Historisk arkiv

Beste busettingsår på 20 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

7784 flyktningar vart busette i norske kommunar i løpet av 2014. Det er ein auke på 19 prosent samanlikna med året før. Ikkje sidan 1994, då mange flyktningar kom etter krigen i Bosnia, har kommunane busett like mange flyktningar som i fjor.

- Dette er eit prioritert område for regjeringa og eg er glad for å sjå at arbeidet gir resultat. Men vi må halde fram. Framleis ventar nesten 5000 flyktningar med lovleg opphald i asylmottak på å starte sine liv ute i ein kommune, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

Auka busetting har også ført til at talet på flyktningar i mottak har minka. 504 færre busettingsklare sat i norske asylmottak ved utgangen av 2014 samanlikna med året før.

Fleire tiltak

Det siste året har regjeringa sett i gang fleire tiltak for å sikre auka og raskare busetting av flyktningar. Integreringstilskotet til kommunane er auka med 300 millionar kroner og Husbankens bustadtilskot er auka med 100 millionar kroner. I tillegg har alle landets kommunar for fyrste gang blitt førespurt om å busette og statsråden har hatt møter med representantar frå rundt 50 kommunar frå heile landet om kva som skal til for å busette fleire. I 2015 startar også eit prøveprosjekt der fylkesmannen i Hordaland og Østfold overtek delar av busettingsansvaret.

- Det er viktig at alle som får opphald i Noreg blir busett raskt i ein kommune slik at dei får kome i gang og bruke ressursane sine og bidra til og delta i det norske samfunnet. Neste år har regjeringa saman med samarbeidspartia KrF og Venstre vedtatt å ta i mot 1500 overføringsflyktningar frå Syria, i tillegg til at mange allereie har sete for lenge på mottak og venta. Eg er glad mange kommunar viser vilje til å ta i mot flyktningar, og håper at kommunane vil vere med å bidra til å busette enda fleire i år, seier Horne.