Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 1/2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette utgåva inneheld mellom anna nyhende om rekordtunge lam og lågt lammetap i fylket. I 2008 hadde Sogn og Fjordane gode resultat med tunge lam av topp kvalitet.

Fylkesnytt: Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt. Dette utgåva inneheld mellom anna nyhende om rekordtunge lam og lågt lammetap i fylket. I 2008 hadde Sogn og Fjordane gode resultat med tunge lam av topp kvalitet. Slakteresultata frå Nortura syner at sauebøndene i Sogn og Fjordane leverte best, med Troms på ein god andreplass.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av fleire departement utfører fylkesmannen ei rekke forvaltningsoppgåver i forhold til kommunar og enkeltpersonar, og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

 

Opplevingar for turistane

Gjennom prosjektet Frukt og bær rundt neste sving vert det etablert samarbeid som skal gje nye opplevingar for turistane på Vestlandet. Sogn Fruktrute og Frukt- og siderruta i Ulvik er to gode døme på dette.

Sogn Fruktrute
Langs Sognefjorden har 10 små bedrifter gått saman om å danne Sogn fruktrute. Dei har ulike tilbod innan overnatting, servering og oppleving. Gjennom Sogn Fruktrute vil dei arbeide med å utvikle tilbodet i bedrifta si gjennom kurs, studieturar, produktutvikling og marknadsføring. Marianne Bøthun er tilsett som prosjektleiar.

Frukt og siderruta i Ulvik
Fire gardsbruk i Ulvik i Hardanger arbeider for å etablere Frukt og siderruta. Her kan ein besøke eitt av bruka eller gå dei 900 metrane mellom gardsbruka. Kvar gard har sine spesialitetar innan fruktproduksjon, omvisning, smaksprøvar av eplejus og sider, gardsutsal og kultur. Kontaktperson er Asbjørn Børsheim.

Mobilisering i Nordfjord
I Nordfjord har det til no vore lite organisert kontakt mellom turistnæringa og frukt- og bærprodusentane. Her er det sett i gang eit prosjekt der dei startar med motivasjonsarbeid, studieturar og dialog med reiselivet. Det vert arbeidd mot å skape nye produkt slik at turistane kan få smake på Nordfjord. Prosjektleiar er Sigmund Vereide.

Frukt og bær rundt neste sving
Desse prosjekta er kome i gang med støtte frå prosjektet Frukt og bær rundt neste sving.

Rekordtunge lam og lågt lammetap

Beste lamma frå Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane hadde eit kjemperesultat i 2008 med tunge lam av topp kvalitet. Slakteresultata frå Nortura viser at sauebøndene i Sogn og Fjordane er best med Troms på ein god andreplass.

Det vart slakta vel 67.000 lam frå Sogn og Fjordane i 2008. Dette er ein lite auke samanlikna med året før. Slaktevekta på lamma var 19,8 kg, som er høgst i landet, og 1,6 kilo høgare enn i 2007.  66,2 prosent av lamma var stjernelam, ein auke på 5,5 prosent i høve til året fø. Det har aldri vore så god kvalitet tidlegare.

Det gode resultatet er eit samspel mellom dyktige bønder og ein god beitesommar. Det har vore arbeidd målretta for betre kvalitet på lammeslakta, og auka kunnskap hjå bøndene gjev resultat. Samstundes hadde vi ein svært god beitesommar med fint ver og mykje snø i fjellet, som gav jamn vekst på fjellbeita utover sommaren.

Totalt for landet slakta Nortura 691 000 lam, som er likt med 2007, og også på landsplan var slaktekvaliteten betre enn nokon gong.

Låge tap av sau på utmarksbeite
Vi må tilbake til åra 2000 og 1995 for å finne lågare tap av sau og lam på utmarksbeite enn i 2008. Dei minste tapa finn vi i kommunane Aurland, Lærdal og Sogndal. Dei høgste tapa er i Årdal og Fjaler.

Lam er meir utsett enn sauer. Tala viser eit tap på 2,8 prosent for sauer og 6,7 prosent for lamma. Små lam er meir utsette enn store, og det er difor viktig at lamma er store nok før dei vert slepte på utmarksbeite. For rev og gaupe er små lam eit ettertrakta bytte.

