Fra: Bjarne Kvam [bjarne.kvam@lh.nla.no]
Sendt: 2. januar 2008 08:45
Til: Postmottak KD
Kopi: pbl@pbl.no
Emne: Høyring

Leiketun Barnehage AS

Holtermannsv.

5918 Frekhaug

 

 

Kunnskapsdepartementet                                                                                                                                    Frekhaug 02.01.08

 

Viser til høyringsnotat av 31.10.07 om endring i barnehagelova.

 

Leiketun Barnehage AS er ein kristen, 5 avdelings barnehage eigd av Frekhaug Indremisjon.

 

Som privat barnehage er finansieringsordningane avgjerande både for omfang og kvalitet for drifta av barnehagen. På tre område meiner vi at det lovframlegget kan få uheldige konsekvensar for private barnehagar.

 

1)        Foreldreretten

Foreldreretten er fundamental for all danning og oppseding av barne og unge. Dette kjem til uttrykk i føremålsparagrafen for barnehagen og er såleis sikra på overordna og prinsipielt plan. Denne tenkinga må og vera styrande for utforminga av finansieringsordninga.

 

Foreldreretten er heimla i Menneskerettane og tilseier at foreldre skal kunna velja oppseding for borna sine ut frå eigen religion eller livssyn. Skal denne retten verta reell, må den følgjast opp av økonomiske støtteordningar frå det offentlege.

 

I framlegget til endring av barnehagelova vil ikkje foreldreretten vera styrande for oppretting av nye barnehagar etter 2009. Foreldre kan då måtta velja barnehagar som er i drift, same kvar dei står livssynsmessig i høve til eiga tru. Det må her sikrast at private barnehagar, særleg på religiøst eller livsyns grunnlag, får rett til godkjenning og økonomisk stønad som alternativ til kommunale barnehagar.

 

2)        Lik handsaming av kommunale og private barnehagar

Vi har peika på at dersom foreldrerett skal verta reell, må alle godkjende barnehagar får same økonomiske vilkår. Det ser ikkje ut til at høyringsframlegget legg opp til at kommunale og private barnehagar skal handsamast likt. Dette er uhaldbart av di det kan føra til at det vert dyrare å ha barn i private barnehagar noko som vil svekka foreldreretten til val av barnehage.

 

3)        Tilskotsmodellen

Går ein over frå øyremerka tilskot frå staten til rammefinansiering gjennom kommunane opnar ein for ulik handsaming av kommunale og private barnehagar og ulik handsaming frå kommune til kommune. Dette kan skapa store problem for private barnehagar, men og ein sjansespel for den totale barnehagedekninga.

 

Rammefinansiering er svært krevjande. Det har synt seg ved tildeling av skjønnsmidlar dei siste par åra. Det er difor fare for at dette kan skapa strid og uro kring i kommunane om dei private barnehagane får lik stønad som dei kommunale.

 

Dette problemet vert forsterka ved at kommunane kjem i ein uhaldbar maktposisjon som godkjennar, tilsynsmynde og fordelar av tilskot til den private barnehagesektoren, samstundes som kommunen er direkte konkurrent. Her kan det verta ulik handsaming frå kommune til kommune ut frå økonomiske og politiske motiv.

 

Vi er difor i mot at offentleg stønad til barnehagane skal kanaliserast gjennom kommunane si rammeoverføring.

 

Helsing

 

Bjarne Kvam

Styreleiar i Leiketun Barnehage AS