Fra: Aschim, Per Kristian [per.kristian.aschim@kirken.no] Sendt: 7. desember 2006 15:17 Til: Kjørri Valbjørg Emne: FW: Høyringsuttale Stat-kirke, Nysæter sokneråd -------------------------------------------------------------------------------- From: Leif Sigurd Larsen [mailto:leif.sigurd.larsen@kyrkja-stord.no] Posted At: Friday, October 20, 2006 10:55 AM Posted To: Innebygd Microsoft Office Outlook-melding Conversation: Høyringsuttale Stat-kirke, Nysæter sokneråd Subject: Høyringsuttale Stat-kirke, Nysæter sokneråd Høyringsuttale frå Bjørgvin, Nysæter sokneråd, 02.10.06 Nysæter sokneråd hadde følgjande svar til spørsmåla i høyringsskrivet: 1: Kva overordna prinsipp bør liggja til grunn for trus- og livssynspolitikken ? Det bør vera jamstelling mellom trus- og livssynssamfunna. Trus- og livssynssamfunna (inkludert Den norske kyrkje) må ha sjølvråderett når det gjeld spørsmål om leiarskap og lære. Staten bør ha ein aktiv støttande livssynspolitikk. Den norske kyrkja har ei særstilling i samfunnet knytt til tradisjon og historie. Statskyrkjeordninga bør avviklast. Den norske kyrka må vidareførast som ei offensiv, open og landsfemnande folkekyrkje, som kan tena Gud og foket og vera konstruktiv og kritisk i høve til staten, utan at andre trussamfunn opplever at dei vert diskriminerte. (samrøystes) 2: Statskyrkjeordninga Denne bør avviklast. (samrøystes) 3: Lovforankring Tilhøvet mellom staten og Den norske kyrkja bør regulerast ved ei eiga kyrkjelov vedteke av Stortinget. Dette bør vera ei kort rammelov, med stor fridom til kyrkja til å vedta eigne ordningar, inklusiv utnemning / tilsetjing på alle nivå i kyrkja. (samrøystes) 4: Finansiering Bør vera gjennom støtte frå det offentlege med noko medlemsavgift. Det er tradisjon for offentleg hovudfinansiering.Denne bør halda fram om lag som før der staten greier ut lønskostnader til presteskapet(rammeløyving) og der kommunalt tilskot sikrar lokal drift. I kva grad staten over skattesettelen skal kreva inn eiga medlemsavgift som skal kanaliserast ut att til dei ulike trussamfunna, har me ikkje teke stilling til, det kan verka noko kunstig. Likevel er dette ein mogeleg garanti for tilskot til alle samfunna. (samrøystes) 5: Valordningane Bør vera som i dag (samrøystes) 6: Staten sitt verdigrunnlag Dette bør vera festa i Grunnlova §2 som bør seia :” Alle Indvaanere av Riget have fri Religionsutøvelse. Den kristne og humanistiske Arv forbliver Statens Værdigrunnlag.” (samrøystes) 7: Gravferdsforvaltningen Den lokale kyrkja gjennom sine organ må vera forvaltarer. Me ser at det klart kan vera teneleg med eit samarbeid med kommunen, særleg i små samfunn. Dette bør regulerast i eigen samarbeidsavtale der det er aktuelt. Kyrkjegardane må endra navn til gravplass eller ”gravlund” der det kjennest naturleg , og ordnast i samsvar med vårt fleirkulturelle samfunn. (6 stemmer) Her var det dissens i soknerådet, og mindretalet gjekk inn for å formulere førsta avsnitt slik: Kommunen må vera forvaltar, men kan inngå avtale med den lokale kyrkja om praktiske løysingar i den grad dette er tenleg. (1 stemme) 8: Eigarskap til kyrkjene Den lokale kyrkja må eiga kyrkjebyga og kommunen må ha det økonomiske ansvaret for nybygg, drift og vedlikehald. Staten bør oppretta eigne finansieringsordningar for freda og verneverdige kyrkjebygg . (samrøystes)