Prop. 109 S

(2020–2021)
Proposisjon til Stortinget (forslag til stortingsvedtak)

Pensjonar frå statskassa

Tilråding frå Arbeids- og sosialdepartementet 26. mars 2021, godkjend i statsråd same dagen. (Regjeringa Solberg)

1 Innleiing

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i, legg departementet med dette fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Heile summen av pensjonar som blei utbetalte i 2020, var på kroner 16 577 291. I statsbudsjettet for 2021 er det løyvt 16,4 mill. kroner på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.

2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ikkje ei pensjonsordning i vanleg forstand med krav til oppteningstid gjennom medlemskap. Det er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift, og blir gjerne omtala som gåvepensjon («billighetspensjon»).

Proposisjonen no gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Namna deira er i proposisjonen erstatta med enten kvinne eller mann av personvernomsyn. Tenestestaden er òg tatt ut. Om ønskeleg kan Stortinget få tilsendt lista over namna og tenestestaden deira. Dei lokalt tilsette er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd. For tida før 1. januar 1996 blir pensjon av statskassa gjeve som tillegg til den pensjonsgjevande tenestetida. I vedlegget blir denne tida omtala som tilleggstid.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar. Dette er òg tatt inn i utanriksinstruksen: «lønns- og arbeidsbetingelser skal nedfelles i en arbeidskontrakt som skal være i samsvar med tjenestelandets lover og regler. Lokalt ansatte skal sikres gjennom adekvate lokale trygde- og forsikringsordninger

Utanriksstasjonane skal sjølv syte for at det blir oppretta lokale trygde- og forsikringsordningar, og dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er teke inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve i tenestelandet, til dømes politisk uro, høg inflasjon og stor uvisse med omsyn til bank- og forsikringsordningar, føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller tap av forsørgjar.

Utanriksdepartementet legg stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så langt råd er, og sikrar at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane er med i lokale ordningar. Dette blir gjort gjennom kurs og opplæring av ansvarlege medarbeidarar, og ved pålegg til alle stasjonane om å følgje opp. Samstundes blir det gjort klart at pensjon frå statskassa berre blir gitt i særskilde høve der lokale ordningar ikkje finst eller ikkje sikrar dei tilsette godt nok. Utanriksdepartementet arbeider systematisk med innhenting av opplysningar frå utanriksstasjonane om arbeidsvilkåra til lokalt tilsette, inkludert pensjonsordningar.

Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar, er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp på pensjoneringstidspunktet. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.

Tilråding

Arbeids- og sosialdepartementet

tilrår:

At Dykkar Majestet godkjenner og skriv under eit framlagt forslag til proposisjon til Stortinget om pensjonar frå statskassa.

Vi HARALD, Noregs Konge,

stadfester:

Stortinget blir bede om å gjere vedtak om pensjonar frå statskassa i samsvar med eit vedlagt forslag.

Forslag
til vedtak om pensjonar frå statskassa

I

Opplysningar om søkjaren

Pensjon

Nr.

Kjønn

Alder ved avskjeden (for etterlatne, noverande alder)

Vedteke

Pr. mnd.

Gitt frå

Merknad

Utanriksdepartementet

1

Kvinne

60

17.6.2020

3 161

1.6.2023

2

Kvinne

55

29.6.2020

4 287

1.7.2020

3

Mann

65

1.9.2020

10 446

1.8.2020

4

Mann

60

2.9.2020

983

1.9.2020

5

Kvinne

60

22.9.2020

6 345

1.6.2020

6

Mann

60

1.10.2020

1 231

1.7.2022

7

Kvinne

59

16.10.2020

1 231

1.2.2021

8

Mann

60

6.11.2020

3 039

1.3.2022

9

Kvinne

59

8.12.2020

4 364

1.9.2023