Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

Eit krafttak for mangfald og likestilling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa vil gjennom budsjettforslaget for 2021 styrke mangfaldet i kunst- og kulturlivet, idretten og frivilligheita, slik at fleire kan ta del.

–  Kunst og kultur har ein unik posisjon til å gje rom for eit mangfald av ytringar, minske avstand og binde menneske saman. Gjennom inkluderande og brei deltaking kan vi skape samhald og fellesskap. Men meir mangfald kjem ikkje av seg sjølv, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

Kulturdepartementet vil derfor ta eit krafttak for mangfald i budsjettforslaget for 2021.

Det overordna målet er at kunst, kultur, idrett og frivilligheit skal inkludere alle, uavhengig av kjønn, bustad, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsevne, sosial og økonomisk bakgrunn.

Meir mangfald er sentralt i fleire av Kulturdepartementet sine satsingar for 2021, deriblant desse:

  • Til saman blir det foreslått å løyve om lag 30 millionar til å vidareføre og styrke arbeidet med mangfald, integrering og likestilling på kunst- og kulturfeltet ved å støtte institusjonar og aktørar som har søkt om støtte til mangfaldsarbeid. Regjeringa vidarefører Norsk kulturråd si rolle som nasjonal koordinator for arbeidet med mangfald i kunst- og kulturlivet.

  • Regjeringa ønsker å auke mangfaldet i rekrutteringa til kunst- og kulturlivet. Regjeringa foreslår blant anna å legge til rette for eit breitt talentutviklingsarbeid for barn og unge. Til saman blir det foreslått å løyve 29 millionar.

  • Regjeringa foreslår å styrke dansefeltet med 11 millionar kroner. Betre infrastruktur og auka aktivitet vil gjere at fleire kan delta.

  • Regjeringa foreslår å etablere ei eiga tilskotsordning på 8 millionar kroner for å styrke arbeidet mot diskriminering, rasisme og hatefulle ytringar. Frivillige organisasjonar og lokale myndigheiter kan søke om støtte til aktivitetar som skal fremje mangfald og dialog.

  • Regjeringa foreslår å styrke tilskotsordninga til lhbtiq-organisasjonene med 2 millionar. Organisasjonane spelar ei viktig rolle i å redusere negative haldningar mot lhbtiq-personar.