Meld. St. 30

(2020–2021)
Melding til Stortinget

Årsmelding 2020 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 23. april 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)

1 Innleiing

Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunkt blei desse lovene oppheva: lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter.

Stortings- og regjeringspensjonsloven § 8-1 lyder slik:

«Pensjonsordningen administreres av Statens pensjonskasse. Pensjonskassen skal senest seks måneder etter at regnskapsåret er avsluttet, utarbeide en beretning om virksomheten i siste regnskapsår. Beretningen utarbeides for departementet og forelegges Stortinget.»

I samsvar med denne føresegna legg Arbeids- og sosialdepartementet fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2020. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar, og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2020.

2 Om pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

Dei tidlegare pensjonsordningane for stortingsrepresentantar og statsrådar blei 1. januar 2012 erstatta av éi pensjonsordning. Alderspensjonen i den noverande pensjonsordninga er basert på dei same prinsippa som ny alderspensjon i folketrygda, og pensjonen blir gitt som eit direkte tillegg til alderspensjonen frå folketrygda.

Dette inneber mellom anna at alderspensjonen er endra frå ei bruttoordning basert på sluttlønn, til ei nettoordning basert på opptening i alle år som stortingsrepresentant og regjeringsmedlem. Hovudtrekka i den noverande pensjonsordninga er forklart i punkt 2.1. Rett som er tent opp i dei to tidlegare pensjonsordningane er vidareført i den nye ordninga. Hovudtrekka i desse ordningane er forklart i punkt 2.2 og punkt 2.3.

2.1 Hovudtrekk i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer

  • Alderspensjonen blir opptent ved at medlemene kvart år byggjer seg opp pensjonsrett i form av ei pensjonsbehaldning. Oppteninga utgjer ein fastsett prosentdel av inntekta til stortingsrepresentanten eller regjeringsmedlemen. Oppteninga utgjer 6,03 prosent av inntekta opp til 7,1 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G) og 24,13 prosent av inntekten mellom 7,1 G og 12 G (G per 1. mai 2020 = 101 351 kroner). Pensjonsbehaldninga blir regulert med lønnsvekst fram til alderspensjonen blir teken ut.

  • Den årlege alderspensjonen blir rekna ut ved å dele den opparbeidde pensjonsbehaldninga på eit delingstal. Delingstalet reflekterer forventa attståande levetid på det tidspunktet ein tek ut pensjonen. Delingstala er utforma slik at pensjonen blir levealdersjustert på same måte som i folketrygda.

  • Alderspensjonen kan takast ut fleksibelt, tidlegast frå 62 år, i hovudsak etter dei same prinsippa som i folketrygda. Dersom pensjonen ikkje er teken ut innan vedkomande fyller 75 år, skal pensjonen uansett betalast ut frå og med månaden etter fylte 75 år. Arbeidsinntekt og pensjon kan kombinerast utan at pensjonen blir avkorta.

  • Før utbetaling blir opptent rett regulert årleg i samsvar med lønnsveksten. Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsveksten, og deretter trekt frå 0,75 prosent. Det vil seie at ein følgjer dei same prinsippa for regulering som i folketrygda.

  • Pensjon som er opptent etter dei nye reglane, skal ikkje samordnast med andre pensjonsytingar.

  • Det er gitt overgangsreglar som sikrar rett opptent etter den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og den tidlegare pensjonsordninga for statsrådar. For dei som har opptening etter både gamal og noverande pensjonsordning, er det reglar om at samla pensjon ikkje skal overstige ein utrekna maksimal pensjon. Stortingsrepresentantar som ikkje hadde opptent rett til pensjon før 1. oktober 2009, og regjeringsmedlemer som ikkje hadde opptent rett til pensjon før 1. januar 2012, får opptening etter den noverande ordninga frå 1. oktober 2009. Dei noverande reglane fekk verknad for andre medlemer frå 1. januar 2012.

  • I lov om ny uførepensjon frå 7. mars 2014 nr. 5 blei reglane om uførepensjon for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer endra med verknad frå 1. januar 2015, og tilpassa nye reglar som samstundes blei vedtekne for Statens pensjonskasse. Endringane inneber mellom anna at også uførepensjon er lagt om til ei nettoyting. Pensjonen blir gitt som eit tillegg til uføretrygda frå folketrygda, og skal ikkje samordnast med andre pensjonar og trygder. Det er òg gitt nye reglar om avkorting av uførepensjon mot arbeidsinntekt. Når skatteoppgjeret er klart, kontrollerer Statens pensjonskasse om det er utbetalt korrekt uførepensjon. Er det utbetalt for mykje eller for lite pensjon, skal det gjennomførast eit etteroppgjer. Det blei vedteke at dei som hadde uførepensjonar under utbetaling skulle overførast til nytt regelverk frå 1. januar 2015.

