Fylkesnytt frå Rogaland 1/2014

Dette innhaldet er meir enn 10 år gammalt.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om tre sauetomme heiar i Ryfylke som no blir tekne i bruk.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om tre sauetomme heiar i Ryfylke som no blir tekne i bruk.

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Fleire sauer til fjells

Tre sauetomme heiar i Ryfylke blir no tekne i bruk. Lokkemiddelet er radiobjøller som  kommuniserer via satellitt.  Interessa for radiobjøller er formidabel, seier Bjarne Østerhus, leiar i prosjektgruppa for "Auka bruk av heiebeite".  

Rogaland Sau og Geit (RSG) har teke initiativ til eit treårig prosjekt "Auka bruk av heiebeite" på bakgrunn av endringar i bruken av beiteressursane. Heiebeita er viktige beiteressursar, men med færre bønder, færre dyr og mindre beitetrykk fører dette til auka attgroing og mindre attraktive heiebeite, samt problem  med overvaking og sauesanking. Resultatet blir at sauene blir flytta til innmarka, og med det følgjer auka problem med snyltarar. 

RSG har saman med fleire beite- og sankelag og Fylkesmannen i Rogaland drive møteverksemd for å mobilisere til å nå måla om auka og meir effektiv bruk av heiebeita, redusert attgroing og nyrekruttering av bønder. RSG kjøpte i 2013 inn 100 E-bjøller frå Find my sheep AS. Bjøllene blei i fjorårssesongen utlånte til sauebønder, og dermed spreidd rundt i heile fylket for utprøving med maksimalt fem bjøller per besetning. Bjøllene har fungert svært godt, og dei har skapt ei veldig interesse. Fleire sauebønder som har vore i ferd med å kutte ut bruk av utmarka, har fått ny giv. 

Så langt i år har RSG fått inn søknader om lån av radiobjøller som omfattar 2000 sauer. Kriteria for å få bjøller er nye flokkar til heiebeite og til flokkar kor det har vore store problem med å finne sauane igjen om hausten. 

Prosjektet er støtta med midlar frå den regionale partnarskapen. 

Kontaktperson: Eli Munkeby Serigstad, tlf. 51 56 89 62.

Øvre Espedalsstølen i Ryfylke
Øvre Espedalsstølen i Ryfylke (Foto: Arne Jostein Lyshol)


 

Kommunane skal kjenna landbruket sitt

Ordføraren i Finnøy kommune, Gro Skartveit, vil samla ordførarane i landbrukskommunane i Rogaland for å setta landbrukspolitikken på dagsorden. Auka påverknad mot Oslo blir truleg det viktigaste.

Ordførar i Finnøy kommune, Gro Skartveit
Ordførar i Finnøy kommune, Gro Skartveit (Foto: Annabell Pfluger)

Finnøy-ordføraren sa dette på den årlege landbrukskonferansen i Haugesund no i mars. Konferansen arrangerast av Rogaland fylkeskommune, KS og Fylkesmannen i Rogaland.

Landbruks-, distrikts- og regionalpolitikken må sjåast i samanheng, fordi dei heng saman! Øykommunen Finnøy med 16 busette øyar er eit døme på det. Snautt 30 prosent av innbyggjarane er sysselsette i landbruket, og vel 27 prosent av skatteinngangen kjem frå bøndene og gartnarane. Skartveit er bestemt på at alle innbyggjarane i kommunen - nye og gamle - skal vera fortrulege med hevdalukt (lukta av husdyrgjødlsa). 

I Finnøy kommune har landbruket ein sentral plass i kommuneplanen. Kommunen skal snakka fram landbruket, og ordføraren er spesielt oppteken av å utvikla fag- og læringsmiljø for bøndene i kommunen. Ryfylke Næringshage er viktig i dette arbeidet og satsinga Agri-Gründer-skulen har høg deltaking. 

Skartveit meiner det er viktig å arbeida for ein variert bruksstruktur og at nasjonal landbrukspolitikk også må ha med seg denne målsettinga. Kommunepolitikarane må ta eit større ansvar for landbruket, og Skartveit vil difor no ta initiativ til samling med ordførarane i landbrukskommunane i fylket.

