Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 2005

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt 1/2005 Sogn og Fjordane


5.12.2005
Frå fylkesmannen si landbruksavdeling i Sogn og Fjordane

 

Samarbeid med Skottland

Sogn og Fjordane fylkeskommune har starta eit samarbeid med Highland Council og Shetland Council med erfaringsutveksling innan bygdeutvikling og anna utviklingsarbeid. På begge sider av Nordsjøen skjer samarbeidet saman med regional partnerar, på vår side fylkesmannen, Innovasjon Norge og Høgskulen i Sogn og Fjordane. For vår del er bygdeutvikling, opplevingsturisme og bruk av verneområde aktuelle tema der vi kan hente lærdom, men det er også viktig å sjå kva som skjer i utkantområde utan ein aktiv distriktspolitikk.
Fylkesnytt, Skottland, Foto: FM Sogn og Fjordane
Loch Ness, Skottland. Foto: FM Sogn og Fjordane

I september var ei gruppe frå fire bygdelag, tre kommunar og partnerskapen på fylkesnivå på studiereise i Highland. Rapporten inneheld meir enn ei reiseskildring, nemleg observasjonar av kva som er likt og ulikt og kva vi kan lære til vårt vidare utviklingsarbeid. I desember kjem ei tilsvarande gruppe frå Skottland på studietur i vårt fylke.

Bumiljø som appellerer til bulyst

Stadig fleire er på leit etter eit alternativ til det urbane liv. Dette krev nytenking frå grunneigarar, planbyråkratar, politikarar og bygdefolk generelt.

Gjennom prosjektet ”Det moderne klyngetun - ein buplass for fleire enn bønder” har fylkesmannen sett på korleis det kan leggjast til rette for bustadbygging på aktive gardsbruk.
Fylkesnytt, Svidal, Foto: FM Sogn og Fjordane
Oversiktsbilde frå Svidal. Foto: FM Sogn og Fjordane

Tilrettelegging for bustadbygging i bygdene kan skje etter dei same prinsippa som i sentrumsnære område. Vi trur det er mogleg å legge til rette for bustadar på gardsbruk utan at dette kjem i konflikt med landbruksdrifta. I dei to modellane som er presentert i sluttrapporten, er det lagt vekt på å plassere dei nye bustadane på ein måte som gjer at dei blir ein naturleg del av tunmiljøet utan å kome i konflikt med noverande eller framtidig landbruksdrift.

Naturbruk – ein strategi i distriktspolitikken

Naturbruksprosjektet til fylkesmannen har sett på konflikten mellom bruk og vern med nye briller. Bygdene og kommunane som ligg ved verneområda bør involverast sterkare. Vernestyresmakter og lokalbefolkning har mykje å henta på å sjå ting i fellesskap, der bruk og vern går hand i hand.

Eigarskap
Eigarskap oppnår ein vanlegvis ved deltaking. Difor bør lokalmiljøet involverast i verneprosessane så tidleg som mogleg. Ein open prosess der begge partar stiller med blanke ark frå starten av, er viktig. Deltakarane får høve til å avklare eigne forventningar og mål, og ut frå dette køyre prosessen vidare.

Gode prosessar
Naturbruksprosjektet har satsa på utviklingsprosessar saman med kommunane og bygdefolket. Fokuset har vore på verdiskaping gjennom balansert bruk av verna område. Lokale entreprenørar har skaffa seg kunnskap og inntekt gjennom foredling av kvalitetane i og ved verna område.
Fylkesnytt, Veitastrond, Foto: FM Sogn og Fjordane
Veitastrond. Foto: FM Sogn og Fjordane

Meir ressursar til lokalnivået
Ressursar til forvaltning og utvikling av verna område bør i sterkare grad kanaliserast ned til lokalnivået. Gode og realistiske forvaltningsplanar er viktig reiskap. Lokale styresmakter bør få større ansvar for å ivareta området saman med bygdefolket innanfor gjeldande lovverk. Berre dersom vi oppnår at lokale styresmakter og bygdefolk omtalar verna område som ”vår nasjonalpark” eller ”vårt naturreservat”, har vi lukkast i å skape godt grunnlag for både vern og utvikling.

