eit språk blir fortrengt av eit anna (større) språk innanfor ulike domene. Det kan vere domene i tydinga samfunnsområde, til dømes offentlege domene som politikk, religion, arbeidsliv, medium og utdanning. Døme på private domene er familie og venekrins. Ulike fagområde kan også reknast som eigne domene.

Når engelsk vinn stadig sterkare innpass medan norsk blir trengd tilbake, står vi overfor faren for slike domenetap. Domenet IKT representerer store utfordringar for norsk språk, jf. punkt 6. Som vi gjer greie for i punkt 8, har norsk gått tilbake som vitskapleg publiseringsspråk i akademia, og nær 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar var på engelsk i 2017. Det er skilnader mellom ulike fagområde.

Diglossi betyr at to forskjellige språkvariantar eller to ulike språk har ulike bruksområde i eitt og same samfunn. Eit høgspråk er i ein diglossisk situasjon ofte både offisielt, autoritativt og prestisjefullt, medan lågspråket er stengt ute frå offisielle samanhengar og karakterisert som «lite eigna», gjerne i faglege samanhengar. I somme samanhengar kan lågspråket også vere direkte forbode i bruk. I typiske kolonistatar er til dømes engelsk offisielt språk, medan dei lokale morsmåla ofte ikkje eingong har ordbøker, eller berre blir bruka i uformelle situasjonar. Noreg var til dømes under fornorskingstida eit sterkt diglossisk samfunn, der det var forbode å bruke samisk og kvensk på skulen og i undervisninga. Fornorskinga var eit effektivt middel for å utslette kvensk og samisk kultur. Domenetap for norsk språk kan også skape eit diglossisk samfunn, på den måten at engelsk blir det prestisjefylte språket å bruke i offentlege og faglege samanhengar, medan norsk blir annanrangs og mindre bruka.

Ser vi spesielt på utsiktene for norsk skriftkultur, er det eit problem at nynorsk har ein så mykje veikare posisjon enn bokmål. Nynorsk er det minst bruka språket sett i høve til bokmål, og nynorsk og nynorskbrukarar er utsette for mange av dei same mekanismane som tradisjonelle minoritetsspråk og minoritetsspråkbrukarar når det gjeld diskriminering.

I den grad domenetap «smittar» frå eitt samfunnsdomene til eit anna, kan eit fullverdig norsk språk vere truga. I desse tilfella snakkar ein om språkskifte. Språkskifte refererer til den prosessen der eit språk tek over for eit anna språk som førstespråk. Språkskifte er ei utfordring i fleirspråklege samfunn. Språkskifte inneber at minoritetsspråklege, som samtidig er tospråklege, går over til majoritetsspråket. Årsaka til ein slik overgang er demografiske endringar, manglande sosial status eller manglande institusjonell støtte (til dømes manglande lovregulering, manglande støtte i skuleverket og manglande offentleg bruk av språket). Eit språkskifte frå norsk til engelsk er ikkje sannsynleg i dag. Men domenetap på viktige samfunnsområde er, som nemnt ovanfor, ein reell fare.

Språkskiftet frå samisk til norsk er ein svært reell trussel. Sjølv om språkreglane i samelova slår fast at samisk er likeverdig med norsk, er denne posisjonen meir formell enn reell. Vern av eit språkleg mindretal som det samiske inneber derfor at staten utviklar tiltak for å rekruttere brukarar av samiske språk og hindre at samar skiftar permanent til norsk. Språkvern finn vi derfor att i mandatet til det samiske språkutvalet, som i oktober 2016 la fram NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk: «Utvalget skal i den sammenhengen legge vekt på ordninger og tiltak som bidrar til at flere lærer seg og bruker de samiske språkene».

Språkskiftet frå nynorsk til bokmål er omtala som målbyte. Sidan andre verdskrigen har nynorsk vore på retur som opplæringsspråk i skulen og som allment bruksspråk. Særleg ser ein at mange elevar som tek til i skulen med nynorsk som hovudmål, byter til bokmål gjennom skulegangen. Denne tendensen er størst i dei områda der det er mest kontakt mellom bokmål og nynorsk, i dei nynorske randsonene. Mekanismane for skiftet mellom nynorsk og bokmål kan samanfattast slik:

«Typisk for språk som er mindre brukte i fleirspråklege statar, er at dei vert oppfatta som avvikande og ikkje-normale, det språksosiologane kallar markerte. Dei vert òg ofte oppfatta som vanskelegare å meistre – fordi dei er mindre brukte i ålmenta slik at språkbrukarar vert mindre eksponerte for dei og mindre kjende med skriftbilete og språkstruktur. Både markertheita og det ukjende og dermed vanskelege ved mindretalsspråk gjer at mindretalsspråk vert skifta frå.»

Bjørhusdal, Eli (2014): Nynorskelevar i minoritetsposisjon – ein språkpolitisk analyse. Innleiing på haustkonferansen til Noregs Mållag, Odda 27. september 2014.

Sjølv om det har vore eit sentralt språkpolitisk mål å hindre målbyte frå nynorsk til bokmål, har ein ikkje lukkast med å bremse denne utviklinga. I somme område ser ein rett nok teikn til at nynorsk blir konsolidert og endåtil styrkt, men på same tid blir språket svekt i dei såkalla randsonene. Somme av desse randsonene er område i nærleiken av dei store byane, med sterk tilflytting. Å sikre at nynorsken har ein sterk posisjon som hovudmål i skulane i desse områda, vil ha mykje å seie for å halde talet på nynorskbrukarar stabilt.

I denne samanhengen er det viktig å trekkje fram den demokratiske verdien av at alle norske skuleelevar får opplæring i begge dei norske skriftspråka. Ei grunnopplæring som gjev kunnskapar og ferdigheiter i både nynorsk og bokmål, er ein føresetnad for at skriftspråka skal vere likeverdige, og gjev eit utgangspunkt for alle til å bruke begge skriftspråka. Det at majoriteten lærer å kjenne det mindre bruka språket, gjer det mogleg for elevane som har hovudmålsopplæring i nynorsk, å bruke språket sitt i alle situasjonar. Tilhøva for mindretalet blir betra, og det språklege og kulturelle mangfaldet i samfunnet blir støtta opp under. I tillegg blir den minst bruka varianten av norsk mindre markert, sidan auka bruk også aukar statusen til eit språk. Slik bidreg sidemålsundervisninga til demokratiforståing: Elevane lærer korleis det å leve i eit liberalt demokrati inneber at fleirtalet tek omsyn til og legg til rette for ulike mindretal.

3.2.2 Språklege mindretal i eit liberalt demokrati

Språkleg mangfald er viktig for demokratiet. Det representerer kulturell rikdom og kan motverke politisk einsretting. Skal vi halde på det språklege mangfaldet, må språkbrukarane vere medvitne om verdien i språket sitt. Språkleg medvit trengst for at eit språk skal stå imot ytre press. Derfor er det ei viktig språkpolitisk oppgåve å bidra til å styrkje den språklege identiteten og sjølvkjensla til språkbrukarane. Særleg dei minst bruka språka er under press. Staten har eit særleg ansvar for dei minst bruka språka.

Internasjonalt er språkvern eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Retten til å ytre seg på sitt eige språk og aksept for språket som ein integrert del av nasjonal kultur og tradisjon heng saman med ei plikt for staten til å halde språket i hevd og å gjere språket tilgjengeleg i samfunnet. I dei fleste demokratiske samfunn aksepterer den språklege majoriteten at staten har ansvar for å ta vare på mindretala og minoritetsspråka i samfunnet. Det er vanskelegare å få aksept for at eit slikt ansvar krev særlege tiltak – at det som mange oppfattar som «urettferdig særbehandling», er nødvendig for å få eit rettferdig resultat.

Å leve i eit liberalt demokrati krev at ein forstår kva det vil seie å vere i mindretal, også om ein sjølv tilhøyrer fleirtalet. Vi kan ikkje overlate til enkeltindivid eller grupper av enkeltindivid å ta vare på eit heilt språk. Å utvikle politikk i eit demokrati vil også handle om å ta mindretalsomsyn gjennom til dømes kvotereguleringar og særordningar. Språka må sikrast, slik at dei kan brukast på så mange samfunnsområde som mogleg. Ei slik særbehandling eller positiv diskriminering av mindre bruka språk kan bidra til at språka overlever på lang sikt.

3.2.3 EØS og norsk som samfunnsberande språk

Etter utvidinga av Den europeiske unionen austover i 2004 har det vorte ein auke i arbeidsinnvandringa til Noreg. Gjennom Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) er Noreg medlem av EUs indre marknad med fri flyt av arbeidskraft, tenester, varer og kapital. Det inneber mellom anna at arbeidstakarar frå EU-landa kan søkje og ta arbeid i Noreg.

Eit grunnleggjande prinsipp i EU- og EØS-samarbeidet er at den frie rørsla innanfor området ikkje skal hindrast av nasjonale lover og reglar. Å stille eit generelt krav om opplæring eller kunnskap i norsk for arbeidsinnvandrarar frå EØS-området ville vere eit klart brot på dette prinsippet. Derfor finst det heller ikkje slike krav i dag. Personar frå EØS-området som oppheld seg i Noreg, er dermed ikkje omfatta av reglane om rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap etter lov av 4. juli 2003 nr. 80 om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere (introduksjonslova). Arbeidsinnvandrarar frå land utanfor EØS har plikt til opplæring. Dette betyr ikkje at opplæringa er gratis, men at dei sjølve må betale for opplæring i kommunen eller hos ein privat aktør. Vi har ikkje kunnskap om kor stor del av arbeidsinnvandrarar eller EØS-borgarar som i dag betalar for opplæring, eller som får eit slikt tilbod frå arbeidsgjevar. I forslag til ny integreringslov, som var på høyring hausten 2019, er det ikkje føreslått å endre reglane for kva grupper lova gjeld.

Auka samhandling på tvers av landegrensene i Europa ligg til grunn for både EU-samarbeidet og EØS-avtalen. Arbeidsinnvandringa frå EU-land er eit døme på slik europeisk integrasjon og er med det ei ønskt utvikling både frå EU og frå norske styresmakter. Samstundes stiller den store innvandringa frå EU-landa den norske staten overfor nokre dilemma i språkpolitikken.

Norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, og mellom anna derfor er den norske språkpolitikken tufta på prinsippet om at alle som oppheld seg i Noreg over tid, skal kunne lære seg og ta i bruk norsk språk. Ei viktig avgrensing i denne samanhengen vil vere korleis ein definerer omgrepet over tid. Det er store skilnader i kor lenge arbeidsinnvandrarar frå EU-/EØS-land blir verande i Noreg. Somme blir berre nokre månader før dei reiser ut att, medan andre blir verande i fleire år.

Med den store arbeidsinnvandringa til Noreg er det all grunn til å tru at det i dag finst grupper som bur meir eller mindre fast i Noreg og ikkje meistrar det samfunnsberande språket. Mange arbeider saman med andre arbeidsinnvandrarar, og høvet til å lære og bruke norsk i arbeidet kan derfor vere avgrensa. Med fri rørsle i EØS-området som utgangspunkt er det ikkje å vente at alle arbeidsinnvandrarar frå EU-/EØS-landa raskt skal meistre norsk og vere fullt ut deltakande samfunnsborgarar i Noreg. Tvert imot må ein vente at ein viss del av befolkninga har ei lausare tilknyting til det norske samfunnet enn det majoriteten av befolkninga har. Frå ein språkpolitisk ståstad rokkar ikkje dette nødvendigvis ved posisjonen til norsk som samfunnsberande språk, men det føreset ein viss grad av språkleg pragmatisme og kunnskap i møte med den delen av befolkninga som ikkje meistrar norsk.

Mykje meir problematisk vil det vere om ein etter kvart får store grupper av EU-/EØS-borgarar som bur i landet over fleire år utan å lære og meistre norsk. Desse innbyggjarane vil i så fall vere fastbuande i Noreg utan å vere fullstendige samfunnsborgarar som deltek i det norske demokratiet, sidan slik deltaking føreset ein viss dugleik i norsk.

Frå ein språkpolitisk ståstad vil det vere viktig å sørgje for at dei fleste EU- og EØS-borgarane i Noreg lærer seg norsk. Dette er i tråd med det overordna målet i språkpolitikken om at norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg. I dag skortar det på faktisk kunnskap om språkkompetansen i denne gruppa.

4 Sektorspesifikt ansvar for språk

4.1 Innleiing

Det å meistre språket er nøkkelen til kunnskap, danning og deltaking i samfunnet. Norsk er fellesspråket i Noreg. Å kunne fellesspråket gjev tilgang til demokratiske prosessar, deltaking i store og små fellesskap, barnehage, skule, utdanning og arbeidsliv, helse- og omsorgstenester osb. Derfor bidreg ein offensiv språkpolitikk til å skape moglegheiter for den enkelte og å byggje ned klasseskilje i samfunnet. Fellesspråket norsk er også den viktigaste samfunnsinfrastrukturen i Noreg. Språket er ein premiss for at alle dei andre infrastrukturane i samfunnet vårt skal fungere godt for borgarane.

Ein av grunnane til at norsk står så sterkt i det norske samfunnet, er at språket blir bruka i barnehage, skule, offentleg sektor, rettsvesen, næringsliv, akademia, frivillig sektor og trussamfunn, i tillegg til i heimen. For å oppretthalde norsk som fellesspråket i Noreg må vi tryggje språket i desse sektorane. Derfor må språkpolitikken oppretthaldast og styrkjast som sektorovergripande politikkområde. Dette er også eit av føremåla med framlegg til språklov.

Det offentlege skal føre eit språk som gjer at innbyggjarane kjenner rettane og pliktene sine og kan ta gode og informerte val. Derfor er det i framlegg til språklov føreslått ein eigen paragraf om klarspråk. Eit godt språk skal oppklare – ikkje tilsløre. Eit klart språk legg til rette for at innbyggjarane har tillit til det offentlege. Dei same krava til språkleg kvalitet og tilrettelegging gjeld ikkje minst når tenester blir digitaliserte og sjølvbetente. Universell utforming skal sikre at informasjon frå det offentlege er tilgjengeleg for alle, også personar med funksjonsnedsetjingar. Det offentlege har eit særleg ansvar for å nytte eit godt språk i møte med borgarane. Helsevesenet må snakke med pasienten på eit språk pasienten forstår, både i personlege møte og når innbyggjarane sjølve kan «administrere» eiga helse på nett. Viss ikkje kan helsa stå på spel. Barnehagen og utdanningssektoren er ein nøkkel i språkopplæring for barn, ungdommar og innvandrarar.

Offentlege tenester er med andre ord tett knytte saman med språk. Språkleg kvalitet legg grunnlag for gode tenester. Å tilføre ein språkpolitisk dimensjon vil altså i mange tilfelle bidra til god måloppnåing i den enkelte sektoren.

4.2 Status

Språkpolitikken er eit heilskapleg og sektorovergripande politikkområde. Det betyr at det språkpolitiske ansvaret ikkje er avgrensa til eitt politisk-administrativt område eller til eitt departement, eller til det kakestykket i eit sektordiagram som heiter «kultur». Språk og språkbruk er ein dimensjon som det må takast omsyn til i mange samanhengar – på tvers av sektorar.

Kulturdepartementet har det overordna ansvaret for å forme, tolke og fremje språkpolitiske mål. Samtidig er det eit etablert prinsipp at dei andre departementa må ta språkpolitiske omsyn med i vurderinga når dei utformar og gjennomfører relevante delar av sin eigen sektorpolitikk.

Språkrådet har operativt ansvar for den sektorovergripande politikken. Dei siste ti åra har Språkrådet lagt vinn på å byggje stabile samarbeid og tilby rådgjeving og relevant kompetansebygging på andre sektorområde enn kulturpolitikken. Arbeidet med å gjere språkpolitikken reelt sektorovergripande har likevel vore krevjande. Den overordna vurderinga er at det no er behov for å stadfeste det sektorovergripande prinsippet og styrkje det språkpolitiske oppfølgingsarbeidet på tvers av sektorar.

Manglande implementering, måloppnåing og oppfølging har fleire og samansette årsaker. Det kan handle om manglande medvit og kunnskap om innretninga av den norske språkpolitikken og kva ansvar dei ulike sektorane har på sine område, og at den språkpolitiske ryggmergsrefleksen så å seie ikkje er trena opp enno. Det kan også mangle medvit om korleis ein språkdimensjon kan bidra til å styrkje måloppnåing på eige politikkområde. Endeleg er ein avhengig av at språkarbeidet er strukturert, planlagt og forankra i styring og leiing.

Manglande måloppnåing i språkpolitikken kan vidare handle om reelle og vanskelege målkonfliktar; til dømes mellom utvikling av norsk fagspråk og internasjonalisering i universitets- og høgskulesektoren og i det å ta vare på norsk på arbeidsplassen i ein internasjonal arbeidsmarknad.

Boks 4.1 Målveksling etter mållova

Sentrale statsorgan pliktar etter mållova å veksle mellom bokmål og nynorsk i allment informasjonstilfang slik at ingen av målformene er representerte med mindre enn 25 prosent. Språkrådet fører tilsyn med målbruken i sentrale statsorgan og gjev rettleiing i saker som gjeld mållova. I 2018 bad Språkrådet om rapportering frå 161 statsorgan. Resultata viser at sidan 2012 har nynorskprosenten på nettsidene til statsorgan lege på rundt 14–15. For sosiale medium har prosentdelen variert mellom 12 og 15. Det er færre statsorgan som oppfylte krava i mållova om målveksling i lange og korte tekstar i 2018 enn i 2012. Den innrapporterte bruken av nynorsk i sosiale medium i departementa har auka frå 4 prosent i 2015 til 15 prosent i 2018. Dette er positivt sidan departementa når mange gjennom sosiale medium. Prosentdelen av dokument på nynorsk frå departementa til Stortinget har frå 2012 variert mellom 17 og 26 prosent. Dette er den tekstkategorien der departementa ligg nærast å nå målet om 25 prosent nynorsk. Sjølv om det offentlege strevar med å nå krava i mållova, tyder utviklinga på at det nyttar å stille krav om målveksling og føre tilsyn med vekslinga. I perioden 1994–2004 låg prosentdelen av nynorsk i stortingsdokument på 10-talet. Frå 2005 til 2015 låg prosentdelen på 20-talet før det kom ein nedgang i 2016 og 2017. Framlegget til ny språklov erstattar den gjeldande mållova.

Grunnlova § 108 og samelova legg grunnlaget for ein heilskapleg samisk språkpolitikk. Samelova gjev befolkninga i forvaltningsområdet for samiske språk rett til å kontakte offentlege styresmakter og få svar på samisk eller norsk etter eige val. Retten gjeld både munnlege og skriftlege førespurnader. Samelova gjev utvida rett til bruk av samiske språk i møte med helse- og sosialtenesta. Vidare gjev samelova individuell rett til kyrkjelege tenester på samiske språk. Ho gjev også tilsette i eit lokalt eller regionalt organ rett til utdanningspermisjon med løn for å skaffe seg kunnskap i samiske språk. Opplæringslova og barnehagelova har eigne reglar knytte til samiske språk og samisk kultur, jf. punkt 7.

Boks 4.2 Klarspråk – god språkpolitikk og god forvaltningspolitikk

Det er dryge 10 år sidan det systematiske arbeidet med klarspråk i staten vart sett i gang. Dåverande Fornyings- og administrasjonsdepartementet (no Kommunal- og moderniseringsdepartementet) og Kulturdepartementet stod bak initiativet. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), frå 2020 Digitaliseringsdirektoratet, og Språkrådet har i fellesskap hatt det operative ansvaret. Gjennom desse åra har det vorte utvikla og teke i bruk fleire verktøy i klarspråkarbeidet. Tilskotsmidlar har stimulert til prosjektarbeid og verkstader. Difi og Språkrådet har tilbydd støtte, rådgjeving og kurs. Gode tiltak er premierte med klarspråkprisar, og prisane har bidrege til å setje søkjelys på god praksis.

Frå 2011 kom ei særleg satsing på klart lovspråk frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Klarspråksutfordringar i det offentlege har ofte ein juridisk komponent og ein språkleg komponent. Kombinasjonen av språkarbeid, bevisstgjering av juridiske fagmiljø og brukartesting og leiarforankring har gjeve gode resultat.

Etter eit pilotprosjekt i 2014 starta Kommunal- og moderniseringsdepartementet i 2015 òg eit femårig program for klart språk i kommunesektoren, som KS fekk ansvaret for. Det systematiske arbeidet med klarspråk omfattar såleis heile offentleg sektor.

Tanken som ligg til grunn for klarspråkarbeidet, er at språket i seg sjølv er ein nøkkel til å skape ei effektiv og open forvaltning som nyt tillit frå borgarane. Suksessen til klarspråkarbeidet i Noreg har truleg samanheng med at dei involverte partane har hatt solid språkpolitisk, forvaltningspolitisk og juridisk kompetanse, samstundes som arbeidet har vore godt forankra i forvaltninga.

4.2.1 Om Språkrådet

Språkrådet vart etablert i si noverande form i 2005, men hadde forløparar i Norsk språknemnd (1952–1972) og Norsk språkråd (1972–2005). Etter vedtektene er Språkrådet statens fagorgan i språkspørsmål og skal særleg arbeide med å styrkje statusen til det norske språket i notid og framtid og å forvalte dei to offisielle norske språknormene. Språkstyrkingsarbeidet omfattar både norsk språk generelt og det nynorske skriftspråket spesielt. Språkrådet er underlagt Kulturdepartementet. Den øvste leiinga er lagd til eit styre oppnemnt av departementet, og fire fagråd skal sikre brei kontakt mellom Språkrådet og samfunnet.

Forvaltninga av rettskrivinga for bokmål og nynorsk er, og har historisk vore, eit offentleg ansvar. Språkrådet forvaltar rettskrivinga og gjer bindande normeringsvedtak, medan meir gjennomgripande endringar skal godkjennast av Kulturdepartementet. Sjølvstende og stabilitet er dei to hovudprinsippa for normeringa. Det vil seie at dei to norske skriftspråka skal normerast på sjølvstendig grunnlag, og rettskrivinga skal i store trekk liggje fast òg i tida framover. Det skal likevel vere rom for å gjere justeringar i rettskrivinga der faktisk språkbruk eller sterke systemomsyn tilseier det. Rettskrivingsreforma for nynorsk i 2012 var tufta på ein grundig gjennomgang av bruksmønster for mange grupper ord. Undersøkingane baserte seg på store tekstkorpus som gjev eit godt bilete av bruken i moderne nynorsk. Den siste store rettskrivingsreforma for bokmål kom i 2005, og då var det ikkje høve til å gjere tilsvarande undersøkingar av bruken i bokmålstekstar. Det kan derfor vere grunn til å sjå på om det trengst justeringar i bokmålsnorma i lys av bruken i dag slik han framstår i store korpus med bokmålstekst. Det vil likevel ikkje vere aktuelt å gjere gjennomgripande endringar i bokmålsnorma.

Språkrådet representerer Noreg i internasjonalt språksamarbeid, både på nordisk, europeisk og verdsomfattande nivå. Det nordiske samarbeidet er ein viktig del av dette. Fordi landa i Norden har relativt små, men nærskylde språk, er det mykje å vinne på nordisk samarbeid, til dømes innan terminologi, språkteknologi, klarspråk og teiknspråk.

Det siste tiåret har Språkrådet fått utvida ansvarsområdet sitt. Organet har fått styrkt ansvar for oppfølging og rådgjeving knytt til gjennomføringa av språkpolitikken som sektorovergripande politikkområde. Språkrådet arbeider strategisk inn mot dei samfunnsområda der norsk språk er under særleg press. Norsk fagspråk og norskspråkleg teknologi er to slike prioriterte område. Andre prioriterte arbeidsfelt er skulen og den høgare utdanninga, kultur- og mediefeltet og helsesektoren.

Språkrådet driv òg eit omfattande rettleiingsarbeid overfor både staten og allmenta. Både denne oppgåva og oppgåva med praktisk normering gjer at Språkrådet driv eit løpande arbeid med språkobservasjon.

Språkrådet har status som samordningsorgan for arbeidet med utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Endeleg har Språkrådet ansvar for å ta omsyn til den totale språksituasjonen i landet, slik han kjem til uttrykk gjennom dei språklege interessene til nordmenn med samisk eller minoritetsspråkleg bakgrunn eller tilknyting. Det er tilsett rådgjevarar både for nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

Ei ny statleg språkteneste med ressursar i Språkrådet vart etablert i 2006. St.prp. nr. 1 (2007–2008) for Kultur- og kyrkjedepartementet omtalar tiltaket slik: «Tjenesten skal både fremme godt og hensiktsmessig forvaltningsspråk generelt og nynorsk forvaltningsspråk spesielt». Frå 2008 har Språkrådet samarbeidd tett med Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), frå 2020 Digitaliseringsdirektoratet, på dette feltet. Det er stor etterspurnad etter nynorskkursa og tenestene til Språkrådet på klarspråksområdet, og Språkrådet er i dag eit framståande klarspråksmiljø internasjonalt.

Frå 2017 har Språkrådet fått ansvaret for å administrere forvaltninga av budsjettsøknader og rapportering frå institusjonane og tiltaka som får tilskot over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 73 Språkorganisasjoner i statsbudsjettet. Stortinget fastset endeleg fordeling etter framlegg frå Kulturdepartementet.

I 2018–2019 har Språkrådet gjennomført ei prøveordning med ny organisering av stadnamnkonsulentane. Gjennom revidert stadnamnlov er stadnamntenesta tettare integrert i Språkrådets administrasjon. Språkrådet forvaltar ei tilskotsordning for innsamling av stadnamn og skal i 2020 bidra til å utvikle eit kurs for arbeid med stadnamnlova.

4.3 Utfordringar og strategiar

For å sikre nynorsk og bokmål, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk trengst det meir konkrete verkemiddel enn å definere språkpolitikken som sektorovergripande. Som for andre sektorovergripande politikkområde er det behov for eit tett og godt koordinert oppfølgingsarbeid i språkpolitikken. Derfor legg regjeringa i denne proposisjonen fram forslag til ei heilskapleg språklov. Forslaget kjem i andre delen av dokumentet. Eitt av føremåla med lova er at det offentlege skal ha ansvar for språk: Framlegg til føremålsparagraf er i praksis ei lovfesting av det ansvaret det offentlege har for bokmål og nynorsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

I høyringa av lova var det fleire som stilte spørsmål ved om ei språklov utan sanksjonar kan tene noko føremål eller ha noka gjennomslagskraft. Departementet understrekar at det må arbeidast systematisk og på fleire måtar for å sikre etterleving av lova. Derfor føreslår departementet ei rekkje tiltak som skal bidra til oppfølging av språklova og språkpolitikken. Proposisjonen peikar også ut sektorar og satsingsområde som blir spesielt språkpolitisk viktige i åra som kjem.

I framlegg til språklov blir Språkrådet og fleire av Språkrådets oppgåver lovfesta som sentrale verkemiddel for oppfølginga av lova. Språkrådet skal mellom anna gje råd til og rettleie offentlege organ om korleis dei best mogleg kan oppfylle pliktene sine etter lova. Språkrådets tilsyn med det som i dag er reglane i mållova, blir lovfesta.

Kulturdepartementet har merka seg at Kunnskapsdepartementet dei seinare åra har gjort fleire grep for å styrkje den sektorovergripande koordineringa i forskingspolitikken. Til dømes fastsette Kunnskapsdepartementet i 2017 ein ny rettleiar for oppfølging av sektoransvaret. Rettleiaren informerer godt om prinsippa som gjeld for politikkområdet, samtidig som han legg eit godt grunnlag for departementa sitt arbeid med å definere og sikre ansvaret for forsking innanfor sine sektorar. Kulturdepartementet vil i samarbeid med Språkrådet utforme ein tilsvarande rettleiar for oppfølging av språkleg sektoransvar. Rettleiaren skal gje ei retning for god praktisering av sektorprinsippet og skal leggjast til grunn for arbeidet med språkpolitikken i dei ulike departementa. Rettleiaren skal beskrive både tverrgåande og sektorspesifikt ansvar for språk. Med tverrgåande sektoransvar for språk meiner vi det minimumet som skal til for at dei ulike sektorane skal oppfylle krava i språklova. Det sektorspesifikke ansvaret for språk er eit ansvar som den nemnde sektoren må ta fordi språkdimensjonen i denne sektoren er særleg strategisk viktig for å sikre norsk som samfunnsberande språk. Rettleiaren skal også beskrive den rolla Språkrådet er tenkt å ha etter framlegget til språklov. Kulturdepartementet vil framleis ha det overordna ansvaret for å forme, tolke og fremje språkpolitiske mål.

Det er vidare eit mål for Kulturdepartementet at kvart departement definerer sitt spesifikke ansvar for å følgje opp språkpolitikken på eigne ansvarsområde. Innsatsen må tilpassast eigenarten og den språkpolitiske betydninga til sektoren. Som eit minimum skal alle departement og relevante statlege verksemder ha planar og rutinar for korleis dei følgjer opp sentrale føresegner i språklova. Det kan til dømes gjelde føresegner om veksling mellom nynorsk og bokmål og oppfølging av arbeidet med klarspråk. Nokre departement har i tillegg nøkkelroller i språkpolitikken. Det er særleg viktig at desse definerer og følgjer opp det språkpolitiske ansvaret sitt. Dei må òg vere merksame på og vurdere språkpolitiske konsekvensar i forvaltninga og utviklinga av eigen sektorpolitikk. Dette gjeld departement med stor betydning for offentleg tenesteyting til innbyggjarane, slik som barnehage-, skule- og opplæringssektoren, rettsvesenet, helsevesenet og velferdssektoren elles, men også kultur- og mediefeltet.

Etter lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) skal Kulturdepartementet minst kvart fjerde år leggje fram for Stortinget ei melding om målbruk i offentleg teneste. Kulturdepartementet finn det ikkje føremålstenleg å vidareføre ei slik lovfesting av rapportering til Stortinget. Departementet meiner likevel at ei form for rapportering til Stortinget vil vere ein viktig del av tiltaka for oppfølging av språklova og språkpolitikken. Rapportering til Stortinget vil bidra til å skape språkpolitisk debatt, medvit, kunnskap og oppfølging. Rapporteringa skal gje eit bilete av korleis språksituasjonen i Noreg utviklar seg. I tillegg vil rapporteringa gje ein peikepinn på korleis ein lukkast med å gjennomføre det sektorovergripande prinsippet i språkpolitikken. Rapporteringa skal gjerast på grunnlag av sentrale indikatorar for språkstatusen i Noreg, som igjen byggjer på dei sentrale føresegnene i språklova. Målbruksrapporteringa som Språkrådet gjennomfører i dag, skal halde fram. I samråd med Språkrådet og andre departement vil Kulturdepartementet sjå nærare på kva indikatorar ein bør rapportere om.

Som nemnt ovanfor driv Språkrådet tilskotsforvaltning i ei viss utstrekning. Samanlikna med andre felt på kulturområdet, som arkiv, bibliotek, museum og kunstfelta, er det likevel knapt med utviklings- og prosjektmidlar på språkfeltet. I oppfølginga av førre språkmelding var det i åra 2014 og 2015 lyst ut tilskotsmidlar til prosjekt på språkfeltet.

I samsvar med målet og ambisjonen om å styrkje det sektorovergripande prinsippet i språkpolitikken ser Kulturdepartementet behov for meir samarbeid og samfinansiering av prosjekt og tiltak på språkfeltet. Saker som til dømes omhandlar terminologi, dokumentasjon av språk, forsking, deling og tilgjengeleggjering av data, språkteknologi og innovasjon er sektoroverskridande og blir best løyste gjennom samarbeid. Samråding og samarbeid vil venteleg òg bidra til god måloppnåing både språkpolitisk og sektorpolitisk.

4.3.1 Særskilt om lovspråk

Lover og forskrifter påverkar avgjerder på alle nivå i samfunnet, og dei dannar mønster for mange andre tekstar. Når offentleg tilsette skriv, er dei ofte bundne av teksten i det regelverket dei skal forvalte, og uttrykksmåtar frå regelverket blir dermed bruka i andre tekstar frå det offentlege. Godt språk i regelverket vil føre til klarare forvaltningsspråk på dei områda reglane gjeld.

Språket i mange lover og forskrifter er langt meir komplisert enn nødvendig. Når lovspråket er komplisert og omstendeleg, kan det føre til at samanhengar, rettar og plikter ikkje blir tydelege nok, og det er eit demokratisk problem. Dessutan er uklart formulerte reglar vanskelege å handheve, og da blir forvaltninga mindre effektiv.

Det er ikkje noko mål at absolutt alle skal kunne skjøne alle lovtekstar, men viktige lovtekstar som gjeld mange, bør ha ei språkleg form som gjer at dei er lette å forstå. Ein bør vere medviten om kven som skal bruke lova mest. Skal ei lov verke etter føremålet, må dei lova gjeld, forstå lova. Eit klart og forståeleg juridisk språk er med på å styrkje demokratiet og rettstryggleiken.

Difi gjennomførte i 2017 ei undersøking blant regelskrivarar og leiarar i departementa. Respondentane meinte at lover og forskrifter skal vere forståelege for innbyggjarane, og over halvparten meinte at dei trong meir kunnskap om klart lovspråk.

Opinion (2017): Lovspråksundersøkelse i departementene. Gjennomført for Difi.

I det tverrfaglege lovspråkprosjektet i regi av Språkrådet og Difi (boks 4.2) vart språkverkstader testa ut som ei ny arbeidsform. Fleire lovtekstar er vortne klarare dei siste åra, og fleire lovutval har fått krav om klart lovspråk i mandata sine. Arbeidet med klart lovspråk har samtidig vist at det trengst meir kunnskap og konkrete tiltak. Kommunal- og moderniseringsdepartementet støttar derfor Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo med 3 mill. kroner årleg i ti år for å utvikle klart juridisk språk som eit eige fagfelt. Satsinga skal bidra til forsking, utdanning og formidling på feltet. Avtalen vart inngått hausten 2016. Det juridiske fakultetet har mellom anna eit samarbeid med Institutt for lingvistiske og nordiske studium. Satsinga har allereie resultert i auka merksemd om og interesse for klart lovspråk. Både Språkrådet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet vil kunne støtte seg på den faglege utviklinga på feltet i det vidare arbeidet med klart lovspråk.

Arbeidet med klart lovspråk er ikkje reint språkarbeid. Til dømes bør brukartesting utviklast vidare sidan ein ikkje kan vite om ei lov er vorten klarare utan at det er testa. Å ha eigna verktøy vil òg vere avgjerande dersom ein vil vurdere å krevje at dei viktigaste lovene blir brukartesta. Opplæringslovutvalet vurderer det slik at brukartesting er nyttig i utviklinga av ein klar lovtekst, trass ein del metodiske avgrensingar i dag. I NOU 2019: 23 Ny opplæringslov skriv utvalet:

«Vurdert opp mot den totale ressursbruken på å implementere og å etterleve opplæringsloven, er ressursene brukt på testing i lovforberedelsen forsvinnende liten.»

I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining stod det at det er eit mål at minst 25 prosent av lovverket rekna i tekstmengde skal vere på nynorsk. Dette målet er ikkje nådd. Ei oppteljing Kulturdepartementet gjorde i 2012, viste at vel 15 prosent av alle gjeldande lover er på nynorsk. I tekstmengde utgjer nynorsklovene i underkant av 10 prosent. Det er ikkje gjort noka ny oppteljing, men Språkrådet melder at fleire lovutval som reviderer viktige lover på nynorsk, skiftar til bokmål. Dette er uheldig på mange måtar. Nynorsk er eit direkte og tydeleg språk som høver godt i lovtekst, og lovverket er eit viktig domene for nynorsken.

Kva som er grunnen til at fleire lovutval endrar lovspråket frå nynorsk til bokmål, er ikkje kjent. I NOU 2019: 23 Ny opplæringslov drøftar utvalet spørsmålet om lovteksten skal skrivast på bokmål eller nynorsk. Utkastet til den nye lova vart skrive på nynorsk, og utvalet skriv:

«I brukertesten gjennomført av NTB Arkitekst på deler av utvalgets forslag, opplevde ikke informantene at det nynorske språket var et problem for forståelsen.»

Utvalet, som fekk språkleg rettleiing av Språkrådet, valde bort ord og uttrykk som kan vere utfordrande når det finst to eller fleire alternativ av eit ord (valfrie former).

4.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kulturdepartementet legg med dette fram ei språklov som slår fast det ansvaret offentlege organ har for å bruke, utvikle og styrkje norsk, å bruke, utvikle og styrkje samiske språk etter reglane i samelova kapittel 3 og å verne og fremje nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

  • Kulturdepartementet vil lage ein rettleiar for språkleg sektoransvar. Føremålet er å bidra til heilskapleg implementering av språkpolitikken.

  • Rettleiaren skal vere til hjelp for departement og relevante statlege verksemder med å lage språkplanar og -rutinar for etterleving av språklova. I planane skal dei overordna språkpolitiske prinsippa konkretiserast i sektorpolitikken.

  • Språkrådet vil vere eit sentralt verkemiddel for oppfølging av språklova. I framlegg til språklov er Språkrådets oppgåver og ansvar knytt til rådgjeving, rettleiing og tilsyn lovfesta.

  • Kulturdepartementet vil med jamne mellomrom og på eigna måte rapportere til Stortinget etter sentrale indikatorar som viser status for språksituasjonen i Noreg og resultata av den sektorovergripande språkpolitikken.

5 Språkdimensjonen i kulturpolitikken og mediepolitikken

5.1 Innleiing

Språk er vår fremste kulturberar og eit kulturobjekt i seg sjølv. Kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft. I mange kunst- og kulturuttrykk står språket sentralt i ytringa. Teateret, litteraturen og musikken er døme på kunstformer som held i hevd og utviklar språket. Det same gjeld for mediefeltet. I kulturarvinstitusjonane finst publikasjonar og originaldokument frå fleire hundre år tilbake og fram til i dag. Samlingane er unike kjelder til kunnskap om språkhistorie og skriftkultur. Men også rundt kulturuttrykk som i mindre grad er baserte på tekstlege uttrykk, finst det ein rik offentleg samtale, og desse kulturuttrykka har såleis òg ei viktig språkleg side. Dermed er det rett å seie at heile kultursektoren og mediefeltet er eigne domene for språk og ein eigen del av skriftkulturen. Kulturpolitikk, irekna mediepolitikk, er språkpolitikk.

Regjeringa vil føre ein aktiv kulturpolitikk med ein tydeleg språkdimensjon som skal leggje til rette for bruk, utvikling og styrking av bokmål, nynorsk og samiske språk og hindre domenetap. Regjeringa vil leggje til rette for vern og fremjing av dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som del av kulturpolitikken. Alle desse språka er del av den felles kulturarven i Noreg, og gjennom kunst og kultur med ulike språklege uttrykk får vi innsikt i kven vi er som folk, og det mangfaldet folket består av.

Språkdimensjonen i kulturlivet og media er like viktig for dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som han er for norsk og alle andre språk. Men for små språk kan offentleg symbolsk og institusjonell støtte vere endå meir avgjerande og bidra til utvikling og anerkjenning av språket og til bruk av språket på fleire arenaer.

Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga) slo fast at eitt av dei overordna kulturpolitiske måla er «[e]it fritt og uavhengig kulturliv som […] styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar».

For norsk språk vart dette også uttrykt slik:

«Det er behov for eit rikt og lett tilgjengeleg norskspråkleg kultur- og medietilbod med gode språklege førebilete, slik at det norskspråklege tilbodet vil bli valt i konkurranse med det engelskspråklege. Det er ønskjeleg å stimulere til brei produksjon og bruk av blant anna litteratur, musikk og audiovisuelle produkt på norsk. Dette er med på å auke tilfanget av kultur- og medieinnhald på norsk og leggje til rette for norskspråkleg kulturinnhald av høg kvalitet.»

Kulturmeldinga slo også fast at «[k]ulturarvmaterialet utgjer saman med språk og annan immateriell kulturarv det kollektive samfunnsminnet vårt». Både immateriell og materiell kulturarv er kjelde til identitet og kunnskap med forankring i historia, og til saman utgjer dette mykje av grunnlaget for samfunnsutviklinga.

5.1.1 Historisk tilbakeblikk

Språkdimensjonen er altså ein heilt sentral del av kulturpolitikken. Den språkpolitiske grunngjevinga var svært tydeleg ved opprettinga av Norsk kulturfond i 1965. I Budsjett-innst. S. nr. 235 (1964–65) viste kyrkje- og undervisningskomiteen til at opprettinga av eit kulturfond er nødvendig fordi «[s]ærlig er de små sprogsamfunn i fare ved at de blir oversvømt av billig utenlandsk kulturstoff». Innkjøpsordninga for norsk litteratur kan til dømes etter dette med rette kallast eit sikringstiltak for norsk språk, og skal òg forståast slik i kulturpolitikken framover. Det vil seie at all satsing på norsk litteratur samtidig er ei satsing på norsk språk, og at all bibliotekutvikling også er ei sikring av norsk språk.

Det same gjeld for dei andre kulturfelta. Audiovisuelt innhald har lenge vore prega av angloamerikanske produksjonar, og allereie på slutten av 1940-talet såg staten eit behov for å innføre støtte til norsk filmproduksjon som motvekt mot utanlandske filmar, jf. til dømes St.prp. nr. 2 (1946–47) for Kyrkje- og undervisningsdepartementet:

«Filmen er blitt en av de mest betydningsfulle faktorer både til godt og ondt i det alminnelige kulturliv. […]
Det er ikke nok å føre en viss kontroll med den film som bys fram av filmindustrien, en må aktivt støtte produksjonen av film som har kulturell verdi. Ved siden av dette vil det også alltid være en oppgave av nasjonale og valutamessige grunner å stimulere produksjonen av norsk underholdningsfilm som motvekt mot det overveldende antall av utenlandske filmer.»

På same måte som bøker og tidsskrift er aviser fritekne for meirverdiavgift. I Ot.prp. nr. 17 (1968–69) Om lov om alminnelig omsetningsavgift og særskilt avgift på visse varer og tjenester (meirverdiavgiftslova) er dette omtala slik:

«Begrunnelsen for det nåværende avgiftsfritak for aviser, bøker og tidsskrifter er at det i et lite språksamfunn som det norske er sterke grunner for at det trykte ord skal være fritatt for den omkostningsbelastning som en avgift vil bety for den trykte publikasjon.»

Fritak for meirverdiavgift for trykte medium, inkludert papiraviser, vart innført i 1970. Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid stadfestar at vedtaket hadde ei språk- og kulturpolitisk grunngjeving og handla om å ta vare på det norske språket. Fritaket for pressa vart i tillegg grunngjeve med at pressa har betydning for den offentlege samtalen, og at ei differensiert dagspresse held oppe og skapar grunnlag for ei mangesidig og fri opinionsdanning. Regjeringa har i fleire rundar modernisert dette avgiftsfritaket for å tilpasse det til ein stadig meir digital mediekvardag. Først vart fritaket for meirverdiavgift for papiraviser utvida til også å gjelde digitale nyhendemedium, seinare til elektroniske nyhendetenester uavhengig av plattform. Samla verdi av fritaket for meirverdiavgifta for aviser og elektroniske nyhendetenester vart talfesta til ca. 2,2 mrd. kroner i 2018, jf. Prop. 1 LS (2018–2019). I 2019 sørgde regjeringa jamvel for avgiftsfritak for elektroniske tidsskrift og bøker, i takt med den digitale utviklinga i samfunnet.

5.1.2 Språkleg og kulturelt mangfald

Å føre ein kulturpolitikk med eit tydeleg mål om å fremje norsk, samiske språk, norsk teiknspråk og nasjonale minoritetsspråk handlar ikkje om motstand mot andre språk. Det er heller ikkje eit signal om at desse språka er betre enn andre språk. Tvert imot vil departementet understreke verdien av møte med andre språklege og kulturelle uttrykk. Det bidreg til fornying av den offentlege samtalen og utviding av intellektuelle og kulturelle horisontar. Likevel er det ikkje mangfald dersom engelskspråklege kunst- og kulturuttrykk skapa av store internasjonale marknadsaktørar aleine skal dominere det som blir konsumert, eller setje standarden for kva som skal til for å hevde seg. Det er såleis ein verdi å sikre at det blir produsert kunst- og kulturuttrykk på norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk med utgangspunkt i lokale og nasjonale forteljingar, språk og erfaringar.

UNESCO-konvensjonen av 20. oktober 2005 om å verne og fremje eit mangfald av kulturuttrykk, som Noreg har ratifisert, sikrar enkeltland retten til å utforme og gjennomføre ein aktiv kultur- og mediepolitikk som fremjar kulturelt mangfald. Til grunn for konvensjonen ligg det ei uro for at globalisering og teknologiutvikling skal opne for ein meir hegemonisk posisjon for dei mest kommersialiserte kulturuttrykka.

Grunnlova § 108 pålegg staten å leggje til rette for at samane kan bevare og utvikle språket, kulturen og samfunnslivet sitt. Sametinget har hovudansvar for utviklinga av samisk språk, kunst og kultur og fordeler budsjettmidlar til desse føremåla innanfor den statlege rammeløyvinga frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. I 2020 er denne løyvinga på om lag 520 mill. kroner. Sametinget prioriterer språk- og kulturføremål høgt i eige budsjett. Sametinget arbeider med språkforvaltning og språkpolitikk, terminologi, stadnamn og språkrøkt, og i Sametingets budsjett for 2020 er det sett av 110 mill. kroner til verkemiddel på språkområdet. Midlane blir fordelte mellom anna til drift av samiske språksenter, språkprosjekt og tilskot til bruk og utvikling av samisk i kommunar og fylkeskommunar. I Sametingets budsjett til kulturføremål er det sett av om lag 134 mill. kroner i 2020. Sametingets kulturpolitikk skal leggje til rette for samisk kunst- og kulturaktivitet og utviklinga av denne aktiviteten.

Det er eit mål at dei nasjonale minoritetane skal delta aktivt i arbeidet med å verne og utvikle språka og kulturane sine. Over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett blir det løyvd drifts- og prosjektmidlar til føremåla. På vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet forvaltar Kulturrådet drifts- og prosjektmidlar som nasjonale minoritetar kan bruke til språk, kultur og eigenorganisering. I 2019 var språk ein av dimensjonane Kulturrådet la vekt på i vurderinga av søknader, og det vart mellom anna løyvd midlar til dokumentasjon og formidling av romani, til utgjeving av kvensk litteratur og til kvensk teater. For 2020 har Kulturdepartementet styrkt tilskotsordninga med 0,5 mill. kroner for å skape rom for fleire litteraturprosjekt innanfor ordninga. Kulturdepartementet løyver driftstilskot til Kainun institutti / Kvensk institutt og avisa Ruijan Kaiku. Over Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett blir det òg løyvd drifts- og tilskotsmidlar til vern og utvikling av kvensk språk og kultur. Frå 2020 blir ordninga forvalta av Troms og Finnmark fylkeskommune.

Å verne og fremje den nordiske språkforståinga er ei av dei fremste prioriteringane for Noreg i det nordiske samarbeidet. Den nordiske språkforståinga er ein av dei viktigaste konkurransefordelane og eit avgjerande element for å nå dei nordiske statsministrane sin visjon om at Norden skal vere verdas mest integrerte region. Når vi satsar på den nordiske språkforståinga, blir den nordiske kulturfellesskapen styrkt, og vi fremjar kontakt og mobilitet på tvers av grensene.

Kunst, kultur og medium bidreg sterkt til at innbyggjarane blir eksponerte for dei skandinaviske språka, og den gjensidige forståinga blir bygd. I Granavollerklæringa varslar regjeringa at ho vil sikre fellesnordisk språkforståing ved å arbeide for at film og fjernsyn blir sendt i teksta versjon, ikkje dubba, når programma er statleg finansierte eller støtta.

Noreg deltek aktivt i det kulturpolitiske samarbeidet i Nordisk ministerråd, som forvaltar nordiske støtteordningar som Nordisk kultur- og kunstprogram, Nordisk kulturfond og Nordisk film- og tv-fond. Norske kunst- og kulturaktørar deltek aktivt og får god utteljing i desse ordningane.

Etter eit norsk initiativ vart Nordisk ministerråds nye tilskotsordning Volt – kultur- og språkprogrammet lansert i 2017, under Noregs formannskap. Programmet støttar kultur- og språkprosjekt av og med barn og unge i heile Norden og har som særskilt mål å fremje den nordiske språkforståinga i denne gruppa. I 2019 vedtok dei nordiske kulturministrane å forlengje støtteprogrammet. I 2019 støtta Volt-programmet mellom anna Norske kveners forbunds prosjekt Kolme med 70 000 euro. Prosjektet er eit kulturutvekslingsprogram som omfattar Noreg, Sverige og Finland. Målet er å styrkje kvensk, meänkieli og karelsk språk, kultur og identitet blant minoritetsungdom i nord.

Noreg har også teke initiativ til eit tettare nordisk samarbeid om forvaltninga av minoritetsspråk. Det er eit potensial for å sjå forvaltninga av samiske språk og minoritetsspråk i tettare samanheng med forvaltninga av desse språka i Finland og Sverige. Eit eige seminar om temaet vart arrangert i Stockholm hausten 2018, og arbeidet blir følgt opp vidare i dei nordiske språkråda.

5.2 Den språkpolitiske dimensjonen i mediepolitikken

5.2.1 Innleiing

Så godt som alle nordmenn konsumerer medieinnhald kvar einaste dag. Bruken av tradisjonelle medium (papiravis, lineær radio og tv) går ned, medan bruken av nettbaserte medium er på veg opp. Yngre aldersgrupper brukar digitale medium meir enn eldre gjer, og nordmenn er blant dei fremste i verda når det gjeld digital bruk. Dette inneber samstundes at norske medieverksemder, som tidlegare i høg grad konkurrerte om merksemda til publikum med andre norskspråklege medium, no konkurrerer på ein global marknad med medieinnhald på andre språk, primært engelsk. Samiskspråklege medieverksemder opplever på same måte konkurranse frå både norskspråklege og engelskspråklege medieverksemder.

Grunnlova § 100 sjette ledd pålegg staten eit ansvar for å fremje eit ope og opplyst offentleg ordskifte. I førearbeid og målformuleringar om offentlege verkemiddel på medieområdet står språklege omsyn sentralt. Å vurdere omsynet til språk og kultur var ein del av mandatet til Mediemangfaldsutvalet, eit offentleg utval som skulle vurdere dei mediepolitiske verkemidla staten rår over. I NOU 2017: 7 Det norske mediemangfoldet. En styrket mediepolitikk for borgerne understreka utvalet:

«Særlig er det grunn til å fremheve hvor stor betydning mediebruken av nynorsk og samisk har for denne målformen og dette språket.»

Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid slår fast at nyhendemedia har ein samfunnsverdi utover den kommersielle verdien. Samfunnsverdien er knytt til demokratisk meiningsdanning, kontroll av maktutøving og betydning for språk, kultur og identitet. Meldinga understrekar at marknaden ikkje aleine produserer det mediemangfaldet og den journalistikken som er ønskjeleg for samfunnet. Derfor er offentleg støtte eit nødvendig supplement for å bevare eit mangfald av medium og journalistisk produksjon over heile landet.

Bruken av medium er i endring. Audiovisuelt innhald blir i aukande grad strøymt. Til forskjell frå marknaden for lineært fjernsyn har globale aktørar erobra ein monnaleg del av marknaden for strøymetenester. Både YouTube og Netflix har høgare tal for dagleg bruk enn NRK, som er den næraste norske konkurrenten i marknaden for strøyming av audiovisuelt innhald. Dei internasjonale aktørane har eit endå sterkare grep på dei yngre, og nesten dobbelt så mange unge brukar Netflix og tre gonger så mange brukar YouTube dagleg jamført med NRK. Utviklinga syner kor viktig det er for norsk mediespråk at NRK har breitt gjennomslag i folket, og særleg blant barn og unge. Det er i barne- og ungdomsåra grunnlaget blir lagt for språkutviklinga, og trygge språklege føredøme i media er viktige for å skape trygge språkbrukarar.

Boks 5.1 Opplæring i nynorsk mediespråk

NRK Nynorsk mediesenter vart opna i Førde i 2004. Senteret driv kursverksemd i nynorsk og mediekunnskap, mellom anna gjennom ei praktikantordning der 8–10 studentar kvart år går på halvårlege kurs. I 2013 vart Nynorsk avissenter skipa etter same modell. Nynorsk avissenter er eit opplærings- og kompetansesenter for aviser som brukar nynorsk. Dei to sentera tek mål av seg til å vere kraftsenter for meir og betre nynorsk i media. NRK Nynorsk mediesenter er finansiert gjennom NRK og har lært opp om lag 150 nynorskpraktikantar sidan oppstarten. Nynorsk avissenter får i 2020 eit tilskot frå Kulturdepartementet på 3 mill. kroner. I tillegg kjem finansiering frå Firda Media AS og refusjon frå praksisaviser.

5.2.2 NRK

Det totale tilbodet frå NRK når ein stor del av befolkninga, med ei dagleg dekning på 87 prosent i 2018. NRK er samstundes den mediekanalen som har høgast tillit både i befolkninga generelt og blant brukarane av NRK. 69 prosent av innvandrarane i Noreg nyttar tilbodet til NRK dagleg.

Språkpolitiske målsetjingar står sentralt i offentlege dokument som omtalar grunngjevinga for og betydninga av NRK som allmennkringkastar. I Meld. St. 38 (2014–2015) Open og opplyst. Allmennkringkasting og mediemangfald (kringkastingsmeldinga) heiter det til dømes:

«Globaliseringa av mediemarknaden inneber at norsk innhald er utsett for langt større konkurranse enn tidlegare. Allmennkringkastinga blir difor viktigare for å fremje norsk innhald, kultur og språk.»

Stortinget fastset det overordna samfunnsoppdraget til NRK i NRK-plakaten, som uavkorta er teken inn i vedtektene til verksemda. I tillegg kan generalforsamlinga fastsetje utfyllande føresegner til oppdraget. Gjeldande NRK-plakat vart fastsett i 2019 etter Stortingets behandling av Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid (mediestøttemelidinga).

I kringkastingsmeldinga i kapittelet om NRKs innhaldsforpliktingar skriv departementet:

«NRK er ein viktig kulturinstitusjon og eitt av statens viktigaste verkemiddel for å nå språk- og kulturpolitiske mål. Departementet meiner at innhaldsforpliktingane, slik dei er utforma i dag, i stor grad fungerer som ein garanti for at viktige demokratiske og kulturpolitiske mål blir varetekne. Høyringa av NRK-plakaten viser at mange instansar er opptekne av at NRKs allmennkringkastingsoppdrag på ein klar og transparent måte reflekterer institusjonens samfunnsmessige rolle og tyding.»

Departementet konkluderer i hovudsak med å føreslå ei vidareføring av innhaldsforpliktingane til NRK, men drøftar i meldinga mellom anna krava knytte til nynorsk, samisk, nasjonale minoritetar og norskspråkleg musikk, som fleire hadde vore opptekne av i høyringa av NRK-plakaten.

Etter vedtektene skal tilbodet til NRK i hovudsak ha norskspråkleg innhald, og minst 25 prosent av innhaldet skal vere på nynorsk.

Medietilsynet skal etter kringkastingslova § 2-13 kvart år utarbeide ein rapport om korleis NRK oppfyller allmennkringkastingsforpliktingane sine. I allmennkringkastingsrapporten for 2018 vurderer Medietilsynet det slik at NRK oppfyller det overordna kravet om å styrkje norsk språk, identitet og kultur. Medietilsynet viser til at NRK har ein omfattande eigenproduksjon på radio, tv, nett og mobil med stor variasjon av tema og sjangrar. Vurderinga av korleis NRK oppfyller kravet om å styrkje norsk språk, identitet og kultur, byggjer såleis på ei samla vurdering av korleis NRK oppfyller fleire av dei spesifikke krava til innhaldstilbodet.

Sidan 1970 har styresmaktene stilt krav om at 25 prosent av innhaldet i NRK skal vere på nynorsk. I 2015 klara NRK det på radio og tv, men 2019 var det første året NRK nådde målet samla for alle plattformer. I tidlegare år har det vore stor variasjon mellom dei ulike plattformene og kanalane. I 2019 var 25,2 prosent av det totale innhaldet på nynorsk. Kanalen NRK P1 hadde mest nynorsk med 30,5 prosent, men somme plattformer nådde ikkje opp til kravet. Til dømes var prosentdelen for nynorsk innhald på nrk.no 18.

Noreg er forplikta mellom anna av FN-erklæringa om rettane til urfolk, artikkel 16 punkt 1, til å leggje til rette for informasjons- og ytringsfridom for urfolk. Etter § 16 i vedtektene skal NRK «styrke det norske og de samiske språkene, og styrke norsk og samisk identitet og kultur. […] NRK skal ha daglige sendinger for den samiske befolkning.»

NRK Sápmi er organisert som ein eigen divisjon i NRK og har om lag 90 medarbeidarar fordelte på hovudkontoret i Karasjok og lokalkontora i Tana, Kautokeino, Kåfjord, Tromsø, Harstad, Snåsa, Tysfjord og Oslo. NRK Sápmi produserer innhald for radio, tv og nett. NRK Sápmi samarbeider dessutan tett med allmennkringkastarar i Finland og Sverige om programtilbodet. I 2018 sende NRK Sápmi 280 tv-timar og 8 805 timar radio. Programtilbodet er i hovudsak på nordsamisk, men NRK Sápmi har òg tilbod på lule- og sørsamisk og på norsk.

NRK skriv i årsrapporten for 2018 at medievanane til det samiske publikummet, til liks med resten av befolkninga, er i endring. Publikum vel oftare innhald som er digitalt, og det inneber at jamvel det samiske innhaldet konkurrerer med den globale marknaden. Endringane gjer at ein ikkje lenger kan måle suksess i volum, verken i kor mange minutt som er sende på radio og tv, eller på volumet av digitalt innhald. I staden må NRK Sápmi bli målt på i kva grad publikum vel å gjere bruk av innhaldet. NRK Sápmi har derfor dreidd merksemda mot digitalt innhald og utvikling av valbart innhald innanfor alle sjangrar.

Medietilsynets vurdering i allmennkringkastingsrapporten for 2018 er at NRK gjennom tilbodet på radio, tv, nett og mobil oppfyller krava til å styrkje dei samiske språka og til å styrkje samisk identitet og kultur. Medietilsynet fann likevel at NRK ikkje sende tilstrekkeleg med eigne program for unge på dei samiske språka gjennom heile året.

NRK skal etter vedtektene ha program for nasjonale og språklege minoritetar, og dei skal formidle innhald frå Norden og bidra til kunnskap om nordiske samfunnstilhøve, kultur og språk. Vidare skal NRK formidle kunnskap om ulike minoritetsgrupper og om mangfaldet i det norske samfunnet.

NRK viser til at dei synleggjer det fleirkulturelle mangfaldet som ein naturleg del av innhaldet dei publiserer, og gjennom val av mellom anna tematikk og musikk, kjeldebruk, bruk av målgrupper og rekruttering av programleiarar.

Medietilsynet vurderer at NRK i 2018 oppfyller kravet om å ha program for nasjonale og språklege minoritetar. Medietilsynet gjer i allmennkringkastingsrapporten detaljert greie for på kva måtar NRK tilbyr innhald til dei nasjonale minoritetane i Noreg.

Kringkastingslova vart endra med verknad frå 1. juli 2019, slik at ho ikkje lenger berre set krav til kringkastarar om teksting av fjernsynsprogram for høyrselshemma, men også om å gjere fjernsynsprogram tilgjengelege for personar med ulike funksjonsnedsetjingar gjennom teiknspråktolking, synstolking og lydtekst. I ny § 2-19 i lova er det sett overordna krav, medan dei konkrete krava skal fastsetjast i forskrift. Slike reglar vart fastsette i forskrift om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester med verknad frå 1. januar 2020. For NRK inneber forskriftsendringa nye, konkrete og kvantitative krav om teiknspråktolking, lydtekst og synstolking, i tillegg til meir omfattande krav om teksting. I tillegg krev NRK-vedtektene at allmennkringkastingstilbodet skal vere tilgjengeleg for heile befolkninga, og at NRK skal ta omsyn til personar med funksjonsnedsetjingar ved utforminga av tilbodet. At personar med ulike funksjonsnedsetjingar enkelt kan følgje med på det same som andre, har mykje å seie for inkludering og deltaking i fellesskapen.

Medietilsynet viser i allmennkringkastingsrapporten for 2018 at NRK over fleire år har lagt innhaldet sitt til rette for personar med funksjonsnedsetjingar i høgare grad enn det som følgjer av dei spesifikke krava i kringkastingslova. Når det gjeld teiknspråktolking, viser Medietilsynet til at NRK teiknspråktolkar sendingar på tv-kanalen NRK Tegnspråk kvar dag. I 2018 har NRK dessutan sendt eigne program på NRK Tegnspråk som ikkje blir sende parallelt på andre kanalar, og innkjøpte teiknspråkprogram. I tillegg har NRK i 2018 teiknspråktolka og teksta store augeblinkar frå arkivet til NRK og publisert dei på nrk.no. Tilsynet viser vidare til at NRK i 2018 lanserte ein «tilgjengelegheitsknapp» i NRK TV på nett for å innfri ønsket til brukarane om å kunne finne teiknspråk- og synstolking av innhaldet ved den ordinære søkinga etter program. Det inneber at brukarane ikkje lenger treng å finne innhald via eigne kategoriar for universell utforming. NRK Super TV har eigne knappar der ein kan velje teiknspråktolka eller synstolka innhald. Knappane er utforma slik at det er enkelt for synshemma og høyrselshemma barn å finne fram til innhald som er synstolka og teiknspråktolka. Medietilsynet vurderer i allmennkringkastingsrapporten at NRK i 2018 oppfyller kravet om å ta omsyn til funksjonshemma ved utforminga av tilbodet sitt.

NRK-vedtektene set kvantitative krav om bruk av norsk musikk i NRK og krev at NRK skal bidra til å fremje nye talent og lokale artistar, og at minst 40 prosent av musikken som blir spela på NRK P1, P2 og P3, skal vere norsk, med vekt på norskspråkleg eller norskkomponert musikk. Krava kom inn i dei utfyllande vedtektsføresegnene til NRK-plakaten frå 2018, då kravet om prosentdelen norsk musikk auka frå 35 til 40. Kravet om at den norske musikken som blir spela, skal ha vekt på norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk, er også nytt.

Medietilsynet konkluderer i allmennkringkastingsrapporten for 2018 med at NRK oppfyller kravet om at minst 40 prosent av musikken i NRK P1, NRK P2 og NRK P3 skal vere norsk med vekt på norskspråkleg og/eller norskkomponert musikk.

5.2.3 Andre kringkastarar

Kringkastingslova og kringkastingsforskrifta er endra slik at riksdekkjande kommersielle kringkastarar med meir enn fem prosent av dei samla sjåartala for fjernsyn er pålagde å tekste alle ferdigproduserte fjernsynsprogram mellom klokka 18.00 og klokka 23.00. Dei skal tekste direktesende fjernsynsprogram i same tidsrom dersom det er teknisk og praktisk mogleg.

Desse riksdekkjande kommersielle kringkastarane skal også sende fjernsynsprogram med teiknspråktolking kvar veke, og fjernsynsprogram med synstolking, dersom det er teknisk og praktisk mogleg.

Den tidlegare avtalen til TV 2 om kommersiell allmennkringkasting på tv gjekk ut i 2017. Staten og TV 2 inngjekk i 2018 ein ny avtale, som gjeld frå 1. januar 2019 til utgangen av 2023. I avtalen forpliktar TV 2 seg til at norskspråklege program skal utgjere minst 50 prosent av sendetida på hovudkanalen til TV 2. Begge dei norske skriftspråka skal nyttast. TV 2 har ei rekkje nyhendeanker og programleiarar med eit talespråk som ligg tett opp til nynorsk. Språkpolitikken i kanalen, som oppmuntrar til dialektbruk, skal førast vidare i avtaleperioden.

TV 2 har forplikta seg til å tilby minst 72 timar norskspråkleg barne-tv per år, fordelt på sendingar på laurdag og søndag kvar veke og i høgtider. For unge i alderen 13 til 19 år vil TV 2 levere minst 20 timar norskspråklege program kvart år. Avtalen forpliktar vidare TV 2 til å investere minst 250 mill. kroner gjennom avtaleperioden i produksjon av norsk film og tv-drama for førstegongsvising på TV 2.

Den første vurderinga av korleis TV 2 oppfyller krava, kjem i 2020.

Med unntak av TV 2 er det ingen kommersielle kringkastarar eller audiovisuelle medietenester som har allmennkringkastingsforpliktingar.

5.2.4 Film og dataspel

Film og dataspel er blant dei mest populære og mest bruka kulturuttrykka. Statlege tilskot til film og dataspel blir regulerte i forskrift om tilskudd til produksjon og formidling av audiovisuelle verk. Forskrifta er fastsett av Kulturdepartementet med heimel i Stortingets budsjettvedtak og har ein føremålsparagraf som mellom anna omhandlar språkpolitiske føremål:

«Tilskudd som er hjemlet i denne forskriften skal bidra til å styrke norsk og samisk språk, identitet og kultur, og oppfylle gjeldende mål på det audiovisuelle området.»

Med heimel i denne forskrifta har Norsk filminstitutt (NFI) fastsett to forskrifter som regulerer tilskotsforvaltninga på området. Språkdimensjonen i tilskotsordningane går òg fram av Kulturdepartementets budsjettproposisjon Prop. 1 S (2019–2020):

«For å styrke norsk språk, identitet og kultur er det […] et mål å legge til rette for at det produseres og formidles audiovisuelt innhold på norsk og samisk språk av høy kvalitet, og at dette er tilgjengelig for et bredt publikum. Bevilgningene skal videre stimulere til et tilbud av audiovisuelt innhold som styrker befolkningens grunnlag for dannelse og kritisk refleksjon, gjennom å vekke engasjement og tilrettelegge for meningsbryting og et mangfold av ytringer.»

NFI fordelte om lag 650 mill. kroner til filmrelaterte tiltak i 2018. Utan desse midlane ville brorparten av filmane ikkje vorte realiserte, og publikum ville hatt eit langt svakare tilbod av norskspråkleg kvalitetsfilm.

Nesten 2,1 millionar såg norsk film på kino i 2019. Det er ein marknadsdel for norsk film på 18,4 prosent. Det er ein tilbakegang på 32 prosent frå 2018, men 2018 var til gjengjeld året med den høgaste marknadsdelen nokon gong (25,1 prosent). Utviklinga i marknadsdelen på strømmetenester for film og seriar (VOD-tenester) har jamt over vore positiv for norske seriar dei siste tre åra (12,5 prosent i 2018).

NFI krev teksting av alle audiovisuelle verk som får produksjons-, lanserings- og/eller etterhandstilskot. Dersom verket skal distribuerast på kino i Noreg, krev NFI at verket blir distribuert med teksting og synstolking. NFI gjev dessutan tilskot til versjonering av barnefilmar til norsk og samisk.

Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) gjev tilskot til samiske audiovisuelle produksjonar. Slik bidreg dei til å formidle samiske forteljingar og kulturuttrykk i ei samisk språkdrakt, både til eit samisk og eit ikkje-samisk publikum i inn- og utland. Kulturdepartementet løyver 8,4 mill. kroner til ISFI i 2020, ein auke på 2,7 mill. kroner frå året før. I tillegg får ISFI tilskot frå Sametinget.

Hausten 2019 la Kulturdepartementet fram Spillerom. Dataspillstrategi 2020–2022. Strategien viser til at dataspelfeltet er eit område der norsk språk er spesielt utfordra, og at internasjonale spel dominerer den norske marknaden. Tilskot til utvikling av dataspel frå NFI skal bidra til at barn og unge får tilgang til spel på norsk. Dette er i tråd med hovudmålet for språkpolitikken i Noreg – å sikre bruken av eit velfungerande norsk språk på alle samfunnsområde. Spel som mottek tilskot til lansering i Noreg, må ha norsk tekst. Det viser seg i praksis at spela som er tilgjengelege på norsk, er tilgjengelege på bokmål. Det finst svært få dataspel der nynorsk er bruka.

Å sikre norskspråkleg audiovisuelt innhald vil vere med på styrkje norsk kultur og språk og gje oppdrag til og inntekter for kunstnarar i Noreg. På same måte vil audiovisuell utvikling på samiskspråkleg grunn bidra til å styrkje samisk kultur som sjølvstendig kulturuttrykk i ein global tidsalder.

5.2.5 Pressa

I føremålsparagrafen til forskrift om produksjonstilskudd til nyhets- og aktualitetsmedier heiter det at produksjonstilskotet skal stimulere til eit mangfald av nyhende- og aktualitetsmedium med høg kvalitet og uavhengig journalistikk, inkludert medium i marknader som er for små til å vere berekraftige, og alternativ til dei leiande media i større marknader. Sjølv om føremålsparagrafen ikkje inneheld direkte referansar til språklege omsyn, er det ikkje tvil om at tilskotet har vore med på å halde oppe ei mangfaldig presse på mange utgjevarstader og på den måten gjeve eit viktig bidrag til språkutviklinga i Noreg. Ikkje minst har tilskotet vore med på å halde mange nynorske lokalaviser i drift, særleg på Vestlandet. I 2018 var produksjonstilskotet på 318 mill. kroner, og det kom ut 214 aviser i Noreg. Av desse avisene fekk 149 produksjonstilskot. I 2020 auka regjeringa produksjonstilskotet til nyhende- og aktualitetsmedium med 40 mill. kroner, slik at den direkte mediestøtta utgjer 358 mill. kroner.

Ordninga med tilskot til samiske aviser er regulert gjennom forskrift om tilskudd til samiske aviser. Føremålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet. I 2019 var løyvinga til samiske aviser på 34,6 mill. kroner. I forskrifta er samisk avis definert som ei avis som har den samiske befolkninga som hovudmålgruppe. Tilskotet blir fordelt slik at avisene som oppfyller vilkåra, deler på 82,5 prosent av totalsummen, medan dei resterande 17,5 prosentane blir fordelte på grunnlag av utgåver multiplisert med sider med samisk tekst. I tillegg får aviser med innstikk på lulesamisk og sørsamisk inntil fire prosent av tilskotet. I dag gjeld dette to aviser.

Ruijan Kaiku er ei avis som har kvener/norskfinnar og finlendarar i Noreg som målgruppe, og som kjem ut kvar femte veke. Avisa er trespråkleg og publiserer etter det dei sjølve opplyser, i gjennomsnitt 50 prosent på norsk, 25 prosent på kvensk og 25 prosent på finsk. Ruijan Kaiku får i 2020 1,3 mill. kroner i tilskot frå Kulturdepartementet. Avisa har også motteke drifts- og prosjektmidlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementets tilskotsordning til kvensk språk og kultur.

I Meld. St. 17 (2018–2019) Mangfald og armlengds avstand. Mediepolitikk for ei ny tid varsla regjeringa at ho vil sende på høyring eit forslag om å gjere tilskotsordninga for samiske aviser plattformnøytral, på same måte som produksjonstilskotet. Dette tyder at tilskotet til samiske aviser og samiskspråklege avissider vil vere basert på utgjevingar både digitalt og på papir. Ei slik endring vil kunne bidra til at media satsar meir digitalt og får fleire abonnentar over på digitale plattformer. I tillegg vil terskelen for å publisere på samisk eller med den samiske befolkninga som primærmålgruppe kunne bli lågare, og det vil kunne resultere i meir mangfald ved at nye publikasjonar kjem inn i ordninga.

Boks 5.2 «Nynorskroboten»

Digitalisering og automatisering i mediebransjen legg til rette for større og raskare produksjon av nyhendestoff. Nyhende går også fortare «ut på dato». Utviklinga har bidrege til å auke mengda bokmålsstoff, medan nynorsk nyhendestoff har tapt terreng. For å sikre nynorsk språk som mediespråk har Nynorsk pressekontor (NPK) teke initiativ til å utvikle ein «nynorskrobot», som er ei løysing for automatisk omsetjing av nyhende frå bokmål til nynorsk. Løysinga bidreg til at byråstoff kan sendast ut til redaksjonane raskare enn tidlegare. Ho frigjer i tillegg ressursar slik at NPK kan arbeide med eigne saker på nynorsk, ikkje berre omsetjing av anna byråstoff. Det overordna målet er å skape eit mest mogleg likeverdig nyhendetilbod på nynorsk og bokmål. Kulturdepartementet har støtta innovasjonsarbeidet gjennom ein auke i statstilskotet i 2019 og 2020 med høvesvis 0,8 mill. kroner og 1 mill. kroner. Nasjonalbiblioteket bidreg også med midlar og arbeidsressursar til prosjektet. Erfaringane frå NPK er så langt svært positive. Talet på omsette NTB-nyhende til nynorsk steig frå om lag 16 000 saker i 2018 til om lag 25 000 saker i 2019. Talet på eigenproduserte saker auka med om lag 1 300. «Roboten» gjer ein stadig betre språkleg omsetjingsjobb.

5.3 Den språkpolitiske dimensjonen på kunst- og kulturfeltet

5.3.1 Innleiing

Så godt som all kunst- og kulturpolitikk er tufta på språk, og løyvingane til kulturføremål på statsbudsjettet har ein vesentleg språkpolitisk dimensjon. Over Kulturdepartementets budsjett blir det dessutan løyvd midlar til tiltak som har eit meir eksplisitt språkpolitisk føremål. Løyvinga til Språkrådet, statens forvaltningsorgan i språkspørsmål, står i ei særstilling. Språkrådet si hovudoppgåve er å arbeide med å sikre norsk som samfunnsberande språk i Noreg. Arbeidet rettar seg både mot det offentlege og til innbyggjarane elles.

På språkfeltet er det fleire frivillige organisasjonar som arbeider for å organisere språkbrukarane, skape interesse og engasjement for språk og fremje interessene til ulike språkbrukargrupper nedanfrå. Noregs Mållag, Riksmålsforbundet, Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og Norges Døveforbund mottek tilskot til det språkpolitiske arbeidet sitt over Kulturdepartementets budsjett. Det gjer også Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), som er ei samanslutning av kommunar, fylkeskommunar og interkommunale tiltak som arbeider med å fremje nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. Tilskotet legg òg til rette for drift av LNKs kultursatsingar på nett for barn og unge.

I 2020 blir det gjeve nær 12 mill. kroner til ordbokarbeid over Kulturdepartementets budsjett. Tilskot til språkleg dokumentasjon og ordbøker blir nærare omtala i punkt 9. Språkrådet forvaltar ei tilskotsordning for dokumentasjon og innsamling av stadnamn.

Nynorsk kultursentrum skil seg ut ved å vere både språk- og museumsinstitusjon. Måla til Nynorsk kultursentrum er å arbeide for nynorsk skriftkultur og å drive språklege og litterære dokumentasjonssenter, festivalar og digitale tenester som kan styrkje bruken av nynorsk språk. Nynorsk kultursentrum dokumenterer og forskar på nynorsk språk og litteratur. Nynorsk kultursentrum driv oppslagsverket Allkunne.no.

Kainun institutti / Kvensk institutt vart stifta i 2005 og er eit nasjonalt senter for kvensk språk og kultur. Instituttets hovudoppgåver er å drifte Kvensk språkråd og å drive opplysningsarbeid om språk og kultur. Kvensk institutt får driftstilskot over Kulturdepartementets budsjett.

Det føregår elles samarbeid mellom institusjonar som arbeider med språk, også på tvers av kultursektoren, opplæringssektoren og sektoren for forsking og høgare utdanning. Slikt samarbeid gjeld til dømes dokumentasjon og forsking på språk og formidling i skular og i kulturinstitusjonar. Departementet ser positivt på slikt samarbeid.

5.3.2 Scenekunst

Scenekunsten er ein viktig del av infrastrukturen for ytringsfridom og dannar ei ramme for fellesskap og frie ytringar i samfunnet. For teateret er språket både eit mål i seg sjølv og ein reiskap for mykje av det kunstnarlege arbeidet. Heilt tilbake til 1800-talet har teatera vore ein arena der den norske språkutviklinga har kome til uttrykk og utspela seg. Men debatten om språkutviklinga har også dreidd seg om teateret, til dømes i kampen om norsk eller dansk scenespråk på 1800-talet og med nynorsken og auka bruk av dialektar på 1900-talet.

Nationaltheatret i Oslo, Den Nationale Scene i Bergen og Det Norske Teatret i Oslo er dei største scenene for teater i Noreg og får tilskot som nasjonale institusjonar. Tretten institusjonar over heile landet får tilskot som regional-/landsdelsteater. Etableringa av desse regionteatera frå Tromsø i nord til Kristiansand i sør frå 1950-talet og fram til i dag har medverka til at lokalt og regionalt talemål har fått større prestisje. I dag er det brei aksept for bruk av dialektar i teatera, som grunnlag for kunstnarlege behov og val, men òg for at teateret i større grad skal etablere lokal tilhøyrsel.

Etableringa av Det Norske Teatret i 1912 understreka den sentrale rolla ein teaterinstitusjon har i språkpolitikken. I dag er Det Norske Teatret den største nynorskinstitusjonen i Noreg. Det Norske Teatret spelar ei vesentleg rolle for å fremje nynorsk og gje språket ein sentral posisjon i samfunnet. Teateret gjer nynorsk tilgjengeleg for et breitt publikum gjennom eit mangslunge teaterrepertoar, irekna eit populærkulturelt tilbod av musikalar omsette til nynorsk. Det Vestnorske Teateret og Teater Vestland har til liks med Det norske Teatret som mål å verne og fremje nynorsk i samfunnet.

Beaivváš Sámi Našunálateáhter (Det Samiske Nasjonalteatret Beaivváš) i Kautokeino har samisk som utøvar- og scenespråk. Åarjelhsaemien Teatere (Sydsamisk teater) i Mo i Rana blandar sørsamisk og norsk som scenespråk. Begge dei samiske teatera er turneteater, og dei arbeider for å betre posisjonen for samisk i Noreg og bidreg til eit samisk språkmiljø i samiske busetjingsområde. Teatera nyttar samisk som scenespråk og simultantekstar framsyningane. Dermed blir dei samiske språka tilgjengelege også for dei som ikkje har samisk som daglegspråk, anten det er samar eller ikkje-samar. Teatera er også pådrivarar for utvikling av samisk dramatikk og språkutvikling.

Teater Manu er det einaste profesjonelle teateret i Noreg som har teiknspråk som scenespråk. Teateret vart etablert i 2001 og er ein svært viktig arena for utvikling og formidling av norsk teiknspråk. Teateret turnerer i Noreg og internasjonalt. Målet er å bli det beste teateret i verda med utspring i kulturen og miljøet til døve. Som del av satsinga på språk vart tilskotet til Teater Manu auka med 1 mill. kroner i 2020.

Dei mange historiske spela, mellom dei friluftsspela, som blir sette opp kvart år, engasjerer mange frivillige og er viktige for kulturlivet lokalt og regionalt. Gjennom å formidle felles historie og forteljingar på det lokale målet er spela med på å skape samhald, identitet og forankring.

Teater på dei mindre bruka språka har eksplisitte språkpolitiske føremål. Til no har det ikkje vore behov for eksplisitt å sikre bokmål som teaterspråk. Dermed har ikkje støtte til til dømes Den Nationale Scene og Nationaltheatret ei uttrykt språkpolitisk grunngjeving. I praksis er det likevel slik at dei teatera som ikkje har eit uttrykt språkpolitisk føremål, òg held norsk som scenespråk i hevd.

5.3.3 Litteratur og bibliotek

Hovudmåla for litteraturpolitikken er kvalitet, breidde og tilgang. For at litteraturen skal vere berekraftig, krevst det eit breitt og mangfaldig boktilbod. Det er eit kulturpolitisk mål at det ikkje berre blir utgjeve potensielle bestseljarar, men at lesarane skal kunne velje blant eit mangfald av sjangrar og titlar frå eit mangfald av forfattarstemmer. Fagspråket er ein særleg viktig føresetnad for at norsk held fram med å utvikle seg som eit samfunnsberande og fullverdig språk.

