Fra: Aschim, Per Kristian [per.kristian.aschim@kirken.no] Sendt: 7. desember 2006 15:17 Til: Kjørri Valbjørg Emne: FW: Høyringsuttale Stat-kirke, Stord sokneråd -------------------------------------------------------------------------------- From: Leif Sigurd Larsen [mailto:leif.sigurd.larsen@kyrkja-stord.no] Posted At: Friday, October 20, 2006 10:51 AM Posted To: Innebygd Microsoft Office Outlook-melding Conversation: Høyringsuttale Stat-kirke, Stord sokneråd Subject: Høyringsuttale Stat-kirke, Stord sokneråd Høyringsuttale frå Bjørgvin, Stord sokneråd, 17.10.06 Stord sokneråd har følgjande svar/uttale til spørsmåla i høyringsskrivet: 1: Kva overordna prinsipp bør liggja til grunn for trus- og livssynspolitikken ? Jamstelling mellom trus- og livssynssamfunna. Sjølvråderett når det gjeld spørsmål om leiarskap og lære. Ein aktiv støttande livssynspolitikk frå staten si side. Den norske kyrka må også i framtida vera ei open og landsfemnande folkekyrkje, som byggjer på den evangelisk-lutherske lære. (Samrøystes) 2: Statskyrkjeordninga Fleirtalet (5 røyster), meiner ein bør halde på dagens ordning, at statskyrkjeordninga vert vidareført som no. Mindretalet (3 røyster), meiner Statskyrkja bør avviklast i si noverande form 3: Lovforankring Soknerådet var delt i denne saka: 4 røysta for at tilhøvet mellom staten og Den norske kyrkja bør vera grunnlovsfesta, som no. 4 røysta for at tilhøvet mellom staten og Den norske kyrkja bør regulerast ved ei eiga kyrkjelov vedteke av Stortinget. Dette bør vera ei kort rammelov, med stor fridom til kyrkja til å vedta eigne ordningar, inklusiv utnemning / tilsetjing på alle nivå i kyrkja. 4: Finansiering Fleirtalet (5 røyster), meiner at kyrkja bør vera finansiert gjennom støtte frå det offentlege, utan medlemsavgift. Mindretalet (3 røyster), meiner at kyrkja bør vera finansiert gjennom støtte frå det offentlege, med noko medlemsavgift. 5: Valordningane Soknerådet har ikkje framlegg til endring av dagens valordningar. (Samrøystes) 6: Staten sitt verdigrunnlag Dette bør vera festa i Grunnlova §2 som bør seia :” Alle Indvaanere av Riget have fri Religionsutøvelse. Den kristne og humanistiske Arv forbliver Statens Værdigrunnlag.” (samrøystes) 7: Gravferdsforvaltningen Den lokale kyrkja ved kyrkjeleg fellesråd bør forvalte gravferdsordninga, som i dag. (samrøystes) 8: Eigarskap til kyrkjene Den lokale kyrkja må eiga kyrkjebygga og kommunen må ha det økonomiske ansvaret for nybygg, drift og vedlikehald. Staten bør oppretta eigne finansieringsordningar for freda og verneverdige kyrkjebygg . (samrøystes)