Motsegn til reguleringsplan for masseuttak på Fossandmoen - Forsand kommune

Departementet godkjenner planen i samsvar med resultatet i mekling 13. mars 2013, som ikkje vart godkjent i kommunestyret. Dette inneber at dei to gravrøysene lengst frå fylkesvegen kan bli frigjevne, medan dei to gravrøysene nærast vegen skal sikrast. Motsegna frå Riksantikvaren er dermed delvis teken til følgje.

Vi viser til oversending frå Fylkesmannen i Rogaland datert 16. januar 2014 for avgjerd etter plan- og bygningslova (pbl.) § 5-6. 


Departementet godkjenner planen i samsvar med resultatet i mekling 13. mars 2013, som ikkje vart godkjent i kommunestyret. Dette inneber at dei to gravrøysene lengst frå fylkesvegen kan bli frigjevne, medan dei to gravrøysene nærast vegen skal sikrast. Motsegna frå Riksantikvaren er dermed delvis teken til følgje.


Bakgrunn for saka
Reguleringsplan for masseuttak på Fossanmoen vart vedteken av kommunestyret 13. juni 2012. Føremålet med reguleringsplanen er å leggje til rette for uttak av sand og grus på eigedomen gnr. 41 og bnr. 28 på Fossanmoen i Forsand kommune. Området som skal omregulerast - i det følgjande omtalt som ” tiltaksområdet” - inngår òg som ein del av reguleringsplan for masseuttak Fossanmoen, vedteken 20. oktober 2004.

Tiltaksområdet er i dag regulert til jordbruk, men er omgjeve av areal regulert til masseuttak mot vest, sør og aust og fylkesveg 491 mot nord. Omregulering av tiltaksområdet til uttak av sand og grus vil opna for eit samanhengjande uttaksområde sør for fylkesveg 491. I tiltaksområdet ligg i dag fire godt synlege gravrøyser på rekkje. I gjeldande kommuneplan 2008 - 2022 er det aktuelle området avsett til landbruks-, natur- og friluftsområde. I gjeldande reguleringsplan er tiltaksområdet regulert til spesialområde - område for jordbruk med særskilte føresegner og område for kulturminne.

Det har over ein periode på 10 - 15 år vore arbeidd med regulering av dette området til masseuttak,  med tilbakeføring til landbruksområde etter uttaksperioden. Fyrste planutkast vart møtt med motsegn frå Rogaland fylkeskommune knytt til ei rekkje på fire gravhaugar midt i planområdet. Forsand kommune meinte det var gjort avtale med grunneigar og Arkeologisk museum om utgraving og frigjeving av området, men kunne ikkje leggje fram dokumentasjon for dette. Planen vart difor vedteken i oktober 2004 med eit verneområde rundt gravhaugane. I etterkant av planvedtaket kom avtalen med Arkeologisk museum, datert 5. oktober 1988, til rette. På bakgrunn av denne avtalen tok kommunen kontakt med Miljøverndepartementet og Rogaland fylkeskommune. I svarbrevet av 2. oktober frå 2006 Miljøverndepartementet vart det signalisert ei positiv innstilling til frigjeving av dei ovanfor nemnde gravhaugane gjennom søknad og omregulering av området.

Forsand kommune ønskjer å leggje til rette for masseuttak på Fossanmoen. Kommunestyret godkjende 16. desember 2012 reguleringsplanen med atterhald om at departementet godkjenner planen.

Rogaland fylkeskommune rår i brev 7. juli 2009 til å gje dispensasjon for gravrøysene. Dei viser til avtalen frå 1998 mellom Brynjulf Fossan og Arkeologisk museum, og peikar på at den må ha skapt forventning hjå både grunneigar, sandindustrien og kommunen om at dei nemnde areala kunne frigjevast til framtidig grus- og sandtaksdrift.

Riksantikvaren har 8. januar 2012 fremja motsegn til reguleringsplan av omsyn til å verne kulturminne på staden. Dei meiner at dei fire gravrøysene er av høg nasjonal verdi. Dei er dei einaste bevarte kulturminna på Fossanmoen i opent lende som ikkje er skjemde av inngrep i nyare tid. Sidan dei fire gravrøysene ligg på rekkje i dyrka mark og er synlege i kulturlandskapet, er dei ideelle kjelder til oppleving og formidling.

Mekling vart gjennomført mellom Forsand kommune og Riksantikvaren 13. mars 2013. I meklinga blei det semje om eit kompromiss, der Riksantikvaren var villig til å frigje to av dei fire gravrøysene til fordel for masseuttak. Forsand kommunestyre handsama saka 29. mai 2013. Dei gjekk i mot meklingsresultatet, og bad om at departementet tek endeleg avgjerd.

Fylkesmannen i Rogaland tilrår i brev 16. januar 2014 at departementet endrar reguleringsplanen i samsvar med meklingsresultatet. Fylkesmannen meiner meklingsresultatet er eit godt kompromiss, der både viktige kulturminne blir tekne vare på, samtidig som hovuddelen av sandressursen kan takast ut.

Synfaring og møte vart gjennomført 11. mars 2014. Til stades var det representantar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Riksantikvaren, Fylkesmannen i Rogaland, fylkeskommunen, kommunen og representantar for grunneigarane.