Ein mangfaldig og fri litteratur er essensiell for kultur, kunnskap, språk, ytringsfridom og demokrati i ein nasjon. Produksjon, utgjeving og formidling av norsk litteratur er avgjerande for å oppretthalde og utvikle eit fullverdig norsk språk og ein fullverdig norsk skriftkultur. Litteraturpolitiske verkemiddel for å sikre tilgang til norskspråkleg studielitteratur er viktige i ein sårbar marknad.

Noreg er eit relativt lite språkområde, og omsynet til språkpolitikken veg tungt i litteratur- og bibliotekpolitikken. I Noreg har ansvarsdelinga mellom det offentlege og det private næringslivet i det litterære systemet vore ein suksess. Her har staten vore ein aktiv pådrivar for å skape sikringsnett og rette opp marknadssvikt i bokmarknaden.

Dei statlege verkemidla omfattar mellom anna forfattarstipend og innkjøpsordningar for litteratur under Norsk kulturfond. I tillegg kjem indirekte og overordna verkemiddel som unntak frå konkurranselovgjevinga og momsfritak. Slik er det lagt til rette for at private aktørar kan drive forlagsverksemd og på den måten bidra til å nå dei litteraturpolitiske måla. Forfattarar, forlag, bokhandlarar og andre bransjeaktørar er viktige for breidde og kvalitet i produksjonen og distribusjonen av norsk litteratur. Til å vere ein relativt liten språkmarknad blir det skrive og utgjeve eit stort tal bøker i Noreg.

For å nå dei litteraturpolitiske måla må verkemidla på området gje gode rammevilkår for heile den litterære verdikjeda, frå forfattar via forlag, bokhandel og bibliotek til lesar. Det er viktig at eit breitt utval av litteraturen skal vere tilgjengeleg for folk der dei bur, og at prisane skal vere like både i sentrale og mindre sentrale strok. Nettbokhandelen bidreg monnaleg til å gjere litteratur meir tilgjengeleg, men bokhandlarar på gateplan og i handelshus vil framleis vere viktige for å formidle eit mangfaldig litteraturtilbod aktivt.

Folkebiblioteka og skulebiblioteka er særs viktige for å formidle og spreie norsk litteratur og å bidra til leselyst og lesekompetanse. I Nasjonal bibliotekstrategi 2015–2018. Statens oppgaver og ansvar for utvikling av folkebibliotekene vart det satsa storstilt på folkebiblioteka som møtestader, kultur- og kunnskapsarenaer i lokalmiljøa. Dette har så langt ført til rekordhøge tal på arrangement og besøkstal i norske bibliotek. Prosentdelen som seier at dei har besøkt eit folkebibliotek siste år, auka frå 40 i 2015 til 54 i 2018. Det er det høgaste talet som er målt nokon gong. Veksten blir knytt til arbeidet med å utvikle biblioteka som møteplassar og arenaer for samtale, debatt og kulturformidling. Med Rom for demokrati og dannelse. Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 legg regjeringa til rette for å utvikle biblioteka vidare som relevante og viktige institusjonar for folkeopplysning og danning. Strategien definerer statens ansvar for og oppgåver med utvikling av ein framtidsretta biblioteksektor, der folkebibliotek, skulebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek blir sette i samanheng. Bibliotektenestene skal nå nye brukarar, og det er eit mål å skape nye lesarar. Vidare er det eit mål å gjere kunnskapskjelder og forsking tilgjengelege for folk flest.

Staten skal leggje til rette for godt samarbeid i eit nasjonalt biblioteksystem, gode rammevilkår og rom for prøving av nye tenester og modellar for drift. Det er Nasjonalbiblioteket som har ansvaret for den litterære kulturarven og er sentralt utviklingsorgan for folkebiblioteka og universitets- og høgskulebiblioteka. Nasjonalbiblioteket leverer fellestenester og infrastruktur til ein samla biblioteksektor og deler ut prosjekt- og utviklingsmidlar for å setje kraft bak dei bibliotekpolitiske måla.

Sametingets bibliotek er ein viktig ressurs og ein viktig reiskap for å ta vare på og å formidle samisk kulturhistorie og litteratur. Sametingets bibliotek har det overordna ansvaret for å styrkje og utvikle bibliotektilbodet til det samiske folket. Samtidig er det viktig å presisere at kommunane sjølve har ansvar for gje eit bibliotektilbod til alle, også samiske brukarar. Sametingets bibliotek skal bistå biblioteka slik at dei har ei god og oppdatert samling av samisk materiale tilgjengeleg.

Med statsbudsjettet for 2019 vart det etablert ei ny ordning under Norsk kulturfond for å omsetje samisk litteratur til norsk og for å auke formidlinga av samisk litteratur. Samisk litteratur som er omsett til norsk, kan òg bli vurdert for Kulturrådet sine innkjøpsordningar og dra nytte av stønadsordningane til NORLA, senter for norsk litteratur i utlandet, på like fot med den norskspråklege litteraturen. Ordninga gjev forfattarar som skriv på samisk, eit høve til å uttrykkje seg på førstespråket/morsmålet sitt og samstundes nå ut til eit større publikum. Det fremjar kunstnarskapen, og det bidreg til utvikling og anerkjenning av språket.

Kvenske organisasjonar har etterspurt meir litteratur på kvensk. Norsk kulturfond forvaltar tilskotsordninga for språket og kulturen til nasjonale minoritetar. I statsbudsjettet for 2020 har Kulturdepartementet styrkt ordninga med 0,5 mill. kroner. Det vil leggje til rette for fleire språk- og litteraturprosjekt under ordninga.

Norsk barnebokinstitutt fører årleg statistikk over utgjeving av bøker for barn og unge. Berre fem prosent av barnebøkene som vart gjevne ut i 2017, var på nynorsk. I 2017 vart det gjeve ut 19 bøker til saman på nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk.

Barn som har samisk eller nynorsk som hovudmål, har med andre ord svært lite tilbod om nye utgjevingar på eige skriftspråk. Likeins har bokmålsbrukarar liten tilgang til litteratur for å trene på sidemålet sitt. Breiddekultur på nynorsk bidreg til å byggje ned språklege barrierar og å vise språkleg mangfald.

Kulturdepartementet har dei siste åra auka tilskota til Det Norske Samlaget for å støtte satsinga forlaget gjer på nynorsk litteratur for barn og unge. I statsbudsjetta for 2019 og 2020 er det også lagt til rette for stabil drift av framtida.no og framtidajunior.no, nettsider med nyhende- og aktualitetsstoff for barn og unge.

Litteratur er det viktigaste grunnlaget for språk- og kunnskapsutvikling og lese- og skrivekunne. Samstundes er det ei storarta kunstform og ei levande næring, både nasjonalt og globalt. Litteraturfeltet er i endring. Digital teknologi påverkar til dømes organiseringa, forretningsmodellane og konkurransesituasjonen i marknaden. Det er fleire typar forfattarar og forlag enn tidlegare. Norsk, spesielt norsk fagspråk, er under press frå engelsk. Befolkninga les mindre. Frå fleire hald er det reist spørsmål om dei etablerte verkemidla og mekanismane i feltet er tilpassa vår tid. Departementet ser derfor behov for å setje i gang eit arbeid som skal sjå på korleis dei kulturpolitiske, kunnskapspolitiske og næringspolitiske måla kan oppfyllast endå betre i framtida. Eit slikt arbeid må vere tufta på utgreiingar og innspel frå ulike aktørar og interessentar og må utformast i samarbeid mellom dei involverte departementa.

5.3.4 Kulturarv

Arkiv, bibliotek og museum er institusjonar som samlar inn, tek vare på, gjer tilgjengeleg og formidlar kulturarv, som skriftlege kjelder, foto, film, lydopptak, gjenstandar og bygningar. Samlingane har mykje å seie for forsking og kunnskapsutvikling og for korleis vi forstår kultur, språk, historie og identitet nasjonalt og lokalt.

Arkivverket og Nasjonalbiblioteket er dei største institusjonane for bevaring og formidling av norsk og samisk skriftkultur. Hovudoppdraget til Arkivverket er mellom anna å ta vare på og gjere tilgjengeleg eit breitt og allsidig utval av dei arkiva som finst i samfunnet. Arkivverket har ansvar for statlege arkiv og prioriterte private arkiv. Samlingane er autentiske uttrykk for språk og språkbruk i Noreg frå dei første dokumenta som er bevarte frå mellomalderen, og fram til i dag.

Dokumenta i arkiva blir til som følgje av aktivitetane til ei verksemd, ein organisasjon eller ein person. Arkiva er derfor viktige språklege kjelder om desse. Arkivverket og andre arkivinstitusjonar gjer arkivmaterialet tilgjengeleg på lesesalar og i digitalarkivet, som er nettbasert publisering av digitale arkiv. Arkivverket har digitalisert delar av dei mest bruka arkiva, slik at desse er tilgjengelege heile døgnet i digitalarkivet. Den største utfordringa på arkivområdet er handtering av digitalt skapa dokument. For å sikre at skriftlege spor etter dagens språkbrukarar kan brukast som kunnskapskjelder i framtida, skal Arkivverket utvikle nye nasjonale fellesløysingar for langtidsbevaring av digitale arkiv. Arkivverket skal òg utvikle digitalarkivet som publiseringsløysing for alle arkivtypar.

Samisk arkiv i Kautokeino er ein del av Arkivverket. Samisk arkiv har depotansvar for offentlege arkiv av interesse for samisk samfunn, historie og kultur, mellom anna arkiv frå reindriftsadministrasjonen og Sametinget. Samisk arkiv har òg ansvar for samiske privatarkiv. I tillegg kan Samisk arkiv drive innsamling av munnleg materiale, noko som ikkje er vanleg i andre arkivinstitusjonar. Tilgang til samisk arkivmateriale vil auke kunnskapen om samisk språk.

Den mest grunnleggjande oppgåva til Nasjonalbiblioteket er å sikre avlevering, bevaring og formidling av dokument frå alle publiseringsplattformer. Samlinga er ei sentral kjelde til forsking, læring og oppleving med utgangspunkt i den norske dokumentarven. Det er Noregs største samling av både skriftleg og munnleg språk, frå dei eldste bevarte mellomaldermanuskripta til gårsdagens nyhende i radio, fjernsyn og på internett. Samlinga dokumenterer utviklinga av både norsk, samiske språk og andre nasjonale minoritetsspråk. Som eit resultat av ein langsiktig og målretta digitaliseringsinnsats er størsteparten av samlinga i dag digitalt tilgjengeleg. I takt med veksten i den digitale samlinga har Nasjonalbiblioteket utvikla ein nasjonal forskingsinfrastruktur som gjer det mogleg å analysere store mengder data. Nasjonalbiblioteket leiar eigne prosjekt og samarbeider med andre forskingsmiljø og forskingsinstitusjonar. Språkbruk og språkutvikling er ein viktig dimensjon ved dette. Forskingsinfrastrukturen kan analysere både samtidig variasjon og historiske endringar i språk.

Nasjonalbiblioteket gjev også ut viktige dokument frå si eiga samling, særleg transkripsjonar av privatarkiv, men også andre typar dokument. Nasjonalbiblioteket samarbeider blant anna med Bokselskap.no om vitskaplege utgjevingar av norske litterære klassikarar som har falle i det fri, og som ikkje er tilgjengelege i kommersielle utgåver. Alle desse utgjevingane er viktige kjelder til utvikling av norsk språk og skriftkultur.

«Bokhylla-avtalen» mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor inneber at alle bøker og eit utval tidsskrift som vart utgjevne i Noreg til og med år 2000, er ope tilgjengeleg via Nasjonalbibliotekets nettsider. Nasjonalbiblioteket organiserer føredrag og konferansar om språkbruk og språkhistorie. Nasjonalbibliotekets arbeid med ein språkbank som dannar grunnlag for utvikling av språkteknologi på norsk, blir omtala i punkt 6.4.2.

Musea i Noreg forvaltar og formidlar kjelder til historia i landet, og er såleis del av samfunnet sitt institusjonaliserte, kollektive minne. Dei bidreg til dagens samfunnsdebatt, men skapar også forteljingar for framtida, både i eit lokalt og eit nasjonalt perspektiv. Ved å dokumentere, formidle, forske og publisere er musea viktige forvaltarar av språka våre, både skriftleg og munnleg.

Mange museum legg vekt på stadbundne ord og omgrep i formidlinga av kulturarven i sine regionar. I ulike dialektar har til dømes reiskapar ulike namn. Bygningsteknikkar har også ulike namn rundt om i landet. Å forvalte samlingar ved musea handlar derfor også om å forvalte tilhøyrande omgrep og namn.

Ei rekkje museum har ei spesiell rolle i forvaltninga og formidlinga av kulturarven og språket til dei nasjonale minoritetane, mellom andre Anno museum (romanifolket/taterane), Varanger museum (kvenene), Norsk skogfinsk museum, dei jødiske musea i Oslo og Trondheim og Nord-Troms museum (kvener, men også samar og nordmenn). Fleire andre museum har i seinare tid hatt temporære utstillingar om nasjonale minoritetar.

Norsk Døvemuseum i Trondheim, ei avdeling av Museene i Sør-Trøndelag, tek vare på og formidlar kulturen, språket og historia til høyrselshemma frå heile Noreg. Teiknspråk og kommunikasjon står sentralt i verksemda til museet.

Ei rekkje museum forvaltar arven etter norske forfattarar. På denne måten kastar musea lys over den viktige rolla mange forfattarar har hatt i nasjonsbygging og identitetsskaping gjennom historia. Fleire av arenaene til musea er knytte til konkrete forfattarar og blir i dag nytta som formidlingsstader for litteratur. Eitt av dei 20 faglege nettverka i museumsnettverket er eit litterært nettverk. Nettverket består mellom andre av Grimstad bys museer (avdeling i Aust-Agder museum og arkiv), Ivar Aasen-tunet (avdeling av Nynorsk kultursentrum), Labråten (avdeling av MiA – Museene i Akershus), Petter Dass-museet (avdeling av Helgeland museum), Aulestad og Bjerkebæk (avdelingar av Lillehammer museum), Hamsunsenteret (avdeling av Nordlandsmuseet) og Ibsen-museet (avdeling av Norsk folkemuseum).

Enkelte nye museumsinstitusjonar som har vorte etablerte i nyare tid, har som mål å synleggjere og fremje nynorsk språk og kultur, til dømes Garborg-senteret, som er ein del av Jærmuseet, Olav H. Hauge-senteret og Vinje-senteret, som begge er ein del av Nynorsk kultursentrum.

Dei seks konsoliderte musea under Sametingets forvaltning ligg spreidde frå sørsamiske område i sør til Varanger i nord. Den lokale forankringa er dermed solid, men avstandane mellom musea er store. Derfor er det interessant å utvikle samarbeid mellom musea gjennom digitale plattformer. Dei seks musea arbeider med samiske språk gjennom samlingsforvaltning, formidling og forsking.

Dei samiske musea nyttar samlingsforvaltningssystemet Primus. Det har nyleg vorte mogleg å nytte dette verktøyet på nordsamisk, men det står enno att utviklingsarbeid før verktøyet kan nyttast for sørsamisk og lulesamisk. Når digitale verktøy som Primus kan nyttast på samiske språk, betyr det at det igjen blir mogleg å nytte dei riktige samiske namna på dei samiske gjenstandane. Det vil kunne bidra til at gjenstandane blir innlemma i sine opphavlege språk- og kulturmiljø. Dei vil vere kunnskapsbasar både for dei som arbeider i musea, og for dei som besøkjer dei ulike digitale plattformene. Slik bruk vil kunne bidra til å vitalisere samiske språk og samisk kultur.

Frivillige lag og organisasjonar gjer ein viktig jobb med å ta vare på gamle ord og uttrykk i lokale dialektar. Historielag og andre frivillige står til dømes bak innsamling, publisering og formidling av kunnskap om dialektar over heile landet. Med slik innsats er dei frivillige med på å halde verdifull kunnskap om lokale dialektar i hevd. Dei skapar også engasjement for og stoltheit over lokal kultur, tradisjon og identitet.

Digital teknologi inneber auka moglegheiter for å utvikle, bruke og fremje norsk og dei andre språka staten Noreg har ansvar for å ta vare på. Digitale løysingar for å gjere språkleg kjeldemateriale, rettskriving m.m. tilgjengeleg er eitt døme. Etter kvart som digitaliseringa av kulturarvmateriale held fram, vil det vere interessant å kople digitale språksamlingar med andre kulturhistoriske samlingar. Dette vil gjere digitalisering og digital formidling av kulturarven rikare. Den språklege sida ved den materielle kulturarven er viktig.

5.4 Utfordringar og strategiar

Kulturdepartementet vil føre ein aktiv kulturpolitikk som samtidig vernar og fremjar norsk, samiske språk, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka. Det inneber å styrkje norsk i ein språkleg kvardag som er meir og meir dominert av engelsk. Det inneber vidare å sikre dei mindre bruka språka som Noreg har ansvar for, slik at kulturstøtteordningar ikkje automatisk endar med å støtte det mest bruka språket. Endeleg inneber det å identifisere og vurdere tiltak for å fjerne eventuelle utilsikta hinder for bruk av norsk som finst i kultursektoren.

Gjennomgangen har vist at språkpolitiske omsyn har lege til grunn for oppretting av fleire kulturpolitiske ordningar, som innkjøpsordningar for litteratur, momsfritak for media og litteratur- og pressestøtteordning. Så godt som alle løyvingane på kulturbudsjettet har eit språkpolitisk føremål – heilt eller delvis, meir eller mindre eksplisitt. I dei tilfella der institusjonar eller tiltak har ei særskild oppgåve i å fremje eit mindretalsspråk, er språkdimensjonen gjerne klart uttrykt. Statlege tilskot til slike tiltak skal bidra til å utjamne dei marknads- og konkurransevilkåra som er ulike for bokmål og nynorsk, og for norsk og samisk. Tiltaka skal bidra til å rette opp dei skeive makttilhøva mellom fleirtalsspråk og mindretalsspråk som kjem av at vilkåra for å bruke eit mindretalsspråk er annleis enn vilkåra for å bruke eit fleirtalsspråk. Kulturdepartementet ser derfor stadig behov for særskilde tiltak for å fremje mindre bruka språk. Dette er politikk som det er lang tradisjon for, og som Stortinget seinast slutta seg til ved behandlinga av Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga), der fleirtalet i komiteen etterlyste tiltak som betrar situasjonen for nynorsk og nynorskbrukarane, jf. Innst. 258 S (2018–2019).

Det er få tiltak på kulturbudsjettet med eksplisitt oppdrag om å fremje fleirtalsspråket bokmål. I kraft av å vere det mest bruka skriftspråket i landet blir dette språket bruka mest også i kultursektoren og mediesektoren, og institusjonar og tiltak i desse sektorane er dermed med på å halde i hevd bokmål.

På grunn av globaliseringa og den internasjonale konkurransesituasjonen i kultur- og mediemarknaden vil også bokmålet i aukande grad oppleve eit ytre press på språket, slik til dømes nynorsk opplever det. Den posisjonen bokmålet har som dominerande språk i det offentlege rommet, blir dermed mindre sjølvsagd. Derfor er det behov for å stadfeste statusen til bokmålet, og det trengst ein medviten kultur- og språkpolitikk for å verne, fremje og utvikle denne delen av norsk som fellesspråk i Noreg.

Departementet meiner det er viktig å sjå på ordningar og tiltak utan eit eksplisitt språkleg føremål for å finne ut om dei har utilsikta språklege verknader. Når ein språkpolitisk dimensjon blir tilført kulturpolitikken meir eksplisitt, er det for å sikre at ordningane bidreg til å jamne ut konkurransetilhøva mellom engelsk og norsk på alle plattformer, og at tiltaka i tillegg verkar utjamnande for tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, og mellom norsk og samisk.

Kulturdepartementet ventar at kultursektoren og mediesektoren bidreg til å formidle kultur- og språkuttrykk som spring ut av mangfaldet vi har i Noreg, inkludert norsk teiknspråk. Det har ein stor verdi at teiknspråkbrukarar får uttrykkje seg på sitt eige språk og oppleve kultur på teiknspråk. Kulturinstitusjonar bør sjå det som si oppgåve å leggje til rette for den teiknspråklege minoriteten ved å nytte teiknspråk til dømes på nettsider og i formidlinga. Den klaraste forventninga ligg til dei største institusjonane.

Kunst-, kultur- og medieaktørane i Noreg konkurrerer i stadig større grad på ein global marknad, der internasjonale aktørar og engelskspråklege tilbod dominerer. På den globale strøymemarknaden er det vanskeleg å slå gjennom for norske kulturuttrykk og norskspråkleg innhald. Dette får òg konsekvensar for kunstnarar og aktørar i kulturlivet. Norsk innhald blir ikkje favorisert av strøymeaktørane, og det er stadig mindre norsk innhald på dei plattformene nordmenn nyttar til å lese, lytte, spele og sjå. Samtidig brukar vi meir tid på desse plattformene. Dette skapar ekstra utfordringar for norsk språk, særleg fordi det er dei unge som i størst grad er på dei plattformene som har det dårlegaste norsktilbodet.

I ei tid med raske og omfattande endringar i konkurransen på mediemarknaden og i publikums medievanar er det viktig å syte for at befolkninga møter norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk når dei brukar media.

Det betyr at omsynet til språk må vurderast særskilt i arbeidet med tiltak og ordningar på feltet.

5.5 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Når Kulturdepartementet går gjennom lovgjeving, støtteordningar og andre verkemiddel, skal ein samtidig sjå om det finst hinder for bruk, utvikling og produksjon av kulturuttrykk på norsk – både bokmål og nynorsk – og på samiske språk.

  • Kulturpolitikken skal bidra til å verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk.

  • Regjeringa vil sikre at verkemiddelapparatet bidreg til utvikling og produksjon av norsk- og samiskspråkleg innhald på dei kunstarenaene som er utfordra av ein global marknad.

  • Kulturdepartementet vil i dei samanhengane der det er naturleg, vere tydelege på det språkpolitiske ansvaret sektoren har.

  • Kulturdepartementet vil ha fokus på kva kulturpolitikken har å seie for den språklege utviklinga.

  • Kulturdepartementet vil kome tilbake til aktuelle språkspørsmål som gjeld musea i den varsla stortingsmeldinga om museumspolitikk.

  • Kulturdepartementet vil setje i gang eit arbeid som skal sjå på korleis dei kulturpolitiske, kunnskapspolitiske og næringspolitiske måla på litteraturfeltet kan oppfyllast endå betre i framtida. Arbeidet skal utformast i samarbeid med involverte departement.

  • Regjeringa har varsla at ho vil kome med eit høyringsforslag om at norske og utanlandske tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester (strøymetenester) skal forplikte seg til å investere ein viss del av omsetninga si i norskspråklege audiovisuelle produksjonar. Tiltaket vil kunne føre til at fleire kjelder bidreg til finansieringa av norskspråklege filmar og seriar.

  • Kulturdepartementet vil fortsette å støtte opp om det viktige arbeidet som organisasjonar og institusjonar på språkfeltet gjer for å skape positivt engasjement for språk.

6 Språk og teknologi

6.1 Innleiing

Den teknologiske utviklinga har gjennomgripande konsekvensar for korleis vi lever, arbeider, samhandlar og kommuniserer. Vi omgjev oss med stadig fleire produkt og tenester som byggjer på språkteknologi. Dette gjev store moglegheiter innan informasjonsbehandling, kommunikasjon, effektivisering, inkludering og innovasjon. Å kunne styre mobiltelefonen og datamaskina med stemma er nyttig i mange samanhengar. For personar som har vanskar med å lese og skrive, kan slike hjelpemiddel vere nødvendige. Personar med lesevanskar kan få lese opp innhaldet i alt frå bøker til nettsider. Dersom vi lurer på når avfallet blir henta, kan vi chatte med roboten til kommunen når som helst på døgnet. Velferdsteknologi kan gje ein pasient meir meistring, aktivitet og sjølvstende i kvardagen og gje betre utnytting av ressursane i helse- og omsorgstenesta.

Eit vilkår for å få til dette er likevel at teknologien fungerer på norsk, og at han klarar å takle det store dialekt- og uttalemangfaldet i landet. Ein statleg praterobot må fungere både på nynorsk og bokmål. Kommuneroboten må skjøne kva bergensaren meiner med boss og austlendingen med søppel. Når Ola i Narvik og Eli i Stavanger skal styre helseroboten, må roboten skjøne kva dei seier. Talesyntesen må kunne lese opp tekst både på bokmål og nynorsk. Automatiske naudmeldingar – både tekst- og talemeldingar – må vere på eit språk som folk forstår, og språket må vere korrekt. Berre slik kan språkteknologien tene dei føremåla han skal.

Ein føresetnad for at norsk skal kunne vere eit samfunnsberande språk i åra som kjem, er at språket blir bruka i digitale produkt og tenester. Regjeringa vil derfor satse på infrastruktur som sikrar at språkteknologiske produkt fungerer på norsk. Vidare må ein sikre at det finst språklege grunnlagsressursar (data) som slike produkt byggjer på.

Målet til regjeringa er å leggje til rette for at alle – også samiske språkbrukarar – skal kunne ta del i det digitaliserte Noreg. Som for andre språk representerer digitalisering både moglegheiter og utfordringar for dei samiske språka. Samisk språkteknologi blir også omtala i komande melding til Stortinget om samisk språk, kultur og samfunnsliv, som skal handle om digitalisering. Kommunal- og moderniseringsdepartementet leiar arbeidet med meldinga.

Boks 6.1 Sentrale omgrep

Språkteknologi er teknologi som behandlar naturleg språk ved hjelp av regelbaserte og statistiske metodar. Det finst fleire kategoriar av språkteknologi: Taleattkjenning omgjer naturleg tale til maskinlesbar tekst. Talesyntese omgjer maskinlesbar tekst til syntetisk/kunstig tale. Naturleg språkforståing tolkar tydingsinnhald og struktur i naturleg tekst. Naturleg tekstgenerering finn den mest sannsynlege representasjonen i naturleg tekst ut frå ei mengd data. Maskinomsetjing utfører automatisk omsetjing frå eitt språk til eit anna. Teknologien er tverrfagleg og blir til i skjeringsfeltet mellom lingvistikk og informatikk. Til grunn for all språkteknologi ligg språkdata i ei eller anna form, til dømes taledatabasar og uttaleleksikon, store tekstmengder (stordata) eller meir avgrensa tekstmengder frå eit særskilt fagområde.

Det finst fleire definisjonar på kunstig intelligens. I Nasjonal strategi for kunstig intelligens frå 2020 legg ein til grunn at kunstig intelligens er system som utfører handlingar (fysisk eller digitalt) basert på tolking og behandling av strukturerte og ustrukturerte data for å nå eit gjeve mål. Det betyr at maskiner kan løyse fysiske og kognitive oppgåver som det tidlegare berre var menneske som kunne utføre. Programmerte, regelstyrte system – definerte av menneske – var lenge den vanlegaste forma for kunstig intelligens. Maskinlæring er ei spesialisering innan kunstig intelligens som tek meir over. Maskinlæring nyttar statistiske metodar for å la datamaskiner finne mønster i store datamengder. Ein kan seie at maskina «lærer» i staden for å bli programmert.1 Kunstig intelligens blir bruka stadig meir i språkteknologiske løysingar.

Terminologi er dei orda og uttrykka som er typiske for bestemte fag. Termlister er lister over slike ord og uttrykk. Dei kan vere eittspråklege og fleirspråklege. For språkteknologisk utvikling er det ein stor fordel om dei er fleirspråklege.

Ein standard er ei felles «oppskrift» på korleis noko skal lagast eller gjennomførast, og standardisering er prosessen frå behov eller idé til ferdig utvikla standard. Det finst standardar for alt frå omnar, romrakettar, bankkort, bensinpumper og dører til eldreomsorg og datatryggleik. Standardar bidreg til at samfunnet blir bygd opp på ein trygg, berekraftig og lønsam måte.2

Korpus er ei samling av elektroniske tekstar som gjev att språklege ytringar. Korpuset består av tekstar som representerer naturleg språkbruk i skriftleg eller munnleg form.3 Eit døme på eit skriftleg korpus er Norsk aviskorpus, som inneheld tekstmateriale frå norske aviser. Døme på talekorpus er innsamla intervjumateriale i talemålsundersøkingar.

1 Tidemann, Axel & Elster, Anne Cathrine (2017) maskinlæring. I Store norske leksikon.

2 Standard Norge. Henta frå: https://www.standard.no/standardisering.

3 Andersen, Gisle. (2019). korpus – språkvitenskap. I Store norske leksikon.

6.2 Meir om språkdimensjonen i teknologiutviklinga

Teknologiutviklinga har konsekvensar for språket. Denne problemstillinga er langt frå ny. Boktrykkjarkunsten førte til dømes med seg både auka informasjonsspreiing og standardisering av store skriftspråk i Europa, men òg til språkdød blant små språk som i liten grad vart trykte og spreidde. I nyare tid spådde St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 at «[s]pråkteknologifeltet kan vera ein av dei fremste arenaene der kampen om norsk språk og kultur vil utspela seg i tida framover». St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining omtala IKT som både eit medium og eit sjølvstendig språkdomene der påverknaden frå engelsk språk er stor.

Med endringane i informasjonssamfunnet har den statusen eit språk har, ikkje berre samanheng med kor mange som brukar det, men òg med i kva grad språket blir teke i bruk digitalt. Ein rapport frå 2012

META-NET, De Smedt, Lyse, Gjesdal og Losnegaard (2012). Norsk i den digitale tidsalderen.

hevdar at kanskje ein tredel av dei 6000 språka som finst i verda i dag, ikkje vil overleve det globale digitale informasjonssamfunnet. Språk som ikkje blir bruka i det digitale domenet, kan risikere å bli reduserte til språk som ein brukar i privatsfæren og lokalsamfunnet. Dei risikerer å bli borte frå viktige sektorar av samfunnet som akademia og næringsliv. Skal norsk fungere som samfunnsberande språk også i åra som kjem, må vi sikre at norsk språk blir nytta i digitale løysingar. Vi må dessutan sikre at det skjer på ein kvalitativt god måte. Det danske språkteknologiutvalet åtvarar til dømes mot at språkteknologiske produkt med dårleg dansk vil gjere at danskane a) blir vande med dårleg språkbruk og mange feil og b) nyttar engelske produkt i staden. Når bruken av engelsk aukar på alle samfunnsområde, vil ein kunne få eit dansk språk som er mindre brukande.

Dansk Sprognævn (2019): Dansk sprogteknologi i verdensklasse. Rapport fra sprogteknologiutvalget under Dansk Sprognævn nedsat af Kulturministeriet.

Det same gjeld for norsk og samisk i Noreg.

Frå eit demokrati- og innbyggjarperspektiv er det rimeleg å hevde at språkteknologiske produkt ikkje er allment tilgjengelege i Noreg før dei blir tekne i bruk på norsk. Spesielt viktig er dette for det offentlege, som forvaltar rettar og plikter for innbyggjarane og fellesskapen sine ressursar. Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge. IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet slår fast at interessene til brukarane skal stå i sentrum i digitaliseringspolitikken, og at tenestene skal vere gode, heilskaplege og brukarvenlege. Digitale tenester skal sikre deltaking for alle borgarane i samfunnet. Det må vere like sjølvsagt å nytte eit godt og forståeleg bokmål og nynorsk i det digitale som i andre kommunikasjonskanalar, slik at innbyggjarane på ein trygg og enkel måte kan orientere seg og forvalte rettane og pliktene sine.

Ein annan dimensjon ved demokratiargumentet er omsynet til likestilling, inkludering og samfunnsdeltaking. Språkteknologi kan betre tilgangen til informasjon, varer og tenester for personar med funksjonsnedsetjingar. For personar med funksjonsnedsetjingar som fører med seg lesevanskar, er det til dømes til stor hjelp at tekst kan lesast opp med kunstig tale. Det er mogleg å sjå for seg teksteløysingar som simultant formar tale til tekst slik at personar med høyrselstap kan følgje med. Talestyrte datamaskiner gjer at personar som har varige eller midlertidige problem med å skrive, kan nytte datamaskin til å løyse oppgåver både på arbeidet og privat. Når offentleg tenesteyting og kommunikasjon i større grad dreier frå manuell tenesteyting til digitale sjølvbeteningsløysingar, er det naudsynt at desse løysingane er utforma slik at dei er tilgjengelege for alle. Digitalisering av tenester må derfor skje etter standardar for universell utforming. Språkteknologi på norsk er eit vilkår for at dette kan skje.

Det blir produsert enorme mengder data i samfunnet. Dataa kan danne grunnlag for betre og meir effektive tenester, meir verdiskaping og fleire arbeidsplassar. Dersom dataa blir forvalta riktig, kan datadriven innovasjon bli ein av dei viktigaste drivarane for økonomisk vekst. Derfor har regjeringa varsla ei stortingsmelding om datadriven økonomi og innovasjon. Frå eit språkpolitisk synspunkt er det viktig å leggje til rette for etablering av utviklarar i Noreg, der den lingvistiske og samfunnsvitskaplege kompetansen om norske forhold finst. Slik kan produkt og tenester tilpassast det norske språket og samfunnet.

I dagens globaliserte samfunn samhandlar vi i større grad enn før på tvers av landegrenser, kulturar og språk. Språkteknologi kan bidra til å lette kommunikasjon og samhandling over språk- og landegrenser gjennom maskinomsetjing. Norsk språk må vere rusta til å delta i slik global digital kommunikasjon. Språkteknologi legg til rette for å byggje ned språklege barrierar for samhandling, samtidig som han sikrar framleis fri og utstrekt bruk av det enkelte språket.

Språk og språkteknologi vil vere vesentlege faktorar for om vi kjem til å lukkast eller mislukkast med digitaliseringa av samfunnet og samstundes sikre språkpolitiske, kulturelle, økonomiske og demokratiske omsyn. I arbeidet med digitaliseringa av offentleg sektor har det blitt tydeleg at språk spelar ei heilt avgjerande rolle for gode digitale tenester frå det offentlege. I digitaliseringsarbeidet har det òg blitt stadig tydelegare at gode språklege grunnlagsressursar og ein velutbygd språkleg infrastruktur må til for å oppnå gode resultat. Digitaliseringsprosessar illustrerer dessutan kvifor det sektorovergripande prinsippet i språkpolitikken er nødvendig, og kor tett språkpolitikk og sektorspesifikk politikk heng saman. For at ein skal kunne ta i bruk språkteknologi innan ein sektor, er det nødvendig at sektoren sjølv har gjort fagspråket sitt, fagtermane sine og andre relevante språkdata tilgjengelege som grunnlagsressursar. Kvaliteten på det som blir fôra inn i språkteknologien, avgjer kor stor nytte ein kan ha av det som kjem ut.

Sametinget har i innspel til arbeidet understreka at samiske språk, på lik linje med norsk og andre språk, har behov for å følgje med i den teknologiske utviklinga og digitaliseringa i samfunnet. Berre slik kan språka overleve som bruksspråk i eit moderne samfunn. I Noreg har dei samiske språka kvart sitt skriftspråk og alfabet. Det er stor mangel på digitale tenester utvikla på dei samiske språka. Dette fører til at samiske språk i liten grad får utvikle seg som digitale språk. Mangel på tenester på dei samiske språka gjer at språka ikkje er synlege på dei digitale plattformene, og dermed heller ikkje blir nytta der. Med tanke på kor viktig digital kommunikasjon er som kommunikasjonskanal, er dette særleg alvorleg for språksituasjonen.

Boks 6.2 Gode døme på praktisk bruk

Språkteknologi ligg til grunn for automatiske løysingar for omsetjing mellom språk. Til dømes har Nynorsk pressekontor med støtte frå Kulturdepartementet utvikla ei automatisk omsetjingsløysing til bruk i nyhendeproduksjonen. Denne «roboten» omset enkle tekstar og byråstoff, og dette gjev redaksjonen høve til å bruke meir tid på journalistisk arbeid i staden for å omsetje tekstar (sjå også boks 5.2).

Kommunal- og moderniseringsdepartementet er ansvarleg for oppfølginga av norsk deltaking i EUs delprogram CEF Telecom, der ein av byggjeklossane er ein automatisk omsetjingsmodul for norsk språk (eTranslation). Målet er at denne modulen skal kunne integrerast i ulike grensekryssande digitale tenester, og at offentleg tilsette kan nytte modulen i vanleg saksbehandling.

Språkteknologi ligg til grunn for at digitale assistentar som er integrerte i smarthøgtalarar og mobiltelefonar, skal kjenne att, tolke og generere menneskeleg tale. Bruksområda er hovudsakleg styring av komponentar i heimen og i bilen (lys, temperatur, vindauge, dører osb.), kommunikasjon og avspeling og navigering i medium som tv, pc og radio. Men det finst òg ei rekkje fleire funksjonar. Assistentar som er tilgjengelege på marknaden i dag, er i hovudsak retta mot praktiske føremål og er meinte å gjere livet enklare. Dette er av stor verdi for menneske med avgrensa evne til rørsle. På fleire område vil det vere store gevinstar å hente på taleattkjenning og talesyntese. Dersom ein til dømes kan styre navigasjonsapplikasjonar med stemma og få høyre vegforklaringar av ei syntetisk stemme, kan sjåføren halde auga på vegen og dermed bidra til auka tryggleik i trafikken.

Det er blitt meir og meir vanleg med samtalerobotar som kan svare på skriftlege spørsmål frå kundar på nett døgnet rundt. Skatteetaten har til dømes positive erfaringar med ein samtalerobot som kan svare på enkle spørsmål som ofte blir stilte.

Robotisering kan forenkle saksbehandling i privat og offentleg sektor. Språkteknologi kan til dømes bidra med verktøy som kan analysere tekstar og forstå og kategorisere informasjon. Utanriksdepartementet har teke i bruk maskinlæring for å analysere og klassifisere innhaldet i dei 5000–6000 rapportane frå utanriksstasjonar, delegasjonar osb. som departementet får tilsendt kvart år. Dette gjer det mogleg å finne fram til nesten all relevant informasjon om eit emne. Løysinga blir òg bruka til å gjere oppsummeringar og hente ut den viktigaste informasjonen i rapportar. Utanriksdepartementet har samarbeidd med Universitetet i Oslo om løysinga.

I helsesektoren kan språkteknologi nyttast til utvikling av løysingar for å hente ut og analysere pasientjournalar på rekordtid. Det kan vere avgjerande når det er knapt med tid og det står mellom liv og død for ein pasient.

6.3 Status

I dag verkar all språkteknologi betre på engelsk enn på norsk, og betre på bokmål enn på nynorsk og samisk. Ein viktig grunn til dette er at det finst mykje meir tilgjengeleg grunnlagsmateriale – data – for språkteknologi på dei større språka enn på dei mindre.

Etableringa av ein språkbank i Nasjonalbiblioteket i 2010 var svar på denne utfordringa. Språkbanken er det viktigaste språkteknologiske og språkpolitiske enkelttiltaket her heime dei siste ti åra. Språkbanken er ei samling digitale grunnlagsressursar (tekst, terminologi og tale) til bruk i språkteknologi på norsk og for forsking i språkteknologi.

Staten tok ansvar for å etablere språkbanken fordi norsk er eit relativt lite språk. Kommersielle utviklarar vil nøle med å utvikle eller tilpasse produkt på norsk viss det ikkje finst relevante grunnlagsressursar å byggje produkta på. Derfor har staten teke ansvar for å samle og utvikle digitale grunnlagsressursar og stille dei til disposisjon gjennom språkbanken. Utviklarmiljø kan i sin tur fritt hente ut grunnlagsressursane og drive innovasjon, utvikling og verdiskaping på desse.

Nynorsk har endå vanskelegare konkurransevilkår enn bokmål. Ei viktig oppgåve for språkbanken er derfor å arbeide for jamstilling av dei to norske skriftspråka gjennom å utvikle grunnlagsressursar både på nynorsk og bokmål.

Etableringa av språkbanken har resultert i at det i dag finst fritt tilgjengelege dataressursar tilpassa norsk språk innanfor alle dei språkteknologiske hovudområda: taleattkjenning, talesyntese, maskinomsetjing og automatisk tekst- og informasjonsanalyse. Katalogen til språkbanken inneheld i dag meir enn 50 datasett, og talet aukar kvart år.

Det finst ikkje eit komplett oversyn over kva produkt og tenester ressursane i språkbanken er bruka i, men dei er ein del av dei aller fleste språkteknologiske tenestene på norsk i dag. Taleattkjennings- og stemmestyringstenesta TUVA, som er utvikla av Max Manus, og som er tilgjengeleg gjennom Nav, er eitt døme. EUs automatiske omsetjingsteneste eTranslation er eit anna. I 2019 lanserte Microsoft ei taleattkjenningsteneste for norsk. I pressemeldinga frå Microsoft heitte det at samarbeidet med Nasjonalbiblioteket har vore utslagsgjevande for at Noreg, som første land i Norden, har fått denne tenesta på norsk.

Sjølv om ein allereie for mange år sidan såg kor viktig IKT kom til å bli for bruken av og statusen til det norske språket, såg ein ikkje kor fort utviklinga ville gå, og kor gjennomgripande endringane ville bli. Med medvit om dei store utfordingane på dette området auka regjeringa i 2019 løyvingane til arbeidet med grunnlagsressursar til språkteknologi på norsk med til saman 10 mill. kroner. Midlane, som er vidareførte i 2020, vart fordelte med om lag 9 mill. kroner til Nasjonalbiblioteket og 1 mill. kroner til Språkrådet. Språkrådet og Nasjonalbiblioteket har innleia eit strategisk samarbeid der kvar institusjon bidreg med utgangspunkt i eige verkemiddelapparat. Språkrådet bidreg med strategiske språkpolitiske vurderingar for å sikre best mogleg effekt av tiltaket, medan dei språkteknologiske vurderingane og utarbeidinga og innhentinga av grunnlagsressursane skjer i Nasjonalbiblioteket. Dei to verksemdene samarbeider om satsinga og koordinerer innsatsen slik at ressursane i språkbanken blir utvikla og gjort tilgjengelege i rett format og med rett dokumentasjon, og slik at kommersielle utviklarar og det offentlege som bestillar av produkt og tenester får kjennskap til og tek i bruk ressursane. Tre område er særskilt prioriterte: taleteknologi, maskinomsetjing og automatisk tekst- og informasjonsanalyse.

Taleteknologi omfattar både tale til tekst (taleattkjenning) og tekst til tale (talesyntese). Begge delar har vore sentrale i språkteknologisk forsking og utvikling frå starten av. Dei siste åra har tenester baserte på taleteknologi endra karakter frå å vere mynta på spesielle sektorar eller brukargrupper (til dømes helsesektoren og personar med funksjonsnedsetjingar) til å vere retta mot folk flest gjennom mobiltelefonar, personlege assistentar og standard programvare for pc-ar. Auka bruk av taleteknologi krev endå fleire data, ikkje minst data som er tilpassa norske dialektar, uttalevariasjon og begge dei norske skriftspråka. Derfor har Nasjonalbiblioteket i samarbeid med Språkrådet teke initiativ til å transkribere eit utval stortingsmøte. Dette inneber å skrive ned alt som er sagt frå talarstolen på ein talenær måte. Materialet er veleigna fordi talen omfattar stor variasjon i tema og språkbrukarar. Nasjonalbiblioteket planlegg i samarbeid med Språkrådet å lage eit spesialkorpus for taleassistentar, som er eit viktig bruksområde for taleattkjenning. Ein tredje viktig dataressurs for utvikling av språkteknologi er databasar der uttalen av kvar ordform er fonetisk transkribert, det vil seie skriven i lydskrift. Språkbanken tilbyr allereie slike transkriberte ordlister, men ønskjer å utvide dialektdekninga i ordlistene slik at maskinene forstår fleire brukarar. Dialektutvalet blir gjort i samarbeid med Språkrådet.

Den andre store endringa i utbreiinga av språkteknologi dei siste åra gjeld maskinomsetjing. Maskinomsetjing har lenge vore bruka i profesjonell samanheng, men er kanskje mest kjent for folk flest gjennom tenester som Google Translate. Offentlege verksemder har tilgang til EUs teneste eTranslation, eit omsetjingsverktøy for språk i EØS-området, mellom anna norsk. På grunn av mangel på treningsdata finst ikkje eTranslation for begge dei norske skriftspråka, berre for omsetjing mellom engelsk og bokmål. Kulturdepartementet har lagt til grunn at eTranslation må handtere begge dei norske skriftspråka, og Nasjonalbiblioteket vil i dialog med utviklarane finne ein eigna måte å introdusere nynorsk i løysinga på. Det blir òg arbeidd med å auke mengda treningsdata for bokmål gjennom innsamling av omsetjingsminne frå offentlege verksemder.

Det tredje satsingsområdet er automatisk tekstanalyse og informasjonsbehandling. Dette feltet omfattar mange typar tenester, til dømes samtalerobotar («chatbots») og automatiske faktasjekkarar i media. Språkbanken har viktige ressursar for denne typen språkteknologi og legg vinn på å utvikle fleire. Det er behov for store mengder tekst med tematisk, stilistisk og språkleg variasjon, slik at teknologien kan handtere ulike typar tekst.

Det er behov for gode teknologiske verktøy på samiske språk, slik at fleire kan tilby og nytte tenester på samisk. Verktøy som tastatur, korrekturprogram og omsetjingsprogram vil gjere det enklare å nytte samisk skriftspråk, både for samisktalande og for andre som rettar seg mot den samiske befolkninga.

Divvun og Giellatekno arbeider med samisk språkteknologi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet. Dei arbeider også med språkteknologi for andre minoritetsspråk og urfolksspråk. Divvun vart etablert i 2004 og utviklar korrekturverktøy og språkteknologiske verktøy for minoritets- og urfolksspråk. Divvun har til dømes utvikla elektronisk stavekontroll, grammatikkontroll og tastatur. Divvun arbeider også med taleteknologi. Giellatekno – Senter for samisk språkteknologi er med på å auke digitaliseringa av samisk. Giellatekno utviklar og forskar på språkteknologi og leksikografi for samiske språk og andre sirkumpolare språk og urfolksspråk. Dei forskar på samiske språk og utviklar programvare for språklæring for ulike samiske språk. Giellatekno arbeider òg med utvikling av verktøy for maskinomsetjing. Trass i at dei samiske språka har ein kompleks grammatisk struktur, og korpusa for dei samiske språka er små, har Divvun og Giellatekno utvikla fleire språkteknologiske verktøy for desse språka. Divvun og Giellatekno har som mål å vidareutvikle verktøya og utvikle nye program og språkressursar til bruk i forsking og utdanning og for samiske språkbrukarar generelt.

Nasjonalbiblioteket har i dag ikkje fritt tilgjengelege datasett på samisk for utviklarar. Nasjonalbiblioteket har bidrege til utvikling av språkteknologi på samisk gjennom å utvikle betre metodar for bokstavattkjenning (OCR-behandling) av samisk tekst. Samlinga til Nasjonalbiblioteket inneheld dessutan alle dokument på samisk som er publiserte i Noreg. Materialet blir bruka på same vilkår som anna pliktavlevert materiale til Nasjonalbiblioteket. Dette inneber at tekst som ikkje er fallen i det fri, ikkje kan nyttast til språkteknologisk utvikling.

6.4 Utfordringar og strategiar

6.4.1 Innleiing

Teknologi som berre finst på eit framandspråk, verkar ekskluderande på store delar av befolkninga. Dersom ein må kunne engelsk for å bruke språkteknologiske produkt og tenester, vil det kunne oppstå digitale klasseskilje. Vi mistar sjansen til å ta i bruk innovative løysingar eller å ta ut effektiviseringsvinstane av digital teknologi i tenester retta mot allmenta så lenge desse tenestene ikkje finst på norsk. Manglande satsing på samisk språkteknologi vil kunne bety ei marginalisering og truging av desse språka.

Vilkåret for å ta i bruk språkteknologi på eit språk er at teknologien har «lært seg» språket. Det krev aktiv tilrettelegging. For at ein skal kunne nytte språkteknologi til dømes innan offentleg forvaltning og sjøfart, må teknologien forstå ord og uttrykk om forvaltning og sjøfart. Skal ein automatisk språkomsetjar skjøne og omsetje mellom dei norske skriftspråka og mellom norsk og andre språk, må data på alle dei aktuelle språka liggje til grunn. Nye ord kjem stadig til i språket, og uttalen av det norske språket er både variert og i endring. Derfor må ein leggje til rette for at teknologien lærer spesialiserte ord og nye ord som kjem inn i språket, slik at han meistrar så vel kvardagsspråk som avisspråk og fagspråk. Det er eit viktig demokratisk prinsipp at alle skal ha rett til å bruke sitt eige skriftspråk og sin eigen dialekt. For å kunne fungere alle stader i landet må ein kommunerobot derfor skjøne dialektar og uttalevariasjon.

Ei av dei største språkpolitiske utfordringane framover er derfor å halde fram arbeidet med å leggje til rette for ein digital infrastruktur for norsk, utvikle verktøy for språkteknologi og syte for at det finst gode nok data til at teknologien kan fungere på bokmål, nynorsk og norske dialektar. For samiske språk gjeld dei same utfordringane.

Verdien av data kjem til å auke dramatisk i åra som kjem. Nasjonal strategi for kunstig intelligens, som regjeringa la fram i 2020, framhevar at for å utnytte det potensialet som ligg i kunstig intelligens, er det avgjerande med tilgang til store datasett av høg kvalitet. Språkteknologi er ein viktig komponent i kunstig intelligens, og det er nødvendig å samle inn og gjere språkressursar tilgjengelege, slik at norske borgarar skal få ta del i stadig meir avanserte tenester, bygde på kunstig intelligens, på eige språk. Regjeringa har eit mål om å leggje til rette for deling av data frå offentleg sektor slik at næringsliv, akademia og sivilsamfunn kan nytte dataa på nye måtar.

6.4.2 Språkbanken

Kulturdepartementets viktigaste bidrag til å byggje den digitale infrastrukturen for norsk er å leggje til rette for framleis utvikling av ressursane og tenestene i språkbanken. Dette arbeidet skal halde fram. Det vil innebere å arbeide for avlevering av data og utvikling av verktøy og tenester og stimulere til at ressursane blir tekne i bruk av utviklarmiljø. Eit ledd i arbeidet må òg vere at offentlege og private aktørar som bestiller produkt og tenester, nyttar innkjøparmakta si til utvikling av nye, inkluderande og effektive løysingar. Framlegget til språklov § 13 legg til grunn at sentrale statsorgan skal veksle mellom bruk av bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Etter framlegg til § 14 skal sjølvbeteningstenester som statsorgan tek i bruk, vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk samtidig. Dette vil i sin tur kunne bidra til etterspurnad og stimulere til eit språkteknologisk krinsløp både for bokmål og nynorsk. Det vil òg leggje føringar for utviklinga av dei språklege grunnlagsressursane i språkbanken.

Alt innhaldet i språkbanken kan hentast ut og nyttast fritt av både kommersielle og offentlege utviklarar og forskarar. Det er eit mål at dei språklege grunnlagsressursane blir tekne i bruk for å auke tilfanget av språkteknologi på norsk. For at grunnlagsressursane i språkbanken skal kunne dekkje behova på best mogleg måte, må dei vere både relevante og av god kvalitet. Vidare må grunnlagsressursane liggje føre i rett format og med rett dokumentasjon, slik at dei enkelt kan takast i bruk. Mange utviklarmiljø for språkteknologi er internasjonale. Å gjere ressursane i språkbanken kjende både nasjonalt og internasjonalt vil vere avgjerande for at dei blir bruka. Språkrådet og Nasjonalbiblioteket vil gjennom dialog med utviklarindustrien få tilbakemeldingar om relevansen til dei eksisterande ressursane og signal om udekte behov som følgje av den teknologiske og økonomiske utviklinga i sektoren.

Nasjonalbiblioteket og Språkrådet lagar årleg prioriterte lister over ressursar som bør utviklast. Prioriteringane vil basere seg på systematisk kartlegging av behova i dei språkteknologiske miljøa og kva behov det offentlege har for bruk av språkteknologi. Ein må vurdere kva som bør prioriterast av språkpolitiske grunnar, og kva som er teknologisk mogleg og økonomisk forsvarleg å utvikle. Det er eit viktig mål at alle ressursar som blir utvikla, skal kunne delast og brukast gratis av private og offentlege aktørar i ettertid.

Språkrådet har eit særleg ansvar for å følgje opp dialogen med offentleg sektor om innkjøp og bruk av språkteknologi i den sektoren. Dette er ein del av Språkrådets rettleiaransvar.

Det er fleire kategoriar av grunnlagsressursar som kan gå inn i ein språkbank, til dømes større og mindre tekst- og taledatabasar, leksikon (særleg uttaleleksikon), ordlister, termlister og omsetjingsminne. Ei utfordring blir å samordne og kople saman ulike brukarar, kjelder og leverandørar, jf. dei neste underkapitla.

Nasjonalbiblioteket har ressursar som kan nyttast i utvikling av språkteknologi på samisk, men har i dag ikkje kompetanse i samiske språk. Dei har likevel ei viktig rolle som tilretteleggjar for miljø som utviklar samisk språkteknologi.

6.4.3 Offentlege data

Det offentlege produserer store mengder tekst i mange samanhengar, og det offentlege sjølv er dermed ei viktig kjelde til data som kan nyttast i språkteknologi. Denne typen data kallar vi gjerne språkdata, og slike data er avgjerande for at språkteknologi skal fungere best mogleg på ulike samfunnsområde. Språkdata kan til dømes vere «vanleg» tekst, omsette tekstar og termlister. Taledata i form av lydopptak kan vere ein svært verdifull ressurs for utvikling av språkteknologi. NRK, Stortinget og kommunestyre er døme på verksemder som sit på potensielt verdifulle taledata.

Arbeid med forvaltning, deling, tilgjengeleggjering og vidarebruk av data er eit av satsingsområda i oppfølginga av IKT-politikken til regjeringa slik han er uttrykt i Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge. IKT for en enklere hverdag og økt produktivitet og Én digital offentlig sektor. Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019–2025. Vidarebruk av data skal gje næringsliv, forskarar og sivilsamfunn tilgang til opne data frå offentleg sektor på ein måte som gjer at dei kan nyttast i nye samanhengar og til å skape nye tenester. Dette vil gje auka verdiskaping. Politikken for forvaltning og deling av offentlege data gjeld også språkdata, som kan nyttast til språkteknologiføremål. Likevel er det grunn til å tru at det er behov for å auke merksemda og kunnskapen i det offentlege om språkdata, kva språkdata er, kva nytte og verdi språkdata har, og kvar og korleis det offentlege kan levere språkdata på ein trygg måte.

Digitaliseringsrundskrivet er ei samanstilling av pålegg og tilrådingar om digitalisering av offentleg sektor. Det inneheld mellom anna krav til statlege verksemder om å leggje til rette for gjenbruk og vidarebruk av informasjon. Skrivet krev at den enkelte verksemda skal ha tilstrekkeleg oversikt over kva data ho handterer. Verksemdene skal gjere data tilgjengelege i tråd med vidarebruksreglane i offentleglova og regjeringa sine retningslinjer for tilgjengeleggjering av offentlege data. Rundskrivet pålegg verksemdene å registrere datasett i Felles datakatalog og på Data Norge.

I siste revisjon av digitaliseringsrundskrivet (rundskriv H-5/19) har Kommunal- og moderniseringsdepartementet teke inn tilrådingar som vil tene språkteknologiske føremål, mellom anna tilrådingar om tilgjengeleggjering og avlevering av språkdata. Nye tilrådingar på dette området bør følgjast av informasjons- og rettleiingsarbeid overfor dei statlege verksemdene frå Digitaliseringsdirektoratet i samarbeid med Språkrådet og Nasjonalbiblioteket. Til dømes kan det vere behov for å definere nærare kva språkressursar er, og kva som er den beste måten å tilgjengeleggjere og avlevere dei på.

Språkdata som blir nytta som grunnlag i språkteknologi, omfattar ikkje berre omsetjingar og omgrepslister, men også tekst, som til dømes nettsider, rapportar og saksdokument. Det er viktig å leggje til rette for gjenbruk til dette føremålet i tillegg til vidarebruk av innhaldet i tekstane. Offentleglova og åndsverklova opnar i utgangspunktet for utstrekt vidarebruk av offentleg produsert tekst med mindre særskilde omsyn hindrar det, til dømes personvernet. Det aller meste av tekst produsert av det offentlege er i dag tilgjengeleg på nett. I praksis er det ofte vanskeleg å nytte tekstane til språkteknologiske føremål på grunn av manglande eller uklare vilkår for vidarebruk (lisensiering). Klarering blir dermed ein tidkrevjande jobb. Nasjonalbiblioteket erfarer at private selskap ofte har ei tydelegare lisensiering av eigne nettsider enn offentlege verksemder har. I siste revisjon av digitaliseringsrundskrivet har Kommunal- og moderniseringsdepartementet derfor tilrådd at ein ved publisering av offentleg produsert tekst bør informere om bruksvilkår som opnar for innhausting og gjenbruk til språkteknologiske føremål. Desse vilkåra bør vere romslegare enn for andre typar gjenbruk.

Arbeid med forvaltning og deling av data krev ressursar og kompetanse. Digitaliseringsdirektoratet (tidlegare Difi) gjev det offentlege råd og rettleiing i arbeidet med informasjonsforvaltninga gjennom initiativet «orden i eige hus». Kommunal- og moderniseringsdepartementet har forsterka Digitaliseringsdirektoratet med ressursar som gjer det mogleg med eit tettare samarbeid med Språkrådet og Nasjonalbiblioteket om strategiar for å sikre at offentlege språkressursar kan samlast inn og nyttast til språkteknologiske føremål. Ressursane i Digitaliseringsdirektoratet skal bidra til å samordne arbeidet med avlevering av data. Digitaliseringsdirektoratet ser arbeidet med språkdata i samanheng med arbeidet med deling av data generelt. Digitaliseringsdirektoratet og Språkrådet skal òg vurdere korleis ein kan leggje til rette for meir effektiv forvaltning av språkdata. Språkbanken ved Nasjonalbiblioteket vil ha ei rolle i å utvikle gode system for innhausting av tekst. Det er sentralt at språkdata blir behandla slik at alle personvernomsyn er varetekne.

Data Norge og Felles datakatalog er nettstader der det offentlege kan publisere offentlege data. Digitaliseringsdirektoratet og Språkrådet har saman engasjert analyseinstituttet Ipsos for å kartleggje kva behov offentleg sektor har for å få utvikla og samla inn ressursar til bruk i språkteknologiske løysingar, kva for løysingar og erfaringar verksemdene allereie har, og kva behov dei har for rettleiing om språkteknologi. Undersøkinga vil gje eit kunnskapsgrunnlag som basis for tiltak for å auke merksemda om språkdata og tilgjengeleggjering og deling av slike data, til dømes gjennom språkbanken, Digitaliseringsdirektoratets datakatalogar eller liknande. Dette blir gjort i tett samarbeid med Nasjonalbiblioteket.

For departementa er deling av språkdata ei investering i digitalisering og ein reiskap for betre måloppnåing i eigen sektor. Sektorvis arbeid med å skaffe til vegar og sørgje for tilrettelegging av områdespesifikke data gjennom terminologi- og omgrepsarbeid vil dessutan kunne leggje eit godt grunnlag for å ta i bruk språkteknologiske tenester og produkt i sektoren. Dette kan sjåast på som ein del av det sektoransvaret for språk som kvart departement har, og innsatsen vil heve kvaliteten på digitaliseringsprosessane i den enkelte sektoren. Når eit fagdepartement tek ansvar for å gjere fagspråk og terminologi i sektoren sin tilgjengeleg, sikrar det ikkje berre at det norske språket er levande på fagområdet, men òg at det er mogleg å utvikle språkteknologi som kan brukast innan dette fagområdet.

I tillegg til at det offentlege produserer mykje tekst, er det offentlege òg ein stor innkjøpar av tenester som genererer verdifulle språkdata. Eit døme er omsetjingar tinga frå private omsetjingsbyrå. Eit estimat frå 2016 synte at det offentlege kjøper inn omsetjingstenester for rundt 25 mill. kroner årleg.

Oslo Economics (2016) Kartlegging av behovet for automatisk oversettelse i statlig sektor. Utarbeidet for Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I omsetjingsprosessen blir det skapa omsetjingsminne, det vil seie filer som inneheld setningspar frå tekstane som ein omset frå og til. Slike omsetjingsminne er viktige for å trene opp automatiske omsetjingsløysingar. I dag ber dei færraste offentlege verksemder om å få tilsendt omsetjingsminna saman med dei omsette tekstane. Det offentlege går dermed glipp av data som ville vere svært nyttige som grunnlagsressursar i språkbanken og nye språkteknologiske produkt og tenester. I digitaliseringsrundskrivet som gjeld frå 2020, tilrår Kommunal- og moderniseringsdepartementet at ved kjøp av omsetjingstenester bør avtalane innehalde krav om levering av omsetjingsminne saman med det ferdige resultatet. Vidare blir det tilrådd at omsetjingsminna blir leverte til språkbanken i Nasjonalbiblioteket. I Nasjonal strategi for kunstig intelligens er det varsla at regjeringa vil utforme standardformuleringar til bruk i offentlege kontraktar for å gje offentleg sektor rettar til dei språkressursane som er resultat av omsetjingstenester og andre språktenester.

Eit anna døme på manglande eigarskap til språkdata og manglande innhausting av slike data er når det offentlege bestiller utvikling av språkteknologiske tenester og produkt. Som del av utviklingsarbeidet vil det ofte bli utvikla potensielt verdifulle datasett. Derfor bør det konkretiserast i bestillinga av slike tenester og produkt at det ikkje berre er sluttproduktet som skal leverast, men òg andre datasett som leverandøren utviklar i arbeidet fram til sluttproduktet.

Ein stadig større del av den offentlege samtalen skjer i sosiale medium. Både forskarar og utviklarar etterspør språk som blir bruka i sosiale medium, mellom anna fordi ein i slikt språk finn språklege nydanningar i form av ordval, skrivemåtar og setningskonstruksjonar. Nasjonalbiblioteket har i liten grad høve til å samle inn slikt materiale, mellom anna på grunn av juridiske hindringar hos dei internasjonale selskapa som eig tenestene.

6.4.4 Bruk av pliktavlevert materiale

Alle dokument som blir gjorde allment tilgjengelege i Noreg, skal etter pliktavleveringslova avleverast til Nasjonalbiblioteket. Det ligg eit stort språkteknologisk potensial i tekstmengdene i samlingane til Nasjonalbiblioteket. Samtidig legg lova med forskrifter føringar på vidarebruk av dette materialet. Avgrensingane er først og fremst knytte til opphavsretten.

Kulturdepartementet fastsette nyleg endringar i forskrift til åndsverklova. Etter § 1-4 andre ledd i forskrifta kan Nasjonalbiblioteket framstille eksemplar av åndsverk i anna format enn originalen til forskingsføremål:

«Nasjonalbiblioteket kan for forskningsformål fremstille eksemplar av åndsverk i sine samlinger, også i andre format enn originaleksemplaret, som grunnlagsmateriale for språklige korpuser.»

Forskriftsendringa utvidar høvet som Nasjonalbiblioteket har til å nytte pliktavlevert materiale i språkbanktenester. Formuleringa «for forskingsformål» er likevel ei avgrensing med tanke på utvikling av språkteknologi. Nasjonalbiblioteket kan ikkje utan vidare stille materialet til rådvelde for utviklingsføremål om utviklinga skjer i regi av private og offentlege verksemder som ikkje har status som forskingsinstitusjonar.

Nasjonalbiblioteket har vurdert to løysingar på denne utfordringa. Den første er å omarbeide originalmaterialet på ein slik måte at tilgjengeleggjering ikkje kjem i konflikt med opphavsretten (det vil seie at det fulle meiningsinnhaldet ikkje kjem fram i teksten). Det er til dømes mogleg å stokke om på setningar slik at sluttresultatet ikkje lenger dannar ein heilskapleg tekst.

Den andre løysinga er å teste ut maskinlæringsmodellar. Ein nyttar datamaskiner til å kjenne att språklege mønster gjennom statistiske analysar av store mengder tekst. Desse analysane kan danne grunnlaget for modellar som kan finne dei same språklege mønstera i ny tekst. Modellane inneheld berre statistisk informasjon om språklege strukturar og kan ikkje nyttast til å attskape tekstane som er analyserte. Slike modellar kan forbetre norsk språkteknologi på fleire måtar. Etter mønster frå Finland vil Nasjonalbiblioteket gjere dei første forsøka på å lage ein modell for norsk språk. Nasjonalbiblioteket har ressursane som skal til: tilgang på stor reknekraft og store mengder data. Ein fordel er også at Nasjonalbiblioteket kan trene modellane på materiale som ikkje kan gjerast fritt tilgjengeleg.

6.4.5 Bruk av forskingsdata

I fleire meldingar og utgreiingar i forkant av opprettinga av språkbanken vart språkteknologiske ressursar frå universitets- og høgskulesektoren nemnde som ei viktig kjelde til å fylle språkbanken med innhald. Det har vore vanskeleg å klarere rettane til desse ressursane til andre føremål enn forsking. Språkbanken tilbyr i dag derfor ikkje språkteknologiske grunnlagsressursar som er utvikla med forskingslisens, til andre utviklingsføremål.

Det er fleire grunnar til at vidarebruk av forskingskorpus er avgrensa. Ein grunn er at data i slike korpus kan vere beskytta av opphavsrett eller innehalde personopplysningar. Vel så ofte er grunnen at rettane ikkje har vorte klarerte vidt nok då materialet vart innsamla. Å utvide rettane i etterkant er ofte eit omfattande og nærast umogleg arbeid på grunn av manglande opplysningar om dei opphavlege informantane.

Forsking som skjer ved bruk av offentlege midlar, skal kome fellesskapen til gode. Ifølgje regjeringas Nasjonal strategi for kunstig intelligens frå 2020 er det derfor viktig at også dataa bak forskingsresultata er tilgjengelege for flest mogleg. Betre tilgang til forskingsdata kan bidra til innovasjon og verdiskaping ved at andre aktørar enn forskarane ser nye bruksområde. Eitt slikt område kan vere språkteknologi.

Regjeringas strategi for kunstig intelligens slår vidare fast at fleire sett av forskingsdata enn i dag bør gjerast tilgjengelege. Tilgjengeleggjering må skje innanfor rammene av godt personvern og med omsyn til tryggleik, immaterielle rettar og forretningshemmelegheiter.

Regjeringa la i 2017 fram Nasjonal strategi for tilgjengeliggjøring og deling av forskningsdata. Strategien etablerer tre prinsipp for offentleg finansierte forskingsdata i Noreg: 1) Forskingsdata skal vere så opne som mogleg og så lukka som nødvendig. 2) Forskingsdata bør bli handterte og tilrettelagde slik at verdien i dataa kan nyttast på best mogleg vis. 3) Avgjerder om arkivering og tilrettelegging av forskingsdata må takast i forskarfellesskapen.

Språkrådet er i dialog med Forskingsrådet om korleis ein betre kan leggje til rette for gjenbruk og vidarebruk av data som kan vere verdifulle for utvikling av språkteknologi, men som i dag ikkje er klarerte for slik bruk.

Forskingsfinansierande styresmakter, og først og fremst Forskingsrådet, bør byggje ned hinder for vidarebruk av språkteknologiske forskingsdata. Det kan gjerast gjennom å stille tydelegare krav om at forskingsdata generelt, og særleg språkvitskaplege korpus (som ofte krev store ressursar til innsamling og annotering), skal vere tilgjengelege for flest mogleg brukargrupper med mindre særskilde omsyn tilseier noko anna.

6.4.6 Spesielt om ordlister og standard- og terminologiarbeid

For at norsk skal vere eit samfunnsberande språk, er det nødvendig at det finst eit norsk fagspråk med norsk terminologi på alle fagområde (jf. punkt 9). Likeins er det med samiske språk. Med digitalisering av samfunnet og utvikling av språkteknologi er arbeid med terminologi viktigare enn nokon gong. For at språkteknologi skal verke best mogleg, trengst både strukturerte og ustrukturerte språkdata. Skal ein utvikle gode språkteknologiske tenester, trengst det altså ikkje berre store mengder tekst, men òg kvalitetssikra ord- og termlister. Det gjeld særleg dersom språkteknologien skal nyttast på spesielle fagområde. Fagspesifikke termlister trengst for å «lære» språkteknologien språket og ordbruken på fagområdet. Terminologiarbeidet kan også nyttast til å skape strukturerte kunnskapsbasar. Slike basar er ein føresetnad for fleire tekniske løysingar innanfor maskinlæring og kunstig intelligens. Automatisert saksbehandling er eit døme på eit slikt bruksfelt.

Boks 6.3 A-ordninga – suksess med felles omgrep og digital forenkling

Tidlegare måtte arbeidsgjevarar rapportere inn opplysningar om dei tilsette til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå i fem ulike skjema på ulike tidspunkt. Det var tungvint. Så vart den månadlege a-meldinga innført, ei felles digital løysing der arbeidsgjevarar kunne samle opplysningar om alt frå forskotstrekk til arbeidsgjevaravgift og sende dei til dei tre etatane samstundes. Dette var ei klar forbetring for arbeidsgjevarar og saksbehandlarar. Men for å få laga eit felles skjema måtte alle etatane samarbeide om ei presis og felles forståing av omgrepa dei nytta i innrapporteringa. I utgangspunktet hadde etatane ulike definisjonar av fleire omgrep, til dømes løn. Saman med rapporteringsløysinga vart det utvikla eit felles omgrepsapparat. A-meldinga har ført til ein lettare arbeidsdag for alle brukargruppene og innsparingar i både offentleg og privat sektor.

Arbeidet med digitalisering av offentleg sektor har aktualisert behovet for terminologiarbeid. Regjeringa har i Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge og Én digital offentlig sektor. Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019–2025 sett som mål at innbyggjarane og næringslivet skal få samanhengande tenester. Dei skal også sleppe å gje dei same opplysningane til det offentlege fleire gonger – dette blir kalla «berre-ein-gong-prinsippet». Dette krev at ulike datasystem «snakkar saman», og at ein brukar felles omgrep om dei same fenomena innanfor ulike tenesteområde. Fleire offentlege verksemder har derfor sett i gang arbeid med terminologi og utvikling av eigne termbasar, sjå boks 6.3 og 6.4. Det blir utvikla termlister med omgrepsdefinisjonar for dei ulike forvaltningsområda som datasetta høyrer til, og desse termlistene blir gjorde tilgjengelege i Felles datakatalog, som er utvikla av Brønnøysundregistera. Om desse listene er fleirspråklege, kan dei tene som inndata i automatisk omsetjing for dei aktuelle forvaltningsområda. Eittspråklege termlister vil kunne vere viktige for utvikling av naturleg språkforståing. Det finst i dag svært lite terminologi tilgjengeleg på nynorsk.

Særleg strategisk viktige område er universitets- og høgskulesektoren, forvaltninga, helsesektoren og teknologiområdet.

Boks 6.4 Digitalisering og språk i helsesektoren

Helsesektoren nyttar også digitale løysingar for å skape betre tenester for brukarane og effektivisere drifta. Gjennom fleire år har det vorte utvikla ulike fagsystem og -register som ikkje kan utveksle informasjon. Det har skapa problem mellom anna når helseføretak har hatt bruk for pasientinformasjon. I akutte situasjonar kan liv og helse stå på spel om naudsynte opplysningar ikkje er tilgjengelege for helsepersonell. Sektoren har derfor sett i gang fleire store prosjekt for å få eins terminologi på feltet. I 2020 er det sett av til saman 101 mill. kroner til arbeidet med betre pasienttryggleik og samhandling med standardisert språk. Dette inkluderer ein auke frå Helse- og omsorgsdepartementet på 84 mill. kroner til terminologiutvikling i regi av Direktoratet for e-helse i 2020. Direktoratet for e-helse skal leie arbeidet med å etablere eit felles og einskapleg språk i helse- og omsorgssektoren.

Termlister for språkteknologiske føremål er ein viktig ressurs, men det er visse utfordringar knytte til det å nytte dei fullt ut. For det første manglar det standardar for format, struktur og metadata. Den andre utfordringa gjeld juridiske spørsmål knytte til gjenbruk. For det tredje er det behov for auka medvit om at termlister ikkje berre er eit sluttprodukt av eit fagleg omgrepsarbeid, men at dei potensielt har stor verdi i språkteknologisk utvikling.

Språkrådet arbeider for at terminologi som blir gjort tilgjengeleg i Felles omgrepskatalog og andre relevante terminologiressursar, skal kunne eksporterast til språkbanken i Nasjonalbiblioteket. Det gjeld også terminologi frå helsesektoren, teknisk terminologi frå standardiseringsorganisasjonane og terminologi på andre område.

6.5 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Regjeringa ønskjer å leggje grunnlaget for ein digital infrastruktur for norsk språk.

  • Arbeidet med å byggje opp grunnlagsressursar for utvikling av språkteknologi på bokmål, nynorsk, norske dialektar og samisk skal halde fram.

  • Arbeidet med å etablere gode og trygge rutinar for avlevering av språkdata skal halde fram.

  • Nasjonalbiblioteket og Språkrådet skal arbeide vidare med å gjere ressursane i språkbanken kjende for utviklarar og bestillarar. Dette omfattar å gjere ressursane i språkbanken synlege i offentlege portalar for opne data, som Data Norge og Felles datakatalog.

  • I samsvar med føringane i Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge og i strategiane som regjeringa har lagt fram for digitalisering av offentleg sektor og for kunstig intelligens, forventar regjeringa at offentlege verksemder held fram arbeidet med god informasjonsforvaltning og deling av data.

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet har forsterka informasjonsforvaltningsmiljøet i Digitaliseringsdirektoratet med ressursar som skal mogleggjere eit nærare samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Språkrådet om strategiar for å sikre at offentlege språkressursar kan nyttast til språkteknologiske føremål. Dette kan mellom anna omfatte rettleiing i kva som kan reknast som språkressursar, og arbeid for å sikre avlevering av slike språkressursar til språkbanken.

  • Regjeringa vil arbeide for at fleire forskingsdata kan gjerast tilgjengelege for språkteknologiføremål.

  • Regjeringa vil utforme standardformuleringar til bruk i offentlege kontraktar for å gje offentleg sektor rett til språkressursane som kjem ut av omsetjingstenester og andre språktenester.

7 Språk i barnehage og grunnopplæring

7.1 Innleiing

Språket er den viktigaste nøkkelen inn i store og små fellesskap i det norske samfunnet. Utdanningssektoren står i ei særstilling når det gjeld å bidra til gode språkkunnskapar, og har ei viktig rolle å spele for å sikre at norsk held stillinga som samfunnsberande språk. Frå dei minste barna til dei eldste elevane inneber kommunikasjon å skape meining med språk og å kunne bruke språket i formelle og uformelle samanhengar. Barn i barnehagen og elevar i grunnopplæringa skal få oppleve, bruke og utforske språket og utvikle språkleg medvit.

Regjeringa har gjennom fleire prosjekt og satsingar lagt vekt på at alle barn og elevar skal få stimulering og støtte til språkutvikling og språkopplæring slik at dei får like moglegheiter til deltaking i leik og læring, eit godt utbytte av opplæring og utdanning og like høve til å bli aktive samfunnsborgarar og deltakarar i demokratiet. Norskopplæring for innvandrarar er avgjerande for integrering og deltaking i det norske samfunnet.

7.2 Status

Språkstimulering, språkutvikling og opplæring i språk for barn, unge og vaksne er forankra i barnehagelova med forskrift, opplæringslova med forskrifter, integreringslova og samelova.

7.2.1 Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver

Det viktigaste grunnlaget for gode språkkunnskapar blir lagt i dei tidlege barneåra, og språkstimulering og språkutvikling har ein sentral plass i det pedagogiske arbeidet i barnehagen. Kommunikasjon og språk påverkar og blir påverka av alle sider ved utviklinga til barnet, og gjennom dialog og samspel skal barna støttast i å kommunisere, medverke, lytte, forstå og skape meining.

I barnehagen skal barna møte ulike språk, språkformer og dialektar gjennom rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid. Barnehagen skal bidra til at barn leikar med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, medvit og utvikling. Personalet skal invitere til utforsking av både munnleg språk og skriftspråk.

I barnehagen skal barna få erfare ulike måtar å formidle tekstar og forteljingar på, som kjelde til estetiske opplevingar, kunnskap, refleksjon og møte med språk og kultur.

Barnehagen skal anerkjenne og verdsetje barn sine ulike kommunikasjonsuttrykk og språk, også teiknspråk. Barnehagen skal bidra til at språkleg mangfald er noko positivt for heile barnegruppa. Fleirspråklege barn skal få støtte i å bruke morsmålet sitt, og barnehagen skal samtidig aktivt fremje og utvikle den norsk- eller samiskspråklege kompetansen til barna. Samiske barnehagar skal fremje den samiskspråklege kompetansen, styrkje den samiske identiteten og vidareføre dei samiske verdiane, den samiske kulturen og den samiske tradisjonskunnskapen. Føringane rammeplanen legg for samiske barnehagar, gjeld tilsvarande for samiske avdelingar i andre barnehagar.

I samiske barnehagar er samisk hovudspråket. Personalet skal kunne samisk og ha kunnskap om samisk kultur. I andre barnehagar med samiske barn skal barna få støtte til å ta vare på og utvikle språket sitt.

For døve og høyrselshemma barn er teiknspråk ein nøkkel til aktiv deltaking i større og mindre grupper. Barn under opplæringspliktig alder som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter ei sakkunnig vurdering har behov for teiknspråkopplæring, har rett til slik opplæring, jf. barnehagelova § 19 h. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Tilbodet om teiknspråkopplæring skal så langt som mogleg utformast i samarbeid med barnet og foreldra til barnet, og det skal leggjast stor vekt på deira syn.

Alle barn skal få god språkstimulering gjennom kvardagen i barnehagen, og alle barn skal få delta i aktivitetar som fremjar kommunikasjon og heilskapleg språkutvikling. Det er derfor viktig at dei tilsette har god språkkompetanse og kompetanse til å støtte språkutviklinga til barna. For å bli fast eller førebels tilsett i ein barnehage må personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk gjennomføre ei språkprøve eller på annan måte dokumentere språkkompetansen sin.

7.2.2 Språkopplæring i skulen

I skulen skal barn og unge lære å lese, skrive og kommunisere. Gjennom opplæringa skal elevane få utvikle sin eigen språklege og kulturelle identitet. Språkopplæringa skal sikre elevane språkkompetanse som grunnlag for deltaking i leik og læring her og no, og for vidare utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv.

Norskfaget er det største faget i skulen. Det overordna målet med norskfaget er å setje alle elevar, uavhengig av bakgrunn, i stand til å bruke norsk i opplæring, vidare utdanning, arbeidsliv og daglegliv. Opplæring i både bokmål og nynorsk er eit vilkår for at vi kan ha to jamstilte skriftspråk i landet.

I Noreg er også samisk og norsk teiknspråk viktige språk med mange brukarar og eigne læreplanar i skulen. Det er utarbeidd parallelle, likeverdige læreplanar på samisk for elevar som har samisk som førstespråk.

Elevar som vel opplæring i og på teiknspråk, vil kunne følgje ein eigen læreplan i norsk for elevar med teiknspråk i kombinasjon med læreplan i norsk teiknspråk.

I grunnskulen har elevar i Troms og Finnmark rett til opplæring i kvensk eller finsk dersom minst tre elevar med kvensk eller norskfinsk bakgrunn på skulen ønskjer det. Faget skal gje elevane språkkompetanse for at dei skal kunne vere ein del av språk- og kulturfellesskapen som kvener og norskfinnar har. Faget skal òg gje kunnskap om mangfald, identitet og kvensk/norskfinsk kultur og samfunnsliv.

7.2.3 Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020

Hausten 2019 fastsette Kunnskapsdepartementet nye læreplanar for grunnskulen og dei gjennomgåande faga i vidaregåande opplæring. Læreplanane skal takast i bruk i skulen hausten 2020. Eit av dei uttala måla med dei nye læreplanane er å gje betre rom for djupnelæring. Kompetansemåla i kvart fag byggjer på såkalla kjerneelement. Kjerneelementa er ei prioritering av det faglege innhaldet som skal bidra til at lærarane og elevane kan konsentrere seg om det viktigaste i faget. Gjennom opplæringa skal elevane utvikle kunnskapar, ferdigheiter, verdiar og haldningar som er relevante og har meining for både den enkelte og for samfunnet, både no og i framtida.

