Historisk arkiv

Noreg deltek på generaldirektørmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Europaportalen

Framtidas miljøpolitikk og implementering av regelverk på miljøområdet blei diskutert då EU sine departementsrådar for miljø møttes 17. november i Brussel. Noreg var representert ved avdelingsdirektør Agnethe Dahl frå Miljøverndepartementet. Miljøråd Marie H. Korsvoll rapporterer.

EU arrangerar årleg møte mellom Europakommisjonen på generaldirektørnivå og departementsrådane på miljø- og klimaområdet i alle medlemslanda. Møta i denne såkalla Environment Policy Review Group (EPRG) omfattar ikkje klimaspørsmål, desse blir behandla i den såkalte European Climate Policy Group (ECPG). Noreg blir invitert til møta saman med EFTA/EØS-landa og land som forhandlar om medlemskap.

Hovedpunkter fra møtet
- Semje om at ein i dag i utgangspunktet har tilstrekkeleg regelverk, og at det er implementeringa som må bli løfta fram

- Støtte til vegkartet for ressurseffektivitet på generell basis, men nokre av målsetjingane blei oppfatta som vel ambisiøse

- Brei semje om behovet for eit strategisk spissa nytt 7. miljøhandlingsprogram.

Implementering av regelverk
På miljøfeltet er mykje av lovgjeving på plass, men trass i dette ser ein ikkje ei så stor betring i miljøtilstanden som ein burde vente på bakgrunn av dei instrumenta ein alt har vedteke. Ein må difor spørje seg om dette har si årsak i at lovgjevinga ikkje er tilstrekkeleg eller om det er problem knytt til implementeringa av regelverket.

Det synest å vere semje i møtet om at ein i dag har tilstrekkeleg regelverk, og at det er implementeringa ein må sjå nærare på. Når det gjeld inspeksjon og handheving, er dette eit område der medlemslanda bør ha hovudansvaret. Det blei under møtet peika på at regelverket ofte kan vere uklart, noko som gjer implementeringa vanskelegare. Nokre land tok difor til orde for eit større fokus på implementering når forslag til regelverk blir behandla av Rådet og Europaparlamentet, noko andre land avviste som ”umogleg” å gjennomføre.

Fleire land ønska seg ei oversikt over implementeringsdata, og såg fram til Kommisjonen si varsla melding om betre implementering av EU si miljølovgjeving. Mange medlemsland peika også på at implementering må vere eit sentralt tema i det nye miljøhandlingsprogrammet. Fleire poengterte at ein allereie har ein del kunnskap til bruk ved implementering, men at det er viktig å dele denne gjennom nettverk. Det finnest allereie i dag fleire slike nettverk som bør styrkast. Det blei også vist til behovet for å forenkle dagens rapportering slik at bedriftar og andre berre treng rapportere ein gong, medan informasjonen blir brukt til fleire føremål.

Under lunsjen var EU sin ombodsmann, Nikiforos P. Diamandouros, til stades og gjorde greie for si verksemd og korleis han og nettverket av ombodsmenn i medlemslanda og EØS-landa kan bidra til betre implementering av regelverket.

Vegkartet for ressurseffektivitet
Kommisjonen la 20. september fram vegkartet for ressurseffektivitet, og i Rådet arbeider ein no med utkast til rådskonklusjonar som etter planen skal vedtakast på miljørådsmøtet i desember. I arbeidet med det europeiske semesteret vil individuelle tema frå vegkartet bli tatt opp og drøfta. Det blei under debatten vist til at resurseffektivitet ikkje er anti vekst, men ein føresetnad for berekraftig økonomisk utvikling. Korleis EU handterer dette internt, er også viktig fram mot FNs konferanse om bærekraftig utvikling RIO+20, då ein for å få gjennomslag internasjonalt må vise at ein gjer noko på heimebane. Under debatten fekk vegkartet generel støtte, men det blei peika på at nokre av målsetjingane synest å vere vel ambisiøse.

Miljøhandlingsprogram
EU sitt sjette miljøhandlingsprogram blei vedteke i 2002 og skal gjelde i 10 år. Det vil kome eit sjuande miljøhandlingsprogram, og debatten konsentrerte seg om kva innhald dette miljøhandlingsprogrammet skal ha. Det blei teke til orde for at det neste miljøhandlingsprogrammet mellom anna bør omhandle ressurseffektivitet, implementering og kunnskap. Forslag til eit nytt miljøhandlingsprogram vil av administrative årsaker ikkje kunne bli klart før i slutten av 2012.

I debatten blei det peika på at eit nytt miljøhandlingsprogram må vere fokusert og ei overordna ramme for ulike initiativ på miljøfeltet. Tilleggsverdien av miljøhandlingsprogrammet vil mellom anna vere å vise at miljø kan bidra til å oppfylle målsetjingane i Europa 2020-strategien. Tema som miljøhandlingsprogrammet bør omhandle er mellom anna naturmangfald, ressurseffektivitet, klima, kjemikaliar og vatn.