Fra: Jorunn
Skrede [jorskred@online.no]
Sendt: 2. januar 2008 11:08
Til:
Postmottak KD
Emne: Merknader til høringsnotatet om endringer i
barnehageloven
Som styreleiar i Stardalen Barnehage har eg
lyst til å komme med ein kommentar til Regjeringen sitt forslag til endring i
barnehagelova.
I Jølster kommune, som Stardalen Barnehage
høyrer til, er det 2 store kommunale barnehagar og fleire små private, og
Stardalen Barnehage ligg i eit utkantstrok av kommunen, men alle plassane i
barnehagen er fylt opp likevel, dvs 16 plassar.
For ein så liten barnehage som skal lønne
omlag 2,6 årsverk, er det ikkje mogeleg med sjølvfinansiering. Vi er avhengig av
tilskot for å kunne oppretthalde dette tilbodet i grenda vår.
Så lenge det er kamp om plassane i dei
kommunale barnehagane, trur eg ikkje dette vil få store konsekvensar for
tilskotstildelinga til oss, men så snart dei har ledige plassar, kjem dei til å
stramme inn på tilskotet til dei private barnehagane, for å få finansiert drifta
av dei kommunela barnehgane.
Grunnen til at eg forutser at dette kjemt il
å skje er at Jølster kommune i likeheit med mange andre kommunar sit med eigen
økonomi, og har ikkje pengar tilovers å dele ut.
Som døme kan eg nemne: Stardalen Barnehage
er tidlegare blitt godkjent som eit av SFO tilboda her i kommunene, til born som
høyrer heime i denne delen av kommunen.
Så lenge SFO fekk øyremerka tilskot frå
Staten, fekk vi vår del av tilskotet. Når dette no er falt vekk, og SFO tilbodet
som kommunen sjølv har, slit med å få fylt opp sine plassar, får vi ikkje lenger
tilskot til vår private SFO ordning.
Kvifor skulle ikkje det same skje med
tilskot til private barnehageplassar dersom kommunen kjem i ein liknande
situasjon der?
På vegne av styret i Stardalen Barnehage ber
eg innstendig om at de opprettheld øyremerka statstilskot til private
barnehagar. Ikkje minst med tanke på oppretthalding av tilbod og arbeidsplassar
i grisgrendte strøk.
Mvh
STARDALEN BARNEHAGE
Jorunn Skrede
Jeg bruker gratisversjonen av SPAMfighter.
Den har inntil videre fjernet 1013
spamposter.
Privatbrukere får SPAMfighter gratis!
Prøv gratis SPAMfighter
PRO her.