Historisk arkiv

Kvote for vågekval i 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeriministeren har fastsett ein kvote på 1286 dyr i vågekvalfangsten i 2015.

Kvoten er den same som for 2014. Det vil også i år vere fri fangst i alle fangstområda.

Underområda for Svalbard, Barentshavet og Norskehavet blir slått saman til eitt område. Dette blir gjort for å få til ein best mogleg fleksibilitet for fangarane, og det skjer innanfor ansvarlege vitskaplege råd.

Kvoten er fastsett med utgangspunkt i berekningsmodellar utarbeidde av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC). Kvoten gir fullgod sikkerheit for berekraftig fangst på vågekvalbestanden.

Dei siste åra har den norske kvoten for fangst av vågekval vore på 1286 dyr, medan fangstane dei tre siste åra har auka frå 464 dyr i 2012 til 736 dyr i 2014.

- Ved å slå saman fangstområda gjer vi det enklare og meir fleksibelt for kvalfangarane. Med ein romsleg kvote legg vi til rette for vidare stabilitet og gode rammevilkår i kvalfangstnæringa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.