I den overordna delen av læreplanverket står det at elevane gjennom opplæringa skal bli trygge språkbrukarar, og at dei skal utvikle den språklege identiteten sin. Vidare skal dei kunne bruke språk for å tenkje, skape meining, kommunisere og knyte band til andre. Opplæringa i skulen skal gje elevane kunnskap om det språklege mangfaldet i samfunnet og innsikt i ulike uttrykksformer, idear og tradisjonar. Alle elevar skal få erfare at det å kunne fleire språk er ein ressurs i skulen og samfunnet elles.

Norskfaget

Norskfaget er både eit kulturfag og eit språk- og tekstfag. Både dei kommunikative, meiningsdannande, kulturelle og identitetsmessige aspekta ved norskfaget blir vektlagde i læreplanen. Det overordna målet er å setje alle elevar, uavhengig av bakgrunn, i stand til å bruke norsk i opplæring, vidare utdanning, arbeidsliv og daglegliv. Norskfaget skal gje elevane innsikt i den rike og mangfaldige språk- og kulturarven i Noreg. Faget skal ruste elevane til å delta i demokratiske prosessar og eit arbeids- og samfunnsliv som stiller krav til variert kompetanse i lesing, skriving og munnleg kommunikasjon.

Den nye læreplanen slår fast at opplæringa i skriftleg sidemål skal starte tidlegare enn før. Elevane skal allereie etter 4. trinn utforske skilnader og fellestrekk mellom skriving på hovudmål og sidemål. I dag møter ikkje elevane skriftleg sidemål i opplæringa før seinast på 7. trinn. Det at elevane får øve seg på å skrive på sidemålet sitt allereie etter 4. trinn, skal bidra til betre progresjon gjennom opplæringsløpet. Etter 2. trinn skal elevane ha lytta til og samtala om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk.

I tillegg er det gjort ei endring slik at elevane no ikkje lenger får to skriftlege karakterar (hovudmål og sidemål) i undervegsvurderinga på 8. og 9. trinn på ungdomstrinnet og på vg1 og vg2 på vidaregåande skule. Det vil seie at dei skal ha éin samla karakter i skriftleg norsk og éin i munnleg norsk. På 10. trinn og på vg3 skal elevane framleis ha to karakterar i skriftleg norsk: éin for hovudmål og éin for sidemål. Endringa er basert på eit forsøk som starta i 2013, der til saman 184 vidaregåande skular og 25 ungdomsskular deltok. Ei evaluering av forsøket

NIFU-rapport 2018:9. Sluttrapport fra evaluering av forsøk med halvårsvurdering med én eller to karakterer i norsk.

viste at karakternivået heldt seg stabilt sjølv om elevane fekk færre karakterar i halvårsvurderingane. Evalueringa viste at når talet på karakterar ved halvårsvurderingane gjekk ned, opplevde lærarane større rom for å gje variert og meir samanhengande opplæring. Intensjonen med å redusere talet på karakterar er å styrkje norskfaget.

Samiske læreplanar

Alle samiske elevar i Noreg har rett til å få opplæring i samisk, uansett bustad. Elevar i grunnskulen som er busette i forvaltningsområdet for samisk språk, har rett til å få opplæring i og på samisk i alle fag. For elevar utanfor forvaltningsområdet er retten til opplæring regulert nærare i opplæringslova.

Det er eigne læreplanar for Kunnskapsløftet 2020 – samisk. Alle elevar i grunnskulen i forvaltningsområdet for samisk språk skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 – samisk. Det er Sametinget som fastset læreplanane i samisk språk. Elevar som får opplæring i samisk utanfor samisk distrikt, skal følgje læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 – samisk for denne opplæringa.

Faget samisk som førstespråk er både eit språkfag og eit danningsfag. Faget skal skape trygge språkbrukarar som kan nytte den samiskspråklege kompetansen sin både i skule, arbeidsliv og demokratiske prosessar i samfunnet. Faget tek utgangspunkt i og byggjer på samisk språk, kultur og verdiar, uavhengig av kva for eit av dei samiske språka elevane får opplæring i.

Norsk teiknspråk i opplæringa

Norsk teiknspråk er både ein kulturberar og eit identitetsmerke, og det er eit fullverdig språk med eigne grammatiske reglar og setningsoppbygging. Teiknspråk i opplæring handlar derfor både om kulturforståing, kommunikasjon, danning og identitetsutvikling og språkinnlæring. For døve og høyrselshemma barn og elevar er teiknspråk ein nøkkel til aktiv deltaking i større og mindre grupper.

Læreplanane i norsk teiknspråk og norsk for elevar med teiknspråk strekar under at teiknspråkfaget er eit sentralt fag for kulturforståing, kommunikasjon og danning, og det skal bidra til at elevane utviklar ein teiknspråkleg identitet. Opplæringa skal ta utgangspunkt i bakgrunnen og kulturen til elevane og skal bidra til at dei utviklar språk for å tenkje, kommunisere og lære.

Elevar som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter ei sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, har rett til grunnopplæring i og på teiknspråk etter opplæringslova §§ 2-6 og 3-9. I dag skal elevar som har ein slik rett, følgje læreplanane i norsk teiknspråk, norsk for elevar med teiknspråk, engelsk for elevar med teiknspråk og drama og rytmikk for elevar med teiknspråk. Dette er læreplanar som utfyller kvarandre og som i dag ikkje kan veljast uavhengig av kvarandre. Norsk teiknspråk skal saman med norsk for elevar med teiknspråk bidra til at elevane blir trygge språkbrukarar. Dei skal bli medvitne om sin eigen språklege og kulturelle identitet i ein inkluderande fellesskap der det å vere fleirspråkleg blir verdsett som ein ressurs.

Opplæring i teiknspråk kan også vere av interesse for andre enn elevar med teiknspråk som førstespråk. Det er derfor mogleg å gje tilbod om teiknspråk som framandspråk på skular som ønskjer det og har slik kompetanse.

I 2019 gav Kunnskapsdepartementet Utdanningsdirektoratet i oppdrag å styrkje teiknspråk i barnehage og skule. Som ein del av arbeidet med oppdraget er det no etablert ei tidsavgrensa stimuleringsordning som skal leggje til rette for at barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular kan gje opplæring i teiknspråk til ei større gruppe av barn og unge, særleg barn av døve foreldre og søsken til døve barn. Dette skal bidra til å styrkje språkmiljøet for teiknspråkbrukarar, både i barnehage- og skuletida og på fritida. Tilskotsordninga er avgrensa til barnehage- og skuleåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022.

Regjeringa har nyleg gjort det mogleg for kommunar å søkje om å delta i forsøk med teiknspråk som valfag på ungdomstrinnet. Målet med forsøket er å leggje til rette for at høyrande elevar får ei betre språkforståing og høve til å lære eit nytt språk. I tillegg vil tiltaket kunne utgjere ein inkluderande faktor for læringsmiljøet for både døve, høyrselshemma og høyrande elevar.

7.2.4 Språkopplæring for flyktningar og innvandrarar

Norskopplæring for innvandrarar er ein nøkkel til integrering og deltaking i det norske samfunnet. Det er viktig at alle som over tid skal delta i norsk arbeidsliv, utdanning og samfunnsliv, kan norsk. Å kunne norsk vil seie å dele det viktigaste felles kulturuttrykket i samfunnet vårt og ha tilgang til infrastrukturen for kommunikasjon og samhandling.

I Integrering gjennom kunnskap. Regjeringens integreringsstrategi (2019–2022) varslar regjeringa ei fornying og forbetring av norskopplæringa. Det er eit mål for regjeringa at alle som bur i Noreg, må kunne snakke og forstå norsk. Berre slik kan dei delta i samfunnet og i arbeidslivet. Eit hovudgrep i strategien er å stimulere arbeidsgjevarar til auka medvit om at mangfaldet er ein ressurs. I integreringsstrategien blir det også lagt vekt på at barn og unge med flyktning- og innvandrarbakgrunn skal få gode norskkunnskapar gjennom likeverdige utdanningsløp. Som oppfølging av strategien sende regjeringa hausten 2019 eit forslag til ny integreringslov og forslag til endringar i statsborgarlova ut på høyring. Den overordna målsetjinga er at innvandrarar til landet skal bli tidleg integrerte i det norske samfunnet og bli økonomisk sjølvstendige. Lova skal også bidra til at asylsøkjarar tidleg får kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsliv. Lovforslaget og lovendringa set ambisiøse mål for språkferdigheitene til deltakarane i introduksjonsordninga og til dei som søkjer statsborgarskap.

Etter opplæringslova har minoritetsspråklege elevar i grunnopplæringa, det vil seie barn og unge som har eit anna morsmål enn norsk eller samisk, rett til særskild norskopplæring til dei har gode nok ferdigheiter i norsk til å følgje den vanlege opplæringa i skulen (jf. opplæringslova §§ 2-8 og 3-12). Om nødvendig har elevar også rett til morsmålopplæring, tospråkleg fagopplæring eller begge delar. Det er også utarbeidd læreplan i norsk i vidaregåande opplæring for elevar med kort butid. Denne læreplanen er likeverdig med ordinær læreplan i norsk.

Kunnskapsdepartementet har ansvar for opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Rett og plikt til å delta i opplæring blir i dag regulert i introduksjonslova. Målgruppa er flyktningar og innvandrarar med utsikter til varig opphald i Noreg. Kompetanse Noreg har ansvar for læreplanar i desse faga og for utvikling og spreiing av undervisningsmetodar, læringsmateriell og gjennomføring av avsluttande prøver.

Kunnskapsdepartementet har i perioden 2017–2020 prøvd ut tospråkleg fagopplæring på nett i matematikk og naturfag i språka arabisk, somali og tigrinja. Det nettbaserte tilbodet er eit supplement til den ordinære undervisninga på nærskulen i tilfelle der skulen ikkje har lukkast med å få tak i eigne tospråklege lærarar. Det er framleis den lokale læraren som har det faglege ansvaret. Rundt 300 elevar deltek i piloten i skuleåret 2019/2020. Dei fleste er frå ungdomstrinnet. Evalueringa av piloten viser mellom anna at elevane som deltek, forstår meir av klasseromsundervisninga på norsk når dei har dette nettilbodet. Tilbodet har ført til at fleire elevar med rett til tospråkleg fagopplæring faktisk får det. Regjeringa vidarefører denne løysinga med nettbasert opplæring for minoritetsspråklege i utvalde fag som ei permanent ordning frå hausten 2020.

7.3 Utfordringar og strategiar

7.3.1 Innleiing

Språkpolitikken heng uløyseleg saman med utdanningspolitikken og kunnskapspolitikken. For det første er barnehagesektoren og opplæringssektoren heilt avgjerande for at befolkninga får opplæring i norsk, samisk eller norsk teiknspråk. Slik opplæring er viktig med tanke på danning og kunnskaps- og språkutvikling og fungerer som reiskap for inkludering, kommunikasjon og samhandling. Vidare står opplæringssektoren i ei særstilling når det gjeld å bidra til å sikre norsk og samisk som samfunnsberande språk. I utforminga av innhaldet i skulen og lærarutdanninga er det derfor avgjerande at utdanningssektoren tek omsyn til språkpolitikken.

I Granavollplattforma slår regjeringa fast at ho vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei to likestilte målformene i norsk.

7.3.2 Revisjon av opplæringslova

Ei rekkje språkpolitisk relevante spørsmål blir regulerte i opplæringslova. Lova regulerer til dømes val av opplæringsspråk i skulen, rett til opplæring, rett til parallellklassar eller eigne elevgrupper og rett til lærebøker og andre læremiddel på eige språk.

I september 2017 sette regjeringa ned eit utval som fekk i oppgåve å gå gjennom regelverket for grunnskulen og den vidaregåande opplæringa. Målet for arbeidet er eit regelverk som er tilpassa måla og prinsippa for grunnopplæringa, og som samtidig sikrar at kommunen og fylkeskommunen får tilstrekkeleg rom til å fremje kvalitetsutvikling i skulen. Opplæringslovutvalet leverte 13. desember 2019 eit forslag til ny opplæringslov i NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. I rapporten er det brei omtale av mellom anna opplæringsspråk, skriftspråk, læremiddel og språkopplæring for elevar som har eit anna morsmål enn norsk og samisk.

Kunnskapsdepartementet har sendt rapporten på høyring. Vidare tek Kunnskapsdepartementet sikte på å sende på høyring eit samla høyringsnotat med regjeringa sitt forslag til ny opplæringslov våren 2021. Kunnskapsdepartementet vil i oppfølginga av forslaget frå utvalet sjå nærare på dei ovannemnde emna, og omsynet til dei språklege rettane til elevane vil vere eit av fleire viktige tema i det vidare arbeidet med å følgje opp lovforslaget frå utvalet. Oppfølginga vil vere i tråd med dei overordna prinsippa for språkpolitikken slik dei vil kome til uttrykk i ny språklov.

7.3.3 Tidleg innsats

Hausten 2019 vart Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO lagd fram. Meldinga legg vekt på at barnehage og skule skal gje like moglegheiter for alle barn og unge – uavhengig av sosial, kulturell og språkleg bakgrunn, kjønn og kognitive og fysiske skilnader. Det krev at barnehagen og skulen arbeider for ein inkluderande fellesskap og tidleg innsats. Tidleg innsats vil seie å ha eit godt pedagogisk tilbod frå tidlig småbarnsalder, og at det blir sett i verk tiltak straks ein oppdagar utfordringar.

Blant forslaga i meldinga er å innføre ei plikt for kommunen til å observere og vurdere alle barn før skulestart for å kunne identifisere dei som treng nærare kartlegging av norskkunnskapane sine. Regjeringa vil at desse barna skal bli fanga opp tidleg, slik at dei kan få den støtta dei treng. Målet er at barn skal kunne snakke og forstå norsk så godt at dei kan trivast og utvikle seg i leik og læring og i lag med andre barn og med vaksne. På same måte som norskkunnskapane til barna skal vurderast og eventuelt kartleggjast, vil ein i samarbeid med Sametinget avgjere korleis samiskkunnskapane til barn som skal ha opplæring i og på samisk, skal vurderast for ei eventuell kartlegging før skulestart.

7.3.4 Nynorsk

Allmenn kompetanse i dei to norske skriftspråka er ein premiss for at både bokmål og nynorsk skal vere fullt utbygde og samfunnsberande språk. Det gjev eit utgangspunkt for alle til å bruke begge skriftspråka. Ansvaret for å bere det nynorske språket kan ikkje aleine leggjast til den minoriteten som nyttar nynorsk. Det at majoriteten lærer å kjenne det mindre bruka språket, gjer det mogleg for elevane som har hovudmålsopplæring i nynorsk, å bruke språket sitt i alle situasjonar.

I Granavollplattforma slår regjeringa fast at ho vil sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei to likestilte målformene i norsk. Dei fleste elevane i Noreg har nynorsk som sidemål. Læreplanen i norsk er felles for elevar med nynorsk som hovudmål og elevar med bokmål som hovudmål. Det er læreplanane som i størst grad regulerer kontakten barn og unge har med nynorsk, og kunnskapen dei tileignar seg om nynorsk.

St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining og St.meld. nr. 23 (2007–2008) Språk bygger broer la i si tid til grunn at det offentlege må ta eit særleg ansvar for nynorsk som mindretalsspråk. Begge meldingane framheva nynorskopplæringa som ekstra viktig for å sikre rettane til nynorskbrukarane og for å sikre reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål. Målet var å halde oppe talet på nynorskbrukarar og leggje til rette for at fleire held på nynorsk som hovudmål. Dette prinsippet blir stadfesta i denne meldinga og i framlegget til språklov.

Tal frå Utdanningsdirektoratet syner at 12,1 prosent av norske skuleelevar hadde nynorsk som opplæringsspråk i skuleåret 2018/2019. I skuleåret 2004/2005 hadde 14,2 prosent av elevane nynorsk som opplæringsspråk. På desse åra har talet på nynorskelevar gått ned med om lag ti tusen elevar, til om lag 76 000 elevar i 2018/2019. Tala frå Utdanningsdirektoratet viser også at det er eit stort skifte frå nynorsk til bokmål i overgangen til vidaregåande skule. Eksamensadministrasjonssystemet PAS viser kva målform kandidatane er registrerte på når dei blir meldt opp til eksamen i hovudmål i vg3. I utgangspunktet må alle elevane ha eksamen i hovudmål. Tal frå eksamen våren 2019 viser at rundt 7 prosent av elevane på nasjonalt nivå hadde eksamen i hovudmål nynorsk, medan rundt 93 prosent av elevane hadde eksamen i hovudmål bokmål. Språkbyte er framleis ei utfordring og er med på å svekkje statusen til nynorsken. Tala tyder på at vi ikkje har nådd det politiske målet om å styrkje nynorsk og stabilisere talet på nynorskelevar i skulen. Samstundes kan ikkje statusen til nynorsk vere knytt berre til talet på elevar i skulen som har språket som hovudmål.

7.3.5 Samiske språk

Samisk språk, kultur og tradisjonell kunnskap er grunnleggjande verdiar i samisk barnehage og grunnopplæring. Det er viktig at samiske barn og unge får lære på sitt eige språk og får kjennskap til og kunnskap om samisk samfunnsliv, historie og tradisjonar gjennom barnehagen og heile det 13-årige skuleløpet. I NOU 2016: 18 Hjertespråket peikar det samiske språkutvalet på at det er særleg verknadsfullt å lære seg samisk i barnehagen, og språkopplæring i skulen blir halden fram som eit sentralt verkemiddel for å støtte opp om språkutviklinga hos samiskspråklege barn. Samiske barn og unge er dei viktigaste språkberarane, og deira språkkunnskapar er det som legg grunnlaget for framtida til dei samiske språka.

Det samiske språkutvalet vurderte tilgangen på språkopplæring i samisk og peikar mellom anna på mangel på lærarar med rett kompetanse og regelverk som ikkje er tilpassa alle utfordringar.

Riksrevisjonen undersøkte i 2019 oppfølginga av den retten samiske elevar har til opplæring i og på samisk, jf. Dokument 3:5 (2019–2020) frå Riksrevisjonen. Hovudfunna er at retten til samiskundervisning blir oppfylt, men at tilbodet om samiskundervisning ikkje er godt nok kjent utanfor forvaltningsområda. Forholda for fjernundervisning er ikkje godt nok tilrettelagde, verken i organisering eller i gjennomføring. Riksrevisjonen tilrår vidareutvikling av fjernundervisningstilbodet og betre digitale verktøy. Utdanningsdirektoratet har etablert ei permanent plattform for nettbasert undervisning, Digilær.no, som fellesløysing for opplæringssektoren. I 2020 vil departementet og direktoratet i samarbeid med Sametinget og fylkesmennene i Troms og Finnmark og Nordland vurdere om plattforma skal takast i bruk for samisk fjernundervisning.

I undersøkinga frå Riksrevisjonen kjem det også fram at det er mangel på samiske lærarar. Regjeringa gjennomfører no eit kompetanse- og rekrutteringsløft for å sikre kvalifiserte lærarar. For Sametinget er det viktig med eit kompetanseløft innanfor samisk lærarutdanning og vidareutdanning.

7.3.6 Læremiddelsituasjonen

Gode læremiddel og læringsressursar er avgjerande for å kunne lære og bli trygg i eit språk. Læremiddel er i kapittel 17 i forskrift til opplæringslova definerte som alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa. Dei kan vere sjølvstendige eller del av ein heilskap, og aleine eller til saman dekkje kompetansemåla i læreplanverket for Kunnskapsløftet. Etter opplæringslova § 9-4 skal læremiddel i grunnskulen og vidaregåande opplæring som utgangspunkt berre nyttast dersom dei er tilgjengelege på begge målformer til same tid og same pris. Dette blir kalla parallellitetskravet.

Opplæringslova legg ansvaret på kommunane for å sørgje for at elevane får læremiddel på sitt eige hovudmål. Det inneber at kommunane ikkje har lov til å kjøpe inn læremiddel som ikkje finst på både bokmål og nynorsk på same tid og til same pris, uavhengig av om elevane har bokmål eller nynorsk som hovudmål. Regelverket inneber at ein del digitale program, verktøy og ressursar som blir nytta i skulen, ikkje blir definerte som læremiddel. Det kan vere fordi dei ikkje er knytte til kompetansemåla i læreplanen, eller at dei ikkje er utvikla til bruk i opplæringa. I tillegg finst det reglar om at ein ressurs må nyttast regelmessig for å bli definert som læremiddel. Forskriftene inneheld ei rekkje unntak frå parallellitetskravet. Det er til dømes ikkje krav om parallelle utgåver av kjeldestoff, bakgrunnsstoff, aviser, artiklar, oppslagsverk og liknande. Heller ikkje læremiddel der den norske teksten berre utgjer ein mindre del av verket, kjem inn under kravet om parallelle utgåver. Dette gjeld til dømes læremiddel i engelskfaget.

Vidare er det eigne reglar for små fag og fagområde der det ikkje er kommersielt kostnadssvarande å utvikle parallellutgåver. Forlag og andre utviklarar kan søkje om tilskot til nynorskutgåver eller fellesspråklege utgåver på slike fagområde.

Regjeringa vil sikre retten til læremiddel på begge dei norske skriftspråka. Regjeringa har styrkt tilskotsordninga til læremiddel der det ikkje er kommersielt grunnlag for utvikling. Gjennom denne tilskotsordninga gjev også Utdanningsdirektoratet støtte til materiell og læremiddel som sørgjer for fleirkulturelle og fleirspråklege perspektiv.

Regjeringa har dessutan gjeve tilskot til både innkjøp og utvikling av digitale læremiddel til dei nye læreplanane for Kunnskapsløftet 2020 (fagfornyinga). Eit vilkår i alle tilskotsordningane er at læremidla skal kome ut på begge målformer til same pris og same tid. Det blir også stilt krav om at dei digitale læremidla skal kunne omsetjast til samisk. I 2019 var ramma for tilskotsordninga på 23,8 mill. kroner.

Alle digitale læremiddel som Utdanningsdirektoratet gjev tilskot til, skal vere universelt utforma, i tråd med reglane i likestillings- og diskrimineringslova.

I tråd med den generelle samfunnsutviklinga og digitaliseringa tek skulane i bruk stadig fleire digitale verktøy og ressursar som ikkje er omfatta av kravet om parallellutgåver. Mange av desse finst ikkje på nynorsk. Ifølgje ei undersøking gjord av Noregs Mållag i fire skular i ulike kommunar var berre 15 av i alt 104 digitale appar, dataprogram og læringsressursar på nynorsk i 2018.

LNK. (2018). 4 av 5 lærarar slit med å finna digitale læremiddel på nynorsk. Henta frå: http://lnk.no/mobilnyhende/4634-4-av-5-laerarar-slit-med-a-finna-digitale-laeremiddel-pa-nynorsk.

Desse læringsressursane er ikkje omfatta av kravet om parallellutgåver, men det er ein openberr konsekvens av det digitale skiftet at elevar med nynorsk hovudmål får større utfordringar med å nytte hovudmålet sitt i alle delar av undervisninga.

Læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Kompetanse Noreg har eit særskilt ansvar for fagleg og pedagogisk utvikling av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Dette inneber å utvikle kompetanse, metodar og læringsressursar for opplæringa. Regjeringa gjev tilskot til revisjon og omsetjing av læremiddel. Det blir kvart år løyvd midlar til utvikling og produksjon av læremiddel i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar. Tilskotsordninga skal sørgje for at det blir utvikla, produsert og gjort tilgjengeleg læremiddel på begge målformer i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar der det ikkje er grunnlag for kommersiell utgjeving. Kompetanse Noreg lyste ut midlar hausten 2019. Kompetanse Noreg har òg ei oversikt over ulike læremiddel på bokmål og nynorsk på nettsidene sine. Det blir òg lyst ut midlar til eit vaksenopplæringssenter som skal gje rettleiing i bruk av nynorsk i opplæringa etter læreplanen i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Samiske læremiddel

Sametinget har forvaltningsmynde på fagområdet utdanning og oppvekst og forvaltar og prioriterer sjølv midlar på budsjettkapittel 560 Samiske formål, post 50 Samisk språk, kultur og samfunnsliv. Sametinget har det overordna ansvaret for utvikling av samiske læremiddel. I samband med Kunnskapsløftet 2020 – samisk (fagfornyinga for samisk) vil det vere behov for nye læremiddel i mange fag. I budsjettet for 2019 har regjeringa derfor auka løyvinga til Sametinget til utvikling av samiske læremiddel. Sametinget har varsla Kunnskapsdepartementet om at samiske digitale læremiddel av høg kvalitet er mangelvare. Både i 2018 og i 2019 lyste Utdanningsdirektoratet ut midlar til utvikling av digitale læremiddel til fagfornyinga gjennom satsinga Den teknologiske skulesekken. Innanfor denne ramma er det også sett i gang utvikling av samiske læremiddel i duodji og musikk. I 2020 har regjeringa sett av 15 mill. kroner til omsetjing, tilpassing og utvikling av samiske digitale læremiddel i samanheng med Den teknologiske skulesekken.

Sametinget vedtok i 2019 Handlingsplan for læremiddelutvikling 2020–2023. Sametinget vil mellom anna prioritere utvikling av digitale læremiddel av høg kvalitet. Vidare vil Sametinget prioritere tilskot til revidering av noverande læremiddel og omsetjing og tilpassing av læremiddel frå andre språk framfor nyutvikling, dersom dette er føremålstenleg. Auka merksemd om digitale læremiddel utløyser behov for eit kompetanseløft hos både læremiddelforfattarar og læremiddelutviklarar. Sametinget ønskjer å få utvikla samiske digitale læremiddel som samsvarar med innhaldet i fagfornyinga og mellom anna oppfyller dei lovbundne krava om universell utforming og behandling av personopplysningar.

7.3.7 Om lærarutdanninga og lærarkompetanse

Kompetansen til læraren er avgjerande for kvaliteten på det pedagogiske tilbodet og på undervisninga i barnehage og skule. Vi treng lærarar i barnehagen som kan vere gode språkmodellar for barna, og vi treng lærarar i skulen som kan undervise på og lære bort både nynorsk og bokmål. Det er også viktig at lærarane har kunnskap om den norske språksituasjonen og kjenner dei språklege rettane som barna og elevane har.

Lærarutdanning

I rammeplanane for dei relevante lærarutdanningane er det stadfesta at «[u]tdanningen skal bygge på opplæringsloven og gjeldende læreplaner for grunnopplæringen». Og vidare: «Kandidaten […] behersker norsk muntlig og skriftlig, både bokmål og nynorsk, og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssammenheng.» Dette forpliktar institusjonane som utdannar lærarar, til å syte for at kandidatane har kompetanse til å undervise på både bokmål og nynorsk. At utdanninga skal byggje på opplæringslova og læreplanane, forpliktar òg institusjonane til å sørgje for at norsklærarar har kompetanse til å lære bort både nynorsk og bokmål. Dette er presisert i dei nasjonale retningslinjene for grunnskulelærarutdanning under norskfaget. Her står også følgjande om læringsutbytte: «Kandidaten har kunnskap om språkhistorie, språklege endringsprosessar i eldre og nyare tid og gjeldande normering av nynorsk og bokmål.» Rammeplanane og retningslinjene er nokså nye (høvesvis frå 2017 og 2018), og det vil seie at det enno ikkje har blitt uteksaminert kandidatar sidan dei vart innførte.

Samisk høgskule har lenge tilbydd lærarutdanning og barnehagelærarutdanning på nordsamisk. Likevel er det mangel på kompetente samisklærarar. I faga sør- og lulesamisk har det ikkje vore tilbydd lærarutdanning tidlegare. Nytt frå 2018 er at Nord universitet har starta opp sør- og lulesamisk grunnskulelærarutdanning. Der er pensum og undervisning dels på dei samiske språka og dels på norsk. Grunnen til at utdanninga er tospråkleg på denne måten, er at sør- og lulesamiske ungdommar er tospråklege, og at rekrutteringsgrunnlaget til utdanninga er lite. Frå hausten 2020 har universitetet òg planlagt å tilby sør- og lulesamisk barnehagelærarutdanning etter liknande modell. Universitetet i Tromsø har, frå 2019 av, tilbod om kvensk som valfag i lærarutdanningar. Kunnskapsdepartementet har støtta tiltaka i samisk og kvensk.

Det er også ei utfordring med god nok tilgang på kompetente lærarar i norsk teiknspråk. OsloMet – storbyuniversitetet, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Høgskulen på Vestlandet har kompetanse i norsk teiknspråk og tilbyr dette som valfag i lærarutdanningar. Kunnskapsdepartementet tildelte i 2018 midlar til OsloMet for å utvikle norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane og ein modul i norsk teiknspråkdidaktikk for praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), eventuelt i samarbeid med dei to andre institusjonane. Det blir òg løyvd midlar til studieplassar på teiknspråkutdanninga ved OsloMet i 2019, ti nye studieplassar kvart år i fire år, til saman 40 plassar.

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

I statsbudsjettet for 2017 vart det innført ei ny ordning for kompetanseutvikling i skulen, jf. òg Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen. Ordninga inneber at bruken av dei statlege kompetansemidlane skal vere betre tilpassa lokale behov. Alle fylke har etablert samarbeidsforum med skuleeigarar, universitet/høgskular og fylkesmannsembeta. Frå 2019 er fylkeskommunane også omfatta av ordninga.

Mange barnehagar og skular manglar kompetanse blant lærarane og personalet til å følgje opp språkutviklinga til minoritetsspråklege barn og elevar godt. I Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO er derfor eit av tiltaka å vurdere korleis alle barnehagar og skular kan få tilstrekkeleg tilgang til kompetanse i norsk som andrespråk. I den same meldinga står det også at det på lang sikt bør vere eit mål at alle lærarar som underviser i særskilt norsk, skal ha formell kompetanse i norsk som andrespråk.

7.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kunnskaps- og utdanningspolitikk er viktig språkpolitikk. Barnehagesektoren og opplæringssektoren er heilt avgjerande for at befolkninga får opplæring i norsk, samisk, kvensk eller norsk teiknspråk. Opplæringssektoren står i ei særstilling når det gjeld å sikre norsk og samisk som samfunnsberande språk. Derfor må det takast språkpolitiske omsyn når innhaldet i barnehage, skule og lærarutdanning skal utformast. Særleg viktige er dei språkpolitiske vurderingane, inkludert omsynet til ulike språklege mindretal, når det skal gjerast større systemendringar på feltet.

  • Det skal leggjast til rette for at nynorskelevar og bokmålselevar får eit likeverdig høve til å meistre sitt eige språk.

  • Regjeringa vil sørgje for at dei overordna språkpolitiske prinsippa blir følgde opp i utviklinga av innhaldet i barnehagen, skulen og lærarutdanninga, og vareta prinsippa i norsk språkpolitikk i språkopplæring og språkstimulering.

  • Regjeringa vil utarbeide forslag til revidert opplæringslov. Forslaget byggjer på NOU 2019: 23 Ny opplæringslov. Omsynet til dei språklege rettane til elevane vil vere eitt av fleire viktige tema. Oppfølginga vil vere i tråd med dei overordna prinsippa for språkpolitikken slik dei kjem til uttrykk i den nye språklova.

  • Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring i 2021.

  • Regjeringa vil leggje fram forslag til ny integreringslov.

  • Regjeringa tek sikte på å innføre ei plikt for kommunen til å observere og vurdere alle barn før skulestart for å kunne identifisere dei som treng nærare kartlegging av norskkunnskapane sine.

  • Regjeringa vil arbeide for at elevar med innvandrarbakgrunn styrkjer norskferdigheitene sine, mellom anna gjennom meir bruk av tospråkleg fagopplæring med støtte frå løysinga med nettbasert opplæring.

  • Regjeringa vil leggje til rette for utvikling av kvalitetskriterium for val av læremiddel i norskfaget.

  • Regjeringa vil styrkje teiknspråk i barnehage og skule gjennom ei tidsavgrensa stimuleringsordning som skal leggje til rette for at barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular kan gje opplæring i teiknspråk til ei større gruppe av barn og unge.

  • På bakgrunn av erfaringane frå forsøk vil regjeringa vurdere om teiknspråk skal innførast som valfag i ungdomsskulen.

  • Språkrådet har eit særleg ansvar for å bidra til sektorovergripande implementering av språkpolitikken. Regjeringa forventar at Språkrådet og dei sentrale organa på utdanningsområdet samarbeider vidare om oppfølging av språkpolitikken på opplæringsfeltet.

8 Språk i forsking og høgare utdanning

8.1 Innleiing

Språk og språkbruk i forsking og høgare utdanning har stor innverknad på språkutviklinga elles i samfunnet. Forskinga utviklar ny kunnskap om verda vi lever i, og dermed ofte nye omgrep. Mykje av det språket vitskapen brukar i denne kunnskapsutviklinga, blir ein del av språket på andre samfunnsområde, til dømes i politisk debatt, medium, næringsliv, kultur og kvardagsliv. Forsking og høgare utdanning er tradisjonelt forbundne med høg sosial prestisje, dette kan også bidra til å auke den innverknaden akademisk språkbruk har på andre samfunnsområde.

At den offentlege debatten går føre seg på norsk, legg til rette for at fleire får høve til å delta, påverke og utvikle kunnskapane sine. Dersom debatt om faglege spørsmål skulle gå føre seg på eit språk som berre dei med lang utdanning meistrar, ville store delar av samfunnet miste høvet til å debattere og følgje med på viktige samfunnsspørsmål.

Gjennom høgare utdanning blir språkbruken til profesjonsutøvarar og arbeidstakarar i nær sagt alle sektorar forma. Språkbruken og fagterminologien studentane får med seg gjennom høgare utdanning, pregar ikkje berre arbeidsplassane når dei kjem ut i arbeidslivet, men får også følgjer for dei som brukar varer og tenester frå desse verksemdene. Ein lege må sjølvsagt kunne den medisinske fagterminologien og halde seg oppdatert på faget i internasjonale tidsskrift. Ho eller han må likevel kunne snakke om helse og sjukdom på norsk med den norske pasienten slik at pasienten blir opplyst og kjenner seg trygg. På same måte må kunderådgjevarar i sektorar som bank og forsikring snakke til kundane på eit språk som dei forstår. Dersom språket er uklart eller er prega av mange utanlandske faguttrykk, er det fare for at kundane ikkje forstår kva dei kjøper, eller at dei føler seg framandgjorde. Undersøkingar viser at aktørane i arbeidslivet veit kor viktig språk er, og at arbeidsgjevarar er opptekne av språkkompetanse ved tilsetjingar.

Det at det akademiske språket påverkar samfunnet i så stor grad, er éin viktig grunn til å diskutere språk og språkbruk i denne sektoren. Ein annan grunn er at språk er avgjerande for primæroppgåvene innan forsking og høgare utdanning. Forsking og undervisning på dette nivået er særs kompliserte og spesialiserte oppgåver med høge krav til grundig og presis språkleg kommunikasjon. Val som gjeld språkbruk ved universiteta og høgskulane, er dermed avgjerande for kvaliteten på forskinga og undervisninga. Det omfattar til dømes val av språk for publisering, undervisning og formidling, kompetansekrav og opplæring i språk og kva system som finst for utvikling av fagspråk og terminologi. Dersom språkkompetansen i forsking og undervisning er for dårleg, er ikkje problemet først og fremst dei små feila i uttale, rettskriving, grammatikk, idiomatiske uttrykk osb., men at uttrykkskrafta og presisjonen i språkbruken blir for svak. Det vil i mange tilfelle hemme den faglege kvaliteten. Det ville dessutan vere eit språkleg og kulturelt tap dersom det norske fagspråket ikkje vart utvikla parallelt med kunnskapsutviklinga, og dersom språket ikkje lenger kunne nyttast på alle område og i framstillingar om alle tema.

8.2 Status

Eit av siktemåla bak innsatsen for å etablere eit universitet i Christiania i 1811 var at landet skulle få embetsmannsutdanningar som var baserte på og relevante for norske forhold. Ein såg tidleg den kulturelle og språklege verdien av å ha eit norsk universitet.

Samtidig som forsking ofte blir publisert på eit framandspråk – tysk før andre verdskrigen og engelsk sidan – har undervisninga i høgare utdanning tradisjonelt vore på norsk.

Bruken av språk vart drøfta i førebuingane til den første heilskaplege lova om høgare utdanning, det vil seie den første lova som skulle gjelde både universitet og høgskular, i NOU 1993: 24 Lov om universiteter og høgskoler. Med bakgrunn i «det særlige ansvar institusjonene har for å opprettholde denne siden av norsk kultur», vart det føreslått å innføre ei lovføresegn om norsk som undervisningsspråk. Utvalet var oppteke av at vern av norsk språk og kultur er ei viktig oppgåve for dei høgare utdanningsinstitusjonane, og at reglane dei føreslo, skulle tolkast strengt, jf. denne presiseringa i merknadene til lovframlegget i NOU-en:

«I kravet om at norsk ‘til vanlig’ er undervisningsspråk, ligger at det skal foreligge en særlig begrunnelse for å fravike dette.»

Samtidig viste utvalet til at det kunne vere gode grunnar for å vike frå prinsippet om norsk som undervisningsspråk. Det kunne til dømes grunngjevast med innhaldet i faget (at det er eit språkfag, eller at det krev studium av dokument på originalspråket), med at faget har utanlandske gjesteforskarar eller faglærarar, eller med at fagtilbodet har ein internasjonal profil og mange utanlandske studentar.

På bakgrunn av dette vart føresegna «[u]ndervisningsspråket er til vanlig norsk» teke inn i universitets- og høgskulelova av 1995 som § 2 nr. 7. Føresegna vart oppheva allereie i 2002, med denne grunngjevinga i Ot.prp. nr. 40 (2001–2002):

«Nr. 7 i gjeldende lov om at undervisningsspråket til vanlig skal være norsk er opphevet, fordi bestemmelsen kunne oppfattes som et hinder for at utdanningsinstitusjonene bygger opp sitt fagtilbud på andre språk og ivaretar sitt ansvar for internasjonalisering av norsk utdanning og forskning. Dette innebærer ingen endring i det ansvaret utdanningsinstitusjonene har for å styrke norsk språkkultur og for å bevare og videreutvikle norsk fagterminologi. Samisk høgskole har et tilsvarende ansvar for samisk språk.»

Grunnen til at føresegna vart oppheva, var med andre ord internasjonaliseringspolitikken i kvalitetsreforma og det at føresegna vart sett på som eit hinder for tilrettelegging av internasjonalt samarbeid. Føresegna vart sett på som eit hinder både for studentutveksling – særleg med tanke på utforming av tilbod til innreisande utanlandske utvekslingsstudentar – og for moglegheitene til å tilsetje internasjonalt fagpersonale. Proposisjonen framheva likevel det ansvaret som universiteta og høgskulane har for å styrkje og vidareutvikle norsk språkkultur og fagspråk.

Spørsmålet om språkbruk i høgare utdanning vart på nytt teke opp i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Meldinga peika på forsking og høgare utdanning som den sektoren som «reint strategisk er viktigast for å tryggja stillinga for norsk språk som eit komplett, samfunnsberande nasjonalspråk». Som ei oppfølging av denne meldinga vart det igjen teke inn ei føresegn om språk i universitets- og høgskulelova, med denne grunngjevinga:

«Universitets- og høyskoleloven har i dag ikke bestemmelser om institusjonenes ansvar for norsk fagspråk. I St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining – Ein heilskapleg norsk språkpolitikk vises det til at et overordnet mål for en norsk språkpolitikk er å sikre det norske språkets posisjon som et fullverdig, samfunnsbærende språk i Norge. På bakgrunn av dette […] har departementet foreslått en ny lovbestemmelse om at universiteter og høyskoler skal ha ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk. Det understrekes i denne sammenheng at arbeidet med å utvikle og holde levende et fullverdig vitenskapelig fagspråk på norsk peker seg ut som en språkpolitisk hovedutfordring i årene framover, og at forskning og høyere utdanning i så måte er den strategisk viktigste samfunnssektoren.»

Ot.prp. nr. 71 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.

Sidan 2009 har universitets- og høgskulelova hatt følgjande føresegn om norsk fagspråk (§ 1-7): «Universiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk.»

I førearbeida til denne føresegna heiter det at norsk som eit generelt utgangspunkt skal vere hovudspråket ved norske universitet og høgskular, samtidig som prinsippet om parallellspråklegheit skal gjelde. Førearbeida la også til grunn at ansvaret ville innebere at universitet og høgskular måtte utforme individuelt tilpassa språkstrategiar. Vidare ville arbeid med norsk terminologiutvikling, formidling og utvikling av læremiddel på norsk følgje av ansvaret. I tiåret som er gått sidan denne lovendringa, har det vore ein god del debatt om stillinga for norsk som fagspråk og om domenetap til engelsk som forskings- og undervisningsspråk. Språkrådet har følgt utviklinga gjennom fleire av sine tilstandsrapportar, og hausten 2018 la ei ekspertgruppe nedsett av Språkrådet fram rapporten Språk i Norge – kultur og infrastruktur, der eit eige kapittel tek føre seg forsking og høgare utdanning. I tillegg følgjer Kunnskapsdepartementet situasjonen heile tida ved hjelp av data innhenta frå institusjonane.

Når det gjeld forsking, har utviklinga det siste tiåret stadfesta at engelsk tek over for norsk som dominerande publiseringsspråk i dei fleste faga. Nær 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar i 2017 var på engelsk, medan om lag ti prosent var på norsk.

Forskingsrådet, Indikatorrapporten 2018.

Andre språk utgjorde berre éin prosent. På dei største universiteta er engelsk endå meir dominerande. På NTNU var berre fem prosent av publikasjonane på norsk. På Universitetet i Bergen var det sju prosent, på Universitetet i Oslo åtte prosent. Når det gjeld doktorgrad, er det i dag om lag ti prosent som skriv på norsk, og under éin prosent som skriv på nynorsk. Det mest tydelege utviklingstrekket dei siste åra er at bruken av norsk som publiseringsspråk har gått markant ned, òg i humanistiske og samfunnsvitskaplege fag.

I høgare utdanning er tendensen den same, men her er norsk framleis det dominerande språket. Talet på framandspråklege emne har auka frå 13,3 prosent i 2009 til 23,1 prosent i 2018.

Diku, Tilstandsrapport for høyere utdanning 2019, Vedlegg.

Sidan språkfaglege emne ikkje er med i desse tala, kan vi gå ut frå at nesten alle desse framandspråklege emna har undervisning på engelsk. Dette inneber altså at undervisninga framleis skjer på norsk i over tre av fire emne. Samtidig er det grunn til å merkje seg den raske endringa. På eit tiår er engelskmengda om lag dobla. Det er derfor naudsynt å følgje utviklinga nøye i åra som kjem, mellom anna gjennom forbetra statistikk.

Når det gjeld forholdet mellom bokmål og nynorsk, er det fleire indikasjonar på at nynorsk er klart meir marginalisert enn bokmål i høgare utdanning i dag. Rapporten Språk i Norge (2018) peikar til dømes på at berre to prosent av masteroppgåvene blir skrivne på nynorsk, medan bokmålsdelen ligg på 54 prosent.

8.2.1 Kva er grunnen til denne utviklinga?

Som Språkrådet framhevar i tilstandsrapporten Språkstatus 2017, er det i dag «brei semje om at forskarane sjølve må velje fritt kva språk dei vil publisera på». Vala som forskarane tek, er prega av at moderne forsking i aukande grad er ei global verksemd. Det inneber mellom anna at norske forskarar i dei aller fleste fag er avhengige av å publisere i internasjonale kanalar for å få forskingsresultata sine vurderte av eit breiast mogleg miljø av fagfellar. Berre ved å eksponere seg for og måle seg mot den internasjonale forskingsfronten kan norsk forsking oppnå høg kvalitet. Språkrådet konkluderer i Språkstatus 2017 med at dette er bakgrunnen for at engelsk er vorte det dominerande publiseringsspråket også i Noreg – «sidan fagmiljøa mest alltid er internasjonale, og engelsk er det språket som rekk ut til flest på mest alle forskingsfelt».

Det er ikkje berre publiseringspraksisen som blir meir internasjonal. Også dei vitskapleg tilsette og studentane sjølve flyttar seg over landegrensene. Vi har ikkje noko heilt ferskt oversyn over kor mange av dei vitskapleg tilsette ved norske universitet og høgskular som har utanlandsk bakgrunn, men i 2014 var det om lag 25 prosent.

Hebe Gunnes, Mer mangfoldstatistikk. Statistikk om innvandrere og etterkommere av innvandrere i norsk forskning og høyere utdanning. Revidert utgave. NIFU, 2017.

Talet varierte, frå 17 prosent i samfunnsvitskapane til 45 prosent i matematiske og naturvitskaplege fag. Det har òg vore ein relativt sterk auke i talet på doktorgradsstipendiatar med utanlandsk statsborgarskap, frå 13 prosent i 2000 til 42 prosent i 2018.

Diku, Tilstandsrapport for høyere utdanning 2019, Vedlegg.

Om lag den same variasjonen gjer seg gjeldande mellom fagområda her.

Det er ikkje så mange utanlandske gradsstudentar ved norske lærestader. Dei siste ti åra har talet lege mellom tre og fire prosent.

Same stad.

I tillegg kjem utvekslingsstudentar og andre som er på kortare studieopphald.

Det har vore ein auke av desse frå litt over 5000 i 2009 til nærare 9000 i 2018, men som del av studentmassen er dei inga stor gruppe. Same stad.

Omsynet til utanlandsstudentane og ønsket om å trekkje til seg fleire av desse studentane har nok ført til at det engelskspråklege undervisningstilbodet har auka dei siste ti åra. Men sidan utanlandsstudentar framleis er ei relativt lita gruppe samanlikna med den store norskspråklege studentgruppa, er dette neppe heile forklaringa på den sterke auken i bruken av engelsk som undervisningsspråk. Det er nærliggjande å tenkje seg at to andre faktorar kan vere medverkande. Den eine er at engelsk som dominerande forskingsspråk òg kan føre til ein preferanse for engelsk som undervisningsspråk. Den andre er at det relativt høge talet på vitskapleg tilsette og stipendiatar som har utanlandsk bakgrunn, i ein del fag kan ha innverknad på val av språk på institusjonane, ikkje berre når det gjeld publisering, men òg i undervisninga. Førebelse resultat frå ein ny studie indikerer at ein stor del av dei utanlandske tilsette opplever at forholda ikkje blir lagde til rette for at dei skal lære seg norsk dei to første åra etter tilsetjing.

Khrono: Engelsk i akademia: Møter få eller ingen krav om å lære norsk, https://khrono.no/engelsk-i-akademia-moter-fa-eller-ingen-krav-om-a-laere-norsk/426750, lasta ned 19.12.19. Artikkelen byggjer på førebelse funn frå prosjektet Norsk i akademia (NINjA) ved UiB, som har undersøkt kva plass det norske språket har blant internasjonalt tilsette ved 12 norske institusjonar. Vitskapleg publisering av funna er venta i 2020.

Om desse tilsette ikkje får god tilgang til språkopplæring og klare insentiv til å lære seg norsk, kan ein sjå føre seg at meir undervisning på engelsk blir resultatet. Men på dette området har vi i dag ikkje nok kunnskap til å vere sikre på kva mekanismar som styrer utviklinga.

8.3 Utfordringar

Engelsk som eit tilnærma universelt forskingsspråk gjer det mogleg for norske forskarar å nå ut til fagfellar over heile verda, noko som òg legg grunnlaget for breitt internasjonalt forskingssamarbeid. Dette er viktig for kvaliteten på forskinga og dermed for den evna forskinga har til å bidra til samfunnet, mellom anna i møte med store samfunnsutfordringar. Den utstrekte bruken av engelsk i akademia bidreg til å heve engelskkompetansen i befolkninga, til nytte og glede i både arbeidslivet, kulturlivet og privatlivet.

Samtidig skapar mindre bruk av norsk i akademisk arbeid ved norske universitet og høgskular ei rekkje utfordringar. Som nemnt er forsking og høgare utdanning særs viktige for utviklinga av norsk som eit samfunnsberande språk. Ein risiko ved å gå over til engelsk som dominerande forskingsspråk og bruke meir engelsk i undervisninga er at det kan føre til svak utvikling av norsk fagspråk. Dette kan vidare føre med seg auka bruk av innlånte fagomgrep frå engelsk, med fare for overflatisk forståing eller reine misforståingar. Mangel på norske fagomgrep kan òg føre til at den norskspråklege kommunikasjonen blir meir prega av forenkla uttrykksmåtar som ikkje har vore gjennom dei same kritiske analysane som vitskaplege omgrep. I ytste konsekvens vil vi rett og slett mangle norske ord og uttrykk på visse fagområde.

Ei slik språkutvikling vil kunne få negative verknader på ei rekkje samfunnsområde, særleg der forskingsbasert kunnskap er i bruk for å løyse kompliserte problem i dialog med enkeltindivid, grupper eller allmenta. Dersom debatten om dei store samfunnsproblema blir overlaten til høgt utdanna som kan det engelske fagspråket, vil det gå ut over den breie demokratiske debatten og den opplyste allmenta. Dei aller fleste kandidatane frå universitet og høgskular skal ut i eit norsk – og norskspråkleg – arbeidsliv. Her skal dei møte norsktalande kundar, klientar, pasientar, samarbeidspartnarar osb. Dei treng eit norsk fagspråk for å kunne kommunisere. Dette fagspråket må dei lære seg, også den skriftlege bruken. Det same gjeld det engelske fagspråket og eventuelt andre framandspråk som dei vil trenge i arbeidslivet.

Det er gjort svært få undersøkingar om kva verknad undervisnings- og pensumspråk har for læringseffekten til studentane. Språkrådet har fått utført ei undersøking av språket som studentane skreiv på til eksamen i eit fag der både pensum og førelesingar var på engelsk.

Marita Kristiansen (2019): Språklige utfordringer i høyere utdanning. En undersøkelse av språkbruk i eksamensbesvarelser på bachelornivå.

Dei fleste studentane valde å svare på norsk, men dei bruka i høg grad engelske faguttrykk i dei norske tekstane sine. Det er ønskjeleg med meir forskingsbasert kunnskap om dette.

I sum er det grunn til å frykte at både arbeidslivet, kulturlivet og den offentlege debatten vil bli svekte dersom norsk fagspråk ikkje blir teke vare på. Men norsk fagspråk er ikkje berre noko universiteta og høgskulane vernar om for å tene andre sektorar i samfunnet. Som nemnt er det grunn til å tru at forskarar, undervisarar og studentar med norsk som morsmål sjølv har mykje å hente på å ta vare på norsk fagspråk, i tillegg til engelsk og eventuelle andre språk. Det er velkjent at både språkleg uttrykkskraft og forståing er betre på morsmålet enn på eit framandspråk. Særleg i fag der formuleringsevne og avansert omgrepsbruk er avgjerande for kvaliteten, er det derfor uheldig om norske akademikarar mistar moglegheita til å føre faglege diskusjonar på morsmålet.

8.3.1 Mål og verkemiddel

Prinsippet om parallellspråklegheit er ei god rettesnor for språkbruk i forsking og høgare utdanning. Prinsippet har bakgrunn i eit prosjekt i regi av Nordisk ministerråd og er seinare utvikla av mellom andre Språkrådet. Prinsippet er lagt til grunn i Språkrådet sin rettleiar for språkval i universitets- og høgskulesektoren.

Språkrådet: Veiviser for språkvalg i universitets- og høgskolesektoren.

Enkelt forklart går prinsippet ut på å satse på både engelsk og nasjonalspråket i akademisk samanheng. Denne løysinga har som uttala mål å fungere som eit kompromiss: «Strategien parallellspråksbruk inneber ein mellomposisjon som er meint å byggja ned dei skarpe frontane mellom dei som kjenner sterk uro på vegner av norsk språk, og dei som går entusiastisk inn for mest mogleg engelsk.»

St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining, side 98.

Som nemnt over slår universitets- og høgskulelova i dag fast at «[u]niversiteter og høyskoler har ansvar for vedlikehold og videreutvikling av norsk fagspråk». I førearbeida til den nye føresegna står det at endringane i lova ikkje var meinte å leggje til rette for at engelsk skulle fortrengje norsk:

«Parallellspråklighet innebærer at engelsk, eller et annet fremmedspråk, kan brukes når det tjener et formål, inkludert opplæring og praktisk språktrening. Videre innebærer det at det må unngås ureflektert og automatisk bruk av engelsk, og den positive symbolfunksjonen som engelsk nyter godt av, bidrar til å fortrenge bruk av norsk når dette er det mest naturlige og hensiktsmessige språkvalget.»

Ot.prp. nr. 71 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 1. april 2005 nr. 15 om universiteter og høyskoler.

Regjeringa meiner det er gode grunnar til å halde fast ved denne forståinga av prinsippet om parallellspråklegheit ved norske universitet og høgskular. Det språkpolitiske målet om å ta vare på norsk som samfunnsberande språk må sikrast også ved at universiteta og høgskulane har eit lovpålagt ansvar for norsk fagspråk og følgjer opp dette ansvaret. Norsk, både bokmål og nynorsk, står i ei særstilling blant språkfaga fordi ein ikkje kan vente at forskarar i andre land vil sikre den faglege utviklinga for oss. Det same gjeld norsk kultur og historie meir generelt. Her er det altså nødvendig med særskild merksemd.

8.3.2 Bruk av engelsk

Prinsippet om parallellspråklegheit seier at det skal leggjast til rette for bruk av engelsk når det er gode faglege grunnar til det. Dette heng òg saman med dei ambisjonane regjeringa og institusjonane har når det gjeld internasjonalisering for å styrkje kvaliteten på norsk forsking og høgare utdanning.

Ein viktig føresetnad for å kunne realisere det potensialet som ligg i internasjonaliseringa, er at kompetansen i akademisk engelsk må styrkjast. Samanlikna med innbyggjarar i mange andre land har den norske befolkninga generelt gode ferdigheiter i engelsk, og norske akademikarar har ofte høgare språkkompetanse enn befolkninga elles. Men vi veit at vi har ein tendens til å overvurdere engelskferdigheitene våre, og at mange ikkje er førebudde på dei høge krava til kompetanse i akademisk engelsk i internasjonale studieprogram og forskingssamarbeid over landegrensene.

Regjeringa har ein ambisjon om at 50 prosent av norske studentar skal ha eit opphald i utlandet i løpet av studietida, mellom anna for å heve den internasjonale kompetansen og språkkompetansen blant norske studentar. For å realisere denne ambisjonen tek regjeringa sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om internasjonal studentmobilitet i løpet av 2020. Målet er at halvparten av studentane skal reise ut, men det er viktig å sikre ein internasjonal komponent i studiet òg for dei som ikkje kan reise ut. Ein slik internasjonal komponent kan studentane få til dømes ved å følgje undervisning på engelsk i eit semester saman med internasjonale studentar, ved at universitet og høgskular nyttar internasjonale forskarar i undervisninga osb.

For å trekkje til seg internasjonale studentar må norske universitet og høgskular ha eit godt og variert studietilbod på engelsk. Samtidig må norske institusjonar vere medvitne om val av undervisningsspråk slik at dei får ein god balanse mellom norsk og engelsk. Norske universitet og høgskular må i språkstrategiane sine ha ei gjennomtenkt tilnærming til kva for emne som blir underviste på norsk og på engelsk.

8.3.3 Lovregulering av ansvar for norsk fagspråk

Eit regjeringsoppnemnt utval har nyleg gått gjennom universitets- og høgskulelova, der ansvaret for norsk fagspråk er regulert som nemnt ovanfor. Utvalet leverte innstillinga si med forslag til ein ny lovtekst til Kunnskapsdepartementet i januar 2020, jf. NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler. Arbeidet skal følgjast opp gjennom ein ordinær høyringsrunde og ein proposisjon til Stortinget om ny universitets- og høgskulelov. Spørsmålet om korleis ein skal lovregulere ansvaret for norsk fagspråk ved universitet og høgskular, vil bli vurdert i samband med dette arbeidet. Regjeringa tek sikte på at lovproposisjonen skal leggjast fram for Stortinget våren 2021.

8.3.4 Andre verkemiddel for å styrkje norsk fagspråk

Det meste av arbeidet for å nå måla som er omtala ovanfor, må gjerast ved universiteta og høgskulane. Institusjonane har allereie lange tradisjonar for språkforsking, språkundervisning og språkrøkt. Nasjonalspråkfilologiane har røter tilbake til 1800-talet, og dei er seinare vortne supplerte av språk- og kulturfag som til dømes lingvistikk, leksikografi, forsking på skriftkunne (literacy) osb. Nordiskfaget har stått i sentrum for mykje av dette, ikkje minst på grunn av koplinga til norskfaget i grunnopplæringa. Skal vi lukkast med å ta vare på norsk som eit livskraftig språk på ulike kunnskapsområde, er vi avhengige av kompetansen og engasjementet til desse fagmiljøa rundt om i landet.

Norske universitet og høgskular er pålagde å ha eigne språkstrategiar, mellom anna med støtte i ein rettleiar som Språkrådet har utarbeidd saman med UH-sektoren. Etter at statistikken over språkbruken innan forsking og høgare utdanning synte ein ytterlegare auke i bruken av engelsk dei siste åra, også på fagområde der norsk tradisjonelt har stått sterkt (som humaniora og samfunnsvitskap), minte Kunnskapsdepartementet i tildelingsbreva for 2019 om at institusjonane har ansvar for å ta vare på og vidareutvikle norsk fagspråk. Institusjonane vart samstundes bedne om å følgje utviklinga og vurdere behovet for tiltak. Kunnskapsdepartementet vil i sin tur følgje opp dette mellom anna ved ein gjennomgang av språkstrategiane til institusjonane i løpet av 2020. Gjennomgangen vil gje grunnlag for å vurdere om det er naudsynt med tiltak frå sentralt hald.

I Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge omtala regjeringa situasjonen for norsk fagspråk og framheva at det vil vere nødvendig å ha merksemd kring språkspørsmålet i åra framover. Av nasjonale tiltak i meldinga med relevans for dette spørsmålet kan ein særleg trekkje fram økonomisk støtte til ei konsortieordning som skal sikre open tilgang til gode fagtidsskrift på norsk i humaniora og samfunnsvitskap. Ordninga vart godt motteken og har vekt positiv interesse internasjonalt. Om lag 25 norskspråklege tidsskrift får støtte gjennom ordninga. Desse tidsskrifta er viktige for fagutviklinga i ei rekkje fag og for det offentlege ordskiftet. I samsvar med tiltaket i humaniorameldinga blir ordninga no vurdert av ei faggruppe som blir leia av Unit. Gruppa skal vurdere om ordninga bør vidareførast, endrast eller leggjast ned. Tilrådinga skal sendast Kunnskapsdepartementet og Noregs forskingsråd våren 2020.

I tillegg vart det som oppfølging av meldinga nedsett ei ekspertgruppe som skulle vurdere særskild finansiering av utsette humaniorafag. Som meldinga gjer greie for, kan dette mellom anna ha relevans for mindre språkfag. Ekspertgruppa vart leia av professor Einar Lie, og gruppa leverte rapporten sin til Kunnskapsdepartementet hausten 2019. Det viktigaste forslaget i rapporten er det ekspertgruppa kallar ei «beredskapsordning» for humanistiske fag på masternivå som det klart er behov for i samfunnet, men som er nedleggingstrua i den tydinga at dei er føreslått nedlagde på den siste norske institusjonen som har faget. Rapporten vart send på høyring med frist i februar 2020. Kunnskapsdepartementet arbeider for tida med å gå gjennom dei mange høyringssvara og vil kome tilbake med vurderingar av behovet for tiltak på området.

Ein viktig føresetnad for å halde oppe eit godt norsk fagspråk er at det blir skrive og publisert læremiddel på norsk til bruk i høgare utdanning. Slik blir studentane fortrulege med norske fagtermar og lærer seg korleis faglege spørsmål kan drøftast på morsmålet. For å leggje til rette for dette har Kunnskapsdepartementet sidan 1984 finansiert ei støtteordning for produksjon av læremiddel på norsk som svar på den stadig sterkare konkurransen frå engelskspråklege læremiddel. Ordninga vart evaluert i 2016. Konklusjonen var at ordninga fungerte etter føremålet, og ordninga vart tilrådd vidareført på om lag same nivå. Denne evalueringa har vore utgangspunktet både for drøftinga av temaet i humaniorameldinga og for løyvingane til ordninga frå Kunnskapsdepartementet i åra etterpå. Etter at ordninga i mange år hadde vore administrert av Universitets- og høgskolerådet, vart administrasjonen i 2018 flytta til det nyoppretta Diku – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning.

Som nemnt ovanfor har domenetapet til engelsk vorte meir tydeleg dei aller siste åra, noko som har ført til ein fornya diskusjon om dei verkemidla vi har for å styrkje norsk fagspråk, mellom anna ordninga for læremiddelstøtte. I tillegg har fleire reist spørsmål ved om ordninga fungerer godt nok for å sikre produksjon av læremiddel på nynorsk og samisk, språk som er under større press enn bokmål. Det er også andre forhold ved ordninga som det kan vere grunn til å sjå nærare på, til dømes kva slags utgjevingar som kan få støtte (utgjevingar med små opplag, innføringsbøker og basisutgåver, omsetjingar osb.). I lys av desse debattane vil Kunnskapsdepartementet no i samråd med Diku gå gjennom ordninga og vurdere om ho svarar på dei utfordringane vi står overfor i dag.

8.3.5 Norsk fagspråk i overgangen til open publisering

Regjeringa sitt mål om open forsking inneber at alle skal få enkel tilgang til forskingsresultat. Dette vil styrkje både forskingskvaliteten og bruken av forskingsresultata i samfunnet.

Stortinget slutta seg til målet om open publisering første gong i 2005 og har stadfesta tilslutninga fleire gonger. I 2017 la regjeringa fram dokumentet «Nasjonale mål og retningslinjer for åpen tilgang til vitenskapelige artikler». Målet til regjeringa er dette:

«[…] innen 2024 skal alle norske vitenskapelige artikler finansiert av offentlige midler være åpent tilgjengelige. Norge skal være en pådriver for at alle vitenskapelige artikler finansiert av offentlige midler skal gjøres åpent tilgjengelig fra publiseringstidspunktet.»

Granavollplattforma slår fast at regjeringa vil «[g]jere forskinga meir tilgjengeleg ved å stimulere til opnare forskingsformidling og meir opne data».

Samtidig må det norske fagspråket sikrast i overgangen til open forsking. I Noreg er det over tid etablert eit velfungerande, men sårbart kollektivt system for framstilling av gode norskspråklege fag- og lærebøker. Denne publiseringa på morsmålet er viktig for utdanning, kompetanseheving, livslang læring og ein opplyst offentleg samtale. Aktørane i dette kollektive systemet har vore uroa for at kravet om open publisering på utilsikta vis kan kome til å undergrave slik publisering på norsk. Dei har særleg vore uroa for krava som følgjer av den såkalla Plan S. Derfor er det viktig å slå fast at nedslagsfeltet for Plan S er snevert, og at Plan S-krava ikkje utgjer nokon fare for utarbeidinga av faglitterære bøker på norsk.

Plan S er eit internasjonalt initiativ som vart lansert i september 2018. Målet er å gjere all offentleg finansiert forsking ope tilgjengeleg. Dei deltakande forskingsfinansiørane vil frå og med 2021 krevje at alle fagfellevurderte vitskaplege artiklar som er resultat av forsking dei finansierer, skal vere fritt tilgjengelege på nettet frå publiseringstidspunktet.

Plan S-finansiørane krev at publikasjonar dei har finansiert, skal publiserast med ein open lisens. Creative Commons Attribution License CC-BY er føretrekt. Denne lisensen lèt andre aktørar dele og omarbeide verket på visse vilkår. Når det er gode grunnar til det, tillèt Plan S-finansiørane også lisensar som gjev høve til bruk, men som set strengare grenser for omarbeiding og kreditering ved vidarebruk. Finansiørane tillèt ikkje bruk av CC-BY-NC (ikkje-kommersiell vidarebruk). Grunnen er at dei ønskjer at innovasjonspotensialet som ligg i forskingsresultata, skal kunne utnyttast i størst mogleg grad, også i kommersielle samanhengar. Finansiørane peikar på at dette er viktig for å kunne drive storskala tekst- og datautvinning ved hjelp av moderne teknologi, til dømes i legemiddelindustrien eller i digitale humaniora. Tilgang til nok opne språklege ressursar er viktig om ein skal kunne lage gode omsetjingstenester, talesyntese, talestyring, informasjonsbehandlings- og analysesystem osb.

Blant viktige aktørar i det nemnde kollektive krinsløpet for fag- og lærebøker er Kopinor, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, Fagpressen og Den Norske Forleggerforening, saman med Universitets- og høgskolerådet og KS. Kopinor forvaltar rettar til rettshavarar og utgjevarar i til saman 22 medlemsorganisasjonar. Frå bruk av rettsverna materiale i høgare utdanning vart det i 2018 fordelt 51,3 mill. kroner i kollektivt vederlag til norske rettshavarar. Desse vederlagsmidlane blir i stor grad bruka til forfattarstipend frå Det faglitterære fond, som Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening forvaltar, til framstilling av nye, norskspråklege bøker.

Kopinor forvaltar opphavsrettane på grunnlag av fullmakter som er gjevne i vedtektene til medlemsorganisasjonane, og med støtte i reglane om avtalelisens i åndsverklova. Fullmaktene er ikkje eksklusive. Det vil seie at dei vil vike for andre avtalar som blir inngått direkte mellom rettshavar og brukar. Eit døme på slike avtalar er abonnementsavtalar som universitet og høgskular inngår med forlaga om digitale tidsskrift og e-bøker. I desse abonnementsavtalane betalar forskingsinstitusjonane direkte til forlaga på førehand for å gje forskarar og studentar løyve til å bruke dei vitskaplege artiklane og e-bøkene fritt. Dermed kan ikkje Kopinor krevje vederlag for bruken; det ville bety at institusjonane måtte betale to gonger. På grunn av slike avtalar har Kopinor i dag inga vesentleg rolle når det gjeld vederlag for bruk av digitale tidsskriftartiklar og e-bøker på universitet og høgskular. Eit anna døme på slike avtalar er Creative Commons-lisensane, der rettshavar seier frå seg retten til vederlag. Kopinor kan heller ikkje i desse tilfella krevje vederlag for bruken. Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening har til no valt å ikkje bruke framstilling av publikasjonar med ein Creative Commons-lisens som grunnlag for utbetaling av stipend eller anna form for støtte.

Det er med andre ord mange år sidan Kopinor har kunna krevje vederlag for bruk av vitskaplege artiklar på universitet og høgskular (anten dei blir publiserte med Creative Commons-lisens eller ikkje). Derfor er det ikkje open publisering av artiklar som har uroa aktørane i det kollektive systemet for norske fag- og lærebøker mest, men spørsmålet om kva som vil skje framover når det gjeld bøker, for bruk av bokutdrag er sentralt for rettsforvaltninga deira. Det som særleg har uroa Kopinor og dei andre, er at Plan S-finansiørane planlegg å utvide kravet om open tilgang og bruk av Creative Commons-lisensar til også å gjelde fagfellevurderte forskingsmonografiar og -antologiar om nokre år. Det er derfor viktig å klargjere kva ein fagfellevurdert vitskapleg publikasjon er, og gjennom det slå fast at Plan S-krava ikkje vil gjelde det meste av det vi til vanleg tenkjer på som faglitteratur på norsk.

Rapporteringsinstruksen til Norsk vitskapsindeks set krav til kva som blir rekna som ein fagfellevurdert vitskapleg publikasjon. Plan S-krava gjeld ikkje og er ikkje planlagde å gjelde for bøker som ikkje skal rapporterast til Norsk vitskapsindeks. Lærebøker skrivne spesifikt til undervisningsføremål og bøker retta mot allmennmarknaden er mellom kategoriane som ikkje tel som vitskaplege monografiar eller antologiar. Det same gjeld populærvitskaplege bøker, sakprosa m.m.

Dei aller fleste faglitterære bøkene som kjem ut i Noreg, er ikkje vitskaplege originalarbeid, men lærebøker eller kunnskapsoppdateringar baserte på allereie publisert materiale. Desse bøkene er gjerne retta mot studentar eller ei breiare allmente. Slike bøker fell altså utanfor krava i Plan S. Plan S-krava om open tilgang og bruk av Creative Commons-lisensar på fagfellevurderte vitskaplege publikasjonar er derfor ikkje nokon fare for utarbeidinga av faglitterære bøker på norsk.

8.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Regjeringa vil vurdere korleis ein best kan regulere ansvaret for norsk fagspråk som institusjonane har, i forslaget til ny universitets- og høgskulelov, som regjeringa tek sikte på å leggje fram for Stortinget våren 2021.

  • Regjeringa vil vurdere forslaga frå Lieutvalet om særfinansiering av utsette humaniorafag i lys av høyringsrunden og kome med framlegg om tiltak.

  • Regjeringa vil gå gjennom språkstrategiane ved universiteta og høgskulane og vurdere behov for tiltak for å sikre norsk fagspråk.

  • Regjeringa vil gå gjennom tilskotsordninga for læremiddel i høgare utdanning i samråd med Diku og vurdere om det er behov for endringar i lys av den aktuelle språksituasjonen.

  • Regjeringa vil be universiteta og høgskulane bidra til å sikre at masteroppgåver og andre omfattande, sjølvstendige arbeid på dette nivået som ikkje blir skrivne på norsk eller samisk, skal ha samandrag på norsk eller samisk.

  • Regjeringa vil forbetre statistikken for undervisningsspråk og pensumspråk gjennom sentral datafangst.

9 Språkvitskaplege disiplinar

9.1 Innleiing

Regjeringa vil bidra til å sikre norsk som eit velfungerande og brukande språk no og i åra som kjem. Befolkninga skal ha god tilgang til oppdatert og kvalitetssikra kunnskap og informasjon om rettskriving og språk, basert på solid dokumentasjon av den språklege tradisjonen og av korleis språket blir bruka i samtida. Ein slik dokumentasjon er eit nødvendig grunnlag for språkforsking og opplæring, og for Språkrådets arbeid med normering av språket er slik dokumentasjon avgjerande. Eit godt normert skriftspråk legg grunnlag for klar og god kommunikasjon. Ei kontinuerleg utvikling av norsk fagspråk og terminologi må til for å sikre norsk som eit språk som kan nyttast på alle samfunnsområde. Forskingsbasert kunnskap om språket og språkutviklinga skal liggje til grunn.

Det knyter seg sterk folkeleg interesse til ord og namn i språket. Forsking på den nasjonale kulturarven har betydning for sjølvforståing, sjølvrefleksjon og sjølvkritikk. Norsk er ein del av verdas språklege kulturarv, og i verdssamanheng er det berre Noreg og norske styresmakter som må kunne ventast å ta vare på norsk språk. Det inneber at det norske samfunnet må sikre ein språkleg infrastruktur for norsk. Døme på infrastrukturelle språktiltak for norsk vil vere å sikre tilgang til ordbokverk som dokumenterer nynorsk og bokmål og gjev informasjon om bruk av språket, å leggje grunnlag for effektiv normering av skriftspråket, å verne stadnamn som kulturhistoriske minne og å styrkje norsk fagspråk ved å utvikle norskspråkleg terminologi.

Forsking og utdanning innanfor fagfelta leksikografi, namnegransking og terminologi handlar såleis ikkje berre om å sikre norsk språk som kulturobjekt, men om å leggje til rette for effektiv kommunikasjon innanfor alle samfunnsområde, til gode for alle innbyggjarane i Noreg. Faga har med andre ord direkte nytteverdi for det norske språksamfunnet. På same måte som andre infrastrukturtiltak vil språklege infrastrukturtiltak kunne bidra til meir samarbeid, vekst og effektivisering.

Dei leksikalske faga har fått fornya og forsterka samfunnsrelevans i kraft av å vere kjerneressursar for gjennomføringa av det digitale skiftet. Fagdisiplinar som terminologi og leksikografi utgjer grunnforsking for det arbeidet som skjer i offentleg sektor med omgrepsharmonisering og behandling av språkdata til bruk i kunstig intelligens og språkteknologi, jf. punkt 6. Språkteknologi er eit fag i møtepunktet mellom lingvistikk og informatikk. Utvikling av språkteknologi på norsk med høg kvalitet er avhengig av at det finst datalingvistar med solid kompetanse i norsk språk.

9.2 Status

Innsamling av språklege data har vore støtta av norske styresmakter sidan 1800-talet. Språksamlingane som ligg til grunn for dei store ordbokprosjekta Gammelnorsk ordbokverk, Det norske litterære ordboksverk og Nynorsk ordboksverk, hadde utgangspunkt som private initiativ og dugnadsprosjekt med offentlege tilskot som finansieringskjelde heilt sidan 1920-åra.

Laurits Killingbergtrø: Ord i bok, tale og database: Nasjonal ordboksverksemd ved UiO. Publisert 12. januar 2015. Henta frå: https://www.muv.uio.no/uios-historie/fag/humaniora/sprak/nasjonal-ordboksverksemd-ved-uio.html.

Det var tett samband mellom desse dokumentasjonsinitiativa og Universitetet i Oslo, og i 1972 vart dei tre verksemdene integrerte i universitetet gjennom opprettinga av Norsk leksikografisk institutt. Integreringa i universitetsorganisasjonen kom til som eit resultat av Stortingets behandling av Vogtkomiteens innstilling om språksaka

Innstilling om språksaken fra Komitéen til å vurdere språksituasjonen m.v. oppnevnt ved kongelig resolusjon 31. januar 1964.

og av eit uttrykt behov for sikker og langsiktig tilgang til kunnskap om norsk språk. Alle større språksamlingar som finst i Noreg, er i praksis oppbygde av det offentlege, men eigarskap og forvaltningsansvar har til dels vore privat, dels knytt til språkvitskaplege miljø ved universiteta eller også skilde ut frå universiteta.

Nokre av dei viktigaste språkressursane i landet er i dag del av samlingsporteføljen til Universitetet i Bergen, lokalisert ved universitetsbiblioteket. Språksamlingane er ein omfattande dokumentasjon av norsk språk frå gammalnorsk og norrønt, til bokmål, nynorsk, stadnamn og dialektar. Materialet finst i form av både opptak, transkripsjonar og kart. Samlingane er ein viktig vitskapleg ressurs til bruk i ordbokarbeid, stadnamngransking og dialektgransking. Språksamlingane omfattar både eldre fysisk materiale og elektronisk språkleg materiale (både digitalisert og digitalt utvikla). Universitetet i Bergen og Språkrådet sin visjon for språksamlingane er at dei skal vere ein levande infrastruktur for norsk språk. Infrastrukturen skal vere mest mogleg open og tilgjengeleg både for forskarar, forvaltning og alle som er interesserte i norsk språk.

Universitetet i Bergen (sist oppdatert 6. november 2018): Norsk kulturarv i skrift og tale. Henta frå: https://www.uib.no/ub/101277/norsk-kulturarv-i-skrift-og-tale.

Språksamlingane låg mellom 1972 og 2015 ved Universitetet i Oslo, men vart overførte til Bergen i 2016. Samtidig vart 6 mill. kroner flytta frå Universitetet i Oslo og lagde inn i ramma til Universitetet i Bergen. Med utgangspunkt i språksamlingane gjer Universitetet i Bergen ei viktig oppgåve med å sikre samfunnet tilgang til ordbøker og annan språkleg dokumentasjon.

9.2.1 Leksikografi

Leksikografi handlar om å studere og skildre ordforrådet i språket. Den praktiske delen av faget resulterer i ordbøker og leksikalske oppslagsverk, medan den teoretiske delen av faget tek føre seg teoretiske og praktiske problem ved utarbeiding og bruk av ordbøker og andre oppslagsverk. Den praktiske og den teoretiske delen av faget heng tett saman.

Ordbøker og leksikalske oppslagsverk er viktig språkinfrastruktur. Leksikografisk arbeid og utarbeiding av ordbøker er ein sentral del av språkdokumentasjonen og er viktig for arbeidet med språkopplæring, betre språkbruk og større medvit om språk. Dette arbeidet har både språkpolitisk og kulturhistorisk verdi. I den digitale tidsalderen har dei leksikografiske ressursane, både språkdokumentasjonen og ordbøkene, også fått fornya og sentral verdi som kjerneressursar til utvikling av språkteknologi. Det offentlege har investert store summar i ordbokverk.

Språkrådet og Universitetet i Bergen eig Bokmålsordboka og Nynorskordboka, som gjev språkbrukarane informasjon om språknorma for bokmål og nynorsk. Ordbøkene er tilgjengelege på nettet og i ein eigen appversjon. Stadig fleire nyttar dei elektroniske utgåvene. Det vart gjort over 45 millionar oppslag i 2018. Appen vart lasta ned over 38 000 gonger det året. Drifta og vedlikehaldet av desse ressursane skjer ved Universitetet i Bergen, medan Språkrådet ser til at ordbøkene er i tråd med gjeldande rettskrivingsnormer. I 2018 starta Språkrådet og Universitetet i Bergen arbeidet med revisjon av dei to ordbøkene. Ein slik systematisk revisjon hadde ikkje vorte gjord på tretti år. Arbeidet er nødvendig for at ordbøkene skal bli supplerte med presise og oppdaterte definisjonar og relevante døme. Revisjonsprosjektet er estimert til fem år. Resultata av revisjonsarbeidet blir presenterte fortløpande. Kulturdepartementet bidreg med om lag 6 mill. kroner i året til revisjonsprosjektet.

Norsk Ordbok – ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet er det store ordbokverket for nynorsk og dei norske dialektane. Startåret for Norsk Ordbok kan setjast til 1929, då den første løyvinga til arbeidet kom frå Stortinget. I 1950 vart første hefte av ordboka gjeve ut, og i 2016 kom band 12 og sluttføringa av verket. Fram til 1972 hadde Det Norske Samlaget vore eigar av ordbokverket og stått for organiseringa av arbeidet, men i 1972 vart Norsk Ordbok og dei tilhøyrande nynorske ordsamlingane plasserte ved Universitetet i Oslo, som ein del av Norsk leksikografisk institutt. I 2002 vart ordbokarbeidet gjort til eit tidsavgrensa prosjekt med sluttlevering til 200-årsjubileet for den norske grunnlova. Prosjektet Norsk Ordbok vart finansiert av Kulturdepartementet og Universitetet i Oslo. Bidraget frå departementet var på om lag 130 mill. kroner i perioden 2002–2015. Den trykte utgåva av verket er gjeven ut av Det Norske Samlaget. Ordboka er digitalt tilgjengeleg på nett, men det er berre mogleg å søkje opp ord i alfabetstrekket i–å. Dei første banda (alfabetstrekket a–h) er berre digitalt tilgjengelege som pdf-filer. Ved Universitetet i Bergen er det sett i gang eit prosjekt for å få digitalisert heile verket, samstundes som dei eldste banda blir moderniserte og reviderte. Kulturdepartementet bidreg med ca. 2 mill. kroner i året til prosjektet.

Det Norske Akademis ordbok (NAOB) dokumenterer bokmål og riksmål frå tidleg 1800-tal og fram til i dag og er den mest omfattande dokumentasjonen av bokmål og dermed eit viktig språkpolitisk tiltak. NAOB er eit digitalt ordbokverk som byggjer på Norsk Riksmålsordbok, som vart utgjeven i fire band frå 1937 til 1957, med to tilleggsband frå 1995. Arbeidet med Norsk Riksmålsordbok starta som Det norske litterære ordboksverk, som vart påemna i 1911, men for alvor kom i gang i 1921. Det var Riksmålsvernet som var utgjevar av Norsk Riksmålsordbok. Då Riksmålsvernet og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur gjekk saman i 1981, overtok Det Norske Akademi for Språk og Litteratur ansvaret for ordboka. Akademiet samarbeidde i fleire tiår med Kunnskapsforlaget om NAOB. Frå 2007 vart det statlege bidraget til ordbokverket trappa opp slik at prosjektet kunne fullførast og lanserast som gratis ordbok på nett i 2017. Kulturdepartementet har investert om lag 80 mill. kroner i prosjektet og private kjelder om lag 20 mill. kroner. Frå 2020 står Akademiordboken AS for drifta av NAOB. Akademiordboken AS er heileigd av Det Norske Akademi for Språk og Litteratur. Kulturdepartementet har frå 2018 bidrege med om lag 2 mill. kroner i året til vedlikehald av NAOB.

