Historisk arkiv

EU-erklæring om internasjonal og europeisk vann-dag.

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgiver: Europaportalen

22. mars sluttet Norge seg til en erklæring fra EU om internasjonal og europeisk vann-dag.

Erklæring frå den høge representanten Catherine Ashton på vegner av EU i høve Verdas vassdag og Europas vassdag 22. mars 2012 (220312) 

Trygt drikkevatn og gode sanitære forhold er avgjerande for eit sunt og verdig liv. Likevel lever millionar av menneske verda over utan tilgang til reint drikkevatn, og dei vert dermed fråtekne ein grunnleggjande menneskerett. Kvar dag døyr meir enn 4000 menneske av sjukdomar som skuldast manglande tilgang til reint drikkevatn, og dei fleste er barn under fem år. Meir enn 2,4 milliardar menneske lever òg utan tilfredsstillande sanitæranlegg. 

EU arbeider hardt for å betre tilgangen til reint vatn og gode sanitære forhold i mange samarbeidsland. Gjennom programma for vatn og sanitæranlegg gir EU nesten 400 millionar euro i året til om lag 35 samarbeidsland, der dei bidreg til å byggje infrastruktur for drikke- og avløpsvatn, sørgjer for grunnleggjande sanitærtenester og hygiene og forbetrar vassforvaltninga.

EU er sterkt engasjert i arbeidet med å fremje samordna internasjonale tiltak som er retta mot den sentrale rolla vatn spelar for menneskeleg og økonomisk utvikling og for tryggleiken. 

Det tiltredande landet Kroatia*, søkjarlanda Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia *, Montenegro*, Island+ og Serbia*, dei potensielle søkjarlanda Albania og Bosnia-Hercegovina, som er med i stabiliserings- og assosieringsprosessen, EFTA-landa Liechtenstein og Noreg, som er medlemer av Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, Ukraina, Republikken Moldova, Armenia og Georgia sluttar seg til denne erklæringa. 

* Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, Montenegro og Serbia er framleis med i stabiliserings- og assosieringsprosessen.
+ Island er framleis medlem av EFTA og Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet.