Historisk arkiv

Statsbudsjett 2019:

Meir til digitale privatarkiv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår å auke statstilskotet til Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek. Forslaget til auke på 1,4 millionar kroner skal gå til langtidslagring og formidling av digitale privatarkiv.

– Regjeringa ønskjer å ta vare på dokumentasjon om vår nære historie. Slik informasjon som er lagra på harddiskar, minnepinnar, cd-rom og andre digitale lagringsmedium, seier kulturminister Trine Skei Grande.

– Om vi ikkje gjer noko no, kan vi risikere at den digitale dokumentasjonen blir borte. Den digitale informasjonsmengda vi skal ta vare på for framtida må bli overført til system som er eigna for langtidslagring. Og vi må sikre oss at denne delen av vår kulturarv blir tilgjengeleg for bruk, seier kulturminister Skei Grande.

– Berre ni prosent av dei digitale arkiva som er overført til system for langtidslagring, gjeld private personar, organisasjonar og verksemder. Vi aukar difor tilskotet til Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek med 1,4 millionar kroner som eit nasjonalt løft for å ta i mot, langtidslagre og formidle digitale privatarkiv, seier kulturminister Trine Skei Grande.