9.2.2 Namnegransking

Person- og stadnamn er immaterielle kulturminne og ein del av den felles kulturarven vår. Stadnamna representerer språkleg dokumentasjon som går så langt attende i tid at det ikkje finst andre kjelder. Dette gjeld særleg ein del elvenamn og øynamn som er svært gamle. Stadnamn kan gje opplysningar om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kyrkjeleg styring, folkelege gjeremål, ordbruk osb.

Stadnamna har også ein sentral praktisk funksjon i offentlege samanhengar, ikkje berre som kulturminne. Internasjonalt er det United Nations Group of Experts on Geographical Names (UNGEGN) som arbeider for standardisering av stadnamn. Resolusjon nummer 4 frå den første konferansen i Genève i 1967 slår fast at nasjonal standardisering av stadnamn har både økonomiske og praktiske fordelar. Noreg er representert i UNGEGN.

Samfunnet har behov for klar og sikker stadfesting av objekt, formasjonar og fenomen (både i geografien og på kart). Slik blir det mogleg å forvalte eigedommar og grenser og å orientere seg og finne fram. For naudetatane kan det til dømes stå om liv og død dersom det er tvil om kva adresse dei skal rykkje ut til. Stadnamn og skrivemåten av stadnamn som er i offentleg bruk, må vere kvalitetssikra og konsistent innanfor og mellom forvaltningsnivå. Lov om stadnamn (stadnamnlova) skal sikre både det kulturhistoriske vernet og dei praktiske behova i samfunnet.

Både staten, fylkeskommunane og kommunane har oppgåver som følgjer av stadnamnlova. Oppretting av nye stadnamn (til dømes adresser) og fastsetjing av skrivemåten for eksisterande stadnamn er prosessar som går føre seg i forvaltninga på heilt regulær, dagleg basis. Stadnamntenesta i Språkrådet gjev rettleiing og tilrådingar om skrivemåten av stadnamn, namneskikk og namnsetjing. Alle statlege, fylkeskommunale og kommunale organ som skal vedta skrivemåtar av stadnamn, skal leggje saka fram for stadnamntenesta. Kartverket forvaltar oppgåver etter stadnamnlova, irekna drift, utvikling og oppdatering av Sentralt stadnamnregister (SSR). Kartverket fastset også skrivemåten på naturnamn og nedervde gards- og bruksnamn.

Alle forvaltningsnivå er avhengige av at stadnamnlova blir etterlevd, og av god saksbehandling i stadnamnsaker. Føresetnaden for dette er at det finst god dokumentasjon av stadnamn, og at stadnamnkompetansen er tilgjengeleg. Det har likevel vorte ei stor utfordring å skaffe slik kompetanse fordi det ikkje blir utdanna mastergradskandidatar innanfor namnefag og tilgrensande område. Mangelen på kvalifiserte fagfolk skapar utfordringar når det gjeld forvaltninga av kunnskapen om stadnamn som kulturminne, og i å sikre dei praktiske omsyna ved stadnamnlova. Denne utfordringa er også er omtala i Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge.

Namnegransking som fagleg disiplin stod for eit par tiår sidan sentralt i morsmålsfaget. I dag finst det ikkje faste studietilbod i namnegransking ved norske universitet, og knapt nok tilsette ved institusjonane som har namnegransking som ei sentral oppgåve. I Danmark, til samanlikning, er fagfeltet både internasjonalt og teoristerkt og samhandlar tverrfagleg med andre disiplinar.

Kulturdepartementet uttrykte i Prop. 65 L Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.) sterk uro for nedbygginga av dei språkvitskaplege miljøa som har sikra rekruttering av nødvendig kompetanse i forvaltninga av stadnamnlova. Situasjonen er så akutt for forvaltning av stadnamna at Kulturdepartementet fann det nødvendig i lovendringa å omorganisere stadnamntenesta. Medan stadnamnlova tidlegare knytte stadnamntenesta til fem universitetsregionar, var det no nødvendig å fjerne denne tilknytinga og heller formalisere Språkrådet som tilrådingsorgan også i stadnamnsaker. I proposisjonen var argumentet å:

«[…] bøte på den nedbygginga av dei namnefaglege miljøa ved universiteta som skjer regionalt. Departementet understrekar også at den foreslåtte lovendringa ikkje vil stå i vegen for å oppretthalde t.d. eit regionalisert kontor ved Universitetet i Bergen. Det kan vere gode grunnar til å oppretthalde tilknytinga til eit sterkt vitskapleg miljø. Språkrådet har i dag fleire formaliserte samarbeidsflater med nettopp Universitetet i Bergen, fordi her er det framleis sterke språkvitskaplege miljø som korresponderer med dei oppdraga Språkrådet har på vegner av norsk språk.»

9.2.3 Terminologi

Ein grunnleggjande føresetnad for at norsk skal vere eit komplett, samfunnsberande språk, er at det kan brukast til å utveksle og formidle spesialisert kunnskap. Dette krev at det finst tilgang på norske fagord og faguttrykk – ein norsk fagterminologi – som kan danne grunnlaget for fullverdig fagleg kommunikasjon på norsk, både bokmål og nynorsk. Fagterminologien er ein svært viktig del av fagspråket, i ein del disiplinar den viktigaste delen.

Mangelen på norsk fagspråk og fagterminologi er ein av dei største trugslane mot norsk som eit fullverdig og samfunnsberande språk. Om ein ikkje har norsk fagspråk og terminologi, vil det i siste instans føre til at fagfolk ikkje vil vere i stand til å skrive og snakke om vesentleg fagstoff på norsk, og det vil kunne skje eit språkskifte til engelsk i dei faga der påverknaden frå engelsk er størst. Ein vil då vere vitne til domenetap.

Språkrådet er nasjonalt samordningsorgan for arbeidet med utvikling og tilgjengeleggjering av norsk terminologi. Språkrådet skal rettleie andre i terminologiarbeid, ikkje fastsetje termar sjølv.

Universitets- og høgskulesektoren har eit lovpålagt ansvar for å sikre vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk nedfelt i § 1-7 i universitets- og høgskulelova. Gjennom dei tre samfunnsoppdraga forsking, undervisning og formidling blir mykje av terminologien skapa og spreidd, ikkje berre i sektoren, men i heile samfunnet og arbeidslivet. UH-sektoren har derfor ei særleg strategisk språkpolitisk rolle i å vidareutvikle fagspråket gjennom å lage og bruke norskspråklege fagtermar. Likevel er UH-sektoren eit stykke unna å nå dei politiske måla om eit norsk fagspråk og ein norsk terminologi som dekkjer alle disiplinar det blir undervist i og forska på. Mangel på norsk terminologi hindrar at forskarar og studentar kan uttrykkje seg på norsk.

Som del av verksemda på språkfeltet tok Universitetet i Bergen i 2018 over drift og ansvar for Termportalen. Termportalen er ein prototypeversjon av ein nettbasert søkje- og redigeringsportal for fagterminologi. Portalen gjev fri tilgang til norsk terminologi innanfor ei lang rekkje fagområde, og det er mogleg å søkje på tvers av fag og samfunnssektorar. Utviklinga av portalen har hovudsakleg vore finansiert av Noregs forskingsråd gjennom infrastrukturprosjektet CLARINO, og prosjektet vart fram til 2018 leia av Noregs handelshøgskole.

Standard Norge oppretta i 2011 termbasen Snorre i eit prosjekt med økonomisk støtte på 1,9 mill. kroner frå Kulturdepartementet. Prosjektet slo saman to eksisterande termbasar til den noverande termbasen Snorre. Standard Norge gjer all omsett terminologi frå standardar tilgjengeleg i termbasen, og 1. januar 2019 inneheldt termbasen 59 700 termpostar.

Standard Norge har levert termlister til språkbanken. Dataa blir bruka vidare på ein måte som er språkteknologisk tenleg utan at ein gjer innhaldet i standarden tilgjengeleg. Det at Standard Norge held fram med å fylle termbasen Snorre med nyutvikla terminologi, er viktig for å sikre og styrkje arbeidet med norsk terminologi og utvikling av språkteknologi på norsk. Fleire og periodiske leveransar av termlister til språkbanken vil kunne styrkje arbeidet ytterlegare.

9.3 Utfordringar og strategiar

Det er ei nasjonal oppgåve å halde oppe forsking på dei spesifikke norske kulturarvempiriane. Noreg kan ikkje vente at utanlandske forskarar og forskingsinstitusjonar tek på seg slike forskingsoppgåver i like stor grad som dei norske.

Samfunnet har behov for ordbøker, terminologi og andre språkressursar i digital form og med kvalitetssikra innhald. For at desse ressursane skal kunne utviklast, må det finnast fagmiljø ved norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar som kan syte for kompetanse, metodar og arbeidskraft på alle dei leksikalske fagfelta. Desse institusjonane må utvikle ei fornuftig arbeidsdeling og fruktbare samarbeidsformer. Til saman er dette ein sentral del av det samfunnsoppdraget norsk språkforsking har i det norske språksamfunnet.

I Meld. St. 25 (2016–2017) Humaniora i Norge (humaniorameldinga) omtala regjeringa situasjonen for norsk fagspråk og framheva at det vil vere nødvendig å ha merksemd kring språkspørsmålet i åra framover.

Universiteta og høgskulane i Noreg har stor grad av sjølvstende, og det er styret ved institusjonane som avgjer kva fag dei vil tilby, og korleis faga skal dimensjonerast. I humaniorameldinga står det:

«Universitetene og høyskolene har, og må ha, faglig frihet. Med friheten følger ansvar for å identifisere samfunnets behov og respondere på dem, i dette tilfellet for humanistisk kunnskap og kompetanse på presserende tematiske områder og i lærerutdanning og skole. Det politiske ansvaret for universiteter og høyskoler innebærer at styringen må balansere behovet for autonomi og faglig frihet mot samfunnets behov for relevant kunnskap og ferdigheter.»

Som det er gjort greie for i punkt 8.3.4, har regjeringa sett ned eit utval som har vurdert situasjonen for små, utsette humaniorafag. Rapporten som vart levert Kunnskapsdepartementet av det såkalla Lieutvalet hausten 2019, har vore på høyring. Kunnskapsdepartementet skal no gå gjennom høyringssvara og vurdere vidare oppfølging.

Kulturdepartementet har investert betydelege summar i store ordbokprosjekt dei siste åra, og i 2020 er det samla tilskotet til ordbokarbeid nær 12 mill. kroner. I budsjettproposisjonen for 2020 varsla departementet at ein vil sjå dei offentleg støtta norske ordbokverka meir i samanheng. Departementet meiner at det kan hentast ut både faglege og økonomiske gevinstar gjennom betre samordning. Ei betre samordning av det redaksjonelle arbeidet med ordbøkene vil både kunne gje effektiviseringsfordelar og gjere at ein unngår dobbeltarbeid når det gjeld opplysningar som går att i alle verka. Ei eventuell samordning av tekniske løysingar vil kunne spare ressursar og gje betre løysingar for både fagmiljø og brukarane. Det vil òg vere mogleg å utvide og gjere grunnlagsressursane for utvikling av språkteknologi rikare, og ein legg til rette for at språkdata som det offentlege finansierer, kan gjenbrukast.

Dei to «syskenordbøkene» Bokmålsordboka og Nynorskordboka ligg no ved Universitetet i Bergen, og det gjer også det store ordbokprosjektet for nynorsk, Norsk Ordbok. Det store ordbokprosjektet på bokmålssida, Det Norske Akademis ordbok (NAOB), er privateigd, delvis privat finansiert og organisert for seg sjølv. Det har lenge vore ein føresetnad for den statlege støtta til NAOB at når ordboka stod ferdig som produkt i 2017, skulle ei eventuell vidareutvikling knytast til eit vitskapleg miljø. For dette føremålet hadde NAOB ein avtale med Universitetet i Oslo, men etter at Universitetet i Oslo la ned det leksikografiske arbeidet sitt, var ei slik tilknyting ikkje lenger aktuell. Med overføringa av språksamlingane til Universitetet i Bergen, og arbeidet med ordbøker som no går føre seg der, er det meir realistisk å sjå føre seg eit tettare tilhøve mellom NAOB og Universitetet i Bergen. Dei faglege føresetnadene for eit slikt samarbeid er på plass. Dette vil kunne gjere arbeidet med dokumentasjon av bokmål mindre sårbart framover.

Termportalen ved språksamlingane ved Universitetet i Bergen, som i dag finst i form av ein fullt funksjonell prototyp, kan utviklast til å bli ein fritt tilgjengeleg ressurs for norsk terminologi innanfor fleire domene, der det er mogleg å søkje på tvers av termbasar og fag. Språksamlingane ønskjer å etablere eit fagmiljø som kan drifte portalen slik at innhaldet kan utviklast vidare til å omfatte terminologi frå viktige domene, både i og utanfor UH-sektoren. Dette fagmiljøet vil òg kunne arbeide med å utvikle nynorsk fagterminologi der det manglar. I Termportalen skal fagfolk kunne lage norske fagtermar, og ulike brukargrupper frå heile samfunnet skal finne fagtermane i eitt søkefelt på tvers av alle relevante lister og basar i dei ulike samfunnssektorane. Termportalen kan derfor bli ein nasjonal infrastruktur for å sikre vidareutviklinga av norsk fagspråk og terminologi. Både Språkrådet og språkmiljø i universitets- og høgskulesektoren har peika på at vidareutvikling og drift av denne prototypen vil vere eit godt bidrag til å styrkje norsk fagspråk.

Regjeringa meiner at Termportalen kan bli eit viktig verktøy som vil bidra til at universiteta og høgskulane oppfyller dei pliktene dei har etter universitets- og høgskulelova § 1-7 og i dei språkpolitiske retningslinjene for kvar institusjon. I tillegg vil Termportalen bidra til at vi når den overordna målsetjinga i framlegget til språklov om å sikre norsk som eit samfunnsberande språk.

Språket utviklar seg heile tida, og fast og langsiktig språkleg dokumentasjon, forsking og formidling er nødvendig for å sikre innbyggjarane tilgang til eit velfungerande, norsk bruksspråk. Med flyttinga av språksamlingane og seinare Termportalen til Universitetet i Bergen er det lagt eit grunnlag for at universitetet skal ha ei viktig rolle i forvaltninga av norsk språk. Ifølgje humaniorastrategien til universitetet

Universitetet i Bergen, Det humanistiske fakultetet: Humaniorastrategi 2018–2022 .

har forvaltninga av samlingane og arbeidet med ordbøkene styrkt samfunnsrolla til universitetet. Eit av måla i strategien er at språkmiljøet ved Universitetet i Bergen skal ha ei leiande rolle i nasjonal språkforvaltning og -utvikling.

Regjeringa på si side ser at arbeidet universitetet gjer med forvaltning av språksamlingane, inkludert Termportalen, og arbeidet med ordbøker spelar ei viktig rolle i å leggje eit grunnlag for språkleg dokumentasjon og forsking, og sikre samfunnet tilgang til oppdatert kunnskap om språk og rettskriving – i tråd med ambisjonane i strategien til universitetet.

9.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet vil i samarbeid med Universitetet i Bergen leggje til rette for utvikling og drift av Termportalen ved Universitetet i Bergen. Tiltaket skal bidra til å styrkje arbeidet med utvikling og formidling av norsk fagspråk i UH-sektoren og å gjere norskspråkleg terminologi tilgjengeleg for samfunnet elles.

  • Kulturdepartementet tek sikte på framleis støtte til ordbokarbeid med utgangspunkt i dei fire verka Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok.

  • Kulturdepartementet vil framleis leggje til rette for oppdatering og utvikling av Bokmålsordboka og Nynorskordboka etter at revisjonsprosjektet er avslutta, slik at ordbøkene frametter kan oppdaterast jamleg, ikkje med store prosjekt for avgrensa periodar.

  • Kulturdepartementet vil støtte Det Norske Akademis ordbok (NAOB) vidare, slik at kontinuiteten i prosjektet blir sikra. Samtidig ønskjer departementet å sjå satsinga på dei statleg finansierte ordbøkene meir samla og langsiktig. Derfor ser departementet det som tenleg at NAOB knyter seg nærare til ordbokarbeidet som departementet finansierer ved Universitetet i Bergen. Målet er å hente ut gevinstar ved at dei ulike verka dreg vekslar på kvarandre, og å bidra til eit sterkare leksikografisk fagmiljø. Kulturdepartementet vil be Universitetet i Bergen og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur samarbeide om ein plan for korleis prosjekta kan samordnast. Departementet krev ikkje ei umiddelbar omstilling, men ein plan som rettar seg tydeleg mot målet om å skape fagleg meirverdi og å sikre samfunnet god tilgang til språkleg dokumentasjon og ordbøker.

  • Ordbøker og ordbokverk som er bygde opp heilt eller delvis for offentlege midlar, bør gje opplysningar om kva som er offisiell rettskriving. Regjeringa ønskjer at Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok følgjer gjeldande offisiell rettskriving i oppslagsord, og at eventuell rettskrivingsvariasjon for grunnform og bøygde former blir vist med same status. Eventuelle former utanfor gjeldande offisiell rettskriving må markerast.

  • Regjeringa vil arbeide for å fremje utvikling av norsk terminologi gjennom å omsetje standardar og å gjere omsett terminologi tilgjengeleg.

10 Norsk teiknspråk

10.1 Innleiing

Teiknspråk er fullverdige språk og må ikkje sjåast på som hjelpemiddel for menneske med nedsett funksjonsevne. Teiknspråk er fullt utvikla språk med eigne grammatiske reglar og eigen setningsbygnad. Dei blir oppfatta visuelt (ved hjelp av synet) og uttrykte gestuelt (ved hjelp av synlege rørsler med hendene, andletet og overkroppen). Dette skil teiknspråk frå talespråk, som blir oppfatta auditivt (ved hjelp av høyrselen) og uttrykte vokalt (ved hjelp av stemma).

Regjeringa vil verne og fremje norsk teiknspråk som kulturberar og del av det norske språklege mangfaldet. I framlegget til ny språklov får norsk teiknspråk status som det nasjonale teiknspråket, sjå punkt 13.4. Teiknspråkbrukarar har rett til å lære, møte og bruke språket sitt.

10.2 Status

Det er usikkert kor mange som brukar norsk teiknspråk. Norges Døveforbund oppgjev talet 16 500, medan årsmeldinga for Døvekyrkja for 2018 seier 25 000. Kanskje om lag 5 500 brukarar er døve, og dei utgjer kjernen av dei teiknspråklege. Dei andre teiknspråkbrukarane er ofte høyrande familiemedlemmer og vener og profesjonelle tenesteytarar.

Etter at språkvitskapleg forsking på norsk teiknspråk tok til i Noreg kring 1980, tok det berre nokre få år før utdanningsstyresmaktene anerkjende norsk teiknspråk som eit eige språk, men først i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining vart norsk teiknspråk anerkjent som ein del av kulturarven på linje med andre minoritetsspråk.

Språkrådet har ansvar for norsk teiknspråk og tilsette i 2012 ein rådgjevar med særskilt ansvar for dette språket. Språkrådet har eit tett samarbeid med språkbrukarorganisasjonane. Språkrådet samarbeider språkpolitisk med ulike aktørar og gjev råd til relevante styresmakter for å fremje interessene til brukarane av teiknspråk. Vidare driv Språkrådet opplysningsarbeid, informerer om kva rettar teiknspråkbrukarar har, og kva det betyr for døve og høyrselshemma å kunne kommunisere på førstespråket sitt. Språkrådet bidreg til utvikling av termar på teiknspråk.

Språkrådet har etablert teiknspråkprisen, som vart utdelt for første gong i 2018. Prisen skal bidra til å utvikle, fremje og synleggjere norsk teiknspråk i samfunnet. Språkrådet meiner å ha registrert at synet på teiknspråk i samfunnet er meir positivt no enn før. Samtidig understrekar Språkrådet at samfunnet i tillegg må anerkjenne at språket er eit fullverdig språk som det tek tid å meistre, og som krev særskild kompetanse. Språkrådet har mykje kontakt med språkbrukarmiljøa og ser mange døme på at teiknspråkbrukarar ikkje får oppfylt dei språklege rettane sine.

Boks 10.1 Kulturtilbod for teiknspråkbrukarar

For å sikre eit godt kultur- og medietilbod til teiknspråkbrukarar må ein arbeide på fleire måtar. Teiknspråktolking av allmenne tilbod og av store hendingar som samlar heile nasjonen eller lokalsamfunnet, gjer at teiknspråkbrukarar får tilgang til fleire fellesskapsarenaer. Det å få bruke og møte språket sitt i kunsten og kulturen er like viktig for teiknspråklege som for alle andre. Til dømes blir det stilt krav til teiknspråktolking av tilbodet i NRK, jf. punkt 5.2.2.

Teater Manu er nemnt som det einaste teateret i landet som har teiknspråk som scenespråk, noko som har mykje å seie for utvikling, synleggjering og bruk av språket.

Stiftinga Døves Media fekk i 2019 6,8 mill. kroner i tilskot over Kulturdepartementets budsjett. Døves Media produserer innhald på teiknspråk for NRK, for sosiale medium og for Døves Medias eigen nettkanal. Målet til stiftinga er å kunne tilby eit landsdekkjande teiknspråkleg medietilbod.

Teiknspråkleg innhald i kultur- og medietilbodet må gjerast synleg. Det er med på å skape positive haldningar til språket, både for språkbrukarane sjølve og for andre.

10.3 Utfordringar og strategiar

Teiknspråkbrukarane er ein språkleg minoritet, og til liks med andre språklege minoritetar må dei vere tospråklege for å delta i samfunnslivet på ein tilnærma fullverdig måte. Urette oppfatningar om at fleirspråklegheit er eit hinder for å lære norsk språk godt, råkar oftare mindre språk eller språk med låg status, medan fleirspråklegheit blir sett på som ein fordel dersom det er tale om store språk, til dømes engelsk og norsk.

Urette oppfatningar om fleirspåklegheit skapar eit press på norsk teiknspråk og medverkar til at færre får opplæring i og tilgang til språket. I forskingslitteraturen er det så godt som slått fast at det å lære fleire språk ikkje har negative konsekvensar.

Unn Røyneland (2016): Språkleg mangfald i Noreg – problem eller ressurs? Fleirspråklegheit som forskingsfelt.

Tvert imot er det slik at opplæring i fleire språk gjev barn tilgang til fleire kulturar, samstundes som det gjer det mogleg å reflektere rundt språk og språkbruk, sidan ein kan sjå eit språk utanfrå gjennom «brillene» til det andre språket.

Trass i desse fordelane ved fleirspråklegheit er det grunn til å tru at foreldre med døve og høyrselshemma barn møter uheldige haldningar i helsevesenet og i utdanningssystemet. I teiknspråkmiljøet finst det ei rad med vitnemål frå føresette som har vorte frårådde å la barna sine få lære teiknspråk. Grunngjevinga har ofte vore at det kan svekkje evna til å lære seg norsk. På bakgrunn av alt dette er det altså naudsynt å kartleggje haldningar og praksis i støtteapparatet rundt døve barn systematisk.

Når eit minoritetsspråk blir assimilert i ein majoritetsspråkleg kultur, vil det alltid vere eit stort kulturelt tap. Høyrselshemma kan ha avgrensa høve til å lære talespråk, og har dei ikkje tilgang til teiknspråk, kan det ende med språkdeprivasjon. Språkdeprivasjon vil seie mangel på fullverdig språk. Eit resultat av språkdeprivasjon kan vere at døve barn risikerer å mistyde meininga med det som blir sagt, til dømes ironi og ulik språkbruk til ulike situasjonar. Språkdeprivasjon kan få alvorlege konsekvensar både for opplæring og sosialt liv og gjev i mange tilfelle psykiske plager.

Eit stort fleirtal av døve og høyrselshemma barn får i dag operert inn såkalla koklea-implantat, som gjer at dei kan få noko høyrsel. Det varierer frå person til person kor god høyrselen blir etter ein slik operasjon, men sjølv med implantat har personen redusert høve til omgang med normalt høyrande. Mange vil etter operasjonen framleis ha behov for teiknspråk.

Språkrådet (2017): Språkstatus 2017. Språkpolitisk tilstandsrapport frå Språkrådet.

Likevel finst det utbreidde misoppfatningar både blant profesjonelle tenesteytarar i helsesektoren og i allmenta elles om at eit slikt implantat gjev fullgod høyrsel. Desse misoppfatningane kan bidra til at foreldre får fagleg ugrunna råd om å ikkje la barn lære teiknspråk, og då kan det ende med at barnet ikkje får fullgode evner i noko språk, verken teiknspråk eller norsk talespråk. Vegen derifrå til språkleg deprivasjon er kort.

Eit sentralt språkpolitisk mål må derfor vere å gje så mange som mogleg tilgang til norsk teiknspråk. Det er ikkje ei ulempe for døve og høyrselshemma barn å lære teiknspråk. Tvert imot gjev det dei tilgang til fellesskapen av teiknspråklege og alle teiknspråklege arenaer. For mange i denne gruppa vil også norsk teiknspråk vere den einaste reelle sjansen til å få eit fullt utvikla språk.

I dei fleste tilfelle er det foreldre som overfører språk til barna, men slik er det ikkje med norsk teiknspråk. Meir enn 95 prosent av døve og høyrselshemma barn blir fødde av høyrande foreldre, og språkoverføring må skje på anna vis, som regel gjennom ein barnehage eller skule der dei brukar teiknspråk. Dette gjer at barnehagar og skular er mykje viktigare for utviklinga og bruken av morsmål og førstespråk i språkutviklinga hos døve og høyrselshemma barn enn hos høyrande barn.

Høyrande foreldre som får døve barn, kan oppleve at det er vanskeleg å få informasjon om dei tilboda og moglegheitene som finst for barna. Det kan bidra til at mange foreldre vel å «vente og sjå» før dei gjev barnet sitt opplæring i teiknspråk. Både foreldra og ulike faginstansar må ha tilgang til oppdatert kunnskap om teiknspråk og korleis tilgang til teiknspråk kan påverke språkutvikling og sosial utvikling hos barna. Det er foreldra til barnet som avgjer om dei ønskjer at barnet skal lære teiknspråk. I skulen har elevar som har teiknspråk som førstespråk, eller som etter sakkunnig vurdering har behov for slik opplæring, rett til grunnskuleopplæring på teiknspråk. Kommunen gjer vedtak om teiknspråkopplæring etter opplæringslova.

Frå perspektivet til det døve eller høyrselshemma barnet vil det beste i dei fleste tilfelle vere å få opplæring både i teiknspråk og i norsk. Gjeldande språkpolitikk vektlegg at norsk teiknspråk er eit språk i seg sjølv, uavhengig av høyrsel. Å tilby teiknspråk berre som ei «naudløysing» eller som eit erstatningsspråk er å setje framtida til døve barn på spel og å nedvurdere teiknspråk som eit fullverdig språk. Nett som talespråk er teiknspråk lettare å lære i låg alder. Sein og tilfeldig eksponering for teiknspråk kan derfor få alvorlege konsekvensar for språkbrukargruppa og kvar språkbrukar.

Dei statlege døveskulane var i meir enn 150 år staden der dei fleste døve barn i Noreg fekk grunnopplæringa si. Mange døve barn måtte bu langt frå familiane sine og vekse opp i eit framandt miljø. Samstundes var døveskulane svært viktige som arenaer der barna kunne utvikle teiknspråk og dermed også språk i det heile teke. Skulane var også ein av få stader der døve kunne vere i ein teiknspråkleg fellesskap saman med andre døve. Denne fellesskapen var eit viktig grunnlag for å utvikle døvekulturen med til dømes foreiningar, idrett og feriestader.

Opplæringslova slår i dag fast at teiknspråklege høyrselshemma barn har rett til opplæring i og på teiknspråk, men i lovverket står det mellom to prinsipp: På den eine sida står prinsippet om inkludering, som byggjer på eit universelt likskapsprinsipp, slik at alle skal ha rett til å gå på nærskulen saman. Dette kan ein sjå på som eit oppgjer med tidlegare segregering av funksjonshemma, som døveskulane kan vere eit uttrykk for. På den andre sida står prinsippet om tilpassa opplæring, som inneber at kvar elev skal ha optimal moglegheit til å utvikle potensialet sitt. For døve vil det seie å kunne utvikle og bruke eit førstespråk. Dei siste åra har det første prinsippet dominert, og alle dei statlege døveskulane er lagde ned. I dag finst det til saman seks kommunale teiknspråklege skular eller skuleavdelingar.

Ei oversikt over nyare nordisk forsking frå 2018

Kermit, Patrick (2018): Hørselshemmede barns og unges opplæringsmessige og sosiale vilkår i barnehage og skole. Kunnskapsoversikt over nyere nordisk forskning.

viser at nordiske skular og barnehagar i liten grad lukkast med å etablere inkluderande praksisar der høyrselshemma barn og unge er saman med høyrande. Dette går ut over dei høyrselshemma, og som gruppe gjer dei det dårlegare enn jamgamle i skulen. Dei har større psykososiale utfordringar, er einsamare og blir ikkje tekne med på råd om utdanningsopplegg eller utdanningsløp.

Ein negativ konsekvens av å følgje inkluderingsprinsippet er at det kan skape mangel på førstespråksarenaer for teiknspråkbrukarar. For å bøte på dette har teiknspråklege elevar fått tilbod om eit opplæringsopphald på inntil tolv veker i eit miljø saman med andre teiknspråklege elevar. Det er grunn til å tru at slike korte opphald ikkje er nok til å utvikle fullgodt teiknspråk, dersom eleven ikkje allereie har god kunnskap i teiknspråk frå før.

Det er derfor viktig å syte for at teiknspråklege får møte og bruke språket sitt på så mange arenaer som råd. Særleg viktig er det å skape teiknspråklege arenaer der det ikkje blir bruka teiknspråktolk, men der all kommunikasjon skjer på teiknspråk. Dette vil føre til at norsk teiknspråk verkeleg blir fremja, og bidra til å inkludere teiknspråklege på deira eigne premissar. Ei utfordring i denne samanhengen er at teiknspråklege bur spreidd ut over heile landet. Det må derfor vere eit mål at det skal finnast sterke teiknspråkarenaer i alle regionane i landet.

I behandlinga av statsbudsjettet for 2020 understreka utdannings- og forskingskomiteen at nok kompetanse i teiknspråk er nødvendig for at samfunnet skal kunne oppfylle dei grunnleggjande rettane til døve og høyrselshemma. Komiteen uttrykte at det trengst ytterlegare løft for teiknspråk- og tolkefeltet i åra som kjem.

I statsbudsjettet for 2019 løyvde regjeringa midlar til ti studieplassar til utdanning i teiknspråk ved OsloMet – storbyuniversitetet. Frå 2023 vil dette bety ei samla styrking på 40 studieplassar. Det er viktig å få fleire studieplassar for å styrkje kvaliteten og kapasiteten på utdanning for teiknspråklærarar, slik at endå fleire døve og høyrselshemma barn på lengre sikt får den opplæringa dei har krav på.

Dei nye studieplassane kjem på toppen av dei midlane regjeringa tidlegare har løyvd til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane for trinn 1–7 og trinn 5–10 og utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.

10.3.1 Behov for meir kunnskap

Det er forska lite på norsk teiknspråk i Noreg. På forskingsområdet ligg Noreg langt etter land det er naturleg å jamføre seg med. Kulturdepartementet meiner at det trengst meir kunnskap for å kunne gjere politikken betre og meir målretta. Kunnskapen om teiknspråk er låg i samfunnet generelt, og teiknspråkbrukarar møter utfordringar mellom anna i oppveksten og i utdanninga. Presset mot norsk teiknspråk har truleg vorte større etter at mange døve har fått koklea-implantat og dermed noko høyrsel. Situasjonen og utfordringane for norsk teiknspråk og for døve og høyrselshemma har altså endra seg mykje på nokså få år. Regjeringa vil derfor ha ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet i form av ein NOU.

Ofte har fordommar og vankunne prega handsaminga av døve og norsk teiknspråk. Ein NOU kan òg vere ei anerkjenning av dei som opp gjennom historia har vore utsette for ei språkleg assimilering lik den mellom anna dei samiske og kvenske minoritetane har opplevd. Til liks med samar og kvener, som fekk straff på skulen for å bruke språket sitt, opplevde teiknspråkbrukarar språkundertrykking. Heilt fram til 1980-åra vart døve på døveskulane underviste utan bruk av teiknspråk; det var ikkje lov å bruke det. Hendene måtte haldast i ro eller på ryggen. Dei døve og høyrselshemma fekk høyre at teiknspråk ikkje hadde nokon verdi, og at norsk var språket dei måtte meistre. Døve og høyrselshemma gøymde seg for å snakke saman og kjende skam dersom dei bruka teiknspråk offentleg. Dette er ikkje ein del av historia vi er stolte over.

Dei fleste døve eller høyrselshemma som innvandrar til Noreg, har med seg sitt eige teiknspråk. Korleis desse menneska lever sitt fleirspråklege liv, og korleis teiknspråka til innvandrarane påverkar norsk teiknspråk, veit vi førebels lite om, ifølge Språkstatus 2017. Språkpolitisk rapport frå Språkrådet.

10.4 Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Regjeringa meiner det trengst ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet og vil derfor setje ned eit offentleg utval som skal levere ein NOU. Målet er å leggje grunnlag for eit meir heilskapleg bilete av norsk teiknspråk og behova til språkbrukarane og leggje til rette for ein god sektorovergripande språkpolitikk også på teiknspråkfeltet. Dette arbeidet skal bidra til å synleggjere den teiknspråklege minoriteten. Det er viktig at teiknspråkbrukarane er godt representerte i arbeidet. Ein viktig dimensjon ved arbeidet vil vere å sjå på tilgang til teiknspråk som ein grunnleggjande menneskerett.

  • For å styrkje kvaliteten og kapasiteten på utdanning for teiknspråklærarar held regjeringa fram med å løyve midlar til studieplassar til utdanning innan teiknspråk ved OsloMet – storbyuniversitetet. Frå 2023 vil det bety ei samla styrking på 40 studieplassar.

  • Regjeringa har òg løyvd midlar til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane for trinn 1–7 og trinn 5–10 og utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.

11 Språklova som tiltak

11.1 Innleiing

Regjeringa legg her fram forslag til lov om språk (språklova). Forslaget skal erstatte den gjeldande lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste (mållova) og inneheld i tillegg framlegg til overordna føresegner med framlegg til ny rett om språk i Noreg.

Føremålet med lovproposisjonen er å styrkje alle delar av det norske språket. Hovudmålet med språkpolitikken er å sikre norsk som hovudspråket i Noreg, som samfunnsberande språk for heile landet og som forvaltningsspråk i alle sektorar. At vi har to likeverdige og jamstilte norske skriftspråk, er ein verdi i seg sjølv, og språklova legg i tillegg vekt på mindretalsomsynet i eit demokratisk og fleirspråkleg samfunn. Staten får såleis eit særskilt ansvar for å verne og fremje nynorsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Dette skal bidra til meir rettferdige vilkår for bruk av små språk andsynes dei større språka.

Framlegget til språklov følgjer opp språkmeldinga (del I av dette dokumentet) som det viktigaste tiltaket. Departementet understrekar at lovfestinga er eit verkemiddel for å bidra til at det offentlege sikrar språka på systematisk vis. I tillegg til ny lov trengst også andre tiltak, slik det er gjort greie for i meldingsdelen.

Føremålet med lover er å normere åtferd. Ønskt åtferd byggjer på verdiar som demokrati, fleirspråklegheit, myndiggjering og danning, kulturelt mangfald og vern av språklege minoritetar og mindretal. Å etterleve lova krev språkkompetanse og forståing og respekt for ulike språklege identitetar.

Eit viktig demokratisk utgangspunkt er at norsk skal vere felles språk for alle som bur i Noreg. Norsk skal vere eit rikt bruks- og kulturspråk som alle har tilgang til, og som alle må meistre for å kunne delta i samfunnet.

Internasjonalt er språkvern eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Språk er ein integrert del av nasjonal kultur og tradisjon. Staten pliktar å halde språket i hevd og gjere det tilgjengeleg i samfunnet. Det er vanleg at språklege majoritetar i demokratiske samfunn aksepterer at staten har ansvar for å ta vare på mindretala og minoritetsspråka i samfunnet. Det er vanskelegare å få aksept for at eit slikt ansvar krev særlege tiltak – at det som mange oppfattar som «urettferdig særbehandling», er nødvendig for å få eit rettferdig resultat. Språklova løftar fram dette mindretalsomsynet.

Fleirspråklegheit er eit uttrykk for kulturell rikdom og eit godt utgangspunkt for språklæring. Språklova fremjar kulturell og språkleg danning.

11.2 Språklovgjeving i Noreg

Det står ingen stader i gjeldande lovgjeving at norsk er språket i Noreg. Noreg har heller inga overordna og samla lovgjeving på språkområdet. Den overordna statusen til norsk språk følgjer av sedvane.

Det finst likevel enkeltføresegner om språk i ei rekkje særlover i dagens lovverk. Mållova med tilhøyrande forskrifter gjev føringar for bruken av bokmål og nynorsk i offentleg teneste, særleg for statsforvaltninga. Opplæringslova gjev reglar for bruken av bokmål og nynorsk og retten til språkopplæring i skulen, medrekna opplæring i og på samisk, i og på norsk teiknspråk og i kvensk/finsk. Universitets- og høgskulelova har ein eigen paragraf (§ 1-7) som slår fast det ansvaret institusjonane har for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Teiknspråkbrukarar er gjevne konkrete rettar i folketrygdlova § 10-7 (tolkehjelp for høyrselshemma og tolke- og følgjehjelp for døvblinde) og domstollova § 137 (rett til tolketeneste).

Statlege styresmakter har ei plikt til å leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle dei samiske språka og samisk kultur og samfunnsliv, jf. Grunnlova § 108. Denne plikta er konkretisert mellom anna gjennom språkreglane i samelova kapittel 3.

Dei tre nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes har folkerettsleg vern gjennom den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar og den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk. Ei nyleg vedteken endring av opplæringslova § 2-7 presiserer at dei som har rett til opplæring i finsk, kan velje kvensk viss dei heller vil lære det.

Som part i den nordiske språkkonvensjonen, som tok til å gjelde i 1987, har Noreg forplikta seg til å verke for at borgarar frå dei andre nordiske landa på visse vilkår skal få bruke sitt eige språk (norsk, dansk, finsk, islandsk eller svensk) i kontakt med offentlege organ i andre nordiske statar.

11.3 Språklovgjeving i andre land

I Norden og Europa er det no vanleg med lovgjeving som slår fast statusen til nasjonalspråket og andre språk som staten har ansvar for, til dømes minoritetsspråk og teiknspråk. Dei andre nordiske landa har i dag ei generell språklovgjeving som er meir oppdatert og til dels meir utfyllande enn den norske mållova.

Den nyaste språklova er den islandske, som vart vedteken av Alltinget 27. mai 2011. Ho har teke modell av den svenske språklova, som tok til å gjelde 1. juli 2009. Ei meir omfattande finsk språklov tok til å gjelde 1. januar 2004, og ei eiga finsk teiknspråklov tok til å gjelde 1. mai 2015. Finland har dessutan ein eigen grunnlovsparagraf om språk. Danmark har to språklover, som begge tok til å gjelde frå 1. august 1997: éi lov om dansk rettskriving og ei anna om Dansk Sprognævn, systerinstitusjonen til Språkrådet i Noreg.

Island

Den islandske språklova frå 2011 slår fast at islandsk er nasjonalspråket til islendingane og offisielt språk på Island. Lova slår òg fast at nasjonalspråket er fellesspråket for innbyggjarane, og at styresmaktene skal syte for at det er mogleg å bruke det på alle samfunnsområde. Lova fastset at alle som er busette på Island, skal ha høve til å lære og å bruke islandsk til allmenn deltaking i det islandske samfunnslivet, at staten og kommunane har ansvar for å bevare og styrkje det islandske språket og for å syte for at det blir bruka, at språket deira skal vere godt, enkelt og klart, og at dei skal bidra til utvikling av islandsk fagterminologi. Lova fastset òg at islandsk er offisielt språk for Island i internasjonal samanheng.

Elles har lova føresegner om islandsk teiknspråk og islandsk punktskrift. Ho inneheld òg meir detaljerte reglar om Islandsk språkråd, om Råd for islandsk teiknspråk, om tolking og teiknspråktolking hos styresmaktene og om dei pliktene stat og kommune har til å sikre stillinga til det islandske teiknspråket.

Sverige

Den svenske språklova frå 2009 slår fast at svensk er hovudspråk i Sverige og dermed det fellesspråket som alle som bur i Sverige, skal ha tilgang til. Svensk språk skal kunne brukast på alle samfunnsområde. Det offentlege («det allmänna») har eit særskilt ansvar for å bruke og utvikle språket. Vidare slår lova fast at finsk, jiddisch, meänkieli (tornedalsfinsk), romani chib og samisk er nasjonale minoritetsspråk, og at det offentlege skal verne og fremje («skydda och främja») desse språka. Det offentlege har òg ansvar for å verne og fremje det svenske teiknspråket. Kvar og ein som er busett i Sverige, skal «ges möjlighet» til å lære seg, utvikle og bruke svensk, og den som høyrer til ein nasjonal minoritet, skal «ges möjlighet» til å lære seg, utvikle og bruke sitt minoritetsspråk. Den som på grunn av høyrselsskade eller av andre grunnar har behov for teiknspråk, skal ha tilsvarande rettar.

Lova har også føresegner om at svensk er språket i domstolar, i forvaltninga og i andre organ som «fullgör uppgifter i offentlig verksamhet», at svensk er offisielt språk for Sverige i internasjonal samanheng, og at forvaltningsorgan har eit særleg fagleg ansvar for at svensk terminologi er tilgjengeleg og blir bruka og utvikla. Lova seier òg at språket i offentleg verksemd skal vere «vårdat, enkelt och begripligt». Sverige har dessutan ei eiga lov frå 2009 om nasjonale minoritetar og minoritetsspråk, som regulerer språka til dei nasjonale minoritetane nærare.

Finland

Den finske grunnlova frå 1999 slår fast at finsk og svensk er Finlands nasjonalspråk, at det offentlege skal tilgodesjå dei kulturelle og samfunnsmessige behova hos den finskspråklege og svenskspråklege befolkninga i landet på ein likeverdig måte («enligt lika grunder»), og at «samerna såsom urfolk samt romerna och andre grupper» har rett til å bevare og utvikle både språket sitt og kulturen sin. Grunnlova fastset òg at kvar enkelt har rett til å bruke finsk eller svensk i eiga sak og til å få «expeditioner» på finsk eller svensk. Samar har rett til å bruke samisk overfor styresmaktene. Også rettar for dei som brukar teiknspråk, og dei som på grunn av «handikapp» treng hjelp til tolking og omsetjing, er sikra i lova.

Dette er følgt opp i meir detaljerte føresegner i språklova frå 2003. Lova gjev mellom anna retningslinjer for den språklege inndelinga av kommunar og styresmakter som anten einspråklege eller tospråklege. Ho inneheld såleis eigne kapittel om retten til å bruke finsk og svensk overfor styresmaktene, om saksbehandlingsspråket hos styresmaktene, om språket i «expeditioner och andra handlingar», om arbeidsspråket hos styresmaktene, om språket i lovgjeving og allmenn informasjon, om sikring av språklege rettar og om korleis språklege rettar skal fremjast og følgjast opp. Finland har òg ei eiga samisk språklov frå 2003. I 2015 vart det vedteke ei eiga teiknspråklov. Institutet för de inhemska språken, Språkrådets systerinstitusjon, er lovfesta med ei eiga lov frå 2011.

Danmark

I Danmark er det fastsett i eiga lov om Dansk Sprognævn at institusjonen har til oppgåve å følgje utviklinga av dansk språk, gje råd og opplysningar om det danske språket og fastleggje dansk rettskriving. Dansk Sprognævn redigerer og gjev ut den offisielle danske rettskrivingsordboka og kan i nyutgåver av boka på eiga hand gjere endringar og ajourføringar av ikkje-prinsipiell karakter. Endringar av prinsipiell karakter krev godkjenning av kulturministeren etter fråsegn frå utdanningsministeren.

Dansk Sprognævn skal etter lova samle inn nye ord og ordsamband og ny ordbruk, svare på spørsmål frå styresmakter og publikum om bruk av dansk, publisere skrifter om dansk språk og samarbeide med terminologiorgan, ordbokredaksjonar og offentlege institusjonar som autoriserer eller registrerer stadnamn, personnamn og varenamn.

I ei eiga rettskrivingslov er det fastsett at dansk rettskriving skal følgjast i alle delar av den offentlege forvaltninga, av Folketinget og organ for Folketinget og av domstolane, likeins av ikkje-offentlege utdanningsinstitusjonar under Undervisningsministeriet.

Andre europeiske land og USA

Også andre europeiske land har språklover. Mange er langt meir omfattande og detaljerte enn framlegget i denne proposisjonen. Vi nemner ikkje her særlover som har enkeltføresegner om språk, til dømes lover som gjev rett til opplæring i og på eit språk eller tolking til og frå eit språk osb.

Lova om bruk av fransk språk frå 1994 er svært detaljert, og på ulike måtar og i ulik grad påbyr ho fransk i alt frå reklame, varenamn og bruksrettleiingar via arbeidsavtalar til innlegg og støtteark på seminar og konferansar. Det finst også eit strengt lovvern for det nasjonale språket i fleire av dei austeuropeiske landa, til dømes Polen og Latvia. Den spanske grunnlova slår fast at kastiljansk er det offisielle språket i Spania. Samtidig har dei ulike spanske regionane eigne autonomistatuttar i grunnlova, som jamstiller baskisk, katalansk og galisisk med kastiljansk innanfor dei respektive regionane. Også andre spanske språk har vern etter statuttane.

USA vedtok The Plain Writing Act i 2010. Lova seier at alle statlege dokument i USA skal halde ein viss språkleg standard. Språket i dokument frå staten skal vere «klart, konsist, velstrukturert og i tråd med mønsterpraksis på fagfeltet».

«The term «plain writing» means writing that is clear, consice, well-organized, and follows other best practices appropriate to the subject or field and intended audience.» (seksjon 3(3) i lova)

https://www.gpo.gov/fdsys/pkg/PLAW-111publ274/pdf/PLAW-111publ274.pdf.

11.4 Tilhøvet til andre lover

Framlegget til ny språklov har 22 paragrafar. I §§ 1 til 11 slår lova fast føremålet med språklova og definerer den overordna statusen til norsk språk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk i Noreg. Lova skal sikre statusen til norsk som samfunnsberande språk i landet og framheve den grunnleggjande funksjonen norsk skal ha som eit felles språk for alle i Noreg. Samtidig skal lova vere eit formalisert uttrykk for det mangfaldet av språk som styresmaktene i Noreg har ansvar for.

Paragrafane 1 til 11 i lova gjev generelle reglar om ansvaret det offentlege har for å bruke og utvikle norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk, både der bruken av språka allereie er regulert, og i tilfelle der språkbruken ikkje er regulert. Det er dette som ligg i omgrepet «heilskapleg språklov», jf. Granavollplattforma.

Dei generelle reglane i språklova vil ikkje erstatte eller setje til sides eksisterande særlovgjeving. Lova er snarare meint som ei overbygning over eksisterande særlovgjeving, men utan å ta opp i seg desse reglane. Ei allmenn lov, som framlegget til språklov er, skal også kunne vere med på å rydde veg for meir konkrete språkføresegner.

Dersom det i spesielle situasjonar likevel viser seg å vere motstrid mellom reglar i punkt 1 i språklova og konkrete reglar i særlover, vil den spesialiserte regelen i særlovgjevinga normalt gå føre den generelle regelen i språklova (lex specialis).

Departementet understrekar at §§ 12 til 18 i språklova er annleis innretta. Denne delen av lova inneheld dels nye reglar, dels ein revisjon og vidareføring av dei spesialiserte reglane i den gjeldande mållova. Pliktene og rettane som er regulerte i §§ 12 til 18, utgjer derfor det spesielle rettsområdet som gjeld bruk av nynorsk og bokmål i offentleg teneste. §§ 1 til 11 og §§ 12 til 18 i lova har ulikt verkeområde, jf. § 3 i lovframlegget.

Framlegget til generelle reglar i §§ 1 til 11 vil ha rettsleg innverknad på dei språkbrukssituasjonane som i dag ikkje er regulerte i anna lovgjeving. Desse reglane er likevel formulerte slik at dei verken utløyser nye konkrete rettar hos dei ulike språkbrukargruppene eller detaljregulerer plikter.

Gjennomgangstemaet for dei generelle reglane er at «det offentlege» skal «verne og fremje» dei språka som lova gjeld for.

Departementet har vurdert om det bør vere uttømmande tilvisingar til anna regelverk i sjølve lovteksten, men har kome til at dette ikkje er tenleg. Det vil gjere lova vanskeleg å lese og vil innebere at språklova må endrast kvar gong føresegner i anna lovverk blir endra. I framlegget til § 5 i språklova er det likevel ei direkte tilvising til kapittel 3 i samelova, ettersom det er samelova som regulerer samiske språk. Dette er grunnleggjande for å forstå språklova rett.

Sambandet mellom opplæringslova og språklova er ikkje eksplisitt uttrykt verken i den gjeldande mållova eller i den gjeldande opplæringslova. Likevel er det av språkpolitiske grunnar verdt å peike på at opplæringslova og reglane om sidemålsundervisning er ein føresetnad for den breie norskkompetansen som gjer det mogleg å etterleve mållova. Eit fundament i gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) er den plikta ei nærare definert gruppe av tilsette i staten har til å nytte begge dei norske skriftspråka i arbeidet sitt. Denne plikta byggjer i praksis på ein grunnkompetanse som igjen har sin basis i sidemålsundervisninga i skulen. Sidemålskompetansen frå grunnopplæringa er eit grunnleggjande vilkår for jamstillinga mellom nynorsk og bokmål i det offentlege.

Når det offentlege gjennom den føreslåtte føresegna i § 1 andre ledd får eit ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk, er det for alle praktiske føremål ei lovfesting av at språkpolitisk ansvar er sektorovergripande. I dette ligg det at alle offentlege aktørar har eit sjølvstendig språkpolitisk ansvar i den sektoren dei representerer. Det betyr at dei skal ta relevante språkpolitiske omsyn i utviklinga og utøvinga av politikk og mynde på sitt felt.

11.5 Høyringa

11.5.1 Høyringa hausten 2019

23. august 2019 sende Kulturdepartementet framlegg til ei ny, heilskapleg språklov på høyring, med frist for innspel 15. november 2019. Høyringa var open for alle. Lovforslaget blir teke gjennomgåande godt imot. Det går fram av mange høyringssvar at ei lovfesting av statusen til norsk språk er nødvendig og etterspurd. Ingen høyringsinstansar går imot å lovfeste arbeidet til Språkrådet. Elles er det delte meiningar om enkeltframlegga. Dette blir gjort greie for i dei aktuelle kapitla.

Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Arkivverket

  • Brønnøysundregistera

  • Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi)

  • DIKU – Direktoratet for internasjonalisering og kvalitetsutvikling i høgare utdanning

  • Fylkesmennene

  • Helsedirektoratet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Nasjonal behandlingsteneste for høyrsel og psykisk helse

  • Nasjonalbiblioteket

  • Nav sentralt

  • Noregs forskingsråd

  • Norsk kulturråd

  • Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek

  • Språkrådet

  • Statped

  • Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking

  • Universiteta og høgskulane

  • Universitets- og høgskolerådet

  • Utdanningsdirektoratet

  • Sametinget

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • By- og regionforskingsinstituttet NIBR

  • Halti kvenkultursenter IKS

  • Kainun institutti – Kvensk institutt

  • NRK Norsk rikskringkasting

  • Storfjord språksenter

  • Vadsø museum – Ruija kvenmuseum

  • Akademikerne

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Bokmålsforbundet

  • Den norske Forfatterforening

  • Den norske Forleggerforening

  • Den norske kyrkja

  • Den Norske Romforening

  • Det Norske Akademi for Språk og Litteratur

  • Det Norske Videnskaps-Akademi

  • Dramatikerforbundet

  • Døvekyrkja

  • Døves Media

  • Elevorganisasjonen

  • FONTS

  • Foreningen Norden

  • Foreningen Romanifolkets kystkultur

  • Glomdalsmuseet

  • Hovedorganisasjonen Virke

  • Høgnorskringen

  • Hørselshemmede barns organisasjon (HHBO)

  • Hørselshemmedes Landsforbund (HLF)

  • IKT Norge

  • Johannes læringssenter – Spesialavdelingen voksne

  • Kringkastingsringen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Kvenlandsforbundet

  • Kvensk språksenter i Porsanger

  • Kvænangen språksenter

  • Landslaget for lokalaviser

  • Landslaget for norskundervisning

  • Landslaget for språklig samling

  • Landsorganisasjonen for Romanifolket

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Landssamanslutninga av nynorskkommunar

  • Lesesenteret, Universitetet i Stavanger

  • Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

  • Mediebedriftenes landsforbund

  • NHO

  • Noregs Mållag

  • Norges Døveforbund

  • Norges museumsforbund

  • Norsk Bibliotekforening

  • Norsk Døvehistorisk Selskap

  • Norsk Døvemuseum

  • Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

  • Norsk Journalistlag

  • Norsk Lektorlag

  • Norsk Målungdom

  • Norsk Oversetterforening

  • Norsk Presseforbund

  • Norsk Redaktørforening

  • Norsk Studentorganisasjon

  • Norsk Tegnspråklærerforbund

  • Norske barne- og ungdomsbokforfattere

  • Norske Kveners Forbund

  • Norsk-finsk forbund

  • Nynorsk avissenter

  • Nynorsk forum

  • Nynorsk kultursentrum

  • Nynorsk mediesenter

  • Nynorsk pressekontor

  • Nynorsklaget

  • Nynorsksenteret – Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

  • Oslo VO Skullerud

  • Ressurssenter for hørsel og syn i Trondheim

  • Riksmålsforbundet

  • Romani Council Union

  • Romsk råd i Norge

  • Rådgivningskontoret for syn og hørsel – Oslo kommune

  • Rådgivningskontor for hørselshemmede og døvblinde – Bergen kommune

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

  • Signo

  • Skrivesenteret, Nasjonalt senter for skriveopplæring og skriveforsking, NTNU

  • Statsautoriserte translatørers forening (STF)

  • Taterne/romanifolkets menneskerettighetsforening

  • Taternes landsforening

  • Teater Manu

  • Teknologirådet

  • Tolkeforbundet

  • Unio

  • Utdanningsforbundet

  • Vadsø kvenske språksenter

  • Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

  • Ål folkehøgskole og kurssenter for døve

I høyringa kom det inn 121 høyringssvar. 113 av desse hadde merknader. Følgjande 8 høyringsinstansar hadde ingen merknader:

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Utanriksdepartementet

  • Brønnøysundsregistera

  • Noregs handelshøgskole (NHH)

  • Statens vegvesen

Følgjande 113 instansar uttalar seg om realiteten i forslaget:

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Folkehelseinstituttet

  • Fylkesmannen i Nordland

  • Fylkesmannen i Rogaland

  • Fylkesmannen i Vestfold og Telemark

  • Høgskulen i Volda

  • Høgskulen på Vestlandet

  • Høgskulen på Vestlandet – fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

  • Nasjonalbiblioteket

  • Nasjonalt fagorgan for teiknspråk og tolking

  • Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

  • NTNU – Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet

  • Nydalen videregående skole

  • OsloMet

  • Patentstyret

  • Språkrådet

  • Statped

  • Universitetet i Agder

  • Universitetet i Bergen

  • Universitetet i Oslo

  • Universitetet i Stavanger

  • Utdanningsdirektoratet

  • Utdanningsforbundet

  • Samediggi/Sametinget

  • Finnmark fylkeskommune

  • Rogaland fylkeskommune

  • Telemark fylkeskommune

  • Troms fylkeskommune

  • Trøndelag fylkeskommune

  • Vestland fylkeskommune

  • Bergen kommune

  • Fjell kommune

  • Gloppen kommune

  • Kautokeino kommune

  • Oslo kommune

  • Sveio kommune

  • Vinje kommune

  • Øvre Eiker kommune

  • Ålesund kommune

  • Det Norske Teatret

  • Kainun institutti – Kvensk institutt

  • Noregs institusjon for menneskerettar

  • NRK

  • Posten

  • Teater Manu

  • Arbeidsgiverforeningen Spekter

  • Autismeforeningen i Norge

  • Bergen Døvesenter

  • Bokhandlerforeningen

  • Bokmålsforbundet

  • Bokmålsforbundet Sunnmøre

  • Cerebral Parese-foreningen

  • Den norske Forfatterforening

  • Den norske Forleggerforening

  • Den norske kyrkja – Kyrkjerådet

  • Det Norske Akademi for Språk og Litteratur

  • Døvekirken

  • FFO – Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • FONTS – Forening for norsk tegnspråk

  • Foreningen Norden

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon – FFO

  • Høgnorskringen

  • Isaac Norge

  • Ivar Aasen-sambandet

  • Kringkastingsringen

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Kven Østlandet

  • Kvenlandsforbundet og Nordreisa kvensk-finsk forening

  • Landslaget for norskundervisning

  • Landslaget for språklig samling

  • Landssamanslutninga av nynorskkommunar

  • Litteraturselskapet Det Norske Samlaget

  • Mållaget i Kristiansand

  • Nord-Varanger kvenforening

  • Noregs Mållag

  • Norges Døveforbund

  • Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening

  • Norsk Forbund for Utviklingshemmede

  • Norsk Målungdom

  • Norsk Oversetterforening

  • Norsk Studentorganisasjon

  • Norsk Tolkeforening

  • Norske kveners forbund – Ruijan Kveeniliitto

  • Norskt Måldyrkingslag

  • Nynorsk forum

  • Nynorsk kultursentrum

  • Nynorsklaget

  • Rennesøy Mållag

  • Ressurssenter for hørsel og syn – Trondheim kommune

  • Riksmålsforbundet

  • Statsautoriserte translatørers forening

  • Stiftelsen Signo

  • Tolkeforbundet

  • Ullensvang mållag

  • Ål folkehøyskole og kurssenter for døve

  • Ås Mållag

  • Anna Rekdal

  • Christoph Franzen

  • Erlend Bakke

  • Erling Løklingholm Leivestad

  • Håkon Remøy

  • Ingunn Vespestad Steinsvåg

  • Ingvar Engen

  • Ottar Grepstad

  • Privatperson

  • Privatperson

  • Privatperson

  • Privatperson

  • Ragnhild M. Kvifte

  • Sondre Breivik Benjaminsen

  • Åsmund M. Kvifte

11.5.2 Målform eller skriftspråk

I ei ny lov om norsk språk må det kome til uttrykk at norsk har to offisielle skriftstandardar, bokmål og nynorsk. St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk omtalar bokmål og nynorsk som lingvistisk sett to variantar av norsk språk, men det heiter også at dei som skriftformer fungerer som eigne språk. Kva som er eit eige språk, kan definerast anten ut frå lingvistisk avstand eller på politisk grunnlag. Språk som står like nær einannan som bokmål og nynorsk, kan med god grunn kallast ulike språk. Kvar for seg er nynorsk og bokmål like mykje språk i seg sjølve som svensk og dansk, samisk og kvensk er det, men dei skal samstundes reknast som to variantar av norsk. Ordet målform vart allereie på slutten av attenhundretalet teke i bruk for å omtale denne delte statusen. Det kan framleis vere nyttig når ein skal omtale dei to språka i høve til kvarandre, til dømes i skuleverket.

I den gjeldande mållova er nemninga «jamstilte skriftspråk» bruka i § 1, medan «språkønske» er nytta i § 6 om den målforma eit privat rettssubjekt ønskjer at staten skal bruke i skriv til han eller henne. Elles er «målform» nytta gjennomgåande i mållova.

Målform er likevel ikkje ein naudsynt term å bruke i språklova. Det kan dessutan skape mistydingar og sende uheldige signal om han blir bruka i staden for skriftspråk. Når tilnærmingspolitikken er forlaten og bokmål og nynorsk no skal normerast på sjølvstendig grunnlag, er det grunn til å understreke at dei er to norske skriftspråk. Det er viktig at språklova nyttar termar som fremjar jamstilling mellom nynorsk og bokmål, og som gjer det tydeleg at nynorsk er eit språk på line med bokmål, både som språksystem og som politisk realitet. Framlegget til språklov slår derfor fast at nynorsk og bokmål er norske skriftspråk.

Departementet understrekar at det å rekne bokmål og nynorsk som to separate skriftspråk ikkje står i vegen for å omtale norsk som eitt språk.

Ordet målform kan framleis brukast, og ein må ikkje skifte til ordet språk i alle samansetningar der ordet mål inngår i dag. Til dømes vil Språkrådet ikkje tilrå termane hovudspråk og sidespråk som erstatningar for hovudmål og sidemål. Der det er mogleg, bør opplæringsfeltet bruke nynorsk og bokmål. Mål er eit godt norsk ord, som ikkje bør gå av bruk, og ordet målform kan iblant vere naudsynt for å omtale tilhøvet mellom språka. Føremålet med forslaget er heller ikkje å ta stilling i ein lingvistisk debatt om kva som skal til for å rekne noko som språk eller dialekt.

12 Føremål, definisjonar og verkeområde for lova

12.1 Føremål

12.1.1 Gjeldande rett

Statusen til og bruken av norsk språk i dag har ikkje eit formelt rettsgrunnlag.

Grunnlova stilte tidleg krav om obligatorisk kjennskap til «Landets Sprog» for alle embetsmenn. I den justerte versjonen av Grunnlova etter 1814 (den såkalla novembergrunnlova) kom det inn eit par føresegner som presiserte at «det Norske Sprog» skulle brukast i Noreg. Det heitte i § 33: «Alle Forestillinger om Norske Sager, saavelsom de Expeditioner, som i Anledning deraf skee, forfattes i det Norske Sprog.» Tilsvarande heitte det i § 81: «Alle Love udfærdiges i det Norske Sprog, […].» Desse føresegnene hadde som føremål å hindre bruk av svensk som forvaltningsspråk i Noreg.

Uttrykket «det Norske Sprog» finst ikkje i Grunnlova i dag. I nynorskversjonen av Grunnlova er «Noregs språk» bruka i § 114 (og i bokmålsversjonen «landets språk»): «Til embete i staten kan det berre utnemnast norske borgarar som talar Noregs språk.»

Føresegna regulerer uansett berre krav til embetsmenn. Eit krav om å tale Noregs språk for dei som har dei øvste stillingane i statsforvaltninga, kan nok tolkast som at norsk er forvaltnings- og administrasjonsspråket for den norske staten. Men det kan også lesast smalare – som eit kompetansekrav.

Mållova inneheld føresegner som indirekte stiller krav om bruk av norsk språk i det offentlege. Men det er ingenting i reglane som kan tolkast som krav om å bruke norsk i motsetnad til til dømes engelsk eller andre språk. Mållova regulerer berre fordelinga mellom nynorsk og bokmål i norskspråkleg tilfang.

Reglane for målbruk i offentleg teneste har ei lang forhistorie. Jamstillingsvedtaket frå 1885 er eit prinsippvedtak. Då gjorde Stortinget eit plenumsvedtak som oppmoda regjeringa om «at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog».

Førearbeida til vedtaket viser at statsadministrasjonen rundt 1885 ikkje tolererte å få brev på landsmålet (nynorsk). Det var heller ikkje rett fram for lærarar å ta i bruk landsmålet i skulen, og tilsette i statsadministrasjonen fekk ikkje lov til å bruke landsmålet i verken skrift eller tale. Det ser ikkje ut til at vedtaket fekk praktiske konsekvensar for statsadministrasjonen den første tida. I skuleverket fekk likevel vedtaket tidleg stor verknad. Framlegget gjekk ut på at «Ungdomen paa landet maa læra aa lesa det vanlege Bokmaalet» på same vis som at «Ungdomen i Byarne bør faa nokot Kunnskap i Folkemaalet»

Bjørhusdal, Eli (2014). Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005.

.

Jamstillingsvedtaket er på mange måtar den tydelegaste formuleringa av statusen til norsk språk i dag. Vedtaket gjev norsk språk, nynorsk og bokmål, status som bruks- og kulturspråk på alle samfunnsområde.

Dagens mållov har likevel ingen klar føremålsparagraf. Det er § 1 første ledd som slår fast likeverdsprinsippet og jamstillingsprinsippet som i dag gjeld for offentlege organ:

«Bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune.»

Uttrykket «likeverdige» vart nærare presisert i St.meld. nr. 15 (1968–69) Om språksaka:

«Med ordet ‘likeverdige’ slår ein fast at begge språkformer skal respekterast og odlast på lik line. Likeverdsprinsippet går med andre ord ut på at begge skriftspråka har lik eigenverdi og er fullverdige skriftuttrykk for norsk språk.»

Jamstillingsprinsippet gjeld altså for alle offentlege organ, sjølv om dei nærare reglane i mållova berre gjeld for statsorgan.

På eitt område er det i dag likevel eit eksplisitt lovbasert rettsvern for norsk språk. Universitets- og høgskulelova fekk i 2009 ein eigen paragraf, § 1-7, som fastset at institusjonane har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk.

I artikkel 3 i den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta) går det fram at den ratifiserande staten kan verne både regions- og minoritetsspråk og «offisielle språk som er mindre brukt på hele eller deler av dens territorium». Til dømes har Finland valt å verne det offisielle språket svensk etter denne artikkelen. Då Noreg ratifiserte pakta, kunne nynorsk fått vern som eit mindre bruka, offisielt jamstilt skriftspråk, men fekk det altså ikkje. Nynorsk er i dag ikkje eit minoritetsspråk etter definisjonane i minoritetsspråkpakta, men eit mindretalsspråk med offisiell status, eit mindre bruka nasjonalspråk.

12.1.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet karakteriserte departementet presset mot norsk språk i dag som eit domenetap til engelsk. I språkvitskapen blir domenetap bruka om situasjonar der eit språk blir fortrengt av eit anna (større) språk innanfor ulike samfunnsområde og fagområde. Døme på slike samfunnsområde er forsking, undervisning, faglitteratur, medium, religion, teknologi, næringsliv osb.

Departementet meinte det var behov for å sikre posisjonen det norske språket har som samfunnsberande språk, eit felles språk i bruk på alle domene. Derfor føreslo departementet ein føremålsparagraf til språklova med formuleringa «å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg».

Formuleringa styrkje vart bruka for å signalisere at det krevst aktive tiltak i det offentlege for at norsk skal halde på posisjonen som samfunnsberande. Departementet slo fast at formuleringa å sikre norsk språk inneber at offentlege organ ikkje kan gjere vedtak som fører til at norsk mistar domene i verksemda til organet.

Omgrepet samfunnsberande språk i framlegget til § 1 sikta til eit overordna fellesspråk som blir bruka til administrasjon og samfunnsdebatt i det moderne, fleirkulturelle samfunnet vårt, som held storsamfunnet saman og gjev det identitet. Det var ikkje meint at ei slik lovfesting skal hindre gode leve- og utviklingsvilkår for andre språk som er i bruk i det norske samfunnet.

Med omgrepet fullverdig meinte departementet at språket har ein slik status at det kan brukast som fellesspråk i dei aller fleste samanhengar, og at det har eit spesialisert ordtilfang som gjer at det er i levande bruk i alle delar av samfunnslivet, på alle bruksområde.

For å sikre institusjonell støtte til eit fellesspråk som norsk er i Noreg, meinte departementet det var nødvendig å ta inn i framlegget til føremålsparagraf at det offentlege har ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk.

Departementet meinte vidare at det er nødvendig at språklova inneheld ein eksplisitt intensjon om å fremje det minst bruka norske skriftspråket. Argumentasjonen var at dersom norsk skal vere eit samfunnsberande språk, må nynorsk sikrast særskilt, fordi det som mindretalsspråk er i ein meir utsett posisjon. Departementet føreslo derfor i § 1 andre ledd andre punktum at det offentlege skal «fremje det minst brukte norske skriftspråket» som ein del av det generelle ansvaret staten har for norsk språk.

Departementet føreslo i eit eige ledd at det offentlege skal «verne og fremje» samiske språk, jf. forslag til § 1 tredje ledd. Eit eige ledd slår også fast det ansvaret det offentlege har for å «verne og fremje» norsk teiknspråk, kvensk, romani og romanes.

12.1.3 Høyringa

Riksmålsforbundet støttar framlegget om ei eiga språklov:

«Det økende presset fra engelsk gjør det nødvendig å lovfeste bruk av norsk som hovedregel i offentlig virksomhet og i undervisningssektoren. Fremmedspråk skal bare unntaksvis brukes som fellesspråk. Loven vil sende et sterkt signal også til privat sektor om at samfunnet regner norsk som hovedspråket. Språket er vår viktigste kulturverdi og uløselig knyttet til både vår nasjonale og personlige identitet. Hittil har vi tatt det som en selvfølge at bokmål og nynorsk utgjør vårt nasjonalspråk. Det er vårt ansvar som kulturnasjon å ta godt vare på det, og en egen språklov er et nødvendig virkemiddel i en stadig mer globalisert verden.»

Det Norske Akademi for Språk og Litteratur «hilser Kulturdepartementets utkast til lov om språk velkommen, og ser klare likhetstrekk mellom Akademiets og lovens formål». Noregs Mållag er «i hovudsak nøgd» med lova, som dei meiner har eit «offensivt» føremål. Andre nynorskorganisasjonar, som Norsk Målungdom, Kringkastingsringen, Høgnorskringen, Nynorsklaget, Norskt Måldyrkingslag, Ivar-Aasen-sambandet, Ås Mållag, Ullensvang Mållag og Kristiansand Mållag støttar også dei overordna føremåla med lova. Landslaget for språklig samling meiner at «framlegget til språklov er svært bra».

Sametinget ser det som viktig og nødvendig at det blir lagt fram ei heilskapleg språklov:

«Selv om ny språklov ikke endrer de samiske språkenes status eller språkenes rettslige situasjon, har loven likevel stor verdi.»

Norges Døveforbund skriv:

«Vi er ubeskrivelig stolt og takknemlig for at staten tar ansvaret for å erklære tegnspråk som nasjonalt språk (under § 7). Vi vet at vi snakker på vegne av hele tegnspråkmiljøet når vi sier det. Tegnspråk som et språk har blitt undertrykt gjennom århundrer og det er av stor betydning at det har blitt ført inn i språkloven.»

Forening for norsk tegnspråk seier at det er «en stor glede at myndighetene nå ønsker å lovfeste statusen for norsk tegnspråk i det norske samfunnet. Det er mye kunnskapsløshet om tegnspråk i samfunnet vårt og vanskelig å nå ut med informasjon om språket. Vi er sikre på at lovfestet status vil gjøre vårt kunnskapsspredningsarbeid lettere i framtiden».

Kven Østlandet «er i utgangspunktet positiv til at det foreslås en mer generell språklov enn den nåværende lov om målbruk i offentleg teneste. En slik ny lov vil over tid ha stor betydning for såvel norsk som de øvrige språkene som har historisk hjemstavn i Norge (kvensk, romani, romanes og samiske språk)».

Språkrådet meiner at med «forslaget frå Kulturdepartementet til ei ny, heilskapleg språklov får vi lovfesta viktige prinsipp i den norske språkpolitikken som hittil ikkje har vore formulerte i lovs form. Det er svært gledeleg, og Språkrådet ønskjer lovframlegget velkome».

Dei einaste høyringssvara som seier noko i retning av at lova ikkje bør leggjast fram for Stortinget, er svara frå Bokmålsforbundet Sunnmøre og Bokmålsforbundet, som vil «oppfordre Stortinget til å avvise forslaget til språklov i sin helhet». Men også andre høyringsinstansar har merknader til både innhald og struktur i mange av enkeltframlegga.

Språkrådet innvender at føremålsparagrafen må omformulerast noko slik at det ikkje «oppstår tvil om at alle dei nemnde språka har lik verdi som bruksspråk»:

«Når norsk språk i første ledd blir omtalt som ‘fullverdig’, kan det lett oppfattast som at norsk blir vurdert som eit ‘betre’ språk enn dei andre språka som er nemnde i paragrafen, som ikkje blir omtalte som fullverdige.»

Døveforbundet er inne på noko av det same: «Vi liker ikke forskjellsbehandlingen, dvs. ‘norsk’ får ordlyden om fullverdig språk, mens ‘norsk tegnspråk’ ikke får det. Vi mener at det som står om ‘norsk’ skal stå om ‘norsk tegnspråk’ også.» Døveforbundet meiner likevel at det implisitt i formuleringa i § 7 Norsk teiknspråk er å forstå at norsk teiknspråk også er fullverdig ettersom det får føreslått status som nasjonalt teiknspråk.

Språkrådet meiner også at ansvarsformuleringane ikkje er høvelege, men konkluderer med at dei tre ledda som formulerer det offentlege ansvaret for språk, blir tildelte ei eiga føremålsformulering.

Sametinget meiner det offentlege ansvaret for samiske språk må vere formulert slik lova formulerer ansvaret for norsk språk. Pålegget det offentlege får i § 1 andre ledd, er å «bruke, utvikle og styrkje» norsk språk, medan pålegget som gjeld samiske språk i § 1 tredje ledd, er «å verne og fremje».

Det Norske Teatret meiner at lovframlegget fremjar eit viktig prinsipp om mindretalsomsyn. Dette mindretalsomsynet kjem fram gjennom formuleringa om at det offentlege har eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk språk, ettersom det er under eit særleg press som mindretalsspråk. Det Norske Teatret meiner likevel det er uheldig at nynorsk språk ikkje er nemnt spesifikt i framlegget til ordlyd i § 1 andre ledd andre punktum:

«Slik formuleringa står i framlegget frå regjeringa, er det mogleg å tolke det som at bokmål er det minst brukte av dei to norske skriftspråka i område der nynorsk er det mest brukte språket. Men ingen norske språkbrukarar manglar tilgang til bokmål. Det er derfor viktig å presisere at ansvaret gjeld nynorsk.»

Det Norske Akademifor Språk og Litteratur påpeikar at nynorsk ikkje er eit minoritetsspråk etter definisjonane i minoritetsspråkpakta, slik departementet også gjer greie for i høyringsnotatet. Dei meiner at prinsippet om likeverd mellom nynorsk og bokmål ikkje tilseier at nynorsk skal vernast særskilt:

«Dette at færre bruker nynorsk, er etter Akademiets mening ingen rimelig grunn til å sette bokmålet i annen rekke. Man kunne like gjerne argumentere med at den mest brukte målformen burde styrkes. Allikevel vil vi fastholde prinsippet om likeverdighet og ber om at regjeringen også gjør det samme.»

12.1.4 Departementets vurdering

Departementet understrekar at formuleringa «fullverdig språk» i føremålsparagrafen i høyringsnotatet ikkje må skape tvil om at alle språka som har vern i lova, har lik eigenverdi og lik verdi som bruksspråk.

Departementet erkjenner at ein slik tvil kan oppstå når ordet fullverdig er bruka i omtalen av norsk språk, men ikkje i omtalen av dei andre språka. I høyringsnotatet vart omgrepet fullverdig forklart slik:

«Med omgrepet fullverdig er meint at språket har ein slik status at det kan brukast som fellesspråk i dei aller fleste samanhengar, og at det har utvikla eit spesialisert ordforråd som gjer at det er i levande bruk i alle delar av samfunnslivet, på alle bruksområde.»

Omgrepet fullverdig er også definert i høyringsnotatet og har eit noko anna meiningsinnhald enn det Døveforbundet fryktar blir lagt i ordet, nemleg at norsk teiknspråk ikkje er fullverdig, i tydinga ikkje eit ordentleg språk. Departementet viser til at ei slikt syn på teiknspråk vil vere utelukka etter framlegget til § 7 om norsk teiknspråk, som slår fast at norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket. Ein status som nasjonalt teiknspråk kan tilkjennast norsk teiknspråk nettopp fordi det er eit fullverdig språk.

Etter ei heilskapsvurdering vil departementet unngå ordet «fullverdig» i § 1. I staden vil løysinga vere å skrive meiningsinnhaldet i omgrepet fullverdig direkte inn i regelen i § 1 første ledd.

Fleire høyringsinstansar innvender at framlegget til ansvarsreglar i § 1 andre, tredje og fjerde ledd i høyringsnotatet ikkje har karakter av å vere føremålsformuleringar, og at ansvarsreglane derfor heller bør stå i ei eiga føresegn om offentleg ansvar for språk.

Departementet meiner det er svært viktig at ansvaret det offentlege har for språk, kjem fram nettopp i føremålsføresegna. Språklova er ei offentlegrettsleg regulering, og det er viktig å markere styringsfunksjonen lova skal ha – allereie i føremålsparagrafen. Å sikre at offentlege organ tek ansvar for språka Noreg har ansvar for, er ein viktig del av føremålet. Dei nærare føresegnene skal sikre at det offentlege tek særleg ansvar for språka som er nemnde i føremålsparagrafen. Departementet vidarefører derfor framlegget i høyringsnotatet om at ansvarsreglane skal gå fram av føremålsparagrafen, men endrar formuleringa av reglane, slik at dei blir tydelegare som nettopp føremålsformuleringar.

Dei ulike reglane i språklova sikrar bruk, utvikling og styrking av norsk språk slik: Offentlege organ vil brukenorsk på ein måte som tener føremålet i lova når dei etterlever reglane om bruk av nynorsk og bokmål. Offentlege organ vil utvikle norsk når dei til dømes tek ansvar for å ha norske namn som følgjer offisiell rettskriving, og når dei skriv eit klart og mottakarretta forvaltningsspråk. Offentlege organ vil styrkje norsk når dei fremjar mindretalsspråket nynorsk og held fram med å bruke norsk som hovudspråk i den sektoren dei representerer.

Sametinget meinte at ansvaret det offentlege har for dei samiske språka, bør bli omtala med tilsvarande verb som er nytta for norsk språk, nemleg bruke, utvikle og styrkje. Departementet meiner at dette ikkje er problematisk, så lenge regelen i språklova om ansvar for å bruke, utvikle og styrkje samiske språk viser til at dette går fram av reglane i samelova. Det følgjer av samelova § 3-12 at «Sametinget skal arbeide for vern og videre utvikling av samiske språk i Norge». Sametinget gjer dette gjennom språkpolitikken sin og dei tiltaka dei har for samiske språk. Når det gjeld sjølve normeringsarbeidet, blir det gjort av Sámi Giellagáldu, som no er eit fast samarbeid mellom sametinga i Norden for å sikre lik utvikling av dei samiske språka. Etter Grunnlova går det rett nok fram at styresmaktene skal leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle dei samiske språka, men dette er meint som eit ansvar for å leggje til rette for at dette kan skje. Staten legg til dømes til rette for utvikling og bruk av samiske språk ved å gje Sametinget ansvaret for dette, jf. samelova § 3-12.

Regelen i § 1 andre ledd bokstav b er etter dette ei rein tilvising til reglane i samelova kapittel 3 og dei detaljerte føresegnene der. For norsk språk, derimot, er det framlegget til språklova som også inneheld særlovgjevinga (lex specialis) på det rettsområdet som omfattar bruk av bokmål og nynorsk i offentleg teneste.

