Marint forskingsamarbeid med Japan
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet
Nyhet | Dato: 13.02.2015
- Japan er saman med Noreg ein av dei fremste sjømatnasjonane i verda, og dette samarbeidet vil vere med på å styrke norsk marin forsking, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
Avtalen om samarbeid kom på plass denne veka i samband med det 5. møtet i felleskomiteen for forskings- og teknologisamarbeid. Forskingssamarbeidet med Japan omfatta frå før temaa energi og miljø, nanoteknologi og nye materialar, polarforsking og romverksemd og sjømattryggleik.
- Regjeringa har store ambisjonar for sjømatnæringa. Forsking og innovasjon er heilt sentralt for å utvikle dette til ei viktig framtidsnæring for landet vårt. Difor er hav ei av hovudsatsingane i regjeringa sitt langtidsprogram for forsking. Japan er langt framme når det gjeld å dyrke makroalgar og på fleire andre marine forskingsområde, og eg er overtydd om at vi har mykje å hente på eit nærare samarbeid, seier Aspaker.