Historisk arkiv

Helse- og omsorgsminister Bent Høie møter representantar for Ungdommens bioteknologiråd fredag 22. mai

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Bioteknologirådet har fått i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å evaluere bioteknologilova. Ungdom er framtidas brukarar av bioteknologi, og ei viktig stemme i arbeidet. 66 skular og over 1000 elevar fra vidaregåande skular over heile landet har delteke i Ungdommens bioteknologiråd.

Sju elevar er inviterte for å overlevere sine anbefalingar om gentesting, assistert befruktning, fosterdiagnostikk og genterapi til statsråden. Elevane har skrive anbefalingar for korleis dei synest lovverket bør vere. Temaa vil bli diskuterte i møtet.

Sted: Helse- og omsorgsdepartementet, Teatergata 9

Tid: Fredag 22. mai, klokka 12.00-13.00, vi ber pressa registrere seg i vakta i god tid før møtestart

Pressa er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.