Ettersom ein med lovframlegget erkjenner behovet for vern av norsk språk, må ein også erkjenne at sjølv om nynorsk og bokmål er formelt jamstilte og likeverdige etter gjeldande rett og etter forslaga til ny språklov, er realiteten i dag at nynorsk er under eit langt sterkare press enn bokmål. Nynorsk har lågare sosial status, og nynorskbrukarane i landet er i mindretal og har smalare tilgang til opplæringsspråket og daglegspråket sitt i massemedium, bøker og offentleg forvaltning. Denne kombinasjonen fører i mange tilfelle til eit språkskifte bort frå nynorsken. Departementet føreslo derfor i § 1 andre ledd andre punktum å gjere det til ein del av føremålet med lova at offentlege organ som ein del av det generelle ansvaret for norsk språk skal «fremje det minst brukte norske skriftspråket». Departementet skreiv i høyringsnotatet:

«Det tyder også at situasjonen for nynorsk skal vurderast i all politikkutvikling, der norsk språk er relevant. Formuleringa ‘det minst brukte skriftspråket’ er synonymt med nynorsk, men er valt for å gjere det klart at det er mindretalsposisjonen til nynorsk som utløyser eit særskilt ansvar for å fremje nynorsk som samfunnsberande språk.»

Departementet meiner klart at det ikkje er grunnlag for å tolke framlegget til § 1 andre ledd andre punktum slik Det Norske Teatret fryktar. Departementet vel likevel å vidareføre formuleringa som eksplisitt formidlar at det er nynorsk som skal sikrast dette vernet, og at det er mindretalsposisjonen som utløyser behovet for slikt vern.

Departementet har merkt seg at Det Norske Akademi for Språk og Litteratur ikkje støttar prinsippet om at mindretalsomsyn også skal gjelde for nynorsk som språk. Dei meiner at når færre brukar nynorsk enn bokmål, kunne ein like «gjerne argumentere med at den mest brukte målformen burde styrkes».

Departementet vil i denne samanhengen vise til side 13 i høyringsnotatet:

«Internasjonalt er språkvern eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Retten til å ytre seg på sitt språk og aksept for språket som ein integrert del av nasjonal kultur og tradisjon, heng saman med ei plikt for staten til å halde språket i hevd og å gjere språket tilgjengeleg i samfunnet. Det er vanleg at språklege majoritetar i demokratiske samfunn aksepterer at staten har ansvar for å ta vare på mindretala og minoritetsspråka i samfunnet. Det er vanskelegare å få aksept for at eit slikt ansvar krev særlege tiltak; at det som mange oppfattar som ‘urettferdig særbehandling’, er nødvendig for å få eit rettferdig resultat.»

Departementet understrekar at språklova også innlemmar bokmål i eit eksplisitt språkbevarings- og språkstyrkingsperspektiv. Språkstyrkingsperspektivet gjeld alle språka forslaget til språklov femner om, jf. side 4 i høyringsnotatet:

«Framlegget til språklov er eit uttrykk for at språk treng konkret og symbolsk institusjonell støtte for å ha gode levevilkår. Det gjeld majoritetsskriftspråket bokmål, og det gjeld nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket. Fellesspråket norsk treng vern, og dei ulike språklege mindretala i Noreg, medrekna nynorsbrukarane, treng i denne situasjonen eit mindretalsvern.»

Departementet les Det Norske Akademi for Språk og Litteratur slik at dei ikkje er imot mindretalsvern når slikt vern rettar seg mot dei språka som er minoritetsspråk etter definisjonen i bokstav i) i den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta. Der står det at eit regions- eller minoritetsspråk er eit «språk som tradisjonelt brukes innenfor et gitt område av en stat av borgere av denne stat som utgjør en gruppe som er tallmessig mindre en resten av statens befolkning». Nynorsk er ikkje eit minoritetsspråk etter denne definisjonen. Med eit nasjonalt blikk er likevel nynorskbrukarane ei språkbrukargruppe som utgjer eit nasjonalt språkleg mindretal. Språket har nasjonalt opphav og har ein sjølvstendig identitetsmessig og kulturell verdi. Ettersom nynorsk kunne ha vore omfatta av pakta, og ettersom ein i nasjonal samanheng erkjenner at nynorsk er eit mindre bruka språk, ser departementet ingen gode grunnar til å utelate nynorsk frå det nasjonale mindretalsvernet som andre språk får.

Framlegget til reglar om å «verne og fremje» i lova er meint å ha den same funksjonen som ordparet «skydda och främja» i den svenske språklova. I verbet verne ligg først og fremst eit ansvar for å hindre at språket møter manglande respekt og får negative sanksjonar. Føresegnene om vern er eit lovfesta hinder mot språkleg diskriminering, som går vidare enn antidiskrimineringsreglane i lov om likestilling og forbud mot diskriminering § 6. I Prop. 81 L (2016–2017) Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven) framgår det at likestillings- og diskrimineringslova forbyr diskriminering på grunnlag av etnisitet. Språk er berre eit element i forståinga av etnisitetsomgrepet i diskrimineringslova. Diskriminering av språk aleine er derfor ikkje tilstrekkeleg for å hevde seg diskriminert på bakgrunn av etnisitet. I språklova er derimot pålegget om å verne til dømes nasjonale minoritetsspråk, norsk teiknspråk, nynorsk eller samiske språk meint å verne språka i seg sjølve og dei språklege identitetane mot negative sanksjonar. Det er ingen sanksjonar i lova.

I språklova betyr formuleringa å fremje språka å gje tilgang til språka utover det som følgjer av særlovgjevinga. Det offentlege skal aktivt styrkje språka. I verbet fremje ligg det òg at det offentlege skal ha visse støttande tiltak overfor dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk, i tråd med andre lover og forskrifter og folkerettslege avtalar.

Sjølv om formuleringa «verne og fremje» er bruka om både nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk, vil ikkje det innebere det same for kvart av språka. Situasjonen for, posisjonen til og bruken av dei ulike språka varierer mykje, og kva plikter det offentlege har overfor kvart av dei, vil uansett avhenge av ei konkret vurdering for kvart enkelt språk.

Kvensk, romani og romanes har vern etter del II av minoritetsspråkpakta. Korleis ein skal verne og fremje desse språka, må ta utgangspunkt i ei konkret vurdering av kva som er høveleg for kvart enkelt språk. Slike vurderingar vil mellom anna basere seg på talet på språkbrukarar og tradisjonen for å bruke språket innanfor ulike livsområde.

Regelen om å fremje norsk teiknspråk er meint å gje omsynet til norsk teiknspråk større vekt i pågåande prosessar og i tolking av eksisterande regelverk.

I rapporten Språkstatus 2017 hevdar Språkrådet at «høyrande foreldre som får døve barn, opplever at det kan vere vanskeleg å få informasjon om dei tilboda og moglegheitene som finst for barnet dei har fått». Språkrådet hevdar vidare at «fordommar mot teiknspråk bidrar til at mange foreldre vel å ‘vente og sjå’ før dei gjev barnet sitt opplæring i teiknspråk. I mange tilfelle ser vi at språkutviklinga hos barna både på norsk og norsk teiknspråk blir forseinka på grunn av slik venting». Som for dei andre språka betyr verne og fremje i framlegget til språklov at norsk teiknspråk ikkje skal møte negative sanksjonar, jf. framlegget til § 1 fjerde ledd om at det offentlege skal verne og fremje norsk teiknspråk.

12.2 Definisjonar

12.2.1 Gjeldande rett

Lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) regulerer skriftleg språkbruk i dei konkrete språkbrukssituasjonane, der statsorgan publiserer allment tilgjengeleg tilfang og i dei situasjonane der statsorgana kommuniserer direkte med private rettssubjekt og kommunar.

Mållova nyttar uttrykk som skriv, rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfangog liknande om ulike typar av tekstdokument som blir utveksla mellom statsorgan og private rettssubjekt, eller dokument som på annan måte blir gjorde tilgjengelege for ein større eller mindre krins. Lova har elles ingen definisjon som avgrensar eller presiserer dokumentomgrepet på generelt grunnlag.

Det ligg derimot ei avgrensing i § 2 om at dei nærare reglane i lova ikkje gjeld for internt saksarbeid og munnleg målbruk. Ei antitetisk tolking tilseier at reglane dermed må gjelde for ekstern skriftleg kommunikasjon. Elles er det i administrativ praksis gjennom alle år lagt til grunn at lova gjeld uavhengig av teknologiske dokument- og kommunikasjonsformer.

12.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

Vurderinga departementet gjorde i høyringsnotatet, var at dei ulike uttrykka skriv, rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang og liknande i mange samanhengar er utdaterte, vanskeleg tilgjengelege og vanskelege å halde frå einannan.

For å unngå all tvil om kva slags dokument- og kommunikasjonsformer språklova gjeld for, føreslo departementet å ta inn i lova ein teknologinøytral dokumentdefinisjon som i dag finst i tilpassa form både i arkivlova, pliktavleveringslova, forvaltningslova og offentleglova.

Departementet føreslo vidare å definere formuleringa «allment tilgjengelege dokument». Framlegget var å bruke formuleringa om alle eksterne dokument som ikkje er stila til éin eller fleire enkeltadressatar.

Departementet føreslo å bruke uttrykket «offentlege organ» som samleomgrep for statlege, fylkeskommunale og kommunale organ, og «offentleg tilknytte organ» som samleomgrep for sjølvstendige rettssubjekt som har ei slik tilknyting til stat, fylkeskommune eller kommune at dei er omfatta av språklova.

Departementet gjorde også framlegg om å definere «statsorgan» i ein eigen definisjon. Ein meinte dette var nødvendig for å gjere det tydeleg i lova at når «statsorgan» står på subjektsplass i pliktreglane, kan ordet referere både til ordinære statsorgan og til sjølvstendige rettssubjekt med statleg tilknyting. Definisjonsparagrafen skulle på denne måten vere eit hjelpemiddel for å rydde i gråsonene for slik å få betre gjennomslag for reglane i staten.

12.2.3 Høyringa

Oppsummert handlar innvendingane mot definisjonsparagrafen anten om at omgrep som er definerte, er unødvendige å definere, eller at omgrep som treng ein definisjon, ikkje er definerte.

Språkrådet meiner framlegget til § 2 Definisjonar ikkje viser godt nok samsvar mellom omgrepsbruken i lova og det som blir definert i dei fem bokstavpunkta i forslaget til § 2. Dei meiner til dømes at omgrep som «dokument» (definert i arkivlova) og «allment tilgjengelege dokument» er nokså godt kjende. Desse er definerte i § 2, medan omgrep som ikkje kan reknast som allment kjende, som «språkvedtak» og «fleirtalsspråk», ikkje er det. I tillegg ber Språkrådet departementet vurdere om det bør lagast ein eigen definisjon av «fylkeskommune», over same leist som definisjonen av «statsorgan».

Norsk Målungdom meiner omgrepet «språknøytral», som ikkje er definert i framlegget til lova, er misvisande og føreslår å bruke omgrep som «tospråkleg» eller «fleirspråkleg» i staden for:

«Norsk Målungdom meiner at omgrepet ‘språknøytral’ er misvisande, og at ein heller bør nytte nemningane ‘tospråkleg’ eller ‘fleirspråkleg’. Oppfatninga vår er at omgrepet ‘språknøytral’ i røynda tyder bokmål, og at såkalla nøytrale område sjeldan tar eit ansvar for nynorsken. Å kalle slike kommunar og fylke for ‘fleirspråklege’ gjer det tydelegare at ein har ansvar for både nynorsk og bokmål, så vel som samiske språk og kvensk der det er aktuelt.»

Universitetet i Oslo meiner at omgrepa «offentleg organ» og «offentleg tilknytte organ» er eigna til å forvanske lovlesinga og kan gjere tilhøvet til andre lover unødvendig uklart.

12.2.4 Departementets vurdering

Departementet har vurdert innvendingane i høyringa. For å unngå tvil om kva slags dokument- og kommunikasjonsformer språklova gjeld for, er det viktig med ein teknologinøytral dokumentdefinisjon. Framlegg til reglar om bruk av bokmål og nynorsk i §§ 12 til 18 omfattar ikkje munnleg målbruk. Departementet understrekar at tekst som skal tene som grunnlag for opplesing ved hjelp av ei kunstig røyst, er omfatta av dokumentdefinisjonen.

Departementet meiner det er nødvendig å definere «dokument» og «allment tilgjengelege dokument» i framlegget til ny språklov, fordi allmennforståinga av omgrepet «dokument» er nokså utbreidd. Korleis omgrepet er å forstå i lova, er derimot ikkje nødvendigvis overlappande med den tydinga omgrepet har i allmennspråket. Erfaring frå tilsynet med den gjeldande mållova viser dessutan at statsorgana treng rettleiing i kva type tekstar som vil falle inn under det som i framlegget til § 2 bokstav b vil bli heitande «allment tilgjengelege dokument». Av pedagogiske grunnar er derfor merknaden til § 2 i språklova ei presisering av kva dokumenttypar allment tilgjengelege dokument omfattar. Innhaldet er ei ikkje-uttømmande opplisting av dokumenttypar. Relevante døme på tekstar i kategorien allment tilgjengelege dokument er nettekstar retta mot allmenta, brosjyrar, informasjonstekstar, nyhendetekstar, stillingslysingar, pressemeldingar og liknande. Departementet vidarefører derfor bokstav a og b i framlegget til § 2 Definisjonar.

Departementet noterer seg framlegget frå Norsk Målungdom om å byte ut omgrepet «nøytral» med «tospråkleg» eller «fleirspråkleg». Norsk Målungdom meiner at omgrepet «språknøytral» i røynda tyder bokmål, og at såkalla nøytrale område sjeldan tek ansvar for nynorsken.

Departementet vil påpeike at når ein kommune gjer eit vedtak om å vere språknøytral, jf. framlegg til § 11 Kommunale og fylkeskommunale språkvedtak, er det ein beskjed om at staten ikkje treng å binde seg til bokmål eller nynorsk i skriv til kommunen. Det kan vere mange grunnar til at ein kommune er språknøytral. Mange kommunar som har gjort vedtak om å vere nøytrale, eller som ikkje har gjort noko eksplisitt vedtak, er i praksis bokmålskommunar, der nynorsk ikkje er i bruk som opplæringsmål eller i kommuneadministrasjonen. Dette gjeld ei lang rekkje kommunar utanfor Vestlandet og dalføra på Austlandet, mellom anna Oslo kommune. Somme nøytrale kommunar er også i praksis nynorskkommunar, som til dømes Hå kommune på Jæren. Dersom ein byter ut omgrepet «nøytral» med «tospråkleg» eller «fleirspråkleg», vil det innebere at kommunar som i praksis er reine bokmålskommunar eller reine nynorskkommunar, kjem i kategorien «tospråkleg». Dette vil igjen innebere at omgrepet ikkje speglar den språklege realiteten. Dessutan kan slik bruk av omgrepa «tospråkleg» og «fleirspråkleg» føre til misforståingar, ettersom ein kunne tru at det var tale om kommunar med norsk og eit samisk språk eller kvensk. Departementet deler analysen til Norsk Målungdom om at til dømes regionale statsorgan som er språkleg nøytrale, i praksis berre brukar bokmål. For å bøte på dette meiner departementet at det heller må lagast reglar som sikrar veksling mellom to skriftspråk i nøytrale regionar, slik framlegga til § 13 Veksling mellom nynorsk og bokmål i allment tilgjengelege dokument er.

Når det gjeld framlegget til definisjonar av dei ulike offentlege organa, følgjer departementet tankegangen til Universitetet i Oslo om at omgrepet «offentleg tilknytte organ» er eigna til å forvanske lesinga av lova. Omgrepet er også overflødig i framlegget til lovtekst. Framlegget til definisjonen av «offentleg organ» reflekterer § 3 første ledd, som langt på veg tilsvarar offentleglova § 2. Departementet legg til grunn at i den paragrafen inngår alle relevante tilknytingar.

Departementet meiner det er nødvendig å definere omgrepet «statsorgan» som ein underkategori av «offentleg organ». Det bør kome tydeleg fram i lova.

Departementet meiner dessutan etter høyringsrunden at det er nødvendig å definere omgrepa «sentrale statsorgan» og «regionale statsorgan» i § 2 Definisjonar. Det gjeld til dels eigne reglar for desse to typane statsorgan, og for pliktsubjekta sjølve er det viktig å vite kven dei er. Departementet vidarefører dei definisjonane som i dag er formulerte i § 3 i forskrift om målbruk i offentleg teneste.

12.3 Verkeområdet for språklova

12.3.1 Gjeldande rett

Mållova §§ 1 og 2 fastset verkeområdet for lova. Gjeldande § 1 fastset at «[b]okmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstelte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune». Etter mållova § 2 gjeld likevel nærare reglar om plikt til å nytte bokmål og nynorsk berre for «statstenesta». Kva verkeområde desse reglane har, kjem derfor an på ei tolking av omgrepa «organ for stat» og «statstenesta».

I Ot.prp. nr. 52 (1978–79) Lov om målbruk i offentleg teneste er det slått fast at ei rekkje organ utan vidare må reknast som statsorgan. Den sentrale statsadministrasjonen med departementa og deira direkte underliggjande organ, anten desse er sentrale forvaltningsorgan (til dømes direktorat), regionale forvaltningsorgan (til dømes fylkesmannsembete) eller lokale forvaltningsorgan (til dømes lensmannskontor), er framheva. Det er også nemnt at forvaltningsbedriftene (til dømes tidlegare Postverket og Televerket) måtte reknast som statsorgan i denne samanhengen.

I den same proposisjonen går det fram at visse institusjonar har ein slik organisasjon eller slike oppgåver at det var naturleg å la målbruksreglane gjelde berre for den administrative delen av verksemda. Ein sikta her til universitet og høgskular og institusjonar innanfor Den norske kyrkja og rettsstellet. Denne avgrensinga vart teken inn i ei særskild føresegn i mållova § 2 andre ledd. Det er likevel fastsett i forskrift 7. juli 1987 nr. 4148 om målform i eksamensoppgåver at eksamenskandidatar ved statlege lærestader har rett til å få eksamensoppgåver i den målforma dei ønskjer.

I § 2 er det også fastsett at målbruksreglane ikkje gjeld Stortinget, Riksrevisjonen, Stortingets ombodsmann for forvaltninga og andre organ for Stortinget. Grunngjevinga var at forvaltninga ikkje skal føre kontroll med verksemda til Stortinget og organ som høyrer inn under Stortinget. Ei tilsvarande avgrensing finst både i forvaltningslova § 4 fjerde ledd og offentleglova § 2 tredje ledd. I mållova § 1 første ledd er det fastsett at «private rettssubjekt» skal reknast som organ for stat, fylkeskommune eller kommune i dei tilfella dei «gjer vedtak eller gjev føresegn» på deira vegner. Også her finst det parallelle føresegner både i forvaltningslova § 1 tredje punktum og i offentleglova § 2 første ledd første punktum bokstav b.

Eit uavklart område i offentleg forvaltning er det som kan kallast blanda etatar, med både statleg og kommunal styringslinje. Denne problemstillinga er særleg aktuell i samband med lokale Nav-kontor i kommunane, som har både ei statleg og ei kommunal styringslinje, og som har både statleg og kommunalt tilsette. Departementet har lagt til grunn at dei er å rekne som statsorgan etter mållova, i tråd med føresegna i målbruksforskrifta § 3 andre ledd, som seier at «[i] høve til reglane om målbruk skal statsorgan som førebur og gjer vedtak, og som utetter framstår som ei eining, reknast for eit eige statsorgan».

I Ot.prp. nr. 52 (1978–79) Lov om målbruk i offentleg teneste (side 15) vart det vidare lagt til grunn at aksjeselskap organiserte etter eiga lov utan vidare måtte reknast som statsorgan etter mållova, medan selskap organiserte etter den vanlege aksjelova og etter lov om visse statsbedrifter frå 1965 fall utanfor. Den siste lova er oppheva, men vi har i staden fått lov om statsforetak av 1991. Her er det i Ot.prp. nr. 32 (1990–91) Om lov om statsforetak gjeve uttrykk for at det er klart at mållova ikkje gjeld for statsføretak. Desse delane av førearbeida indikerer isolert sett at det for aksjeselskap og statsføretak er den rettslege organiseringa aleine som avgjer om mållova gjeld, ikkje kva tenester dei utfører.

Etter dette har Justisdepartementets lovavdeling i to fråsegner frå 1992 og 1993 lagt til grunn at det må gjerast ei heilskapleg vurdering av verksemda når ein skal vurdere om sjølvstendige statstilknytte rettssubjekt er omfatta av mållova eller ikkje. Fråsegna konkluderte med at problemstillinga etter mållova ville vere den same som etter forvaltningslova og den dåverande offentleglova, nemleg at det må kome an på ei konkret vurdering om ei statleg verksemd som er utskild som eige rettssubjekt, skal sjåast som eit organ for staten.

I St.meld. nr. 53 (1991–92) Målbruk i offentlig tjeneste vart det lagt til grunn at det for stiftingar må vurderast særskilt i kvart enkelt tilfelle om dei skal reknast som statsorgan etter mållova. Grunngjevinga var at desse kan ha svært varierande statstilknyting og svært ulike føremål og oppgåver.

I tillegg til stiftingar finst også andre rettssubjekt med offentleg tilknyting som ikkje er organiserte etter dei lovene som det er vist til ovanfor. Somme er organiserte etter eigne særlover (til dømes Vinmonopolet og Innovasjon Noreg). Dei kan elles ha varierande organisasjonsform. Dette inneber at det er fleire typar av rettssubjekt der ein ikkje kan avgjere tilhøvet til mållova på grunnlag av den rettslege organiseringa aleine.

For éi viktig gruppe av verksemder er tvilen fjerna ved at Kulturdepartementet har teke avgjerd i samsvar med fullmakta etter § 3 andre ledd. I forskrift 18. mars 2004 nr. 532 om helseføretak som statsorgan etter lov om målbruk i offentleg teneste er følgjande såleis fastsett:

«Helseføretak og regionale helseføretak etter lov 15. juni 2001 nr. 93 om helseføretak m.m. § 2 er å rekna som ‘organ for stat’ etter lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste § 1 og dermed som ein del av ‘statstenesta’ etter § 2 første ledd i sistnemnde lov.»

Grunnen var at helseføretaka i så utprega grad var ein reiskap for den statlege helsepolitikken, og at dei var så nært knytte til staten organisatorisk og økonomisk at det var liten tvil om at dei måtte reknast som statsorgan etter mållova. I brev 9. februar 2004 støtta Helsedepartementet saksutgreiinga og konklusjonen frå Kulturdepartementet.

Kulturdepartementet har tilrådd at dei aktuelle verksemdene med ulik statleg tilknyting i grenselandet mellom reint statleg og reint privat verksemd vedtektsfestar om mållovsreglane bør gjelde heilt eller delvis.

Utgangspunktet for tilrådinga er dei reglane om målbruk som er fastsette i selskapsvedtektene for tre verksemder i samferdselssektoren. Alle tre er tidlegare forvaltningsorgan eller forvaltningsbedrifter som i dag er organiserte som fullt ut statseigde aksjeselskap, Posten Noreg AS, Vygruppen AS (tidlegare NSB AS) og Avinor AS. Ei slik vedtektsfesting inneber ikkje at selskapet blir direkte omfatta av mållova. Pliktene til selskapet vil i staden følgje av føresegnene i selskapsvedtektene.

Kulturdepartementet har elles eit direkte ansvar for NRK AS. Det er fastsett i den såkalla NRK-plakaten, som er ein del av selskapsvedtektene, at «NRKs tilbud skal i hovedsak ha norskspråklig innhold, og minst 25 pst. av innholdet skal være på nynorsk». Dette byggjer på lang tradisjon og har ikkje direkte samanheng med reglane for bruk av bokmål og nynorsk i mållova.

Departementet understrekar at det som er sagt ovanfor, gjeld kva delar av staten eller kva verksemder i statleg teneste som skal følgje dei konkrete pliktreglane i mållova. Mållova slår overordna fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ for stat, fylkeskommune og kommune. Historisk er utgangspunktet her det såkalla jamstillingsvedtaket i Stortinget 12. mai 1885. Stortinget vedtok då:

«Regjeringen anmodes om at træffe fornøden Forføining til, at det norske Folkesprog som Skole- og officielt Sprog sidestilles med vort almindelige Skrift- og Bogsprog.»

Jamstillingsvedtaket slår fast statusen til dei to norske skriftspråka som jamstilte på to bruksområde, den offentlege administrasjonen og skuleverket. Det er også på desse to viktige bruksområda at stortingsvedtaket seinare er følgt opp og konkretisert gjennom lovverket, gjennom mållova og opplæringslova.

Mållova gjeld i utgangspunktet både i staten og i kommunar og fylkeskommunar. Det betyr at bokmål og nynorsk skal respekterast og haldast i hevd som likeverdige målformer også i kommunesektoren, ikkje berre i staten. Men dei nærare reglane om korleis dette overordna jamstillings- og likeverdsprinsippet skal praktiserast ved hjelp av pliktreglar, gjeld likevel berre i statstenesta.

I dag har fylkeskommunane og kommunane berre rettar etter mållova, ingen plikter. Den retten dei har, er å krevje ei viss målform av staten (§ 5). Anna regulering for fylkeskommunen finst ikkje i gjeldande regelverk. Fylkeskommunen, som eigar av vidaregåande skular, pliktar til dømes ikkje å skrive nynorsk til nynorskelevar. Fylkeskommunen pliktar heller ikkje å skrive nynorsk til nynorskkommunane i fylket og til dømes heller ikkje å bruke noko nynorsk på nettsidene sine, sjølv om fylket femner om nynorskkommunar.

12.3.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet meinte i høyringsnotatet at det er uheldig å vidareføre gråsonene frå mållova til reglane om bruk av nynorsk og bokmål i den nye språklova og gjorde derfor framlegg om ei presisering av regelverket.

I gråsona for verkeområdet for mållova i dag finst det både statsføretak, særlovselskap, stiftingar og aksjeselskap. Dei er alle døme på statstilknytte organ. Statstilknytinga er anten til stades gjennom ei juridisk og organisatorisk binding til staten, eller ved at det statstilknytte organet er ein tydeleg reiskap for staten. Grunnen til at mange statstilknytte organ eksisterer i ei gråsone i dag, er dels at staten er og har vore under omorganisering i lang tid. Dette i seg sjølv gjer at det er vanskeleg å finne klare kriterium for kva statstilknyting som også knyter organet til mållova. Departementet føreslo derfor at språklova tek utgangspunkt i dei kriteria som offentleglova legg til grunn for å bestemme om eit statstilknytt eller offentleg tilknytt organ må følgje reglane i offentleglova.

Framlegget frå departementet var dermed å gjere verkeområdet for språklova heilt overlappande med verkeområdet for offentleglova. Språklova ville derfor etter framlegget gjelde for alle offentlege organ, det vil seie staten, fylkeskommunane og kommunane, slik offentleglova gjeld for dei same organa, jf. § 2 bokstav a. Forslaget til verkeområde for språklova ville på denne måten også vere ei vidareføring av verkeområdet for mållova i dag.

For sjølvstendige rettssubjekt innebar framlegget at dei vart omfatta av språklova dersom dei i dag er omfatta av verkeområdet for offentleglova § 2 første ledd første punktum bokstav c og d.

Kjernen i vurderingane om verkeområdet for offentleglova var at ho skal gjelde for alle verksemder med ei så tett tilknyting til det offentlege at det offentlege har ein bestemmande innverknad på dei. Departementet meinte at desse vurderingane bør leggjast til grunn når ein vurderer verkeområdet for dei spesialiserte reglane i forslaget til språklov. Vurderinga departementet gjorde i høyringsnotatet, var at ein med denne løysinga ryddar i gråsonene for gjeldande mållov, slik at dei ikkje blir vidareførte i ny språklov. Ved å setje opp klarare kriterium for å avgjere verkeområdet ville visse verksemder der tilknytinga i dag ikkje har vore sett på spissen eller vorte avklart, automatisk falle innanfor verkeområdet. Departementet meinte at dette ikkje var å sjå på som ei utviding av verkeområdet, men som ei nødvendig avklaring av spørsmål om verkeområde.

Departementet føreslo dessutan å vidareføre innhaldet i mållova § 2 første ledd bokstav b om at munnleg språkbruk og internt saksarbeid ikkje er omfatta av reglane. Som vilkår for at reglane skal gjelde, må saksdokumenta vere eksterne, det vil seie at det som til vanleg blir omtala som organinterne dokument, ikkje er omfatta. Interne saksdokument som interne notat, intranett og styredokument fell utanom lovframlegget i høyringsnotatet.

Departementet meinte i høyringa at «konkurranseomsyn» er eit relevant kriterium for å halde eit statleg selskap utanfor verkeområdet for §§ 12 til 18 i språklova. Statlege selskap som driv næring i direkte konkurranse med dei private, vil utan eit slikt unntak for konkurranseomsyn vere bundne av fleire reguleringar enn dei private, til dømes at dei må bruke bokmål og nynorsk i visse dokumenttypar. Eventuell konkurranse frå andre verksemder som er omfatta av språklova, ville, slik departementet vurderte det, ikkje gje grunnlag for å unnta eit selskap frå verkeområdet for språklova.

Fylkeskommunane

Departementet la i høyringsnotatet fram to alternativ når det gjaldt spørsmålet om kva reglar som skal gjelde for fylkeskommunane i språklova. Alternativ 1 var å innlemme fylkeskommunane i verkeområdet for dei pliktreglane som i dag gjeld for regionale statsorgan. Desse reglane vart etter forslaget vidareførte i §§ 12 til 18 i framlegget til språklov. Alternativ 2 var å vidareføre gjeldande rett, som dermed innebar at fylkeskommunane ikkje vart bundne av pliktreglar om å bruke nynorsk eller bokmål, verken i skriv til enkeltadressatar eller i allment tilgjengelege dokument. Konsekvensen av ei vidareføring av gjeldande reglar ville vere at fylkeskommunane også framleis skulle ha rett til å krevje eit visst skriftspråk i skriv frå staten.

Høyringsutkastet la vekt på at reglane i språklova må tilpassast ein situasjon der fylkeskommunen skal få tildelt meir ansvar.

12.3.3 Høyringa

53 høyringsinstansar hadde realitetsmerknader til framlegget om å gjere verkeområdet for språklova heilt overlappande med verkeområdet for offentleglova.

Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Språkrådet er ikkje negative til forslaget frå departementet om å gjere verkeområdet for språklova heilt parallelt med verkeområdet for offentleglova, men meiner at verkeområdet for språklova bør vere større enn verkeområdet for offentleglova.

Nynorsk kultursentrum uttalar:

«Nynorsk kultursentrum vil argumentere for at lova bør ha større verkeområde enn offentleglova i tråd med føremålet i lova. For å sikre norsk som eit fullverdig og samfunnsberande språk bør ikkje offentlege organ kunne organisere seg ut av språkpraksisen. Språklova må setje krav til offentlege tenester uavhengig av kven som tilbyr tenesta på vegner av det offentlege. Ei klargjering av dette vil både vere i tråd med føremåla i lova og samstundes redusere behovet for eigne vedtekter om språkbruk hos Posten Norge AS, Vygruppen AS og Avinor AS.»

Spekter og NRK er negative til departementets forslag om å knyte verkeområdet i språklova til verkeområdet i offentleglova. Spekter uttalar følgjande:

«Offentleglova skal først og fremst ivareta demokratisk kontroll med korleis offentleg eigde verksemder utfører sitt oppdrag og brukar offentlege midlar. Andre lover kan ha andre formål slik som arkivlova og språklova.»

NRK legg til grunn at den redaksjonelle verksemda i NRK automatisk fell utanom framlegget. Dei meiner likevel at for delar av verksemda vil det vere uklart om språklova skal gjelde, til dømes i personalforvaltning, leiingsfunksjonar, teknologiutvikling og innkjøp:

«Selv om språklova ikke er ment å gjelde for NRKs redaksjons- og programvirksomhet, antar vi det vil kreve betydelige ressurser for NRK å oppfylle et slikt lovkrav. For det første fordi store deler av vår virksomhet ikke omfattes av NRK-unntaket. Eksempelvis gjelder det de som arbeider med ledelse, HR, økonomi, innkjøp, teknologi, osv.»

Fleire av instansane støttar forslaget om at departementet i forskrift kan gje unntak for språkkrav til enkelte organ. Høgskulen i Volda peikar på at det er viktig at kriteria for slike unntak blir presiserte, slik at ein ikkje undergrev dei overordna føremåla med lova.

Når det gjeld institusjonar som er stifta og finansierte for å fremje bruken av nynorsk, meiner både Høgskulen i Volda, Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa (Nynorsksenteret), Universitetet i Bergen og Nynorsk kultursentrum at det bør presiserast at slike institusjonar skal ha unntak frå reglane i punkt 2 i lova. Samisk høgskole meiner at tilsvarande unntak bør gjelde for samiske institusjonar som brukar samiske språk, og uttalar følgjande:

«Det framkommer ikke i loven hvordan samiske institusjoner skal forholde seg til Kapittel 2, Bruk av bokmål og nynorsk. Samiske institusjoner, som Samisk høgskole, har et særskilt ansvar for å ivareta, bruke og fremme samisk språk. Samisk høgskole har i tillegg ansvar for å fremme samisk som vitenskapelig språk. Samiske institusjoner som bruker samiske språk, burde ikke være omfattet av kapittel 2.»

Høgskulen i Volda, Universitetet i Bergen og Nynorsk kultursentrum gjev ikkje tilslutning til at konkurranseomsyn er eit relevant kriterium for å halde visse statlege selskap utanfor verkeområdet for språklova. Nynorsk kultursentrum skriv at «det er effektiv undergraving av intensjonane i språkpolitikken å hevde at det er ein konkurranseulempe å nytte både bokmål og nynorsk. Nynorsk kultursentrum meiner at det i lovproposisjonen må kome klart fram at konkurranseomsyn ikkje er eit relevant kriterium for unntak».

Kommunal- og moderniseringsdepartementet og KS støttar ikkje Kulturdepartementets vurdering av at «blanda etatar» som til dømes Nav, som har både statleg og kommunal styringslinje, skal reknast som statsorgan etter språklova. KS uttalar følgjande:

«Kommunene er gitt ansvar for vesentlige oppgaver innenfor NAV sin portefølje og det vil være svært inngripende dersom statlige føringer om språk skal legges på kommunalt ansatte. Kommunens ansatte må følge den vedtatte språkpolitikken hos sin arbeidsgiver.»

42 av høyringsinstansane støttar framlegget om å innlemme fylkeskommunane i pliktregelverket. 11 er imot. 66 har ingen merknader. Mellom dei som støttar framlegget om å innlemme fylkeskommunane i verkeområdet for språklova, slik at dei må følgje dei nærare føresegnene i punkt 2 om bruk av nynorsk og bokmål, er til dømes Utdanningsdirektoratet, Språkrådet, Utdanningsforbundet, Landslaget for norskundervisning, Vestland fylkeskommune, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, fem enkeltkommunar (Fjell, Vinje, Bergen, Øvre Eiker, Ålesund), Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, høgskular og universitet og alle mållag og nynorskorganisasjonar, Det NorskeTeatret og Det Norske Samlaget.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark er samd med Kulturdepartementet i skildringa av utviklinga i regional forvaltning og meiner denne utviklinga tilseier at fylkeskommunane bør bli innlemma i det same regelverket som statsorgana:

«Den nye regioninndelinga inneber vesentleg større fylke med eit større mangfald av språkbruk. Intensjonen med endringa er mellom anna å gje større ansvar og mynde til dei nye regionane. Ut frå denne intensjonen er det vårt dei nye fylkeskommunane er viktige organ for å sikre føremålet med lova om å styrkje norsk språk og fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk. Derfor bør fylkeskommunane si rolle vera likestilt med statsorgan og statstilknytte organ når det gjeld regelverk om språkbruk. Vi støttar derfor alternativ 1 i § 3 om at fylkeskommunen ikkje kan gjera sjølvstendige språkvedtak, men må innrette seg den språkbruk som fleirtalet av kommunar i fylket gjer vedtak om.»

Landssamanslutninga av nynorskkommunar, som er talerøyr for over hundre nynorskkommunar, går inn for alternativ 1.

Vestland fylkeskommune drøftar inngrepet i sjølvstyret og erkjenner det som eit legitimt omsyn, men støttar likevel alternativ 1:

«Vestland fylkeskommune støttar alternativ 1 i utkastet til lov, som inneber at fylkeskommunar og fylkeskommunalt tilknytte organ skal vere verkeområde for lova. Dette vil styrke rettane til nynorskbrukarar. Det vil føre til meir nynorsk og sterkare vern av det minst brukte skriftspråket.»

Ålesund kommune har heilt tilsvarande argumentasjon:

«Ålesund kommune meiner at alternativ 1 innanfor desse paragrafane er mest i samsvar med intensjonane om at ei ny, heilskapleg språklov skal føre til meir nynorsk og eit sterkare vern av det minst brukte skriftspråket. Når fylkeskommunane tek over fleire oppgåver frå staten, er det ekstra viktig at fylkeskommunane blir forplikta av dei same språkreglane som staten.»

To av fråsegnene trekkjer fram relevante argument for alternativ 1 som Kulturdepartementet sjølv ikkje har vektlagt i høyringsnotatet. Landslaget for norskundervisning seier:

«I norskundervisninga i skulen vil ei slik utviding av verkeområdet kunne styrke motivasjonen for elevane til å utvikle to vel fungerande målformer/skriftspråk.»

Utdanningsdirektoratet legg vekt på at fylkeskommunane som eigar av dei vidaregåande skulane i fylket bør ha plikt til å bruke nynorsk til nynorskelevane sine.

Dei som er for framlegget til alternativ 2, er Troms fylkeskommune, Trøndelag fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Fylkesmannen i Rogaland, Telemark fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Bokmålsforbundet Sunnmøre, Bokmålsforbundet, Riksmålsforbundet, Det Norske Akademi for Språk og Litteratur og KS.

Nokre av desse har tilleggsmerknader. Finnmark fylkeskommune trekkjer fram det særskilte ansvaret Finnmark fylkeskommune har for samiske språk, og ser seg tente med å kunne konsentrere seg om å oppfylle dei språklege pliktene dei har overfor samisk.

KS argumenterer prinsipielt ut frå kommunelova § 2-2:

«Det kommunale og fylkeskommunale selvstyret er styrket i ny kommunelov. Konsekvensen av det bør snarere være et økt handlingsrom for fylkeskommunen enn en innstramning av fylkeskommunens handlingsrom, slik høringsnotatet innebærer.»

KS meiner at nynorsk ikkje er under press som følgje av kommune- og regionreforma. Vidare meiner dei at samfunnet ikkje har endra seg på ein måte som tilseier regulering av fylkeskommunen. Dei meiner derfor at argumentasjonen for alternativ 1 er mangelfull og ikkje «forholdsmessig». KS trekkjer òg fram at ein må ha tillit til at fylkeskommunane kan ta relevante språklege omsyn, og uttalar samstundes at det er vanleg for «bokmåls-fylkeskommuner» å bruke nynorsk til nynorskkommunar.

Rogaland fylkeskommune uttalar:

«Rogaland fylkeskommune tilrår at verkeområdet for lova ikkje skal utvidast (§ 3). Dette inneber at det ikkje skal gjerast inngrep i det regionale sjølvstyret, og at fylkeskommunane ikkje skal likestillast med eit regionalt statleg kontor.»

Rogaland fylkeskommune meiner samtidig at nynorsk treng eit anna vern enn bokmålet, og har vedteke ein eigen språkrettleiar, som skal bidra til å sikre nynorsk i bruk. Rettleiaren inneheld punkt som til dømes seier at fylkeskommunen har som mål at «ingen elevar byter til bokmål gjennom skuletida».

Fylkesmannen i Rogaland vektar tilhøvet mellom omsynet til sjølvstyret og omsynet til nynorsk slik:

«Det kan vera gode grunnar til å utvida verkeområdet til lova til også å gjelda fylkeskommunane, særleg av omsyn til nynorskbruken. Samtidig står det lokale og regionale sjølvstyret sterkt i Noreg, sist understrekt i ny kommunelov. På bakgrunn av dette finn ikkje Fylkesmannen i Rogaland det rett å fråta fylkeskommunane retten til å fatta eigne språkvedtak, på linje med kommunane.»

12.3.4 Departementets vurdering

Etter ei heilskapsvurdering er lovframlegget frå høyringsutkastet omformulert i det endelege framlegget og tilsvarar langt på veg offentleglova § 2 første ledd. Det er likevel behov for presiseringar av korleis dei nærare føresegnene i framlegget til språklov regulerer til dels andre språkbrukssituasjonar enn det som vil gjelde for offentleglova.

Paragrafane 1 til 11 i språklova vil etter framlegget gjelde for alle offentlege organ, det vil seie staten, fylkeskommunane og kommunane.

Språklova vil etter framlegget også gjelde for private rettssubjekt når dei gjer vedtak eller gjev føresegner på vegner av stat, fylkeskommune eller kommune.

Når det gjeld sjølvstendige rettssubjekt knytte til staten eller andre offentlege organ, vil språklova ha det same verkeområdet som offentleglova. Desse rettssubjekta vil då falle innanfor verkeområdet til språklova dersom dei også fell inn under offentleglova første ledd første punktum bokstav c eller d. Denne føresegna i offentleglova inneheld dei same kriteria som ein til no har lagt til grunn for å avgjere om eit statstilknytt organ har vore innanfor verkeområdet til mållova. Når tilsvarande regel no blir teken inn i språklova, vil ein langt på veg avgrense skjønnsvurderinga når det skal fastsetjast om eit sjølvstendig rettssubjekt er omfatta av språklova eller ikkje. Den skjønnsvurderinga som då er att, vil i stor grad vere den same som for offentleglova. I så fall kan ein dra vekslar på retts- og forvaltningspraksis i tilknyting til offentleglova når verkeområdet for språklova treng avklaring. Departementet legg til grunn at det ikkje er å sjå på som ei utviding av verkeområdet jamført med gjeldande rett etter mållova, men som ei nødvendig avklaring av spørsmål om verkeområde.

Ei viktig presisering er likevel at sjølv om eit organ fell inn under verkeområdet for framlegget til språklov, er det dei nærare føresegnene i språklova som avgjer om eit dokument fell inn under verkeområdet. NRK nemner i høyringssvaret sitt at offentleglova gjeld for «internforvaltning elles». Departementet vil understreke at språklova ikkje vil gjelde for organinterne dokument, til dømes vil ho ikkje gjelde for styredokument eller interne budsjettframlegg (sjølv om desse ikkje automatisk er unntekne frå offentleglova). Dokument som er av avtalerettsleg karakter, fell også utanom, til dømes innkjøpsavtalar og andre kontraktsdokument.

Departementet går etter høyringa ikkje vidare med framlegget om at såkalla blanda etatar skal vere omfatta av språklova. Slike «blanda etatar» kan til dømes vere Nav-kontor som berre femner om éin kommune. Praksis i dag etter mållova er å sjå på Nav-kontor som lokale statsorgan når dei berre har éin kommune som tenestekrins. Omorganiseringa av staten gjer at desse kontora har vorte delvis kommunale. Departementet la i høyringsnotatet opp til at slike blanda organ skal reknast som statsorgan og vere omfatta av §§ 11 til 18 i språklova. I høyringa har Kommunal- og moderniseringsdepartementet peika på at framlegget i høyringsnotatet er ei utviding av pliktene til kommunane. Framlegget ville såleis hatt store konsekvensar for dei kommunale Nav-tenestene. Etter ei ny vurdering sluttar departementet seg til dette og understrekar at såkalla blanda etatar likevel ikkje vil vere å sjå på som statsorgan etter språklova. Til dømes vil følgjeleg Nav Stat vere omfatta av språklova, medan Nav Kommune ikkje vil måtte følgje språklova. Dette kan sjåast på som ei innskrenking av gjeldande rett, men grepet er nødvendig for ei god og konsekvent gjennomføring av ny kommunelov.

Når det gjeld Den norske kyrkja, skriv Kyrkjerådet slik i høyringssvaret sitt:

«I kyrkjeordninga for Den norske kyrkje som blei vedtatt på Kyrkjemøtet i 2019 er det fastsett at reglane i mållova for statstenesta skal gjelde for den administrative delen av verksemda.»

Regjeringa fremja i juni 2019 framlegg om ei ny lov om trus- og livssynssamfunn, som mellom anna skal erstatte kyrkjelova, jf. Prop. 130 L (2018–2019) Lov om tros- og livssynssamfunn. Framlegget ligg til behandling i Stortinget.

Den norske kyrkja er eit viktig språkbruksdomene for nynorsk, både historisk og i dag. Departementet er derfor særs tilfreds med at Kyrkjemøtet har vedteke at reglane i mållova skal gjelde for den administrative delen av verksemda til Den norske kyrkja. På bakgrunn av den nye kyrkjeordninga er departementet kome til at Den norske kyrkja ikkje bør vere del av verkeområdet for språklova, i tråd med vurderingane for anna offentlegrettsleg lovgjeving i Prop. 130 L (2018–2019).

Departementet finn ikkje grunn til å føreslå at verkeområdet for språklova skal gå ut over verkeområdet for offentleglova, slik enkelte høyringsinstansar har føreslått. Framlegget til § 3 har som mål å fjerne dei gråsonene i verkeområdet som mållova har i dag.

Departementet har vurdert høyringsfråsegnene som hadde innspel til framlegget om å innlemme fylkeskommunane i verkeområdet for språklova.

Departementet oppfattar det slik at høyringsinstansane i utgangspunktet ikkje utelukkar at språklege omsyn kan vere legitime nasjonale omsyn som gjer det nødvendig med inngrep i sjølvstyret, jf. kommunelova § 2-2: «Det kommunale og fylkeskommunale selvstyret bør ikke begrenses mer enn det som er nødvendig for å ivareta nasjonale mål.» Spørsmålet blir heller i kva grad ein støttar ei situasjonsskildring som munnar ut i ein konklusjon om at det er behov for tiltak.

Departementet meiner at det inneber ei styrking av dei språklege rettane til innbyggjarane dersom språklova sikrar at fleire kan få informasjon og tenester frå fylkeskommunane på sitt eige skriftspråk. Det er legitimt at fylkeskommunane får meir innverknad på språkutviklinga regionalt.

Etter høyringa har departementet kome fram til at pliktene for fylkeskommunane ikkje skal vere like omfattande som framlegget var i høyringsutkastet. Den overordna vurderinga til departementet er at omsyna til norsk språk kvalifiserer til å vere eit nasjonalt mål som legitimerer eit visst inngrep i sjølvstyret til fylkeskommunane, jf. § 2-2 i kommunelova:

«Det kommunale og fylkeskommunale selvstyret bør ikke begrenses mer enn det som er nødvendig for å ivareta nasjonale mål.»

Språklova skal etter føremålet sikre at offentlege organ tek ansvar for å tryggje stillinga til norsk språk. Fylkeskommunar er dermed uansett omfatta av regelverket. Spørsmålet er kor konkret og omfattande ansvar fylkeskommunen skal ha, og om det skal innebere å påleggje fylkeskommunane plikter. Departementet har etter høyringa kome til at det er eit uforholdsmessig inngrep i sjølvstyret å fullt ut gje fylkeskommunane nøyaktig dei same pliktene som regionale statsorgan har etter gjeldande rett, slik høyringsnotatet la opp til. Til dømes ser ikkje departementet det som nødvendig å påleggje fylkeskommunar i område med fleirtalsspråk å bruke dette i allment tilgjengelege dokument, ettersom dette i stor grad er praksis likevel.

Departementet finn det rett å gje fylkeskommunar plikt til å innfri individuelle språkrettar, slik at fylkeskommunar i heile landet får plikt til å svare private rettssubjekt på det skriftspråket som det private rettssubjektet brukar i skriv til fylkeskommunen. Det er òg nødvendig, først og fremst for å sikre nynorsk som forvaltningsspråk, at fylkeskommunar brukar det skriftspråket til ein enkeltkommune som til kvar tid går fram av forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Endeleg er det viktig for omsynet til nynorsk som mindretalsspråk at fylkeskommunar som er språkleg nøytrale, også sikrar tilgang til nynorsk i nokre av sine allment tilgjengelege dokument. Fylkeskommunar som er språknøytrale, skal bruke begge skriftspråk i eit rimeleg samhøve i allment tilgjengelege dokument. Departementet viser til behandlinga nedanfor under kvar enkelt paragraf.

Pliktreglane i språklova skal, som etter gjeldande lov, ikkje gjelde for kommunane, og heller ikkje for sjølvstendige rettssubjekt som er eigde eller kontrollerte av kommunar eller fylkeskommunar. Reglane gjeld heller ikkje for interkommunale samarbeid der både kommunar og fylkeskommunar er deltakarar.

Departementet vil i arbeidet med forskrifter til språklova vurdere kva for relevante verksemder som bør ha unntak frå pliktreglane i språklova. Verksemder som brukar samiske språk, vil få unntak.

I høyringa skriv Samferdselsdepartementet:

«Selskap med statlege eigarinteresser, og som er omfatta av føresegnene i offentleglova, er av ulik storleik og karakter. Vi bad derfor om at det bør gjerast ei nærmare vurdering av konsekvensane for ressursbruken i selskap, basert på eigenskapar som storleiken og virkeområdet til selskapet. Dette er spesielt relevant i sektorar og selskap der staten som eigar har gitt uttrykk for tydelege forventningar til kostnadseffektiv drift.
Som det går fram av høyringsnotatet er det for enkelte selskap teke inn ei føresegn i vedtektene om målbruk. Frå eit eigarperspektiv vil ei slik tilnærming vere i tråd med staten sine prinsipp om eigarstyring, der det blant anna går fram at statlege styringsbehov kan grunngi at verksemda sine rammer må vere tydelegare avgrensa/definert enn det som er vanleg for selskap med kommersielle målsetjingar. Ei slik tilnærming gjer det mogeleg å gjere selskapsspesifikke vurderingar.»

Når det gjeld statseigde selskap, har desse til dels svært ulike føremål. I Meld. St. 8 (2019–2020) Statens direkte eierskap i selskaper. Bærekraftig verdiskaping gjer regjeringa greie for kvifor staten eig direkte i selskap, kva staten eig, og korleis staten skal forvalte eigarskapet sitt. Departementet sluttar seg til Samferdselsdepartementets merknad og vil i samarbeid med eigardepartementa vurdere kva for konkrete statlege selskap som skal vere omfatta av pliktreglane i språklova, og kva for statlege selskap som eventuelt ikkje skal vere omfatta. I vurderinga skal føremålet med lova vektast mot selskapsspesifikke vurderingar og omsyn. Vurderingane vil bli gjorde i samband med arbeidet med forskrifter til lova. Eit alternativ til å vere omfatta av lova kan vere å regulere språkpolitiske omsyn i vedtektene til ei verksemd.

Også for andre offentlege organ kan det vere aktuelt med unntak. Dette vil òg bli vurdert og regulert i forskrift til språklova.

Framlegg til forskrift om unntak frå pliktreglane i språklova vil bli sendt på alminneleg høyring.

Delar av språklova gjeld òg for munnleg språkbruk, jf. til dømes framlegget til §§ 4 til 6. Pliktreglane i §§ 12 til 18 gjeld likevel berre for skriftlege dokument i det offentlege, og desse reglane er i hovudsak ei vidareføring av reglane i mållova i dag.

13 Språka i Noreg

13.1 Norsk språk

13.1.1 Gjeldande rett

Som det er gjort greie for ovanfor, saknar norsk språk ein klar rettsleg status uttrykt i lovs form. Norsk språk kan likevel kallast offisielt språk, ettersom denne termen ofte blir bruka om språk som i kraft av vedtak eller sedvane har rettsleg status som offentleg administrasjonsspråk i eit land. Administrasjonsspråket er ofte identisk med majoritetsspråket i landet, slik norsk er i Noreg, svensk i Sverige og dansk i Danmark. At språket er offisielt, tyder då at staten har nærare definerte plikter og språkbrukarane nærare definerte rettar til å bruke dette språket i ulike former for språkleg kommunikasjon.

Sjølv om norsk språk i dag i realiteten er eit samfunnsberande språk og forvaltningsspråk for den mangslungne språkinstitusjonen som staten er, er ikkje ein slik status til no slått uttrykkjeleg fast.

13.1.2 Framlegget i høyringsnotatet

Fordi posisjonen til norsk i dag er mindre sjølvsagd enn før og under press frå engelsk i fleire sektorar, føreslo departementet å slå fast i språklova kva status norsk språk skal ha i Noreg. Å slå fast statusen til norsk er å uttrykkje eit formelt vern av norsk språk, både på bakgrunn av den verdien norsk språk har som sjølvstendig kulturobjekt og fremste uttrykk for norsk kultur, men også på bakgrunn av den sentrale funksjonen norsk har som fellesskapsarena for det norske demokratiet.

Departementet viste til at eit majoritetsspråk kan omtalast som nasjonalspråk. I den islandske språklova er det slått fast at islandsk er nasjonalspråket til islendingane og offisielt språk på Island. I Finland er det fastsett i grunnlova at Finlands nasjonalspråk er finsk og svensk. I den franske grunnlova heiter det at republikkens språk er fransk. Den svenske språklova har ei generell føresegn om at svensk er hovudspråk i Sverige, og to spesifikke føresegner, éi som slår fast at svensk er språket i offentleg verksemd, og ei anna som seier at svensk er Sveriges offisielle språk i internasjonal samanheng.

Departementet meinte ei norsk språklov burde framheve kva for grunnleggjande funksjon norsk språk skal ha som eit felles språk for alle i Noreg.

Departementet gjorde greie for at ein hadde vurdert å bruke nemninga «hovudspråk», slik nemningsbruken er i den svenske språklova. Vurderinga til departementet var likevel at nemninga «hovudspråk» ikkje sa noko om den funksjonen norsk skal ha som samfunnsberande språk i alle sektorar og i alle funksjonar. Det er denne funksjonen ein ønskte å styrkje med framlegget til språklov. På dette grunnlaget forkasta departementet tanken om å bruke termen «hovudspråk» for å uttrykkje statusen til det norske språket. Framlegget gjekk derfor ut på å uttrykkje statusen til norsk språk med termen «samfunnsberande språk». Med dette omgrepet meinte ein i høyringsnotatet «eit overordna fellesspråk som i eit moderne, fleirkulturelt samfunn blir bruka til administrasjon og samfunnsdebatt, som held storsamfunnet saman og gjev det identitet». Det vart lagt til grunn at i «høve til andre språk i Noreg, står norsk språk i den særstillinga at det er det einaste språket som alle i samfunnet har som felles språkleg arena, trass i ulik språkleg bakgrunn og identitet. Det skal vere tilstrekkeleg for den som bur i Noreg, å meistre norsk for å få rettane sine oppfylte. Alle skal kunne kommunisere med styresmaktene på norsk. Den demokratiske infrastrukturen er derfor grunnleggjande norskspråkleg».

Departementet meinte vidare at når ein slår fast statusen til norsk språk, må det presiserast at norsk språk er både bokmål og nynorsk. Departementet føreslo i statusføresegna å vidareføre uttrykket om at «bokmål og nynorsk er likeverdige skriftspråk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet», slik gjeldande mållov slår fast. «Med likeverdig er det her meint at begge språkformer skal respekterast og odlast på lik line», jf. Innst. O. nr. 31 (1979–80) Tilråding frå kyrkje- og undervisningsnemnda om lov om målbruk i offentleg teneste, side 2. Tredje ledd i framlegget til § 4 slo fast at nynorsk og bokmål er jamstilte og likeverdige skriftspråk i det offentlege «som nærare spesifisert i denne lova». Med jamstilt er det meint at språka skal brukast ved sida av einannan i organ for kommune, fylkeskommune og stat.

Oppsummeringsvis er det altså slik at i framlegg til § 4 Norsk språk første ledd blir statusen til norsk språk slått fast med termen «samfunnsberande». Det blir også slått fast at norsk er forvaltningsspråket i Noreg. Føresegna er deskriptivt formulert. Slik tek ho utgangspunkt i ein faktisk realisert status for norsk språk. I lovs form blir føresegnene også normative; det er føresetnaden i lova at norsk språk skal ha den statusen i framtida.

I høyringsutkastet vart det gjort greie for at departementet med språklova gjorde framlegg om å endre nemningsbruken om bokmål og nynorsk frå målform til skriftspråk. Denne endringa kom til syne på mest prinsipielt vis i framlegget til § 4 Norsk språk.

13.1.3 Høyringa

20 høyringsinstansar hadde realitetsmerknader til framlegget til § 4 Norsk språk. Dei fleste tok framlegget godt imot, men svært mange meiner framlegget til føresegn ikkje slår statusen til norsk språk presist nok fast.

Universitetet i Agder meiner:

«Nemninga ‘samfunnsberande språk’ er altfor ope og kan tolkast som det språket som til ei kvar tid er rådande eller dominerande i landet. UiA meiner det her vil vere betre å slå fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg, og at nasjonalspråket har to likestilte hovudspråk, bokmål og nynorsk.»

Språkrådet er ikkje kritiske til å bruke nemninga samfunnsberandespråk, men meiner denne statusnemninga i seg sjølv ikkje sikrar vern av norsk språk. Språkrådet viser til førearbeida til den svenske språklova, som seier at nemninga «hovudspråk» gjev den statusen svensk treng for å hindre at svensk gradvis skal miste den samfunnsberande funksjonen sin, særleg med tanke på at engelsk får ei stadig sterkare stilling i samfunnet:

«Språkrådet meiner at vi treng eit tilsvarande verkemiddel i Noreg, og at det derfor er naudsynt å lovfeste norsk som hovudspråk i den nye lova.»

Forleggerforeningen støttar dette framlegget.

I tillegg til at fleire er skeptiske til om nemninga samfunnsberande er presis nok og gjev ønskt status, er det fleire som meiner at den norske språklova, på same vis som den svenske språklova, bør sikre ulike språkbrukarar individuell tilgang til dei språka som framlegget til språklov femnar om. Universitetet i Bergen karakteriserer framlegget slik:

«Den retten folk har til å bruke norsk språk, skandinavisk og andre språk i Noreg er i lovframlegget ikkje tenkt som ein individuelt basert rett på tilgang til språk. Fokuset er ikkje på språkbrukarane, men på språka, og premissen er at språklege rettar vil følgje av den statusen språk får i samfunnet. Det gjer at visse vilkår for språkrettar, t.d. opplæring, ikkje er nemnde i framlegget til språklov.»

Bergen kommune uttrykkjer det slik:

«Bergen kommune meiner samstundes at retten til å lære seg og å kunne bruke norsk (både nynorsk og bokmål), norsk teiknspråk, samisk og minoritetsspråka bør utvidast og tydeleggjerast i språklova.»

Både Språkrådet og Universitetet i Bergen ber om at framlegget til § 4 Norsk språk blir supplert med reglar om tilgang til norsk språk. Framlegget til føresegn frå Universitetet i Bergen lyder slik: «Alle som bur i Noreg, skal få høve til å lære seg og å kunne bruke norsk språk.»

13.1.4 Departementets vurdering

Departementet har etter høyringa vurdert ordlyden i føresegna på nytt.

Departementet er samd med mange av høyringsinstansane i at omgrepa «forvaltningsspråk» og «samfunnsberande språk» ikkje gjev ein unik status til norsk språk i det norske samfunnet. Til dømes er samiske språk også samfunnsberande i det samiske språksamfunnet, ettersom dei er bruka til offisielle føremål, til dømes som forvaltningsspråk, i undervisning og lovgjeving.

Sjølv om omgrepet «samfunnsberande» ikkje gjev ein unik referanse til norsk språk, meiner departementet at den deskriptive formuleringa med normativ funksjon i framlegget til § 4 første ledd bør vidareførast. Det er viktig at funksjonen norsk skal ha som eit samfunnsberande språk og forvaltningsspråk, kjem fram av føresegna, ettersom det er i denne funksjonen norsk er under press frå engelsk.

Departementet er samde med Språkrådet i at språklova bør signalisere tydeleg at norsk skal vere førstevalet i Noreg framfor engelsk, og det bør kome klarare fram enn det gjer i framlegget til § 4 i høyringsnotatet. Dette er viktig i ei tid der vi ser ein glidande overgang til engelsk innanfor fleire samfunnsområde og fagområde.

Samtidig finn departementet at dei tekniske assosiasjonane til nemninga «hovudspråk» ikkje gjev norsk språk den nødvendige og ønskte rettslege statusen som var meint med framlegget. Etter ei samla vurdering har departementet kome til at ei løysing kan vere å bruke det samansette omgrepet «nasjonalt hovudspråk». Adjektivet nasjonal er allereie bruka i framlegget til § 6 Nasjonale minoritetsspråk og i framlegget til § 7 Norsk teiknspråk, som slår fast at norsk teiknspråk er «det nasjonale teiknspråket». I Sverige er det lagt vekt på at termen «hovudspråk» skal signalisere at svensk er det språket som blir tala av det store fleirtalet, samtidig som det også kommuniserer at det finst andre språk i landet enn hovudspråket, og at ein skal ta omsyn til desse språka. Dei same vurderingane gjer departementet for norske forhold.

Det er verdt å leggje merke til at departementet ikkje går inn for nemninga «nasjonalspråk» om norsk språk, men brukar nasjonal som adjektiv. Nasjonal er til dels ein felles karakteristikk for fleire av språka, som signaliserer at språka er likeverdige uttrykk for nasjonal kultur.

Departementet meiner også at det er rett å reservere bruken av nemninga «skriftspråk» om dei reguleringane der nynorsk og bokmål skal brukast i skriftleg arbeid. Nynorsk og bokmål er jamstilte som bruksspråk i det offentlege, og det er dei nærare spesifiserte reglane om skriftleg bruk av nynorsk og bokmål i gjeldande mållov som er verkemiddelet for å oppnå jamstilling. Desse reglane blir vidareførte i framlegget til §§ 11 til 18 i språklova.

At språk er likeverdige, betyr i vanleg språkbruk at dei er like verdifulle eller jamgode. I språklova er tydinga av likeverdig den same som i gjeldande mållov, nemleg at nynorsk og bokmål har like stort krav på respekt og toleranse, og at begge skal haldast i hevd på ein fullgod måte.

Føresegna som departementet føreslår å gå vidare med, slår fast at «nynorsk og bokmål er likeverdige språk og skal kunne brukast i alle delar av samfunnet». Med dette er ikkje meint at bokmål og nynorsk skal brukast så og så mykje i alle delar av samfunnet. Ein skal forstå føresegna slik at ikkje berre skal nynorsk og bokmål vere tillatne i bruk i alle delar av samfunnet; det skal òg leggjast til rette for bruk av nynorsk og bokmål i alle delar av samfunnet. Med «alle delar av samfunnet» meiner departementet at nynorsk både skal kunne brukast i heile landet og på alle saksfelt, ikkje berre i det offentlege. Det gjeld både skriftleg og munnleg språkbruk.

Som fleire av høyringsinstansane peikar på, presenterer ikkje høyringsnotatet framlegg som til dømes dei i den svenske språklova om den «enskildes tillgång till språk». Det tilsvarande norske uttrykket «tilgang til språk» blir til vanleg helst bruka om døves rett til å lære og møte norsk teiknspråk. Språkrådet føreslår då også heilt konkret at akkurat den tilgangen dei døve skal ha til teiknspråk, blir lovfesta slik:

«Dei som er døve eller høyrselshemma, eller som av andre grunnar har behov for norsk teiknspråk, skal ha tilgang til språkmiljø der dei kan lære seg, bruke og utvikle ferdigheiter i norsk teiknspråk.»

Språkrådet føreslår tilsvarande føresegner for tilgang til både nasjonale minoritetsspråk, samiske språk og norsk språk.

Etter ei heilskapsvurdering går ikkje departementet inn for ei slik løysing. Sjølv om det kan argumenterast for at føresegner om den enkeltes tilgang til språk, som i den svenske språklova, berre handlar om å innfri reint demokratiske rettar til språk, meiner departementet at framlegg til føresegner fort vil kunne hevdast å vere meir inngripande i særlovgjevinga enn språklova er meint å vere. Det er likevel viktig å understreke at framlegget til ansvarsføresegner i § 1, som skal sikre at offentlege organ tek ansvar for å fremje og verne og bruke, utvikle og styrkje dei ulike språka, er til for å gje enkeltpersonar og ulike språkgrupper tilgang til språk. Det same kan seiast om dei kvotereguleringane som i dag finst i mållova § 8, som seier at allment informasjonstilfang skal veksle mellom nynorsk og bokmål. Vekslingsreglane her er til for å sikre at nynorskbrukarane møter språket sitt i det offentlege rommet, men også at dei som primært brukar bokmål, møter nynorsk.

13.2 Samiske språk

13.2.1 Gjeldande rett

Grunnlova § 108 etablerer ei plikt for statlege styresmakter til å leggje til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv. Denne plikta er gjennomført og konkretisert mellom anna gjennom språkreglane i kapittel 3 i samelova.

I samelova § 1-5 er det fastsett at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vere jamstilte språk etter nærare føresegner i kapittel 3 i lova. Elles finst det enkeltføresegner om bruk av samiske språk i ei rekkje andre lover (opplæringslova, stadnamnlova, barnehagelova, domstollova og i fleire lover for helse- og omsorgssektoren), jf. Rapport fra gjennomgang av samelovens språkregler (2014) frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, kapittel 4.

Det går fram av førearbeida at paragrafen er utforma etter mønster av føresegna om forholdet mellom bokmål og nynorsk i mållova. Uttrykka likeverdig og jamstilt er såleis parallelle til likeverdig og jamstelt i § 1 i mållova.

Jamvel om både mållova § 1 og samelova § 1-5 slår fast likeverd og jamstilling mellom språka, er det i begge tilfella tale om at det eine språket står svakare som bruksspråk enn det andre. Det er det som har motivert eit særskilt lovvern. Det gjeld for nynorsk i høve til bokmål og for samisk i høve til norsk. Samisk språk er i tillegg verna i Grunnlova § 108.

Språkreglane i kapittel 3 i samelova gjev borgarane språklege rettar i møte med ulike offentlege organ. Det er fastsett at lover og forskrifter av særleg interesse for heile eller delar av det samiske folket skal omsetjast til samisk. Kapittelet inneheld òg fleire meir detaljerte reglar som gjev rett til svar på samisk, rett til bruk av samisk i kontakt med ulike delar av det offentlege forvaltnings- og tenesteapparatet, rett til individuelle kyrkjelege tenester på samisk, rett til utdanningspermisjon og rett til opplæring i samisk. Nokre av føresegnene gjeld berre innanfor det som er definert som forvaltningsområdet for samisk språk, mens andre gjeld i heile landet.

Det følgjer av samelova § 3-9 at eit kommunestyre kan avgjere at samisk skal vere jamstilt med norsk i heile eller delar av den kommunale forvaltninga. Føresegna inneber at saksbehandling internt i kommunen skal kunne skje på samisk.

Gjennom ei lovendring som tok til å gjelde frå 1. januar 2003, kom ei ny føresegn inn i samelova. Føresegna seier at Sametinget skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiskespråk i Noreg.

Jf. § 3-12 i lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova).

I førearbeida vart det streka under at fleirtalsforma var bruka nettopp for å presisere at vi i Noreg har fleire samiske språk, og i tillegg til nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk vart også austsamisk (skoltesamisk) nemnt. Det heitte at arbeidet til Sametinget skulle omfatte alle desse.

Jf. Ot.prp. nr. 114 (2001–2002) Om lov om endring i lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (ny organisering av arbeidet med samiske språk), kap. 2.3.3.

Forvaltningsområdet for samisk språk omfattar i dag kommunar der anten nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk er det dominerande samiske språket. Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg i Rapport fra gjennomgang av samelovens språkregler til grunn at språkreglane for kvar kommune gjeld det samiske språket som blir bruka innanfor den aktuelle kommunen (side 36). I opplæringslova § 6-1 er «samisk» definert som «nordsamisk, sørsamisk eller lulesamisk».

Etter samelova er det Sametinget som skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg. Sametinget skal vere den viktigaste premissleverandøren i samisk språkpolitikk – som i samepolitikken elles.

Norske nasjonale styresmakter har likevel eit overordna ansvar for samiske språk. Dette ansvaret har ei særleg sterk rettsleg forankring gjennom grunnlovsføresegna som pålegg statlege styresmakter å leggje tilhøva til rette for at den samiske folkegruppa kan sikre og utvikle språka sine, kulturen sin og samfunnslivet sitt.

Samiske språk har også eit overordna folkerettsleg vern ved at den samiske folkegruppa i Noreg er definert som urfolk etter ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i sjølvstendige statar.

Hovudprinsippet i ILO-konvensjonen er at urfolk har rett til å bevare og vidareutvikle sin eigen kultur, og myndigheitene har plikt til å setje i verk tiltak for å støtte dette arbeidet. Konvensjonen anerkjenner mellom anna det ønsket urfolka har om å halde oppe og utvikle vidare identiteten sin, språka sine og religionen sin innanfor ramma av dei statane dei lever i.

Samisk har også folkerettsleg vern gjennom den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk (minoritetsspråkpakta). Pakta vart underskriven i 1992, Noreg ratifiserte henne i 1993, og ho tok til å gjelde i 1998. Som konvensjonspart pliktar Noreg å rapportere om gjennomføringa av minoritetsspråkpakta til Europarådet kvart tredje år. Det vart sist gjort i 2017. For oppfølging av pakta er det oppretta ein ekspertkomité med éin medlem per konvensjonspart (stat). Kulturdepartementet har det overordna fagansvaret for ein sektorovergripande språkpolitikk i Noreg som òg omfattar dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eit overordna ansvar for gjennomføringa av språkreglane i samelova og den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har òg ansvar for samordning av politikk og tiltak for dei samiske språka og dei nasjonale minoritetsspråka.

I del II av minoritetsspråkpakta er det fastsett ei rad viktige mål og prinsipp for plikta dei ulike statane har til å verne minoritetsspråk, mellom anna å oppmuntre til munnleg og skriftleg bruk av minoritetsspråka i offentleg og privat verksemd og å fremje undervisning, studium og forsking i språket. Del II legg plikter på staten, men inneheld ikkje reglar som kan gje grunnlag for rettskrav frå enkeltpersonar.

I del III finst meir omfattande og detaljerte føresegner, som legg konkrete plikter på styresmaktene på områda «utdannelse» (art. 8), «rettsmyndigheter» (art. 9), «forvaltningsmyndigheter og offentlige tjenester» (art. 10), «media» (art. 11), «kulturaktiviteter og kulturanlegg» (art. 12), «det økonomiske og sosiale liv» (art. 13) og «grenseoverskridende kontakter» (art. 14). Gjennom ratifikasjonen har 53 slike føresegner verknad for samisk språk i Noreg, men ratifikasjonsdokumentet spesifiserer ikkje om dette berre siktar til nordsamisk, eller om også lulesamisk og sørsamisk er verna etter del III.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har i Rapport fra gjennomgang av samelovens språkregler (2014) gjort greie for synet departementet har på korleis minoritetsspråkpakta gjeld for dei ulike samiske språka. Kommunal- og moderniseringsdepartementet konkluderer med at del II av minoritetsspråkpakta gjeld for både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk (side 30).

Når det gjeld del III av minoritetsspråkpakta, konkluderer Kommunal- og moderniseringsdepartementet slik: «Departementet antar [...] at det er mest nærliggende å konkludere med at statens forpliktelser etter språkpakten del III kun gjelder for nordsamisk i forvaltningsområdet for samisk språk. Konklusjonen er likevel usikker [...]. Departementet ser på denne bakgrunnen behov for å presisere overfor Europarådet hvilke forpliktelser som skal gjelde for sør- og lulesamisk» (s. 31). Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser særleg til at den rettslege og faktiske konteksten ved ratifiseringstidspunktet talar for at berre nordsamisk skulle ha vern etter del III. I 1993 var det berre kommunar i det nordsamiske området som var innlemma i forvaltningsområdet. Også etter at kommunar utanfor det nordsamiske området har vorte innlemma i forvaltningsområdet, har den norske staten i kommunikasjonen med ekspertkomiteen gjeve uttrykk for at berre nordsamisk har vern etter del III av pakta.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til at etter intern norsk rett har både nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk det same vernet innanfor forvaltningsområdet for samisk språk, og at det regelverket som gjeld der, i hovudsak tilsvarar dei pliktene som følgjer av del III av minoritetsspråkpakta (side 32), utan at det inneber at ein reknar med at lulesamisk og sørsamisk er omfatta av denne delen.

I Noregs sjette rapport til Europarådet frå 2014 om gjennomføring av minoritetsspråkpakta skriv Kommunal- og moderniseringsdepartementet:

«Etter en gjennomgang av kildene legger departementet til grunn at det per i dag bare er nordsamisk som omfattes av del III. Samtidig er det klart at en rekke av bestemmelsene som gjelder for nordsamisk, i praksis også blir gjennomført for sørsamisk og lulesamisk. Dersom det skulle bli aktuelt å forplikte seg etter del III for flere språk, vil det skje etter de prosedyrene språkpakten legger opp til, jf. artikkel 3 nr. 2.»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (2014). Den europeiske pakt om regions- og minoritetsspråk. Sjette periodiske rapport. Norge.

Også i Noregs sjuande rapport frå 2017 er det lagt til grunn at berre nordsamisk er omfatta av del III.

13.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet føreslo i høyringsnotatet at § 5 Samiske språk skulle slå fast statusen til samiske språk i Noreg. Framlegget til språklov var ikkje meint å endre den rettslege situasjonen for dei samiske språka. Høyringsnotatet slo fast at den mest nærliggjande nemninga, som også gjev samiske språk ein særskild status i norsk rett, er urfolksspråk. Nemninga er ikkje nytta i lovverket frå før, men er mykje bruka som deskriptiv term. Til dømes var 2019 utnemnt som «FN-året for urfolksspråk». Også ulike meldingar om samiske tilhøve brukar termen urfolksspråk, til dømes samemeldinga frå 2007.

St.meld. nr. 28 (2007–2008) Om samepolitikken.

Formuleringa departementet føreslo, var: «Samiske språk er urfolksspråk i Noreg.» Ordlyden var meint som ei konstatering av at samane har status som urfolk, og med det at dei samiske språka er urfolksspråk.

Samiske språk er også minoritetsspråk, med vern etter minoritetsspråkpakta. Den særskilde stillinga som samiske språk har oppnådd i nasjonalt lovverk, gjorde at departementet tilrådde termen urfolksspråk om den nasjonale statusen samiske språk har i Noreg.

Departementet føreslo vidare ei formulering av statusen til samiske språk som er bortimot identisk med samelova § 1-5: «Samisk og norsk er likeverdige språk. De skal være likestilte språk etter bestemmelsene i kapittel 3.»

Departementet føreslo å nytte fleirtalsforma «samiske språk» i staden for eintalsforma «samisk språk». Dette får betre fram at det er snakk om fleire ulike samiske språk.

Også med ei ny språklov skal dei gjeldande rettslege rammene for samiske språk stå ved lag. Departementet viste likevel til at på eitt punkt utvidar språklova ansvaret det offentlege har for samiske språk. I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å lovfeste Språkrådets rettleiingsplikt, jf. forslag til § 23 tredje ledd: «Språkrådet har rettleiingsplikt overfor offentlege organ, jf. reglane i § 22 og kapittel 1.» Etter framlegget i høyringsnotatet var rettleiingsplikta meint å inkludere rettleiing i samsvar med reglane i framlegg til § 1 tredje ledd, § 5 Samiske språk og § 9 Klart språk. Departementet utvida med dette lovforslaget arbeidsområdet til Språkrådet til også å gjelde samiske språk. Det var viktig for departementet å understreke at Språkrådet ikkje med dette vil få rettleiingsansvar etter kapittel 3 i samelova. Det er Sametinget som skal sikre vern og utvikling av dei samiske språka. Det er dei offentlege organa sjølve som skal sikre at dei etterlever samelova.

13.2.3 Høyringa

Sametinget, Kautokeino kommune og Samisk høgskole støttar framlegget til § 5 Samiske språk.

Sametinget ser det som viktig og nødvendig at ei heilskapleg lov blir lagd fram:

«Vi vil spesielt trekke frem forslaget til § 5 Samiske språk, hvor det slås fast i loven at samiske språk er urfolksspråk. Begrepet urfolksspråk har ikke vært benyttet i tidligere lover, og det er derfor svært positivt at vi i ny språklov nå stadfester at samiske språk er urfolksspråk.»

Kautokeino kommune stiller seg positive:

«[…] først og fremst fordi samiske språk har fått en egen paragraf, § 5, som slår fast at samiske språk er et urfolksspråk og at det i Norge er likestilt med norske språk. Det er ekstra gledelig at loven fastslår at det er flere samiske språk ved at formuleringen «samiske språk» er benyttet, ikke bare samisk språk som tidligere.»

Utdanningsforbundet meiner at

«[…] samiske språk er utsette som bruksspråk, og at dei treng særskilt vern, jf. § 1. Også sidan språkskifte frå samisk til norsk er ei reell utfordring, meiner Utdanningsforbundet at det kan vere tenleg å slå fast statusen som urfolksspråk.»

Slik Finnmark fylkeskommune ser det, «er forslaget til ny språklov et viktig skritt for å sikre innbyggerne språklige rettigheter, enten innbyggerne har tilknytning til majoritetsspråket eller til andre språk med lang tilhørighet til landet vårt».

Språkrådet på si side har nokre kritiske merknader til § 5 og meiner bruken av ordet «likeverdig» om tilhøvet mellom samiske språk og norsk språk ikkje er nødvendig for å oppnå særskilt lovvern for samiske språk i språklova:

«Andre ledd første punktum i paragrafen slår fast at samiske språk og norsk er likeverdige språk. Det står slik i samelova § 1-5, og mønsteret er føresegna om tilhøvet mellom bokmål og nynorsk i mållova. I framlegget til språklov, slik det er disponert og formulert, kan denne setninga verke uheldig. I paragrafane som følgjer, står det ikkje noko om at norsk og dei nasjonale minoritetsspråka respektive norsk teiknspråk er likeverdige språk. Det kan skape eit inntrykk av at desse språka på ein eller annan måte, som ikkje er presisert, ikkje er likeverdige med norsk. Dette er særleg uheldig for norsk teiknspråk, ettersom det framleis er ei utbreidd oppfatning i samfunnet at norsk teiknspråk er meir eit erstatningsspråk eller hjelpemiddel for høyrselshemma menneske enn eit språk på linje med orale språk. Det er heilt rett å gje samiske språk eit særskilt lovvern med ein eigen paragraf i språklova, men det er etter Språkrådets syn ikkje avhengig av at første punktum i andre ledd i paragrafen blir ståande.»

Kven Østlandet meiner at ordbruken i lovforslaget legg til rette for «vedvarende diskriminering» av kvensk språk. Ettersom ordet «likeverdig» i lovforslaget berre er bruka om tilhøvet mellom nynorsk og bokmål og mellom norsk språk og samiske språk, meiner Kven Østlandet dette kan tolkast som at til dømes kvensk ikkje er like verdifullt som norsk og samisk. Dette inneber, slik departementet tolkar Kven Østlandet, ei form for forskjellsbehandling som er diskriminerande. Kven Østlandet konkluderer med at språklova ikkje bør leggjast fram dersom formuleringa berre blir bruka om norsk og samiske språk.

Kven Østlandet føreslår å stryke første ledd i § 5, som gjev samiske språk status som urfolksspråk. Kven Østlandet er imot at omgrepa «urfolksspråk» og «nasjonale minoritetsspråk» skal lovfestast, og støttar fullt ut Norske Kveners Forbunds synspunkt på dette:

«Vi støtter også Norske Kveners Forbund når det påpekes at i Norge er både de samiske språkene og det kvenske språket er ‘indegeneous languages’ (i betydningen ‘opprinnelige språk’). Det finnes ganske enkelt ikke noe historisk grunnlag for å sette høyverdige og mindre verdifulle merkelapper på språkene i en språklov.»

Kvenlandsforbundet har liknande synspunkt.

13.2.4 Departementets vurdering

Departementet meiner ordet likeverdig er nødvendig for å gje samiske språk status som samfunnsberande språk innanfor dei samiske språkområda. At språklova brukar omgrepet «likeverdig», er ei nødvendig tilpassing til samelova. Departementet meiner det er viktig at § 5 i språklova speglar det fulle lovgrunnlaget som i dag sikrar samiske språk. Dersom språklova ikkje inkluderer omgrepet likeverdig i lovteksten, vil det kunne stillast spørsmål ved om språklova inneber ei utilsikta innskrenking av det lovvernet samiske språk faktisk har i dag.