Sauer på beite. Foto: Bjørn Harald Haugsvær
Sauer på beite. Foto: Bjørn Harald Haugsvær

I 2008 vart det slept 187.000 sau og lam på utmarksbeite i Sogn og Fjordane. Av desse mista 9700 eller 5,2 prosent livet på beite. Tal frå organisert beitebruk viser at dyra som beiter i låglandet eller på skogsbeite er meir utsett enn dyr som beiter på høgfjellet. Område med rovdyr har høgare tap enn område utan rovdyr.

Det kan vere mange årsaker til at dyr misser livet på utmarksbeite slik som flått, flugemakk, rovdyr og forgifting. Dei siste åra har mange peika på at dei finn fleire dyr som er sjuke etter flåttbit. I 2008 var det ein tørr beitesommar, noko som gjer flått, fluge og alveld mindre aktive. Samstundes var det mykje snø i fjellet som gav friske fjellbeite utover sommaren.

Sauehaldarane gjer eit stort arbeid for å ta vare på dyra sine. Det vert gjennomført tilsyn kvar veke og dyra vert henta heim i september i god tid før vinteren. Grunnlaget for det gode resultatet vert lagt om vinteren med rett fôring og stell fram til dyra vert slepte på utmarksbeite.

Skiping av Skognæringsforum i Sogn og Fjordane

Melding om kystskogbruket, som vart presentert og overlevert på eit stormøte i Bergen 30. og 31. januar i fjor, er bakgrunn for at vi no har skipa Skognæringsforum i Sogn og Fjordane.

Meldinga slår fast at den landsdekkande skogpolitikken dei seinare åra har verka best for sentrale skogstrok, og at dette har ført til at kysten har blitt hengande etter. Ansvaret for gjennomføring av tiltaka i meldinga er delt mellom eit politisk nivå, fylkesting og landsdelsutval, og det som i meldinga er kalla ”Skognæringa”. Alle fylka har gjeve politisk tilslutting til meldinga, og legg til grunn samhandling i gjennomføring av tiltaka i meldinga. Politisk er klimaskog markert tydeleg som viktig sak.

”Skognæringsforum i Sogn og Fjordane” vart skipa i Førde 19. januar 2009 for at dei politiske styresmaktene skal ha nokon å vende seg til ved gjennomføring av tiltaka. På skipingsmøtet la skogsjef i Nord-Trøndelag, Mathias Sellæg, fram røynslene frå ”Skognæringa i Trøndelag”, og resultat av medveten satsing for å snu negative trendar i skogbruk og skogindustri.

Vårt skognæringsforum vart også sett inn i ein kystdekkande samanheng, Skognæringa Kyst. Dette er eit kystdekkande fellesforum frå Finnmark til og med Rogaland, der ikkje minst det politiske arbeidet blir viktig.

Skognæringsforum i Sogn og Fjordane vart skipa, med desse medlemene:

  • Jorunn Eide Kirketeig, Fylkeskommunen
  • Olai Tefre, Sogn og Fjordane Skogselskap
  • Merete Larsmon, Jenter i Skogbruket
  • Otto Leif Østenstad, Sogn og Fjordane Skogeigarlag BA
  • Christen Knagenhjelm, NORSKOG
  • Inger - Marie Svingeset, Norsk Bygdesagforening
  • Arne Storm, Sunnfjord Sag
  • Ragnhild Lunde, Fjordane Bioenergi
  • Oddbjørn Aalen, Fellesforbundet
  • Torbjørn Frivik, T. Frivik Taubanedrift
  • Roar Kårstad, Kårstad Transport.

Jorunn Eide Kirketeig vart vald som leiar. Det vart også valde eit arbeidsutval der Otto Leif Østenstad og Arne Storm vart med, i tillegg til leiar.

Hans Lauvstad frå Fylkesmannen er sekretær.

God og samordna kommunikasjon innan skognæringa og med omverda, ikkje minst media, vert ei viktig oppgåve. Forumet må arbeide ut eigen mediestrategi.

Skogdag for fylkestinget
Den første store og prestisjetunge oppdraget er å skipe til skogdag for fylkestinget tysdag 24. mars. I samband med tingseta på Skei har Skognæringsforumet fått tildelt knapt to timar, medrekna transport. Der vil vi presentere skogsdrift og verdiskaping i det bratte terrenget. På Hus i Jølster vil det bli demonstrasjon av taubane og biltransport. Vi set søkelys på verdiskapingspotensialet frå heile tømmerstokken, det som ligg att etter hogst, massevirket og sagtømmeret. Vi vil også har eit innslag om skog og klima, og klimaskog.*
 

Produktutvikling opnar nye marknader

Siste åra har ein gjennom kvalitetssikring av produksjon og omsetnad auka marknaden for mange hagebruksprodukt. No vert nye, foredla produkt av svarthyll marknadsført frå hagebruket med betre helse som salssegment.

