Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Betre hjelp til barn i barnevernet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa føreslår 54 millionar kroner for å betre helsehjelpa til barn i barnevernet og utvide retten til ettervern.

Mange barn som får hjelp frå barnevernet, har helsemessige utfordringar. Regjeringa ynskjer difor å gi 30 millionar kroner meir til helsetilbodet for barn i barnevernet. Midlane er fordelt mellom Barne- og familiedepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet.

– Satsinga skal gje barn i barnevernet betre helse, livskvalitet og auke deira moglegheit for livsmeistring, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Styrkinga inneber mellom anna betre og tidleg kartlegging av barn som flyttast ut av heimen. Det skal òg utarbeidast nye rutinar for arbeidet til helse- og barneverntenestene på feltet, der gode rutinar har mangla. Dette vil styrkje deira kunnskap om kvarandre og føre til eit betre samarbeid om barn og unge som har behov for hjelp frå begge tenestene.

I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa også at retten til ettervern utvidast frå 23 til 25 år, frå 1. januar 2021. Det er løyva 24 millionar kroner for å få dette til.

– Unge med erfaring frå barnevernet treng ofte lengre tid for å oppnå gode overgangar til vaksenlivet, og mange manglar den støtta som andre får frå foreldra sine. Ettervern kan gje unge den støtta dei treng i overgangen til vaksenlivet, seier Ropstad.

Unge som har opplevd omsorgssvikt har høg risiko for å hamne utanfor utdanning og arbeidsliv. Ettervern kan bidra til at fleire fullfører vidaregåande skule og hindre langvarig utanforskap. Forsking viser at dei som mottar ettervern, klarer seg betre seinare i livet enn dei som ikkje mottar dette.