  • Etterlatnepensjon blir i hovudsak gitt etter reglane i lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens pensjonskasse.

2.2 Hovudtrekk i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar

  • Personar med rett i den tidlegare ordninga for stortingsrepresentantar, får dette vidareført i eit kapittel i den nye lova.

  • Alderspensjonen er ein bruttopensjon som blir samordna med andre pensjonsytingar etter samordningslova.

  • Full alderspensjon blir gitt etter 12 års oppteningstid og utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget. Dersom oppteningstida er kortare, blir pensjonen redusert i samsvar med dette. Pensjonsgrunnlaget er basert på tidlegare årleg bruttogodtgjersle for stortingsrepresentantar.

  • Pensjonsalderen er 65 år. Ein kan få alderspensjon tidlegare når summen av alder og oppteningstid i den tidlegare ordninga fram til 1. januar 2012 er minst 75 år (75-årsregelen). Dette gjeld likevel ikkje dersom vedkomande har eller får inntekt som overstig ei inntektsgrense.

  • Alderspensjon kan ikkje ytast så lenge vedkomande er medlem av regjeringa eller Stortinget. Det same gjeld den som er tilsett i statleg eller kommunal teneste i minst 80 prosent stilling eller har minst 80 prosent stilling som kommunalt ombod.

  • Alderspensjonen som stortingsrepresentantar har rett til mellom 65 og 67 år, kan tidlegast takast ut frå 62 år. Summen av alderspensjon for perioden 65–67 år blir fordelt på perioden frå pensjonen blir teken ut til 67 år. Alderspensjon som blir teken ut etter denne føresegna, kan ikkje takast ut samtidig med alderspensjon etter 75-årsregelen.

  • Alderspensjonen blir levealdersjustert frå fylte 67 år for personar som er fødde i 1943 eller seinare.

  • Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsveksten, og deretter trekt frå 0,75 prosent. Fram til pensjonen blir teken ut, blir pensjonsgrunnlaget regulert årleg i samsvar med lønnsveksten.

2.3 Hovudtrekk i den tidlegare pensjonsordninga for statsrådar

  • Også rett i den tidlegare pensjonsordninga for statsrådar er vidareført i den nye lova.

  • Alderspensjonen er ein bruttopensjon som blir samordna med andre pensjonsytingar etter samordningslova.

  • Ei tenestetid på tre år gir årleg ein alderspensjon på 42 prosent av pensjonsgrunnlaget. For kvart tenesteår frå tre til og med seks år blir satsen auka med fem prosentpoeng. Full pensjon etter seks tenesteår utgjer då 57 prosent av pensjonsgrunnlaget. Pensjonsgrunnlaget er basert på tidlegare årleg bruttoinntekt fastsett for statsrådar.

  • Pensjonsalderen er 65 år. Alderspensjonen eit regjeringsmedlem har rett til mellom 65 og 67 år, kan tidlegast takast ut frå 62 år. Summen av alderspensjon for perioden 65–67 år blir fordelt på perioden frå pensjonen blir teken ut til 67 år. Alderspensjon som blir teken ut etter denne føresegna, kan ikkje takast ut samtidig med alderspensjon etter 75-årsregelen for stortingsrepresentantar.

  • Alderspensjon kan ikkje ytast så lenge vedkomande er medlem av regjeringa eller Stortinget. Det same gjeld den som er tilsett i statleg eller kommunal teneste i minst 80 prosent stilling eller har minst 80 prosent stilling som kommunalt ombod.

  • Alderspensjonen blir levealdersjustert frå fylte 67 år for personar som er fødde i 1943 eller seinare.

  • Alderspensjon under utbetaling blir regulert i samsvar med lønnsveksten, og deretter trekt frå 0,75 prosent. Fram til pensjonen blir teken ut blir pensjonsgrunnlaget regulert årleg i samsvar med lønnsveksten.

3 Utvikling i 2020 for pensjonar opptent som stortingsrepresentant

Totalt 390 personar fekk ved utgangen av 2020 pensjon på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som stortingsrepresentant (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

3.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2020 var det 277 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ni personar og ein tilgang på 13 personar. Per 31. desember 2020 var talet på alderspensjonistar derfor 281 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 15 687 kroner per månad. Kvinner fekk 16 107 kroner, medan menn fekk 15 444 kroner.

I 2020 tok 13 personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var tre kvinner og ti menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 66,8 år for kvinner og 68,1 år for menn. Samla sett var den gjennomsnittlege uttaksalderen 67,8 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for stortingsrepresentantar varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 76,7 år for kvinner og 76,3 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 76,4 år.