Klima- og miljødepartementet (KLD) tilrår i brev datert 15. april 2014 at motsegna frå Riksantikvaren vert teken delvis til følgje. Departementet rår til at to av gravrøysene og busettingsspora lengst frå fylkesvegen vert frigjevne slik at hovuddelen av sandressursen kan takast ut. Tilrådinga samsvarar med meklingsforslaget. KLD har forståing for at avtalen som er lagt fram kan ha skapt forventningar hos grunneigar, sandindustri og kommunen om å utvikle masseuttaket. Likevel meiner KLD at korkje avtalen eller brev frå Miljøvern-departementet i 2006 kan leggjast til grunn for framtidig handsaming av saka.
 
KLD viser til at dei fire gravrøysene er av høg verdi, både i regional og nasjonal samanheng. Dei er verdfulle kjelder til oppleving og formidling av religiøse, politiske og sosiale strukturar som har forma liva til menneska på Fossanmoen i bronse- og jernalderen. Gravrøysene er godt synlege element i kulturlandskapet og ligg på rekkje i fire haugar som ligg i dyrka mark. 


Kommunal- og moderniseringsdepartementet si vurdering
I mange år har Forsand kommune arbeidd med å få frigjeve areal til uttak av sandressursane på Fossanmoen. For å realisere sine planar, vart det lagt fram ein avtale frå 1988 mellom grunneigar og ansvarleg kulturstyresmakt (Arkeologisk museum) om å gjere fri heile områda for utvinning av sandressursane. I lang tid har det vore usemje om rettsverknaden av denne avtalen. Ei medverkande årsak er at styresmakttilhøva har endra seg, og at den noverande kulturminnestyresmakta må gjere vurderingar ut frå dagens situasjon. Kommunal- og moderniseringsdepartementet viser til Klima- og miljødepartementet si uttale om dette. Dessutan er ikkje avtalen eintydig når det gjeld frigjeving av dei fire gravrøysene. For dei to gravrøysene som ligg lengst frå vegen, seier avtalen at desse ikkje er inkludert. For dei to gravrøysene som ligg nærast vegen, seier avtalen at ” det må tas opp forhandlinger med AmS om dette i så god tid før drift planlegges igangsatt at eventuelle undersøkelser kan gjennomføres uten tidspress.” Kommunal- og moderniseringsdepartementet tolkar dette slik at eventuell frigjeving av desse gravrøysene må gjerast ut frå ei ny kulturminnefagleg vurdering, i god tid før framtidig bruk, dersom det er aktuelt å setje i gang drift der gravrøysene står. 

Dei fire gravrøysene er av høg verdi, både i regional og nasjonal samanheng. Riksantikvaren framhevar at gravrøysene er dei einaste bevarte kulturminna på Fossanmoen i opent lende som ikkje er skjemma av inngrep i nyare tid. Saman med fortidslandsbyen Landa illustrerer dei korleis heile landskapet vart teke i bruk og vitnar om den meir enn 2000 år lange forhistoriske busetjingshistoria på Fossanmoen. Landa ligg rett på andre sida av fylkesveg 491, og er den eldste, rekonstruerte landsbyen i Noreg. Fortidslandsbyen Landa er gjenreist med tre rekonstruerte bygningar som representerer bronsealder, jernalder og folkevandringstida. Det er att 10 gravhaugar i området som ligg inne i landsbyen. I tillegg er det på Landa eit kulturhus og skule.

Uttak av sand utgjer ei av dei viktigaste næringane i Forsand kommune. Kommunen ser på sandindustrien som viktig av omsyn til lokale arbeidsplassar. Om lag hundre arbeidsplassar er i dag knytt direkte eller indirekte til sandindustrien. Dette er ein vesentlig del av arbeidsplassane i ein kommune med 1160 innbyggarar. Sandressursane på Fossanmoen har ikkje berre lokal verdi, men i følgje Norges geologiske undersøkelse (NGO) er dette òg ein viktig nasjonal førekomst i forsyninga av byggjeråstoff, slik at det bør leggjast til rette for ei best mogleg utnytting av desse ressursane.

I vurderinga mellom kulturminna og sandressursane på Fossanmoen meiner Kommunal- og moderniseringsdepartementet at meklingsforslaget bør leggjast til grunn. Dette inneber at to av gravrøysene kan frigjevast til fordel for masseuttak. Dermed kan hovuddelen av sand-ressursane takast ut, samtidig som dei to gravrøysene nærast Landa vert sikra. Departementet meiner eit slikt kompromiss på ei god måte ivaretek dei ulike interessene i saka. Dei to gravrøysene som er igjen vil saman med fortidslandsbyen Landa framleis formidle viktig kulturhistorie. Samstundes blir det frigjeve nok areal til å halde fram med uttak av sandressursane på staden.

 

Vedtak:

Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner reguleringsplan for masseuttak på Fossandmoen i samsvar med resultatet i mekling 13. mars 2013. Dette inneber at dei to gravrøysene lengst frå fylkesvegen kan bli frigjevne, medan dei to gravrøysene nærast vegen skal sikrast, jf. vedlagte kart.

Departementet ber kommunen endre plankartet og føresegnene i samsvar med vedtaket.

 

Med helsing 


Jan Tore Sanner
   

   

Kopi: 

Klima- og miljødepartementet
Forsand kommune
Riksantikvaren - Direktoratet for kulturminneforvaltning
Rogaland fylkeskommune