Den nordiske språkdeklarasjonen slår fast at i Norden «regner vi alle språk som likeverdige, men de har ikke alle samme rolle». Deklarasjonen held fram med å slå fast at i tillegg til dansk, finsk, færøysk, islandsk, bokmål, nynorsk og svensk, som kan seiast å vere statsberande språk, er også samiske språk og grønlandsk samfunnsberande og komplette språk. Desse språka blir i dag bruka i alle funksjonar på alle område av samfunnet. Den situasjonen språklova er meint å verke i retning av, er å sikre at samiske språk blir verande komplette og samfunnsberande, ettersom det er nettopp i denne posisjonen samiske språk er pressa av norsk. At samiske språk er komplette, samfunnsberande og likeverdige med norsk, gjer det også mogleg å la forslag til § 9 Klart språk gjelde for samiske språk, i tillegg til norsk.

Departementet understrekar at når det blir slått fast at samiske språk og norsk språk er likeverdige, betyr ikkje dette at dei er meir verdifulle som bruksspråk, at dei er «betre» som språksystem eller i seg sjølv har høgare kulturell verdi enn andre språk. Bruken av ordet likeverdig i framlegget til språklova skal berre knytast til ei lovfesting av den rolla og den funksjonen norsk og samiske språk har i Noreg i dag.

Departementet vidarefører føresegna som i forslaget til § 5 i høyringsnotatet.

13.3 Nasjonale minoritetsspråk

13.3.1 Gjeldande rett

Gjennom den norske ratifikasjonen av den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar har fem folkegrupper fått status som nasjonale minoritetar i Noreg: jødar, kvener/norskfinnar, rom (sigøynarar), romanifolk/taterar og skogfinnar.

Språka til tre av desse gruppene har også folkerettsleg vern. Det er:

  • 1. kvensk, som er knytt til den kvenske/norskfinske minoriteten i Troms og Finnmark

  • 2. romani, som blir tala blant romanifolket/taterane

  • 3. romanes, som er språket til rom i Noreg

Saman med samiske språk er desse tre språka verna etter den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Noreg har skrive under på at staten anerkjenner desse språka som eit uttrykk for kulturell rikdom, og at vi på ulike måtar vil fremje bruk og dokumentasjon av desse språka. Kvart tredje år rapporterer Noreg til Europarådet om korleis minoritetsspråkpakta blir følgd opp.

På bakgrunn av ein slik rapport bad Europarådet i 2001 Noreg klargjere om kvensk berre skulle sjåast på som ein finsk dialekt eller som eit eige språk. I oktober 2003 vart det avgjeve ein rapport til Kultur- og kyrkjedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet,

Kvensk – språk eller dialekt? Avgjeve til Kultur- og kyrkjedepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet oktober 2003 (utarbeidd av språkforskarane Kenneth Hyltenstam og Tommaso Milano).

som konkluderte med at samfunnsforhold og språkforhold motiverer at kvensk skal reknast som eit eige språk heller enn som ein dialekt av finsk. Konklusjonen vart eit formelt vedtak om å anerkjenne kvensk som eige språk i Noreg med vern etter del II i minoritetsspråkpakta. Dette skjedde ved kongeleg resolusjon 24. juni 2005.

Romani og romanes er rekna som ikkje-territoriale språk etter pakta, jf. art. 1 bokstav c, ulikt kvensk, som er definert som eit regions- eller minoritetsspråk og er knytt til eit bestemt område, jf. art. 1 bokstav a. Etter art. 7 (5) er partane forplikta til å la del II vere gjeldande for ikkje-territoriale språk, for Noregs del romani og romanes. For regions- eller minoritetsspråk krev art. 1 bokstav a at dei ikkje «omfatter dialekter av de(t) offisielle språk i staten eller innvandreres språk». For ikkje-territoriale språk krev art. 1 bokstav c at dei «selv om de tradisjonelt brukes innen statens område, ikke kan identifiseres med et spesielt område av den».

Fordi dei tre språka kvensk, romani og romanes høyrer til tre av gruppene som har folkerettsleg status som nasjonale minoritetar i Noreg, blir dei av og til omtala som nasjonale minoritetsspråk. Denne nemninga er per i dag ikkje bruka i norsk lovverk.

Noreg som stat har teke på seg eit folkerettsleg ansvar for kvensk, romani og romanes gjennom både den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar og den europeiske pakta for regions- eller minoritetsspråk. Noreg skreiv under på rammekonvensjonen i 1995. Han tok til å gjelde for dei første statane i 1998, og han vart ratifisert av Noreg i 1999.

Kvensk, romani og romanes er verna etter del II i minoritetsspråkpakta. Det inneber at Noreg har teke på seg ei plikt til å leggje ein del nærare spesifiserte mål og prinsipp til grunn for arbeidet med å fremje desse språka.

Heller ikkje den europeiske rammekonvensjonen om vern av nasjonale minoritetar inneheld konkrete rettar som enkeltpersonar kan gjere gjeldande med direkte heimel i konvensjonen. Derimot forpliktar rammekonvensjonen statane til å fremje dei føresetnadene som er nødvendige for at personar som høyrer til ein nasjonal minoritet, kan bevare og utvikle kulturen sin og dei grunnleggjande delane av identiteten sin. Her er språket nemnt som ein viktig faktor (art. 5). Den mest grunnleggjande føresegna i det internasjonale minoritetsvernet er likevel art. 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar. Han slår fast at personar som høyrer til etniske, religiøse eller språklege minoritetar, har rett til, saman med andre medlemmer av gruppa si, å dyrke sin eigen kultur, vedkjenne seg til og utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk.

Rammekonvensjonen har ei rad andre føresegner som forpliktar statane til å godkjenne ulike språklege rettar for personar som høyrer til ein nasjonal minoritet. Det gjeld retten til å lære minoritetsspråket sitt (art. 14), retten til fritt å kunne ta imot og gjere opplysningar og idear på minoritetsspråket kjende (art. 9), retten til fritt og uhindra å bruke minoritetsspråket sitt privat og offentleg, i tale og skrift (art. 10), retten til å bruke etternamnet og førenamnet sitt på minoritetsspråket (art. 11) og retten til å bruke minoritetsspråket sitt på skilt, inskripsjonar og annan informasjon av privat art som er synleg for allmenta.

Rammekonvensjonen inneheld altså dels minimumsnormer for den statlege politikken overfor nasjonale minoritetar, dels mål og prinsipp som statane pliktar å arbeide etter. I St.meld. nr. 15 (2000–2001) Nasjonale minoritetar i Noreg. Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar er pliktene statane har etter rammekonvensjonen, oppsummerte slik:

«Statane skal leggje forholda til rette for at personar som høyrer til nasjonale minoritetar skal kunne gi uttrykk for, halde oppe og utvikle sin eigen identitet, sitt eige språk og sin eigen kultur, samtidig som minoritetane skal ha rett til full og effektiv deltaking i storsamfunnet.»

Noreg har gjennom ratifikasjonen av dei to konvensjonane teke på seg eit ansvar for å setje i verk særskilde tiltak for å verne og styrkje dei nemnde minoritetsspråka.

Jf. St.meld. nr. 15 (2000–2001) Nasjonale minoritetar i Noreg, kap. 1.3.

To av tiltaka er nedfelte i nasjonal lovgjeving. Elevar med «kvensk/norskfinsk» bakgrunn ved grunnskular i Troms og Finnmark har etter opplæringslova § 2-7 rett til opplæring i kvensk eller finsk om det er minst tre elevar ved skulen som krev det. I Prop. 88 L (2018–2019) Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon) er det gjort framlegg om at elevar kan velje opplæring i kvensk i staden for finsk med heimel i opplæringslova § 2-7. Kvenske stadnamn er sikra vern etter stadnamnlova, og den kvenske stadnamntenesta (Paikannimipalvelus) er organisert som ein del av Språkrådet, jf. stadnamnlova § 13 første ledd første punktum.

Verken minoritetsspråkpakta del II eller rammekonvensjonen pålegg statane omfattande plikter når det gjeld å revitalisere minoritetsspråk eller å utvikle dei som samfunnsberande språk. Kjernen i desse regelverka er at minoritetsspråka skal anerkjennast og vernast, og retten til å bruke dei skal respekterast.

Det er eit klart språkpolitisk mål å sikre både kvensk, romani og romanes som levande bruksspråk på eit visst nivå i Noreg. Det dreier seg både om å sikre ein viktig del av kulturgrunnlaget for dei nasjonale minoritetsgruppene sjølve og å yte eit norsk bidrag til å sikre språkmangfaldet i verda.

Kvenske stadnamn har i dag det same vernet som samiske og norske stadnamn har i stadnamnlova, forvalta av Kulturdepartementet. Føremålet med stadnamnlova er etter § 1 «å ta vare på stadnamn som språklege kulturminne, gje dei ei skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet, og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna». Kvenske stadnamn er ein del av felles kulturarv og skal brukast av det offentlege i område som har hatt kvensk busetjing.

13.3.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet viste til St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk, der kvensk, romani og romanes er omtala som språka til nasjonale minoritetar. Meldinga nyttar uttrykket «nasjonale minoritetsspråk» om desse språka.

Departementet føreslo å formalisere omgrepet «nasjonale minoritetsspråk» i språklova. Dei nasjonale minoritetsspråka må ha to kjenneteikn felles: Språket må ha særleg tilknyting til ein nasjonal minoritet, og det må ha vern etter minoritetsspråkpakta.

Departementet gjorde framlegg om å formulere § 6 Nasjonale minoritetsspråk slik:

«Kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk.»

13.3.3 Høyringa

Kvensk institutt peikar på at departementet ikkje på førehand har konsultert eller hatt dialog med miljøa om innføringa av omgrepsbruken:

«Det har ikke vært noen dialog eller konsultasjon med de nasjonale minoriteter i forkant av innføringen av begrepet ‘nasjonale minoritetsspråk’. I hht rammekonvensjonen § 15, ønsker vi at de nasjonale minoritetene gis mulighet til å være med i prosessen gjennom dialoger og konsultasjoner om begrepsinnføringen.»

Kvenlandsforbundet meiner at framlegga i høyringsnotatet stadfestar at samiske språk og kvensk språk ikkje blir behandla likt, og at det ikkje er i tråd med dei folkerettslege pliktene Noreg har påteke seg overfor språka:

«I over hundre år har kvener/norskfinner vært diskriminert vis a vis samene av staten. På grunn av en kategorisering som ‘urfolk’ og ‘nasjonal minoritet’ har man siden 1980‐tallet forskjellsbehandlet medmennesker i samme region i enda større grad.»

Kvenlandsforbundet meiner at «Norge praktiserer at et folks språk er mindre verdt enn et annet. Å bruke ILO‐konvensjonen 169 som anførselsalibi holder rett og slett ikke».

Kven Østlandet har tilsvarande merknader til forslaget. Innvendingane går på at det er diskriminerande at samiske språk får statusnemninga «urfolksspråk», ettersom kvensk språk, slik Kven Østlandet ser det, også er «indiginous» / «opprinnelig språk». Kven Østlandet føreslår at tittelen på § 6 blir Kvensk, romani og romanes, og at språka får statusnemninga «likeverdige språk med norsk». Dei skriv vidare:

«Dersom lovforslaget blir vedtatt som det foreligger, ville det etter Kven Østlandets syn være bedre om det ikke blir vedtatt noen ny lov i det hele tatt. Da ville i alle fall ikke loven stemple vårt eget språk som mindreverdig.»

Norske Kveners Forbund meiner at omgrepet «nasjonale minoritetsspråk» er ei uheldig samanblanding av status for folket og status for språket, «d.v.s. en sammenblanding av rammekonvensjonen for beskyttelse av nasjonale minoriteter og den europeiske pakten om regions- eller minoritetsspråk»:

«Disse er to forskjellige konvensjoner som dekker hvert sitt område. Begrepet ‘nasjonale minoritetsspråk’ er altså uten innhold rettighetsmessig og gir dermed ingen status for språkene, slik intensjonen er i hht regjeringen. Begrepet er heller ikke støttet innholdsmessig gjennom forskning eller i internasjonal rett. I Norge er begrepet, som det kommer frem i høringsnotatet, til nå kun brukt av og til og aldri i norsk lovverk. Dermed er paragraf 6 slik den er foreslått uten innhold og er en tom paragraf.»

Forbundet meiner også at «urfolksspråk» i framlegget til § 5 Samiske språk ikkje er passande, men meiner at både samiske språk og kvensk språk heller bør kallast «indigenous languages» / «opprinnelige språk». Dette står også Kven Østlandet for.

Norske Kveners Forbund gjev likevel departementet «honnør» for framlegget til § 1, som slår fast at «[o]ffentlege organ har eit ansvar for å verne og fremje kvensk».

Språkrådet har ingen merknader til at departementet i høyringsnotatet føreslår statusnemninga «nasjonale minoritetsspråk» om kvensk, romani og romanes. Dei har heller ingen merknader til statusnemninga «urfolksspråk» i framlegget til § 5 Samiske språk. Derimot peikar dei på at termen «likeverdig» i framlegget til § 5 Samiske språk kanskje bør unngåast, ettersom omgrepsbruken, når han ikkje er bruka om nasjonale minoritetsspråk eller norsk teiknspråk, «kan skape eit inntrykk av at desse språka på ein eller annan måte, som ikkje er presisert, ikkje er likeverdige med norsk».

Norges institusjon for menneskerettigheter, som har som oppgåve å fremje og verne menneskerettar i tråd med Grunnlova, menneskerettslovgjevinga, internasjonal folkerett og internasjonale traktatar, har ingen eksplisitte innvendingar mot korleis framlegget til språklov samsvarar med dei internasjonale konvensjonane som gjeld:

«NIM er positiv til at de språkene som har et særskilt vern etter minoritetsspråkspakten får formell status i loven, og til at norsk tegnspråk får formell status som nasjonalt tegnspråk. Dette kan bidra til økt synliggjøring av disse språkene. Det er også positivt at lovforslagets § 1 fastslår at det offentlige har et ansvar for å verne og fremme disse språkene.»

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som er ansvarleg for same- og minoritetspolitikken, har heller ikkje innvendingar mot omgrepsbruken.

Organisasjonane som representerer rom og romanifolket/taterane, har ikkje sendt inn høyringssvar.

13.3.4 Departementets vurdering

Departementet har vurdert merknadene frå dei kvenske miljøa om framlegget til § 6 Nasjonale minoritetsspråk.

Departementet merkjer seg innvendingane mot å formalisere omgrepet «nasjonalt minoritetsspråk». Påstanden er at omgrepet er bortimot innhaldstomt og av liten verdi for språkgruppa sjølv. Ut frå undersøkingar departementet har fått utført, har nemninga vore i bruk om norske forhold i over to tiår. Dersom ein søkjer i aviskorpuset til Nasjonalbiblioteket, ser det ut til at eitt av dei eldste belegga i norske aviser er frå 1998 (Sagat). Maktutgreiinga frå 1999 brukar også omgrepet.

Dersom ein tek utgangpunkt i kritikken frå Norske Kveners Forbund om at § 6 er «ein tom paragraf», vil departementet gje forbundet rett – på den måten at dette framlegget isolert sett ikkje tilfører nokon annan status til kvensk enn det som følgjer av pliktene i den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta. Å ta formuleringa inn i norsk rett styrkjer likevel gjennomføringa av den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta.

Som nemnt ovanfor ønskjer Norske Kveners Forbund at både samiske språk og kvenske språk skal kallast opphavlege språk, altså at dei ikkje skal ha ulik statusnemning. Både samar og kvener er innfødde (latin indegenus ‘innfødd’) og har altså vore i Noreg i lang tid. Det er likevel eit faktum at samane har ei særstilling i norsk rett, og at denne særstillinga tek utgangspunkt i forståinga av samane som urfolk. Samane er den einaste folkegruppa i Noreg som er definert som urfolk etter ILO-konvensjonen, og den retten samane har til å vidareutvikle språket sitt, bør ikkje ignorere urfolksstatusen. Departementet meiner derfor at statusnemninga «urfolksspråk» er presis når det er tale om samiske språk, og at omgrepet gjev eit godt utgangspunkt for det vernet samiske språk har krav på etter internasjonal og nasjonal rett.

Departementet har også vurdert reaksjonane på at samiske språk blir omtala som «likeverdige språk» med norsk, men at ingen av dei andre språka blir omtala som likeverdige med norsk i lovteksten. Kven Østlandet seier til dømes:

«Når enkelte av språkene i lovforslaget tillegges egenskapen ‘likeverdige’ – altså like verdifulle eller jevngode – da har man i ‘klart språk’ (se lovforslagets punkt 9) sagt at de øvrige språkene ikke har denne positive egenskapen; de er altså ikke like verdifulle som de utpekte høystatusspråkene. Dersom lovforslaget blir vedtatt uten å endre denne skjevheten, vil dette antagelig være det største lovmessige tilbakeslaget for kvensk språk siden språket falt ut som hjelpespråk i skolen i 1936.»

Kven Østlandet føreslår ei føresegn der nemninga «nasjonalt minoritetspråk» ikkje inngår, men som rett fram konstaterer at «kvensk, romani og romanes og norsk er likeverdige språk».

Som departementet har drøfta under punktet om § 5 Samiske språk, er utgangspunktet for å slå fast at samiske språk er likeverdige med norsk, at samiske språk har ei likeverdig rolle som samfunnsberande språk. Dersom språklova ikkje inkluderer omgrepet likeverdig der statusen til samiske språk blir omtala i lovteksten, vil det kunne stillast spørsmål ved om språklova inneber ei innskrenking av det lovvernet samiske språk faktisk har i dag, ettersom samelova slår fast at samiske språk og norsk språk er likeverdige.

Departementet vil tilbakevise at det skal oppfattast som at kvensk er «mindreverdig», når forslaget til § 6 ikkje uttrykkjeleg slår fast at kvensk er likeverdig med norsk. Som vi har sagt i punktet om samiske språk, slår den nordiske språkdeklarasjonen fast at i Norden «regner vi alle språk som likeverdige, men de har ikke alle samme rolle». I dette ligg det at alle språk har den same eigenverdien som berarar av kultur og identitet, men det betyr ikkje at dei spelar same rolle i ein konkret lovkontekst. Språk som ikkje er omfatta av forslaget til språklov, medrekna språk som blir nytta av innvandrarar i Noreg og deira etterkomarar, er til dømes også likeverdige med norsk (dersom norsk er målestaven her). Sjølv om framlegget til språklov sikrar norsk språk vern mot til dømes engelsk, er ikkje engelsk språk på nokon måte mindre verdt som kulturelt uttrykk eller som språksystem. På generelt grunnlag må alle språk reknast som likeverdige, både som språklege system og som kulturelle uttrykk i vid forstand.

Det kan vere klargjerande i denne samanhengen å vise til eit anna lovverk som handterer norsk, samisk og kvensk parallelt: stadnamnlova. Som språklege kulturminne (vitnemål om eldre tiders liv og virke) har til dømes kvenske stadnamn i dag nøyaktig same vern etter stadnamnlova som norske og samiske stadnamn. Lova skil ikkje mellom dei på annan måte enn at norske stadnamn har ei større geografisk utbreiing enn samiske og kvenske stadnamn.

Departementet meiner på denne bakgrunnen at det ikkje kan vere tvil om at kvensk språk er likeverdig med norsk språk som kulturelt uttrykk, også etter norsk rett. For å fjerne eventuell tvil om eigenverdien til kvensk, romani og romanes ut frå formuleringar i språklova føreslår departementet å tilføre eit nytt punktum i § 5 første ledd, som slår fast at kvensk, romani, romanes og norsk er likeverdige språklege uttrykk for kultur. I dette ligg det ikkje at kvensk, romani og romanes spelar ei lik rolle i samfunnet som det norsk språk gjer, som altså er hovudspråket i Noreg og eit samfunnsberande forvaltningsspråk, jf. framlegg til § 4. Føresegna slår derimot fast at kvensk, romani og romanes har like stor verdi som bruksspråk og kulturarv som norsk.

Oppsummert vidarefører derfor departementet statusnemninga «nasjonale minoritetsspråk» om språka kvensk, romani og romanes.

Sjølv om kvensk, romani og romanes med framlegget til § 6 ikkje får ein annan status enn det som følgjer av dei internasjonale pliktene staten Noreg har etter den europeiske språkpakta, er likevel ikkje føresegna utan innhald. Departementet understrekar at ei lovforankring av statusen som nasjonalt minoritetsspråk er ei sterk formalisering av at kvensk språk og omsynet til kvenske språkbrukarar skal vere del av ein heilskapleg språkpolitikk. Det same gjeld for språka romani og romanes.

13.4 Norsk teiknspråk

13.4.1 Gjeldande rett

Norsk teiknspråk er eit fullt utvikla språk med eigne grammatiske reglar og setningsoppbygging. Det er eit gestuelt språk, fordi hendene, andletet og kroppen blir bruka til å uttrykkje språket. Det er visuelt, fordi det blir oppfatta av synet. Ulike land har sine teiknspråk.

I den nordiske språkdeklarasjonen frå 2006, som er underskriven av dei nordiske utdanningsministrane, men som ikkje er eit juridisk bindande dokument, er dei nordiske teiknspråka anerkjende som «språk med en spesiell stilling». Det står òg at «[d]et er viktig at også tegnspråkene får en sterk stilling».

Deklaration om nordisk språkpolitik. Nordisk ministerråd 2006.

På landsbasis har norsk teiknspråk ein lovfesta status som opplæringsspråk. Føresegner om rett til teiknspråkopplæring i grunnskulen og for barn som er under opplæringspliktig alder, kom inn i opplæringslova då lova vart vedteken i 1998 (iverksett frå 1. august 1999). I 1999 vart det vedteke reglar om rett til teiknspråkopplæring for elevar i vidaregåande skule (iverksett frå 1. august 2000). I 2016 vart reglane om rett til teiknspråkopplæring for barn under opplæringspliktig alder flytta til barnehagelova. Denne retten gjeld òg for barn som ikkje går i barnehage. Rett til opplæring innanfor det nasjonale utdanningssystemet er eit kjernespørsmål for alle språk. Ein slik rett inneber likevel ikkje at statusen for norsk teiknspråk i dagens lovverk er formalisert på generelt og overordna nivå.

I opplæringslova er det §§ 2-6 og 3-9 som regulerer rett til opplæring i og på teiknspråk i grunnskulen og vidaregåande skule. Føresegnene i opplæringslova tek ikkje utgangspunkt i språket, men i ei særskild elevgruppe, nærare bestemt elevar med teiknspråk som førstespråk eller dei som etter sakkunnig vurdering har behov for opplæring i og på teiknspråk. Paragraf 3-9 gjev òg elevar etter sakkunnig vurdering rett til å bruke tolk i ordinære vidaregåande skular, som eit alternativ til opplæring i og på teiknspråk. I barnehagelova er det § 19 h som gjev rett til teiknspråkopplæring for barn under opplæringspliktig alder. Vilkåra for ein slik rett er dei same etter barnehagelova § 19 h som etter opplæringslova §§ 2-6 og 3-9.

Dessutan følgjer rett til teiknspråktolking av folketrygdlova og domstollova. Folketrygdlova § 10-7 første ledd bokstav f gjev medlemmer i folketrygda rett til stønad i form av tolkehjelp for høyrselshemma, medan bokstav g gjev rett til stønad til tolke- og følgjehjelp for døvblinde. Desse stønadsformene skal medverke til at brukarane kan fungere i dagleglivet og arbeidslivet. Nødvendige utgifter skal dekkjast av det offentlege. Nav organiserer ei landsdekkjande tolketeneste som formidlar tolkeoppdrag for døve, høyrselshemma og døvblinde.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har offentleggjort to rundskriv som gjer greie for retten til tolkehjelp for høvesvis høyrselshemma og døvblinde (rundskriv R10-07F «Rundskriv til ftrl § 10-7 første ledd bokstav f: Tolkehjelp for hørselshemmede» og rundskriv R10-07G «Rundskriv til ftrl § 10-7 første ledd bokstav g: Tolke- og ledsagerhjelp for døvblinde»).

I begge dei nemnde rundskriva er tilhøvet til anna lovgjeving enn folketrygdlova teke opp som eit eige punkt. Også av helselovgjevinga kan det følgje ein rett til teiknspråktolk. Ifølgje pasient- og brukarrettslova § 3-5 skal informasjon vere tilpassa dei individuelle føresetnadene til mottakaren, som mellom anna språkbakgrunn, som kan føre med seg rett til tolk. Av spesialisthelsetenestelova § 3-11 andre ledd følgjer det at helseinstitusjonar som fell inn under lova, har plikt til å gje tilstrekkeleg informasjon som pasienten har rett til etter pasient- og brukarrettslova. Dette er det ifølgje Arbeids- og velferdsdirektoratet naturleg å tolke slik at det inneber ein rett til teiknspråktolk.

Opplæringslova § 3-9 inneheld reglar om at elevar i vidaregåande skule har rett til anten å velje opplæring i ein ordinær vidaregåande skule med tolk eller opplæring på teiknspråk i ein tilrettelagd skule med teiknspråkleg miljø (knutepunktskule). Ved knutepunktskular kan likevel delar av opplæringa gjevast med bruk av tolk. Domstollova § 137 gjev den som er «døv eller stum», rett til å forklare seg i retten skriftleg eller gjennom tolk. Dessutan blir reglane i domstollova om tolking i dag forstått slik at døve, høyrselshemma og døvblinde har rett til å få heile forhandlinga i retten tolka. Tolking omfattar her både teiknspråktolking og skrivetolking. Reglane i tvistelovforskrifta om dekking av utgifter til tolk blir forstått slik at dei òg gjeld teiknspråktolking.

Utgifter til tolk som fell inn under folketrygdlova § 10-7, skal dekkjast gjennom folketrygda. Det følgjer likevel av forskrift 16. april 1997 nr. 320 om stønad til tolkehjelp for hørselshemmede § 5 at «[r]etten til ytelser etter denne forskriften faller bort i den utstrekning ytelsene kommer inn under ansvarsområdet til annen lovgivning, jf. folketrygdloven § [10-8]

Paragrafen bytte nummer frå § 10-17 til § 10-8 ved endringslov 20. desember 2016 nr. 105. Lovendringa er ikkje følgd opp i forskrifta.

med tilhørende forskrifter». Ein tilsvarande regel om dekking av utgiftene finst òg i forskrift 15. april 1997 nr. 321 om stønad til tolke- og ledsagerhjelp for døvblinde § 5.

I 2007 skreiv Noreg under FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, CRPD.

Convention on the Rights of Persons with Disabilities.

Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013, og han tok til å gjelde 3. juli 2013 i Noreg. Statane som har slutta seg til konvensjonen, er forplikta til å fremje teiknspråk på fleire samfunnsområde.

CRPD er ikkje gjord gjeldande som norsk lov. Men konvensjonen er bindande for Noreg som stat, og han er ein sentral tolkingsfaktor når lover og anna regelverk som gjeld eller er relevant for norsk teiknspråk, skal tolkast. Det er eit vel etablert rettskjeldeprinsipp i norsk rett at ein i utgangspunktet skal presumere, det vil seie ha som utgangspunkt, at intern norsk rett er i tråd med folkerettslege reglar som Noreg er bunde av.

Etter artikkel 21(e) i FN-konvensjonen skal partane «anerkjenne og fremme bruken av tegnspråk» for å sikre døve og høyrselshemma retten til å praktisere ytringsfridom og meiningsfridom og for å sikre «frihet til å søke, motta og meddele opplysninger og tanker av alle slag, på lik linje med alle andre».

Artikkel 24 i konvensjonen skal sikre personar med nedsett funksjonsevne rett til utdanning. Artikkel 24 nr. 3(b) skal sikre at partane set i verk høvelege tiltak for å gjere det mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å delta i undervisning på linje med andre og som samfunnsmedlemmer. For å oppnå dette skal partane «treffe hensiktsmessige tiltak, herunder [...] å legge til rette for innlæring av tegnspråk og fremme døvesamfunnets språklige identitet».

Artikkel 30 skal sikre personar med nedsett funksjonsevne rett til å delta i kulturliv, fritidsaktivitetar og liknande på lik linje med andre. I artikkel 30 nr. 4 er det særskilt nemnt at personar med nedsett funksjonsevne «på lik linje med andre skal ha rett til anerkjennelse av og støtte til sin spesielle kulturelle og språklige identitet, herunder tegnspråk og døvekultur».

Det har vore ein tendens til å vurdere teiknspråk som ikkje-fullverdige språk. Dei har heller vore sett på som erstatningsspråk eller hjelpemiddel for ei gruppe menneske med nedsette funksjonsevner. Ein kan merkje seg at FN-konvensjonen eksplisitt anerkjenner teiknspråk som både kommunikasjonsmiddel på den eine sida og kulturberar og identitetsmerke på hi.

I opplæringslova frå 1998 kom det inn føresegner om teiknspråkopplæring, og norsk teiknspråk fekk dermed lovfesta status som opplæringsspråk. Ettersom opplæringslova §§ 2-6 og 3-9 og barnehagelova § 19 h set som vilkår at det skal utarbeidast ei sakkunnig vurdering før kommunen eller fylkeskommunen gjer vedtak om teiknspråkopplæring, kan det hevdast at opplæringslova ser norsk teiknspråk som eit spesialpedagogisk verktøy, ikkje som eit fullverdig språk. I forskrift til opplæringslova har både § 6-18 tredje ledd og § 6-41 andre ledd den same ordlyden, som understrekar at den sakkunnige vurderinga ikkje skal innebere ei overprøving av val om teiknspråk som førstespråk i samband med inntak til vidaregåande opplæring:

«Den sakkunnige vurderinga skal ikkje ta stilling til sjølve språkvalet til eleven. Det er eleven si eiga oppfatning av språkleg identitet som er avgjerande her.»

I førearbeida til opplæringslova er det òg slått eksplisitt fast at lovfestinga bygde på ei anerkjenning av (norsk) teiknspråk som eit fullverdig språk på linje med norsk og samisk.

Ot.prp. nr. 46 (1997–98) Om lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), s. 35.

Ved behandlinga av St.meld nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg språkpolitikk i 2009 slutta ein samla komité seg til denne merknaden:

«Komiteen er særs nøgd med at meldinga anerkjenner teiknspråk som fullverdig språk, og at det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal bli forankra i lovverket.»

Innst. S. nr. 184 (2008–2009) Innstilling frå familie- og kulturkomiteen om Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk.

I desember 2019 la eit regjeringsoppnemnt utval fram NOU 2019: 23 Ny opplæringslov med eit heilskapleg framlegg til ei ny opplæringslov. I framlegget er det ein paragraf om rett til opplæring i og på teiknspråk i grunnskulen og ein paragraf som gjeld vidaregåande skule. Opplæringslovutvalet har òg kome med somme framlegg som endrar vilkåra vesentleg for å få rett til opplæring i og på teiknspråk. For det første gjer utvalet framlegg om at grunnvilkåret skal vere at eleven har ei høyrselshemming, i motsetning til dagens krav om anten teiknspråk som førstespråk eller at eleven har behov for teiknspråkopplæring. Om vurderinga av kva som skal reknast som høyrselshemming, skriv utvalet på s. 427–428:

«Hva som er en hørselshemming, er en medisinskfaglig vurdering. Det er likevel normalt sett ikke nødvendig å innhente dokumentasjon. Det stilles ikke krav til graden av hørselshemming, og i vurderingen bør det legges stor vekt på om foreldrene eller eleven mener at eleven er hørselshemmet.»

Vidare gjer utvalet framlegg om at dagens krav om sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste ikkje skal vidareførast. Elles føreslår utvalet at grunnskuleelevar kan velje å få opplæring etter læreplanen i faget norsk teiknspråk med ein ekstra timeressurs utan at det samstundes skal vere obligatorisk å få opplæring i dei andre læreplanane for døve og høyrselshemma elevar. Utvalet gjer òg framlegg om at elevar i ordinære vidaregåande skular som får opplæring ved hjelp av tolk, skal få rett til opplæring i faget norsk teiknspråk, ein rett som denne elevgruppa ikkje har i dag.

Samla sett meiner departementet at framlegga frå utvalet i større grad enn dagens regelverk byggjer på den føresetnaden at norsk teiknspråk er eit fullverdig språk og ikkje eit spesialpedagogisk hjelpemiddel eller verktøy.

13.4.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet erklærte i høyringsnotatet at norsk teiknspråk har ein grunnleggjande verdi i seg sjølv, mellom anna som identitetsmerke og ekte kulturuttrykk for ein språkleg minoritet i det norske samfunnet. Vidare slo departementet fast at norsk teiknspråk er ein del av den norske kulturarven og ein del av det språklege mangfaldet i landet som det offentlege har ei plikt til å verne og fremje, jf. framlegg til § 1 tredje ledd i utkast til lov om språk.

På denne bakgrunnen føreslo departementet å gje norsk teiknspråk status som nasjonalt teiknspråk i Noreg. Uttrykket nasjonal understrekar såleis at teiknspråk nettopp ikkje er eitt felles, internasjonalt språk for ikkje-høyrande over heile verda, som er ei vanleg misoppfatning, men at norsk teiknspråk er eit separat teiknspråk av norsk opphav.

Departementet meinte at når norsk teiknspråk blir omfatta av ei overordna og allmenn språklov, inneber det ei klar statusheving av norsk teiknspråk. Lovfestinga var dessutan ei tydeleg markering av at omsynet til norsk teiknspråk og norske teiknspråkbrukarar for framtida skal gå inn som ein integrert del av ein samla språkpolitikk.

I framlegget til føresegn om norsk teiknspråk var det med «ein premiss om at norsk teiknspråk er eit fullverdig språk. Det betyr igjen at norsk teiknspråk er eit språk med verdi for Noreg som språk i seg sjølv, uavhengig av om brukarane er døve eller høyrselshemma eller ingen av delane».

13.4.3 Høyringa

Ål folkehøyskole og kurssenter for døve meinte i sitt høyringssvar at det bør gå fram av føresegna at norsk teiknspråk er eitt av dei nasjonale språka:

«Vi mener paragrafen bør endres slik at loven anerkjenner Norsk tegnspråk som ‘et av de nasjonale språkene’ og ikke kun som ‘det nasjonale tegnspråket’.»

Nasjonalt fagorgan for teiknspråk og tolking støttar framlegget til § 7 Norsk teiknspråk, og understrekar:

«På bakgrunn av ei lang historie med nedvurdering og undertrykking av dette språket frå storsamfunnet si side har det stort verd at det no får ein offisiell status på linje med andre språk i Noreg.»

Norges Døveforbund skriv:

«Vi er ubeskrivelig stolt og takknemlig for at staten tar ansvaret for å erklære tegnspråk som nasjonalt språk (under §7). Vi vet at vi snakker på vegne av hele tegnspråkmiljøet når vi sier det. Tegnspråk som et språk har blitt undertrykt gjennom århundrer og det er av stor betydning at det har blitt ført inn i språkloven.»

Teater Manu meiner at § 7 Norsk teiknspråk «er av enorm symbolsk betydning, og er en anerkjennelse av norsk tegnspråk uten sidestykke i historien». Dei skriv vidare:

«Vi er svært glade for at norsk tegnspråk foreslås erklært som et nasjonalt språk og at staten skal ta ansvar for å verne og fremme språket. Vi savner en tydelig beskrivelse av hvordan dette skal gjøres, og vi vurderer at det er behov for å ytterligere konkretisere tiltak og satsingsområder knyttet til norsk tegnspråk.»

Forening for norsk tegnspråk (FONTS) uttalar om framlegget til § 7 at dei er «veldig glade for at norsk tegnspråk får en egen paragraf i loven, og vi er godt fornøyde med formuleringen i paragrafen».

OsloMet – storbyuniversitetet seier om framlegget til § 7:

«Vi er veldig glade for at norsk tegnspråk får en egen paragraf i loven, og vi er godt fornøyde med formuleringen i paragrafen: ‘Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket.’ Mye mangler imidlertid for at vi skal kunne si at det norske samfunnet preges av respekt for norsk tegnspråk (jf. ‘verne’) og tilgang til norsk tegnspråk (jf. ‘fremje’), og selv om dette nok er særlig tydelig på områdene opplæring og tolking, er det også et mer generelt problem. Situasjonen i eldreomsorgen, der mange døve med omsorgsbehov sliter med å få tilgang til tegnspråklige tjenester, er bare ett av flere eksempler på problemet utenom opplærings- og tolkefeltet. Det er derfor ingen grunn til at det skal legges til grunn en slik særskilt begrensning i tolkningen av ‘verne og fremje’ når det gjelder norsk tegnspråk. OsloMet håper at både Kulturdepartementet, Språkrådet og norske myndigheter for øvrig i tiden framover vil benytte språklovens bestemmelser om norsk tegnspråk som forankring for tiltak som kan verne og fremme norsk tegnspråk på bredest mulig basis, til tegnspråkbrukernes og samfunnets beste.»

Kyrkjerådet «er glade for at staten tar ansvaret for å erklære norsk teiknspråk som nasjonalt språk i § 7. Teiknspråk som eit språk har tidlegare blitt undertrykt og det betyr mykje at norsk teiknspråk no blir anerkjent gjennom Språklova».

Bergen Døvesenter «er veldig fornøyd med at det slås fast at norsk tegnspråk er det norske, nasjonale tegnspråket», men dei meiner at dette er lite forpliktande, og føreslår dette tillegget i føresegna: «Døve og hørselshemmede skal ha tilgang til språkmiljø der de kan lære seg, bruke og utvikle kunnskapene i norsk tegnspråk».

Språkrådet tilrår eit liknande nytt ledd i § 7:

«Dei som er døve eller høyrselshemma, eller som av andre grunnar har behov for norsk teiknspråk, skal ha tilgang til språkmiljø der dei kan lære seg, bruke og utvikle ferdigheiter i norsk teiknspråk.»

Dette er ein heilt liknande regel som i den svenske språklova, som har eit eige kapittel om «den enskildes tillgång till språk». Språkrådet viser her til at departementet også i høyringsnotatet peika på at tilgang til norsk teiknspråk «heng svært tett saman med tilgangen til språk i det heile»:

«Dei fleste døve er barn av høyrande foreldre, og derfor blir ikkje teiknspråk, eller språk i det heile, automatisk overført frå foreldra. Føresetnaden for tilgang til språk for døve og høyrselshemma er at det finst gode arenaer for bruk av og opplæring i teiknspråk.»

Det som Bergen Døvesenter skriv vidare om framlegget til språklov, er eit sterkt vitnemål om språkleg undertrykking:

«Forslaget til språklov gjør også at vi tenker spesielt på dem over 50 år som ble nektet undervisning på tegnspråk og nektet retten til eget språk. De ble gjennom hele oppveksten fortalt at norsk er det eneste som duger, og at tegnspråk har null verdi. Døve gjemte seg bort for å snakke sammen. Døve følte skam om de brukte tegnspråk offentlig, ja selv i egen familie var det ofte bannlyst. Døve skulle være normale og oppføre seg som hørende, snakke var det eneste saliggjørende. Landsmøter i Norges Døveforbund helt opp til 1970-tallet argumenterte for at representantene og døve ellers skulle bruke et ‘pent tegnspråk’, underforstått et tegnspråk som bygget på norsk talespråk og der ‘store geberder’ ikke skulle brukes. Døve var en kuet språklig gruppe både utad og innad i alle år. Men nå får vi en lovparagraf som sier at språket er et nasjonalt språk. Hvilken oppreisning til alle som har opplevd å bli språklig diskriminert!»

Språkrådet og Bergen Døvesenter er blant dei som problematiserer bruken av ordet likeverdig i framlegget til § 5 Samiske språk og fullverdig i framlegget til § 4 Norsk språk (sjå drøftinga av dette i punkt 13.2 og 13.1, og også punkt 13.3 som drøftar § 6 Nasjonale minoritetsspråk). Samanfatta handlar innvendingane om at det er uheldig dersom ordet likeverdig er bruka som karakteristikk av visse språk og ikkje av andre.

13.4.4 Departementets vurdering

Departementet er glad for den positive mottakinga som gjennomgangen av høyringsfråsegnene viser. Like fullt er departementet klar over at dei føresegnene som gjeld norsk teiknspråk, først og fremst utgjer eit nødvendig fundament for ein systematisk og heilskapleg språkpolitikk. Det er behov for andre tiltak i tillegg til lovregulering. Sjølv om framlegget til språklov har som føremål at det offentlege skal fremje og verne norsk teiknspråk (jf. § 1), og sjølv om framlegget til § 19 fjerde ledd inneber at Språkrådet skal ha rettleiingsplikt overfor det offentlege når det gjeld å verne og fremje teiknspråk, meiner departementet at lova må supplerast med særlege praktiske tiltak. Det er behov for å gå igjennom gjeldande rett, inkludert dei tiltaka og ordningane som gjeld norsk teiknspråk, for å gjere politikken på feltet meir målretta. Det er låg kunnskap om teiknspråk generelt i samfunnet. Alle dei utfordringane som teiknspråkbrukarar møter mellom anna i oppveksten, i utdanninga og i samfunnslivet generelt, viser tydeleg at det er behov for meir kunnskap.

Regjeringa vil derfor ha ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet i form av ei offentleg utgreiing. Dette arbeidet skal medverke til å synleggjere den teiknspråklege minoriteten. Ei utgreiing kan òg vere ei anerkjenning av dei som opp gjennom historia har vore utsette for ei fornorsking som liknar den fornorskinga mellom anna dei samiske og kvenske minoritetane har opplevd.

Når det gjeld framlegget frå Språkrådet og Bergen Døvesenter om eit nytt ledd i § 7 som lovfestar tilgang for teiknspråkbrukarar til språkarenaer eller språkmiljø, viser departementet til diskusjonen om «tilgangsparagrafar» ovanfor, dvs. punkt 13.1.4. Departementet meiner at framlegg til slike føresegner fort kan bli oppfatta som meir inngripande i særlovgjevinga enn språklova er meint å vere. Framlegget til Språkrådet om ei føresegn som seier at «dei som er døve eller høyrselshemma, eller som av andre grunnar har behov [vår kursivering] for norsk teiknspråk, skal ha tilgang til språkmiljø der dei kan lære seg, bruke og utvikle ferdigheiter i norsk teiknspråk», utløyser til dømes spørsmål om kven som i eit konkret tilfelle har behov for teiknspråk, og om det i så fall skal knytast andre vilkår til dette behovet for teiknspråk enn dei vilkåra som utløyser rett til opplæring i teiknspråk etter opplæringslova. Departementet understrekar derfor igjen at framlegget til ansvarsføresegner i § 4 om at det offentlege skal fremje og verne norsk teiknspråk, nettopp er til for å gje enkeltpersonar og ulike språkgrupper tilgang til norsk teiknspråk. Slik føremålsføresegnene er formulerte, skal det offentlege fremje teiknspråk, det vil seie gje tilgang til teiknspråk, utover det som er minimumskrava i gjeldande særlovgjeving. Effekten av framlegget til føresegner i § 1 bør vere at det offentlege tilbyr språkmiljø, opplæring og bruksarenaer for teiknspråk. Det vil òg vere opp til Språkrådet, jf. framlegg til § 19 fjerde ledd, å rettleie det offentlege til å yte meir enn minimum og stimulere til god praksis i det offentlege i samarbeid med relevante aktørar. Departementet vidarefører på dette grunnlaget føresegna i § 7 utan tilleggsføresegner om tilgang til teiknspråk.

Departementet har notert seg framlegget frå Ål folkehøyskole og kurssenter for døve, som meiner at norsk teiknspråk bør omtalast som «nasjonalt språk», ikkje berre som nasjonalt teiknspråk. Vidare har departementet forståing for innvendingane frå til dømes Norges Døveforbund og Språkrådet. Det er uheldig dersom språklova vidareformidlar fordommar om at norsk teiknspråk ikkje er eit fullverdig språk. Departementet meiner at dette ikkje kan hevdast om framlegget til språklov.

For å fjerne eventuell tvil om eigenverdien til norsk teiknspråk føreslår departementet å leggje til eit nytt andre ledd i § 7 første ledd, som slår fast at norsk teiknspråk er likeverdig med norsk som uttrykk for kultur. I dette ligg det ikkje at norsk teiknspråk spelar same rolle i samfunnet som det norsk språk gjer, som altså er hovudspråket i Noreg og eit samfunnsberande forvaltningsspråk, jf. framlegg til § 4. Føresegna slår derimot fast at norsk teiknspråk har like stor verdi som bruksspråk og kulturarv som norsk har, og for den del også samiske språk og nasjonale minoritetsspråk.

Samanfatta er det desse framlegga som gjeld norsk teiknspråk: framlegget til ansvarsføresegn i § 1, framlegget til statusføresegn i § 7 og oppfølgingsregimet som vil følgje av framlegget til § 18, der Språkrådet får heimel til å rettleie det offentlege om korleis dei på beste måte fremjar og vernar norsk teiknspråk. Alt i alt meiner departementet at desse framlegga inneber ei styrkt gjennomføring av CRPD i norsk rett. Etter artikkel 21(e) i konvensjonen skal partane «anerkjenne og fremme bruken av tegnspråk» for å sikre døve og høyrselshemma retten til å praktisere ytringsfridom og meiningsfridom og for å sikre «frihet til å søke, motta og meddele opplysninger og tanker av alle slag, på lik linje med alle andre». Artikkel 24 nr. 3(b) skal sikre at partane skal setje i verk høvelege tiltak for å gjere det mogleg for personar med nedsett funksjonsevne å delta i undervisning på linje med andre og som samfunnsmedlemmer. For å oppnå dette skal partane «treffe hensiktsmessige tiltak, herunder [...] å legge til rette for innlæring av tegnspråk og fremme døvesamfunnets språklige identitet». I artikkel 30 nr. 4 er det særskilt nemnt at personar med nedsett funksjonsevne «på lik linje med andre skal ha rett til anerkjennelse av og støtte til sin spesielle kulturelle og språklige identitet, herunder tegnspråk og døvekultur».

På same måte som konvensjonen gjer det, anerkjenner framlegget til språklov at norsk teiknspråk både er kommunikasjonsmiddel, kulturberar og identitetsmerke. Forslaget inneber å gje norsk teiknspråk offisiell status som nasjonalt teiknspråk i ei allmenn språklov.

13.5 Skandinaviske språk

13.5.1 Gjeldande rett

Noreg skreiv under den nordiske språkkonvensjonen i 1981 saman med Danmark, Finland, Island og Sverige. Konvensjonen tok til å gjelde i 1987. Artikkel 1 reknar opp dei språka som konvensjonen omfattar: norsk, dansk, finsk, islandsk og svensk. I artikkel 2 forpliktar dei underskrivande statane seg til å «virke for» at borgarar frå dei andre nordiske landa skal få bruke «sitt eget språk» i kontakt med offentlege organ i nordiske statar. Uttrykket «virke for» tyder at formuleringane ikkje er meinte å gje statane absolutte plikter i slike tilfelle. Dei andre nordiske landa har då heller ikkje teke dette inn i nasjonal rett.

Konvensjonen har fleire utfyllande føresegner som spesifiserer nærare i kva språkbrukssituasjonar det offentlege pliktar å nytte tolketenester i kontakt med borgarar frå andre nordiske land. I straffesaker skal nordiske borgarar alltid få nødvendig tolkehjelp, men òg i kontakt med helsestyresmakter, skatteetaten osb. skal det offentlege så langt råd er, syte for at nordiske borgarar får omsetjings- eller tolkehjelp dersom det trengst.

I den nordiske språkdeklarasjonen, som vart underskriven av dei nordiske utdanningsministrane hausten 2006, er det framheva som ein demokratisk rett for alle nordbuarar at dei skal kunne lære seg å forstå eit skandinavisk språk og skaffe seg kunnskapar i det, men at dei òg skal kunne forstå dei to andre skandinaviske språka slik at dei kan delta i den nordiske språkfellesskapen.

I framlegget til ny forvaltningslov frå forvaltningslovutvalet

NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov – Lov om saksbehandling i offentlig forvaltning (forvaltningsloven).

er det teke inn ei føresegn om at offentlege organ ikkje kan avvise søknader som er skrivne på eit av dei andre nordiske språka: «I samsvar med den nordiske språkkonvensjonen skal forvaltningsorganet ta imot søknader på nordiske språk og om nødvendig bruke tolk eller oversetter.»

13.5.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet tilrådde ikkje å definere ein status for dei skandinaviske språka svensk og dansk – eller for nordiske språk allment – i norsk rett. Nordiske språk skal altså ikkje ha ein formell status på linje med samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Dei språka som er nordiske etter ei politisk forståing av Norden, er grønlandsk, islandsk, færøysk, finsk, dansk, svensk og norsk. Det er likevel slik at svensk og dansk er dei nordiske språka som i dag supplerer det norske språket mest, kulturelt og språkleg. Det er ein del av ein skandinavisk kulturell fellesskap der vi forstår kvarandre og kan bruke dei skandinaviske grannespråka i kontakt med kvarandre. Sidan dansk, svensk og norsk er ein del av den nordiske språkfellesskapen og gjensidig godt forståelege, føreslo departementet at alle som tek kontakt med det offentlege, skal ha ein rett til sjølve å nytte dansk eller svensk, men at det offentlege på si side kan svare på norsk. Departementet meinte at regelen skulle gjelde både munnleg og skriftleg kontakt.

13.5.3 Høyringa

Språkrådet støttar framlegget til føresegn og uttalar seg slik:

«Det er gledeleg at den nye lova gjev alle rett til å bruke svensk eller dansk i munnleg eller skriftleg kontakt med det offentlege, og at offentlege organ kan svare på norsk. Dette gjev status og tyngde til den skandinaviske grannespråksforståinga, slik departementet sjølv seier i høyringsnotatet (s. 50): ‘Det er rimeleg å vente at det offentlege Noreg forstår dansk og svensk så godt at desse språka kan brukast i kontakt med det offentlege. Det er like rimeleg at dei som brukar dansk og svensk i kontakt med det offentlege, forstår eit svar på norsk.’ Forsking har slått fast det som har vorte meir og meir tydeleg dei siste tiåra: Grannespråksforståinga i dei skandinaviske landa har vorte dårlegare, og engelsk tek i aukande grad over posisjonen som samtalespråk når folk frå ulike delar av Norden snakkar med kvarandre. Om den lovpålagde retten til å bruke svensk eller dansk i kontakt med det offentlege skal bli reell, meiner Språkrådet det vil krevje auka satsing på tiltak for å ta vare på og forbetre den skandinaviske grannespråksforståinga.»

Foreningen Norden støttar forslaget til § 8 Skandinaviske språk:

«Dette støtter opp om målet i Deklarasjon om nordisk språkpolitikk om at ‘En nordisk språkpolitikk bør derfor sikte mot at alle nordboere kan kommunisere med hverandre, først og fremst på et skandinavisk språk’. Det bidrar også til å styrke språkdomenet til skandinavisk språk, norsk inkludert.»

Foreningen Norden er på linje med Språkrådet, og meiner at det er rimeleg å tolke framlegget til § 8 slik at paragrafen legg opp til «en forventning om at nabospråkforståelsen skal holdes i hevd», og at dette til dømes bør reflekterast i politiske vedtak som har verknad for grannespråksforståinga, til dømes i opplæringspolitikken.

Foreningen Norden hevdar i tillegg at mange nordiske borgarar har «vanskeligheter med å forstå hva de nordiske avtalene egentlig gir rett til, og vi har sett eksempler der offentlige institusjoner med ansvar for tolkning og utøving av lovverk har nedprioritert nordiske avtaler på bekostning av borgeren». Foreningen Norden meiner at problema med å forstå kva dei nordiske avtalane gjev rett til, gjer mobilitet over dei nordiske grensene vanskelegare og mindre føreseieleg:

«En stadfesting av rettigheter knyttet til nordiske språk i den overordnete språkloven vil sende tydeligere signaler til både borgere og offentlige institusjoner, og i utarbeiding av reviderte/nye lover framover.»

Foreininga meiner på denne bakgrunnen at framlegget til språklov kunne ha gått lenger i å «i større grad integrere den nordiske språkkonvensjonen i ny språklov, og slik vise vei for et tydeligere og mer forpliktende nordisk samarbeid».

Tolkeforbundet støttar formuleringa av § 8 Skandinaviske språk, men meiner at ettersom dei nordiske teiknspråka også fell inn under den nordiske språkdeklarasjonen, bør dei òg innlemmast i føresegna.

Riksmålsforbundet «støtter en lovfestet rett til å bruke svensk eller dansk i skriftlig kontakt med det offentlige. Det bidrar til å forbedre den gjensidige forståelsen av nabospråkene og styrke det skandinaviske kulturfellesskapet».

13.5.4 Departementets vurdering

Departementet meiner etter høyringsrunden at framlegget til § 8 har den rettslege krafta som departementet gjorde greie for i høyringsnotatet, nemleg at gjensidig forståing av grannespråka må forsterkast, og forventningar om dette bør òg inn i norsk rett. Det er også viktig å understreke at framlegget til § 8 er med på å tryggje stillinga til norsk, ettersom den nordiske språkforståinga gjer det unødvendig å ty til engelsk mellom menneske med ulike morsmål.

Med framlegget til føresegn gjev departementet status og tyngd til grannespråksforståinga: Det vil seie at det er å vente at det offentlege Noreg forstår dansk og svensk så godt at desse språka kan brukast i kontakt med det offentlege. Det er òg rimeleg å vente at skandinaviske borgarar forstår norsk. Offentlege organ kan sjølvsagt svare på norsk, og dette går fram av paragrafen.

Departementet gjev Foreningen Norden rett i at framlegg til føresegn er ei «forventning om at nabospråkforståelsen skal holdes i hevd», og at dette bør reflekterast i politiske vedtak framover. Språklova sikrar ein språkpolitikk i fleire sektorar som tek vare på dei verdiane som ligg i den skandinaviske kulturfellesskapen.

Regelen om at dansk, norsk og svensk kan brukast om kvarandre i kontakt med offentlege organ, er med på å inkorporere den nordiske språkkonvensjonen, artikkel 2, i norsk rett. Konvensjonen skal sikre at ein nordisk statsborgar ved behov skal kunne bruke morsmålet sitt i kontakt med styresmakter i andre nordiske land. Det betyr at islandsk eller finsk også bør kunne brukast i kontakt med norsk forvaltning, jf. den nordiske språkkonvensjonen. I desse tilfella skal det offentlege eventuelt syte for nødvendig tolking eller omsetjing. For desse tilfella gjeld eiga lovgjeving, som ikkje er teken inn i språklova.

Personar som ikkje brukar dei nordiske språka, skal også kunne kontakte norsk forvaltning og få svar. Dette vil typisk skje på engelsk, men også andre språk. Til dømes utlendingslova gjev i dag rett til å kommunisere på eige språk. Språklova er ikkje meint å endre verknaden av spesialreglar i anna lovverk.

14 Klart språk og rettskriving

14.1 Klart språk

14.1.1 Gjeldande rett

Den internasjonale definisjonen av klarspråk er «kommunikasjon med så tydeleg ordlyd, struktur og visuell utforming at lesarane i målgruppa finn informasjonen dei treng, forstår han og kan bruke han».

Språkrådet. Hva er klarspråk? Henta frå: https://www.sprakradet.no/Klarsprak/om-klarsprak/hva-er-klarsprak/

I Noreg finst det ikkje noko generelt rettsgrunnlag for å stille krav til det offentlege om å uttrykkje seg klart og forståeleg.

Etter forvaltningslova § 11 har offentlege organ rettleiingsplikt. Sjølv om det i førearbeida til lova ikkje er uttrykt at rettleiingsplikta inneber å bruke eit klart og forståeleg språk, er det rimeleg å leggje til grunn at mottakartilpassa språkføring er eit verkemiddel for å oppnå god rettleiing. I utgreiinga frå forvaltningslovutvalet

NOU 2019: 5 Ny forvaltningslov. Lov om saksbehandlingen i offentlig forvaltning (forvaltningsloven).

er det sagt at «det er viktig for forvaltningens virke overfor borgerne og for tilliten til forvaltningen at den bruker et klart, godt og presist språk […] Utvalget foreslår derfor at kravet om klarspråk også skal komme til uttrykk i den norske forvaltningsloven». Utvalet føreslår såleis ein regel i framlegget sitt til ny forvaltningslov: «Forvaltningsorganet skal bruke et språk som er klart, presist og så vidt mulig tilpasset mottakeren».

I Sverige er ei enkel føresegn om klarspråk i det offentlege teken inn i den generelle språklova. Her heiter det at språket i offentleg verksemd skal vere «vårdat, enkelt och begripligt». I den islandske språklova frå 2011 heiter det tilsvarande at det språket som blir bruka i statleg og kommunal verksemd, eller på vegner av stat og kommune, skal vere «godt, enkelt og klart».

I den svenske pasientdatalova § 13 er det fastsett at journalane i helsevesenet skal førast på svensk, vere tydeleg utforma og vere så lette som mogleg å forstå for pasienten. Klart språk frå det offentlege er i denne samanhengen viktig for rettstryggleiken.

USA stiller òg rettslege krav til det offentlege om å uttrykkje seg klart og forståeleg. I USA vart det i 2010 sett i verk ei eiga lov om klarspråk, Plain Writing Act of 2010. Føremålet er å fremje klar offentleg kommunikasjon slik at publikum lettare kan forstå og nyttiggjere seg offentleg informasjon. USA har dessutan to retningslinjer som regulerer krava til klart lovspråk.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har det overordna ansvaret for kommunikasjonspolitikken i staten. «Statens kommunikasjonspolitikk»

Fornyings- og administrasjonsdepartementet. (2009). Statens kommunikasjonspolitikk.

, som formelt sett er ein instruks til statleg forvaltning, inneheld dei sentrale måla og prinsippa for korleis staten skal kommunisere med innbyggjarane, næringsliv og organisasjonar. Kommunikasjonspolitikken slår fast:

«Staten skal bruke eit klart språk som skal kunne forståast av alle aktuelle målgrupper. Dette gjeld både overfor dei som staten vender seg til, og dei som vender seg til staten.»

For bruk av samisk gjeld mellom anna språkreglane i lov om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova). Statlege verksemder skal ta omsyn til brukarar av samiske språk for å sikre ein god kommunikasjon med samiskspråklege innbyggjarar i heile landet.

14.1.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet gjorde det klart at klarspråkspolitikken i dag har to bein å stå på: eitt språkpolitisk og eitt forvaltningspolitisk. Kommunikasjonspolitikken føreskriv allereie i dag eit delt sektoransvar i staten for å sikre korrekt og forståeleg kommunikasjon med språkbrukarane. Det finst dessutan to oppfølgingsorgan for klarspråkspolitikken: Språkrådet har eit språkleg ansvar, og Digitaliseringsdirektoratet har frå 2020 eit ansvar når det gjeld brukarretting, digitalisering og innovasjon.

Trass i at klarspråkspolitikken er godt etablert og innarbeidd, argumenterte departementet, er det nødvendig med lovregulering av feltet. I dag er det slik at arbeidet i stor grad er avhengig av eldsjeler i ulike departement, og leiarforankringa er i mange tilfelle utydeleg. Ei lovfesting av ansvaret for klarspråk vil på ein betre måte sikre systematisert arbeid med å modernisere forvaltninga.

I høyringsnotatet tok departementet òg opp spørsmålet om eventuell dobbeltregulering av eit offentleg ansvar for klart språk og viste til at forvaltningslovutvalet òg hadde gjort framlegg om ein klarspråksparagraf i forvaltningslova. Departementet viste til at det slik kunne oppstå ein situasjon om nokre år der kravet til klarspråk vil vere regulert to stader, både i forvaltningslova og i språklova. Konklusjonen i høyringsnotatet var likevel at det er eit vidare føremål med å regulere klarspråk i språklova enn i forvaltningslova. Ein klarspråksparagraf i språklova er rett nok med på å leggje til rette for at det offentlege etterlever gode forvaltningsprinsipp, og paragrafen kan på denne måten fungere som presisering av forvaltningslova. Departementet slo likevel fast at føresegna om klarspråk i språklova må knytast til det overordna føremålet med språklova, som etter framlegget til § 1 er å styrkje norsk språk, og som slår fast som ein del av føremålet at det offentlege har ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk. Å sikre kvaliteten på det norske språket er ei svært viktig side av det å sikre statusen til norsk språk.

Departementet føreslo òg at føresegna om klarspråk skulle gjelde eit ansvar for å skrive klart og mottakartilpassa på samiske språk, ikkje berre på norsk. Dette vart framheva som viktig fordi arbeidet med klarspråk på samiske språk ikkje er institusjonalisert. Det er behov for rettleiingsmateriell retta mot kommunal og offentleg forvaltning når det gjeld klarspråksarbeid på samiske språk.

14.1.3 Høyringa

Ingen høyringsinstansar er imot ei lovfesting av ansvar for klarspråk.

Språkrådet er samd med departementet i at «det er nødvendig med ei lovfesting av ansvar for klarspråk i ei overordna språklov». Språkrådet støttar framlegget frå departementet, men har nokre merknader til ordlyden i paragrafen. Til dømes påpeikar Språkrådet at språket kan vere klart og forståeleg, slik framlegget til regel føreskriv, utan å vere godt.

Språkrådet meiner vidare at formuleringa «føre eit språk» i utkastet kan signalisere at klar kommunikasjon berre handlar om ord og formuleringar på setnings- og avsnittsnivå, og ikkje like mykje om innhald, struktur og visuelle element. Dei hevdar at det største problemet i røynda ofte er at tekstutvalet er for dårleg tilpassa situasjonen, og at strukturen ikkje er gjennomtenkt. Språkrådet meiner i tillegg at orda «klart og forståeleg» er til dels overlappande i meiningsinnhaldet. Framlegget til Språkrådet er derfor ein heilt ny ordlyd: «Offentlege organ skal kommunisere på eit språk som er klart, korrekt og tilpassa målgruppa.»

14.1.4 Departementets vurdering

Arbeidet med klarspråk har to viktige siktemål. Det eine handlar om å verne om viktige rettsprinsipp om at borgarane i ein stat skal forstå rettane og pliktene sine. Det sikrar òg effektiv tenesteyting frå offentlege organ. Det andre siktemålet er at arbeidet med klarspråk er med på å sikre eit språk som fullverdig språk, jf. framlegg til § 1 Føremål. Det er like viktig i denne samanhengen.

Arbeidet med klarspråk er med på å sikre og utvikle ordtilfanget i eit språk, frå dei meir spesialiserte fagorda og dei presise formuleringane til den sikre setningsbygginga som pregar eit fullverdig saksbehandlarspråk. Det er også viktig for å sikre ei god utvikling for samiske språk at saksbehandlarspråket blir utvikla i tråd med klarspråksideal for samisk.

Departementet ser arbeidet med klart språk i det offentlege som viktig for statusen til norsk og samiske språk. Det offentlege ansvaret for å styrkje, utvikle og bruke norsk og samiske språk, jf. framlegg til § 1 andre ledd og tredje ledd, bør òg følgjast opp med ei føresegn om klart språk.

Alle språk bør ha eit ideal om klarspråk. Likevel er det berre norsk og samiske språk det offentlege har krav på seg til å bruke i dag. Departementet ser det som viktig for å fremje samiske språk at dei blir utvikla som saksbehandlingsspråk. For at det samiske folket skal kunne forstå rettar og plikter, er det ein føresetnad at det offentlege brukar eit klart og forståeleg språk.

Framlegget til føresegn inneber ikkje ei detaljregulering eller eit pålegg om å bruke bestemte verkemiddel. Kvar verksemd i offentleg sektor kjenner sine målgrupper best. Å lovfeste kravet til eit klart og brukartilpassa språk vil bidra til at forvaltninga strekkjer seg etter dette kravet, mellom anna ved å satse på kompetansebygging. Det vil dermed føre til betre og meir tilgjengelege tenester for innbyggjarane og vere med på å røkte samiske språk og norsk språk på ein måte som styrkjer statusen deira i samfunnet.

Framlegget til § 18 går ut på at Språkrådet skal ha ein rettleiingsfunksjon overfor andre statsorgan. Det er opplagt at denne funksjonen òg må gjelde rettleiing om klart språk i det offentlege. Rettleiingsfunksjonen for klarspråk på dei samiske språka vil berre vere heilt overordna for Språkrådet og ikkje dreie seg om konkret tekstarbeid. Kulturdepartementet og Språkrådet må samordne seg med Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Sametinget og andre relevante sektoransvarlege i arbeidet med rettleiing på klarspråksfeltet.

At språket òg er formelt korrekt i tillegg til å vere klart og brukartilpassa, høyrer naturleg med når det skal stillast krav til den språklege standarden i det offentlege. Det blir gjort framlegg om ei eiga føresegn om verkeområdet for offisiell rettskriving i norsk (sjå framlegget til § 10).

Departementet er elles samd med Språkrådet i at formuleringa til § 8, som var send ut på høyring, inneheldt ei overpresisering. Ettersom «klar» og «forståeleg» er til dels overlappande i meiningsinnhald, rettar departementet seg etter Språkrådets råd om å endre ordlyden. Departementet sluttar seg òg til at formuleringa «føre eit språk» kanskje ikkje tydeleg nok opnar for at eit klart og mottakartilpassa språk handlar om meir enn ord og formuleringar på setningsnivå. Det er sjølvsagt viktig at ein tekst frå det offentlege har god og logisk oppbygging, og at struktur og visuelle element òg «kommuniserer». Departementet meiner derfor at formuleringa som Språkrådet føreslår, er ei god løysing.

Departementet endrar lovframlegget språkleg, slik at framlegget til § 9 blir slik:

«Offentlege organ skal kommunisere klart, korrekt og tilpassa målgruppa.»

14.2 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk

14.2.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande rett er det bindande å følgje offisiell rettskriving i tre situasjonar, nærare bestemt i statstenesta, i lærebøker og tilsvarande digitale læremiddel som blir bruka i skulen, og som opplærings- og undervisningsspråk i skulen.

For statleg teneste er dette heimla i ein instruks som vart fastsett ved kongeleg resolusjon 24. juli 1981. Her er det rett nok vist til læreboknormalen for bokmål og nynorsk. Den er no oppheva både i bokmål og nynorsk, men var ein trongare normal innanfor den vidare rettskrivinga. I dag må det leggjast til grunn at føresegna frå 1981 er gyldig for det som i dag er gjeldande rettskriving.

For lærebøker og tilsvarande digitale læremiddel er det fastsett ei plikt til å følgje offisiell rettskriving i opplæringslova § 9-4.

At opplæringsspråket i grunnskulen skal vere i samsvar med offisiell rettskriving, kan utleiast av opplæringslova § 2-5, jf. den innleiande føresegna om at kommunen gjev forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i kvar enkelt skule. Det er vidare fastsett at hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. For vidaregåande skule er det lagt til grunn at det i alle fall finst sedvane for plikta til å følgje offisiell rettskriving i opplæringa.

I tillegg må det reknast som ein bindande føresetnad at namn på statlege institusjonar skal følgje offisielle rettskrivings- og skrivereglar. Fastsetjing og skrivemåte av namn på alle slags organisasjonar og institusjonar finst det derimot ikkje eigne reglar for, heller ikkje for offentlege institusjonar generelt eller statlege institusjonar spesielt. Unntaket er ei føresegn i forskrift til lov om målbruk i offentleg teneste § 4 om at namnet på eit statsorgan skal ha både ei bokmålsform og ei nynorskform dersom det ikkje høver med same namneforma på begge språk. I namn på institusjonar som tek i bruk eit stadnamn i organisasjonsnamnet, skal ein i sjølve stadnamnet bruke den vedtekne skrivemåten etter stadnamnlova. Etter framlegg til ny stadnamnlov er Språkrådet stadnamnteneste for norske og kvenske namn, altså rådgjevande normeringsinstans i stadnamnsaker.

Det er lagt til grunn i rundskriv V-10/2001 Namn på statsorgan med ulik namneform på nynorsk og bokmål at namneformene blir fastsette av fagdepartementa i samråd med vedkomande statsorgan sjølv, medan Kulturdepartementet i samråd med Språkrådet har tilsyn med at namna følgjer gjeldande rettskriving. I rundskriv V-9B/2016 Språkfaglige konsultasjonsrutiner for navnelaging i staten er det lagt til grunn at «navn og betegnelser på organisatoriske enheter som avdelinger, seksjoner, nemnder m.m.» skal finnast i begge målformer.

I rundskriv V-9B/2016 står det òg at departementa bør sjå til at Språkrådet blir konsultert på eit tidleg tidspunkt i alle saker som gjeld namn på tilknytte verksemder.

14.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet gjorde framlegg om å samle ulovfesta og lovfesta reglar som gjeld status og verkeområde for norsk rettskriving, i éin regel som slår fast statusen til offisiell rettskriving i forvaltninga.

Departementet meinte at når offentlege organ etter framlegget til § 1 skal styrkje norsk språk og ha ansvar for å bruke og utvikle språket, må dei òg ha institusjonsnamn på norsk i tillegg til eventuelt på andre språk. Det inneber at namna skal finnast på bokmål og nynorsk (som i dag). Departementet føreslo ein regel om at «statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk, som følgjer offisiell rettskriving». Innskotet «både bokmål og nynorsk» ville i denne samanhengen vere ei vidareføring av gjeldande rett, jf. forskrift til mållova § 4: «Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform».

At føresegna fastset at namnet skal finnast på norsk, er i tråd med føremålet med lova, som er å sikre bruk av norsk. Når namnet skal finnast på norsk, tyder det at lova krev at namnet finst på norsk, men dette er ikkje til hinder for at namnet også finst på engelsk eller andre framandspråk.

Modellen for føresegna var den danske lov om dansk retskrivning.

14.2.3 Høyringa

Språkrådet uttala seg slik om framlegget til føresegn om offisiell rettskriving:

«I proposisjonen bør det gå klart fram at ein med ‘offisiell rettskriving’ meiner formelle skrivereglar (teiknsetjing, bruk av små og store bokstavar, bruk av siffer o.l.) i tillegg til reglar for staving og bøying i bokmål og nynorsk.»

Dei meinte òg det burde presiserast at plikta til å ha namn på både bokmål og nynorsk for statsorgan òg gjeld namn og nemningar på avdelingar, seksjonar, nemnder og andre organisatoriske einingar hos organa. I tillegg tok Språkrådet til orde for at ikkje berre statsorgan burde kome inn under plikta til å ha norske organisasjonsnamn som følgjer offisiell rettskriving, men kommunar og fylkeskommunar òg.

Språkrådet og t.d. Universitetet i Agder og Landslaget for språklig samling meiner at krava til offentleg språkbruk bør samlast i éin paragraf, og gjer framlegg om at teksten i § 9 blir sett inn som ein del av § 10.

Patentstyret behandlar søknader om varemerkeregistrering frå norsk næringsliv, og ber departementet vurdere om framlegget til § 10 grip inn i «mogelegheita offentlege verksemder har til å registrera namn som kan oppnå vern som kjenneteikn».

14.2.4 Departementets vurdering

Departementet har vurdert innspela frå høyringsinstansane og registrerer ikkje innvendingar mot at det offentlege bør ha pålegg i lov om å følgje offisiell rettskriving. Ingen høyringsinstansar er heller imot at den offisielle rettskrivinga skal gjelde namn på organ.

Departementet ser at det ikkje er nokon god grunn til at berre statsorgan i framlegget til § 10 andre ledd skal ha namn på norsk som følgjer offisiell rettskriving. Det bør likevel ikkje vere noko krav om at kommunar og fylkeskommunar skal ha organisasjonsnamn på både nynorsk og bokmål.

Departementet vil presisere at namngjevinga som skal følgje offisiell rettskriving, gjeld namn og nemningar på avdelingar, seksjonar, nemnder og andre organisatoriske einingar hos organa.

Det skal ikkje tolkast inn i regelen at offentlege organ ikkje òg kan ha namn på andre språk. Derimot kan regelen tolkast slik at det bryt med lova å ikkje ha namn på norsk.

Departementet har òg vurdert dei høyringsinnspela som går på å slå saman framlegget til § 9 om klart språk – som òg inneheld forventningar om å skrive korrekt – med framlegget til § 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk. Departementet har likevel kome til at det ikkje vil vere rett å slå dei saman. Grunnen er at framlegga til føresegner har noko ulike verkeområde. Framlegget til § 10 gjeld bruken av norsk språk, medan framlegget til føresegn om klart språk i § 9 til dømes òg gjeld samiske språk, og altså ikkje er avgrensa til å gjelde norsk språk.

I høyringa har Patentstyret teke opp forholdet mellom språklova og omsynet til føremåla i varemerkelova.

Framlegget til § 10 vil gjelde alle statsorgan som fell inn under verkeområdet for språklova. Språklova vil ikkje gjelde for verksemder som driv næring i konkurranse, jf. framlegget til § 3. Departementet legg elles til grunn at språklova ikkje vil vere til hinder for at ei verksemd skal kunne finne eit nytt namn som er særprega nok til å kunne bli registrert etter varemerkelova. At namnet skal finnast på norsk, og at det skal følgje offisiell rettskriving, er ikkje til hinder for at namnet samtidig kan vere særprega.

Det vil dessutan vere innanfor lova å velje eit ikkje-beskrivande namn. Kravet som lova etter framlegget stiller, er at namnet finst på norsk, og at det følgjer offisiell rettskriving. I ein konkret situasjon er det Språkrådet som avgjer om eit namn følgjer offisiell rettskriving eller ikkje, jf. framlegg til § 19.

Som ledd i rettleiingsarbeidet sitt vil Språkrådet òg få heimel til å gje råd om namneskikk, det vil seie om namnet er eit godt namn etter norske namnelagingsreglar.

Dei fleste statsorgan og offentlege organ driv ikkje næring og treng ikkje varemerkeregistrering. Då er det viktig at eit organ har eit namn som i størst mogleg grad beskriv kva for verksemd organet driv. I ein klarspråkssamanheng vil det vere rett å krevje at namnet kommuniserer med publikum, og i slike situasjonar vil det oftast vere eit godt prinsipp å velje eit beskrivande namn.

Departementet viser elles til at språklova ikkje vil ha tilbakeverkande kraft for namn på statsorgan som allereie er vedtekne.

15 Språkvedtak og pliktreglane i lova

15.1 Språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar

15.1.1 Gjeldande rett

Dei detaljerte reglane i dagens mållov §§ 3 til 11 gjeld berre i staten. Språkbruken i kommunal og fylkeskommunal forvaltning fell etter mållova § 2 første ledd eksplisitt ikkje inn under reglane i mållova for veksling mellom og bruk av bokmål og nynorsk, medrekna regelen som gjev private rett til svar på den målforma dei sjølve har nytta i korrespondanse med statsorgan.

For kommunar og fylkeskommunar opnar mållova § 5 for at dei kan gjere vedtak om å krevje at statsorgan skal bruke bokmål eller nynorsk i skriv til dei. Dei kan òg gjere vedtak om å vere språkleg nøytrale. Kommunar og fylkeskommunar som ikkje har gjort slikt vedtak, blir automatisk rekna som nøytrale. Vedtak etter § 5 i mållova bind ikkje kommunane og fylkeskommunane til å bruke den vedtekne målforma i si eiga administrative verksemd.

Kommunar som har kravd bokmål eller nynorsk frå statsorgan, har etter mållova § 6 andre ledd krav på å få skriv frå statsorgan på den målforma dei har kravd.

Det er fastsett i mållova § 5 tredje ledd at slike vedtak skal meldast til departementet, som skal syte for å gjere vedtaka kjende i statstenesta. Oversyn over kommunale og fylkeskommunale språkvedtak er fastsett som forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar (målvedtaksforskrifta).

Oppfølging av mållova § 5 tredje ledd har sidan 2016 vore delegert til Språkrådet.

15.1.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det lagt fram to alternativ.

Det eine alternativet gjekk ut på å vidareføre regelen i § 5 om at kommunestyre og fylkesting kan vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunar og fylkeskommunar, eller vedta å vere språkleg nøytrale. Høyringsnotatet vidareførte òg regelen om at kommunar og fylkeskommunar som ikkje har gjort slike vedtak, skal reknast som språkleg nøytrale. Det vart òg føreslått å ta inn ei presisering om at eit kommunestyre «sjølv» kan gjere slike vedtak for å markere at slike vedtak ikkje kan delegerast til andre folkevalde organ eller til kommuneadministrasjonen.

Som konsekvens av framlegget om å innlemme fylkeskommunen i verkeområdet for dei spesialiserte reglane for bruk av nynorsk og bokmål, føreslo departementet eit alternativ til regel, som gjorde at fylkeskommunen mista retten til å gjere målvedtak på linje med kommunen. Departementet meinte det var ein logisk konsekvens av å innlemme fylkeskommunen i verkeområdet for bruk av nynorsk og bokmål på linje med regionale statsorgan.

I gjeldande mållov står det i § 5 første ledd første punktum at kommunar kan krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til «kommunen». Høyringsnotatet føreslo å endre nemninga til «kommunale organ» i § 11 første ledd første punktum. Denne endringa var føreslått for å tydeleggjere at kravet gjeld både når statsorgan vender seg til administrasjonen for kommunar og til andre kommunale institusjonar.

15.1.3 Høyringa

I høyringa hadde Kommunal- og moderniseringsdepartementet merknader til omgrepsbruken om «kommunale organ» i lovframlegget:

«Lovteksten bør være konsekvent og gjennomgående vise til ‘kommunen’. Når en lov eller forskriftstekst viser til ‘kommunen’ innebærer det hele kommunen og alt som er del av kommunen som rettssubjekt, inkludert de folkevalgte organene, kommunens administrasjon og enheter som f.eks. skoler, kommunale sykehjem og barnehager. Det er derfor unødvendig å presisere dette.»

Ottar Grepstad skriv i sitt høyringssvar:

«Det allmenne ordskiftet om mållova dei siste tiåra har vore prega av ei forvirring som går langt inn i både lokale og regionale folkevalde organ. Statens tenestemål til kommunane blir jamleg forveksla med administrasjonsspråket i kommunane. […] I framlegget er det som før gjaldt tenestemål, erstatta med uttrykket kommunale og fylkeskommunale språkvedtak i § 11. Det er lettare å forstå enn tenestemål, men det vil skape nye mistydingar straks ein tek opp spørsmålet om administrasjonsspråket i kommunane og fylka (sjå nedanfor i punkt 4).»

Uavhengig av om dei var for eller imot at fylkeskommunane vart innlemma i pliktregelverket, meinte enkelte høyringsinstansar at fylkeskommunen ikkje automatisk måtte miste retten til å gjere språkvedtak, slik framlegget var at dei skulle.

15.1.4 Departementets vurdering

Departementet gjev Grepstad rett i at det har vore uklart kva eit målvedtak etter § 5 i mållova inneber. Spørsmålet er likevel om dette har vore uklart fordi reglane er utydeleg formulerte, eller om det kan vere andre forklaringar. Ut frå ordlyden i gjeldande mållov § 5 går det klart fram at målvedtaket ikkje gjeld kva språk kommunen sjølv skal bruke, men eit krav om at staten skal bruke nynorsk eller bokmål i skriv til kommunen:

«Eit kommunestyre kan gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen […]»

Innhaldet i denne formuleringa er vidareført i lovframlegget. Departementet går ut frå at det som har skapa diskusjon rundt kva «målvedtak»/«språkvedtak» betyr, ikkje er at mållova er uklar, men snarare den praksisen kommunane sjølve har utvikla som del av sin negativt avgrensa kompetanse (sjølvstyret): å vedta administrasjonsspråk for kommunen.

Administrasjonsspråk er omtala slik i rettleiinga Målbruk i offentleg teneste. Reglar og råd som Kulturdepartementet gav ut i 1995:

«Administrasjonsmål er den målforma ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsmålet og den målforma kommunen har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Vedtak om kommunalt administrasjonsmål er ikkje vedtak etter mållova […]»

Departementet meiner på bakgrunn av innspel i høyringsrunden at det vil vere klargjerande å endre tittelen på § 11 slik at tittelen gjev att meiningsinnhaldet i regelen betre. Med å endre tittelen unngår ein samtidig å bruke formuleringa «kommunale språkvedtak», som det går an å forstå som eit vedtak kommunen gjer om eige skriftspråk (administrasjonsspråk). Departementet har òg vurdert om sjølve regelen i § 11 bør omformulerast, men har her kome til at regelen seier tydeleg ifrå om at vedtaket går ut på å krevje at statsorgan brukar bokmål og nynorsk i dokument til kommunar og fylkeskommunar:

«Ein kommune eller ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral.»

