Historisk arkiv

Vedlikehaldet på vegane skal betrast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Drift og vedlikehald av vegane er viktig både når det gjeld framkome og tryggleik. Det seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, som i dag fekk overlevert ein rapport som evaluerer konkurranseutsetjinga av drift- og vedlikehald i Statens vegvesen.

- Drift og vedlikehald av vegane er viktig både når det gjeld framkome og tryggleik. Det seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa, som i dag fekk overlevert ein rapport som evaluerer konkurranseutsetjinga av drift- og vedlikehald i Statens vegvesen. Det er selskapet Dovre Group som har laga rapporten på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.

- Dette er eit område eg tek alvorleg. Det er viktig for meg å sikre ei organisering som gjer at vi får mest mogleg igjen for pengane, og vi arbeider no aktivt med å gjera systema betre, seier statsråden.

Evalueringa tek føre seg dei oppgåvene knytte til drift og vedlikehald av vegnettet som blei sett ut på konkurranse som funksjonskontraktar i 2003. Dette gjeld dei fleste oppgåvene knytte til den daglege drifta av riks- og fylkesvegnettet inkludert gang- og sykkelvegar, og snøbrøyting på vinterstid. Dei ulike funksjonskontraktane utgjer om lag ein tredel av den samla omsetnaden innan drift og vedlikehald av det vegnettet vegvesenet har ansvar for. Dei siste to tredelane er asfaltering, vegmerking, elektro og tungt vedlikehald. Også desse oppgåvene er konkurranseutsette.

- Eg vil gå nøye gjennom rapporten. Saman med rapporten frå Riksrevisjonen frå sist haust, har me no viktige bidrag som grunnlag for å styrka drifts- og vedlikehaldsarbeidet på vegane våre, seier Magnhild Meltveit Kleppa. 

Lenke til rapporten: Evaluering av konkurranseutsettingen av drift- og vedlikehold i Statens vegvesen