Kontaktperson: Geir Skadberg, tlf. 51 56 89 64.
 

Vindafjordbonden

- skal posisjonere og markere seg i samfunnsutviklinga på Haugalandet. Målet med Vindafjordbonden AS er å styrke omdømmet, synleggjere kor viktige bøndene er, styrke rekrutteringa, auke motivasjonen samt oppnå betre drift. 

Banner Vindafjord bonden

Vindafjordbonden AS er etablert for å marknadsføre og synleggjere landbruket sin næringsproduksjon og viktige samfunnsrolle på Haugalandet. Bøndene tok sjølve affære for å bli høyrde i arbeidet med samfunnsutviklinga da dei stadig opplevde å ikkje bli verdsett eller teke med på råd. 

Initiativtakar Roy Erik Hetland
Initiativtakar Roy Erik Hetland (Foto: Annabell Pfluger)

Eit tilfeldig møte mellom bonden Roy Erik Hetland og Vinnarskallen Frank Abelseth var opptakta til Vindafjordbonden AS. Kva var det som førte til at ein bonde frå Vindafjord og ein fotballgal idèutviklar fann saman? Jo, begge meinte at det måtte til eit løft i arbeidet med å synleggjere bøndene som produsentar av mat og energi, med viktige sideeffektar som hald av produksjonsdyr, opne kulturlandskap, tilgjengelege friluftsområde med mange turstiar osv. 

Vindafjord er den femte største jordbrukskommunen i landet med 420 gardar med 600 sysselsette, samt at det er eit tyngdepunkt med 280 sysselsette i foredlingsindustrien i Fatland, Nortura og Noreg sitt einaste garveri. 

Det heile starta hausten 2011. Nokre bønder og Vinnarskalle AS meinte at bøndene og landbruket blei gløymte. Dei følte at andre næringar blei framheva, at bøndene ikkje var så viktige. Noko som førte til at bøndene mista motivasjon og lysta til å investere, og drive gard. Ser vi på tal tilsette i større verksemder på Haugalandet har til dømes datafirmaet Omega 800 tilsette, leverandørfirmaet Westcon 600, Norsk Hydro Karmøy fabrikker 800, den oljerelaterte verksemda Aibel 1900 og landbruket 2100! Det er klart bøndene hadde eit særs godt utgangspunkt, men skulle dei klare å slå gjennom omdømmemuren, måtte det samling til. 

Bondelaga står bak
Dei gjennomførte møte med dei ni bondelaga i Vindafjord for å forankre ideane i næringa, der dei høyrde heime. Alle bondelaga stilte seg bak intensjonane med Vindafjordbonden. Dei ville ta opp kampen om merksemd og påverknad med andre næringar. 

Prosjektet Vindafjordbonden har vore gjennom fleire fasar der Fylkesmannen, fylkeskommunen og Innovasjon Norge har bidrege med finansiering. Det har vore mangt eit møte med bønder, faglag og offentlege aktørar, der ord og vendingar, målsettingar og aktivitetar blei vridd og vrengde på til mykje frustrasjon for handlekraftige bønder. Men desse brytningsprosessane har vore naudsynte for å sikre at resultatet skulle bli godt.

Skilt Spåtveit Gard
(Foto: Alf Egil Vaula)
 

Bondeopprør
Våren 2012 blei Bondeopprør arrangert som tre stormøte der temaet var "Det går eit rykte …om Vindafjordbonden". Stort oppmøte og eit overveldande engasjement på alle møta stadfesta at temaet var viktig for fleire enn bøndene. Resultatet av møta blei eitt sett av verdiar som bøndene kunne einast om, nemleg arbeidsvillig, sjølvstendig og jordnær. Vindafjordbonden sitt motto er "Vil Vekst". Vindafjordbonden AS blei offisielt stifta sommaren 2013 med 80 bønder som medlemmer, og dette er ein overbygning som er uavhengig av kva for selskap bøndene leverer produkta sine til. 

