Historisk arkiv

Midlertidige ordninger i 2015 med kvotebytte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har vedtatt å innføre ei ordning med kvotebytte for fartøy med pelagisk trålløyve.

- Ordningen inneber at desse fartøya kan bytte lodde i Barentshavet mot delar av kolmulekvoten. Ordninga er ei prøveordning for 2015, som vi innfører etter ønske frå flåten,” seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

I tillegg vert prøveordninga med kvotebytte for ringnotflåten i fisket etter lodde ved Island og i Barentshavet vidareført.

Kvotebyttordninga i 2014 førte til effektivisering og forenkling for fiskarane, samstundes som den var kostnadssparande for flåten og redusert bruk av drivstoff gjev ein miljømessig gevinst. 

- Prøveordninga med kvotebytte i fisket etter lodde ved Island og i Barentshavet i 2014 viste seg å fungere godt. Eg ser derfor ingen grunn til ikkje å vidareføre denne i 2015,” seier fiskeriministeren.

I 2014 vart 97 % av basiskvotene bytta, og heile 76 av 79 aktive fartøy valgte å nytte seg av ordninga. For fartøy som allereie har fiska delar av si loddekvote ved Grønland, vil ein kunne delta i kvotebytteordninga med den gjenståande del av kvoten.

Etter den nye prøveordninga kan to fartøy med pelagisk trålløyve inngå samarbeid om kvotebytte. Kvotebyttet kan bare gjelde loddekvoter i Barentshavet og kolmulekvote. Bruk av kvotebytteordninga gir det eine fartøyet rett til å fiske begge fartøya sine loddekvoter i Barentshavet og det andre fartøyet rett til å fiske eige fartøy sin kolmulekvote samt heile eller delar av det andre fartøyet si kolmulekvote. Berre to fartøy kan delta i kvart kvotebytte, og byttet må gjelde heile loddekvoten og heile eller delar av kolmulekvoten. Eitt fartøy kan ikkje delta i meir enn eitt kvotebytte i løpet av 2015. Også fartøy med leigefartøyløyve kan delta i ordninga.

Fartøy som ønskjer å delta i ei av kvotebytteordningane må sende melding til Fiskeridirektoratet innan 15. januar 2015.

Nærings- og fiskeridepartementet understrekar at dette er mellombelse prøveordningar. Departementet vil vurdere effekten av ordningane og ta dette med i det vidare arbeidet med kvotesystemet.

Forskrift om midlertidige ordninger i 2015 med kvotebytte av lodde ved Grønland, Island og Jan Mayen og lodde i Barentshavet, og kvotebytte av lodde i Barentshavet og kolmule