Fra: Torvikbukt Barnehage [torvikbukt.bhg@nlm.no] Sendt: 2. januar 2008 15:33 Til: postmottaker@kd.dep.no.domain2@kd.dep.no Emne: Høringsuttale Høring om endringer i barnehageloven. Vi takkar for høvet til å kome med høringsuttale ang forandringar i barnehagelova. Vi er ein privat barnehage eigd av NLM, den einaste private barnehagen i vår kommune. Vi ønskjer ikkje endringar i måten tilskotet til barnehagen blir gjeven på. Vi ønskjer fortsett øremerka tilskot til barnehagane og ikkje rammefinansiering. Sjølv om vi møter velvilje i vår kommune i dag, kan forholda endre seg, og vi meiner at rammefinansiering gjev oss ein mykje usikrare økonomisk situasjon. Vi ønskjer å ha høg kvalitet i barnehagen vår, visjonen vår er: "Liten, men god som gull". Vi vil bruke krefter og tid på å utvikle ein stadig betre barnehage for brukarane våre, og då har vi ikkje krefter til å slåss for kronene. I ein barnehage utgjer personalutgifter størstedelen av utgiftene, og dersom vi skulle bli nøydd til å skjere ned på bemanning, vil det gje ein dårlegare kvalitet i barnehagen. Personalet er som kjent den mest avgjerande ressursen i barnehagen! Vi nskjer likeverdig økonomisk behandling av kommunale og ikkje-kommunale barnehagar, for alle barn har rett til lik behandling uansett kva barnehage dei går i. Med helsing Torvikbukt barnehage Annlaug Engen Orset, dagleg leiar