Historisk arkiv

Ny rettleiar til kontrollutvala

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ein rettleiar for kontrollutvala gir konkrete tips og råd om korleis medlemmane i kontrollutval kan gjere ein endå betre jobb. - Målet mitt er å styrkje eigenkontrollen i den einskilde kommune, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Ein rettleiar for kontrollutvala gir konkrete tips og råd om korleis medlemmane i kontrollutval kan gjere ein endå betre jobb. - Målet mitt er å styrkje eigenkontrollen i den einskilde kommune, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Det er første gong Kommunal- og regionaldepartementet gir ut ein slik rettleiar. Dermed svarer departementet på fleire sentrale råd frå arbeidsgruppa som i desember 2009 la fram rapporten 85 tilrådingar for styrkt eigenkontroll i kommunane.

- Rettleiaren skildrar korleis kontrollutvala kan gjere dei pålagde oppgåvene sine godt. Den gir dessutan tips og døme på område kontrollutvala bør vere spesielt merksame på, seier statsråden.

Målet med Kontrollutvalsboka, som Deloitte har skrive på vegne av departementet, er å skape større forståing for rolla og oppgåvene til kontrollutvalet, og bidra til eit godt samspel mellom aktørane i eigenkontrollen. Rettleiaren har eigne kapittel om mellom anna ansvaret til kommunestyret, om forvaltningsrevisjon, selskapskontroll og synleggjering av arbeidet.

- Vi sender no rettleiaren til alle kommunar og fylkeskommunar. Eg vonar at både dei sitjande og dei nye kontrollutvala som kjem på plass etter valet til hausten, vil ha nytte av rettleiaren, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.