Historisk arkiv

Gode barnehagar for alle

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

For første gong blir det presentert ei stortingsmelding om barnehagar som berre handlar om kvalitet. Det skal vere likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, og barnehagen skal styrkjast som læringsarena og vere ein stad med eit inkluderande fellesskap for alle barn.

For første gong blir det presentert ei stortingsmelding om barnehagar som berre handlar om kvalitet. Det skal vere likeverdig og høg kvalitet i alle barnehagar, og barnehagen skal styrkjast som læringsarena og vere ein stad med eit inkluderande fellesskap for alle barn. 

Statsministeren og kunnskapsministeren på Klossen barnehage i Oslo
Statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell besøkte fredag Klossen barnehage i Oslo. Foto: Statsministerens kontor.

– Dei siste åra er det gjennomført ein barnehagerevolusjon. Barnehageutbygginga har vore ein suksess, det er innført maksimalpris for foreldrebetaling og rett til barnehageplass. Innsatsen skal no rettast sterkare mot kvalitet og innhald i barnehagen, seier statsminister Jens Stoltenberg. 

– Endeleg kan vi flytte fokuset frå nok plassar til gode nok barnehageplassar, seier kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell.

Statsministeren og kunnskapsministeren presenterte stortingsmeldinga om kvalitet i barnehagen fredag. I meldinga har regjeringa sett seg klare mål for kvalitetsarbeidet i barnehagen. 

– Menneska er og blir den viktigaste faktoren for kvaliteten i barnehagane; dei tilsette sjølvsagt, men også foreldra, seier Solhjell.

Kunnskapsminister vil derfor trekkje foreldra meir med i barnehagearbeidet. Regjeringa foreslår å etablere eit nasjonalt foreldreutval for barnehagen – FUB – tilsvarande det ein har for grunnopplæringa. Eit anna nytt tiltak er at alle barnehagar skal tilby to foreldresamtalar kvart år.

Fleire førskulelærarar og auka kompetanse hos dei tilsette i barnehagen er det viktigaste tiltaket. Derfor blir talet på studieplassar i førskulelærarutdanninga auka med 940 plassar allereie i 2009. Dette gjeld både ordinær førskulelærarutdanning, arbeidsplassbasert førskulelærarutdanning for assistentar og vidareutdanning for alle tilsette i barnehagen. Samtidig blir det foreslått å gi alle nyutdanna førskulelærarar rettleiing frå 2011.

Regjeringa vil oppnemne eit offentleg utval om pedagogisk tilbod til alle førskulebarn. Utvalet skal mellom anna sjå på korleis tilbodet før skulestart er organisert i dag. Utvalet skal også vurdere ulike ordningar for eit pedagogisk tilbod i førskulealder og peike på fordelar og ulemper ved slike tilbod. Innstillinga frå utvalet skal etter planen kome innan 1. juni 2010.

Stortingsmeldinga inneheld også fleire forslag til tiltak for å styrkje læringsmiljøet i barnehagane, mellom anna forslag til krav om språkkartlegging og overføring av skriftleg dokumentasjon frå barnehage til skule om dei interessene barna har, om leik, læring og utvikling.

– Sjølv om vi vil styrkje barnehagen som læringsarena, inneber ikkje det at vi vil gjere barnehagen til skule. Tvert om. Denne meldinga framhevar nettopp at barnehagen har ein eigenverdi og ein sjølvstendige plass i utdanningssystemet, seier Solhjell.