Ein kommune eller ein fylkeskommune kan som ledd i sjølvstyret fastsetje at vedtak om bokmål eller nynorsk etter språklova òg skal gjelde som kommunalt eller fylkeskommunalt administrasjonsspråk. Departementet har etter høyringa vurdert om dette skal presiserast i sjølve lovframlegget, men legg til grunn at det ikkje er nødvendig. Det er klart at kommunane eller fylkeskommunane har kompetanse til å gjere eigne vedtak som del av autonomien og sjølvstyret. Lova gjeld uansett ikkje intern sakshandsaming.

Etter framlegg til ny regel i språklova § 13 fjerde ledd vil det likevel gjelde nye reglar for fylkeskommunar som er språkleg nøytrale etter § 11. Språkleg nøytrale fylkeskommunar (som ikkje krev eit visst skriftspråk i dokument frå statsorgan) skal etter dei nye reglane veksle mellom nynorsk og bokmål med eit rimeleg samhøve (sjå drøftinga i punkt 15.3.4).

Ettersom fylkeskommunane likevel ikkje blir innlemma som pliktsubjekt i alle dei reglane som departementet gjorde framlegg om at dei skulle innlemmast i, går departementet ikkje vidare med framlegget om å ta fylkeskommunen ut som rettssubjekt i den føresegna som vidarefører § 5 i mållova om rett til å krevje eit visst skriftspråk frå statsorgan.

Språkvedtak som er gjorde i medhald av gjeldande mållov, held fram med å gjelde som språkvedtak etter ny språklov, inntil eit nytt vedtak blir gjort.

15.2 Fleirtalsspråk

15.2.1 Gjeldande rett

Dei kommunale målvedtaka etter § 5 i gjeldande mållov gjev ikkje berre språklege rettar til kommunane. Dei har òg den funksjonen at dei dannar grunnlaget for fleire av reglane for bruk av og veksling mellom bokmål og nynorsk hos statsorgan, òg i tilfelle der målbruken ikkje direkte vedkjem kommunane:

Kommunale målvedtak har desse rettslege verknadene for statsorgan:

  • Statsorgan som har eit avgrensa geografisk område som tenestekrins, skal syte for at allment tilgjengelege dokument skal vere på fleirtalsmålforma i området, bokmål eller nynorsk. Dersom det ikkje er noka fleirtalsmålform i området, skal desse statsorgana veksle mellom bokmål og nynorsk «slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei» (§ 8 andre ledd).

  • Når statsorgan lagar «tilfang med særleg tilknyting til ein kommune», skal den vedtekne målforma brukast (§ 8 tredje ledd).

  • Når eit statsorgan vender seg til fleire kommunar samstundes, skal det nytte fleirtalsmålforma i den aktuelle krinsen av kommunar (§ 7 første ledd).

Reglane for utrekning av fleirtalsmålform er fastsette i § 7 andre ledd, som lyder slik:

«Fleirtalsmålforma er den målform som flest kommunar har kravt. Det er likevel ikkje noka fleirtalsmålform dersom over halvparten av kommunane er språkleg nøytrale. Det same gjeld dersom like mange kommunar har kravt bokmål som nynorsk.»

Reglane inneber at dersom minst halvparten av kommunane i eit område har gjort eit vedtak om bokmål eller nynorsk, er fleirtalsmålforma den målforma som flest kommunar har gjort vedtak om. Sagt på ein annan måte: Dersom minst halvparten av kommunane har gjort eit vedtak etter mållova § 5, kan ein sjå bort frå dei språkleg nøytrale kommunane når ein reknar ut kva som er fleirtalsmålforma for området. Dersom like mange kommunar har gjort vedtak om bokmål som om nynorsk, er området likevel språkleg nøytralt.

Dette kan illustrerast med eit tenkt område med 20 kommunar med ulik fordeling mellom språkvedtaka etter mållova § 5:

7 bokmål, 3 nynorsk, 10 nøytrale > Bokmål er fleirtalsmålform.

3 bokmål, 7 nynorsk, 10 nøytrale > Nynorsk er fleirtalsmålform.

11 bokmål, 5 nynorsk, 4 nøytrale > Bokmål er fleirtalsmålform.

5 bokmål, 11 nynorsk, 4 nøytrale > Nynorsk er fleirtalsmålform.

4 bokmål, 5 nynorsk, 11 nøytrale > Området er utan fleirtalsmålform.

Dømet viser at i nokre tilfelle kan bokmål eller nynorsk bli fleirtalsspråk jamvel om det er eit mindretal av kommunane i eit område som har gjort vedtak om dette skriftspråket.

15.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

Etter gjeldande regel blir dei nøytrale kommunane tekne med i reknestykket berre dersom dei utgjer meir enn halvparten av kommunane i området. Det var i si tid gode grunnar for å innføre ein slik reknemåte (Gramstad og Lilleholt [1983]: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar, side 48). Eitt av omsyna var at ein ikkje ønskte at lova la til rette for ei utrekning som gjorde at mange område vart språkleg nøytrale. Departementet har sidan mållova tok til å gjelde, meint at når ein tenestekrins er definert som språkleg nøytral, får det oftast som konsekvens at det regionale statsorganet berre brukar bokmål.

Systemet for utrekning av fleirtalsmålform har innebygd i seg ein mekanisme som i praksis gjer at nynorsk når opp til offisiell status som regionalt statleg bruksmål i noko større delar av landet enn det som ville vore tilfellet dersom til dømes reine fleirtalsvurderingar blant innbyggjarane skulle ha avgjort spørsmålet. Slik sett representerer systemet eit visst vern for nynorsk som det minst bruka skriftspråket. I dag vurderer departementet det slik at gjeldande ordning likevel ikkje er berekraftig.

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å justere sjølve utrekningsmåten for korleis ein kjem fram til kva som er fleirtalsspråk i ein tenestekrins. Departementet meinte at reglane i gjeldande mållov delvis er vanskelege å forstå og delvis strir mot det ein ventar, ettersom eit språk som er i faktisk mindretal kan utgjere eit fleirtalsspråk. Departementet tok derfor til orde for ei ordning som krev at eit fleirtalsspråk skal ha eit faktisk fleirtal av kommunane i ein tenestekrins bak seg.

Departementet gjorde det klart at resultatet av endringa i utrekningsmåte ville bli at fleire tenestekrinsar vart nøytrale, og at det slik sett skal meir til for at bokmål eller nynorsk blir fleirtalsspråk.

I den tenkte samansetjinga ovanfor ville den nye regelen få det utslaget at fleire regionar ville bli språkleg nøytrale og utan eit fleirtalsspråk:

7 bokmål, 3 nynorsk, 10 nøytrale > Området er utan fleirtalsspråk.

3 bokmål, 7 nynorsk, 10 nøytrale > Området er utan fleirtalsspråk.

11 bokmål, 5 nynorsk, 4 nøytrale > Bokmål er fleirtalsspråk.

5 bokmål, 11 nynorsk, 4 nøytrale > Nynorsk er fleirtalsspråk.

4 bokmål, 5 nynorsk, 11 nøytrale > Området er utan fleirtalsspråk.

For å sikre at nøytrale regionale statsorgan ikkje berre brukar bokmål i tenestekrinsen, slik praksis ofte er når det ikkje finst eit fleirtalsspråk, var framlegget å samtidig presisere og kvotefeste korleis regionale statorgan skal veksle i allment tilgjengelege dokument, jf. regelen i § 13 andre ledd. Dette ville sikre nynorskbruk i språkleg nøytrale regionale statsorgan.

Departementet vurderte også ein regel som byggjer på innbyggjartal i kommunane med bokmålsvedtak og nynorskvedtak, men vurderte det slik at den føreslåtte endringa med krav om absolutt fleirtal blant kommunane i tilstrekkeleg grad fjernar utslag av gjeldande utrekningsmåte som kan verke urimelege. Eit system som byggjer på faktisk fordeling av bokmåls- og nynorskbrukarar, ville krevje ei tilgjengeleg oversikt over føretrekt skriftspråk på individnivå, noko som ikkje finst i dag. Dessutan er kategoriane «bokmålsbrukar» og «nynorskbrukar» ikkje gjensidig utelukkande, og skal etter gjeldande språkpolitikk heller ikkje vere det.

Departementet meinte at den føreslåtte utrekningsmåten alt i alt ville gje færre urimelege utslag, noko som sikrar lova legitimitet. Lova vil vere klarare og enklare å formidle.

Departementet utarbeidde eit framlegg til § 13 som avgrensa reglane om å bruke eit eventuelt fleirtalsspråk til å gjelde berre statsorgan. Eit anna alternativ var at også fylkeskommunen vart innlemma i reglane om bruk av eventuelt fleirtalsspråk.

Departementet føreslo ei terminologisk endring frå «fleirtalsmålform» til «fleirtalsspråk» i tråd med den føreslåtte endringa av «målform» til «skriftspråk».

15.2.3 Høyringa

Fleire høyringsinstansar støtta framlegget om å endre måten ein reknar ut kva eit eventuelt fleirtalsspråk blir i ein aktuell tenestekrins for eit regionalt statsorgan. Fleire, deriblant Språkrådet, peika likevel på at framlegget til endring av utrekningsmåten, som eit isolert framlegg, vil føre til mindre bruk av nynorsk enn ei vidareføring av gjeldande reglar for utrekningsmåte vil tilseie.

Språkrådet uttalar:

«Som vi peikar på i dei overordna merknadene og merknadene til § 12, må det heilt avgjerande for om føremålsparagrafen i lova blir oppfylt, vere at nynorsk blir brukt meir enn no, ikkje mindre. Regelen for utrekning av fleirtalsspråk som blir føreslått i denne paragrafen, vil slå litt begge vegar, men nokre statsorgan, som fram til no har måtta bruke nynorsk, vil i framtida også kunne bruke bokmål. I slike tilfelle vil nynorskbruken gå ned, og det er ikkje i tråd med føremålsparagrafen.»

Når det gjeld å ta stilling til om også fylkeskommunen skulle innlemmast i plikta til å bruke eit eventuelt fleirtalsspråk, var eit fleirtal av høyringsinstansane positive til det. Det var 11 høyringssvar som gjekk eksplisitt imot at fylkeskommunane skal følgje dei same reglane som regionale statsorgan, slik at dei må bruke berre nynorsk eller bokmål i allment tilgjengelege dokument, alt etter kva eit fleirtal av kommunane i fylket har gjort språkvedtak om etter § 11. Dette var blant anna Trøndelag fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Finnmark fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Troms fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland.

15.2.4 Departementets vurdering

Departementet merkjer seg at sjølv om mange høyringsinstansar er positive til å endre utrekningsmåten av kva som dannar eit eventuelt fleirtalsspråk, peikar dei på at dette samstundes vil vippe nynorskfylke over til å bli nøytrale fylke, og at dette har negative effektar for mindretalsspråket.

Dei meiner at dette må kompenserast for på andre måtar i regelverket. Språkrådet framhevar dette slik:

«Det er positivt at den nye utrekningsmåten fører til meir nynorsk i nøytrale statsorgan, men det er uheldig at han potensielt også kan svekkje nynorsken i område der han i dag står sterkt som forvaltningsspråk. Språkrådet meiner dei nye utrekningsreglane for fleirtalsspråk berre er akseptable dersom vekslingsreglane sikrar at bruken av nynorsk ikkje går ned som følgje av endringa, jf. merknadene våre til § 12.»

Departementet meiner at omsyna til mindretalsspråket, nynorsk, er tekne vare på ved at vekslingsreglane for regionale statsorgan er kvotefesta og presiserte, jf. framlegg til § 13 andre ledd. Dessutan er fylkeskommunen delvis innlemma i vekslingsregelen (sjå punktet nedanfor).

Som Språkrådet skriv, er det viktig at det blir ført tilsyn med § 13 andre ledd:

«Det er svært viktig med ei tett oppfølging av at regionale statsorgan og fylkeskommunar faktisk vekslar mellom bokmål og nynorsk etter reglane, dersom ein skal kunne oppfylle intensjonen i føremålsparagrafen om at nynorsk som det minst brukte skriftspråket skal fremjast.»

Departementet støttar Språkrådets vurderingar av omfanget av tilsynet her, og understrekar at det er Språkrådet som med heimel i § 19 innrettar tilsynet slik Språkrådet meiner det høver. Fylkeskommunen vil ikkje vere omfatta av tilsynet. Slik reglane er formulerte i § 19 fjerde ledd, kan Språkrådet rettleie fylkeskommunen om korleis vekslingsregelen i § 13 fjerde ledd er å forstå.

15.3 Veksling mellom bokmål og nynorsk

15.3.1 Gjeldande rett

Etter gjeldande regelverk er det eit skilje mellom sentrale, regionale og lokale statsorgan.

I § 3 andre ledd i forskrifta er det definert kva som skal til for at ei statleg eining skal vere eit eige statsorgan: «I høve reglane om målbruk skal statsorgan som førebur og gjer vedtak, og som utetter står fram som ei eining, reknast for eit eige statsorgan.»

Nemningane og definisjonane følgjer av forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste (målbruksforskrifta) § 3 første ledd. Sentrale statsorgan har heile landet som tenestekrins og er alltid språkleg nøytrale. Å vere nøytral vil seie at statsorganet skal veksle mellom nynorsk og bokmål når ein kommuniserer til eit allment publikum, og at ein ikkje har det målbruksforskrifta § 5 kallar «tenestemål».

I mållova § 8 første ledd første punktum er vekslingsregelen for sentrale statsorgan fastsett:

«Statsorgan som har heile landet som tenestekrins, skal syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang og liknande som organet lagar, vekslar mellom målformene slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei.»

I vekslingsregelen er uttrykket «rimeleg kvantitativ fordeling» bruka. I målbruksforskrifta § 6 første ledd er uttrykket «rimeleg kvantitativ fordeling» definert slik at ingen av målformene skal vere representerte med mindre enn 25 prosent. Dette er ein svært sentral regel i gjeldande lovverk. Kvantifiseringa på 25 prosent vart teken inn i forskrifta i 1987 ved kongeleg resolusjon og har vist seg viktig for å motverke den sterke underrepresentasjonen av nynorsk i allmenne tekstar som når eit breitt publikum (i dag typisk i informasjonstekstar på nett). 25-prosentsregelen gjeld òg dokument frå regjeringa til Stortinget, til dømes stortingsmeldingar og proposisjonar.

Regionale statsorgan har ikkje utan vidare plikt til å veksle mellom nynorsk og bokmål etter gjeldande rett – det kjem an på fordelinga av målvedtak i den geografiske tenestekrinsen til det regionale statsorganet. Etter mållova § 8 andre ledd første punktum skal «[s]tatsorgan som har eit geografisk område som tenestekrins, [...] syte for at rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, er i fleirtalsmålforma for området». Det inneber at regionale statsorgan som har eit fleirtalsspråk, anten bokmål eller nynorsk, skal bruke tenestemålet i utetterretta tekstar (dvs. både i korrespondanse med andre statsorgan og i allment tilgjengelege dokument). Kva som er fleirtalsspråk, blir rekna ut frå kor mange nynorskkommunar, bokmålskommunar og språknøytrale kommunar det er i regionen.

For språkleg nøytrale regionale og lokale statsorgan er det i dag ei vekslingsplikt, men plikta er ikkje kvantifisert slik ho er i forskrift for sentrale statsorgan. Ifølgje mållova § 8 andre ledd andre punktum skal rundskriv, kunngjeringar og informasjonstilfang «veksle mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei». Det er grunnlag i førearbeida for å seie at pålegget til regionale statsorgan om «rimeleg samhøve» mellom nynorsk og bokmål ikkje tyder det same som «rimeleg kvantitativ fordeling», jf. vekslingsregelen som gjeld for sentrale statsorgan. I Ot.prp. nr. 52 (1978–79) Lov om målbruk i offentleg teneste understrekar departementet at regelen om «rimeleg samhøve» er til for å få bruken av nynorsk og bokmål i regionane til å kome i samsvar med det som er det faktiske språkgrunnlaget i tenestekrinsen.

15.3.2 Framlegget i høyringsnotatet

I framlegget føreslo departementet å vidareføre reglane i mållova § 8 og presiseringane i forskrifta § 6 andre ledd, som slår fast at sentrale statsorgan i allment tilgjengelege dokument skal bruke minst 25 prosent bokmål eller nynorsk. Den overordna vurderinga var at dagens kvotekrav om minst 25 prosent av kvart skriftspråk fører til at det blir nytta meir nynorsk enn om det ikkje var fastsett eit slikt kvotekrav:

«Utan reglar som til ein viss grad detaljregulerer bruken av bokmål og nynorsk, ville dei overordna føresegnene om bokmål og nynorsk som likestilte skriftspråk truleg ikkje føre til anna enn marginalisering av det minst brukte språket, nynorsk.»

På denne bakgrunnen fann departementet grunn til å presisere at 25-prosentsregelen òg bør gjelde regionale statsorgan når dei publiserer allment tilgjengelege dokument. Departementet meinte at 25-prosentsregelen som vart føreslått for nøytrale statsorgan, skulle gjelde «dersom minst 25 prosent av kommunane i tenestekrinsen har gjort vedtak om å krevje same skriftspråk». Vidare tok departementet til orde for å presisere eit mindretalsomsyn slik:

«Dersom minst tre av kommunane i tenestekrinsen har gjort eit språkvedtak som skil seg frå fleirtalet, skal det regionale, nøytrale statsorganet ifølgje merknadene i proposisjonen bruke minst 10 prosent av mindretalsskriftspråket nynorsk i allment tilgjengelege dokument.»

Framlegget til regel tok sikte på å motverke dagens tendens til at nøytrale regionale statsorgan med sterk nynorskrepresentasjon i realiteten stort sett berre brukar bokmål. Departementet kom i høyringsnotatet òg med framlegg til nye reglar for utrekning av fleirtalsspråk (sjå punktet ovanfor). Den føreslåtte utrekningsmåten ville føre til at enkelte regionale statsorgan som i dag har anten nynorsk eller bokmål som tenestemål, ville bli språkleg nøytrale. Dette regelframlegget vart gjort for å utjamne urimelege utslag i disfavør av bokmål, men kunne seiast å ha ein viss negativ effekt for bruken av nynorsk ettersom organ som etter dagens reglar har nynorsk som tenestemål (t.d. i Rogaland), vil bli nøytrale. Departementet vurderte det derfor som særleg viktig at nøytrale regionale statsorgan med nynorskkommunar i tenestekrinsen fekk presiserte kvotekrav å veksle etter. Utan eit klart vekslingskrav til dei nøytrale regionale statsorgana ville ikkje framlegget til språklov fremje det minst bruka språket i område der det har ein posisjon i kommunal forvaltning. Vi viser til lovutkastet § 1 Føremål andre ledd andre punktum, der det er slått fast eit ansvar for det offentlege for å fremje det minst bruka språket.

Høyringsnotatet presiserte at ein vekslingsregel ikkje er meint for språkleg nøytrale regionale statsorgan utan kommunar med nynorsk språkvedtak. Derfor var framlegget å operere med 25 prosent som kvotekrav i dei tilfella der nynorskkommunane utgjer ein fjerdedel av kommunane i tenestekrinsen. Men departementet meinte at det av omsyn til mindretalet òg bør vere ein vekslingskvote for dei situasjonane der nynorskkommunane utgjer eit lite mindretal. Departementet føreslo derfor å ta inn i merknadene at dersom minst tre av kommunane i tenestekrinsen har gjort eit språkvedtak som skil seg frå fleirtalet, skal det regionale nøytrale statsorganet bruke minst 10 prosent av mindretalsskriftspråket nynorsk i allment tilgjengelege dokument.

Høyringsnotatet føreslo to ulike alternativ: Det eine var å utvide verkeområdet for språkvekslingsreglane ovanfor til òg å gjelde fylkeskommunane, slik at dei skal følgje dei same reglane som regionale statsorgan, både reglar om fleirtalsspråk og reglar om veksling. Det andre alternativet var å vidareføre regelverket som i dag, slik at fylkeskommunane ikkje vart omfatta av reglane om veksling.

15.3.3 Høyringa

Språkrådet var positive til framlegga om at regionale nøytrale statsorgan skal rette seg etter dei same kvotekrava som dei sentrale statsorgana har i dag. Dei uttalar at det er viktig at slike kvotekrav kjem tydeleg fram i lovteksten:

«Språkrådet meiner dessutan at vekslingsreglane må kome eksplisitt fram i lovteksten, og at dei må utformast slik at dei som eit minimum sikrar ein nynorskbruk på linje med i dag. For å unngå eit scenario som skissert i tilfellet Rogaland vil vi føreslå at regionale statsorgan og fylkeskommunale organ skal bruke minst 40 prosent nynorsk dersom minst 25 prosent av kommunane i tenestekrinsen har gjort vedtak om å krevje nynorsk. Dersom det i det heile teke finst kommunar i tenestekrinsen som har gjort vedtak om nynorsk, skal regionale statsorgan og fylkeskommunale organ bruke minst 10 prosent nynorsk.»

Språkrådet uttala òg at det var avgjerande at reglane totalt sett er innretta på ein måte som gjer at nynorskbruken ikkje går ned (sjå punkt 12.12.3). Ettersom fleire av fylkeskommunane overordna var for ei vidareføring av gjeldande rett, var dei motstandarar av ei lovfesta plikt til å veksle mellom bokmål og nynorsk.

15.3.4 Departementets vurdering

Den sterke underrepresentasjonen av nynorsk dei aller fleste andre stader enn i staten tilseier at staten må ta eit ekstra ansvar for at nynorsk skal vere synleg for både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar. Utan slik tilgang vil truleg språkskiftet frå nynorsk til bokmål auke. Departementet vidarefører derfor framlegga om å skjerpe kvotekrava for språkleg nøytrale regionale statsorgan til veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Departementet tek dei presiserte kvotekrava for veksling mellom skriftspråka inn i lovteksten. Departementet vidarefører ikkje framlegget om å innlemme fylkeskommunen i reglane om å bruke det skriftspråket som fleirtalet av kommunar har gjort språkvedtak om.

Derimot vidarefører departementet den delen av framlegget som innlemmar fylkeskommunane i delar av vekslingsregelverket, som i dag berre gjeld for regionale statsorgan.

I denne saka har departementet gjort ei totalvurdering. Omsynet til sjølvstyret som fylkeskommunane har, jf. kommunelova, er vekta mot omsynet til at språklova treng verkemiddel for å styrkje norsk språk generelt og auke bruken av nynorsk spesielt. Departementet legg til grunn at det er mogleg å kombinere tre viktige omsyn regionalt: omsynet til det fylkeskommunale sjølvstyret, omsynet til den nasjonalt viktige samfunnsutviklarrolla fylkeskommunen har i regionane, så vel som omsynet til mindretalsspråket nynorsk.

Departementet gjer derfor framlegg om eit fjerde ledd i § 13 som slår fast at dei fylkeskommunane som er språkleg nøytrale etter § 11 i lova, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei.

Departementet har vurdert å kvotefeste «rimeleg samhøve» eksplisitt på same måte som framlegget er for nøytrale regionale statsorgan, men har kome til at det er vanskeleg ut frå språksituasjonen i ulike regionar å talfeste ein bestemt vekslingskvote og lovfeste han. Det bør òg liggje til sjølvstyret at fylkeskommunen kan gjere ei skjønnsmessig vurdering.

Det vil vere i tråd med føremålet med språklova, som gjeld for alle offentlege organ, at nøytrale fylkeskommunar tek utgangspunkt i å vedta eit rimeleg samhøve som fremjar nynorsk som mindretalsspråk og slik medverkar til å auke bruken av nynorsk, jf. framlegg til § 1 med merknader.

Når den språknøytrale fylkeskommunen fastset eit rimeleg samhøve mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, kan dei velje å ta utgangspunkt i prosentdelen av kommunar i regionen som har valt det eine eller det andre skriftspråket. Der 20 prosent av kommunane har valt nynorsk og 80 prosent har valt bokmål, kan eit rimeleg samhøve og utgangspunkt for veksling vere 20 prosent nynorsk og 80 prosent bokmål.

Fylkeskommunen kan òg velje å bruke dei vekslingsreglane som gjeld for nøytrale regionale statsorgan. Dei står likevel fritt til å leggje vekt på forhold i regionen som kan tilseie andre krav til veksling. Relevante forhold kan til dømes vere talet på skulekrinsar med nynorsk som opplæringsspråk, jf. reglane i opplæringslova om dette.

Departementet understrekar at omsynet til mindretalet i eit språksamfunn ikkje vil seie at det skal vere eit ein-til-ein-forhold mellom ei viss kvoteregulering og talet på brukarar av eit språk. Eit svært lite mindretal har like stort behov for å sjå språket sitt i bruk som eit stort fleirtal. Det er tilgangen til språk kvotereguleringa er til for, ikkje for å spegle talet på språkbrukarar nøyaktig.

Når fylkeskommunen gjer eit vedtak etter § 11 om å krevje nynorsk eller bokmål som det skriftspråket staten skal bruke i skriv til fylkeskommunen, regulerer ikkje språklova samtidig kva språk fylkeskommunen sjølv skal bruke i allment tilgjengelege dokument. Som del av den negativt avgrensa kompetansen sin vil fylkeskommunen sjølv kunne fastsetje at eit vedtak om bokmål eller nynorsk etter § 11 òg skal gjelde som fylkeskommunalt administrasjonsspråk. Dette er ei vidareføring av gjeldande lovgjeving.

Departementet meiner at det samla framlegget vil bidra til å tryggje nynorsk i område der bokmål dominerer.

15.4 Parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan

15.4.1 Gjeldande rett

Mållova § 8 første ledd tredje punktum, som i hovudsak regulerer kva for tilfang som kjem inn under krava om veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument, lyder slik:

«Dersom det einskilde organet finn grunn for det, kan slikt tilfang gjevast ut i begge målformer.»

Det heiter i førearbeida at det i visse tilfelle er rimeleg å gje ut rundskriv, kunngjeringar e.l. i begge målformer, til dømes dersom dei inneheld grunnleggjande terminologi som er ulik for dei to skriftspråka.

Ot.prp. nr. 52 (1978–79) Lov om målbruk i offentleg teneste, kap. 4.7.3 og kap. 4.7.4.2.

I seinare administrativ praksis er det lagt til grunn at det same må gjelde for publikasjonar som rettar seg mot eit stort publikum og skal brukast over lengre tid, publikasjonar som skal brukast i undervisninga i skuleverket, og publikasjonar som inneheld viktig informasjon til mottakarar eller målgrupper.

Målbruk i offentleg teneste. Reglar og råd. Informasjonsbrosjyre frå Kulturdepartementet. 1995.

Rettleiinga til mållova følgjer her opp, innanfor verkeområdet for mållova, det opplæringslova § 9-4 slår fast at gjeld i opplæringssektoren:

«I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris.»

Både Språkrådet og Kulturdepartementet har i tilsynsverksemd tilrådd å ikkje lage parallellversjonar i andre tilfelle enn det som følgjer direkte av lov og forskrift. Bakgrunnen er at parallellversjonar kan brukast til å usynleggjere det minst bruka språket. Det kan lett skje dersom eit nynorskdokument òg finst på bokmål, og særleg dersom bokmålsversjonen reint teknisk er den versjonen publikum lettast får tilgang til.

Mållova § 8 fjerde ledd regulerer at «skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer». Alle statsorgan, både regionale og sentrale, fell inn under denne regelen.

Mållova § 6 første ledd tredje punktum seier at frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formular og liknande som direkte gjeld dei sjølve. Som døme kan nemnast skattekort, førarkort, attestar, pass, konsesjonar, vitnemål, tilsetjingsbrev, førelegg, byggjeløyve osb.

Gramstad og Lilleholt (1983): Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. Jf. s. 44, note 4.

I dag finst ofte slike dokument, til dømes førarkort og pass, i versjonar med parallell tekst på bokmål og nynorsk. Det oppfyller slik departementet ser det, kravet i mållova § 6 første ledd tredje punktum.

Visse digitale løysingar erstattar meir og meir tradisjonelle skjema. Nav er eit døme på statsorgan som moderniserer skjemaløysingane sine: I staden for at den enkelte fyller ut og leverer eit skjema elektronisk til Nav, loggar ein seg heller inn og søkjer om til dømes foreldrepengar ved å følgje ein elektronisk søkjesti. Etter opplysningar som departementet har henta frå Språkrådet og Nav (mai 2019), finst det elektroniske skjemaet (den digitale sjølvbeteningstenesta) for å søkje om foreldrepengar på bokmål og nynorsk, medan mange andre digitale sjølvbeteningstenester berre finst på bokmål hos Nav. Grunnen til dette er til dels at statsorgan (som Nav Stat) ikkje tolkar det slik at digitale sjølvbeteningstenester utfører den tenesta som skjema til no har gjort, sjølv om dei digitale tenestene faktisk i mange tilfelle avløyser opphavlege skjema. Departementet legg til grunn at staten gradvis legg om tenestene sine til å bli sjølvbeteningstenester. I innkjøpssituasjonen blir det ofte den innkjøpte tenesteutviklaren som gjer språkvala, ettersom statsorgana ikkje spesifiserer at systemet som blir utvikla, ikkje berre skal forstå og formidle bokmål.

15.4.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsutkastet føreslo departementet å samle regulering som gjeld parallell utgjeving frå statsorgan, i éin paragraf.

I denne paragrafen føreslo departementet å vidareføre innhaldet i mållova § 8 fjerde ledd om at skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege på både bokmål og nynorsk. Framlegget var at det skal gjelde same kva format skjemaet er laga i, anten det er elektronisk eller papirbasert – i tråd med den teknologinøytrale dokumentdefinisjonen som departementet òg gjorde framlegg om. Det litt papirknitrande ordet «skjema» vart bytt ut med ordet «sjølvbeteningstenester». Statsorgan skulle etter framlegget gjere sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig.

Regelen i mållova § 6 første ledd tredje punktum om at private rettssubjekt kan krevje faste formular som gjeld dei sjølve, på ønskt målform, vart etter framlegget òg vidareført.

Framlegget var òg å styrkje dei individuelle språkrettane til skuleelevar med nynorsk som opplæringsspråk. Grunngjevinga for dette var at nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer, og at det er viktig at statsorgana kompenserer for dette når statsorgana sjølve er ansvarleg utgjevar av dokument som er meinte til bruk i skulen.

Framlegget frå departementet var derfor å gjere om den gjeldande kan-regelen i § 8 tredje ledd til ein skal-regel og målrette han eksplisitt til tilfang som skal brukast i undervisninga.

15.4.3 Høyringa

Ingen høyringsinstansar uttalar seg negativt til lovframlegget om parallell bruk av bokmål og nynorsk.

Riksmålsforbundet støttar lovforslaget slik:

«Når det gjelder offentlige selvbetjeningstjenester, skjemaer, skoledokumenter o.l. er det rimelig at slikt foreligger samtidig på begge språk, slik lovforslaget legger opp til.»

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa uttalar:

«Til avsnitt 3: Formuleringa ‘som er meint til bruk i skulen’ må presiserast. Dette er eit heilt sentralt omgrep i forskrifta til §§ 17-1 og 17-2 i gjeldande opplæringslov. Desse paragrafane handlar om elevens rett til læremiddel på eiga målform og om unntak frå parallellkravet. Fleire av formuleringane i forskrifta er ikkje tilpassa den digitale skulekvardagen i 2019, og opnar for ei uklar tolking av omgrepa ‘læremiddel’ og ‘utvikla til bruk i skulen’.»

15.4.4 Departementets vurdering

Departementet merkjer seg at det er ukontroversielt blant høyringsinstansane at språklova stiller krav om parallelle versjonar av enkeltdokument som direkte gjeld private rettssubjekt, av sjølvbeteningstenester og av tilfang som er meint til bruk i skulen. Denne føresegna gjeld berre for staten og ikkje for kommunar og fylkeskommunar.

Digitaliseringa av staten fører med seg at viktige dokument i dag ofte er utforma som digitale sjølvbeteningstenester. Det er derfor heilt nødvendig for å oppnå føremålet med språklova at det offentlege ikkje nyttar IKT-system som blir låste til å handtere språkfunksjonar på bokmål (og til dømes hindrar at samiske språk og nynorsk kan brukast i slike dokument). Departementet konkluderte i høyringsnotatet med at det ikkje var tenleg å regulere direkte korleis dei teknologiske rammevilkåra i staten skal vere for at teknologien ikkje skal bli eit hinder for å nå språkpolitiske mål. Bakgrunnen for denne vurderinga er at det fort kunne ha vorte lese som krav til konkrete innkjøp dersom språklova hadde hatt reglar. Departementet understrekar likevel at for å oppfylle språklova på teknologinøytralt vis må det offentlege ha eit språkteknologisk basert system som ikkje diskriminerer nynorsk. Samisk høgskole greier ut om dette problemet for samiske språk slik i sitt høyringssvar:

«Teknologiske løsninger medfører faktisk at samisk språk kan brukes på færre arenaer enn før. Teknologisk utvikling har medført at brukere av samisk har mistet muligheter for å sende inn f.eks. skjemaer og søknader elektronisk. Ett eksempel er selvangivelsen, nå skattemeldinga. Tidligere da skattemeldinga var papirbasert, var det mulig å få tilsendt skjema på samisk, og man kunne også sende inn dette skjemaet på samisk. Man fikk følgelig også avregninga ‘Vearroloahpparenket’ på samisk. Her fantes også veiledninga på samisk. Etter hvert som man har gått over til elektronisk søknad, kan man ikke lenger verken fylle ut eller lese skattemeldinga på samisk i Altinn, og er dermed avskåret fra å fylle ut denne på samisk.»

Departementet understrekar at regelen i § 14 om parallell bruk av bokmål og nynorsk ikkje omfattar samiske språk. Det er likevel eit paradoks at ny teknologi, det vil seie modernisering av det offentlege, til no delvis har vorte eit hinder for bruk av nynorsk og samiske språk. Dette vil vere klart i strid med føremåla i språklova.

Reglane om skjema og faste formular omfattar planlagde dokument som staten også etter gjeldande mållov må lage og gjere tilgjengelege samtidig. Dokumenta det er tale om her, er nødvendige for at private rettssubjekt kan legitimere seg som borgarar, eller etterleve plikter og krevje sine rettar som det.

Departementet viser til høyringssvaret frå Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa som meiner at § 14 tredje ledd er upresist med formuleringa «dokument som er meinte til bruk i skulen». Dei viser til at det òg er uklart kva som er å forstå som læremiddel i forskrifta til §§ 17-1 og 17-2 i gjeldande opplæringslov. Departementet vidarefører likevel formuleringa slik ho var i høyringsnotatet. Statsorgana er ikkje læremiddelprodusentar, og ein skarp læremiddeldefinisjon er derfor vanskeleg å lage. Føresegna er meint å skulle fange opp alle typar dokument som blir produserte av eit statsorgan for det føremålet å nå elevar. Det er dokumentert at skular med nynorsk opplæringsmål ofte tek i bruk læringsressursar på bokmål, fordi dei berre finst på bokmål.

LNK. (2018). 4 av 5 lærarar slit med å finna digitale læremiddel på nynorsk. Henta frå: http://lnk.no/

I den grad staten lagar eller bestiller slike dokument eller ressursar for å formidle sektoransvaret sitt for skulen, bør staten syte for at ressursane finst i begge opplæringsspråk samtidig. Dette gjeld uavhengig av om materiellet er digitalt eller på papir.

Nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer. Derfor er det ekstra viktig at digitale læringsressursar som staten lagar, ikkje berre fremjar bruk av bokmål. Framlegget frå departementet til regel er ei målretta skjerping av gjeldande kan-regel, som støttar særleg opp om god opplæring i begge skriftspråka. Indirekte vil òg statsorgana med dette kravet utvikle og vedlikehalde terminologi på begge dei norske skriftspråka.

15.5 Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

15.5.1 Gjeldande rett

Mållova § 6 første ledd slår fast:

«Statsorgan skal svare på skriv frå private rettssubjekt i den målforma som er nytta i skrivet. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkommande, står statsorganet fritt i val av målform.»

Ordlyden i mållova § 6 legg ei plikt på statsorgana til å svare private rettssubjekt i deira eiga målform.

Gramstad og Lilleholt (1983): Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar.

Det som då følgjer av mållova, er ein viktig individuell rett som gjeld uavhengig av kor i landet ein bur. Retten er universell; han gjeld både bokmålsbrukarar og nynorskbrukarar. Men som i all regulering av tilhøvet mellom nynorsk og bokmål har reguleringa størst effekt for å sikre nynorsk som det minst bruka språket. Ettersom alle nynorskbrukarar forstår bokmål og svært mange nynorskbrukarar også skriv like godt bokmål som nynorsk, er denne personlege retten ikkje der av kommunikative eller instrumentelle årsaker. Han er der for å sikre nynorsk som samfunnsberande og jamstilt språk og for å sikre at ikkje nynorskbrukarar byter språk frå nynorsk til bokmål i kontakt med det offentlege.

Dei dokumenta som typisk kjem inn under denne føresegna, er dokument som vi tradisjonelt oppfattar som korrespondanse. I tillegg til vanleg brevpost vil dette i dag òg omfatte elektronisk kommunikasjon på e-post. Innhaldet i kommunikasjonen vil variere frå det vi kan kalle kundebehandling, til generell saksbehandling og til enkeltvedtak.

Tilsvarande er effekten av målvedtaket som kommunar og fylkeskommunar i dag gjer, jf. § 5 i mållova, at dei kan krevje skriv frå staten i den målforma som dei har gjort vedtak om. Regelen står i mållova § 6: «Statsorgan skal nytte den vedtekne målforma i skriv til kommunar og fylkeskommunar som har gjort vedtak om målform etter § 5.»

15.5.2 Framlegget i høyringsutkastet

I høyringsutkastet vart det føreslått at plikta til å bruke nynorsk og bokmål i dokument til enkeltadressatar skulle gjelde fylkeskommunar òg, ikkje berre statsorgan.

Forslaget var òg at fylkeskommunane skulle falle inn under plikta til å rette seg etter det vedtaket som kommunen har rett til å krevje, jf. framlegg til § 11.

Høyringsnotatet var likevel formulert med to alternativ, og i det eine alternativet var det føreslått at fylkeskommunen ikkje skulle ha ei slik plikt.

15.5.3 Høyringa

44 høyringsinstansar var eksplisitt for det alternativet som gjorde fylkeskommunen pliktig til å rette seg etter språkvala til enkeltadressatar og til kommunar. 11 høyringsinstansar var eksplisitt imot. Språkorganisasjonar på nynorsksida var for, og bokmålsorganisasjonar var imot.

Utdanningsdirektoratet peikar på at omsynet til nynorskelevar som enkeltadressatar er ein viktig faktor for at dei støttar framlegget:

«Fylkeskommunane har ansvar for vidaregåande skolar, og elevar som lærer nynorsk er avhengige av at nynorsk blir brukt. Ikkje minst er det viktig for dei elevane som har nynorsk som hovudmål. Fylkeskommunar som har eit mindretal av nynorskkommunar, bør ha medansvar for å synleggjere nynorsk i samfunnet.»

KS var blant dei som heller ville ha gjeldande regelverk, der fylkeskommunen ikkje er bunden av regelen om å rette seg etter språkvala til kvar innbyggjar eller kommune. KS meiner at lovframlegget er unødvendig, fordi den faktiske situasjonen i dag er at fylkeskommunane allereie i stor grad rettar seg etter språkvala til private rettssubjekt og kommunar:

«Bokmåls-fylkeskommunene kommuniserer i praksis ofte på nynorsk med nynorskkommuner og med private/firma som henvender seg på nynorsk.»

15.5.4 Departementets vurdering

Å få svar frå statlege styresmakter i eiga målform er i dag ein innarbeidd juridisk rett for kvar enkelt borgar, og det er derfor ein sentral del av det juridiske rammeverket som gjev også det minst bruka språket eit grunnleggjande rettsvern.

Det er òg ein rett som sikrar individet, uavhengig av geografisk tilhøyrsel. I ei tid med mange demografiske endringar er det viktig for den språklege identiteten til den enkelte å vidareføre dei individuelle språkrettane som gjeld uavhengig av geografisk tilhøyrsel.

Når det gjeld kva skriftspråk fylkeskommunane brukar til kommunane, har departementet teke innvendinga frå KS på alvor. Departementet har fått utført ei stikkprøve 22. november 2019, som viser kva skriftspråk som vart bruka til tre nynorskkommunar i dei tolv siste breva frå fylkeskommunar som i dag er nøytrale. Undersøkinga viser at Ål kommune i dei siste breva frå Buskerud fylkeskommune fekk 11 skriv på bokmål og 1 på nynorsk. Vinje kommune fekk 8 brev på bokmål og 4 på nynorsk frå Telemark fylkeskommune. Vågå kommune fekk 10 brev på bokmål og 2 på nynorsk frå Oppland fylkeskommune. Det ser derfor ut til at tendensen heller er at fylkeskommunen ikkje respekterer språkvalet til kommunen enn at han gjer det.

Departementet vidarefører framlegget til § 15 som i høyringsnotatet, og skriv fylkeskommunane inn i pliktregelen om å bruke nynorsk og bokmål til enkeltadressatar og kommunar, i tråd med språkvala dei har gjort.

Dette er ei styrking av individuelle språkrettar over heile landet. Det er òg med på å sikre at nynorskelevar i Rogaland, Agder, Vestfold og Telemark og Viken får meir lik tilgang til nynorsk frå fylkeskommunen som den elevar i Vestland og Møre og Romsdal har. Det er i tråd med prinsipp om likeverdige tenester uavhengig av kor ein bur i landet.

Vurderinga til departementet er at dette òg er ei styrking av nynorsk som forvaltningsspråk, ettersom eit nytt ledd i forvaltninga må bruke meir nynorsk enn tidlegare.

15.6 Krav til norskspråkleg skrivekompetanse

15.6.1 Gjeldande rett

Mållova § 4 inneheld ei føresegn som seier at tilsette i statsorgan har ei personleg plikt til å nytte bokmål og nynorsk når målbruksreglane krev det. Paragrafen inneheld òg ein unntaksheimel:

«Tilsette i embete eller statstenestepost der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta.
Kongen kan i særlege tilfelle gjere unnatak frå reglane i denne paragrafen.»

Forskrift om målbruk i offentleg teneste § 2 supplerer mållova § 4:

«For utanlandske statsborgarar gjeld plikta til å nytte begge målformer berre dersom dei har norsk vidaregåande utdanning med sidemålsopplæring eller universitets- eller høgskoleutdanning i norsk eller tilsvarande opplæring i norsk.
I særlege høve kan Kultur- og vitskapsdepartementet etter søknad frita einskilde tenestemenn eller nærmare fastsette grupper av tenestemenn frå plikta til å nytte begge målformer.»

Dersom ein tek ordlyden i mållova § 4 og målbruksforskrifta § 2 på ordet, kan ein få inntrykk av at statsorgan står fritt til å la vere å produsere tekstar på nynorsk dersom saksbehandlaren kjem inn under unntaka i forskrifta § 2. Slik er det likevel ikkje, jf. forskrifta § 1 andre ledd: «Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde.» Dette inneber at kvart statsorgan har plikt til å organisere tekstproduksjonen slik at målbruksreglane blir følgde, uavhengig av om statsorganet har tilsette som er unntekne frå tenesteplikta til å nytte begge målformer.

Plikta til å syte for at målbruksreglane blir følgde, ligg, slik departementet vurderer det, altså reelt sett på statsorgana sjølve. Eit statsorgan kan ikkje la vere å følgje mållova i eit konkret tilfelle, til dømes i eit svar til eit privat rettssubjekt, og vise til at saksbehandlaren ikkje har den rette skrivekompetansen.

Tenesteplikta for tilsette i statsorgan til å nytte både bokmål og nynorsk i arbeidet byggjer på den føresetnaden at dei skal ha hatt opplæring i begge målformene i skulen. Opplæringslova § 2-5 sjette ledd seier at det skal vere sidemålsopplæring dei to siste åra i grunnskulen. Den klare regelen er altså at dei som går gjennom norsk skule, skal ha hatt opplæring i skriftleg bruk av både bokmål og nynorsk. Ifølgje læreplanen i norsk skal elevar ha sidemålsopplæring også i vidaregåande skule. I forskrift til opplæringslova er det regulert i kva tilfelle elevar kan bli fritekne frå opplæring og eksamen i skriftleg sidemål.

Unntaksregelen i målbruksforskrifta § 2 er då òg formulert slik at det i realiteten er manglande sidemålsopplæring som kan frita ein statstilsett frå plikta til å bruke begge målformer i arbeidet.

15.6.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om ikkje lenger å definere det som ei tenesteplikt for den enkelte statstilsette å bruke nynorsk og bokmål etter reglane i §§ 12 til 18. I staden var framlegget å vidareføre det overordna ansvaret på organet sjølv, formulert som eit pålegg om å sikre nødvendig skrivekompetanse.

Departementet la i denne vurderinga særleg vekt på at ansvaret for at dei tilsette utfører pliktene sine, reelt ligg på organet etter dagens praksis, slik det òg går fram av forskrifta til mållova § 1 tredje ledd: «Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde.» Departementet vurderte det slik at framlegget ikkje ville endre på kravet om at statstilsette som har skriftleg utforming som ein del av arbeidet sitt, likevel har ei individuell plikt til å bruke nynorsk og bokmål slik reglane fastset.

Departementet viser òg til at tenesteplikta for tilsette i statsorgan til å nytte både bokmål og nynorsk i arbeidet byggjer på den føresetnaden at dei skal ha hatt opplæring i begge målformene i skulen.

15.6.3 Høyringa

Fleire av høyringsinstansane var positive til forslaget frå departementet i høyringsnotatet om å påleggje statsorgan å ha den nødvendige skrivekompetansen, men eit klart fleirtal hadde innvendingar mot forslaget. Omtrent halvparten av språkorganisasjonane gjekk heilt eller delvis imot forslaget om å ikkje føre tenesteplikta vidare. Det gjeld Litteraturselskapet Det Norske Samlaget, Nynorsklaget,Noregs Mållag,Norsk Målungdom, Norsk måldyrkingslag, Ullensvang Mållag, Ås Mållag, Høgnorskringen og Ivar Aasen-sambandet. Fleire gav som grunn at framlegget bryt med gjeldande språkpolitikk.

Noregs Mållag uttala følgjande:

«Noregs Mållag meiner at å gå bort frå dette kravet er å gjere det minst brukte språket mindre viktig, å setje norskopplæringa i skulen i unødig spel og å utsetje nynorskbrukarane for større risiko for å bli møtte med bokmål frå staten.»

Språkrådet var ein av dei instansane som støtta forslaget om å påleggje statsorgan å ha den nødvendige skrivekompetansen, men dei uttala seg negativt til forslaget frå departementet om å ikkje formulere ein regel som gjer det tydeleg at den enkelte tilsette òg har ei individuell plikt til å følgje regelverket. Språkrådet meinte dette var uheldig, og også i strid med språkpolitiske føresetnader:

«Vi er derimot ikkje samde med departementet om at den einskilde tilsette ikkje lenger skal ha plikt til å bruke både bokmål og nynorsk i arbeidet sitt. Ei endring i tråd med framlegget på dette punktet vil vere eit tap for heilskapen og samanhengen i den norske språkpolitikken. Opplæringslova og mållova følgjer begge opp det same historiske utgangspunktet, som er Stortingets jamstillingsvedtak frå 1885. Opplæringslova sikrar at statsorgana har tilgang på grunnkompetanse i både bokmål og nynorsk.»

Blant fylkesmennene og kommunane var fråsegnene delte.

Vestland fylkeskommune skriv:

«Denne endringa vil langt på veg vere i tråd med dagens praksis. Endringa kan gje offentlege organ som lova gjeld for ei klarare forventning om å sørgje for at reglane blir følgde. Å endre frå individnivå til organisasjonsnivå vil gjere det til ei tydelegare leiaroppgåve å sørgje for at dei tilsette har naudsynt språkkompetanse.»

Dei held fram slik:

«Ei ulempe ved endringa kan vere ei svekking av jamstillinga av bokmål og nynorsk, samt av sidemålsopplæringa sin status i skulen. Går ein bort frå ei plikt på individnivå om å nytte nynorsk og bokmål i tråd med regelverket vil ein svekke nokre av argumenta for opplæring og eksamenar i både nynorsk og bokmål i skulen. Ei anna ulempe kan vere at krav om skrivekompetanse ikkje blir teke med ved stillingsutlysingar. Dette kan medføre at det blir rekruttert færre med god skrivekompetanse i offentlege organ.»

Utdanningsforbundet uttrykte uro for effekten av framlegget:

«Vi meiner også at språkkompetanse bør vere eit systemansvar for statsorgan sjølve på linje med krav til annan kompetanse. Likevel ser vi faren for at den reelle verknaden av framlegget kan vere ansvarspulverisering av språkpolitikken i organet, at ingen tek ansvaret på alvor.»

Utdanningsdirektoratet uttala seg slik:

«I høyringsnotatet kapittel 2.16 ‘Krav til norskspråkleg skrivekompetanse’ blir det foreslått at den nye språklova skal framheve at det er statsorganet, ikkje kvar enkelt tilsett, som har plikt til å sørge for at målbruksreglane blir følgde. Utdanningsdirektoratet støttar dette forslaget for å unngå at kvalifikasjonskravet blir ein barriere mot å tilsetje søkarar som ikkje har fått vurdering med karakter i skriftleg sidemål, for eksempel fordi dei har minoritetsspråkleg bakgrunn. Vi ser det også som naturleg at ein arbeidsgjevar tek ansvar for at arbeidstakarane får den spisskompetansen som dei treng for å utføre arbeidet, sjølv om grunnopplæringa har gitt elevane eit godt grunnlag.»

15.6.4 Departementets vurdering

Departementet har registrert den sterke motstanden mot framlegget om å ikkje lenger definere det som ei tenesteplikt for den enkelte tilsette å bruke nynorsk og bokmål etter føresegnene i framlegg til punkt 2. I Ot.prp. nr. 52 (1978–79) Lov om målbruk i offentleg teneste heiter det:

«Som ein konsekvens av at dette er ei tenesteplikt, gjeld dei vanlege reglane for mishald av tenesteplikt også for brot på reglane i denne lova.»

Sigve Gramstad og Kåre Lilleholts Lov om målbruk i offentleg teneste. Med kommentarar (Universitetsforlaget, 1983) seier om sanksjonar mot brot på tenesteplikter dette:

«Sanksjonar mot brot på tenesteplikter er i statstenesta først og fremst ordensstraff og avskil. Ordensstraff er skriftleg irettesetjing, suspensjon utan løn opp til tre månader eller overflytting.»

Så vidt departementet kjenner til, har ingen tenestemenn måtta stå til rette personleg (etter statstilsettelova) for at dei ikkje følgjer reglane i gjeldande mållov. Å kalle plikta ei tenesteplikt og gjere det til eit brot på tenestepliktene å bryte mållova har hatt tilnærma ingen funksjon for etterleving av lova. Det som ein derimot veit har effekt, er at leiinga tek ansvar for at organisasjonen etterlever regelverket.

Departementet meiner det er viktig å sikre at organet sjølv tek eit heilskapleg ansvar for etterleving av lova og fremjing av den tospråklege kompetansen som lova krev. Departementet held derfor oppe framlegget om å lovfeste ein regel om at kvart organ skal ha ei plikt til å syte for tilstrekkeleg skrivekompetanse i organisasjonen. Ei slik føresegn er eit klart signal til organa om at dei bør ta omsyn til språkkompetanse i tilsetjingsprosessar og i intern kompetansebygging. Føresegna er òg eit krav om å ta i bruk den kompetansen ein har i organisasjonen, og tydeleggjere det leiaransvaret det er å utnytte han. Føresegna følgjer òg opp intensjonen i § 1 om å fremje nynorsk i mindretalsposisjon: Organet skal fremje nynorsk språkbruk på arbeidsplassen, i det minste slik at ikkje nynorskbrukarar, fordi dei meistrar bokmål, kjenner press til å bruke meir bokmål enn det lova krev. Den føreslåtte regelen er òg fleksibel på den måten at han gjer kravet til skrivekompetanse avhengig av kva som er nødvendig for å oppfylle reglane. Det kan variere frå organ til organ, mellom anna etter kva reglar dei kjem inn under.

Framlegget frå departementet om at statsorgan og fylkeskommunale organ har plikt til å ha den naudsynte språkkompetansen, skal ikkje stå i vegen for at organ kan kjøpe inn omsetjartenester og andre språktenester for å etterleve krava i §§ 12 til 18.

Slik departementet ser det, kan det likevel, som fleire av høyringsinstansane har peika på, vere nødvendig med ein heimel i språklova til å krevje at dei tilsette skal kunne både nynorsk og bokmål. Ein slik regel er nødvendig av to grunnar. Regelen vil sikre betre etterleving av regelverket. Det å ikkje ha eit slikt krav til å bruke nynorsk og bokmål vil på sikt kunne svekkje den praktisk-instrumentelle grunngjevinga for sidemålsundervisning i skulen.

Opplæringslova sikrar den tilgangen statsorgana har på nødvendig grunnkompetanse i norsk språk, både nynorsk og bokmål. Det er basiskunnskapane som dei statstilsette har med seg frå språkopplæringa i skulen, som normalt gjer dei i stand til å skrive både bokmål og nynorsk. For det store fleirtalet er det utbyttet av den skriftlege sidemålsundervisninga, jf. § 2-5 i opplæringslova, som utgjer det viktigaste kvalifikasjonsgrunnlaget deira for å skrive nynorsk når dei seinare går inn i stillingar i det offentlege. Gjennomført norskopplæring med sidemål frå vidaregåande skule representerer derfor eit sakleg kvalifikasjonskrav ved tilsetjing i aktuelle stillingar. Som verkemiddel i norsk språkpolitikk støttar derfor mållova og opplæringslova opp om kvarandre, og departementet ser at denne gjensidigheita ikkje har kome tydeleg nok fram i høyringsnotatet. Ein slik regel er likevel ikkje avhengig av å bli definert som «tenesteplikt», som departementet er inne på ovanfor. Departementet føreslår derfor eit nytt ledd i framlegget til paragraf, som vidarefører § 4 første ledd i gjeldande mållov på den måten at organet skal kunne krevje at den enkelte tilsette brukar nynorsk og bokmål etter reglane i lova. Dette er ei presisering av den styringsretten arbeidsgjevaren har.

Grunngjevinga for ein slik heimel er delvis å sikre etterleving av reglane i §§ 12 til 18 i språklova, og delvis å sikre samanhengen mellom opplæringslova (sidemålsopplæringa) og språklova.

Slik departementet ser det, vil det òg vere nødvendig å vidareføre unntaksregelen frå tenesteplikta i gjeldande målbruksforskrift § 2, som er formulert slik at det i realiteten er manglande sidemålsopplæring som kan frita ein statstilsett frå krav om å bruke begge skriftspråka i arbeidet. Framlegg til unntaksheimel gjer det klart at det berre er dei som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i norsk skule, som ikkje har ei individuell plikt til å bruke nynorsk og bokmål slik organet skal kunne krevje av dei.

Departementet meiner at dette sikrar at den individuelle plikta ikkje vil fungere som ein barriere mot rekruttering av søkjarar med minoritetsspråkleg bakgrunn, som fleire høyringsinstansar òg har peika på.

15.7 Klagerett etter språklova

15.7.1 Gjeldande rett

Mållova § 9 lovfestar ein klagerett for målbruksreglar i staten slik:

«Om nokon meiner at eit statsorgan ikkje følgjer lov eller føresegner om målbruk i saker som vedkjem dei sjølve, kan dei klage på dette til overordna organ. Språkorganisasjonar kan klage til overordna organ dersom dei meiner at statsorgan bryt lov eller føresegner om målbruk.
For slike klagesaker gjeld reglane i forvaltningslova kap. VI så langt dei høver.»

I Ot.prp. nr. 52 (1978–79) Lov om målbruk i offentleg teneste er det i merknadene til § 9 (side 28) sagt at enkeltpersonar (medrekna juridiske personar) kan klage i saker der dei er part eller har rettsleg interesse av å klage. Avgrensinga må sjåast i samanheng med føresegna i forvaltningslova § 28 første ledd, der klagarkrinsen for enkeltvedtak er avgrensa på same måten. Forvaltningslova § 28 første ledd blir til vanleg tolka slik at interesseorganisasjonar som ikkje er part i ei sak, òg kan ha rettsleg klageinteresse i kraft av arbeidsfeltet sitt. Det går ikkje klart fram om kommunar og fylkeskommunar fell inn under klageretten etter mållova § 9, men sidan dei er sjølvstendige rettssubjekt med rettar etter mållova, legg departementet til grunn at dei gjer det. Den meir vidtrekkande klageretten som § 9 legg opp til for språkorganisasjonar, gjeld òg eit høve til å ta opp prinsipielle spørsmål i samband med målbruksreglane.

I Ot.prp. nr. 52 (1978–79) ser departementet det slik (side 13–14) at tilsyn med og gjennomføring av målbruksføresegnene skal vere ein integrert del av tilsynet med at saksbehandlingsreglane i forvaltninga blir følgde, men at kvart departement har eit overordna ansvar for at reglane blir følgde i deira forvaltningsgrein. Kyrkje- og undervisningsdepartementet skulle ha eit særleg ansvar for å spreie informasjon om regelverket i forvaltninga og følgje med på praktiseringa, men òg å «[b]ehandle enkeltsaker, m.a. klagesaker, i samband med reglane» og «[t]a brot på reglane opp med vedkommande statsorgan eller overordna organ», slik at Kyrkje- og undervisningsdepartementet skulle ha «ei meir aktiv og kontrollerande rolle» enn etter den tidlegare mållova. Det skulle òg vere høve til å klage til Sivilombodsmannen over brot på lover og føresegner i språksaker.

Ot.prp. nr. 52 (1978–79) seier lite konkret om kva som kan kome ut av mållovsklagar. Sigve Gramstad og Kåre Lilleholts Lov om målbruk i offentleg teneste. Med kommentarar (Universitetsforlaget, 1983) legg til grunn at det er «nokså vanskeleg å tenkje seg at bruk av rang målform skal ha innverknad på innhaldet av ei forvaltningsavgjerd. Det vil truleg ikkje nytte å vise til brot på målbruksreglane for å få kjent eit vedtak ugyldig, jf. forvaltningslova § 41». Departementet og Språkrådet har i verksemda si lagt til grunn at føresegna i forvaltningslova § 41 kan brukast analogisk på brot på mållova med forskrifter. Brot på mållova § 6 om retten til å få svar i si eiga målform og retten kommunar har til å få skriv i målforma dei har gjort vedtak om etter mållova § 5, er å rekne som saksbehandlingsfeil og brot på ei tenesteplikt. Men mållovsbrot er ikkje å rekne som grunn til å kjenne innhaldet i vedtaket som ugyldig.

Gramstad og Lilleholt legg til grunn at hovudføremålet med klage i målbrukssaker ikkje må vere oppretting av feilen som er gjord, men heller å gjere statsorgan merksame på feil, slik at reglane kan følgjast i framtida. Unntaket frå det er § 6 første ledd tredje punktum, som gjev språklege rettar direkte til private. Gramstad og Lilleholt (side 60–61) legg til grunn at «[a]vgjerd om målval som har tilknyting til ein eller fleire bestemte personar [...] er enkeltvedtak og kan påklagast. Dette vil først og fremst gjelde målbruk i brev og i løyve, faste formularar o.l. (§ 6). Dersom ein person får utferda førarkort i ei anna målform enn den ønskte, kan vedkommande klaga og har da krav på å få utferda førarkort i rett målform.»

15.7.2 Framlegget i høyringsnotatet

Departementet føreslo i all hovudsak å vidareføre innhaldet i den gjeldande § 9 i mållova, men med ein del språklege tilpassingar som gjer innhaldet i paragrafen klarare.

Det vart i høyringa lagt fram to alternativ. Det eine alternativet var i tråd med framlegget om å innlemme fylkeskommunane inn i pliktreglane for bruk av bokmål og nynorsk. Det gjorde det nødvendig å utvide gjeldande § 9 første ledd til å bli dekkjande for klagar på fylkeskommunale brot på reglar som gjeld bruk av bokmål og nynorsk. I slike tilfelle gjorde departementet framlegg om at Fylkesmannen vart klageinstans.

Det andre alternativet var å vidareføre regelen i mållova § 9 utan å gjere regelen gjeldande for fylkeskommunen.

Andre ledd i framlegget til paragrafen om klagerett slår fast at reglane i forvaltningslova kapittel VI gjeld så langt dei høver. Kapittel VI inneheld dei generelle reglane om klage og omgjering i forvaltningslova. Dette er òg vidareført frå mållova § 9.

15.7.3 Høyringa

Få av høyringsinstansane som gav høyringssvar, hadde merknader til framlegget om klagerett.

Det vart likevel påpeika at ei rein vidareføring av dagens reglar om klage til overordna organ gjer at lova ikkje blir så tydeleg som ho burde. Det vart hevda at noverande føresegner er lite føremålstenlege og bidreg lite til god praktisering og forståing av lova. Desse veikskapane burde ikkje vidareførast i språklova.

15.7.4 Departementets vurdering

Departementet meiner at klagereglane i gjeldande mållov har hatt eit uklart innhald og tilhøve til klagereglane i forvaltningslova, og finn med bakgrunn i høyringsrunden grunn til å tydeleggjere kva klageretten etter lovforslaget nærare skal gjelde, og kva effekten av ein klage på brot på reglane er. Departementet går ikkje vidare med det framlegget til klagereglar som omfattar fylkeskommunen.

Når departementet har vurdert kva klageretten skal innehalde, er ein del av vurderinga at det er viktig å ikkje lage eit regelverk som blir unødvendig byråkratisk å etterleve.

For dokument som løyve og faste formular er det grunn til å kunne krevje å få retta dokumentet dersom det er utferda på feil skriftspråk. Departementet vurderer det slik at dersom det er tale om eit brot på lovforslaget § 14 andre ledd, det vil seie at eit privat rettssubjekt ikkje har fått eit personleg dokument som er meint å skulle brukast over ei viss tid (til dømes vitnemål, karakterutskrift, offentlege løyve osb., både i fysisk og elektronisk format), på ønskt skriftspråk, kan vedkomande krevje å få utferda dokumentet på nytt. Det er i tråd med gjeldande rett, jf. Sigve Gramstad og Kåre Lilleholts Lov om målbruk i offentleg teneste. Med kommentarar (Universitetsforlaget, 1983), side 60.

Departementet meiner derfor det er ei presisering av gjeldande rett når vi no føreslår å skrive det inn i lova at når eit privat rettssubjekt får eit dokument etter § 14 andre ledd i eit skriftspråk han eller ho sjølv ikkje ønskjer eller har hatt høve til å melde frå om, skal statsorganet utferde dokumentet på nytt.

Departementet gjer framlegg om å regulere verknaden av klage på brot på § 14 andre ledd i lovforslaget og meiner forslaget vil kunne bidra til at språkrettane til den enkelte i større grad blir oppfylte. Tiltaket kan òg verke disiplinerande på statsorgan som ikkje etterlever regelverket, slik at det relativt sjeldan vil bli nødvendig å utferde dokumentet på nytt. Statsorganet vil sjølv ha interesse av å skaffe seg informasjon om kva skriftspråk private rettssubjekt ønskjer eit dokument utferda i, slik at ein ikkje må bruke ressursar på å utferde det på nytt.

Framlegget til § 17 regulerer ikkje den konkrete framgangsmåten i ei klagesak, men ein klage skal, i tråd med forvaltningslova § 32 første ledd bokstav a, setjast fram for det statsorganet som klagaren meiner har brote språklova, og det er statsorganet sjølv som skal behandle klagen først. Dersom statsorganet er usamd med klagaren i at språklova er broten, kan det vere aktuelt at saka blir behandla av det overordna organet. Departementet understrekar at Språkrådet ikkje er påtenkt å vere klageinstans i saker etter språklova. Departementet vil berre vere klageinstans i saker der departementet er næraste overordna forvaltningsorgan. Jamvel om Språkrådet ikkje er klagebehandlingsorgan etter lovforslaget, vil departementet presisere at Språkrådet har ein rettleiingsfunksjon i samband med klagesaker. I den samanhengen vil Språkrådet ha ei rettleiande rolle overfor både offentlege organ og private som går ut på å gjere greie for reglane i språklova. Også i tilsynsarbeidet har Språkrådet høve til å uttale seg i klagesaker.

Slik departementet ser det, er det viktig å vidareføre og tydeleggjere retten språkorganisasjonar har etter gjeldande mållov § 9 til å ta opp prinsipielle spørsmål i samband med reglane om bruk av bokmål og nynorsk, også i saker som ikkje vedkjem dei sjølve. Departementet føreslår derfor ei eiga føresegn der språkorganisasjonar får rett til å påpeike brot på reglane overfor eit statsorgan, sjølv om saka ikkje vedkjem organisasjonane sjølve.

Påpeiking av feil i saker som ikkje vedkjem ein sjølv, skal først og fremst tene som ei påminning til vedkomande organ om innhaldet i reglane og dermed bidra til å hindre at organet gjer tilsvarande feil ved eit seinare høve. Departementet ønskjer likevel å understreke at sjølv om påpeiking av feil ikkje er å rekne som klage etter klageføresegna i lovforslaget, vil påpeiking av feil hos eit statsorgan frå språkorganisasjonar ha ein viktig funksjon for å sikre etterleving av reglane og rettskjensla på området. Påpeiking av feil vil i tillegg medverke til å få avklart eventuell usemje eller tvil om korleis den aktuelle språkbrukssituasjonen er å forstå, og korleis språkreglane skal tolkast.

Oppsummert er framlegget til departementet å etablere ein tydeleg klagerett i språklova for dei tilfella der eit statsorgan bryt § 14 andre ledd. Dersom det er konstatert brot på § 14 andre ledd, må statsorganet utferde dokumentet på nytt dersom klagaren ber om det. Desse reglane blir gjevne i § 17 Klagerett.

Korrespondanse frå eit statsorgan etter § 15 er ikkje å rekne som ein språkbrukssituasjon som vil utløyse rett til å klage etter språklova. Påpeiking av brot på reglane i § 15 er likevel viktig for å halde oppe rettskjensla på området og forståinga av regelverket. Retten som språkorganisasjonar har til å påpeike brot på reglane, jf. § 9 i mållova, blir derfor vidareført i eigne reglar utanfor klageretten, dvs. i framlegg til § 18 Påpeiking av feil bruk av skriftspråk hos statsorgan.

Departementet understrekar at kven som helst i utgangspunktet har rett til å påpeike brot på språklova. Å påpeike brot på reglane i språklova overfor eit statsorgan er uansett å uttrykkje ei tydeleg forventning om at organet korrigerer praksisen sin.

16 Språkrådet

16.1 Lovfesting av Språkrådet som tilsyns- og rettleiingsorgan

16.1.1 Gjeldande rett

Verksemda i Språkrådet er i dag forankra i vedtekter fastsette av Kulturdepartementet 6. april 2017.

Vedtektene slår fast at Språkrådet er statens fagorgan i språkspørsmål, administrativt underlagt Kulturdepartementet. Språkrådet er knytt til staten som eit ordinært forvaltningsorgan. Departementet har instruksjonsrett over Språkrådet. Kulturministeren står konstitusjonelt og parlamentarisk ansvarleg for verksemda.

Den øvste leiinga av Språkrådet er eit styre oppnemnt av departementet. Språkrådet har dermed ei eintydig forvaltningsmessig forankring.

Språkrådet har i dag lovpålagde oppgåver etter mållova og etter stadnamnlova. Det følgjer av forskrift om målbruk i offentleg teneste § 1 at tilsynsansvaret for gjennomføring av reglane om målbruk i offentleg teneste ligg hos departementet. I brev av 20. desember 1993 vart dette ansvaret delegert til Norsk språkråd for statsorgan under departementsnivå, saman med rettleiings- og informasjonsoppgåver. I brev av 19. desember 2014 vart tilsynsoppgåvene utvida til også å omfatte departementa. Desse oppgåvene må ikkje forvekslast med klagebehandling, jf. punkt 15.7.4.

I Prop. 65 L (2018–2019) Endringar i stadnamnlova (organisering av stadnamntenesta m.m.) får Språkrådet eit utvida samfunnsoppdrag, heimla i stadnamnlova. I proposisjonen føreslår departementet at Språkrådet skal bli det rådgjevingsapparatet som i stadnamnlova er omtala som «stadnamntenesta». Stadnamntenesta har som hovudfunksjon at ho skal gje kommunane og staten råd om skrivemåten av eit stadnamn før kommunen og staten tek det i bruk på dei namneobjekta dei rår over.

Språkrådet, slik det er organisert i dag som eit ordinært forvaltningsorgan, vart etablert 1. januar 2005, då det gamle Norsk språkråd vart avvikla og det nye Språkrådet oppretta. Verksemda i Norsk språkråd var forankra i lov. Lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd inneheldt formuleringar i § 1 som i dag er overførte til vedtektene, til dømes:

«Norsk språkråd skal verne om den kulturarv som norsk skriftspråk og talespråk representerer, […] fremme tiltak som kan øke kunnskapen om norsk språk […] gi myndighetene råd i språkspørsmål […] gi råd og rettledning til allmenheten […], fremme og delta i nordisk samarbeid osv.»

Då Språkrådet vart etablert i 2005, var ikkje departementet budd på å ta stilling til ny lovfesting av Språkrådet og korleis lova eventuelt burde innrettast som eiga lov eller som del av anna lovgjeving.

Språkrådet har i dag dei arbeidsfelta som er omtala over. Nokre av arbeidsfelta er lovfesta, andre kjem som konkrete oppdrag, andre går fram av vedtektene til Språkrådet.

16.1.2 Framlegget i høyringsutkastet

Departementet føreslo i høyringsnotatet å lovfeste oppgåvene til Språkrådet.

Vedtektene som i dag gjeld, ligg fast. Framlegget var avgrensa til å lovfeste dei funksjonane Språkrådet vil ha for oppfølging av konkrete paragrafar i lovframlegget. Sjølve organiseringa av verksemda med styre, fagråd, direktør osb. vart ikkje føreslått lovfesta.

Høyringsnotatet inneheldt ikkje framlegg om å innføre sanksjonar for brot på språklova.

16.1.3 Høyringa

Framlegget om å lovfeste mandatet og funksjonane til Språkrådet får brei støtte i høyringa.

41 høyringsinstansar er eksplisitt for lovfesting av Språkrådet. To instansar er imot (Bokmålsforbundet og Bokmålsforbundet Sunnmøre).

Det Norske Akademi for Språk og Litteratur uttalar:

«Ikke minst av historiske grunner er det i Norge naturlig at staten gjennom Stortinget, Kulturdepartementet og Språkrådet forvalter de offisielle skriftnormalene for bokmål og nynorsk, slik det er formulert i § 18 i forslaget til språklov.»

Riksmålsforbundet støttar lovfestinga av normeringsarbeidet til Språkrådet, men peikar på at ein del av ansvaret for rettskrivinga i bokmål og nynorsk er uklart formulert:

«Riksmålsforbundet ser positivt på lovfestingen av Språkrådets sentrale rolle. På et viktig punkt mener vi imidlertid at formuleringen i loven er uklar når det står at Språkrådet ‘forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk.’ Det går ikke tydelig nok frem hvor stor og selvstendig myndighet som ligger i ordet ‘forvaltar’ når det gjelder normering av rettskrivningen. I Språkrådets vedtekter står det følgende om normeringen: ‘Vedtak om gjennomgripande endringar eller systemendringar skal leggjast fram for departementet til godkjenning.’ En slik presisering bør også komme med i den aktuelle paragrafen for å sikre at de folkevalgte får siste ord i større rettskrivningsvedtak.»

Språkrådets arbeid med forvaltning av bokmål og nynorsk er òg avhengig av eit vitskapleg miljø for leksikalsk forsking. Universitetet i Bergen uttalar i samband med dette:

«Sidan normeringsfullmaktene etter §18 vil liggje hos Språkrådet, er det Språkrådet som skal ha ansvar for at innhaldet i dei to standardordbøkene (NOB og BOB) er i samsvar med offisiell normering. Derimot skal ikkje Språkrådet ha ansvar for produksjon og formidling av ordbøkene. Universitetet i Bergen har delt eigedomsrett til desse ordbøkene og har derfor teke på seg forskingsbaserte forvaltingsoppgåver i tilknyting til ordbøkene, slik som det pågåande revisjonsarbeidet. Universitetet i Bergen har stilt seg positivt til å konsolidere og vidareføre dette arbeidet.»

Sametinget støttar lovfesting av Språkrådet slik:

«Sametinget er også tilfredse med lovteksten i kapittel 2.23 som omhandler Språkrådet. Det slås fast at Språkrådet skal ha en veiledningsplikt overfor det offentlige når det gjelder samiske språk. Formålet med å stadfeste Språkrådets veiledningsplikt er å tydeliggjøre at Språkrådet som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål, også har ansvar for å fremme samiske språk som en del av den helhetlige språkpolitikken.»

Tendensen er at høyringsinstansane etterlyser meir kraft til Språkrådet, til dømes at dei får sanksjonsmiddel, og ein tydeleg ombodsfunksjon.

Norsk Målungdom uttalar:

«Det må vere Språkrådet som har ansvar for å sanksjonere mot lovbrot. Vi viser til likestillings- og diskrimineringslova § 36, der det er Direktoratet for forvalting og IKT (Difi), som har ansvar for å føre tilsyn med om krava til universell utforming av IKT blir følgde. Dei har i tillegg høve til å gi pålegg om retting og kan treffe vedtak om tvangsmulkt. Språkrådet har ein tilsvarande tilsynsfunksjon i språklova, og Norsk Målungdom meiner at dei også må ha tilsvarande rett til å sanksjonere.»

Statped uttalar:

«Det kan stilles spørsmål ved om det er tilstrekkelig at de offentlige organene selv skal sikre at de etterlever loven, uten at det fremmes forslag til mulige sanksjoner ved lovbrudd. Statped ser likevel at forslaget om å lovfeste Språkrådet som språkpolitisk virkemiddel og deres tilsyns- og veiledningsansvar er et viktig bidrag til å styrke arbeidet for god språkføring og etterlevelse av loven.»

Ålesund kommune skriv:

«Kommunen er glad for at språklova seier at Språkrådet er forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk. Ei slik lovfesting gjer det enklare å handheve krav til statsinstitusjonar.»

Litteraturselskapet Det Norske Samlaget uttalar:

«Litteraturselskapet stør ei lovfesting av mandatet til Språkrådet. Me meiner dessutan at det ansvaret Språkrådet allereie i dag har for fagspråk og terminologi, bør lovfestast. At Språkrådet blir lovfesta som forvaltningsorgan, må ikkje gi ei mindre fri stilling enn det organet har i dag som fagorgan. Departementet bør vurdera om Språkrådet bør få ei lovfesta fagleg uavhengig stilling. Som eit minimum må dette omtalast i proposisjonen.»

16.1.4 Departementets vurdering

Departementet står ved framlegget om å lovfeste oppgåvene til Språkrådet i ny lov.

Det offentlege har sjølv ansvar for å etterleve reglar i dei ulike lovene som regulerer verksemda. Generelt er det slik at statlege tilsyn og rettleiingsstyresmakter skal sikre at offentlege verksemder når nasjonale mål, sikre dei rettane som innbyggjarane har, og bidra til langsiktig læring. For at statlege tilsyn skal fungere etter føremålet, må rolla som tilsynet har, vere avklart og enkel å kommunisere. Departementet meiner at lovfesting av tilsynet med lova, og at dette er lagt til Språkrådet, gjer at det offentlege klart oppfattar at Språkrådet ikkje er ein av fleire sivile aktørar i det språkpolitiske arbeidet, men eit forvaltningsorgan med oppgåve å sikre at språklova blir etterlevd.

Høyringsnotatet inneheld ikkje framlegg til sanksjonar. Slike sanksjonar finst heller ikkje i gjeldande rett. I høyringa er det ei rekkje instansar som etterlyser sanksjonar. Departementet er klar over at det med ei ny lov er forventningar om betre etterleving av språkpolitikken.

Departementet held fast ved framlegget i høyringsnotatet og føreslår ikkje sanksjonar ved brot på språklova. Lova inneheld likevel reglar som skal bidra til å sikre etterleving. Språkrådet skal føre tilsyn med korleis statsorgan praktiserer og etterlever lova. Språkrådet skal òg gje god rettleiing til offentlege organ om korleis lova skal praktiserast. Framlegget til § 20 skal dessutan oppfattast som ei kontrollføresegn.

Ei god praktisering og etterleving av lova vil derfor vere avhengig av om offentlege organ har kunnskap om lova. Departementet legg til grunn at tilsyn med lova og god rettleiing vil bidra til at språklova blir etterlevd på ein god måte. Departementet vil derfor lage ein rettleiar for språkleg sektoransvar. Føremålet er å bidra til heilskapleg implementering av språkpolitikken.

På grunnlag av rettleiaren skal departementa og relevante statlege verksemder utarbeide språkplanar og -rutinar som sikrar at språklova blir etterlevd. I planane skal dei overordna prinsippa konkretiserast i sektorpolitikken.

Kulturdepartementet vil med jamne mellomrom og på høveleg måte rapportere til Stortinget på sentrale indikatorar som viser status for språksituasjonen i Noreg og resultata av den sektorovergripande språkpolitikken. Eit slikt rapporteringssystem vil verke disiplinerande for korleis organa etterlever reglane i språklova. Mange av tilsynsoppgåvene og rettleiingsfunksjonane som no blir føreslått lovfesta, har Språkrådet allereie i dag. Departementet meiner det er viktig for den gjensidige forståinga av roller og kompetanse mellom Språkrådet og andre delar av forvaltninga at oppgåvene står samla i ny språklov. Ei lovfesting synleggjer arbeidsfelta til Språkrådet utvitydig og sikrar legitimitet. Det er viktig for ein god dialog med samfunnet. Lovfesting er òg eit instrument for å styre verksemda i Språkrådet. Departementet opplever det som uheldig at berre flikar av verksemda i Språkrådet i dag er lovfesta, medan andre delar av verksemda går ut frå noko mindre stabile strukturar.

Departementet føreslår på denne bakgrunnen ei føresegn i § 19 Språkrådet som presenterer Språkrådet og slår fast at det er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. Språkrådet har ein overordna støttefunksjon i forvaltninga, forvaltar skriftnormalane for bokmål og nynorsk og er eit organ som skal sikre at staten følgjer den språkpolitikken som til kvar tid gjeld for staten, fastsett av Stortinget.

Departementet viser til at Språkrådet forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk, og at Språkrådet skal bidra til at autoritative rettskrivingsordbøker er tilgjengelege i papirbasert og elektronisk form.

I å «forvalte» dei offisielle skriftnormalane ligg det også eit ansvar for å sikre implementering av rettskrivinga. Dette inneber at Språkrådet skal gjere skriftnormalane i nynorsk og bokmål kjende i befolkninga, t.d. i skriveopplæringa. Det følgjer av opplæringslova § 9-4 fjerde ledd at ordlister og ordbøker til skulebruk skal godkjennast av Språkrådet. Ordbøker tyder her elektroniske oppslagsverk og oppslagsverk på papir som inneheld opplysningar om skrivemåte, bøying og ordklasse. Slike skuleordlister og -ordbøker kan vere i bruk i alle fag, til dømes på eksamen. Også i digitale læringsressursar kan det inngå ordlister. At ei ordliste eller ei ordbok til skulebruk er godkjend, tyder at Språkrådet går god for at oppslaga inneheld opplysningar om skrivemåte, bøying og ordklasse som følgjer offisiell rettskriving. Det følgjer av dette at ordbøker til skulebruk skal vise fram skriftnormalane i si fulle breidde, med alle valfrie former. Godkjenningsordninga for ordlister skal praktiserast slik at ho gjeld norskspråklege ordlister og ordbøker (ikkje til dømes tospråklege ordlister frå engelsk til norsk).

I framlegg til § 19 andre ledd føreslår departementet å lovfeste tilrådingsfunksjonen Språkrådet i dag har som følgje av at Språkrådet forvaltar offisiell rettskriving.

