Historisk arkiv

20 millionar meir i auka drifsstøtte til Redningsselskapet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Redningsselskapet med 20 millionar kroner.

Regjeringa foreslår å auke tilskotet til Redningsselskapet med 20 millionar kroner.

-Regjeringa er oppteken av tryggleiken til alle dei som har sjøen som arbeidsplass og dei som brukar den til fritid og rekreasjon. Med denne auken i tilskotet bidreg vi til å styrkje Redningsselskapet sin viktige innsats for sjøtryggleiken gjennom fast bemanna redningsskøyter langs heile kysten, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Med eit totalt årleg rammetilskot til Redningsselskapet på 78 millionar i 2014 bistår staten med å halde oppe selskapet sin innsats i den aksjonsretta redningstenesta og i det forebyggande arbeidet i kystforvaltninga for å hindre ulukker. I tillegg får Redningsselskapet finansiering gjennom tippemidlane.

- Veksten i tilskotet gjer det mogleg å styrke det førebyggande arbeidet for å hindre ulykker på sjøen, med særleg vekt på barn og unge, seier Berg-Hansen.