3.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2020 var det ein uførepensjonist i ordninga. Det har vore ein tilgang på ein person i løpet av året. Denne uførepensjonen ble innvilga med verknad tilbake til 2019. Per 31. desember 2020 var talet på uførepensjonistar to personar.

Gjennomsnittleg utbetalt uførepensjon var 17 297 kroner per månad

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2020.

3.3 Etterlatnepensjon (ektefelle- og barnepensjon)

Ved inngangen til 2020 var det 105 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på seks personar og ein tilgang på sju personar. Per 31. desember 2020 var talet på ektefellepensjonistar derfor 106 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 971 kroner per månad. Kvinner fekk 8 880 kroner, medan menn fekk 10 026 kroner.

I 2020 blei sju personar innvilga ektefellepensjon. Det var fem kvinner og to menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 78,6 år.

Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 83,4 år for kvinner og 83,9 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 83,4 år.

Ved inngangen til 2020 tok éin person imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.

3.4 Rekneskap for 2020

Pensjonane blir dekte over kapittel 41 «Stortinget». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 69 304 479 kroner til pensjonar. Dette er ein liten auke frå 2019. Administrasjonskostnadene var i sum 1 428 667 kroner. Dette er ein nedgang frå 2019.

4 Utvikling i 2020 for pensjonar opptent som regjeringsmedlem

Ved utgangen av 2020 fekk totalt 108 personar ein pensjon frå pensjonsordninga på bakgrunn av tidlegare oppteningstid som regjeringsmedlem (alderspensjon, uførepensjon eller etterlatnepensjon).

4.1 Alderspensjon

Ved inngangen til 2020 var det 75 alderspensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på fire personar og ein tilgang på fire personar. Per 31. desember 2020 var talet på alderspensjonistar derfor 75 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt alderspensjon var 11 277 kroner per månad. Kvinner fekk 11 656 kroner, medan menn fekk 10 975 kroner.

I 2020 tok fire personar ut alderspensjon i ordninga for første gong. Av desse var ei kvinne og tre menn. Gjennomsnittleg uttaksalder var 67,2 år.

Gjennomsnittleg uttaksalder for statsrådane varierer frå år til år, sidan talet på uttak er svært lågt.

Gjennomsnittsalderen for alle alderspensjonistar i ordninga var 75,7 år for kvinner og 79 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 77,6 år.

4.2 Uførepensjon

Ved inngangen til 2020 var det ingen uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med uførepensjon i løpet av året. Per 31. desember 2020 var det derfor ingen uførepensjonistar i ordninga.

Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan derfor framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2020.

4.3 Etterlatnepensjon

Ved inngangen til 2020 var det 30 ektefellepensjonistar i ordninga. I løpet av året har det vore ein avgang på ein person og ein tilgang på to personar. Per 31. desember 2020 var talet på ektefellepensjonistar derfor 31 personar.

Gjennomsnittleg utbetalt ektefellepensjon var 8 781 kroner per månad. Kvinner fekk 9 235 kroner, medan menn fekk 6 815 kroner.

I 2020 tok to personar ut ektefellepensjon i ordninga for første gong. Gjennomsnittleg uttaksalder var 77 år.

Gjennomsnittsalderen for alle ektefellepensjonistar i ordninga var 82,8 år for kvinner og 70,6 år for menn. Samla sett var gjennomsnittsalderen 80,4 år.

Ved inngangen til 2020 var det to personar som tok imot barnepensjon. Det har ikkje vore avgang eller tilgang på personar med barnepensjon i løpet av året.

Gjennomsnittleg utbetalt barnepensjon var 5 922 kroner per månad.

4.4 Rekneskap for 2020

Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir gitt tilskot til under kapittel 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 14 204 377 kroner til pensjonar. Der er en liten auke frå 2019. Administrasjonskostnadene utgjorde 348 977 kroner. Det er mindre enn i 2019.

5 Sentrale hendingar i 2020

Det blei utført inntektskontroll på alle som tok imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år. Inntektskontrollen på dei sju som tok imot pensjon etter 75-årsregelen blei utført i byrjinga av 2020. Kontrollen gjaldt for inntektsåret 2018.

Hausten 2020 vart det gjennomført etteroppgjer for uførepensjonistar som ut frå skatteoppgjeret for 2019 hadde fått utbetalt for mykje eller for lite uførepensjon.

Tilråding

Arbeids- og sosialdepartementet

tilrår:

Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 23. april 2021 om Årsmelding 2020 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer blir send Stortinget.