Framlegget vil gjere rundskriv V-9B/2016 Språkfaglige konsultasjonsrutiner for navnelaging i staten utdatert. Formuleringa i framlegget til føresegn i § 19 andre ledd inneber at statsorgan i rimeleg tid bør be Språkrådet om råd om skrivemåte før dei i samråd med overordna departement vedtek namn på statsorganet.

Tilrådinga frå Språkrådet etter framlegget til § 19 andre ledd skal sikre at statsorganet vedtek eit namn som er i samsvar med føresegna som regulerer namn på statsorgan. Det vil seie at namnet følgjer offisiell rettskriving, og at namnet på statsorganet er norsk. Språkrådet skal òg gje råd om namneskikk, altså om sjølve namnelaginga sikrar norsk språk på ein god måte, og vurdere om det er i tråd med klarspråksideala.

Departementet føreslår å vidareføre tilsynsansvaret med gjeldande mållovsreglar, men ikkje slik at tilsynet omfattar fylkeskommunar. Det kan gjerast ved at tilsynsansvaret Språkrådet vil få for reglar om bruk av bokmål og nynorsk, blir avgrensa til § 10 andre ledd og §§ 12 til 18. Etter framlegg til § 10 andre ledd skal namnet på statsorganet finnast på norsk, både nynorsk og bokmål, og følgje offisiell rettskriving. At namn på statsorgan skal finnast på nynorsk og bokmål, er ei vidareføring av innhaldet i gjeldande forskrift til mållova § 4. Departementet føreslår derfor at tilsynet som Språkrådet skal ha etter språklova, også gjeld tilsyn med forslag til § 10 andre ledd.

Når departementet gjer framlegg om å lovfeste Språkrådets rolle som tilsynsorgan i saker som gjeld bruk av bokmål og nynorsk etter språklova, legg ein samstundes til grunn at statsorgan har ei plikt til å rapportere til Språkrådet, både i samband med periodisk tilsyn og i enkeltsaker som Språkrådet følgjer opp på adhocbasis. Det heng altså nær saman med framlegget om ei opplysingsplikt.

Tilsynsansvaret kan innebere at Språkrådet uttalar seg i enkeltsaker som gjeld påståtte brot på språklova, og at Språkrådet kan be statsorgan gjere nærare greie for praksisen sin. Det vil vere nærliggjande at Språkrådet rettleiar private i korleis dei skal gå fram når dei vil levere klage etter språklova. Dersom private tek kontakt med Språkrådet om at statsorgan bryt reglane, og om bruk av bokmål og nynorsk i saker som ikkje vedkjem privatpersonen sjølv, kan Språkrådet uttale seg om saka og leggje førespurnaden til grunn i tilsynsarbeidet. Klagesaksbehandling i eigentleg forstand vil det i slike tilfelle ikkje vere tale om.

Kven som helst står fritt til å gjere dei organa som fell inn under reglane i språklova om bruk av bokmål og nynorsk, merksame på det dersom ein meiner at dei bryt reglane. Statsorgan og fylkeskommunar kan ikkje avvise dei som tek kontakt i slikt ærend, med at det ikkje er tale om ein «klage» i formell forstand.

I saker der nokon har meldt frå til eit statsorgan om brot på reglane om bruk av bokmål og nynorsk, står Språkrådet fritt til å velje om det vil prioritere å følgje opp saka eller ikkje, eventuelt korleis ein vil gjere det. I saker der nokon melder frå direkte til Språkrådet om det dei meiner er brot på dei same reglane, står Språkrådet òg fritt til å følgje opp saka som det meiner høver best, eller til å nedprioritere saka.

Departementet føreslår at Språkrådet får rettleiingsansvar overfor offentlege organ om alle reglane i språklova. I dette inngår det også at Språkrådet kan rettleie fylkeskommunane særskilt om reglane i §§ 13, 15 og 16. Språkrådet kan på eige initiativ eller etter førespurnad gje råd om korleis regelverket er å forstå.

I høyringa går til dømes Døvekyrkja inn for at Språkrådets arbeid for norsk teiknspråk må gå tydelegare fram av paragrafen.

«Paragrafen nevner bare Språkrådets ansvar for bokmål og nynorsk. Vi mener at Språkrådet bør få ombudsfunksjon for norsk tegnspråk.»

Departementet vil understreke at det tilsynsansvaret som Språkrådet skal ha, gjeld § 10 andre ledd og §§ 11 til 17. Dei nemnde paragrafane omfattar berre bokmål og nynorsk. Derimot gjeld framlegg til § 19 fjerde ledd at Språkrådet har rettleiingsansvar for §§ 1 til 11, der tilhøve som gjeld teiknspråk, er regulerte. Språkrådet vil etter dette til dømes rettleie det offentlege i kva beste praksis er for å fremje og verne norsk teiknspråk. Språkrådet vil kunne uttale seg rettleiande om praksis som strir mot § 1 andre ledd bokstav c, som skal sikre at offentlege organ tek ansvar for å fremje og verne norsk teiknspråk. Tilhøve som gjeld teiknspråk – og for den del alle språka som lova omfattar – vil vere ein del av det sektorovergripande ansvaret staten har i språkpolitiske spørsmål, jf. § 1.

Departementet viser til at framlegget om å lovfeste rettleiingsansvaret i praksis ikkje vil utvide arbeidsoppgåvene til Språkrådet, men gjere det tydeleg for omverda at Språkrådet har dette mandatet. Det vil i sin tur skape ei grenseflate mellom arbeidsoppgåvene til Språkrådet og det overordna ansvaret som kvart offentlege organ har for dei ulike språka i Noreg. Innhaldet i forslaget til §§ 1 til 11 er ikkje ei detaljregulering av offentleg ansvar for språk. Innhaldet i ansvaret og korleis dette ansvaret kan variere innanfor det offentlege, er nærare drøfta i punkt 12.1. Lovfesting av rettleiingsansvaret til Språkrådet vil vere med på å utvikle god regelverkspraksis. Til dømes vil Språkrådet i dialog med offentlege organ kunne utvikle gode modellar for korleis det offentlege kan fremje norsk teiknspråk, jf. framlegg til § 7.

Etter samelova er det Sametinget som skal arbeide for vern og vidare utvikling av samiske språk i Noreg. Det ligg til den samiske sjølvråderetten at Sametinget har fått dette ansvaret. Etterlevinga av samelova er dessutan eit ansvar som ligg på det enkelte organet. Rettleiingsplikta Språkrådet vil ha overfor det offentlege når det gjeld samiske spørsmål, jf. §§ 1 til 11, må karakteriserast som eit overordna nasjonalt ansvar for å påverke det offentlege til å leggje tilhøva til rette for at den samiske folkegruppa kan tryggje og utvikle samisk språk, kultur og samfunnsliv, jf. Grunnlova § 108. Slikt ansvar for å hevde samiske språkbrukarinteresser har Språkrådet også i dag, på den måten at det til dømes leverer høyringssvar til saker som gjeld samiske språk. Framlegget til rettleiingsansvar etter språklova vil ikkje vere ei utviding av arbeidsfeltet til Språkrådet, men gjere det tydeleg for aktuelle aktørar at Språkrådet som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål òg har ansvar for å fremje samiske språk som del av den heilskaplege språkpolitikken. Når det gjeld framlegg til klarspråksføresegn, vil Språkrådet ikkje kunne gå inn i konkret tekstarbeid på samiske språk. Framlegget til føresegn inneber heller ikkje at Språkrådet i framtida må rekruttere medarbeidarar med kompetanse i samiske språk.

Departementet legg til grunn at normeringskompetansen til Språkrådet i framtida skal vere om lag som i dag. Departementet vil likevel understreke at Språkrådet framover bør sende forslaga til rettskrivingsendringar på allmenn høyring, i tråd med prinsippa i utgreiingsinstruksen punkt 3-3.

16.2 Opplysningsplikt

16.2.1 Gjeldande rett

Språkrådet har i dag tilsyn med at statsorgana følgjer reglane i mållova. Dette ansvaret ligg etter målbruksforskrifta § 1 til departementet, men er delegert til Språkrådet.

I dag har ikkje statsorgana noka eksplisitt plikt til å rapportere til Språkrådet om bruken av bokmål og nynorsk. Dei aller fleste statsorgana som blir bedne om å rapportere til Språkrådet, gjer det (2017: 121 av 147; 2016: 132 av 157; 2015: 127 av 175). Erfaringa er at alle departementa rapporterer fast.

Som del av det periodiske tilsynet fører Språkrådet statistikk over korleis statsorgana etterlever regelverket. Statistikken er publisert på nettsidene til Språkrådet og kvantifiserer arbeidet med jamstilling av bokmål og nynorsk i staten.

Språkrådet. (2018). Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017.

Til dømes seier rapporten om målbruk for 2017 dette:

«Departementa rapporterte om berre 4 % nynorsk i sosiale medium i 2015. På bakgrunn av tala frå 2017 ser vi at bruken av nynorsk i denne kategorien no har stige til 14,4 %. Språkrådet meiner framgangen kan kome av betre informasjon om lovkrava blant dei tilsette i departementa. Dei aller fleste departementa nyttar både Facebook og Twitter. Bokmål er framleis dominerande, og mange nyttar dessutan heller engelsk enn nynorsk, men vi håpar den positive utviklinga vi ser no, held fram i åra som kjem.»

16.2.2 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet vart det føreslått ein paragraf om at statsorgan og fylkeskommunar skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynsarbeidet sitt.

Eitt alternativ som vart høyrt, var at fylkeskommunane ikkje skulle vere omfatta av opplysningsplikta, berre statsorgan.

16.2.3 Høyringa

Få høyringsinstansar kommenterer dette framlegget i høyringa. Dei som uttalar seg, er i hovudsak positive.

Universitetet i Stavanger uttala følgjande:

«UiS sluttar seg òg til framlegget om at statsorgan no eksplisitt vil bli plikta til å gi opplysningar til Språkrådet i tilsynsarbeidet, fordi dette vonleg vil føre til at fleire institusjonar i universitets- og høgskulesektoren rapporterer om målbruk og at det dermed vil gi betre samanlikningsgrunnlag.»

Høgskulen på Vestlandet uttala seg slik:

«Vi ser det som særs viktig at Språkrådet kan be statsorgan og fylkeskommunar om rapportar og opplysningar som eit ledd i deira tilsynsarbeid. Det kan bidra til å styrke Språkrådets rolle i og moglegheit for oppfølging av dei teiknspråklege arenaene som fylkeskommunane i dag har ansvar for.»

Kommunesektorens organisasjon (KS) uttala følgjande:

«KS mener primært at fylkeskommuner ikke skal omfattes av de samme bestemmelsene som gjelder for statsorgan. Hva gjelder rapporteringsplikt for fylkeskommunene, dersom forslaget likevel får gjennomslag, mener KS at fylkeskommunene skal bidra til at tilsynsorganer får utført sitt arbeid. Nye rapporteringsplikter vil nødvendigvis kreve tid og ressurser og fylkeskommunene må kompenseres for dette.»

16.2.4 Departementets vurdering

Departementet legg stor vekt på at det tilsynet Språkrådet har med språklova, skal vere effektivt. Statistikken er eit viktig middel til å sjå effekten av arbeidet med språkpolitikken.

Eit grunnlag for at Språkrådet skal kunne utføre reelt rettleiings-, tilsyns- og rådgjevingsarbeid, er at det kan innhente nødvendige opplysningar frå dei aktørane som har plikter etter lova. Ei eksplisitt plikt for statsorgan til å gje opplysningar til Språkrådet i tilsynsarbeidet kan både gje betre kjennskap til stoda og føre til at endå fleire statsorgan arbeider seriøst og målretta med å følgje reglane om bruk av bokmål og nynorsk i statsorgan.

Den teknologiske utviklinga sidan mållova vart førebudd, har ført til ei omfattande differensiering av dokumentformer og kommunikasjons- og publiseringsmåtar, og det gjer det i dag mindre opplagt enn før korleis ein mest føremålstenleg og effektivt skal registrere og måle den samla kvantitative fordelinga mellom bokmål og nynorsk i alt det dokumenttilfanget som kjem inn under vekslingskravet i lova.

Nærare spesifikasjonar av dette er det lite tenleg å fastsetje i lov, men Språkrådet har i oppdrag frå departementet å innrette tilsynet slik at det blir mest mogleg basert på automatisk innhenting av tilgjengeleg informasjon. Elles vil det vere opp til Språkrådet å vurdere kva det til kvar tid meiner er tenlege dokumentkategoriar å operere med i det periodiske tilsynet.

Departementet vidarefører framlegget om å leggje opplysningsplikt på dei organa som Språkrådet har tilsyn med. Regelen om opplysningsplikt blir vidareført slik at han ikkje omfattar fylkeskommunane.

17 Iverksetjing, overgangsreglar, endringar i andre lover

17.1 Iverksetjing og oppheving av mållova

Departementet gjer framlegg om at språklova skal ta til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Frå same tid vil lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste bli oppheva.

17.2 Overgangsreglar

Departementet gjer framlegg om at forskrifter og andre føresegner som er gjevne i medhald av mållova, skal gjelde vidare i den utstrekning innhaldet i dei er i samsvar med språklova.

Departementet tek sikte på å setje i gang arbeid med å revidere forskriftene eller fastsetje nye forskrifter i medhald av språklova når språklova er vedteken.

Når den nye språklova tek til å gjelde, blir det nødvendig å gjere mindre endringar i andre lover som i dag har tilvisingar til mållova.

18 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget til språklov er utforma slik at det ikkje skal påføre det offentlege eller andre samfunnsaktørar nemnande økonomiske og administrative byrder utover det som følgjer av gjeldande rett, medrekna folkerettslege plikter.

Føresegnene i §§ 1 til 11 inneber at det blir lovfesta ei generell plikt for det offentlege til å ta ulike språkpolitiske omsyn med i vurderinga i den ordinære verksemda. I stor grad vil føresegnene derfor vere oppfylte ved at det offentlege lèt vere å handle på ein måte som har språkpolitisk negative konsekvensar. Departementet legg til grunn at reglane i §§ 1 til 11 ikkje stiller krav som påfører det offentlege auka utgifter eller nemnande administrative byrder.

Føresegna i framlegget til § 9 om klart språk i det offentlege kan ha ein innsparande effekt. Ein «klarspråksparagraf» som krev forståelege tekstar frå det offentlege, kan aleine føre til spara kostnader og tidsbruk både for innbyggjarar og offentlege organ. Dei nye reglane vil ikkje påleggje organet plikt til å delta i prosjekt eller aktivitetar.

Føresegna i § 14 om at statsorgan skal gjere skjema og sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig, er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande mållov § 8 fjerde ledd om at «skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer».

Når språklova tek til å gjelde, er det ikkje meint at statsorgan skal påførast store kostnader som direkte følgje av lovvedtaket. Regelen i språklova om å gjere sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk er eit bidrag til at lovverket blir digitaliseringsvenleg. Regjeringa legg med dette til rette for bruk av digital kommunikasjon mellom det offentlege og borgarane. Digitaliseringa av det offentlege skal i seg sjølv gje betre tenester, meir effektiv ressursbruk og leggje til rette for produktivitetsauke i samfunnet. Denne utviklinga krev uansett ein språkleg infrastruktur på norsk for å fungere effektivt i det norske samfunnet.

Gjennomføring av språklova vil ikkje krevje nye investeringar i språkteknologi for statsorgan og fylkeskommunar. I den grad svar til enkeltpersonar frå offentlege organ blir genererte elektronisk etter § 15, til dømes ved bruk av skriftlege samtalerobotar, vil denne språkbrukssituasjonen på sikt kunne bli omfatta av regelen om svar til enkeltadressatar. Slike språkteknologisk utvikla robotar er i mindre grad operative på nynorsk i dag, men vi viser til det arbeidet som blir gjort med å leggje til rette for ein digital infrastruktur for bokmål og nynorsk i punkt 6. Målet må vere på sikt å kunne tilby slik kundebehandling på begge dei norske skriftspråka.

Regelen i § 16 første ledd om at statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her, vil ikkje gjere det nødvendig å tilsetje spesialkompetanse. Gjennomført grunnskule med undervisning i begge skriftspråk oppfyller kravet til skrivekompetanse i lova. Framlegget medfører ingen andre meirkostnader enn dei som kjem av å tilby tilsette tilleggsopplæring i bokmål og nynorsk dersom statsorgan og fylkeskommunen vurderer at det er nødvendig. Språkrådet held slike kurs kostnadsfritt for kursdeltakarane. Planmessig mengdetrening for dei tilsette i å bruke begge skriftspråk kan vurderast og vil vere tilstrekkeleg for å oppfylle reglane.

Departementet legg til grunn at tydeleggjeringa av klagereglane på feil som statsorgan har gjort, gjer at det kan kome noko fleire klagar med ny språklov enn det i dag gjer med mållova.

At arbeidsoppgåvene til Språkrådet blir lovfesta, inneber inga utviding av arbeidsoppgåvene Språkrådet har i dag. Lovframlegget får dermed berre den administrative konsekvensen at oppdraget til Språkrådet blir klargjort.

Språkrådet har allereie i dag i oppdrag å effektivisere tilsynet sitt med den gjeldande mållova ved å basere seg mest mogleg på automatisk innhenting av språkdata. Nasjonalbiblioteket utviklar på oppdrag frå Kulturdepartementet eit innhaustingsprogram for slik innsamling av data i samband med tilsynet i Språkrådet. Dette skjer i samarbeid med Språkrådet. Det medfører ingen kostnader for det offentlege at Språkrådet får tilsynet og rettleiingsansvaret sitt lovfesta, ettersom dette allereie er del av arbeidsoppgåvene til Språkrådet.

Tiltak, strategiar og prioriteringar som blir omtala, vil kunne bli gjennomførte innanfor dei gjeldande ressursrammene til dei departementa det gjeld.

Om økonomiske og administrative kostnader av utvida ansvar for fylkeskommunen

Når fylkeskommunar får plikter etter språklova, vil det medføre enkelte initialkostnader, dvs. kostnader i tidleg fase når reglane skal implementerast. Dette vil kunne gjelde i samband med opplæringstiltak, utvikling av malar på nynorsk og omsetjing av standardbrev til nynorsk, men som det går fram nedanfor, kan ikkje departementet sjå at desse utgiftene vil vere vesentlege. Eventuelle budsjettmessige konsekvensar vil elles på vanleg måte bli vurderte i dei årlege budsjettframlegga.

I den grad fylkeskommunen publiserer noko som skal gjevast ut på papir, kjem det ingen meirkostnader med å bruke to skriftspråk etter vekslingsregelen i § 13. Regelen inneber ikkje at eit dokument skal gjevast ut i to versjonar. Tvert imot skal regelen forståast slik at publisering av dokument i to versjonar ikkje er tilrådd. Som nemnt ovanfor trengst det ikkje spesialkompetanse for å skrive begge skriftspråk. Ettersom ein publikasjon ikkje må finnast i to versjonar, er det ingen meirkostnad med å publisere på nynorsk i staden for bokmål, ettersom talet på dokument ikkje aukar som konsekvens av tospråklegheita. Fylkeskommunen er ikkje omfatta av reglane i § 14 og må derfor ikkje ha sjølvbeteningstenester på begge skriftspråk, og det vil òg redusere dei økonomiske og administrative konsekvensane.

Når det gjeld regelen i § 15 første ledd, som seier at fylkeskommunen skal bruke nynorsk og bokmål i brev til enkeltadressatar og enkeltkommunar, krev dette mellom anna at fylkeskommunen har brevmalar på to skriftspråk. Ut frå høyringssvaret frå KS til forslaget om språklov, er det grunn til å tru at fylkeskommunar som har nynorskkommunar i tenestekrinsen, til dels allereie har brevmalar og standardformuleringar på nynorsk. KS skriv i høyringa at:

«Bokmåls-fylkeskommunene kommuniserer i praksis ofte på nynorsk med nynorskommuner og med private/firma som henvender seg på nynorsk. En del av fylkeskommunene har nynorsk som sin språkform, og praktiserer tilsvarende på bokmål».

Å opprette nye malar i eit saksbehandlingssystem vil ikkje føre med seg nemnande investeringskostnader. Når det gjeld omsetjing av eit standardbrev frå eitt skriftspråk til eit anna, kan Språkrådet yte hjelp gratis, og slikt arbeid med nye malar vil inngå i det oppdraget Språkrådet skal få av departementet.

Fylkeskommunane vil få nødvendig med tid til å førebu seg før lova trer i kraft.

Om hjelp frå Språkrådet

Departementet vil gje Språkrådet i oppdrag å utarbeide eit eige og kostnadsfritt kursopplegg for dei fylkeskommunane som ber om det.

Offentlege verksemder som etter lova har plikt til å bruke begge dei to norske skriftspråka, må syte for å byggje opp naudsynt skrivekompetanse. Med den obligatoriske opplæringa i både bokmål og nynorsk i den norske skulen kan det leggjast til grunn at mange medarbeidarar i verksemdene alt i utgangspunktet har ei grunnleggjande god meistring av begge skriftspråka. Ein type administrativ kostnad kan kome med at tilsette ikkje meistrar nynorsk og bokmål like godt sjølv om dei har hatt sidemålsopplæring i grunnopplæringa. Det inneber at skrivinga kan ta noko lengre tid og at det krevst større ressursar til retting og kontroll.

Staten har gjennom Språkrådet bygd opp ei lang rekkje gode og gratis tilgjengelege tenester og kunnskapsressursar særleg innretta mot tilsette i offentleg sektor. For opplæring i nynorsk omfattar dette e-læringskurset «Oi, på nynorsk?» (fritt tilgjengeleg på statens felles læringsplattform), ei lang rekkje relevante grammatikk- og rettskrivingsressursar og anna språkrettleiing på www.sprakradet.no, og dessutan ordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka (som er gratis tilgjengelege som nettressursar og som nedlastbar app, og som gjer detaljert greie for korrekte rettskrivingsformer i norsk).

Språkrådet har i tillegg ei rådgjevingsteneste som svarar på språkspørsmål og eit tilbod om nynorskkurs til offentlege verksemder. Språkrådets nynorskkurs baserer seg på arbeid med innsende tekstar frå kursdeltakarane og går over to separate kursdagar (med tekstarbeid frå deltakarane før kurset og mellom dei to dagane). Til saman vil kursopplegget då vere stipulert til tre dagsverk for kvar kursdeltakar. For verksemdene vil det vere naturleg å la kurs i nynorsk inngå i organisasjonens ordinære kompetanseutviklingsarbeid. Erfaringa er at nynorskkursa ikkje berre gjev verksemdene spesifikk kompetanse i dette eine skriftspråket, men at kursa bidreg til å styrkje den generelle skrivekompetansen i organisasjonen. Dette gjev også gevinstar for klarspråksarbeidet i organisasjonen, som bidreg til god tenesteyting og forvaltning. Dei er såleis ei svært god investering for alle verksemder som nyttar tilbodet. I tillegg til kursopplegga vil verksemdene bli oppmoda til å lage rutinar for koordinering av språkarbeidet og til å utarbeide relevante brevmalar på begge skriftspråka. Språkrådet vil kunne hjelpe fylkeskommunane med omsetjing av relevante brevmalar. Desse tiltaka vil gjere sakshandsaminga meir effektiv og i tillegg gje ei god kvalitetssikring av kommunikasjonen med borgarane.

19 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Til § 1 Føremål

Føresegna tilfører eit eksplisitt språksikringsperspektiv i norsk rett, både for norsk språk, men også for dei andre språka staten har ansvar for. Det å sikre språk vil i lova seie at offentlege organ skal sikre tilgang til språk, slik at særlege språksamfunn skal kunne bruke og møte sitt eller sine språk.

Første ledd første punktum slår fast det overordna målet med lova, som er å styrkje norsk språk på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Med «norsk» er meint både bokmål og nynorsk, i tale og skrift. Nemninga «norsk språk» omfattar også norsk talespråk generelt. Med «styrkje norsk» er meint at norsk språk skal auke i bruk, men ikkje på ein slik måte at norsk språk fortrengjer dei andre språka som lova femner om. Det er i posisjonen som samfunnsberande språk at språklova skal sikre at norsk språk aukar i bruk i Noreg. Det einaste språket som gjer at norsk språk er i ein utsett posisjon som samfunnsberande språk, er engelsk. Å auke norsk i bruk betyr derfor at lova skal verke for at norsk språk erobrar domene som engelsk dominerer i norsk samfunnsliv i dag, til dømes i den fagspråklege utviklinga og på språkteknologiske område. At norsk språk skal kunne nyttast på alle samfunnsområde, tyder til dømes at det skal sikrast at norsk språk ikkje manglar eit spesialisert ordtilfang, men held tritt med kunnskapsutviklinga i alle sektorar. Føremålet om å sikre norsk språk på alle bruksområde i Noreg er ei presisering av infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd: «Dei statlege styresmaktene skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.»

Første ledd andre punktum vidarefører innhaldet i mållova § 1, som sikrar at nynorsk og bokmål er godtekne og respekterte i bruk i det offentlege. Ettersom første ledd første punktum også slår fast at norsk språk skal nyttast på alle samfunnsområde og sikrast i alle delar av samfunnslivet, inneber ei vidareføring av likestillingsprinsippa frå mållova til språklova ei realitetsendring og ei utviding av verkeområdet for prinsippa om likestilling. Nynorsk og bokmål skal tolast i bruk i alle delar av samfunnslivet, ikkje berre i det offentlege. Dette inneber ikkje eit påbod om at begge skriftspråka skal brukast i konkrete situasjonar.

I andre ledd går det fram at offentlege organ har eit særleg ansvar for dei språka som lova femner om, og som dei særlege språksamfunna skal sikrast tilgang til. Det lovfestar samtidig at heile offentleg sektor har ansvar for språk. Det ligg ikkje til éin sektor å sikre norsk i bruk, til dømes kultursektoren. Ansvaret for språka er eit ansvar som ligg på alle sektorar i det offentlege. Ansvaret for språka som er nemnde i bokstav a, b og c, skal primært oppfyllast som eit ledd i arbeidet med andre oppgåver. I dette ligg det òg at det ansvaret eit konkret organ tek for eitt av språka i bokstav a, b og c, til dømes må kunne variere med kva som er samfunnsoppdraget til organet. Eit organ som forvaltar eit språkopplæringsoppdrag lokalt eller nasjonalt, kan setje i verk heilt andre tiltak enn eit organ som har som hovudverksemd å tilby transport.

I ordet «ansvar» ligg at eit offentleg organ må kunne svare for seg ved å gje opplysningar og gjere greie for korleis dei handterer ansvaret sitt.

I bokstav a skal offentlege organ ta ansvar for å «bruke, utvikle og styrkje» bokmål og nynorsk.

I formuleringa «bruke» norsk ligg det at språksikring av norsk etter første ledd berre kan skje gjennom aktiv bruk av bokmål og nynorsk. Kravet til bruk er det primære, men det betyr ikkje at norsk språk alltid må brukast. Norsk skal likevel vere det føretrekte språket. Plikta statsorgana og fylkeskommunane har til å sikre tilgang til bokmål og nynorsk, går fram av dei nærare bruksreglane i §§ 12 til 18.

Føresegna i § 1 andre ledd bokstav a slår også fast at ein del av føremålet med lova er å sikre at offentlege organ tek ansvar for å «utvikle norsk». Konkret har Språkrådet etter lova heimel til å normere bokmål og nynorsk, dvs. fastsetje kva som er offisiell rettskriving, jf. § 19 første ledd. Føresegnene i § 9 Klart språk og § 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk er støtteparagrafar til § 1 andre ledd bokstav a om å utvikle norsk språk. Desse føresegnene sikrar status og prestisje til norsk språk ved å tilføre påbod om språkleg kvalitet, ettersom markant dårleg språkleg kvalitet frå offentlege organ eller gjennomgåande avvik frå offisiell rettskriving er med på å bryte ned respekten for språket. I ansvaret for å «utvikle» bokmål og nynorsk ligg det også eit ansvar i offentlege organ for å sikre at terminologi blir utvikla på norsk.

I formuleringa «styrkje bokmål og nynorsk» ligg det at offentlege organ brukar bokmål og nynorsk som hovudspråk i sin sektor, og at norsk språk skal auke i bruk, jf. § 1 første ledd – i sektorar som er dominerte av engelsk.

Føresegna i bokstav b fastset ansvaret offentlege organ skal ta for å bruke, utvikle og styrkje samiske språk. Regelen er plassert i eige punkt, ettersom samiske språk har ei særstilling i norsk rett. Føresegna slår fast at det offentlege har ansvar for å bruke samisk i samsvar med føresegnene i kapittel 3 i samelova, og dermed at ansvaret offentlege organ har etter språklova, ikkje går vidare enn dette. Sametinget har det konkrete ansvaret for vern og utvikling av samiske språk. Dette følgjer av samelova § 3-12 og det samiske sjølvstyret i interne spørsmål. Formuleringa «utvikling» inneber mellom anna samisk språkrøkt og terminologiutviklingsarbeid. Å «styrkje» samiske språk tyder at det offentlege skal setje i verk tiltak for å auke bruken av samiske språk utover det som går fram av konkrete reglar i samelova. Ansvaret for å «bruke og styrkje» samiske språk inneber vidare at offentlege organ skal hindre at samiske språk møter negative sanksjonar.

Føresegna i bokstav c slår fast at offentlege organ skal «verne og fremje» dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. At det offentlege skal «fremje» nasjonale minoritetsspråk, utgjer eit ansvar for å setje i verk fleire positive tiltak for å auke bruken av kvensk, romani og romanes enn det som følgjer direkte av den europeiske regions- og minoritetsspråkpakta. Å fremje norsk teiknspråk omfattar å setje i verk positive tiltak for å sikre tilgang til norsk teiknspråk utover det som går fram av særlovgjevinga.

Paragraf 1 andre ledd bokstav c inneber òg at nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk må vernast mot negative sanksjonar.

Tredje ledd lovfestar eit prinsipp om å vurdere situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk spesielt – til dømes i politikkutvikling eller regelverkspraktisering som gjeld norsk språk. Føresegna slår fast at det er mindretalsposisjonen til nynorsk som utløyser eit spesielt behov for å fremje nynorsk. «Fremje» skal tolkast slik at det er pålagt det offentlege å auke bruken av nynorsk på ein måte som går vidare enn det som følgjer av særlovgjeving i §§ 12 til 18.

Til § 2 Definisjonar

Føresegna i bokstav a definerer dokumentomgrepet. Med dokument er meint ei logisk avgrensa informasjonsmengd som er lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande. Dokumentomgrepet er teknologinøytralt og omfattar alle typar skriftleg informasjon utan omsyn til korleis informasjonen er lagra. Ordlyden «eller liknande» klargjer at opprekninga ikkje er uttømmande. Opptak av menneskeleg tale fell utanfor dokumentdefinisjonen. Tekst som tener som grunnlag for opplesing ved hjelp av ei kunstig røyst, vil likevel vere omfatta.

Føresegna i bokstav b definerer kva allment tilgjengelege dokument er. Det er dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova, og som ikkje er stila til enkeltadressatar. Det gjeld dokumenttypar som typisk er tenkte for ei uavgrensa mengd mottakarar, til dømes alle nettekstar retta mot eit allment publikum, brosjyrar, informasjonstekstar, nyhendetekstar, stillingslysingar og pressemeldingar.

Dokument som fell inn under § 4-2 i forskrift 12. august 2016 nr. 974 om offentlige anskaffelser (anskaffelsesforskriften) vil ikkje bli rekna som «allment tilgjengelege dokument» etter bokstav b i lova her.

Føresegna i bokstav c definerer omgrepet statsorgan. Med statsorgan er meint alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt knytt til staten, jf. § 3 første ledd. Etter forskrift 18. mars 2004 nr. 532 er helseforetak å rekne som statsorgan etter lov om målbruk i offentleg teneste.

Føresegna i bokstav d definerer omgrepet offentlege organ. Med offentlege organ er meint statsorgan slik dei er definerte i bokstav c, og i tillegg alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt knytta til dei, jf. § 3 første ledd. Interkommunale samarbeid etter kommunelova kapittel 18 og 19 som ikkje er eit eige rettssubjekt, skal òg reknast som organ for kommunar og fylkeskommunar etter denne definisjonen.

Føresegna i bokstav e definerer omgrepet sentrale statsorgan. Med sentrale statsorgan er meint statsorgan med heile landet som tenestekrins.

Føresegna i bokstav f definerer omgrepet regionale statsorgan. Med regionale statsorgan er meint statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.

Til § 3 Verkeområde

Første ledd regulerer kva verksemder lova gjeld for, så lenge det ikkje er fastsett noko anna i særskilde paragrafar.

Reglane i § 3 første ledd første punktum med bokstavane a, b, c og d er identiske med reglane i offentleglova § 2 første ledd første punktum.

Verkeområdet for lova er i § 3 første ledd andre punktum avgrensa med det same materielle innhaldet som i offentleglova § 2 første ledd andre punktum. Føresegna fastset at dei sjølvstendige rettssubjekta som er nemnde i bokstav c og d, ikkje er omfatta av verkeområdet dersom organet hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private. Det avgjerande for om dette unntaket er relevant, er om det aktuelle rettssubjektet samla sett i hovudsak driv næringsverksemd i konkurranse med det private. Bakgrunnen for unntaket er ikkje at eit bestemt språk skal sjåast på som byrdefullt å bruke, men at det er ei konkurranseulempe for organet å vere omfatta av fleire regelverk enn dei verksemdene ein driv i konkurranse med.

Andre ledd regulerer kva verksemder reglane i §§ 12 til 18 ikkje gjeld for. Reglane i §§ 12 til 18 inneheld konkrete pliktreglar om bruk av bokmål og nynorsk i offentleg teneste. Samla er dei i hovudsak ei vidareføring av reglane i gjeldande mållov med forskrift. Tidlegare førearbeid er relevante så lenge dei vidarefører tilsvarande føresegner i mållova.

Andre ledd bokstav a slår fast at reglane i §§ 12 til 18 ikkje gjeld for kommunane og alle organ for ein kommune, til dømes eit kommunalt føretak, interkommunalt selskap etter IKS-lova eller kommunalt oppgåveselskap. Det same går også fram av gjeldande mållov, der kommunen ikkje er pliktsubjekt i det heile.

Andre ledd bokstav b fastset at pliktreglane i §§ 12 til 18 ikkje gjeld for sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigardel på over halvparten eller rett til å velje meir enn halvparten av alle medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet.

Andre ledd bokstav c slår vidare fast at §§ 12 til 18 heller ikkje gjeld for interkommunalt politisk råd etter kommunelova kapittel 18 eller kommunalt oppgåvefellesskap etter kommunelova kapittel 19, sjølv om ein eller fleire av deltakarene er ein fylkeskommune og samarbeidet ikkje er sjølvstendig rettssubjekt.

Etter andre ledd bokstav d gjeld føresegnene i §§ 12 til 18 ikkje for Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og andre organ for Stortinget. Føresegna svarar til § 2 første ledd bokstav a i gjeldande mållov. Ho svarar òg til offentleglova § 2 tredje ledd.

Tredje ledd er ei delvis vidareføring av gjeldande mållov i § 12 første ledd bokstav b og fastset at lova ikkje gjeld for internt saksarbeid. Interne saksdokument, til dømes interne notat, intranett og styredokument, fell utanom. Det same gjeld for møtebøker, protokollar, innstillingar til folkevalde og audiovisuelle hjelperåder. Paragrafen må sjåast i samanheng med § 2 bokstav b, som definerer allment tilgjengelege dokument.

Fjerde ledd vidarefører mållova § 2 andre ledd, slik at reglane i §§ 12 til 18 gjeld berre for den administrative delen av verksemda ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular, vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta. I domstolane er derfor skriving av rettslege avgjerder ikkje omfatta av reglane om bruk av bokmål og nynorsk i lova. Det same gjeld for gjeremål som politiet og påtalemakta har etter straffeprosesslova.

Femte ledd gjev departementet heimel til å gje forskrifter om at §§ 12 til 18 heilt eller delvis ikkje skal gjelde for organ og sjølvstendige rettssubjekt som elles ville vere omfatta av lova, og også til å fastsetje ny forskrift om val av skriftspråk i samband med eksamen ved statlege universitet og høgskular. Forskrift 7. juli 1987 nr. 4148 om målform i eksamensoppgåver held fram å gjelde så langt ho ikkje er i strid med lova her.

I tråd med vanleg praksis tyder «departementet» her det departementet som til kvar tid har forvaltningsansvaret for språklova.

Til § 4 Norsk språk

Første ledd lovfestar statusen til norsk språk som det nasjonale hovudspråket i Noreg. Med termen hovudspråk er det meint å uttrykkje reint deskriptivt at norsk språk er fleirtalsspråket og dermed det språket som alle i Noreg må meistre for å vere deltakarar i demokratiet. Nemninga «hovudspråket» skal også tolkast slik at når lova femner om andre språk enn norsk som ber adjektivet «nasjonal», betyr det likevel at norsk har ei unik rolle ved å vere hovudspråket. Nemninga hovudspråk skal også forståast normativt på den måten at dersom norsk språk i ein sektor eller på eit bruksområde ikkje lenger er det føretrekte språket, dvs. er fortrengt av engelsk, er dette i strid med føremålet med språklova, som er å styrkje norsk som samfunnsberande språk.

Andre ledd første punktum fastslår at bokmål og nynorsk er likeverdige språk. I denne føresegna er nemninga «språk» bruka, og ikkje «skriftspråk». Bokmål og nynorsk er her ikkje avgrensa til skriftspråk. Både bokmål og nynorsk er også talespråk. Sjølv om nynorsk i mindre grad enn bokmål har eit standardisert talemål i levande bruk, har det likevel ein viktig posisjon i media og som scenekunstspråk. Ein skal forstå føresegna slik at ikkje berre skal nynorsk og bokmål vere tillatne i bruk i alle delar av samfunnet; det skal leggjast til rette for bruk av nynorsk og bokmål i alle delar av samfunnet. Nynorsk som mindretalsspråk skal kunne brukast i heile landet, og det skal kunne brukast på alle saksfelt. Dette er ei utviding av gjeldande mållov, som fastset at jamstillingsprinsippet berre gjeld i det offentlege. Sjølv om private verksemder ikkje er pliktsubjekt i lova, ligg det i føresegna at når offentlege organ tek ansvar for språka, er dei føredøme for resten av samfunnet.

Andre leddandre punktum svarar i hovudsak til gjeldande mållov § 1 første punktum, men med framlegg om å endre nemningsbruken om bokmål og nynorsk frå målform til skriftspråk.

Til § 5 Samiske språk

Første ledd fastslår statusen til samiske språk i Noreg. Den særskilte stillinga som samiske språk har i nasjonalt lovverk, gjer at departementet tilrår termen «urfolksspråk» om den nasjonale statusen samiske språk har i Noreg.

Føresegna er ikkje meint å få rettslege konsekvensar utover det som allereie følgjer av gjeldande regulering av samisk språk.

Andre ledd svarar i hovudsak til formuleringane i Lov av 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (samelova) § 1-5. Føresegna fastsett at samisk og norsk er likeverdige språk, og at dei skal vere jamstilte språk etter nærare føresegner i samelova kapittel 3. Samelova kapittel 3 gjev borgarane språklege rettar i møte med ulike offentlege organ.

Til § 6 Nasjonale minoritetsspråk

Første ledd gjev kvensk, romani og romanes status som nasjonale minoritetsspråk i Noreg.

Dei nasjonale minoritetsspråka er språk som høyrer til ein nasjonal minoritet, og som er verna etter den europeiske pakta om regions- eller minoritetsspråk.

Føresegna slår fast det overordna utgangspunktet om å sikre både kvensk, romani og romanes som levande bruksspråk på eit visst nivå i Noreg. Det dreier seg både om å sikre ein viktig del av kulturgrunnlaget for dei nasjonale minoritetsgruppene sjølve og å yte eit norsk bidrag til å sikre språkmangfaldet i verda.

Andre ledd slår fast at kvensk, romani, romanes og norsk er likeverdige språklege uttrykk for kultur. I dette ligg det ikkje at kvensk, romani og romanes spelar ei likeverdig rolle i samfunnet med det norsk språk gjer. Norsk er altså hovudspråket i Noreg, jf. § 4 i språklova, og eit samfunnsberande forvaltningsspråk. Dei spelar heller ikkje same rolle som samiske språk til dømes gjer som forvaltningsspråk. Føresegna slår derimot fast at kvensk, romani og romanes har like stor verdi som bruksspråk og kulturarv som norsk har.

Til § 7 Norsk teiknspråk

Første ledd gjev norsk teiknspråk status som nasjonalt teiknspråk i Noreg. Nemninga «nasjonal» understrekar at teiknspråk ikkje er eitt felles, internasjonalt språk for ikkje-høyrande over heile verda, men at norsk teiknspråk er eit separat teiknspråk.

Andre ledd slår fast at norsk teiknspråk er likeverdig med norsk, både som kulturuttrykk og som språksystem. Norsk teiknspråk er ein del av den norske kulturarven og det språklege mangfaldet som det offentlege har ei plikt til å verne og fremje, jf. framlegg til § 1 andre ledd bokstav c.

Føresegna inneber ei styrka gjennomføring av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD). I artikkel 30 nr. 4 er det særskilt nemnt at personar med nedsett funksjonsevne «på lik linje med andre skal ha rett til anerkjennelse av og støtte til sin spesielle kulturelle og språklige identitet, herunder tegnspråk og døvekultur».

Til § 8 Skandinaviske språk

Føresegna inneber at alle som tek kontakt med det offentlege, skal ha ein rett til sjølve å nytte dansk eller svensk når dei tek kontakt, men at det offentlege på si side kan svare på norsk. Føresegna gjeld både munnleg og skriftleg kontakt.

Dansk og svensk er saman med norsk med på å definere den nordiske språkfellesskapen. Ein kan forvente at det offentlege Noreg forstår dansk og svensk så godt at desse språka kan brukast i kontakt med norsk forvaltning. Det er også å forvente at danskar og svenskar forstår eit svar på norsk. At dei skandinaviske språka kan brukast om kvarandre i slik kommunikasjon, er med på tryggje stillinga til norsk språk fordi det gjer at norsk forvaltning ikkje må byte til engelsk i kontakt med utanlandske borgarar.

Til § 9 Klart språk

Paragrafen skal sikre god kvalitet i det språket som kjem frå offentlege organ. Høg språkleg kvalitet er med på å tryggje stillinga til og respekten for eit språk.

Ansvaret for klar kommunikasjon omfattar her dei språka som det offentlege har plikt til å bruke, altså bokmål og nynorsk, jf. språklova, og samiske språk, jf. samelova. Klarspråksideala gjeld òg når offentlege organ brukar andre språk enn bokmål, nynorsk og samiske språk.

Plikta til å bruke klart språk er ikkje ei rettsleg plikt som ein i prinsippet kan få prøvd av domstolar. Regelen er eit generelt krav om å kvalitetssikre språket.

Paragrafen lovfestar eit ansvar for å kommunisere klart og språkleg korrekt på ein måte som er tilpassa mottakaren. Kommunikasjon omfattar òg bruk av til dømes grafiske element og illustrasjonar for å få fram ein bodskap.

At språket skal vere «klart», tyder at det er god struktur og samanheng i teksten, at det er god samanheng mellom tekst og eventuelle illustrasjonar, at setningane heng saman og at vanskelege ord er forklarte. Eit dokument som er klart skrive, blir forstått av mottakaren utan at han må lese dokumentet mange gonger eller er nøydd til å bruke hjelpemiddel. Klart språk treng ikkje vere unyansert eller fritt for fagord. Føremålet og målgruppa avgjer.

At språket skal vere «korrekt», tyder at offentlege organ må rette seg etter kravet i § 10 om den offisielle rettskrivinga for norsk slik ho er forvalta av Språkrådet, jf. § 19 første ledd. § 9 skal òg hindre at offentlege organ bryt med rettskrivinga i andre språk enn norsk (særleg samisk).

At språket skal vere «tilpassa målgruppa», tyder at offentlege organ må ordleggje seg annleis når dei vender seg til vanlege privatpersonar, særleg mindreårige, enn når dei skriv til juristar og andre sakshandsamarar eller ekspertar. Det er ekstra viktig at informasjons- og rettleiingsmateriell om regelverk er språkleg tilpassa målgruppa. Merk at kravet om tilpassing til målgruppa ikkje inneber plikt til å byte ut norsk med andre språk. Samiske språk skal brukast etter reglane i samelova.

Til § 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk

Første ledd første punktum fastset at offentlege organ skal bruke offisiell rettskriving når dei brukar norsk etter reglane i lova. Eit formelt korrekt norsk språk er ein del av ein språkleg kvalitetsstandard. Høg språkleg kvalitet i tekstar som kjem frå offentlege organ, er med på å tryggje stillinga til og respekten for norsk språk. Det skal stillast like høge formelle krav til tekstar på nynorsk som til tekstar på bokmål.

Med offisiell rettskriving er meint både reglar for staving og bøying av ord og formelle skrivereglar om teiknsetjing, bruk av store og små bokstavar, bruk av tal og siffer osb. Reglane for staving og bøying er ulike for bokmål og nynorsk, medan dei formelle skrivereglane er felles for dei to skriftspråka.

At eit offentleg organ følgjer offisiell rettskriving, er avhengig av språkleg kompetanse hos dei tilsette. Når eit offentleg organ er gjort merksam på at det har gjort formelle språkfeil, skal det ta grep for ikkje å gjere feila opp att. Feil i nettbaserte dokument bør rettast snarast råd dersom dokumenta skal vere tilgjengelege i lengre tid.

Dersom det i somme tekstar er særlege stilistiske behov som gjer seg gjeldande, kan det likevel gjerast unntak frå offisiell rettskriving for ord og uttrykk i tekstar. Medvitne brot på offisiell rettskriving skal vere grunngjevne ut frå eit reelt behov for å nytte unormerte skrivemåtar.

Andre ledd slår fast at statsorgan skal ha namn som finst på norsk. Regelen inneber at namnet skal finnast på norsk, i tråd med at norsk er nasjonalt hovudspråk, jf. § 4. At namnet skal finnast på norsk, er ikkje til hinder for at statsorgan har namn på engelsk og andre framandspråk i tillegg. Det norske namnet skal brukast som hovudform i norsk samanheng og finnast på både bokmål og nynorsk. Regelen om at namnet skal finnast på nynorsk og bokmål, er ei vidareføring av § 4 i forskrift om målbruk i offentleg teneste, som krev at statsorgan har organisasjonsnamn på bokmål og nynorsk dersom det ikkje høver med same namneforma på begge skriftspråk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.

Ikkje berre det øvste organisasjonsleddet i statsorgan skal ha namn på både bokmål og nynorsk. Kravet gjeld òg namn og nemningar på regionale organisasjonsledd, avdelingar, seksjonar, nemnder, utval og andre organisatoriske einingar. Føresegna er ikkje til hinder for å registrere eitt hovudnamn i føretaksregistreringa.

Det er i ein konkret situasjon Språkrådet som avgjer om eit namn følgjer offisiell rettskriving eller ikkje, jf. framlegg til § 19.

Språkrådet har heimel i § 19 andre ledd til å gje å råd om namneskikk, dvs. om namnet er eit godt namn etter norske namnelagingsreglar.

For å oppfylle krava til klart språk, jf. § 9, vil det vere rett å krevje at namnet til eit statsorgan er lett å forstå og kommuniserer klart med publikum. I slike situasjonar vil det oftast vere eit godt prinsipp å velje eit namn som beskriv kva statsorganet eller verksemda er eller driv med. Det vil ikkje vere i strid med føresegna i § 10 andre ledd å velje eit særprega ord eller namn på statsorganet eller verksemda, ettersom dette ikkje står i motsetnad til at namnet er skrive på norsk og følgjer offisiell rettskriving.

Til §11 Kommunale og fylkeskommunale språkvedtak

Paragrafen vidarefører i første ledd det materielle innhaldet i mållova § 5 med ei språkleg endring frå «målvedtak» til «språkvedtak».

Språkvedtak etter første ledd er, som etter dagens mållov, ikkje det same som eit administrativt vedtak om kva språk kommunen eller fylkeskommunen sjølv skal bruke.

Andre ledd klargjer at språkvedtak skal meldast til Språkrådet som statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. Språkrådet har ansvar for å gjere vedtaka kjende, slik det i dag går fram av forskrift om målbruk i offentleg teneste § 8 første og andre ledd. Ordninga med fastsetjing av eiga forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar blir også vidareført.

Til § 12 Fleirtalsspråk

Prinsippet om «fleirtalsmålform» i mållova § 7 er vidareført i språklova § 12. Reglar om fleirtalsspråk er til for at kommunale språkvedtak etter § 11 skal få verknad for det skriftspråket regionale statsorgan brukar i allment tilgjengelege dokument i tenestekrinsen sin. Dette sikrar tilgang til nynorsk som mindretalsspråk for eit allment publikum, slik eitt av føremåla med lova er. Sjølv om prinsippa om at eit regionalt statsorgan kan ha eit fleirtalsspråk, er vidareførde, er reglane for utrekning av fleirtalsspråk endra.

Føresegna i § 12 første punktum gjev reglar for den nye utrekningsmåten. Det krevst eit reint fleirtal av kommunar som har gjort same språkvedtak, for at det skal finnast eit fleirtalsspråk i ein tenestekrins eller eit geografisk område som omfattar fleire kommunar.

I andre punktum fastset paragrafen at eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Regelen er ikkje avgrensa til å gjelde utvalde dokumenttypar. Der det ikkje følgjer noko anna av andre reglar, skal det regionale statsorganet bruke fleirtalsspråket i alle dokument. Det vil seie at når det regionale statsorganet t.d. skriv til andre regionale statsorgan eller til sentrale statsorgan, skal ikkje det regionale statsorganet byte til eit anna skriftspråk. Dette følgjer i dag av reglane i forskrift om målbruk i offentlege teneste § 5 andre ledd fjerde punktum.

Tredje punktum slår fast at eit regionalt statsorgan kan vere utan fleirtalsspråk. I desse tilfella skal det regionale statsorganet reknast som språkleg nøytralt. Dei reglane som gjeld for språkleg nøytrale regionale statsorgan, går fram av § 13 andre ledd.

Til § 13 Veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument

Fleire av føresegnene i paragrafen er i hovudsak vidareføring av tilsvarande føresegner i mållova § 8, og førearbeida til mållova vil framleis vere relevante.

Veksling vil seie at organet skriv nokre tekstar på nynorsk, nokre på bokmål. Til skilnad frå reglane om parallell bruk av bokmål og nynorsk i § 14, inneber reglane om veksling at same tekst ikkje skal føreliggje i to språkversjonar. I ein dokumentkategori, til dømes i nyhendetekstar, inneber ein 25-prosentsregel at organet publiserer minst ein fjerdedel av tekstane på nynorsk eller bokmål. Føresegna gjeld allment tilgjengelege dokument. Veksling mellom skriftspråka sikrar eit allment publikum tilgang til begge dei norske skriftspråka, slik føremålet med lova er.

I første ledd første punktum er kvotekravet for sentrale statsorgan lovfesta til 25 prosent, noko som i dag følgjer av forskrift om målbruk i offentleg teneste § 6 første ledd.

Første ledd andre punktum inneber at i allment tilgjengelege dokument skal regionale statsorgan bruke anten berre bokmål eller berre nynorsk, slik det går fram av regelen i § 12 første ledd første punktum om fleirtalsspråk.

I andre leddførste punktum er det vidareført frå mållova § 8 andre ledd andre punktum at vekslingskravet òg gjeld for regionale statsorgan. Samstundes er det presisert i andre ledd andre punktum eit 25-prosentskrav for språkleg nøytrale tenestekrinsar, der minst ein fjerdedel av kommunane har gjort same språkvedtak.

Andre ledd tredje punktum slår fast kva reglar som gjeld dersom minst éin kommune, men færre enn ein fjerdedel av kommunane i ein språkleg nøytral tenestekrins, har gjort vedtak om å krevje nynorsk. Regelen er eksplisitt utforma for å sikre at nynorsk som mindretalsspråk ikkje blir ytterlegare marginalisert i ein språkleg nøytral region.

Reglane i tredje ledd inneber at alle statsorgan skal bruke fleirtalsspråket som kommunane i eit avgrensa geografisk område har, dersom det er eit fleirtalspråk innanfor området. Dersom kommunane i det avgrensa geografiske området har eit anna fleirtalsspråk enn eit regionalt statsorgan, skal det regionale statsorganet bruke dette fleirtalsspråket, ikkje sitt eige fleirtalsspråk. Også i desse tilfella er det tale om fleirtalsspråk etter oppteljing av talet på kommunar i det aktuelle området.

I fjerde ledd blir det gjeve ein ny regel jamført med vekslingsregelverket i mållova. Føresegna innfører ei plikt for nøytrale fylkeskommunar til å veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengeleg dokument slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei to skriftspråka. Regelen tek utgangspunkt i at ein fylkeskommune som har valt å gjere eit vedtak om å vere språknøytral, eller som manglar eit slikt vedtak og dermed blir språknøytral etter § 11 i lova, pliktar å veksle mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Fylkeskommunen fastset sjølv kva som er eit rimeleg samhøve for veksling i sin tenestekrins. Vi viser til dei generelle merknadene i punkt 15.3.4.

Til § 14 Parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan

Første ledd vidarefører innhaldet i mållova § 8 fjerde ledd om at skjema, anten det er elektronisk eller papirbasert, skal liggje føre og vere tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk, men med somme endringar.

Føresegna gjeld berre for statsorgan, slik reglane i dag er i mållova. Sjølv om fylkeskommunane har nokre utvida pliktar samanalikna med dagens mållov, har ikkje fylkeskommunane plikt til å ha denne typen tenester eller dokument på begge skriftspråk.

Ordet «skjema» frå regelen i mållova § 8 fjerde ledd blir vidareført, samtidig med at det nye omgrepet «sjølvbeteningstenester» blir innført for å reflektere realiteten i dagens offentlege forvaltning, der digitale skjema og papirskjema i aukande grad blir erstatta med språkteknologisk baserte, interaktive løysingar. Skjema er å rekne som ei sjølvbeteningsteneste i formuleringa «skjema og andre sjølvbeteningstenester». Omgrepet «sjølvbeteningstenester» er meint å vere teknologinøytralt, og skal omfatte både elektroniske søkjestiar, ulike digitale sjølvbeteningsløysingar, men også tradisjonelle papirskjema og elektroniske versjonar av papirskjema. Dersom allmenne høyringar frå eit statsorgan med framlegg til politiske vedtak er tilrettelagde som utfyllingar av digitale skjema, vil dei vere å rekne som sjølvbeteningstenester.

Andre ledd vidarefører mållova § 6 første ledd tredje punktum med somme språklege endringar. Føresegna slår fast at statsorgan skal innfri krav frå private rettssubjekt om å få alle løyve og faste formular som direkte gjeld rettssubjektet, på bokmål eller nynorsk. Dokumenta det er tale om her, er nødvendige for at private rettssubjekt kan legitimere seg som borgarar eller etterleve plikter og krevje sine rettar som det. Som døme kan nemnast skattekort, førarkort, attestar, pass, konsesjonar, vitnemål, tilsetjingsbrev, førelegg osv. Parallell tekst på bokmål og nynorsk oppfyller kravet.

Tredje ledd slår fast at prinsippet som kjem til uttrykk i opplæringslova § 9-4 første ledd om at læremiddel på bokmål skal vere tilgjengelege til same tid på nynorsk, òg gjeld når statsorgan lagar dokument særskilt til bruk i skulen. Regelen skal sikre tilgang til nynorsk fagspråk for elevar med nynorsk som hovudmål når statsorgana står som utgjevar av dokument som blir bruka i undervisninga. Føresegna er ei skjerping av gjeldande kan-regel i mållova § 8 tredje ledd, som gjer det opp til statsorganet å vurdere om allment tilgjengeleg tilfang kan gjevast ut i parallellutgåver.

Til § 15 Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

Første ledd vidarefører og presiserer, med somme språklege endringar, mållova § 6 første ledd første punktum, men utvida til også å gjelde fylkeskommunen. Føresegna må forståast slik at det private rettssubjektet har ein rett til å få svar på bokmål eller nynorsk, i tråd med kva skriftspråk den private sjølv skreiv til statsorganet eller fylkeskommunen på. Dersom ein ikkje kjenner språkønsket til vedkomande, står statsorganet og fylkeskommunen fritt i val av skriftspråk. Gjeld det til dømes skriv til ein organisasjon som arbeider for å fremje nynorsk eller bokmål, er også plikta klar.

I SMS-tenester, særleg i pasientinnkalling og liknande, der timen gjerne blir sett opp utan føregåande skriftleg korrespondanse, er det ikkje krav om eit visst skriftspråk i skriv til enkeltadressatar. Det er på sikt eit mål at til dømes skriftlege samtalerobotar skal kunne gje svar på begge skriftspråk, men det finst i dag ikkje tilfredsstillande teknologiske løysingar på nynorsk for dette. Føresegna krev derfor ikkje at fylkeskommunen må bruke både bokmål og nynorsk i desse typar kommunikasjon med private rettssubjekt. Dokument frå fylkeskommunen, som er retta mot eit privat rettssubjekt, men som er automatisk generert til mange rettssubjekt på same tid, til dømes på bakgrunn av rettssubjekta si adresse i fylket eller anna, er ikkje omfatta av føresegna. Det same gjeld automatisk genererte svar frå fylkeskommunen sitt postmottak om et eit brev eller liknande er motteke.

Føresegna i andre ledd inneber at ein kommune og ein fylkeskommune skal få svar frå statsorgan og fylkeskommunen på det skriftspråket kommunen eller fylkeskommunen har gjort vedtak om etter § 11, og som er fastsett i forskrift om språkvedtak i kommunar og fylkeskommunar. Dette gjeld også dersom det andre skriftspråket faktisk vart nytta i skrivet til statsorganet eller fylkeskommunen. Andre ledd gjeld òg situasjonar der statsorgan og fylkeskommunar skriv til kommunar eller fylkeskommunar av eige tiltak og på den måten innleier korrespondansen. Også i denne føresegna får fylkeskommunen ei ny plikt til å bruke bokmål og nynorsk slik mottakarkommunen har kravt. Dersom ein fylkeskommune skriv til fleire kommunar som har ulikt skriftspråk, så kan fylkeskommunen sjølv velje kva for skriftspråk han vil bruke.

Til § 16 Krav til skrivekompetanse

Føresegna i første ledd vidarefører gjeldande rett på den måten at prinsippet i forskrift om målbruk i offentleg teneste § 1 andre ledd blir lovfesta. Forskrifta til mållova § 1 slår her fast at kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde. Innhaldet i denne forskriftsregelen blir løfta inn i språklova § 16 første ledd. Ansvaret for at eit statsorgan og ein fylkeskommune følgjer reglane om bruk av bokmål og nynorsk i språklova, ligg på organet sjølv. Statsorgan og fylkeskommunar har etter regelen plikt til å byggje opp og vedlikehalde den skrivekompetansen i bokmål og nynorsk som må til for å følgje dei reglane som det konkrete organet skal etterleve. Regelen er fleksibel på den måten at han gjer kravet til skrivekompetanse avhengig av kva som er nødvendig for å oppfylle reglane.

Andre ledd første punktum er ei presisering av styringsretten til arbeidsgjevar. For at statsorganet og fylkeskommunen skal kunne oppfylle reglane etter § 16 første ledd, skal dei kunne krevje at ein tilsett skriv både bokmål og nynorsk. Andre ledd vidarefører delvis innhaldet i mållova § 4, men med den materielle endringa at brot på reglane om bruk av bokmål og nynorsk ikkje lenger er å rekne som brot på tenesteplikter. I dette ligg det at brot på reglane om bruk av bokmål og nynorsk ikkje lenger skal kunne møtast med sanksjonar etter statstilsettelova, slik reglane i prinsippet opnar for i mållova § 4. I praksis er endringa frå gjeldande rett svært lita, ettersom dei tilsette vil måtte rette seg etter krav frå arbeidsgjevar om å skrive både bokmål og nynorsk når føremålet er å etterleve reglane i lova.

Å bruke bokmål og nynorsk etter lova skal ikkje reknast som spesialkompetanse, men byggjer på ein føresetnad om ein grunnkompetanse som igjen har sin basis i skriftleg sidemålsundervisning etter opplæringslova.

Andre ledd andre punktum set opp ein unntaksregel. Unntaket signaliserer at gjennomført sidemålsopplæring er eit sakleg kvalifikasjonskrav. Tilsette som ikkje har gjennomført slik opplæring, vil vere fritekne for krav frå arbeidsgjevar etter første punktum.

I tredje ledd er det ei føresegn om at departementet kan gje forskrift om særlege unntak frå andre ledd første punktum, som fastset at statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk.

Til § 17 Klagerett

Føresegna gjev klagerett til private rettssubjekt på feil som statsorgan har gjort.

Første ledd første punktum slår fast ein rett for det private rettssubjektet til å klage på den feilen som er gjord når eit statsorgan ikkje har bruka det skriftspråket som det private rettssubjektet har rett til å få i løyve og faste formular, jf. § 14 andre ledd.

Dersom eit dokument som er nemnt i § 14 andre ledd, blir utferda på eit anna skriftspråk enn det det private rettssubjektet har kravt, har klagaren rett til å få dokumentet utferda på nytt. Denne regelen gjeld også dersom eit dokument etter intensjonen til dømes er utferda på nynorsk, men inneheld systematiske avvik frå offisiell rettskriving på ein slik måte at det inneheld bokmål. I slike tilfelle skal dokumentet utferdast på nytt dersom klagaren krev det.

Det følgjer av første ledd andre punktum at den praktiske framgangsmåten i samband med klage etter språklova § 17 vil vere at klagaren set fram klagen direkte for det statsorganet ein meiner har brote reglar i språklova om bruk av bokmål og nynorsk, jf. forvaltningslova § 31. Det overordna organet, typisk eit departement, vil ikkje få saka til behandling dersom saka løyser seg i samband med kontakten mellom klagaren og det underordna organet, eventuelt òg Språkrådet. Språkrådet er ikkje klageinstans, men kan rettleie i korleis regelverket er å forstå.

Til § 18 Påpeiking av feil bruk av språk hos statsorgan

Paragrafen presiserer at språkorganisasjonar kan påpeike feil dersom dei meiner at eit statsorgan bryt §§ 14 eller 15 i språklova. Føresegna er i innhald ei vidareføring av gjeldande § 9 første ledd andre punktum i mållova, der språkorganisasjonar er gjevne ein vidtgåande påpeikingsrett som ikkje er bunden til om saka vedkjem dei sjølve. Regelen omfattar også høvet til å ta opp prinsipielle spørsmål. I språklova blir klageomgrepet berre bruka om mishald av § 14 andre ledd, som berre gjeld for statsorgan.

Føresegna i § 18 er til for å styrkje rettskjensla på området og å gje språkorganisasjonar ein klar heimel til å vende seg til organ som ikkje følgjer regelverket. Føresegna skal sjåast på som eit tiltak i lova som er der for å justere praksis som ikkje er i tråd med lova, til dømes brot på det vekslingsregelverket som sikrar allmenn tilgang til også mindretalsspråket, nynorsk, men som ikkje er til for å oppfylle individuelle språkrettar. I føresegna ligg det ei forventning om at statsorgan og dei overordna organa tek slike førespurnader på alvor og gjev dei ei reell saksbehandling. Også andre enn språkorganisasjonar har rett til å påpeike feil, men føresegna må sjåast i lys av at språkorganisasjonane har ei viktig rolle i språksamfunnet.

Til § 19 Språkrådet

Føresegna gjev Språkrådet ansvar, mynde og oppgåver. Ansvaret, myndet og oppgåvene som Språkrådet har, blir direkte knytte til reglane om det særlege ansvaret offentlege organ har for språka som lova femner om, og til dei meir spesifikke reglane i §§ 11 til 18.

Første ledd fastset at Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål. I det ligg at Språkrådet er eit ordinært forvaltningsorgan med eit spesialisert oppdrag om å bidra til at staten oppnår språkpolitiske mål. Språkrådet er eit sentralt statsorgan etter definisjonen i § 2 e i lova her. Departementet fastset vedtekter og mål for Språkrådet.

I formuleringa om at Språkrådet «forvaltar» skriftnormalane, ligg det at det er overlate til departementets skjønn kva fullmakter Språkrådet skal få i normeringsspørsmål. Språkrådets fullmakter i normeringssaker er i dag regulerte i § 3 i Språkrådets vedtekter. Språkrådet har også oppgåver etter andre lover, t.d. opplæringslova § 9-4, som omtala i dei generelle merknadene under punkt 16.1.4.

Andre ledd gjev Språkrådet heimel til å gje råd når eit nytt statsorgan skal ha namn eller når eit etablert statsorgan skal endre namn. Språkrådet skal ta stilling kva namn som kan seiast å vere norsk og om skrivemåten av namnet er innanfor offisiell rettskriving, jf. § 10. For at Språkrådet skal kunne gje råd om skrivemåte og namneskikk, skal statsorganet, for å etterleve § 10, ta kontakt med Språkrådet før vedtak.

Andre ledd inneber òg at Språkrådet på eige initiativ kan ta kontakt med statsorgan, medrekna departement og andre overordna organ, i samband med namnesaker.

Tredje ledd er ei lovfesting av dagens mållovstilsyn. Tilsynsansvaret ligg i dag til departementet, jf. forskrift om målbruk i offentleg teneste § 1 første ledd, men har sidan 1993 vore delegert til Språkrådet. Det er opp til Språkrådet korleis tilsynet skal leggjast opp. Språkrådet kan både føre regelmessig tilsyn med alle statsorgan og tilsyn på adhocbasis med enkeltståande statsorgan dersom det er behov for det. Tilsyn kan setjast i verk anten på bakgrunn av observasjonar frå Språkrådet eller allmenta, eller i samband med oppfølging av klagar som Språkrådet har fått kjennskap til.

Fjerde ledd fastset at Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i lova. Språkrådets ansvar er å rettleie offentlege organ om korleis organa best kan oppfylle pliktene sine etter lova. Det er organet sjølv som har ansvaret for å etterleve reglane. Språkrådet har heimel til, på eige initiativ eller på førespurnad frå organet, å gje råd og informasjon om korleis reglane i lova bør følgjast opp i praksis.

Til § 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet

For at Språkrådet skal bli best mogleg rusta til å følgje opp reglane om bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan, vil statsorgan etter § 19 ha plikt til å gje Språkrådet rapportar og opplysningar etter førespurnad. Departementet legg til grunn at omfanget av slike førespurnader blir halde innanfor det rimelege, og at omfanget av rapportar frå statsorgan blir halde innanfor det statsorgana kan få fram med nokså enkle grep. Departementet legg like fullt til grunn at statsorgana i si vanlege verksemd er merksame på at språkbruksreglane for statsorgan skal følgjast, og at dei syter for at opplysningar om bruk av bokmål og nynorsk enkelt og raskt kan gjerast tilgjengelege for Språkrådet.

Til § 21 Iverksetjing og overgangsreglar

Etter første ledd gjeld lova frå den tid Kongen fastset. Frå same tidspunkt blir lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste oppheva.

Etter andre ledd vil forskrifter som er gjevne i medhald av lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste, halde fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med i lova her.

Til § 22 Endringar i andre lover

Paragrafen inneheld forslag til endringar i andre lover som følgje av forslaget om ny lov om språk.

Nr. 1 inneheld forslag til endringar i lov 16. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

Opplæringslova §§ 2-5 første ledd, 2-5 tredje ledd første punktum, 2-5 sjette ledd første punktum, 9-4 tredje ledd og 15-6 andre ledd blir endra som følgje av framlegget i ny lov om språk om å endre nemningsbruken om bokmål og nynorsk frå målform til skriftspråk. Dette kjem til syne i fleire paragrafar i lova, men på mest prinsipielt vis i framlegget til § 4 Norsk språk.

Opplæringslova § 9-4 andre ledd andre punktum blir oppheva. Noverande andre ledd tredje punktum blir andre punktum.

Nr. 2 inneheld forslag til endringar i lov 14. desember 2007 nr. 116 om studentsamskipnader (studentsamskipnadslova). Nemninga «lov om målbruk i offentleg teneste» i § 11 første ledd blir erstatta med «språklova».

Nr. 3 inneheld forslag til endringar i lov 16. juni 2017 nr. 50 om likestillings- og diskrimineringsombudet og diskrimineringsnemnda. Endringa skuldast at tredje ledd ved ein inkurie fall ut av føresegna ved lov 21. juni 2019 nr. 57 endringslov til diskrimineringsombudsloven og likestillings- og diskrimineringsloven.

Tilråding

Kulturdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om lov om språk (språklova).

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfestar:

Stortinget blir bede om å gjere vedtak til lov om språk (språklova) i samsvar med eit vedlagt forslag.

Forslag
til lov om språk (språklova)

§ 1 Føremål

Føremålet med lova er å styrkje norsk språk, slik at det blir sikra som eit samfunnsberande språk som skal kunne nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Lova skal fremje likestilling mellom bokmål og nynorsk og sikre vern og status for dei språka som staten har ansvar for.

Føremålet med lova er også å sikre at

  • a) offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje bokmål og nynorsk

  • b) offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje samiske språk, jf. reglane i sameloven kapittel 3

  • c) offentlege organ tek ansvar for å verne og fremje kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Ansvaret etter andre ledd bokstav a omfattar eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka norske skriftspråket.

§ 2 Definisjonar

I denne lova tyder

  • a) dokument: ei logisk avgrensa informasjonsmengd som blir lagra på eit medium for seinare lesing, framsyning, overføring eller liknande

  • b) allment tilgjengelege dokument: dokument som blir utferda og sendt ut av eit organ som er omfatta av lova her, og som ikkje er stila til enkeltadressatar

  • c) statsorgan: alle organ for staten og sjølvstendige rettssubjekt der staten har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum

  • d) offentleg organ: statsorgan etter bokstav c, alle organ for kommune og fylkeskommune og sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein eigarskap som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav c, eller ei rolle som nemnt i § 3 første ledd første punktum bokstav d, og som ikkje er omfatta av § 3 første ledd andre punktum

  • e) sentrale statsorgan: statsorgan med heile landet som tenestekrins

  • f) regionale statsorgan: statsorgan med mindre enn heile landet som tenestekrins.

§ 3 Verkeområde

Når det ikkje er fastsett noko anna, gjeld lova for

  • a) staten, fylkeskommunane og kommunane

  • b) andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift

  • c) sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har ein eigardel som gjev meir enn halvparten av røystene i det øvste organet i rettssubjektet

  • d) sjølvstendige rettssubjekt der staten, fylkeskommunar eller kommunar direkte eller indirekte har rett til å velje meir enn halvparten av medlemmene med røysterett i det øvste organet i rettssubjektet.

Første punktum bokstav c og d omfattar ikkje rettssubjekt som hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld ikkje for

  • a) kommunane

  • b) sjølvstendige rettssubjekt der kommunar og fylkeskommunar har ein slik eigardel eller rett til å velje medlemmer i det øvste organet i rettssubjektet som nemnt i første ledd første punktum bokstav c og d

  • c) interkommunale samarbeid etter kommuneloven kapittel 18 og 19 som ikkje er eigne rettssubjekt, og som har ein eller fleire fylkeskommunar som deltakarar

  • d) Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodsmannen og andre organ for Stortinget.

Lova gjeld ikkje for intern sakshandsaming.

Reglane i §§ 12 til 18 gjeld berre for den administrative delen av verksemda ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular, vidaregåande skular, domstolane, forliksråda og påtalemakta.

Departementet kan gje forskrift om at §§ 12 til 18 heilt eller delvis heller ikkje skal gjelde for organ og sjølvstendige rettssubjekt som lova elles gjeld for, og om val av skriftspråk i samband med eksamen ved universiteta, dei statlege høgskulane og andre statlege skular.

§ 4 Norsk språk

Norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg.

Bokmål og nynorsk er likeverdige språk som skal kunne brukast i alle delar av samfunnet. I offentlege organ er bokmål og nynorsk jamstilte skriftspråk.

§ 5 Samiske språk

Samiske språk er urfolksspråk i Noreg.

Samiske språk og norsk er likeverdige språk. Dei er jamstilte språk etter sameloven kapittel 3.

§ 6 Nasjonale minoritetsspråk

Kvensk, romani og romanes er nasjonale minoritetsspråk i Noreg.

Som språklege og kulturelle uttrykk er kvensk, romani og romanes likeverdige med norsk.

§ 7 Norsk teiknspråk

Norsk teiknspråk er det nasjonale teiknspråket i Noreg.

Som språkleg og kulturelt uttrykk er norsk teiknspråk likeverdig med norsk.

§ 8 Skandinaviske språk

Alle har rett til å bruke svensk eller dansk i kontakt med offentlege organ. Offentlege organ kan svare på norsk.

§ 9 Klart språk

Offentlege organ skal kommunisere på eit klart og korrekt språk som er tilpassa målgruppa.

§ 10 Offisiell rettskriving for bokmål og nynorsk

Offentlege organ skal følgje den offisielle rettskrivinga for bokmål og nynorsk.

Statsorgan skal ha namn på norsk, både bokmål og nynorsk. Namna skal følgje offisiell rettskriving.

§ 11 Kommunale og fylkeskommunale språkvedtak

Ein kommune eller ein fylkeskommune kan sjølv vedta å krevje at statsorgan skal bruke berre bokmål eller nynorsk i all skriftleg kommunikasjon med kommunen eller fylkeskommunen, eller at kommunen eller fylkeskommunen skal vere språkleg nøytral. Ein kommune eller ein fylkeskommune skal reknast som språkleg nøytral så lenge det ikkje er gjort noko slikt vedtak.

Kommunar og fylkeskommunar skal melde frå til Språkrådet om språkvedtak etter første ledd.

§ 12 Fleirtalsspråk

Fleirtalsspråket i ein tenestekrins er det norske skriftspråket, anten bokmål eller nynorsk, som over halvparten av kommunane i ein tenestekrins gjer språkvedtak om etter § 11. Eit regionalt statsorgan skal bruke fleirtalsspråket i tenestekrinsen. Dersom det ikkje er noko fleirtalsspråk i ein tenestekrins, skal eit regionalt statsorgan reknast som språkleg nøytralt.

§ 13 Veksling mellom bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument

Sentrale statsorgan skal over tid bruke minst 25 prosent av både bokmål og nynorsk i allment tilgjengelege dokument. Regionale statsorgan som har anten bokmål eller nynorsk som fleirtalsspråk i tenestekrinsen, skal bruke fleirtalsspråket i allment tilgjengelege dokument.

Eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan som i tenestekrinsen har kommunar med språkvedtak om bokmål eller nynorsk etter § 11, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje same skriftspråk, skal eit språkleg nøytralt regionalt statsorgan veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 25 prosent av dette skriftspråket i allment tilgjengelege dokument. Dersom minst éin kommune, men mindre enn ein fjerdedel av kommunane i ein tenestekrins har gjort vedtak om å krevje nynorsk, skal det regionale statsorganet veksle mellom skriftspråka slik at det over tid blir minst 10 prosent nynorsk i allment tilgjengelege dokument.

Dersom kommunar i eit geografisk avgrensa område har eit fleirtalsspråk, skal statsorgan bruke dette språket i dokument som er retta mot desse kommunane. Det same gjeld når dokument har særleg tilknyting til eit slikt geografisk avgrensa område. Dersom eit dokument har særleg tilknyting til berre éin kommune, skal statsorgan følgje det språkvedtaket denne kommunen har gjort.

Fylkeskommunar som er språknøytrale etter § 11 i lova her, skal veksle mellom skriftspråka slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei i allment tilgjengelege dokument.

§ 14 Parallell bruk av bokmål og nynorsk hos statsorgan

Statsorgan skal gjere skjema og andre sjølvbeteningstenester tilgjengelege på bokmål og nynorsk samtidig.

Dersom eit privat rettssubjekt krev at løyve og faste formular som direkte gjeld rettssubjektet, skal vere på anten bokmål eller nynorsk, skal statsorgan oppfylle kravet.

Statsorgan skal gje ut dokument som er meinte til bruk i skulen, på både bokmål og nynorsk samtidig.

§ 15 Bruk av bokmål og nynorsk til private rettssubjekt og enkeltkommunar

I dokument som er retta mot eit privat rettssubjekt, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det norske skriftspråket som det private rettssubjektet sjølv har bruka i kommunikasjonen med organet, eller som det private rettssubjektet på annan måte har meldt frå at det ønskjer.

I dokument som er retta mot ein kommune eller ein fylkeskommune som har gjort språkvedtak etter § 11, skal statsorgan og fylkeskommunar bruke det vedtekne skriftspråket.

§ 16 Krav til skrivekompetanse

Statsorgan og fylkeskommunar skal syte for at dei har den nødvendige skrivekompetansen for å kunne bruke bokmål og nynorsk etter lova her.

Statsorgan og fylkeskommunar skal kunne krevje at tilsette skal skrive både bokmål og nynorsk. Dette gjeld likevel ikkje for tilsette som ikkje har gjennomført sidemålsopplæring i grunnopplæringa.

Departementet kan gje forskrift om andre særlege unntak frå andre ledd første punktum.

§ 17 Klagerett

Er det bruka feil skriftspråk i eit dokument som nemnt i § 14 andre ledd, kan mottakaren klage og krevje at dokumentet blir utferda på nytt. Forvaltningsloven §§ 28 til 35 gjeld for saker etter første punktum.

§ 18 Påpeiking av feil bruk av skriftspråk hos statsorgan

Språkorganisasjonar kan påpeike overfor eit statsorgan at dei meiner organet bryt føresegnene nemnt i §§ 14 og 15, jamvel om saka ikkje vedkjem organisasjonane sjølve.

§ 19 Språkrådet

Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og forvaltar dei offisielle skriftnormalane for bokmål og nynorsk.

Språkrådet skal gje statsorgan råd om skrivemåte og namneskikk før det blir gjort vedtak om namn på statsorgan.

Språkrådet fører tilsyn med korleis statsorgan etterlever reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

Språkrådet skal rettleie offentlege organ om reglane i denne lova.

§ 20 Opplysningsplikt overfor Språkrådet

Statsorgan skal gje Språkrådet dei rapportane og opplysningane som Språkrådet ber om som ledd i tilsynet med reglane i § 10 andre ledd og §§ 12 til 17.

§ 21 Iverksetjing og overgangsreglar

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Frå same tidspunkt blir lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste oppheva.

Forskrifter som er gjevne i medhald av lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste, held fram å gjelde så langt dei ikkje er i strid med i lova her.

§ 22 Endringar i andre lover

Frå den tida lova tek til å gjelde, skal desse endringane gjerast i andre lover:

1. I lov 16. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa skal desse endringane gjerast:

§ 2-5 overskrifta skal lyde:

Bokmål og nynorsk i grunnskolen

§ 2-5 første ledd skal lyde:

Kommunen gir forskrift om kva skriftspråk som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølve om dei skal bruke bokmål eller nynorsk som skriftleg hovudmål.

§ 2-5 tredje ledd første punktum skal lyde:

Foreldra vel skriftspråket i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet.

§ 2-5 sjette ledd fyrste punktum skal lyde:

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i både bokmål og nynorsk.

§ 9-4 andre ledd andre punktum blir oppheva. Noverande andre ledd tredje punktum blir andre punktum.

§ 9-4 tredje ledd skal lyde:

Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.

§ 15-6 andre ledd skal lyde:

Det er likevel foreldra til barnet som har rett til å velje privat skole, jf. § 2-1, samtykke til fritak frå heile opplæringsplikta, jf. § 2-1, velje skriftspråk, jf. § 2-5, krevje fritak frå delar av undervisninga med omsyn til religion eller livssyn, jf. § 2-3a, og krevje opplæring i kvensk eller finsk og i og på samisk, jf. §§ 2-7 og 6-2.

2. I lov 14. desember 2007 nr. 116 om studentsamskipnader skal § 11 første ledd lyde:

Forvaltningsloven, arkivlova og språklova gjelder ikke for studentsamskipnadene.

3. I lov 16. juni 2017 nr. 50 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda skal § 10 fjerde ledd lyde:

Vedtak og beslutning etter første, annet og tredje ledd kan fattes av nemndleder.