Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Sogn og Fjordane 3/2012

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om at 2012 har vore eit godt år for frukt og bær.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om at 2012 har vore eit godt år for frukt og bær.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Eit godt år for frukt og bær

Trass få soldagar i september, har frukta frå Sogn og Fjordane hatt topp kvalitet og god farge. Fruktdyrkarane får skryt for jobben dei har gjort, også med rett haustetid som sikrar den gode kvaliteten fram til forbrukaren.

Sogn var i år særleg heldig med veret både i og etter blomstring, og dette har gitt god utteljing. Satsinga på morellar i Lærdal har endeleg hatt eit godt år etter tre vanskelege sesongar. Her er det levert 180 tonn morellar, noko som utgjer 45 prosent av samla morellavling i landet. Lærdal Grønt har i år investert i eit topp moderne sorteringsanlegg, det første av sitt slag i Europa. Investeringa har ført til lågare pakkekostnad og jamnare og betre kvalitet på sorterte produkt. Plommeavlingane er meir variable og tilbakemeldingane er frå ”ikkje noko” til ”svært gode” avlingar.  Kvaliteten har vore heilt på topp

Det er trong for meir bringebær til industrien. Produsentane våre har prioritert konsumbær då denne marknaden tek unna stadig meir bær. Men industribæra har vore grunnsteinen i satsinga på bringebær, og denne situasjon utfordrar til positiv samhandling mellom råvareprodusentane og industribedriftene. Norske bær er viktig i marknadsføringa av produkta og med mindre norske bær taper industrien konkurransekraft.

Mykje nedbør dei siste åra har gitt eit aukande problem med rotsjukdomar i bringebærfelta. Våtare og villare ver gjev dyrkarane store utfordringar med omsyn til dyrkingsteknikk og til rett bruk av plantevernmiddel.

Moreller frå Lærdal
Moreller frå Lærdal (Foto: Torbjørn Takle)

Grafikken viser samla vareverdi for frukt- og bærartane eple, pære, plomme, morellar, jordbær og bringebær

Grafikken viser samla vareverdi for frukt- og bærartane eple, pære, plomme, morellar, jordbær og bringebær
Grafikken viser samla vareverdi for frukt- og bærartane eple, pære, plomme, morellar, jordbær og bringebær.
 

High-tech sauefjøs

Gjennom prosjektet ”sauehald i pluss” vert det utvikla nye sauefjøs. Store bingar, rundballehekk og kraftfôrautomat skil high-tech-fjøset frå eit vanleg fjøs. Dette kan gjere arbeidsdagen lettare og meir fleksibel for bonden.

Fylkesmannen arbeider saman med Norsk Landbruksrådgiving for å utvikle nye fjøs for sau. I hightech-fjøset har vi minimalt med areal til fôring og gangar. På denne måten fyller vi fjøset med dyr og har nytta innsparinga til å kjøpe kraftfôrautomatar. Store bingar med 80 dyr og kort opphaldstid i småbingar under lamminga, er noko av ideen bak fjøset. Prislappen vil vere kr 10-15 000 pr. vinterfôra sau avhengig av eigeninnsats og dyretettleik. Løysinga tilfredsstiller dei som ønskjer meir fleksibel arbeidstid i dei stille månadene om vinteren. 

Perspektivteikning over hi-teck sauefjøs.
Perspektivteikning over hi-teck sauefjøs. (Teikna av Norsk landbruksrådgiving Sogn og Fjordane)
  

Vestlandsk vidsyn

Den andre konferansen om nyskapande kommunar og lokalsamfunn på Vestlandet vart i år arrangert på Nordfjordeid 24.-25. oktober. Konferansen er eit samarbeid mellom Distriktssenteret, Innovasjon Norge, Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Målet for konferansen er å gjere kvarandre gode i planlegging og lokal utvikling på alle nivå, frå frivillig sektor til kommune.

To av prosjekta som vart presentert på konferansen, var Naustedalen No og Dalen Næringssenter i Naustdal kommune. Begge prosjekta har fått støtte frå kommunale fond i tillegg til BU-midlane til Fylkesmannen.

Dalen næringssenter ein fleirfunksjonell møtestad
Midt i Naustedalen i Sunnfjord, godt plassert mellom byane Førde og Florø ligg Dalen Næringssenter. Då den lokale butikken blei nedlagt på Kalland, tok bygda grep. Gjennom mange dugnadstimar har bygda no fått til ein fleirfunksjonell møtestad med butikk, kjøkken og kafé. Grunntanken er at ein skal kunne setje saman funksjonar alt etter behov og opningstider. Senteret skal fungere som ein motor i den vidare utviklinga av Dalen som eit attraktivt bu- og oppvekstmiljø. 

Naustedalen No - nettverk for reiseliv- og oppleving
Naustedalen No er eit nettverk for 13 verksemder innan reiseliv- og opplevingar i Naustdal. Dei 13 verksemdene i Naustedalen tilbyr overnatting, laksefiske, hjortejakt, fjordfiske, cruise, catering, kurstilbod innan kunst og handtverk, riding, guiding m.m. Målet med nettverket er å utvikle og auke verdiskapinga i deltakande verksemder. Verksemdene er godt i gang med å auke kompetansen gjennom kurs, rådgiving og nettverksbygging. Visjonen er at Naustedalen skal oppfattast som eit attraktivt reise- og opplevingsmål. Reiselivsatsinga skjer i eit område som har vore utan kultur for reiseliv.

Marknad for fleire lokale matprodukt

Val av råvare og produkt er viktigare enn tidlegare. Velsmakande, lokal identitet og gjerne ein prat med produsenten på salsstaden, speler positivt inn når du er i butikken og handlar.  Det er absolutt ein marknad for fleire lokale produkt med smak i Sogn og Fjordane. Ein ønskjer at nye produsentar startar opp, at etablerte produsentar veks og at kundane kan få kjøpe fleire lokale produkt.

Status per i dag er at vi har mange små produsentar med ein liten produksjon som sel produkta direkte til kunde. Det er ofte ei tilleggsnæring til gardsdrifta. Dei store produsentane deltek aktivt på etablerte salsarenaer. Bondens Marknad har vore etablert i fylket sidan 2004 med engasjement og stor aktivitet første åra. Siste åra har det vorte færre deltakande aktørar.

Fylkesmannen Sogn og Fjordane set no av ressursar for å kartleggje interessa hjå eksisterande og nye aktørar innan lokal foredling og kva behov desse har for auka satsing. Første halvdel av 2013 planlegg vi fagsamlingar, der ulike faginstansar vil vere til stades for og gje råd. Samlingane vert ein stad for å utveksle erfaringar, knyte kontaktar og etablere nettverk. Målsettinga er å mobilisere og motivere potensielt interesserte til å sjå for verdiane som ligg i norsk matkultur og kva tyding det har for lokal identitet, historie og kulturarv. Fylket har gode føresetnader til å produsere råvarer av ypparste kvalitet i det vestnorske fjordlandskapet. Turisten, nasjonal eller internasjonal, søkjer ofte ei smaksoppleving langs reiseruta si. 

Heimelaga hjortemorr frå Gloppen Hotell, Sandane.
Heimelaga hjortemorr frå Gloppen Hotell, Sandane. (Foto: Lindy Paulen)