Fra: Sirlihaugen barnehage [sirlihaugen@adsl.no]
Sendt: 14. desember 2007 09:15
Til: Postmottak KD
Kopi: info@pbl.no
Emne: Merknader til høringsnotat om endringer i barnehageloven
 
 
Som styre for ein privat andelsbarnehage er vi veldig usikre på korleis økonomien vil verte når ikkje der er midlar øyremerka barnehage. Det vert lite forutsigbart økonomisk. Slik det er i dag veit vi i alle fall kva inntekter vi kan regne med frå staten, og det er ei tryggheit for oss både som arbeidsgjevarar og som eigarar.
 
Styret i Sirlihaugen barnehage vil behalde den noverande finansieringa slik at drift av barnehagen kan vere forutsigbart for alle partar. Vi ser også på dagens modell som den mest rettferdige, då får i alle fall alle barnehagar same støtte frå staten. Forutsigbar økonomi er ei forutsetning for at vi skal oppretthalde dagens kvalitet i barnehagen.
 
 Alt medan full barnehagedekning ikkje er nådd, og likeverdig behandling av kommunale og private barnehager heller ikkje er på plass bør dagens ordning vidareførast.
 
 
mvh
Styret i Sirlihaugen barnehage, 6090 Fosnavåg