Auka verdiskaping i hagebruket

Målretta satsing på produksjonar med marknadspotensiale har gitt resultat i Sogn og Fjordane. Morellar for eksport og bringebær for konsum, har hatt ei eventyrleg utvikling siste året, og signala frå marknaden viser at det er rom for mykje meir.

Topp produktkvalitet, og opplegg som tek vare på kvaliteten gjennom heile varekjeda fram til forbrukar, gjer det mogeleg å auka verdiskapinga innan frukt og bær. Gode naturgjevne forhold og profesjonell satsing i produksjon og på varemottak, er grunnlaget for dette.

Morellar viser fin auke
I Lærdal har produsentane funne si nisje i morellproduksjon. Saman med kollegaer i Hardanger og Telemark er dei no leiande i eit eksportprosjekt med målsetjing å forsyne høgprismarknaden i Europa med det ypparste av morellkvalitet. Frå midten av august er Noreg åleine om å levere morellar, og prisane på verdsmarknaden er høge.
Fylkesnytt, Morellar, Foto: FM Sogn og Fjordane
Morellar frå Lærdal. Foto: FM Sogn og Fjordane

I år vart det eksportert vel 50 tonn frå Lærdal, og dette er 58 % av samla norsk eksport av morellar. 21 produsentar i Lærdal har fått EurepGap godkjenning slik at dei no kan levere morellar til dei mest krevjande butikksystema i den internasjonale marknaden.

Stor verdiskaping i bringebærproduksjonen

Bringebær har lenge vore ein hovudproduksjon i Sogn og Fjordane som har om lag 90 % av samla produksjon i landet. Tradisjonelt har bringebæra gått til industrien som råvare for syltetøy og andre konservesprodukt. I 2004 vart det store problem med avsetnad til industrien, og dette førde til sterkt fokus på omsetnad av ferske bær. Den nye, transportsterke sorten Glen Ample gjorde dette mogeleg, og i år vart det omsett 180 tonn korgbær frå Sogn og Fjordane, det meste i nært samarbeid med grossisten BAMA. Målsetjinga for neste år er 280 tonn. Produksjon av bringebær i plasttunnelar har gjort fylket leveringsdyktig sjølv med ulagleg ver i haustinga.
Fylkesnytt, Tunellar for bringebær, Foto: FM Sogn og Fjordane
Tunnelar for bringebær, Vik i Sogn, Foto: FM Sogn og Fjordane

Opne landskap

Prosjektet Opne landskap skal arbeida med å utvikla virkemiddel som hindrar attgroing av kulturlandskapet i fylket. Utprøvingane skjer på tre område: ope landskap gjennom aktiv landbruksdrift, opne turstiar og opne vegstrekningar. Statens vegvesen deltek både i finansiering og i tiltaka, og i prosjektet vil vi prøve ulike metodar og aktørar for utsiktsrydding langs veg. Målet er å finna fram til rimelege, effektive og gode måtar for utsiktsrydding som gjev eit fint visuelt resultat. I løpet av prosjektperioden skal det og utarbeidast ei enkel handbok for utsiktsrydding langs veg.

Utsiktsrydding langs riks- og fylkesvegar i Sogn og Fjordane
Attgroinga langs vegane i fylket er stor, og omgrepet ”grøne tunnelar” gjer seg diverre stadig meir og meir gjeldane. Opne vegstrekningar gjev derimot auka oppleving av naturen og er ein trivselsfaktor for dei som bur og ferdast i fylket vårt. Opne vegstrekningar er og svært viktig med tanke på reiselivet; kulturlandskapet er eit produkt som vi sel til turistane.
Fylkesnytt, Våtedalen, Foto: FM Sogn og Fjordane
Våtedalen. Foto: FM Sogn og Fjordane

Kommunane vart oppfordra om å gjera ei prioritering i eigen kommune over kva vegstrekningar som kan vera aktuelle med tanke på utsiktsrydding langs veg. Prosjektet vil på bakgrunn av prioriteringane til kommunane og saman med vegvesenet, gjera ei fylkesvis prioritering av vegstrekningar som er aktuelle med tanke på utsiktsrydding.

Heile sytten kommunar i fylket har gjennomført ei slik kartlegging. Det syner at utsiktsrydding er eit svært aktuelt tema med stor interesse! Desse sytten kommunane vert med i prioriteringa over kva strekningar som skal ryddast for utsikt i 2006. I nokre av dei skal det ryddast allereie i haust.