Historisk arkiv

Lansering av regjeringa.no

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Det er ei stor glede for meg å ynskje velkommen til lanseringa av ein ny nettstad. Og vi snakkar ikkje om kva nettstad som helst, men om regjeringa sin eigen portal. Det er målet vårt at regjeringa.no skal vere ein open og tilgjengeleg møteplass mellom regjeringa og folket.

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys, måndag 12. februar 2007.

Det er ei stor glede for meg å ynskje velkommen til lanseringa av ein ny nettstad. Og vi snakkar ikkje om kva nettstad som helst, men om regjeringa sin eigen portal. Det er målet vårt at regjeringa.no skal vere ein open og tilgjengeleg møteplass mellom regjeringa og folket.

Det er snart to månader sidan portalen MiSide vart lansert. På kort tid har det offentlege servicekontoret på nett vorte ein suksess. Over 150.000 innbyggjarar har registrert seg.  Informasjonsportalar tilpassa brukarane sine behov og forventningar, er viktig for regjeringa. Difor er regjeringa.no enno eit bidrag til å oppfylle vår IKT-politikk om å skape eit informasjonssamfunn for alle, slik vi har sagt i IKT-meldinga Regjeringa la fram rett før jul.

Sidan starten i 1995 har Odin spelt ei viktig rolle i formidlinga av informasjon frå regjeringa og departementa og ut til publikum. I fjor hadde Odin 12 millionar besøkjande og vel 100 millionar treff. Odin har vore ein av dei mest brukte offentlege sidene.

Odin har med sitt departementale fokus vore ein suksess for si tid, men nye krav og ny teknologi krev at vi set oss nye mål og tenkjer nytt. Difor regjeringa.no. No lanserer vi ein portal som både i namnet og heile si utforming skal oppfylle den visjonen vi har sett oss for den nye nettstaden:

- Regjeringa.no skal vere møteplass mellom regjeringa, departementa og ei aktiv deltakande og kunnskapssøkjande befolkning.

Heile portalen består av nettsidene til 17 departement, nettsidene til SMK og portalforsida. For Regjeringa har det vore ei felles utfordring i å lage ein brukarvennleg inngang til internettsidene våre. Vi har ynskt at nettportalen vår skulle ha ein tydeleg avsendar og eit klårt føremål. Namnet – odin.dep.no -  var nok ikkje særleg tydeleg i forhold til kven som var avsendar.

For dei aller fleste er det både enklare og meir naturleg at informasjon frå regjeringa finst på nettstaden regjeringa.no. Eg er overtydd om namnendringa og den nye profilen vil styrkje portalen som den offisielle og viktigaste informasjonskanalen på nettet for regjeringa og dei ulike departementa.

Ein portal som tek mål av seg til å vere regjeringa sin hovudkanal på nettet for å sikre at brukarane kan finne den informasjonen dei treng, må nødvendigvis ha eit offisielt stempel. Folk skal kunne lite på informasjonen frå regjeringa. Den informasjonen som vert lagd ut må vere påliteleg og relevant, samstundes har det vore viktig å sikre ei utforming som gjer sidene tilgjengelege for dei som ikkje trakkar i korridorane våre til dagleg. Då må stoffet vere lett tilgjengeleg, lett å forstå og lett å bruke.

Alle Regjeringar vil til ei kvar tid ynskje at deira eigen nettstad medvirkar til at regjeringa sin politiske bodskap kjem tydeleg fram. Det blir betre med den nye portalen, til glede for alle, einige eller i ueinige i sjølve bodskapen. Difor har trur vi òg at den nye portalen òg vil medvirke til å styrkje demokratiet, ved at alle får ein lettare tilgang til dokumenta som ligg til grunn for politiske vedtak og den aktuelle politiske debatten. I tillegg til den aktuelle debatt fører regjeringen.no vidare tradisjonen frå Odin, med eit godt, strukturert dokumentarkiv slik at ein kan spore tilbake til tidligare regjeringar sitt arbeide.