Restprodukta frå tradisjonell konsumproduksjon har lenge vore i fokus for produktutviklinga for å ta ut mest mogeleg verdiskaping frå produksjonen. Dei fleste produksjonar treng fornuftig utnytting av den råvaredelen som ikkje held mål for friskmarknaden.

Foredla produkt som har ei nisje innan helse og livsstil, er ein marknad som er sterkt aukande. Eit godt døme på dette finn me i produkt basert på den gamle medisinplanta svarthyll som utmerkar seg med høgt innhald av helsefremjande stoff. Eit norsk, økologisk produkt basert på denne gamle medisinplanta, har no funne vegen til daglegvarehandelen. Ein produsent i Fresvik i Sogn har med støtte frå Innovasjon Norge utvikla eit  produkt som ein no kan finne i fleire butikkar. Det er dokumentert høgt innhald av antioksidantar i produktet, og brukarar melder om tilfredstillande effektar mot plager som ofte følgjer med vinterklimaet i landet vårt.

           

Frøy svarthyll. Foto: Torbjørn Takle
Frøy svarthyll.
Foto: Torbjørn Takle

Fylkesmannen støttar prosjektet gjennom ein opplæringspakke. Den tek sikte på å få med fleire produsentar i den vesle bygda slik at ein kan nytte ut utstyret som alt er på plass for foredling av hyllebæra. Målet er å dekke marknaden med norsk, økologisk svarthyll. Dette er eit bærslag som me har gode vilkår for å produsere, og lønsemda er interessant som foredla produkt. Dette er eit godt døme på korleis kreativ tenking kan opne for nye produksjonar. I tida framover blir det viktig å utnytte potensialet i fleire vekstar for å auke verdiskapinga i hagebruket.

Kontaktperson: Torbjørn Takle
 

Prosjekt ”Biostigen”

”Biostigen” er eit pilotprosjekt som er starta opp for å utvikle effektiv logistikk og lønsame verdikjeder knytta til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar. Prosjektet skal også ta for seg eit casestudie om potensiale og forsyningskjeder for bioenergi til lokalt, regionalt og industrielt bruk for Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Prosjektet si målsetjing er å bidra til auka produksjon og forbruk av biobrensel i regionen. For å nå målsetjinga er ein avhengig av at lønnsemda vert auka i alle ledd i verdikjeda frå stubbe til varme. Prosjektet skal fokusere på virke frå kulturlandskap, vegkantar og hogstavfall frå taubanedriftar, for uttak av råstoff til biobrensel.

Prosjektet vert avslutta i 2010 og skal bidra:

  1. til etablering av effektiv logistikk og lønnsame verdikjeder knytt til uttak av biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar for aktørane i bioenergibransjen i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylke. 
  2. til auka uttak av råstoff til brenselproduksjon og auka forbruk av bioenergi i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane fylke. 
  3. med å skaffe erfaringsgrunnlag for vurdering av virkemiddelbruk og utforming knytta til ulike moment ved hausting av råstoff frå skog, jordbruket sitt kulturlandskap og frå vegkantar for å bidra med lønnsame verdikjeder for bioenergi på nasjonalt nivå. 
  4. med kunnskap om sysselsetningseffektar, potensial for næringsutvikling og klimabidrag av tiltaka til næringsaktørar og avgjerdstakarar i det offentlege og private næringsliv.

 

Prosjekt ”Biostigen” er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Fylka fekk tildelt midlar frå Landbruks- og matdepartementet for å setje i gang eit pilotprosjekt  for å utvikle effektiv logistikk og lønsame verdikjeder knytt til uttak av råstoff til biobrensel frå skog, kulturlandskap og vegkantar.             Kulturlandskap. Foto: Liv Astrid Nordheim Kusslid
Kulturlandskap.
Foto: Liv Astrid Nordheim Kusslid
Vegrydding. Foto: Kåre Kristen Totlund
Vegrydding. 
Foto: Kåre Kristen Totlund    
  Hogstavfall frå taubanedrift. Foto: Ann Hege Hanstad
Hogstavfall frå taubanedrift.
Foto: Ann Hege Hanstad

  

Kontaktpersonar: Ann Hege Hanstad, Helen Haaland og Kåre Kristen Totlund