Historisk arkiv

EU-erklæring om Maldivene

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

23. mars sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om Maldivene.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av Den europeiske unionen om behovet for politisk forsoning på Maldivane (260312)

Den europeiske unionen er framleis uroa over at den politiske uroa på Maldivane held fram. Det er viktig at partane snarast vert samde om ein prosess som leier fram til politisk forsoning og demokratiske val. EU står klar til å støtte ein slik innsats.

Eg er glad for at spesialutsendinga frå Samveldet, Sir Don McKinnon, har kome til Maldivane for å gå inn i ein dialog med alle partar, og eg vil gjerne få uttrykkje full støtte til den viktige oppgåva han har framfor seg.

Eg ser på det som svært viktig at politiske parti og styresmakter avstår frå handlingar som kan gjere situasjonen endå vanskelegare. Vidare må tryggleiken til leiarane for dei politiske partia sikrast.

Det er viktigare enn nokon gong før å verte samde om å halde val før tida, gjennomføre ei uavhengig gransking av maktoverføringa 7. februar og få regjeringa og staten til å fungere som dei skal att.

Den europeiske unionen vil halde fram med å følgje nøye med på hendingane på Maldivane saman med internasjonale samarbeidspartnarar, mellom anna FN og Samveldet.

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova og Armenia sluttar seg til denne erklæringa.

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.

+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.