Profilering
Vindafjordbonden har hatt ein samlande effekt, og dei ser lysare på framtida. Arbeidet med profilering kom skikkeleg i gong sommaren 2013. Så langt har dei laga logo, klede (dressar, jakker, t-skjorter), klistremerke, gardsskilt og facebookside der bønder skriv om eigne gardsbruk. Det er og laga ei forbetringstavle for betre styring av aktiviteten i fjøset/på garden. Dei arbeider no med informasjonsskriv og planlegging av "Vil Vekst-dagar" i Ølen. I november 2013 gjennomførte dei tre nye møte der mellom anna serviceavtalar var tema. 

Prosessen fram til nå har vore støtta av lokalt næringsliv, Sparebank 1 SR-bank, Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen. Framover er tanken at arbeidet med Vindafjordbonden skal dekkast av medlemsavgifter og annonsering. 

Kontaktperson: Eli Munkeby Serigstad, tlf. 51 56 89 62.
 

Landbrukskonferansen – ein viktig møtestad 

Landbruket treng møtestader for å bli sett og høyrt og for å delta i samfunnsdebatten. Dialogen med politikarar på alle nivå er svært viktig for jordbruksfylket Rogaland. Men også landbruksnæringa og landbruksforvaltninga har behov for å samsnakkast i opne forum. I Rogaland er den årlege landbrukskonferansen blitt ein slik møtestad. 

Program Landbrukskonferansen 2014
(Ill.: Fylkesmannen i Rogaland)

Landbrukskonferansen 2014 samla politikarar, landbruksnæringa og landbruksforvaltninga til kunnskapsformidling og debatt. Første dagen var det landbrukspolitisk konferanse med om lag 170 personar samla. Hovudtema var "Ny landbrukspolitikk", "Kompetanse og rekruttering" og "Landbruket – grunnlag for levande bygder". 

Konferansen blei arrangert i Haugesund 11.-12. mars. Dette er ein årleg konferanse, og første dagen er det landbrukspolitisk konferanse og andre dagen er det fagsamling for landbruksforvaltninga. På konferansen blir det sett fokus på aktuelle landbrukspolitiske tema, og etter kvart har konferansen utvikla seg til å bli ein viktig møtestad for dei som på ulike vis er engasjert i landbruksnæringa. Mellom anna ser vi at fleire ordførarar deltek kvart år. 

Gjennom konferansen blir landbruket sett på dagsorden, og vi får synleggjort dei ulike utfordringane landbruksnæringa står framfor. Men landbruket i fylket får også vist seg fram. Kreativitet, innovasjon og endringsvilje kjem ofte tydeleg fram når næringa sjølv har ordet. Slik også i Haugesund. 

Både under og etter konferansen har vi fått fleire svært positive tilbakemeldingar både frå næringsrepresentantar, fylkes- og lokalpolitikarar om nytten av denne konferansen som møteplass for drøfting av utfordringar knytt til vidare utvikling av landbruket i fylket vårt. 

Konferansekonseptet er utvikla over mange år. I starten var det Fylkesmannen som var einearrangør. Konferansen blir no arrangert i eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og KS. 

Kontaktperson: Sissel C. Endresen, tlf. 51 56 89 60.
 

Hogstrekordar, men lite planting

Resultatkontrollen for 2011 – 2013 viser at over 40 prosent av hogstflatene anten blir omdisponerte til jordbruk eller ikkje forsøkt forynga. Berre 30 prosent av arealet er tilfredstillande forynga i denne perioden. Avverkinga i fylket er mest tredobla på ti år, men det årlege foryningsarealet er om lag det same. 

Rogaland har i løpet av få år gått frå å vera eit typisk skogreisingsfylke til å bli eit fylke der det er stor kamp om tømmeret. For ei umoden næring som skognæringa i Rogaland er dette utfordrande. Med låg kompetanse og lite innarbeidde rutinar, ser vi mange eksempel på at "læreboka" ikkje blir følgt. Manglande forynging etter hogst er eit eksempel på dette. 

Hogstflate.
Hogstflate. (Foto: Lars Slåttå)

Store endringar i næringa over kort tid er krevjande både for næringa og skogforvaltninga. I denne perioden er den offentlege skogforvaltninga bygd ned, både i ressursar og kompetanse. Skogeigaren er i dei fleste tilfelle ein bonde som  ikkje har erfaring med skogsdrift, og han/ho kjenner difor heller ikkje til tømmerprisar, driftsprisar, sortiment eller tømmermåling. Mange av dei aktuelle eigedommane blei tilplanta for 40 – 50 år sidan, og det er såleis heller ikkje nokon tradisjon for skogkultur på desse eigedommane. 