Brukarane sine behov har stått i sentrum for utviklinga av den nye portalen. Det skal vi sjå døme på etterpå. Portalen er utvikla i nær dialog med dei tre hovudbrukargruppene som sidene har:

  • Innbyggjarane –folk flest
  • Brukarar som politikarar, journalistar, forskarar, næringslivet og ulike organisasjonar.
  • Brukarar innan offentleg forvaltning

Regjeringa.no er utvikla med bakgrunn i brukarundersøkingar som er gjennomførte både i før utviklinga og undervegs. Presentasjon av sidene og dokumenta er testa med utstyr for blinde og svaksynte.

Vi har som mål at den nye portalen vil føre til større bruk av nettsidene. Samstundes skal brukarane bruke sidene enno meir aktivt til å komme seg rundt og hente inn den informasjonen dei ynskjer. Vonleg vil dei finne det dei leitar etter. Det er gjort mykje for å gjere sidene mest mogleg brukarvennlege:

- Alle departement har fått framsider på bokmål, nynorsk, samisk og engelsk. All grunnleggjande informasjon er tilgjengeleg på desse språka.

- Tilgjenge for funksjonshemma, spesielt svaksynte, dyslektikarar –  syntetisk tale på bokmål, nynorsk og engelsk.

- Framtidsretta teknologi er teken i bruk. Det vil gjere det enklare å utvikle portalane ytterlegare når det er nødvendig.

- Det er gjort store endringar i innhaldspresentasjonen, her kan eg nemne:

  • Framsida er meir informativ.
  • Betre nyheitsprioritering.
  • Nyheiter og utfyllande bakgrunnsinformasjon er knytte tettare saman.
  • Betre presentasjon av regjeringas innsats på utvalde politikkområde.
  • Meir brukarvennleg presentasjon av alle regjeringsdokument og NOUar.

- Òg det visuelle har vore viktig i utviklinga av den nye portalen:

  • Oppdatert visuell design – innbydande og imøtekommande.
  • Meir tilrettelagt for mindre avanserte brukarar – enklare innleiande tekster om tema og tilgang til informasjon uavhengig av den departementale strukturen.
  • Dokumenta frå Regjeringa vert presenterte på ein meir tilgjengeleg måte.

Ei lansering er ofte ei markering av at noko er ferdig og at eit kapittel er avslutta. I dette tilfellet kan eg love at vi ikkje står ved eit endeleg sluttresultat. Ein ting som har vore viktig for oss, er å leggje fundamentet for ein portal som skal leve lenge. Og er det noko som kjenneteiknar portalar som skal leve lenge, så er det at dei må vidareutviklast frå dag ein.

Korleis denne portalen ser ut om fem eller ti år, er det sjølvsagt vanskeleg å ha sterke meiningar om i dag, men eg er ganske sikker på at det er lagt inn nye tilbod og nye funksjonar som ikkje er der i dag. Eg håpar det er mogleg for oss å utvikle sidene ytterlegare, slik at vi om ikkje lenge kan:

Ha videooverføringar av pressekonferansar der det vert mogleg for publikum å stille spørsmål.

  • Tilby Pod-casting av pressekonferansar.
  • Tilby avanserte e-postabonnement – der dei som ynskjer det får siste nytt i e-postkassen sin.
  • Arrangere nettmøte på regjeringa.no der innbyggjarane kan møte regjeringsmedlemmer og stille spørsmål om politikken.

Regjeringa ynskjer at regjeringa.no skal vere ein moderne portal under kontinuerleg utvikling. No har vi eit godt fundament på plass. Eg vil takke Departementas Servicesenter og alle de andre som har medvirka frå det enkelte departement og ikkje minst brukargruppene,  for jobben som er gjort med å utvikle regjeringa.no. Eg gler meg til å ta den nye portalen i bruk og trur at det er mange fleire enn meg som får stor glede av den.

Og med dette erklærer eg regjeringa.no for opna!