Fra: Anny Holm Solheim [anny@elvetunbarnehage.no]
Sendt: 19. desember 2007 10:53
Til: Postmottak KD
Kopi: info@pbl.no
Emne: Merknader til høringsnotatet om endringar i barnehageloven.

Elvetun barnehage AS er ein to avdelings privat barnehage i Fjaler kommune i Sogn og Fjordane. I Fjaler kommune er det totalt seks barnehagar der to er private.

I vår barnehage som hadde oppstart i 2005 i heilt nye lokaler vil fjerninga av øremerka midler til barnehagane gjere til at vi går ei usikker økonomisk framtid i møte.

Vår kommune har sett av skjønnsmidlar på fond som skal gå til likeverdig behandling av barnehagar – korleis vil dei gjere utrekningar og utbetalingar når dei har ansvaret for heile rammefinansieringa?

Vi meinar at finansieringsordinga for å sikre kvaliteten i både kommunale og private barnehagar må vere slik den er i dag med øremerka midlar til barnehagane.

Skal barnehagane få opp den pedagogiske bemaninga i barnehagane så må dei vite dei økonomiske rammene sine. Dette vil bli mykje meir utforsigbart når ein ikkje veit kva  ein mottar i støtte frå år til år.

Det må fortsatt vere økonomisk likebehandling av private og kommunale barnehagar gjennom lovbestemmelse.  

Med vennleg helsing

Anny-Mari Holm Solheim

Styrar

 

Elvetun Barnehage AS

Telefon:  57 73 88 00

anny@elvetunbarnehage.no

www.elvetunbarnehage.no