Resultat frå kontrollen
Gjennom den ordinære resultatkontrollen for skog og miljø er det i perioden 2011- 2013 kontrollert i alt 107 hogstfelt med eit samla areal på 2700 daa. Dette er eit tilfeldig utval basert på hogst gjennomført i 2008, 2009 og 2010.  Minst 90 prosent av hogstflatene ligg på høg eller super  bonitet.

Resultat ordinær kontroll 2011-2013
(Kilde: Fylkesmannen i Rogaland)

 

Nyplantet tre.
Nyplantet tre. (Foto: Stein Bomo)

Resultata går fram av figuren nedanfor. Kontrollen viser bl.a. ei avskoging av delar av dei beste bonitetane med den mest verdifulle skogen. Kontrollen kan oppsummerast i følgjande punkt: 

  • 30 prosent av hogstarealet et tilplanta og i orden på kontrolltidspunkt
  • 28 prosent av hogstarealet er forsøkt tilplanta, men er ikkje tilfredstillande. Ugras/ukrut, snutebiller og beiteskadar er hovudårsak til avgang
  • 24 prosent av hogstarealet blir omdisponert i hovudsak til jordbruksformål, der om lag 70 prosent av omdisponeringsarealet er godkjent omdisponert etter tre år. Resterande 30 prosent av arealet held ikkje krava til ein tilfredstillande jordbruksproduksjon.
  • 19 prosent av hogstfelta er ikkje forsøkt forynga

Hogsttidspunkt
Kontrollen fanga også opp alder på skogen ved hogsttidspunkt. Det går fram at storparten av grana blir avverka før den er hogstmoden. 65 prosent av alle hogstar av gran blir hogd i hogstklasse 4 eller yngre. Dette kan tolkast som eit av fleire utslag av knallhard konkurranse om tømmeret i eit distrikt utan tradisjon for skogsdrift.

Ny fylkestakst
Ny fylkestakst frå Landsskogtakseringen (Skog og landskap) peiker på dei same utfordringane i forhold til forynging. Tala frå fylkestaksten viser eit samla foryngingsbehov 40 000 dekar. 12 000 av 40 000 dekar er på bonitet G17 eller betre. Totalt areal som bør foryngast med planting er vurdert til 23 000 daa. Vi gjer merksam på at fylkestaksten er frå 2007, og den har difor ikkje fått med seg den negative utviklinga i forholdet mellom avverking og planting som har skjedd dei siste seks åra. 

Utfordrande
Resultata frå kontrollen er spesielt utfordrande fordi Fylkesmannen over fleire år nettopp har hatt fokus på forynging etter hogst – både overfor kommunane og skognæringa. Det er blant  anna laga eit eige ferdigsydd opplegg for handheving av foryngingsplikta. Så langt er det  ingen kommunar som har teke dette aktivt i bruk. I tillegg har Fylkesmannen hatt fokus på å få opp aktiviteten på skogkultur gjennom prosjektretta arbeid. 

Kontaktpersonar: Lars Slåttå tlf. 415 67 572 og Stein Bomo tlf. 51 56 89 72.
 

Kan verdien av å vere norsk gi meirpris?

Kan norske matprodusentar ta seg betre betalt for varene sine enn utanlandske produsentar? Og i så fall kvifor? Kva for kvalitetar ved norske råvarer gjer at du og eg vil bla opp litt ekstra? 

Kunnskapsfasilitator og prosjektleiar Helge Bergslien i Måltidets Hus
Kunnskapsfasilitator og prosjektleiar Helge Bergslien i Måltidets Hus (Foto: Tom Haga)

Eit nytt forskingsprosjekt leia frå Måltidets Hus og matklynga NCE Culinology i Stavanger jobbar no med å få innsikt i kva som gjer at forbrukarane vil kjøpe norsk mat. - Kunnskapen som kjem fram i prosjektet skal føre til innovasjon i heile verdikjeda frå produsent, matindustri og til daglegvare eller restaurant, seier kunnskapsfasilitator og prosjektleiar Helge Bergslien i Måltidets Hus. 

