Historisk arkiv

Grunnlag for klimaforhandlingane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

I klimaforhandlingane i Geneve førre veke, blei det semje om eit utkast til ein ny internasjonalt forpliktande avtale. Målet er å komme fram til ein klimaavtale i Paris i desember i år.

I forhandlingane om ein ny global klimaavtale blei det i Geneve 13.februar vedtatt ein formell tekst som grunnlag for dei vidare forhandlingane. Desse forhandlingane skal munne ut i ein heilt ny global klimaavtale som skal gjelde frå 2020. Denne avtalen skal etter planen bli vedtatt i Paris desember 2015. 

-Ein ny global klimaavtale for å redusere klimagassutsleppa er naudsynt for å halde global temperaturstigning under to grader. Ein ny avtale må omfatta alle dei store utsleppslanda for å ha nok effekt, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft. 

I dag er det berre forpliktande utsleppskrav for nokre industrialiserte land gjennom Kyoto-protokollen. 

Den nye avtalen blir forhandla fram under den gjeldande klimakonvensjonen. For at det skal bli vedtatt ein ny internasjonalt forpliktalende avtale, må det fyrst bli sendt ut eit utkast til landa. Det er eit slikt utkast som no er vedtatt i Geneve. 

I klimaforhandlingane er det stor usemje om innhaldet i ein ny avtale, og det er difor viktig for forhandlingane at landa har klart å bli samde om forhandlingsgrunnlaget. 

Forhandlingsteksten innheld ei stor mengd forslag, og reflekterer dei mange ulike synspunkta som landa har. Det gjenstår difor eit stort arbeid for å få til semje om innhaldet i ein ny avtale. 

-  Det er gledeleg at partane no har samla seg om eit felles grunnlag. Men det har ikkje skjedd noko gjennombrot i kva den nye klimaavtalen skal innehalde. Vi må no setje alle krefter inn på å komme til semje i løpet av året, seier klima- og miljøminister Tine Sundtoft.