Historisk arkiv

Buplikta for prestar vert oppheva

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa avviklar buplikta for prestar frå 1. september i år og innfører ei ny bustadordning for prestar. Den nye ordninga vil sikre at prestar får tilbod om bustad der det er naudsynt for å sikre rekruttering til prestetenesta.

- I eit moderne samfunn treng vi andre løysingar enn buplikt for å sikre ei landsdekkjande presteteneste, seier kulturminister Thorhild Widvey.

- Eg er glad for at vi har blitt samde med presteforeiningane om framtidsretta ordningar. Dette vil vere til gagn både for kyrkja, kyrkjelydane og prestane. Det bør vere tilbud om bustad der dette er naudsynt for rekrutteringa. Elles bør prestane bli stilte fritt, seier Widvey.

Tenestebustad med buplikt har tidlegare vore viktig for å sikre landsdekkjande presteteneste. Dei siste 15-20 åra har likevel stadig fleire søkt om fritak, og det er i aukande grad stilt spørsmål ved ordninga. Buplikta grip sterkt inn i prestane og prestefamiliane sitt privatliv og den privatøkonomiske situasjonen deira. I Sundvoldenplattforma gjekk regjeringa difor inn for å oppheve buplikta for prestar fordi ho ikkje lenger er eit eigna verkemiddel for å sikre at det er prestar alle stader i landet. 

Verketidspunktet er sett til 1. september for at prestane skal få tid til å vurdere om dei ønskjer å flytte frå tenestebustaden dei bur i. Prestar som ønskjer det kan halde fram å bu i  tenestebustaden så lenge dei er i same arbeidsforhold som det no er knytt buplikt til. Husleiga vil vere den same  som før, men dei vanlege skattereglane for tenestebustad i arbeidstilhøve vil gjelde for prestane etter at buplikta er oppheva.

Prestane sine fagforeiningar har i forhandlingane kravd at avviklinga av buplikta må følgjast opp av ein økonomisk kompensasjon. Kulturdepartementet og presteforeiningane har blitt samde om ein generell lønskompensasjon når ordninga vert avvikla. Ramma for avtalen svarar til ein lønsauke på om lag 50.000 kroner for kvar prest.

Kulturdepartementet vil i samarbeid med kyrkjelege organ leggje til rette for at prestebustader med stor kulturhistorisk verdi som er eigd av Opplysningsvesenets fond, kan bli verna for framtida, anten som prestebustader eller som bygningar som kan kome lokalsamfunnet til gode.