Typisk norsk
- Vi forsøker å finne ut akkurat kva slags kvalitetar eller marknadsføring ei vare har som gjer at forbrukarane oppfattar den som norsk, og som gjer at dei kjøper vara fordi den gir noko ekstra. Det same undersøkjer vi i forhold til kor vara blir selt og distribuert. Vi undersøkjer altså kva som avgjer at folk vel den norske vara framfor ei  utanlandsk, forklarer Bergslien. 

Open innovasjon
Ein annan del av prosjektet er å fange opp innovasjonsidear gjennom såkalla open innovasjon, der kunnskapane som utviklast blir eit felles gode og kan takast i bruk av alle deltakarane i prosjektet. Målet her er at alle deltakarane kjem ut med ny kunnskap om forbrukarane sine haldningar og verdiar, samtidig som dei har delt kunnskap med kvarandre rundt nye produkt og konsept som dei kan jobbe vidare med i sine eigne bedrifter.

Rogaland og Sør-Trøndelag i førarsetet
Forskinga går føre seg i Stavanger, Trondheim og Oslo, og det blir gjort undersøkingar både i urbane strok og i bygdeområde rundt desse stadene. For å finne ut om norsk opphav og produksjon er ein reell meirverdi, blir det forska både gjennom observasjon, intervju og fokusgrupper.  – Vi vil også sjå på tre typar utsalsstader, både fullsortimentbutikkar, lågpris- og spesialbutikkar for å få breidde i undersøkingane, seier den erfarne forskaren. 

Måltidets hus.
Måltidets hus. (Foto: Nofima)

Dei som er med i prosjektet er Wiig Gartneri, Rymat, Dybvik Klippfisk AS, Universitetet i Stavanger, Statens Institutt for forbruksforskning (SIFO), Nofima, Tine og Høyskolen i Sør-Trøndelag. 

Prosjekt i tre fasar
Prosjektet skal gå i tre fasar fram til 2016. Den første fasen er alt godt i gang sidan oppstart i 2013. - Vi har starta med å skaffe oss innsikt i kva forbrukaren oppfattar som norsk og kva utsalsstaden betyr for dette, forklarer Bergslien. I løpet av året startar andre delen av prosjektet, som består i å møte forbrukarane sine oppfatningar. – Konkret betyr dette at vi justerer og legg til rette produktet slik at det møter forbrukarane sine oppfatningar av kva som er norsk. Det same gjer vi ute i butikkar eller andre utsalsstader, seier han. Ein av dei viktige styrkane i prosjektet ligg her. Ny kunnskap blir direkte omsett i handling for produsentane, slik at dei raskt kan hente ut meirverdien av det "norske", for å seie det litt forenkla, understrekar Helge Bergslien. 

Nye produkt?
Den tredje fasen i prosjektet er å utvikle og teste nye produkt og konsept. – Ein viktig effekt i prosjekta vi leiar er at det er eit supert kreativt forum. Deltakarane boblar med nye idear og tankar, og målet må jo vere at vi kan utløyse dette, slik at bedriftene får med seg innovasjonane og produktutviklinga som kjem fram under samlingane, seier Bergslien. 

I heile 2015 og 2016 er målet at deltakarane skal jobbe med å lage nye produkt med den nye kunnskapen dei har fått med seg, i si eiga bedrift. – Det er fint for bedriftene at dei kan jobbe med forskarmiljø i ryggen, og for forskarane er det bra å jobbe tett på næringsutvikling. Eg ser på dette som ein vinn-vinn-situasjon for våre ulike fagmiljø, og er sjølvsagt veldig spent på kva som kjem ut av dette, både når det gjeld ny innsikt og nye produkt, seier Helge Bergslien. 

Fylkesmannen har vore, og er tett på både Måltidets hus og NCE Culinology, både med midlar og styrerepresentasjon. 

Kontaktperson: Eli Munkeby Serigstad, tlf. 51 56 89 62.

Eple på grein.
(Foto: Arne Jostein Lyshol)