Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2021:

70 millionar til verneverdige kyrkjer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Regjeringa føreslår ein løyving på om lag 70 millionar kroner til istandsetting og sikring av kulturhistorisk verdifulle kyrkjer i 2021.

– Kyrkjebygg er blant dei viktigaste kulturminna i landet. Mange eldre kyrkjebygg er i dårleg stand og har eit betydeleg vedlikehaldsetterslep. Eit stadig våtare klima gjer at kyrkjene er ekstra utsett for skader dersom tak, tårn og veggar ikkje er i god stand. Fleire hundre kyrkjer har også røyrovnar og gamle, brannfarlege sikringsskap som må settast i stand, seier trus- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

I statsbudsjettet for 2021 føreslår regjeringa difor å løyve 50 millionar kroner til istandsetting av klimaskal, og utskifting av el-anlegg og gamle røyrovnar i kyrkjer frå før 1850. Løyvinga er ei vidareføring av tiltaka som vart sett i gang i 2020, som ein del av regjeringa sin tiltakspakke i samband med koronakrisa.

– Med ei løyving på 50 millionar kroner vil vi kunne fullføre det arbeidet som vart starta i 2020 og fleire kyrkjer kan få nytt klimaskal og betre branntryggleik, seier Ropstad.

Kva for kyrkjer og sikringstiltak som kan gjennomførast i 2021 avgjerast i samråd med mellom anna antikvariske og kyrkjelege instansar. Kommunane på staden må også bidra økonomisk.

I tillegg til dei 50 millionane, føreslår regjeringa ytterlegare nærare 20 millionar kroner til anna istandsetting og sikring av kulturhistoriske kyrkjer. Totalt utgjer dette om lag 70 millionar kroner i 2021.

– Sjølv om alle parti har snakka varmt om kor viktig det er å sikre dei verneverdige kyrkjene, er det fyrst dei siste åra at det verkeleg har blitt lagt pengar på bordet. 40 millionar kroner i 2019, 72 millionar kroner i 2020, og eit forslag om 70 millionar i 2021. Altså til saman 182 millionar kroner over tre budsjettår, seier Ropstad.