Trading with whale products

I januar 2001 opna regjeringa for eksport av vågekvalprodukt. Styresmaktene gir løyve på nærare bestemte vilkår og i form av eksportlisens.

I 2002 vart det gitt eksportløyve for eksport til Island og Færøyane. Det er ein føresetnad for eksportløyve at mottakarlandet har gitt lisens for import, og at mottakarlandet kan DNA-teste importerte produkt gjennom eit liknande system som det som er etablert i Noreg. Etter at Island starta forskingsfangst i 2003 har det ikkje vore eksport til Island. Det er ikkje gitt ytterlegare eksportløyve til Færøyane på grunn av manglande etterspørsel. Eksporten til Japan er no i fred med å komme i gang. Det vart sendt eit prøveparti i 2008, men det kom berre delvis inn på marknaden på grunn av for høge verdiar av mjølkesyrebakteriar.

Det er for tidleg å karakterisere handelen med vågekval som ein normalisert del av handelssambandet med Japan. Partsmøtet under Konvensjonen for internasjonal handel med trua dyre- og planteartar (CITES) vedtok i 1979 at 
vågekval var ein trua art og førde arten på eit vedlegg til konvensjonen.

Dette innebar at internasjonal handel framleis var tillaten på nærare bestemte vilkår spesifisert av partsmøtet i CITES. I 1983 vedtok partsmøtet i CITES at CITES ville følgje IWC, og alle kvalartar som IWC hadde sett null 
fangstkvote for (moratorium), blant dei vågekval i våre område, vart flytta til CITES. Dette inneber forbod mot internasjonal handel med produkt av vågekval. Noreg har formelt reservert seg mot både vedtaket i IWC og 
listinga i CITES. Derfor har Noreg rett til å fange kval og eksportere kvalprodukt. Den norske grunngivinga for reservasjonane er at eit moratorium for vågekval ikkje er vitskapleg basert. Nye vitskaplege data viser at vågekval i våre område ikkje er trua bestandar, og at dei derfor ikkje høyrer heime på den strengaste lista i CITES.

For å sikre kontroll med eksport av vågekvalprodukt vart det oppretta eit DNA-register for å kunne avklare om kvalprodukt i marknaden stammar frå lovleg norsk fangst eller om dei kjem frå uregulert fangst. Registeret omfattar analyseresultat frå all fangst av vågekval frå og med 1997. Prøvene blir lagde inn i DNA-registeret så fort som mogleg etter at fangstsesongen er slutt.