Historical archive

Ny avtale mellom Danmark, Noreg og Island om samarbeid i konkurransesaker

Historical archive

Published under: Stoltenberg's 1st Government

Publisher: Ministry of Foreign Affairs

Bakgrunnen for avtala er at auka internasjonalisering av næringslivet har auka trongen for samarbeid mellom konkurransestyresmaktene i dei ulike landa, mellom anna utveksling av teiepliktig informasjon, for å sikre ei meir effektiv handheving av konkurranselovgjevinga.

Pressemelding

Nr.: 49/01
Dato: 16.03.2001

Ny avtale mellom Danmark, Noreg og Island om samarbeid i konkurransesaker

Regjeringa har i dag vedteke å inngå ei avtale mellom Danmark, Island og Noreg om samarbeid i konkurransesaker. Bakgrunnen for avtala er at auka internasjonalisering av næringslivet har auka trongen for samarbeid mellom konkurransestyresmaktene i dei ulike landa, mellom anna utveksling av teiepliktig informasjon, for å sikre ei meir effektiv handheving av konkurranselovgjevinga. Hittil har samarbeidet mellom dei nordiske konkurransestyresmaktene vore avgrensa til utveksling av informasjon om nasjonal lovgjevning, samt korleis ulike konkurransehindringar skal handterast.

Enno har berre Danmark, Island og Noreg lovheimlar som tillet konkurransestyresmaktene å utveksle teiepliktig informasjon. Dei andre nordiske landa arbeider med lovheimlar for å kunne inngå slike avtaler.

Avtala vil bli sett i verk ved underteikning eller på eit seinare tidspunkt partane måtte bli einige om.