Historisk arkiv

130 millionar til kompetansereforma "Lære heile livet"

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa startar arbeidet med kompetansereforma "Lære heile livet" med ei satsing i budsjettforslaget på om lag 130 millionar kroner. Dette skal mellom anna gå til utvikling av fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse, bransjeprogram for særleg utsette bransjar og utviding av forsøka med modulbasert opplæring for vaksne. – Vi bruker dei gode tidene aktivt for at omstillinga av norsk økonomi fortset. Ingen skal gå ut på dato i det norske arbeidslivet. Skal vi unngå det, må vi satse mykje meir på etter- og vidareutdanning i åra som kjem, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Regjeringas varsla kompetansereform "Lære heile livet" skal bidra til at fleire kan stå lenger i jobb, og at arbeidstakarar får den kompetansen dei treng. I forslaget til statsbudsjettet for 2019 får reforma ein tydeleg plass.

– Eg er særleg glad for at vi foreslår å setje av 37 millionar kroner til utviklinga av fleksible vidareutdanningstilbod i digital kompetanse. Desse tilboda vil vi utvikle i tett samarbeid med høgskular, universitet, fagskoler, bedrifter og næringslivet. Det kan til dømes dreie seg om tilbod innan kunstig intelligens, sensorteknologi, IKT-sikkerheit eller arbeidsdeling mellom menneske og maskin, forklarar Sanner.

Satsinga er ei styrking frå 10 millionar kroner som kom i revidert nasjonalbudsjett tidlegare i år.

30 millionar til bransjeprogram for særleg utsette bransjar

Også opplæring og vidareutdanning til dei med lite utdanning og til fagarbeidarar blir prioritert i budsjettforslaget. Regjeringa foreslår å sette av 30 millionar kroner til bransjeprogram for bransjar som er særleg utsette for digitalisering og automatisering og anna omstilling, og ønsker et spleiselag der staten betaler for å utvikle og drive tilboda og der verksemder investerer eigne ressursar. Den einskilde tilsette må også investere noko i form av tid.

– Bedriftene melder om eit auka behov for tilsette med yrkesfag- og fagskoleutdanning. Regjeringa vil prioritere denne opplæringa, og vi startar med bransjeprogram for kommunal helse- og omsorgssektor og for industri- og byggenæringa, seier Sanner.

36,3 millionar til  modulbasert opplæring i heile landet

Sanner vil også bruke 36,3 millionar kroner for at fleire skal få delta i forsøk med modular på grunnskolenivå, inkludert norsk og samfunnskunnskap, og i fag- og yrkesopplæring. Det foregår allereie forsøk med modulbasert opplæring i fem fylkeskommunar, og dette vil regjeringa no utvide.

– No skal vi utvide forsøka i fag- og yrkesopplæringa til også å omfatte dei store lærefaga helse- og oppvekstfag og bygg- og anleggsteknikk. Tiltaket gir betre høve til å få eit fagbrev for dei som manglar delar av opplæringa. Det skal også gjere det enklare for folk å kombinere opplæring med arbeid, forklarer kunnskaps- og integreringsminister Sanner.

Styrkar Kompetansepluss-ordninga og Lånekassa for vaksne

Kompetansepluss arbeid gir i dag tilsette opplæring i grunnleggande ferdigheiter. Sidan 2013 har 53 000 delteke på kurs, og regjeringa har nesten dobla løyvinga i same perioden. I forslaget til statsbudsjett for 2019 foreslår ho å styrke ordninga med ytterlegare 10 millionar kroner.

– Å bli betre i grunnleggande ferdigheiter er viktig for fleire prosjekt regjeringa har. Både i lære heile livet, integreringsløft og inkluderingsdugnad vil dette komme godt med.  

Regjeringa vil også auke utdanningsstøtta til vaksne som tar vidaregåande opplæring med 10 millionar kroner.

– Ei anna utfordring for bedrifter som vil gi riktig fagleg påfyll til dei tilsette, er at det i dag ikkje eksisterer noka samla oversikt over kva for tilbod som finst. No set vi av 6 millionar til å starte arbeidet med ei nettplattform for etter- og vidareutdanningstilbod, og til å utvikle eit verktøy som skal gi betre informasjon om etter- og vidareutdanning på utdanning.no, seier Sanner.

Dette kjem i tillegg til satsinga på digital karriererettleiing, som blir førd vidare med om lag 25 millionar kroner i budsjettforslaget for 2019.

Kompetansereforma "Lære heile livet"

  • Kompetansepolitikken handlar om å gi den norske befolkninga dei kunnskapane og ferdigheitene dei treng for å behalde jobbane sine i møte med nye krav til omstilling – og for å få nye jobbar når arbeidslivet er i endring.
  • Ein av fem vaksne har ikkje fullført vidaregåande opplæring, og har difor auka risiko for utanforskap.
  • Rundt 400 000 vaksne er såkalla svake lesarar og rundt 800 000 meistrar ikkje enkle IKT-verktøy som e-post og å bruke nettleser.
  • Trass i auka omstillingsbehov går deltakinga i etter- og vidareutdanning ned. Dei som deltar i størst grad, er kvinner i offentleg sektor med høg utdanning.
  • 6 av 10 bedrifter svarte i NHOs Kompetansebarometer 2018 at dei har eit udekt kompetansebehov.