Historisk arkiv

Markering av handelsavtalar i Davos

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

EFTA-landa og India skal denne veka markera at partane startar forhandlingar om ein handelsavtale. Samtidig skal frihandelsavtalen mellom EFTA-landa og Canada signerast. Avtalane bidrar til å skapa nye moglegheiter for norske eksportbedrifter.

EFTA-landa og India skal denne veka markera at partane startar forhandlingar om ein handelsavtale. Samtidig skal frihandelsavtalen mellom EFTA-landa og Canada signerast. Avtalane bidrar til å skapa nye moglegheiter for norske eksportbedrifter. Statssekretær Annelene Svingen i Nærings- og handelsdepartementet er Noregs representant under markeringane i Davos.

- India er eit topprioritert land for Noreg i handelssamanheng. Nærings- og handelsmininsteren har lenge arbeidd for at EFTA skal etablera ein handelsavtale med India. Landet er i ferd med å bli ein av dei største marknadene i verda, og ein handelsavtale vil vera positivt for norske bedrifter og norsk konkurransekraft, seier Svingen.

Annelene Svingen og representantar for dei andre EFTA-landa skal laurdag 26. januar møta den indiske handelsministeren Kamal Nath i Davos for å markera oppstarten av forhandlingane.

På møtet i Davos skal også frihandelsavtalen mellom EFTA og Canada signerast. Canada er Noregs tredje største handelspartnar, etter EU og USA. Norske bedrifter eksporterte varer til Canada for over 20 milliardar kroner i 2007. Avtalen med Canada kan tre i kraft allereie i slutten av 2008.